Kvinnherad kommune Rådhuset 5470 ROSENDAL Vår dato: 17.09.2015 Vår ref.: 200700974-24 Arkiv: 411 / 046.1 Dykkar dato: Dykkar ref.: Sakshandsamar: Svein Arne Vågane Æneselva - Fråsegn i høve endring av elveløp ved Træsholmen - Kvinnherad kommune Vi syner til kommunen sitt brev dagsett 29.10.14 som er ei oppsummering etter synfaring 01.10.14. Vidare syner vi til skriv frå Ragnar Nøttveit innkome til oss 23.01.15 og til telefon 11.09.15. Først vil vi få sei oss leie for at saka har lege så lenge hjå oss. Dette skuldast heilt ekstraordinære flaumtilhøve som oppstod 29.10.14. Æneselva er eit verna vassdrag. Bakgrunn I 1940 vart eit bustadhus undergreve av flaumen og så sterkt skadd at det måtte rivast. Det vart gjennomført sikringstiltak langs elva på 1950-talet. Under haustflaumen i 2005 vart det på nytt gjort skade i Æneselva og NVE utarbeidde ein plan for sikring av tiltak mellom anna på høgre side sett medstraums ved «Træsholmen». Planen vart revidert 29.09.2006 og tiltak gjennomført etter den tid. I samband med uttale under handsaming av planen skreiv Fylkesmannen i Hordaland i sitt brev dagsett 09.01.09. fylgjande: «Vi vil og take opp spursmålet om det kan vere aktuelt i denne samanheng å pålegge utbetringar ved inngongen til sidelaupet like nedanfor det øverste av dei to omsøkte tiltakspunkta. Sidelaupet endar i inntaksdammen til kraftverket. Så langt vi kjenner til, vart det gjort strakstiltak etter den same flaumen i 2005 som gjorde dei omsøkte sikringstiltaka aktuelle. Dette vart gjort for å sikre tilrenning til inntaksdammen. Som eit resultat av det går no hovedstraumen ved små og middels vannføringar inn i dette sidelaupet, og ikkje i hovudlaupet som før det nemnte tiltaket. Dette fører til at utvandrande fisk i stor grad vandrar inn mot inntaket, og står i fare for å verte sugd inn mot turbinen. Sjølv om kraftverket av denne grunn har vote stoppe under hovudsmoltutvandringa, gjev det ikkje sikker og varig løysing på problemet. I tillegg til problemet med at fisk kan verte malt i turbinen, har gravetiltak som vart gjort i 2005 ført til at mesteparten av vatnet ved heilt låge vassføringar går i sidelaupet, og gjev fare for utturking i hovudelva. Dette kan ha store negative konsekvensar for fisk i området. Vi meiner det er viktig at elven ved skillet mot sidelaupet vert ført tilbake slik det var opprinnleg, før flaumen, og rår med dette til at dette vert gjort samstundes med dei omsøkte sikringstiltaka. Alternativt E-post: nve@nve.no, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO, Telefon: 09575, Internett: www.nve.no Org.nr.: NO 970 205 039 MVA Bankkonto: 7694 05 08971 Hovedkontor Region Midt-Norge Region Nord Region Sør Region Vest Region Øst Middelthunsgate 29 Vestre Rosten 81 Kongens gate 14-18 Anton Jenssensgate 7 Naustdalsvn. 1B Vangsveien 73 Postboks 5091, Majorstuen 7075 TILLER 8514 NARVIK Postboks 2124 Postboks 53 Postboks 4223 0301 OSLO 3103 TØNSBERG 6801 FØRDE 2307 HAMAR
Side 2 bør inngongen mot sidelaupet få ein ny utforming som sikrer at hovudstraumen går forbi og at det meste av den lågaste vassføringa går vidare i hovudlaupet.» Under synfaring i mai 2008 hadde vi følgjande merknader til arbeidet som vart utført (vårt dok. nr. 200700974-7). Sitat frå dette brevet: «Plastringa vart lagt brattare enn 1:1,5 som var tilrådd i planen. Di slakare plastringa er, di meir stabil er den.» «Til plastring var det nytta elvestein. Denne er rund og ligg ikkje like stabilt i høve til kvarandre som kanta stein som var tilrådd i planen.» «Plastringa skulle grunnast ned med om lag ein meter. Det såg for oss ut til at dette ikkje var gjort. Det kan føre til at plastringa kan verte undergrave.» «Elvebotnen var mykje utjamna då alle dei store steinane var fjerna. Dette vil endre seg med tida ved at nytt materiale vert tilført.» «Det er bygd to tersklar i elva. Det er uheldig å bygge tersklar utan fagmessig planlagt utføring, og i tillegg utan løyve i verna vassdrag.» Etter flaumen i 2005 utførte Leif Sverre Enes eit arbeid ved innløpet til flaumløpet ved Træsholmen si venstre side sett medstraums. Her vart det lagt ned 2x350mm røyr sjå fig. 1. Enes kan no køyre over til Træsholmen som han bygslar. Fig. 1. Inntaket til flaumløpet.
