Møteprotokoll Utval: Utdanningsutvalet Møtestad: Møterom, Tøndergård skole, Molde Dato: 31.03.2016 Tid: 10:30 Protokoll nr: 3/2016 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Bjarne Storfold Elde Leiar AP Nils Fløystad Nestleiar NML Sidsel Rykhus Medlem AP Steffen Falkevik Medlem V Geir Inge Lien Medlem SP Mette Belden Medlem NML Steinar Reiten Medlem KRF Monica Molvær Medlem H Syver Hanken Medlem H Jan Steinar Engeli Johansen Medlem FRP Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Torgeir Dahl Medlem H Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Peder Gjerstad Torgeir Dahl H Frå arbeidstakarorg. møtte: Namn Ole Bjørn Helberg Arne Tjelle Kristiane Muren For elevane møtte: Elias Brosstad Lerita Ertesvåg Frå administrasjonen møtte på heile eller delar av møtet: Namn Rune Solenes Opstad Melvin Tornes Geir Løkhaug Laila Nielsen Stilling konst. fylkesutdanningssjef leiar økonomi utdanningsavdelinga seksjonsleiar rådgivar Sekretariat: Namn Ann Torill Vaksvik Stilling konsulent
2 Utdanningsutvalet sine medlemer møtte på Tøndergård skole kl. 10.30. Rektor Liv Bakke ønska velkommen. Rektor Liv Bakke og undervisningsinspektør Nora Jørgensen viste rundt på skolen/internatet og deretter var det ei kort orientering. Utdanningsutvalet sitt møte tok til kl. 11.20 på kantina/møterom ved Tøndergård skole, under leiing av Bjarne Storfold Elde. Møtet vart sett med 11 medlemer. Innkallinga vart godkjent utan merknader. Saklista vart samrøystes godkjent. Ettersendt: Vedlegg til sak UD-15/16 Tilbod som ikkje kjem i gang for skoleåret 2016/2017 Uttale frå Molde videregående skole. Utdelt i møte: Uttale til sak UD-15/16 Tilbod som ikkje kjem i gang for skoleåret 2016/2017 - frå Kristiansund videregående skole. (Unntatt off. jf. fvl 13, off.lova 13). Orientering: Orientering om undervisningsevalueringa v/rådgivar Eirik Jenssen frå juridisk avdeling. Saksnr Innhald UD 14/16 Oppnemning av medlem til arbeidsgruppa "Rusførebygging God helse" UD 15/16 Tilbod som ikkje kjem i gang for skoleåret 2016/2017 RS 12/16 Retningslinjer for praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune Godkjenning av protokoll UD 14/16 Oppnemning av medlem til arbeidsgruppa "Rusførebygging God helse" Forslag til vedtak: Behandling i Utdanningsutvalet - 31.03.2016 Steinar Reiten (KRF) fremma følgjande forslag: «Som medlem i arbeidsgruppa «Rusførebygging God helse» blir oppnemnt Monica Molvær (H)» Nils Fløystad (NML) fremma forslag på seg sjølv som medlem.
3 Votering: Det vart votert alternativt mellom Monica Molvær og Nils Fløystad. Monica Molvær fekk 9 røyster og vart valt. Nils Fløystad fekk 2 røyster (NML). Vedtak i Utdanningsutvalet - 31.03.2016 Utdanningsutvalet oppnemner Monica Molvær som utdanningsutvalet sitt medlem i arbeidsgruppa «Rusførebygging God helse» UD 15/16 Tilbod som ikkje kjem i gang for skoleåret 2016/2017 Forslag til vedtak: Desse tilboda vert ikkje sett i gang skoleåret 2016/2017: Atlanten vgs: Vg1 musikk, dans og drama med fordjuping dans Herøy vgs, avd. Vanylven: Vg2 industriteknologi Herøy vgs: Kristiansund vgs: Vg1 kunst, design og arkitektur Vg1 service og samferdsel, YSK 4-årig Vg2 frisør Vg2 interiør og utstillingsdesign Vg2 brønnteknikk Vg3 formgjeving Molde vgs: Vg1 studiespesialisering, internasjonalisering Rauma vgs: Vg2 barne og ungdomsarbeidarfag Romsdal vgs: Vg1 elektrofag, studiekompetanse 3-årig Vg1 teknikk og industriell produksjon, studiekompetanse 3-årig Vg2 interiør og utstillingsdesign Stranda vgs: Vg1 restaurant og matfag Sunndal vgs: Vg1 bygg og anleggsteknikk Surnadal vgs: Vg2 transport og logistikk
