VESTNES KOMMUNE Møteprotokoll Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunestyresalen, Rådhuset Dato: 19.11.2013 Tidspunkt: 16:00 Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Ida Lunde Naalsund Leiar VGS Emma Birgitte Skjønberg Tomren Nestleiar HELSK Bendik Stenberg Medlem VGS Moritz Michaelis Medlem HELSK Jenny Bakken Medlem HELSK Nadia Frostad Medlem TOMSK Iselin Søberg Medlem TOMSK Trond Ellingseter Medlem TOMSK Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Geir Inge Lien Ordførar SP Følgjande varamedlemmar møtte: Navn Møtte for Representerer Merknadar Fra administrasjonen møtte: Navn Stilling Odd Jarle Talberg Koordinator Underskrift:
Saksliste Saksnr Innhald Lukka PA 29/2013 PA 30/2013 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte PA 31/2013 Lovfesting av medvirkningsordning for ungdom - Høring PA 32/2013 Kommuneplanens arealdel - innspel frå ungdomsrådet PA 33/2013 Referat frå Ungdommens fylkesting (UFT) 2013
PA 29/2013 Godkjenning av innkalling Innkallinga til møte vart samrøystes godkjent. Berre tre av medlemmane var sikre på å ha motteke innkallinga på e-post. Koordinator oppmoda om at medlemmane nyttar Vestnes kommune si heimeside for sikkert informasjon. Kontaktinformasjon til medlemmane blir sjekka før neste møte. PA 30/2013 Godkjenning av protokoll frå siste møte Protokollen frå sist møte vart samrøystes godkjent. Rådsmedlemmane var usikre på om dei hadde motteke protokollen frå sist møte på e-post. Koordinator oppmoda om at medlemmane nyttar Vestnes kommune si heimeside for sikkert informasjon. Kontaktinformasjon til medlemmane blir sjekka før neste møte. Protokolltilførsel frå sist møte; Innspel til Trafikktryggingsplan for Vestnes kommune; Innspel frå elevrådet ved Tomrefjord skule til Trafikktryggingsplana med innspelsfrist 6. november 2013. Innspelet gjeld skulebussen i Fiksdal som ikkje får framover i Nakkebygda. Elevane må difor møte opp på nærbutikken nede i Fiksdal sentrum. Dette meiner elevrådet er trafikkfarleg for fleire av elevane, m.a. sidan mykje av strekninga også er utan gangveg. PA 31/2013 Lovfesting av medvirkningsordning for ungdom - Høring 1. Lovfesting Vestnes ungdomsråd viser til høyringsnotatet kapittel 3 og til Departementet sine vurderingar. Ungdomsrådet stiller seg mest positiv til alternativ a) og meiner at dette alternativet kan gjere ordninga meir fleksibel enn b). 2. Aldersregulering
Vestnes ungdomsråd er samd i fleire av departementsvurderingane og tenker at aldersgrensa bør vere frå ungdomskulealder, (8. klasse) til og med det året ein fyller 18 år. Ungdomsrådet gikk gjennom saka og saksdokumenta og drøfta ulike sider. Ungdomsrådet samla seg om ein samrøystes høyringsuttale i 2 punkt; 1. Lovfesting Vestnes ungdomsråd viser til høyringsnotatet kapittel 3 og til Departementet sine vurderingar. Ungdomsrådet stiller seg mest positiv til alternativ a) og meiner at dette alternativet kan gjere ordninga meir fleksibel enn b). 2. Aldersregulering Vestnes ungdomsråd er samd i fleire av departementsvurderingane og tenker at aldersgrensa bør vere frå ungdomskulealder, (8. klasse) til og med det året ein fyller 18 år. Uttale til høyring utarbeidd i møte vart samrøystes vedteken. Saksprotokoll i Ungdomsrådet - 24.09.2013 Saka vert utsett til neste møte. Høyringsbrev er innkome med uttalefrist sett til 25. november 2013 Framlegg til vedtak utarbeidd i møte: Saka vert utsett til neste møte. Framlegg til vedtak utarbeidd i møte vart samrøystes vedteke. PA 32/2013 Kommuneplanens arealdel - innspel frå ungdomsrådet Innstilling Ungdomsrådsmedlemmane bør i forkant av ungdomsrådsmøtet, ha tenkt gjennom forslag til korleis ein kan få fram innspel frå lokalmiljøa i kommunen. Det er aktuelt å få til prosessar i elevråda og barnetrakk er særleg nemnd i saka.
Ungdomsrådet bør halde fram med å drøfte denne saka på neste møte i 2014. Arealplansaka vil ungdomsrådet fortsette med over nyttår. Saka skal også vidaresendast til skulane og elevråda slik at dei kan gjere undersøkingar og kome med innspel. Medlemmane i ungdomsrådet vil prøve å ta opp og drøfte ulike sakselement med andre barneog ungdomsgrupper. Mellom anna gjennom å be elevråda / grunnskulane om å drøfte saka og vurdere deltema/undersøkingar/ Barnetrakk. Ungdomsrådet drøfta relativt akutte rådsoppfølgingstema som. Skulevegen frå Åsbygda og Vestnesbukta med til dømes krysset ved bobilforretninga Frå Gamlebrua og manglande fotgjengerovergang over Nesabakken /Vestnes Fjordhotell. Rema-svingen mot hurtigbåtkaia Framlegg til vedtak utarbeidd i møte; Arealplansaka vil ungdomsrådet fortsette med over nyttår. Saka skal også vidaresendast til skulane og elevråda slik at dei kan gjere undersøkingar og kome med innspel. Framlegg til vedtak utarbeidd i møte vart samrøystes vedteke. PA 33/2013 Referat frå Ungdommens fylkesting (UFT) 2013 Innstilling Ungdomsrådet tek orienteringa i møtet til vitande Vestnes ungdomsråd tok referatet frå Ungdommens fylkesting til vitande. Nokre kulepunkt frå deltakarreferatet: Det var val av året ungdomskommune. Nesset Kommune vann. Det var ein del orientering om kommunesamanslåing.
Det var ein del orientering om folkehelselova. Det var ein del orientering om kollektivtransporten. Framlegg til vedtak utarbeidd i møte; Vestnes ungdomsråd tok referatet frå Ungdommens fylkesting til vitande. Framlegg til vedtak utarbeidd i møte vart samrøystes vedteke.