Fyriord. Elles synes eg bildet frå sist gong var så bra at eg let det stå eit nummer te, for Styret er det same! Kos dikkon med Hallingljom!



Like dokumenter
Storsatsinga denne vinteren er Hallingkvelden 24. mars, sjå meir informasjon side 16.

Hallinglaget ynskjer alle velkomen til eit nytt år i Hallinglaget. Takk for alt i det gamle, det har vore eit usedvanleg aktivt og innhaldsrikt år.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

MEDLEMSINFO. august 2009

No sprett knuppane og sevja stig

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Fyriord. Laget ynskjer alle velkomen til aktivitetane framover, sjå programmet i midten. Velkomne skal de vere. Kos dikkon med Hallingljom!

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

«Ny Giv» med gjetarhund

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Fyriord. Hallinglaget har ei veldig fin fane som har vore i laget si eige i over 60 år!

Fyriord. Kos dikkon med Hallingljom! Terje Grangård, Leiar. Mimrebilde frå 2009: Hallinglaget i Oslo under Folkemusikk NM på Geilo.

Plassebakken Barnehage

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Årsmelding for år (Endringar / tillegg frå årsmøtet 14.mars 2013 er innarbeida)

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Fyriord. Velkomen til ein ny haust i Hallinglaget!

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

MEDLEMSINFO. april 09

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Elles får vi vone på eit brukbart år med mykje god dans og godt spel. Lukke de åt dikka alle, og so sjåast me ratt.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Stort lagsengasjement

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Fyriord. Siste var at Hallinglaget bidrog på ei kulturnatt i Fredrikstad, 11. september! Sjå neste side.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

6. trinn. Veke 24 Navn:

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Stemnehandboka for NKSF

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Månadsplan for Hare November

Til deg som bur i fosterheim år

Fagkurs og seminar for ungdomslaga på Vestlandet. Storkurs i Førde! oktober På rett kurs med Sogn og Fjordane Ungdomslag -

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Kva kompetanse treng bonden i 2014?


Egil Christophersen til minne.

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Jon Fosse. For seint. Libretto

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Fyriord. Eg ynskjer alle i Hallinglaget eit Godt Nytt år!

ÅL IDRETTSLAG - langrennsgruppa Sesongen 2010/2011

Hei alle sjøstjerneforeldre

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Fyriord. Godt nytt år til alle i Hallinglaget.

Fyriord. Kos dikkon med Hallingljom! Vyrde Godtfolk.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Brukarrettleiing E-post lesar

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Brødsbrytelsen - Nattverden

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Brukarrettleiing. epolitiker

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA


Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Sommartur til Sverige,

Fyriord. No skriv me 2015, og eg håper det blir eit godt nyttår for alle og eit godt danseår i Hallinglaget!

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

Velkomen skal de alle vera, til nymåla lokale i Nordahl Bruns gate, til trivelege lag med spel og dans. I mellomtida, kos dikkon med Hallingljom.

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Kom skal vi klippe sauen

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Transkript:

2/06

INNHALD Innhaldsliste side 3 Fyriord side 4 Info. frå laget side 5 Kjende Hallingar - Olav Thon side 6 Hytteliv i Lillomarka side 9 Helgekurs i hallingspringar side 12 Program side 13 Valdres i sol side 14 Jørn Hilmestemnet side 15 Hallinglaget på Buskerudkappleik side 17 Folkedanskveldar side 21 Styret i Hallinglaget side 22 3

