ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Ørsta formannskap Møtestad: Ørstafjord, Rådhuset Dato: 20.01.2015 Møtet starta 11:00 Møtet slutta 12:15 Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Rune Hovde Ordførar H Monika Barstad Rebbestad Medlem H Paul Kristian Hovden Varaordførar KRF Petter B Bjørdal Medlem AP Hans Olav Myklebust Medlem FRP Wenche Volle Medlem FRP Ola Perry Saure Medlem SP Gunnar Knutsen Medlem V Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Hanne Stokke Medlem AP Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Karen Høydal Hanne Stokke AP Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Wenche Solheim Rådmann Inger Johanne E. Løeng Politisk sekretær Magnar Selbervik Miljøvernrådgjevar, sak 4 Svein Silseth Seksjonsleiar tekniske tnester, sak 5 Arnstein Nupen Konst. stabsleiar plan og utvikling, sak 6 Petter Bjørdal og Monika Barstad Rebbestad vart valde til å skrive under protokollen saman med ordførar.
Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 1/15 PS 2/15 RS 1/15 RS 2/15 Godkjenning av innkalling og sakliste Referat og meldingar Mo Sameige - klage på avslag på søknad om stønad til sikringstiltak i Rossåa, Ørsta kommune Flaumen 28. oktober 2014 - Hjelp frå NVE - Ørsta kommune. NVEs referanse: 201406134-1 2014/83 2014/2329 RS 3/15 Landbrukssjef i heil stilling 2014/2367 RS 4/15 Landbrukssjef i heil stilling 2014/2367 RS 5/15 For mange straumbrot 2014/2449 RS 6/15 Volda kommune Kommunedelplan for E 39 Volda- Furene - trekking av motsegn 2010/77 RS 7/15 Søknad om gåve til Lions Røde Fjær 2015: 2015/59 RS 8/15 Formannskapet - politiske saker i 2014 2015/56 PS 3/15 PS 4/15 Møteplan 2015 for kommunestyret, formannskapet, samfunnsutvalet og levekårsutvalet - Endringar. Fråsegn: Regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion PS 5/15 Gnr/bnr 18/28 Sikring av grunn til samleveg på Øvre Mo Harry Moe PS 6/15 Vartdal Turn og Idrettslag - Grunnerverv til idrettsanlegg Vartdal - handsaming av klage på vedtak om oreigning - kommunestyrevedtak 63/2014 2014/169 2010/253 2014/2400 2014/295 PS 1/15 Godkjenning av innkalling og sakliste Handsaminga(9 r.f.) Innkallinga vart godkjent utan merknad Paul Kristian Hovden(KrF) etterlyste sak vedk Regional delplan for senterstruktur- Høyring. Saklista vart godkjent med ovannemnde merknad I slutten av møtet var det ei kort orientering om arbeidet med legesenter og legevakt v/rådmann og ordførar. vi tek sikte på å få sak til formannskapet 3. februar og kommunestyret 12.2.2015.
