MØTEPROTOKOLL Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 27.09.2017 Tid: kl.16:00-20:25 Innkalling til møtet vart gjort 15.09.2017 i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista og sakspapir vart gjort tilgjengeleg elektronisk 20. og 22.09.2017. Møtet vart kunngjort på heimesida. Desse medlemene møtte: Anne-Grete Gjerdevik Atle Kvåle Magne Djuvik Aud-May Boge Bjarte Samnøy Margunn Yndestad Samnøy Mikal Leigland Svein Lang Parti Ap Ap Frp H Krf Sp Sp Sp Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Hans Ekeberg Ap Gustav Folkestad V Møtenotat: Inhabilitet: Bjarte Samnøy, Krf, hadde spurt om han var inhabil i sak i deler av 52/2017. Dette fordi han har eit vikariat på 45 % på Prestegarden ut inneværende år. Dersom det vert ein diskusjon om dette prosjektet, kan han koma i fare for å vera ugild. For han var Toralv Huse, Krf, kalla inn. Dette prosjektet vart ikkje diskutert. Spørsmålet om inhabilitet vart difor ikkje teke opp i møtet. Andre som var tilstades: Rådmann Nils -Petter Borge Ansvarleg sekretær Gunn Sissel Teigen Leiar i ad-hoc utvalet rehabilitering/nybygg Fusa ungdomsskule William Lindborg, Ap Merknader til innkalling og sakliste: Mail fra representant M.Samnøy og repr. A.M.Boge blei tatt opp under orientering på slutten av møtet. Saklista vart samrøystes endra slik at sak nr 54/2017 vart handsama som første sak. Det var elles ingen merknader til innkalling og sakliste. Spørsmål og svar: Har de spørsmål til sakene eller andre spørsmål, er det viktig at dei vert maila inn så snart det er mogleg slik at vi kan undersøkja før møtet. Ordførar viste til tidlegare informasjon: Jf. elles formannskapet 29.03.2017 same informasjon som vart gitt kommunestyret 27.04.2016:
Orienteringar: Orientering frå Fusa utviklingsselskap AS v/styreleiar Svein Lang: 1. Status når det gjeld tomtebehaldning og sal av tomter 2. Omregulering av kommunale tomter til bustadtomter 3. Utvikling av nye bustadfelt 4. Fusa utviklingselskap AS og kommunereforma; samarbeid med Os Bygg og Eigedom AS» Til slutt i møtet vart følgjande teke opp: 1. Kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger- Margunn Y. Samnøy, Sp, hadde sendt inn følgjande mail: "På bakgrunn av opplysningar underteikna fekk som møtande representant i KIRU, 13-14. september 2017, ber eg på vegne av KrF, H og SP at saka: Kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger, vert satt på dagsorden i formannskapsmøte 27.09.2017. Oppfølging i møtet Det vart ikkje votert over om saka skulle på saklista. Ovanemnde vart diskutert. Ordførar viste m.a. til at dette er ei sak der kommunestyret har gitt uttale. Saka høyrer elles inn under utval for plan og miljø. Ordførar oppfordra alle politikarar til å arbeida via sine parti og då særskilt via gruppeleiarar på fylkestinget. Saka vert handsama av fylkestinget i neste veke. 2. Kommunereformsaka Gruppeleiar Aud- May Boge, H, hadde sendt inn følgjande mail: "Underteikna ber på vegne av Høgre,Senterpartiet og Kristeleg folkeparti om at ordførar set kommunereformsaka på sakslista til formannskapsmøte 27/9. Korleis ivareta kommunestyret sitt overordna ansvar i bygginga av ny kommune. " Oppfølging i møtet Det vart ikkje votert over om saka skulle på saklista. Diskusjon i møtet. Spørsmål og svar. Kommunereformsaka Gruppeleiar Aud- May Boge, H, hadde sendt inn følgjande mail: "Viser til telefonsamtale og ber om at ordførar gjere greie for følgande forhold i formannskapsmøte i dag 27/9: I sak 18/2017 til fellesnemnda sitt møte 2/10 finn vi følgande framlegg til vedtak: "Administrasjonen sitt framlegg til vedtak: Fellesnemnda delegerer mynde til prosjektansvarleg i tråd Side 2