Fyriord No startar aktivitetane i Hallinglaget oppatt etter sommar, ferie og kappleikar. Styret i Hallinglaget ynskjer alle velkomen til hytteturar og dans og moro i haust! Sidan så mange er opptatt av dansen vår vil me halde fram med den med fornya kraft! Det blir mange gilde øvingskveldar i haust, samt minikurs og eit søkkande bra helgekurs! Sjå annonsa! Hallinglaget har det siste året begynt å vere med i lagdans på fleire kappleikar! Det er naturleg når så mange kan tenke seg å vere med. I farten hugsar eg at me deltok på Oslokappleiken i fjor haust, på Buskerudkappleiken i Veggli, me dansa på Folkemusikkdagane på Ål, fleire deltok med ulike lag på Landskappleiken på Beitostølen, og sist på Jørn Hilmestemnet på Fagernes. På Fagernes delte med 4. plassen med Valdrelaget i Oslo! Det er ikkje verst når ein veit kor lenge dei har halde på! Så det store målet med dansinga vår no er å klare å stille lag på Landskappleiken som blir halde på Geilo neste år, siste helga i juni. Til å motivere oss og til å vere pådrivarar har me sikra oss Oddmund og Berit. Dei og styret vil arbeide for denne saka, som har mange positive sider. To er åpenbare: ein blir med i ein triveleg gjeng og kjem i gang med dansinga før alle andre kjem. Og ein får ein utruleg billeg gjennomgangsbillett på dei stemnene ein ynskjer å delta. På Landskappleiken vil ein få gjennomgangsbillett til rundt 200 kroner som vil dekke påmeldingsavgift og innmelding i Laget for Spelemenn. Så sett av to fridagar i juni alt no, då er Geilo på sitt beste! Eg håpar at eit par nye gutar vil ta utfordringa, slik at me er sikra minst fem par sjølve. Hytta vår Hallingbu, i Lillomarka, er meir besøkt enn nokon gong. Hytta er no i bra stand etter mykje bra dugnadsarbeid. Det å arbeide saman og få til noko gjer ein glad. Det er rett før midtrommet kan nyttast te eit lite ekstrakjøken om vinteren. Då vil flest mogeleg kunne samle seg midt i hytta, rundt omnen og hyttekosen! Elles synes eg bildet frå sist gong var så bra at eg let det stå eit nummer te, for Styret er det same! Kos dikkon med Hallingljom! Terje Styret i Halling Hallinglaget 2005 2007. Frå venstre Ola, Else, Gro Sissel, Berit, Renate og Terje. 4

Hallinglaget har ei god hardingfele til utlåns Hardingfela til Hallinglaget (Einar Løndal frå 1983) er klar til utleige for eitt eller fleire år (reglane for utleige kan sendast interesserte). Leiga for eit år har me sett til 800 kr. Utgifter til evt. strenger/tagl kjem i tillegg, men laget dekkjer forsikringa! Fela er overhala og i god stand, og ho kan leigast omgåande. Så no er det mogeleg for folk å prøve seg på felespel. Det kan vere nyttig å prøve og spele ei tid før ein eventuelt går til innkjøp av eiga fele. Hallinglaget har CD-ar til sals: Cd-ar til sals: Pris År Informasjon Perler på ei snor: 2004 2xCD, Gunnlaug syng songar frå Hallingdal kr 200,00 Hardingfelelæte frå 1997 Magne Myhren spelar kjente slåttar! * kr 150,00 Ål i Hallingdal *) Medlemspris: berre kr 120,00! Medlemspengar i Hallinglaget for år 2006 Også i år blir studentar og ungdom mellom 16 og 25 år subsidierte, for om mogeleg å få med fleire unge. Så her kjem ei oppfordring til alle: få med fleire ungdomar og dansarar i laget! Fullt medlemskap for vaksne er auka p.g.a. reduserte stønader: kr 350,-. Fullt medlemskap for studentar og ungdom under 26 år: kr 200,- Merk! For bimedlem, dvs. hovudmedlem i anna BLS-lag: kr 175,- Medlemskap for barn under 15 år: kr 100,- Bankgiro innbetalingskort ligg vanlegvis ved fyrste sendinga etter nyttår. Laget treng pengar for å klare seg, så bruk innbetalingskortet! Betal helst snarast råd, dvs. i fyrste kvartal. Hugs alltid å skrive på namn på innbetalingskortet, for elles blir det unødig bruk av tid og krefter i laget for å finne ut kven som har betalt! Hallinglagets konto i Postbanken er 0530.32.91549. 5

