FAUSKIVALEN 2012. Fredag 31. august og lørdag 1. september HELLBILLIES

Like dokumenter
HELLBILLIES FAUSKIVALEN Fredag 31. august og Laurdag 1. september

FAUSKIVALEN 2011 HJERTERKNEKT september ERIK WØLLO DET BETALES SVER BITU & THE BANDITS UNG I HALLINGDAL

MEDLEMSINFO. august 2009

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Klubbkvelden: 7. mai: Da spilte bandene Sverre Faaberg & Forever Young Ones og 2nd Power Unit

Hei alle sjøstjerneforeldre

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

MEDLEMSINFO. april 09

Vi jubilerer med Kristofer Uppdal: «NARREN SYNG» Med John Pål Inderberg og Ragnhild Vannebo, musikk og dikt Ellrun Ystad med tonesette dikt

august 2013 NESETDAGANE.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Folkemusikkveka i Kvinnherad oktober

Månadsplan for Hare November

FAUSKIVALEN 2013 VAMP STEIN TORLEIF BJELLA HEKLA STÅLSTRENGA BERGOS BERME KJETIL LILLEÅS LONGHORN AUDUN HAUGEPLASS HENNING KLEVMARK

6. trinn. Veke 24 Navn:

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

TIL DELTAKANDE KORPS:

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Midtsommer Dansefestival på Geilo juni-2005

Treningssamling oktober

/

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Årsmelding for år (Endringar / tillegg frå årsmøtet 14.mars 2013 er innarbeida)

Månedsbrev april 2015

For at ungar/eldre skal bli godt kjende med oss har kun nokre elevar vore utplasserte til no nye kjem til etter nyår.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Velkommen til songarstemne i Florø!

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

SHOWKONSERT. i Eikelandsfjorden samfunnshus Laurdag 9. mars 2013

EKSAMEN UNIVERSITETET I AGDER FAKULTET FOR KUNSTFAG. Emnekode: Emnenamn: MU-130 Musikkorientering. Dato: Lengde: 5 timar

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Stort lagsengasjement

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

INFORMASJON om førestellinga:

Josefine Visescene Onsdag 3. februar

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

No sprett knuppane og sevja stig

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Musisere - Spele enkle ostinat og melodiar etter gehør

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

MØTEBOK Rådsmøte i Hardanger Ungdomsråd. Stad: Norheimsund Industrier. Den Kl Ungdomsrådsleiar Karoline Hauge Stalheim

NYHETSBREV Juni 2014

Musikalsk CV CAROLINE RØSTE. Fra Os i Østerdalen Sanger

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Oversikt over aktuelle produksjonar 2014/våren 2015

Informasjon Mangerfestivalen

SONGBIRD. En tribute til Eva Cassidy. Med Ingrid Kjosavik, Knut Aabø og Svein Olav Hyttebakk. Målgruppe: Ungdomstrinnet og den videregående skolen.

Bok. på Eg og Pontus går for gull. NyNorskseNteret. Av Odd Nordstoga og Rune Markhus

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MUSIKKBRUNCH & LØRDAGSBRUNCH SARPSBORG 2018

13. Sendetida på TV aukar

7.-8. august 2015 NESETDAGANE.

Kim & Trym. med hjemlengsel og utferdstrang. Konsert for årstrinn. Kim André Rysstad (sang) / Trym Bjønnes (sang, gitarer, perkusjon, loops)

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

HardingBaroque KONSERTINFORMASJON. RIKSTaMMVANE. Skulekonsertordninga til Rikskonsertane

Nytt HFK Intranett

Til deg som bur i fosterheim år

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Melankoliens historie. Melankoli er gleda ved å vere trist. Victor Hugo. Konsert for årstrinn

KJERKÅ Ein musikalsk arkitek-tur

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Låt o Link. Medlemsblad for Valdres Folkemusikklag

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Jon Fosse. For seint. Libretto