med vedlagte reglement." Fellesnemda sitt mynde til å delegere vidare framgår av mandat frå kommunestyra pkt. 14: Delegering. Fellesnemnda kan delegere til politiske underutval og/eller administrativ styringsgruppe å fatte vedtak i enkeltsaker eller i saker som ikkje er av prinsipiell karakter. Ordførar vert beden om å klargjere for formannskapet om fellesnemda har mynde til føreslegen delegering Svar: Følgjande svar vart gitt frå rådmannen: «Rådmannen vil vere leiar i ei administrativ styringsgruppe. Han vil derfor vere den som tek den endelege avgjerd i sakar som vert delegert frå fellesnemnda. Slik det er formulert i sak 18 for fellesnemnda ser eg det som en presisering av mandatet for delegering for fellesnemnda.» Ordførar Atle Kvåle, Ap, leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen 28.09.2017 Atle Kvåle Ordførar Gunn Sissel Teigen Ansvarleg sekretær Side 3
Sakliste Sak nr. Tittel 049/2017 Godkjenning av møteprotokoll 050/2017 Delegerte saker 051/2017 Prosjektrapportering formannskapet 2017 052/2017 Tertialrapport pr. 1.9.2017 053/2017 <Budsjett 2018 - orientering om prosess> 054/2017 <Rehabilitering / nybygg Fusa Ungdomsskule> 055/2017 Brannsamarbeid i Bergensregionen 056/2017 Skriv og meldingar Side 4
049/2017: Godkjenning av møteprotokoll Møteprotokoll frå møtet 31.05.2017 vert godkjent. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. FOR- 049/2017 Vedtak: Møteprotokoll frå møtet 31.05.2017 vert godkjent. 050/2017: Delegerte saker Delegerte saker vert tekne til etterretning. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. FOR- 050/2017 Vedtak: Delegerte saker vert tekne til etterretning. 051/2017: Prosjektrapportering formannskapet 2017 Prosjektrapporten vert teken til etterretning. Uttaler frå ungdomsrådet og senior- og funksjonsrådet var distribuert ut 25.09.2017. Side 5
Ordførar viste til tidlegare informasjon: Har de spørsmål til saka, er det viktig at dei vert maila inn så snart det er mogleg slik at vi kan undersøkja før møtet. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. FOR- 051/2017 Vedtak: Prosjektrapporten vert teken til etterretning. Ungdomsrådet 25.09.2017: Saka vart samrøystes teke til orientering. UNG- 058/2017 Vedtak: Saka vert teke til orientering. 052/2017: Tertialrapport pr. 1.9.2017 Tertialrapport pr. 1.9.2017 vert tatt til orientering. Uttaler frå ungdomsrådet og senior- og funksjonsrådet var distribuert ut 25.09.2017. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes tilrådd. FOR- 052/2017 Vedtak: Tertialrapport pr. 1.9.2017 vert tatt til orientering. Side 6
Ungdomsrådet 25.09.2017: Fusa ungdomsråd tok saka samrøystes til orientering. UNG- 055/2017 Vedtak: Fusa ungdomsråd tok saka til orientering. 053/2017: <Budsjett 2018 - orientering om prosess> Formanskapet tek datoane til etteretning Framlegget frå rådmannen vart vedteke med 7 mot 2 røyster ( Bjarte Samnøy Krf, Margunn Y. Samnøy 1 Sp) FOR- 053/2017 Vedtak: Formanskapet tek datoane til etteretning 054/2017: <Rehabilitering / nybygg Fusa Ungdomsskule> Fusa formannskap tek framlegget som ei orientering. Notat av 22.09.2017 med informasjon frå adhoc utvalet og nytt framlegg frå rådmannen var Side 7