Kjende Hallingar Olav Thon Født: 1923 Oppvaksen på garden Thon mellom Leveld og Vats. Yrke: Eigedomskonge i Oslo. Eig mellom anna Thon Hotellene. Bustad frå 1982: Sollihøgda. Gift med Inger Johanne. Intervju på Thon Hotell Hallingdal, Sundag 28. mai 2006. Hallinglaget fekk til eit intervju med Olav Thon på hans eige hotell tidleg sundag morgon i Folkemusikkveka, som i år hadde 30 års jubileum. Og for nokre dagar, med spel og dans både seint og tidleg. Olav Thon kasta glans over Fanitulltevlinga på laurdagskvelden, med å dele ut prisane til dei fantastiske finalistane. Vinnar vart Einar Olav Larsen, føre Jan Beitohaugen Granli og Gjermund Larsen. Olav Thon slo til med eit lite stev som fekk fram smilet i både gamal og ung. Etter prisutdelinga var det dans på hotellet og Olav tok seg fleire dansar på dansegolvet, til slutt spelte P.A. Røstad jr. ein swinglåt spesielt tileigna han. Noko å leve opp til folkens, å ikkje setja seg til om ein har passert dei 80! Det var me stor spaning Berit og eg gjekk inn på hotellet presis kl. halv ni. Kven andre sto i resepsjonen enn Olav Thon. Etter triveleg utveksling av handtrykk og fotografering utanfor (sjå bildet) var det klart for intervju og frukost på hotellet. Effektiviteten til Olav imponerte oss og hans gode ro. Me fekk meir enn vår tilmålte tid, andre fekk vente, for me fant tonen og hadde ein triveleg svall. Så godt at Olav Thon har beina på jorda og trivest med det han gjer. Han liker veldig godt folkemusikk og dans, og har skapt blest om Folkemusikkveka og Ål med si årlege prisutdeling på Fanitulltevlinga på 5, 10 og 15 tusen kroner! Det får mange storspelemenn til å koma til Ål og både pressa og publikum elskar tevlingar. Olav Thon er flink til å skape PR og er flink til å halde fleire ballar i lufta på ein gong. Han skjønar kor viktig folkekulturen er for Ål og Hallingdal og veit at mange kjem til Ål og hotellet hans for å søke etter det ekte i Hallingdal. Eit artig PR-stunt tidleg i år var då han fekk 6