Ordføraren orienterte om at ordføraren i Ulsteinvik har invitert formannskapa på Søre Sunnmøre til ope møte om kommunereform, onsdag 21.1.2015 kl. 19.00 på Sjøborg kulturhus Ulsteinvik. PS 2/15 Referat og meldingar Handsaminga(9 r.f) Referat og meldingar vart referert utan merknad. RS 1/15 Mo Sameige - klage på avslag på søknad om stønad til sikringstiltak i Rossåa, Ørsta kommune RS 2/15 Flaumen 28. oktober 2014 - Hjelp frå NVE - Ørsta kommune. NVEs referanse: 201406134-1 RS 3/15 Landbrukssjef i heil stilling RS 4/15 Landbrukssjef i heil stilling RS 5/15 For mange straumbrot RS 6/15 Volda kommune, Kommunedelplan for E 39 Volda- Furene - trekking av motsegn RS 7/15 Søknad om gåve til Lions Røde Fjær 2015 RS 8/15 Formannskapet - politiske saker i 2014
PS 3/15 Møteplan 2015 for kommunestyret, formannskapet, samfunnsutvalet og levekårsutvalet - Endringar. VEDTAK: Kommunestyret: Møtedato 26.3.2015 endra til 19.3.2015 Formannskapet: Møtedato 17.6.2015 endra til 3.6.2015 Samfunnsutvalet: Møtedato 11.8.2015 endra til 25.8.2015 Levekårsutvalet: Møtedato 12.8.2015 endra til 26.8.2015 Handsaminga(9 r.f.) Tilrådinga vart vedteken med 8 mot 1 røyst (Paul Kristian Hovden) Kommunestyret: Møtedato 26.3.2015 endra til 19.3.2015 Formannskapet: Møtedato 17.6.2015 endra til 3.6.2015 Samfunnsutvalet: Møtedato 11.8.2015 endra til 25.8.2015 Levekårsutvalet: Møtedato 12.8.2015 endra til 26.8.2015
PS 4/15 Fråsegn: Regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion VEDTAK: 1. Ørsta kommune ser positivt på arbeidet med å sikre ein felles, bærekraftig bruk av vassressursane på tvers av tradisjonelle sektormynde, og ønskjer å bidra til at måla i vassforskrifta vert nådd. 2. Ørsta kommune vil peike på behovet for styrke dei økonomiske rammene frå statleg hald for å sikre ei god oppfølging og gjennomføring av aktuelle tiltak innanfor dei ulike sektorområda. 3. Utfordringane knytt til akvakulturnæringa med næringstilføring, lakselus og røming må handterast i forvaltningsplanen på same måte som andre utfordringar. 4. Åmdalselva bør takast ut får lista over kandidatar til SMVF. 5. Svartevatnet bør også takast ut frå lista over kandidatar til SMVF med føresetnad om konsesjonshandsaming av uttak av drikkevassforsyninga til Vartdal vassverk. 6. Ørsta kommune ber fylkeskommunen å prioritere å vidareføre eigne prosjektstillingar i vassområde med tanke på komande planperiode. Handsaminga( 9 r.f.) Magnar Selbervik, miljørådgjevar orienterte Fellesframlegg endra punkt 6: Ørsta kommune ber fylkeskommunen å prioritere å vidareføre eigne prosjektstillingar i vassområde med tanke på komande planperiode. Ved alternativ røysting punkt 6: Fellesframlegg fekk 9 røyster og vedteke Rådmannen si tilråding fekk 0 røyster og fall. Rådmannen si tilråding punkt 1 5 vart samrøystes vedteke 1. Ørsta kommune ser positivt på arbeidet med å sikre ein felles, bærekraftig bruk av vassressursane på tvers av tradisjonelle sektormynde, og ønskjer å bidra til at måla i vassforskrifta vert nådd. 2. Ørsta kommune vil peike på behovet for styrke dei økonomiske rammene frå statleg hald for å sikre ei god oppfølging og gjennomføring av aktuelle tiltak innanfor dei ulike sektorområda. 3. Utfordringane knytt til akvakulturnæringa med næringstilføring, lakselus og røming må handterast i forvaltningsplanen på same måte som andre utfordringar. 4. Åmdalselva bør takast ut får lista over kandidatar til SMVF. 5. Svartevatnet bør også takast ut frå lista over kandidatar til SMVF med føresetnad om konsesjonshandsaming av uttak av drikkevassforsyninga til Vartdal vassverk. 6. Fylkeskommunen bør prioritere å vidareføre eigne prosjektstillingar i vassområde med tanke på komande planperiode.
