VINJE KOMMUNE MØTEBOK UTVAL STAD DATO KL. Formannskapet Formannskapssalen 21.10.2010 09:30 Desse representantane møtte Namn Repr Vara for Arne Vinje SV Aslak Ofte SP Jorunn Hestmann SV Ole Kristian Nyhus H Agnar Bratland Gunn Aslaug Seltveit Bøe AP Børre Rønningen Roar Berg Hansen AP Anne Lise Verpe Sandok Halvor Lognvik FRP Tore Maurits Damberg Saker til handsaming 10/58-10/63 Merknader Jorunn Hestmann fekk permisjon etter handsaming av MVA-refusjonen knytt til parkeringskjellaren (10/62) og midtvegs i informasjonen om budsjettet. Ho var ikkje med på handsaming av dei andre sakene på saklista. Andre som møtte Namn Hans Kristian Lehmann Jan Myrekrok Magne Tveiten - budsjettgjennomgang Stilling Rådmann Plan- og økonomisjef Driftssjef Arne Vinje ordførar Reidun Lofthus administrasjonssekretær 1/6
Saksliste Saksnr PS 10/58 RS 10/25 PS 10/59 PS 10/60 PS 10/61 Tittel Referat og meldingar Møtebok frå førre møte Rapport for 2. tertial - budsjettjustering TV - aksjonen 2010 - Flytninghjelpen Org nr. 987 473 908 Raulandsfjell Alpinsenter AS - søknad om endra skjenkeområde. 2/6
PS 10/58 RS 10/25 REFERAT OG MELDINGAR Møtebok frå førre møte Framlagde referat og meldingar blei teke til etterretning. PS 10/59 RAPPORT FOR 2. TERTIAL - BUDSJETTJUSTERING RÅDMANNENS FRAMLEGG TIL VEDTAK: 1. Kommunestyret tek rapporten til vitande 2. Budsjetterte renteutgifter vert redusert med 2 285 000,-, buffer for lønns- og prisvekst vert auka tilsvarande 3. Sal av fast eigedom på investeringsbudsjettet vert sett til -1 000 000, konto for avsetjing til kapitalfond vert sett til 1 000 000,- 4. Sal av tomter til bustader på investeringsbudsjettet vert sett til -640 000, konto for avsetjing til kapitalfond vert sett til 640 000,- 5. Uteområde Åmothaugen får ei auka utgiftsramme på kr 1 286 000,-, finansiert av konsesjonsavgiftsfond 6. Nytt investeringsprosjekt, Oppgradering av telefonsentral, får ei utgiftsramme på kr 530 000,-, finansiert av kapitalfond 7. Nytt investeringsprosjekt, Slobrekk bustadfelt, får ei utgiftsramme på kr 280 000,-, finansiert av kapitalfond Rådmannen, 12.10.10 Hans Kristian Lehmann, rådmann /s/ Framlegg frå Ap v. Roar Berg Hansen: Tillegg: Før ein endeleg etablerar røntgenavdeling bør det vurderast ei plassering i samband med ambulansesentral og arbeidet med samhandlingsreforma. Saka bør sendast tilbake til arbeidsgruppa, jf. vedtak i kommunestyret og OVU. Framlegget frå rådmannen blei samrøystes vedteke. Framlegget til Berg Hansen fall med 4 mot 2 røyster. 3/6
Vedtaket blei då: 1. Kommunestyret tek rapporten til vitande 2. Budsjetterte renteutgifter vert redusert med 2 285 000,-, buffer for lønns- og prisvekst vert auka tilsvarande 3. Sal av fast eigedom på investeringsbudsjettet vert sett til -1 000 000, konto for avsetjing til kapitalfond vert sett til 1 000 000,- 4. Sal av tomter til bustader på investeringsbudsjettet vert sett til -640 000, konto for avsetjing til kapitalfond vert sett til 640 000,- 5. Uteområde Åmothaugen får ei auka utgiftsramme på kr 1 286 000,-, finansiert av konsesjonsavgiftsfond 6. Nytt investeringsprosjekt, Oppgradering av telefonsentral, får ei utgiftsramme på kr 530 000,-, finansiert av kapitalfond 7. Nytt investeringsprosjekt, Slobrekk bustadfelt, får ei utgiftsramme på kr 280 000,-, finansiert av kapitalfond Saksordførar: Halvor Lognvik PS 10/60 TV - AKSJONEN 2010 - FLYTNINGHJELPEN RÅDMANNENS FRAMLEGG TIL VEDTAK: Vinje kommune løyver kr 10.000,- til TV-aksjonen 2010. Rådmannen, Hans Kristian Lehmann, rådmann /s/ Framlegget frå rådmannen blei samrøystes vedteke. Vinje kommune løyver kr 10.000,- til TV-aksjonen 2010. 4/6
PS 10/61 ORG NR. 987 473 908 RAULANDSFJELL ALPINSENTER AS - SØKNAD OM ENDRA SKJENKEOMRÅDE. RÅDMANNENS FRAMLEGG TIL VEDTAK: 1. Raulandsfjell Alpinsenter AS, som har skjenkeløyve fram til 30.06.2012, får løyve til nytt skjenkeområde ved tømre og tilhøyrande terrasse t.v. for målområde nedst i skibakken (jfr skisse i søknaden). 2. Tømra må ha eiga tappeanlegg og nok tilsette til å ha kontroll over skjenkeområde. 3. Det er ikkje lov for gjestane å bringe med seg alkohol frå det eine skjenkeområdet til det andre. 4. Opningstidene fylgjer tidene gjeve i skjenkeløyve for verksemda. Rådmannen, Hans Kristian Lehmann, rådmann /s/ Framlegget frå rådmannen blei samrøystes vedteke. 1. Raulandsfjell Alpinsenter AS, som har skjenkeløyve fram til 30.06.2012, får løyve til nytt skjenkeområde ved tømre og tilhøyrande terrasse t.v. for målområde nedst i skibakken (jfr skisse i søknaden). 2. Tømra må ha eiga tappeanlegg og nok tilsette til å ha kontroll over skjenkeområde. 3. Det er ikkje lov for gjestane å bringe med seg alkohol frå det eine skjenkeområdet til det andre. 4. Opningstidene fylgjer tidene gjeve i skjenkeløyve for verksemda. PS 10/62 JUSTERINGSAVTALE OM MEIRVERDIAVGIFTA KNYTT TIL PARKERINGSKJELLAREN Framlegg frå formannskapet: Formannskapet gjev rådmannen, ordføraren eller ein han peikar ut, varaordføraren og ein representant for Vinje arbeidarparti fullmakt til å forhandle om justeringsoppgjeret for MVA-refusjonen knytt til parkeringskjellaren. Framlegget frå formannskapet blei samrøystes vedteke. Formannskapet gjev rådmannen, ordføraren eller ein han peikar ut, varaordføraren og ein representant for Vinje arbeidarparti fullmakt til å forhandle om justeringsoppgjeret for MVA-refusjonen knytt til parkeringskjellaren. 5/6
PS 10/63 FULLMAKT TIL ORDFØRAREN Framlegg frå formannskapet: I samband med at rådmannen vurderer å legge inn bod på ein kommunal bustad som er lyst ut til sal får ordføraren fullmakt til å avgjere bodrunden. Framlegget frå formannskapet blei samrøystes vedteke. I samband med at rådmannen vurderer å legge inn bod på ein kommunal bustad som er lyst ut til sal får ordføraren fullmakt til å avgjere bodrunden. 6/6