svenskekongen til å opne det ny kjøpesenteret hans rett innafor svenskegrensa i Töckfors. Det senteret kjem til å gå bra! Men nok om det, me prata ikkje stort om finansar, men om spel, dans og friluftsliv! Som sagt Olav vaks opp på garden Thon mellom Leveld og Vats, og fekk folkekulturen inn heimanfrå. Det var mest trekkspel og torader då han vaks opp. Faren te Olav kunne spele både trekkspel og torader. Faren Sevat stilte opp på torader og fekk premie på den årlege durskuen i Drammen eit år Han nemnte Embrik Bergaplass som eit døme på det fantastiske toraderspelet som har utvikla seg i Leveld og Vats. Elles var det dans kvar laurdag på ungdomshuset og elles møter på bedehuset tvert over vegen. Det gjekk hand i hand. Elles var det ikkje så mykje fritid i hine harde dagar. Ein måtte tidleg gjere noko. Olav starta pelsforretning på Majorstua berre 17 år gamal. Han reiste ut eit par år før, slik at han fekk relativt lite av ungdomstida i dalen. Det vart ein god del prat om hans store interesse, fotturar i fjellet, og om hans store bidrag til Den norske Turistforening (DnT). Olav Thon har bidratt med pengar til å få sett opp og restaurert heile 40 DnT hytter! Me var interessert i turtips, og han kom med fleire, fyrst i heimlege trakter omkring Hallingdal. Til døme er det no ei fin rute ein kan gå frå Norefjell og til Geilo på vestsida av dalen. Han nemnde opp: Norefjell-Høgevardehytta-Tovaseter- Haglebu-Dalebu-Dusehesten-Mykingstølen-Geilo. På austsida av dalen har Olav vore aktuell i Hallingdølen, då han er interessert å få opp ein ny hytte på Veneli i Flå mot Vassfaret og ei i Ål. Då vil det også vere ei samanhengande rute på austsida av dalen frå Hønefoss til Hardangervidda! Han nemnde dei hytter som er i dag, Buvasskoia og Storekrak. Ein ynskjer at dei ikkje skal vere meir enn 5-6 timar mellom kvar hytte. Dagens turgåarar klare ikkje meir. Elles anbefalte han ei rute, kalla Fjordruta, som går frå Trollheimen til dei yttarste skjær ute i fjordane. Heile 7 hytter ligg på rekke og rad her. Også kring Oslo er Olav Thon aktiv i DnT. Til døme Tømtekoia inst i Maridalen og Fjellvang rett ved Sinober. Då han fekk høyre at Hallinglaget hadde hytte rett vest for Sinober var han ivrig og rosa oss for vårt bidrag til turlivet rundt hovudstaden. Ja han ville sjå om han ikkje kunne bidra med midler til hytta vår òg! For dei med barn, og dei finnes i Hallinglaget, anbefalte han Seteren Gård i Bærum, ein køyrer inn ved Øverland Gård (og Italian House) i Bærum. Her er det soveplass for 50 barn. Heile plassen er gitt i gåve til Barnas Turlag. Her kan ein få meir info. frå Turistforeninga. Olav Thon kom også med eit par investeringstips til utflytta hallingar på slutten av intervjuet: Det er alltid riktig å kjøpe sin eigen bustad. Det er i tråd med det Olav alltid tenker på ved investeringar: Materialverdiar vil halde seg, for det blir det aldri meir av, til døme eigedom, skog og råvarer --- Det vart ein triveleg frukost på hotellet. Berit og eg kosa oss med ein kaffikopp ekstra etter intervjuet. Me var imponert over kor godt den evig unge Olav Thon heldt seg. Og at han var oppteken av mykje av det same som det me i Hallinglaget er. Folkemusikk og dans, og enkelt friluftsliv med sunne fotturar både sumar og vinter. 7

Så no folkens får de koma dikkon opp av godstolen og møte opp til dans og kurs i haust. Olav skal i alle høve få ein invitasjon, for ein må ikkje setja seg ned om ein er 80 år. Det er godt det finnes nokon med meir initiativ og viljestyrke enn andre! Ved Berit Grøtt Ellefsen og Terje Grangård Hallingbu snøvinteren 2006. Det var mykje på Hallingbu vinteren 2006. Då er det naudsynt å måke taka! Hallingbu er Hallinglaget si viktigaste eige. Så ved sida av å halde hallingkulturen i hevd, er det å halde Hallingbu i orden aller viktigast. 8

Hytteliv i Lillomarka Hallingbu i all si prakt 12. mars 2006. Holmenkollsundagen 12. mars var det strålande sol, fint skiføre og ca. 1,2 m snø på Hallingbu. Else, Oddmund og Svein hadde ein fin skitur frå Snippen til Hallingbu. Vi laga oss ein fin "sofa" i snøen og spidda og steikte pølse i solskinnet. Turen tilbake til Snippen gjekk via Ormtjern og Movatn. I årsmeldinga frå hyttestyret 2005 skriv Bård om prosjektet med å lage te kjøkken i midtrommet. Når Else set i gang tek det ikkje lang tid før ting skjer: I starten av mai var det dagstur på hytta og det vart tikji naudsynte mål. På jobben til Else er det ein antikvitetshandel der dei har det meste og ein dag kom ho over ein benk, med mange skuffar, som hadde dei rette måla. Fredag 9. juni kjørte Else, Kari, Jon og Terje til Sinober via Nittedal. Frå Snippen kom Oddmund, Bård, Svein og Gro Sissel. Været var fint og dugnadsinnsatsen stor med vasking, pussing og måling. Benken vart boren frå Sinober til Hallingbu av dei mest aktive karane som har arbeidd på Hallingbu siste åra: Terje, Oddmund, Bård og underteikna. Skuffebenken er no måla kvit og blå. Fronten på skuffane er måla blå og rammeverket kvitt. Else har også fått tak i eit hjørneskåp som skal stå i midtrommet. Det skal målast i same fargar som benken. Som de skjønar: kjøkkenet er snart klart til bruk så vinteren 2007 kan maten lagast te på midtrommet. 9