Samtalestatistikk 1. halvår Hjelpelinja for speleavhengige

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

PROSJEKT BESKRIVELSE

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

SAV SA ALEN apr il 2014

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Frevo. gitarheltar. Konsert for årstrinn

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Transkript:

FAUSKIVALEN 2012 Fredag 31. august og lørdag 1. september HELLBILLIES Esco Compton & The Southerners (amerikansk / estisk bluesband) Are Rosseland band (60-tals rock, swing, country) Reidar Gotteberg trio - Henning Klevmark (Hjerterknekt) Norsk/Estisk fusjon - Marie Klåpbakken m/band Sound of the 70 s - Albrigtsen trio med venner

VELKOMEN TIL FAUSKIVALEN 2012-31. august til 1 september Fauskivalen 30 years after! Fauskivalen vart eit begrep i nokre år midt på 80-talet med rock og folkemusikk i låve og garasjeanlegg på Fausko gard. Den gongen berre for moro skuld med samling av massevis av musikkfolk. Det var mest buskspel, dans og leven. Men også kappleik og konsertar i uortodoks form. Ein outsider i det tradisjonelle kappleiksmiljøet, kanskje var det her det gode norske krossover-begrepet oppstod!! Det er 30 år sidan, og den gongen gjorde Arne Moslåtten stor lukke med torader, fløytespel og framføring av eigne løglege dikt. Medan fleira andre av dagens Hellbillies spelemenn var med i rockebandet Shag og heldt bygda vaken til lyse morgonen. Fauskivalen gjenoppstod i 2010 med mål om å etablere seg på det norske festivalkartet.. og blir i år den tredje i rekkja etter nylanseringa. Fauskivalen er blant veldig få reindyrka musikkfestivalar i Hallingdal, og kanskje den einaste i sjangeren blues, folk og rock. Eg håpar Fauskivalen skal finne si form i same ånd som in the good old days. Det nybygde amfiet ved sidan av gjestegarden vart lansert, og vart i 2011 klargjort med større kapasitet og 1200 sitteplassar. Men kan hende blir det likevel trongt om plassane på opningskonserten fredag 31. august. Då står sjølvaste Hellbillies på scenen.. 30 years after! Fauskivalen 2012 blir ein skikkeleg retro-rock festival! Med eit perspektiv på den eventyrlege Hellbillieshistoria fell det i år naturleg å dra retro-tankegangen med seg som ein raud tråd i årets Fauskival. Det skal bli rikeleg høve til å gjenoppleva musikken frå 60-talet med Kinks, Hollies, Beatles, Little Richard, Elvis Presley, Jerry Lee Lewis, Chuck Berry, Monkees m.m. Og 70-talet med Deep Purple, Led Zeppelin, Santana, Rolling Stones, AC/DC, Creedence, Abba, Bee Gees, Neil Young, Bob Marley, Bruce Springsteen, og mange, mange fleire. Og nei då, folkemusikken er ikkje gløymd. Folkemusikk er ein viktig del av identiteten til Fauskivalen. Me hentar fram nye spanande namn på artisthimmelen, i kombinasjon med eit solid knippe av lokale utøvarar. Det skal til og med bli dansekurs i gamaldans, swing og springar! Tinging av billettar på www.fausko.no Velkomen til Fauskivalen 2012! Helsing stasjonshaldaren knut@fausko.no / 93 00 13 20 Ringen er slutta. Som i fjor, med bestillingsverket av Erik Wøllo som opningskonsert og høgdepunkt, startar også årets festival med det store høgdepunktet. Det er ei stor ære å starte Fauskivalen 2012 med konsert på Fausko Amfi med Hellbillies. Bandet treng ingen nærare presentasjon. Prisbelønna og kritikarrost. Hallingdals største merkevare, folkeeige og blant dei mest suksessfulle band i landet gjennom meir enn 20 år. FAUSKIVALEN 2012