Side 3 Fig. 2. For å sikre vasstilstrøyming til flaumløpet, er det laga ein «terskel» slik at ein får ein kulp i elva. Vurdering Frå gamalt av har det vore leia vatn frå Æneselva og inn i flaumløpet for å sikre drift av vassjul og kraftproduksjon. Enes skriv 08.12.13 at arealet på det stengde flaumløpet var om lag 1,5m x 1,5m = 2,25 m 2. Det er no lagt ned 2 x 0,35 m røyr. Dette gjev eit areal på om lag 0,2 m 2. I tillegg er inntaket utforma slik at det er vinkla om lag 90 ut frå hovudelva. Mykje av vatnet vil derfor renne forbi dette inntaket. Kapasiteten til flaumløpet er såleis vesentleg redusert i høve tidlegare. Dette er i tråd med Fylkesmannen sine ynskjer frå 2009 slik vi tolkar det. Kraftverksanlegget er ikkje i drift lenger. Under synfaringa vart det opplyst at hovudløpet no går på høgre sida av holmen som ligg oppstraums Træsholmen. Dette syner også i fig. 2. ovanfor. Når vi ser på kartet, verkar dette noko unaturleg og vi stiller spørsmål ved om noko kan ha skjedd i hovudløpet oppstraums denne holmen. I så fall vil vi tru at hovudløpet igjen kan kome på venstre side av denne holmen etter kvart som elva får arbeide naturleg sjå fig. 3 neste side. (dette området vart ikkje synfart). Slik vi ser det, kunne eit flaumløp med den kapasitet det hadde før tiltaket, redusere noko av vassmengda i hovudløpet. Saman med at forbyggingsarbeidet på elva si høgre side ikkje vart bygd heilt etter planen (jf. våre merknader frå 2008), kan ein sjå føre seg at reduseringa av kapasiteten til flaumløpet kan gje noko auka fare for skade på elva si høgre side ved Træsholmen. Inntaket til flaumløpet bør utformast slik at det kan ta unna dei vassmengdene det tidlegare gjorde. For at ein skal imøtekome Fylkesmannen si otte for at hovudløpet vert turrlagt ved låg vassføring, kan ein lage ein
Side 4 noko høgre elvebotn i starten av flaumløpet (som ein terskel) sjå skisse fig. 4. Breidda bør vere noko større enn 1,5 m slik at ein ikkje reduserer kapasiteten i høve at det vert bygd ein terskel, men dette vil gje auka fart på vatnet der flaumløpet er 1,5 m breidt. Alternativt kan ein lage eit køyrevad her. Fig. 3. Kart som syner elva sitt løp. Kartkjelde: www.norgeskart.no
Side 5 Fig. 4. Enkel skisse som syner korleis innløpet til flaumløpet kan utformast. Vidare handsaming av saka I vårt brev dagsett 05.02.09 skriv vi: «Det utførte strakstiltaket vart gjort ved inngangen til sideløpet som endar i inntaksdammen til kraftverket. Strakstiltaket vart gjort for å sikre tilrenning til inntaksdammen, med det resultat at hovudstraumen ved liten og middels vassføring i dag går i sideløpet og ikkje i hovudløpet slik den gjorde før tiltaket. Dette gjev fare for uttørking i hovudløpet og kan ha negative konsekvensar for fisken i dette området.» I same brev konkluderte vi slik: «Med heimel i vassressurslova 18 og delegering til NVE frå Olje- og energidepartementet av 19.desember 2000, vedtek NVE at det øvre tiltaket ved lagerhuset til Ænes byggjeforretning og tilbakeføringa av strakstiltaket frå 2005 ikkje treng særskilt løyve etter vassressurslova 8. Tiltakshavar må opptre i samsvar med krava etter 5 i vassressurslova, og kan bli ansvarleg etter alminnelege erstatningsregler jf. 47 i same lov ved brot på 5 første ledd.» 5 i vassressurslova gjeld tiltakshavar sitt forvaltaransvar og plikt til aktsemd og har følgjande ordlyd: «5.(forvalteransvar og aktsomhetsplikt) Enhver skal opptre aktsomt for å unngå skade eller ulempe i vassdraget for allmenne eller private interesser. Vassdragstiltak skal planlegges og gjennomføres slik at de er til minst mulig skade og ulempe for allmenne og private interesser. Denne plikten gjelder så langt den kan oppfylles uten uforholdsmessig utgift eller ulempe. Vassdragsmyndigheten kan ved forskrift fastsette nærmere regler om planlegging, gjennomføring og drift av bestemte typer vassdragstiltak.
Side 6 Vassdragstiltak skal fylle alle krav som med rimelighet kan stilles til sikring mot fare for mennesker, miljø eller eiendom.» NVE vil òg nemne at tiltak som ikkje er konsesjonspliktig etter vassressurslova skal handsamast etter plan- og bygningslova og eventuelt etter anna relevant lovverk. Vi torer be kommunen sende dette brev til eventuelle andre rettshavarar/interessentar i området. Med helsing Siss-May Edvardsen fung. regionsjef Svein Arne Vågane senioringeniør Dokumentet vert sendt utan underskrift. Det er godkjent etter interne rutinar. Vedlegg: Kopi til: Fylkesmannen i Hordaland Leif Sverre Enes Ragnar Nøttveit