På bildet ser vi spreke og fornøgde karar i aksjon: Oddmund, Bård og Terje. Og skuffeseksjonen! I fint driv på valdrespringaren: Liv og Harald var fyrst på golvet. Vidare ser vi Ragna og Sverre, Heidi og Østen, Aud og Reidar og Else og Terje frå Hallinglaget. 10

Laurdag 10. juni var det stor feiring på Buvollen, hytta til Valdreslaget. Hytta har vore vølt og stelt på i fleire år og no var tida komen for å feire verket. Ny danseplatting på ca. 50 m 2 skulle innviast, ca. 40 stk. hadde funne vegen. Av desse kom 7 stk. frå Hallingbu. Dei hadde fått Erling Heen (trekkspel) til spele opp til gammaldans. Te valdrespringaren sørgde ein stor CD-spelar for naudsynt musikk. Maten og kaffematen var over all forventning, så det vart ei gild sundag ute i Lillomarka. For dei som ville det var det mogeleg å bade frå brygga til valdrisen som dei har ned i Kringletjern rett nedafor Buvollen. Den årlege spikjikjøtturen gjekk av stabelen onsdag 14. juni. Vi var ikkje så mange, men ein fin gjeng som åt, drakk og hadde det veldig bra. Ein glad og fornøgd gjeng etter måltidet. Frå venstre: Svein, Terje, Else, Gert, Gro Sissel og Eirik. Laurdag 15. juli var eg ein snartur på Hallingbu. Det var fint solskinn og 22 grader i skuggen. Da eg nærma meg hytta stod mikkel rev midt i vegen og ønska meg velkomen. Vi stod og såg på kvarandre i ca. 2 min. Ein heilt spesiell oppleving. Eg gjekk ut av vegen og passerte han på ca. 1 m avstand. Då eg gjekk tilbake hadde den lagt seg til ca. 2 m frå vegen. Eg stoppa og snakka til han når eg gjekk forbi. Men den berre spissa øyro og såg på meg. Synd at eg ikkje hadde med fotoapparat. Eg har hørt at Terje har hatt ein noko liknande oppleving ved Hallingbu. Seinare har eg hørt fleire som har snakka om denne svært tamme reven som luskar rundt ved Sinober. Denne reven kallar me no Hallingbu-reven. Svein 11

HELGEKURS I HALLINGSPRINGAR 11. - 12. november: Laurdag: 11. november, kl. 12.00-16.00 Sundag: 12. november, kl. 12.00-16.00 Stad: Storsalen, Nordahl Bruns gt. 22. Instruktørar: Ulf-Arne Johannessen, A-klasse dansar og Renate Nysted Tønnessen. (Sjå bilete). Spelemenn: Hilde Kirkebøen og Ola R. Imset på hardingfele. Mat: Det blir ei god matpause der Berit, Else og Gro-Sissel og andre i styret vil sørgje for maten. Pris: Kursinfo.: Kr. 350,- pr. person der mat, kaffi og te er med i prisen! Dette blir eit kjempebra kurs, både for nye og for røynde danserar. Ulf-Arne er ein av dei beste dansarane me har i Hallingdal i dag. Han og Renate vil vise oss stega og lære oss mest mogeleg på to dagar!. Dei vil leggje vekt på mange interessante moment i hallingspringaren: slik som rytme, steg, teknikk, vendingar og variasjonar... Her blir det liv og leik, for det blir minst 20 deltakerar! NB! Meir hallingspringar får ein ikkje dansa i haust og gutar er særs velkomne, for fleire jenter har alt medt seg på!. Tips: Ein rask og god måte få lært seg hallingspringaren på: Fyrst minikurs (1. okt.), nokre øvingskveldar og så dette helgekurset som garantert vil få fram ein betre dansar i dykk alle! MELD DYKK PÅ I GOD TID! HØYRER DE GUTA! 12