PROGRAM FAUSKIVALEN 2012 FREDAG 31. AUGUST FAUSKO AMFI 18.00: Portane opnar. Grill og bar 20.00: Hellbillies FESTIVALTELTET NB! Kun inngang med Fauskivalpass 22.30: Are Rosseland band (60-tals rock, swing, country) 24.00: Esco Compton & The Southerners (amerikansk / estisk bluesband) LAURDAG 01. SEPTEMBER DRIVSTUGU (konferanserommet) 11.00: Foredrag Jon Gangdal. FEM SKATTER AV STOR SNØ FESTIVALTELTET 13.00: Dansekurs i festivalteltet: Gamaldans, swing, hallingspringar ÅRESTUGU 15.00: Intimkonsert i Årestugu. Reidar Gotteberg trio. Henning Klevmark (Hjerterknekt) FESTIVALTELTET 17.00: Konsert, Norsk-Estisk fusjon 18.30: Konsert, Marie Klåpbakken m/band LÅVEN: 20.30: MUSIKK, MAT & VIN. 3-rettars middag og entertaining ved festivalmusikarane. NB! Kun førehandstinging (max 180 plassar) FAUSKIVALNATT I FESTIVALTELTET 20.30: Sound of the 70s (70-tals rock) 22.00: Albrigtsen trio med venner. Gamaldans. 23.00: Esco Compton & The Southerners. Blues. 24.00: Sound of the 70s

PRISAR FAUSKIVALEN Tinging av billettar på vår netthandel på www.fausko.no/billettar Konsert Hellbillies. Fausko Amfi, fredag kl 20.00 420,- Fauskivalpass, alle konsertar fredag og laurdag (inkl. Hellbillies) 650,- Alle konsertar laurdag og Fauskivalnatt i festivalteltet laurdag 350,- Are Rosseland band. Esco Compton & The Southerners Festivalteltet, fredag kl 22.00 02.00. NB! KUN adgang med Fauskivalpass Intimkonsert i Årestugu: Henning Klevmark (Hjerterknekt) og Reidar Gotteberg trio, laurdag kl 15.00 150,- Konsert Norsk-Estisk Fusjon, laurdag kl 17.00 150,- Konsert Marie Klåpbakken m/band, laurdag kl 18.30 150,- Jon Gangdal - Foredrag FEM SKATTER AV STOR SNØ, laurdag kl 11.00 100,- Dansekurs. Swing, gamaldans, hallingspringar, laurdag kl 13.00 100,- Musikk/mat/vin. Låven, laurdag kl 20.30 (NB! KUN 180 PLASSAR) 700,- PAKKELØYSING: Fauskivalpass og musikk/mat/vin 1200,- INNKVARTERING PÅ FAUSKIVALEN FAUSKO SKYSSTASJON FULLT! HYTTER I NABOLAGET MED GANGAVSTAND TIL FAUSKO FOR 6 10 PERSONAR. Kontakt: Knut@fausko.no / 93 00 13 20 HULBAK CAMPING MED GANGAVSTAND TIL FAUSKO Kontakt: info@hulbak.com / 91 78 7021 RJUKANDEFOSS CAMPING, gangavstand 1 km. 32 06 21 74 HOTELL OG LEILEGHEITER I HEMSEDAL avstand frå Fausko: 3 5 km. Bestilling på www.hemsedal.com eller www.skistar.com eller direkte til: - Skogstad Hotell: post@skogstadhotell.no / 32 05 50 00 - Fanitullen Hotell: www.fanitullen.no / 32 06 06 00 - Fossheim Hotell: velkommen@fossheim.com / 32 06 03 15 - Skarsnuten Hotell: booking@skarsnutenhotel.no / 32 06 17 00 - Alpin Lodge: hemsedalbooking@skistar.com / 815 56 300 - Hytter og leilegheiter: hemsedalbooking@skistar.com / 815 56 300 FAUSKIVALEN 2012