Tingvoll vgs: Vg1 elektrofag Vg3 medium og kommunikasjon 4 Ålesund vgs: Vg2 kjemiprosess Behandling i Utdanningsutvalet - 31.03.2016 Rådgivar Laila Nielsen orienterte om saka og svarte på spørsmål. Steffen Falkevik (V) og Geir Inge Lien (SP) fremma følgjande forslag på vegner av V, SP, NML, AP og KRF: «Utdanningsutvalet vedtar å oppretthalde følgjande tilbod: 1. Ein halv klasse Vg1 Kunst, Design og arkitektur ved Kristiansund vidaregåande skule, også med høve til å fullføre Vg3 formgjevingsfag for skoleåret 2016/2017. 2. Ein klasse Vg2 frisør ved Kristiansund vidaregåande skule. 3. Ein halv klasse Saf/YSK 4-årig ved Kristiansund vidaregåande skule. 4. Vg2 interiør og utstillingsdesign ved Romsdal vidaregåande skule.» 5. La Tingvoll vgs prøve å skaffe ein fjerde elev til Vg1 elektrofag (småskala); særleg med bakgrunn i den langsiktige satsinga på solenergi og bioenergi, der elektrofag og/eller bygg bør byggast opp.» Monica Molvær (H) fremma følgjande forslag på vegner av H: «Utdanningsutvalet vedtek å oppretthalde følgjande tilbod: - VG3 formgjevingsfag ved Kristiansund vidaregåande skole. - VG2 Frisørfag ved Kristiansund vidaregåande skole. - VG2 Interiør og utstillingsdesign ved Romsdal vidaregåande skole.» Møtet vart lukka jfr. kommunelova 31 nr.2. Under behandling av utdelt tilleggsinformasjon til sak UD-15/16 frå Kristiansund videregående skole. Votering: Fylkesrådmannen si tilrådinga vart samrøystes vedteke med desse endringane: Tilbod som ikkje blir sett i gang: Molde vgs: Vg 1 studiespesialisering, internasjonalisering Vg 2 språk, samfunnsfag og økonomi med internasjonalisering Vg 2 realfag med internasjonalisering. Samrøystes vedteke. Forslag fremma om å behalde Vg2 Interiør og utstillingsdesign ved Romsdal vidaregåande skole vart samrøystes vedteke. Forslag fremma om å behalde VG2 Frisørfag ved Kristiansund vidaregåande skole vart samrøystes vedteke.
5 Det vart votert alternativt mellom fellesforslag pkt. 1 og forslag fremma av Monica Molvær om å behalde Vg3 Formgjeving ved Kristiansund vgs. Fellesforslaget fekk 7 røyster og vart vedteke. Forslag fremma av Monica Molvær fekk 4 røyster (H og FRP). Pkt. 3 i fellesforslaget: Vedteke mot 3 røyster (H) Pkt. 5 i fellesforslaget: Samrøystes vedteke. Vedtak i Utdanningsutvalet - 31.03.2016 Desse tilboda vert ikkje sett i gang skoleåret 2016/2017: Atlanten vgs: Vg1 musikk, dans og drama med fordjuping dans Herøy vgs, avd. Vanylven: Vg2 industriteknologi Herøy vgs: Kristiansund vgs: Vg2 interiør og utstillingsdesign Vg2 brønnteknikk Molde vgs: Vg 1 studiespesialisering, internasjonalisering Vg 2 språk, samfunnsfag og økonomi med internasjonalisering Vg 2 realfag med internasjonalisering. Rauma vgs: Vg2 barne og ungdomsarbeidarfag Romsdal vgs: Vg1 elektrofag, studiekompetanse 3-årig Vg1 teknikk og industriell produksjon, studiekompetanse 3-årig Stranda vgs: Vg1 restaurant og matfag Sunndal vgs: Vg1 bygg og anleggsteknikk Surnadal vgs: Vg2 transport og logistikk Tingvoll vgs: Vg3 medium og kommunikasjon Ålesund vgs: Vg2 kjemiprosess
6 RS 12/16 Retningslinjer for praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune Samrøystes vedtak i Utdanningsutvalet - 31.03.2016 Utdanningsutvalet tek referatsaka til orientering. Sidsel Rykhus (AP) fekk permisjon kl. 13.55. 10 voterande Godkjenning av protokoll Samrøystes vedtak i Utdanningsutvalet - 31.03.2016 Utdanningsutvalet gjekk gjennom og godkjente samrøystes protokollen frå møte 31.03.2016. Møtet heva kl. 14.15