Program i Blåsalen, Nordahl Bruns gt. 22. Det er springardansing desse onsdagane: 13. sep. Springarøving kl. 19.00. 27. sep. Springarøving kl. 19.00. 11. okt. Springarøving kl. 19.00. 25. okt. Springarøving kl. 19.00. 8. nov. Springarøving kl. 19.00. 22. nov. Springarøving kl. 19.00. 6. des. Springarøving kl. 19.00. Me satsar på småmat og lefsekling i år òg! Kjempestemning i fjor! Antageleg lite gamaldans. Utdeling av diplom til ihuga dansarar Helga 8. 9. september: Hausttur til Hallingbu. Peiskos, overnatting, føl steminga på Hallingbu. Interesserte må melde seg på til laget slik at middagen kan samordnast. Antageleg endå ein tur for å sjå at alt er klart til vinteren. Leve Hallingbu lagets viktigaste eige! Sundag 1. oktober: Minikurs i hallingspringar, før Folkedanskvelden kl. 18.00. Det blir instruksjon i ein og ein halv time, og det blir springardans ein ekstra time etter kurset. Møt opp! 11. 12. november: HELGEKURS I HALLINGSPRINGAR! Instruktørar: Ulf-Arne Johannessen (A-klasse dansar) og Renate Nysted Tønnessen (god til å vise kva jentene skal gjere). Spelemenn: Hilde Kirkebøen og Ola R. Imset. Laurdag 11. november kl. 12.00 16.00. Sundag 12. november kl. 12.00 16.00. Pris for heile kurset, inkludert mat: Kr. 350,- Møt opp og bli ein betre dansar! Gutar er særs velkomne! Sundag 19 november: Hallinglaget er tilskipar av Folkedanskvelden kl. 19.30. Dei som vil vere vakter kjem gratis inn. Springardansing i pausa! VELKOMNE SKAL DE VERA! Meir info. på www.hallinglaget.net KONTAKTPERSONAR: Terje Grangård (22 52 22 67 / 48 20 46 52), (grangard@c2i.net) Berit G. Ellefsen (48 04 00 62), (berit.ellefsen@dnbnor.no) Gro-Sissel Taraldrud (48 03 49 43), (gst@cultura.no) 13

VALDRES I SOL At vi hadde håpa på Beitostølen i strålande sol, det er heilt klart, og tydelegvis hadde vi vore sterke i trua, for landskappleiken vart eit stort strål! Hallingtunet blei diska opp i år med, og med vêret på vår side er dette ikkje lenger ein sport for dei tøffaste, men for dei som set pris på camplivets gleder kontra "inneluksus" i harrytjukke tyrivegger. Her var det felles frukost i det fri med både blomster, dram og sol på bordet, diverse klesskift til allmenn beskuelse - og her hadde Oddmund mykje å by på, raklespel og meir proft spel, mykje go'prat av både skjemt og alvor. Torsdagen var det mange som var i vinden; det var lagdans frå alle dalføre som gjekk av stabelen. Vi hadde fordelt oss på Ål spel- og dansarlag, Geilo spel-og dansarlag, Numedal spel- og dansarlag (ink. Numedalslaget i Oslo) og Telelaget i Oslo. Ein stor takk til Ål og Geilo som baud oss så generøst inn i varmen! Ål stilte likså godt med to lag og drog nesten sigeren i hamn då det eine laget enda på andre. plass. Som alltid var det mykje fint å sjå på scena, og mykje godt i glasa valdresølet svikta slettest ikkje det vart sol i blikket og dans og buskspel natta igjennom. Vi gleda oss sjølvsagt stort over danseøkter med Hilde og Ingunn og Hallingdal låtelag og bygdas helt og store son Beitohaugen; fela vart svinga i drivende godt spell, det skapte vill fart og trengsel på golvet. Stort å vandre heimover etter endt dans og fest og å sjå sola stå opp att og livet lysne på ny, ein knert og ein felelåt på campen før det vart lavvoen som gjaldt. Nok ein gong ein strålande kappleik og ferie, og sist, men ikkje minst, strålande campkameratar!!!!! else Geir, Oddmund og Ask hviler ut mellom slagene 14