ARTISTANE Hellbillies Fausko Amfi, fredag kl 20.00 Portane opnar kl 18.00 Det er svært hyggeleg og ei stor ære å starte Fauskivalen 2012 med konsert på Fausko Amfi med konsert med Hellbillies. Hellbillies er folkeeige og blant dei mest suksessfulle band i Noreg gjennom meir enn 20 år. Countryrockgruppa Hellbillies frå Ål i Hallingdal vart danna i 1990. Den faste besetninga sidan oppstarten er uendra. Aslag Haugen, vokal og gitar. Lars Håvard Haugen, gitar. Arne Moslåtten, trekkspel, fløyte, gitar. Arne Sandum, bass. Bjørn Gunnar Sando, trommer. Bandet har gitt ut 12 album, der dei fleste har selt til gull eller platina. Medan dei to fyrste albuma var coverlåtar av kjente amerikanske country-artistar, har utgjevingane i fortsetjinga i all hovudsak vore songar og tekstar skrivne av Hellbillies sjølv. Hellbillies er eit kritikarrost og prisbelønna band som har motteke tre spelemannsprisar og vorte kåra til årets spelemenn. Blant ei rekkje andre prisar kan nemnast Alf Prøysens Ærespris og Målprisen for gode tekstar på klingande Hallingdialekt. Hellbillies er Hallingdals største merkevare og har gjort noko med identiteten og stoltheita til hallingane. www.hellbillies.com www.929as.no

Are Rosseland band Tribute to the 50s & 60s! Festivalteltet, fredag kl 22.00 02.00 Det er eit mål for Fauskivalen å trekke fram lokale heltar. Are Rosseland er Hemsedals store trommeslagarson. Ikkje lenger berre ung og lovande, men no ferdig utdanna ved Jazzlina ved NTNU i Trondheim. Han lever som musikar i Oslo og figurerer i ei rekkje band. Are har spelt på mange av Noregs største festivalar, i tillegg til ei rekkje konsertar i inn- og utland. Langt i frå berre som jazztrommis. Are Rosseland band er også kjent under namnet Hæstsko. Det er eit knippe topp utdanna musikarar, med Amund Stokke på bass, Gudmund Skjær på gitar og vokalist Tonje Tafjord. Musikarane i bandet har lang fartstid innanfor pop, rock, jazz og country, og tek med seg det beste frå alle greiner når dei spelar opp til fest. Her får gamle klassikarar nytt liv og blir framførde med glød, entusiasme og speleglede. Det rykkar garantert i dansefoten! Bandet leikar seg med musikk frå 50- og 60-talet, med ny giv og heitt driv til udødelege låtar frå Kinks, Hollies, Little Richard, Elvis Presley, Beatles, Jerry Lee Lewis, Chuck Berry, Monkees og Creedence. FAUSKIVALEN 2012

Esco Compton and The Southerners Festivalteltet Fredag kl 24 & laurdag kl 23 Dette er eit bluesband frå Hemsedals vennskapskommune Tõrva i Estland. Dei spelar ein mix av klassisk blues, hard country, 60-tals soul og zydeco. Zydeco-musikken blir framført i tradisjonell fransk-kreolsk sørstatsstil. Resten av musikken er autentisk amerikansk, sidan frontfigur og vokalist Esco Compton er amerikaner frå Knoxville, Tennessee. Dei øvrige i bandet er Mati Mölder gitar og vokal, Tõnu Varjun gitar, Mairo Malm bass, vokal og munnspel, Anton Freimanis trommer. På repertoiret er musikk av bl.a. Lowell Fulsom, Little Richard, Porter Wagoner, Moe Bandy, Lefty Frizzell, Bobby Bland, Wilson Pickett og Johnny Cash. Esco Compton & The Southerners blir å høyre i festivalteltet både fredag og laurdag kveld, samt på låven til musikk, mat og vin. Henning Klevmark Låtskrivar, vokalist og frontfigur frå bandet Hjerterknekt Årestugu Laurdag kl 15.00 Henning Klevmark har ein sterk posisjon i Noreg som låtskrivar. Gjennom meir enn 20 år har han bidratt til 7 album med melodiar og tekstar for bandet sitt, Hjerterknekt. Songane er ei blanding av vise-, country-, pop- og rockmusikk, sjølvsagt med norske tekstar. Få artistar er meir radiospelte, og den som lyttar på NRK P1 har ikkje kunna unngått å høyre låtar som «Slipp meg inn», «Menn av hjertet», «Syng meg gjennom», «Kors på halsen», «Ei stjerneklar natt» m.fl. Konserten i Årestugu laurdag 1. september blir eit sjeldant høve til eit nakent møte med artisten og songar om melankoli, kjærleik og livsundring. www.hjerterknekt.no