PS 5/15 GNR/BNR 18/28 - SIKRING AV GRUNN TIL SAMLEVEG PÅ ØVRE MO - HARRY MOE TILRÅDING TIL KOMMUNESYRET: 1. Med heimel i plan-og bygningslova 16-2, vedtek Ørsta kommunestyre å oreigne parsell av gnr 18 bnr 28, eigar Harry Moe. Arealet utgjer ca 3350m2 og er synt på vedlagt grunnkart d.s. 20.11.2014. Vedtaket er gjort ut frå at ein meiner at inngrepet tvillaust er meir til gagn enn skade, jfr. 2, 2.ledd. 2. Dersom administrasjonen ved parallelle forhandlingar med handsaming av oreigningssaka, får semje om friviljug avtale, får ordføraren fullmakt til å godkjenne avtalen. 3. Ørsta kommunestyre vedtek også å søkje fylkesmannen i Møre og Romsdal om å ta grunnen i bruk før skjøn er halde. 4. Kommunestyret ber administrasjonen fremje krav om skjøn. Handsaminga(9 r.f.) Svein Silseth, seksjonsleiar tekniske tenester orienterte Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding. 1. Med heimel i plan-og bygningslova 16-2, vedtek Ørsta kommunestyre å oreigne parsell av gnr 18 bnr 28, eigar Harry Moe. Arealet utgjer ca 3350m2 og er synt på vedlagt grunnkart d.s. 20.11.2014. Vedtaket er gjort ut frå at ein meiner at inngrepet tvillaust er meir til gagn enn skade, jfr. 2, 2.ledd. 2. Dersom administrasjonen ved parallelle forhandlingar med handsaming av oreigningssaka, får semje om friviljug avtale, får ordføraren fullmakt til å godkjenne avtalen. 3. Ørsta kommunestyre vedtek også å søkje fylkesmannen i Møre og Romsdal om å ta grunnen i bruk før skjøn er halde. 4. Kommunestyret ber administrasjonen fremje krav om skjøn.
PS 6/15 Vartdal Turn og Idrettslag - Grunnerverv til idrettsanlegg Vartdal - handsaming av klage på vedtak om oreigning - kommunestyrevedtak 63/2014 VEDTAK: Ørsta kommune syner til klage framsett av advokat Odd Walther Moi, advokatfirma Steenstrup og Stordrange på vegner av eigarar av gnr. 99 bnr. 11, eigar Olav Sætre, Sigmund Sætre dødsbu ved Magne Ivar Sætre, Per Jon Sætre, Ottar Sætre og Ståle Sætre, gnr. 99 bnr. 22, eigar Jogeir Sætre, gnr. 99 bnr. 25, eigar Olav Berg, gnr. 99 bnr. 31, eigar Arvid Sætre og gnr. 99 bnr. 34, eigar Andreas Sætre, Åshild Vartdal og Eva Sætre Volle Klagen vert ikkje tatt til følgje ut frå at inngrepet tvillaust er meir til gagn eller til skade, jfr. oreigningslova 2, andre ledd. I medhald av forvaltningslova 33 vert klagen å sende til fylkesmannen i Møre og Romsdal for handsaming. Handsaminga (9 r.f.) Arnstein Nupen, konst, stabsleiar plan- og utvikling orienterte Rådmannen si tilråding vart vedteken med 9 mot 0 røyster Ørsta kommune syner til klage framsett av advokat Odd Walther Moi, advokatfirma Steenstrup og Stordrange på vegner av eigarar av gnr. 99 bnr. 11, eigar Olav Sætre, Sigmund Sætre dødsbu ved Magne Ivar Sætre, Per Jon Sætre, Ottar Sætre og Ståle Sætre, gnr. 99 bnr. 22, eigar Jogeir Sætre, gnr. 99 bnr. 25, eigar Olav Berg, gnr. 99 bnr. 31, eigar Arvid Sætre og gnr. 99 bnr. 34, eigar Andreas Sætre, Åshild Vartdal og Eva Sætre Volle Klagen vert ikkje tatt til følgje ut frå at inngrepet tvillaust er meir til gagn eller til skade, jfr. oreigningslova 2, andre ledd. I medhald av forvaltningslova 33 vert klagen å sende til fylkesmannen i Møre og Romsdal for handsaming.