Jørn Hilme stemnet, juli 2006 Bilde fra lagdansen, i forgunnen Terje og Kathinka, bak Geir og til høgre Ingunn Fine dagar på Fagernes blei toppa med lagdans laurdagskvelden. Hallinglaget stilte opp, og om me ikkje vann hadde me det morosamt! Stemnet var innhaldsrikt. Mange gode kursmogelegheiter, både innan dans og musisering. Fleire av oss ser seg ikkje nøgd med ein partnar, og kasta oss ut i kurset valdresspringar med to fylgje. Dette var utfordrande og stilte store krav til kroppsleg kontroll Fine danseøktar på kvelds- og natterstid, camping i sol og regn, med gode grillfestar, flotte prestasjonar i kappleiken. Me kosa oss og vil nokk ein gong rose arrangørane av dette flotte og stemningsfylde stemnet. 15

Glimt frå 2006 Dansedomarane på Jørn Hilmestemnet i sterk konsentrasjon, Minna, Håkon og Renate På besøk hos Geir under folkemusikkveka på Ål, Torstein og Sigrid spelar for oss 16

Hallinglaget på Buskerudkappleik i Numedal. Else fekk folk til å melde seg på i flokk og følgje; så det var vel omlag 12 personar frå Hallinglaget som stilte på Buskerudkappleiken i Veggli i Numedal helga 24. 26. mars 2006. Takk til Svein som skaffa oss den mest eksotiske og fantastiske "hytte" som Hallinglaget nokon gong har leigd! Ei skikkeleg Numedalsstugu får 17-1800 talet som var heilt intakt! Men utstyrt med ein moderne kjellar som inneheldt Tv-stue, Bad, VC og mange soverom/sengeplassar. God plass til 10-12 personar. I stugua var det som på eit folkemuseum, men i eit rom innafor sjølve stugua var nokre moderne kjøkenartiklar diskre plassert: komfyr, kjøleskap og oppvaskmaskin! Stugua var utstyrt med skåp av uvurderleg verdi, gamaldags hems, stort langbord og anna bord, stor hjørneseng, svart vedkomfyr og kjempepeis! Samt eit stort soverom innafor stugua med dobbeltseng og himmelseng. For ei stugu! Den blir kalla Gamlestugu. Klar for kappleik framom Gamlestugu på Søre Traaen i Rollag i Numedal. Bak frå venstre: Bjørg Irene, Gro Sissel, Terje, Else, Ask, Kjersti og Gert. Foran Svein og Geir. Og numedølane imponerte: Alle folk i bygda stilte opp på ein topp revy på fredagen, før ein festleg kveld på Veggli Vertshus som hadde god plass og mange rom. Eit eige rom var sett av til dans og me frå Oslo laga til dans midt i hovudrommet! Takk til Ola og Torstein Gjeldokk som vart vår eige gammaldansorkester. Eg trur me vart lagt merke til på ein positiv måte. På laurdagen var det kappleik, og me fekk Ola til å spele for oss slik at me kunne danse lagdans. 17