Marie Klåpbakken med band Konsert i festivalteltet Laurdag kl 18.30 Blant norske artistar det er knytt størst spenning til i 2012 er platedebutanten Marie Klåpbakken frå Gudbrandsdalen. Hennar fyrste singel To unge vakre gjekk rett inn på NRK P1 si A-liste og debutalbumet Framtida vart sleppt i mai, med strålande kritikkar. Marie Klåpbakken sin solodebut er ei herlig blanding av visepop og folkemusikk med sjølvskrevne norske tekstar, og handlar om livet, kjærleiken, svik, sommarfuglar og draumar. Som Marie sjølv seier: det skal vera ei drømmeverd ein kan flykte inn i. Med seg har ho fått Odin Staveland (Vamp) som både musikar og produsent, Torbjørn Økland (Vamp) og Chris Wolfe Holm (Sondre Lerche). Alt er framført på ein leiken måte. Denne type sjanger av folke- og popmusikk går rett inn i norske hjarte! I august, veka før Fauskivalen, er Marie blant musikarane i oppfølginga til den populære TV2-serien Hver gang vi møtes. Musikarar: Marie Klåpbakken - fele, vokal. Andreas Dahle Aagård - gitar/mandolin/kor (bl.a. Hver gang vi møtes). Magnus Skylstad - trommer/kor - (bl.a. Josefin Winther). Chris Holm - bass/gitar/kor - (bl.a. Sondre Lerche, Nathalie Nordnes). Tove Kragset - piano/kor (bl.a. Herborg Kråkevik, Vencke Knutson) www.marieklaapbakken.no http://www.facebook.com/marie.klaapbakken. OfficialPage 5 - Inn i framtida - Marie Klåpbakken går inn i framtida med lyse utsikter. Det store publikummet som liker Vamp, Odd Nordstoga og Helene Bøksle, kan godt komme til å omfavne Klåpbakken også. Da vet vi hvordan det går. FVN (Rune Slyngstad) 5 - En nydelig debut -Maries fele er like sentral som stemmen hennes begge utstråler en inviterende glød som gjør «Framtida» til en oppsiktsvekkende bra debut. VG (Stein Østbø) 5 - Framtida er nå - Hun kan godt ha ei sikker framtid som folkemusiker, men «Framtida» er sterk nok til at hun bør klare seg godt som popartist også. Kanskje hun ikke trenger å stå i bakgrunnen lenger hvis «Hver gang vi møtes» kommer til sesong 3 eller 4 om noen år? Dagsavisen (Geir Rakvaag) FAUSKIVALEN 2012

Sound of the 70s Festivalteltet Laurdag kl 20.00 Alt var mykje kulare på 70 talet; kleda, håret, bilane, filmane og ikkje minst MUSIKKEN. 70-talet var ein einaste lang parade i klassisk riff-rock, funky diskorytmar, poplåtar med høg allsongfaktor og sjeggut viserock med djupsindig bodskap. Sound of the 70s er Noregs beste og mest gjennomført autentiske 70-talsband. Bli med på ei gjenoppleving av slengbuksenes og rockens gyldne tiår: Deep Purple, Led Zeppelin, Santana, Rolling Stones, AC/DC, Creedence, Abba, Bee Gees, Neil Young, Bob Marley, Bruce Springsteen - og mange fleire. www.soundofthe70s.no