distribuert ut 22.09.2017. Uttaler frå ungdomsrådet og senior- og funksjonsrådet var distribuert ut 25.09.2017. Leiar i ad-hoc utvalet William Lindborg, Ap, orienterte og svara på spørsmål. Nytt framlegg frå rådmannen av 22.09.2017 vart samrøystes vedteke: Administrasjonen får saman med Adhoc utvalet mandat til å utgreia alternativ 3 i notat frå adhoc utvalet. Administrasjonen etablerar ein prosjektgruppe med naudsynt kompetanse. Prosjektgruppa skal saman med Adhocutvalet arbeida fram konkrete skissar med kostnadsoverslag. Dette skal leggast frem for formannskap og kommunestyre før ein vel endeleg alternativ og vegen vidare i prosessen FOR- 054/2017 Vedtak: Administrasjonen får saman med Adhoc utvalet mandat til å utgreia alternativ 3 i notat frå adhoc utvalet. Administrasjonen etablerar ein prosjektgruppe med naudsynt kompetanse. Prosjektgruppa skal saman med Adhocutvalet arbeida fram konkrete skissar med kostnadsoverslag. Dette skal leggast frem for formannskap og kommunestyre før ein vel endeleg alternativ og vegen vidare i prosessen Ungdomsrådet 25.09.2017: Fusa ungdomsråd støttar konklusjonane i notat frå adhoc-utvalet og stiller seg bak adhocutvalet sine ønskje for ein framtidig skule som ikkje let seg løysa med noverande skuleanlegg. Spørsmålet om framtidig skulebygg er ei svært viktig sak for ungdomsrådet og ungdomsrådet vil vera tett på den vidare prosessen, gjerne med representasjon i prosjektgruppa. UNG- 059/2017 Vedtak: Fusa ungdomsråd vart etter ei drøftinga samde om slik samrøystes uttale: Fusa ungdomsråd støttar konklusjonane i notat frå adhoc-utvalet og stiller seg bak adhocutvalet sine ønskje for ein framtidig skule som ikkje let seg løysa med noverande skuleanlegg. Spørsmålet om framtidig skulebygg er ei svært viktig sak for ungdomsrådet og ungdomsrådet vil vera tett på den vidare prosessen, gjerne med representasjon i prosjektgruppa. 055/2017: Brannsamarbeid i Bergensregionen Side 8
1. Fusa kommune inngår som medlem i Vest brann- og redningsregion 2. Fusa kommune sluttar seg til vedtektene for samarbeidet 3. Ordførar er årsmøterepresentant for gjeldande kommunevalperiode 4. Fusa kommune gir Bergensalliansen fullmakt til å velja eit interimsstyre for Vest brann- og redningsregion som skal fungera inntil ordinært styre vert vald av det første ordinære årsmøtet 5. Melding om vedtak sendast til sekretariatet til Bergensalliansen 6. Første driftsår vert det lagt til grunn at budsjettet skal vera på fem millionar kroner. Dei to neste driftsåra skal budsjettet berre justerast for pris- og lønsvekst Framlegget frå rådmannen vart samrøystes tilrådd. FOR- 055/2017 Vedtak: 1. Fusa kommune inngår som medlem i Vest brann- og redningsregion 2. Fusa kommune sluttar seg til vedtektene for samarbeidet 3. Ordførar er årsmøterepresentant for gjeldande kommunevalperiode 4. Fusa kommune gir Bergensalliansen fullmakt til å velja eit interimsstyre for Vest brann- og redningsregion som skal fungera inntil ordinært styre vert vald av det første ordinære årsmøtet 5. Melding om vedtak sendast til sekretariatet til Bergensalliansen 6. Første driftsår vert det lagt til grunn at budsjettet skal vera på fem millionar kroner. Dei to neste driftsåra skal budsjettet berre justerast for pris- og lønsvekst 056/2017: Skriv og meldingar Rådmanne sitt framlegg til vedtak: Skriv og meldingar vert teke til orientering. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. FOR- 056/2017 Vedtak: Side 9
Rådmanne sitt framlegg til vedtak: Skriv og meldingar vert teke til orientering. Side 10