Dansekurs Festivalteltet, laurdag kl 13.00 15.00 Instruktørar dans: Astri Sudmann og Sissel Rudningen. Spelemenn: Arne Anderdal, Birger Liahagen, Knut Hjelmen Kl 13.00: Dansekurs i swing og gamaldans Kl 14.00: Dansekurs i hallingspringar Lokale artistar Hemsedal har mange dyktige og allsidige musikarar. På Fauskivalen 2012 vil lokale musikarar medvirke med dansemusikk, entertaining på låven og i konserten norsk-estisk fusjon. Det blir eit nærare møte med Arne Anderdal, hardingfelespelemann. Knut Hjelmen, trekkspelar og multimusikar. Birger Liahagen, dansespelemann og folkemusikar på femrader. Tori Snerte, fløytist. Og Tor, Janet og Sondre Albrigtsen, i toppsjiktet i landet på torader. Norsk-Estisk Fusjon Hemsedal har eit aktivt samarbeid med venskapskommunen Tõrva i søraust Estland, på grensa mot Latvia. I praksis handlar dette mykje om kulturutveksling. I 2010 var 30 kulturskuleelevar frå Hemsedal på tur til Tõrva, og i 2011 kom ein delegasjon på 35 kulturskuleelevar frå Tõrva på gjenvisitt - med kor, orkester og dansarar. Mange minnast nok enno den store norsk-estiske festkonserten i Trøimshallen, m.a. med urframføring av bestillingsverket Snowflakes av Erik Wøllo. Gitarist og musikklærar Mati Mölder har vore sentral og inspirerande i desse prosjekta, og han var heller ikkje tung å be til Fauskivalen. I tillegg til bluesbandet kjem han i lag med to estiske folkemusikarar. Konserten Norsk-Estisk Fusjon er eit temperamentsfullt møte mellom norske og estiske musikarar, med røter i folkemusikk og med innslag av jazz, rock og improvisert musikk. Dei medverkande er Sofia Joons (song, fele, bogeharpe), Tori Snerte (fløyter/song/perkusjon), Koidu Ahk (kantele/trekkspel), Janet Albrigtsen (torader), Tor Albrigtsen (torader/trekkspel/bass) og Mati Mølder (gitar/ FAUSKIVALEN 2012

Musikk. Mat. Vin. Låven, laurdag kl 20.30 180 plassar! LÅVEN - ÅRETS NYHEIT PÅ FAUSKO På Fauskivalen 2012 blir låven på Fausko lansert som konsert og selskapslåve. 300 m2 golvareal er rydda og klargjort, med ein atmosfære og eim av høy, treskeverk og gamle hestereidskapar. Laurdag kveld med musikk, mat og vin har vorte den eksklusive delen av Fauskivalen. I år blir denne kvelden med god 3-rettars middag og musikalsk entertaining ved bordet lagt til låven på Fausko. Dette er den store kvelden for musikkglade og mat- og vinglade folk - for vennegjengen, hyttegjengen, firmagruppa og for dei som ynskjer eit alternativ til den meir rocka festivalfinalen som finn stad i festivalteltet. Musikalsk entertaining på Låven Publikum vil få oppleva fleire av festivalmusikarane med musikalsk entertaining i laus snipp. Esco Compton & The Southerners og Albrigtsen Trio. I tillegg vil lokale musikarar som Knut Hjelmen, Arne Anderdal, Tori Snerte, Birger Liahagen m.fl. vera med å lage god stemning. Jon Gangdal. Drivstugu Laurdag 11.00 Forfattar og fjellklatrar Jon Gangdal er fast inventar på Fauskivalen. Med sine fengande fordrag om tindesportens historie og Himalayas magi dei to føregåande Fauskivalane følgjer Jon opp dette året med: FEM SKATTER AV STOR SNØ Kangchenjunga Himalaya-klatringens ukjente historie. Foredraget tek utgangspunkt i boka med same namn som vart publisert i Katmandu i april 2012.

FAUSKIVALEN 2012 Takk til våre sponsorar! SKISENTER FAUSKIVALEN 2012