Me kom ikkje så høgt på poengskalaen som under Oslokappleiken, 67 mot 71 poeng. Det rakk berre til fjerde og siste plass, men alle var glade for at me var med, så dei hadde nokon å slå! Småjondølene vant (dei pleier å vinne Landskappleiken), føre Kongsberg Spel- og Danselag og Numedal Spel- og Danselag (med veldig mange par kanskje heile12 par?). Eivind Brabant vant Hardingfele kl. A og Anders Aasberg vant Laus kl. A. Det som var mest artig var at Hallingdal Låtelag starta opp med ei forrykande økt med hallingspringar akkurat då me kom på festen til laurdagen. Minst 20 par på golvet fekk dansa hallingspringar så dei kjente det! Ingen slo dansejentene våre på dansegolvet denne kvelden. Dessutan synes eg at det var ein svært godt arrangert kappleik. Takk til numedølene som arragnerte dei heile, og takk for dansane til Else, Gro Sissel, Bjørg Irene og Tone. Etter at alt var slutt og dei rydda rundt oss, var det å køyre heimover i ei stjerneklar vinternatt, fullt me folk i bilen - tilbake til 1800 talet, der naturlegvis alle mobilstråler var kutta av når me steig innanfor tømmerstokkane som hadde nokre år på seg. Me hadde det veldig triveleg i saman på denne turen, og interessen for lagdans vart lagt Mvh Terje Fakta om Søre Traaen sine historiske hus: Søre Traaen er tildelt Norsk Kulturarv sitt kvalitetsmerke "Olavsrosa" for begge sine to historiske hus, Gamlestugu og Eldhuset. For dei gamle byggmeistrane kunne sine saker. Ein gjest har uttrykt det slik i gjesteboka (på kav riksmål!): «Selve innkvarteringen bør gis følgende ovasjoner: Simpelthen fantastisk i meget gjennomført stil. Tradisjon, kultur og modernistisk i en diskret helhet. Har sett mange hytter og hus, men begge utleigehyttene er nok i en særklasse, slik mine erfaringer kan bedømme det...» Gamlestugu, fakta: 60 kvadratmeter med historisk interiør frå 1700 tallet. Stue med peis og fullt utstyrt kjøkken. radio og Tv. Dusj og wc. Totalt 8 sengeplassar fordelt på 2 soverom, kjellarstue(2) og hems (2). Det er sett visse krav til dei som skal leige desse husa! Svein forsikra utleigaren om at me var til å stole på, så me fekk leigt heile huset for ei billeg penge. Svein har vakse opp på denne garden, før foreldra bygde eige hus like ved. Takk til Svein som sto på for å få oss med til Numedal. 18

Springarkurset på Torpo 18. og 19. mars. Ja, det var kurs denne helga og Buskerudkappleik den neste og hva skulle jeg velge? Begge helgene var det ikke aktuelt å reise bort. Så tenkte jeg at kurs måtte være det mest interessante, og det jeg trengte mest denne våren. Og Ola Imset hadde sagt at han og kona skulle, og innkvarteringen var etter god hallingskikk... Geir hentet meg på Torpo, og han var både kjekk og hyggelig. Og kurset fylte mine forventninger. Ål Spel- og Dansarlag arrangerte dette på Torpo skule, og det var artig å danse springar med hallingdals-naturen rundt. Det hadde jeg vel aldri gjort før! Håkon Tveito var en svært dyktig instruktør og Olav Luksengard Mjelva inspirerte oss med sitt gode drivende felespill. Lørdagskvelden var Geir, Ask og jeg "hjemme" og koste oss med mat og kortspill og ladet opp til neste dag. Det ble en akkurat passe porsjon kursing i løpet av en helg. På neste øving i Oslo var det klart for meg at, jo, jeg hadde faktisk lært noe! Merete Mølbach Det er kos å danse hallingspringar. Her er Ingunn og Ulf-Arne i herleg samdans, antageleg på Jørn Hilme Stemnet i år. Det er triveleg at dei er med, dei hevdar seg i toppen og gjer Hallingspringaren status. 19

Medlemskap i Hallinglaget gjev deg desse fordelane: Reduksjon i pris på alle samkomer i Hallinglaget, som skipar til lagskveldar og øvingskveldar i hallingspringar. Rimeleg leige av Hallingbu, hytta vår i Lillomarka med plass til 15 personar. Lagsavisa Hallingljom to gonger i året. Reduksjon i pris på Det norske Teatret mot å syne medlemskort. Redusert pris på Folkedanskveldane i Nordahl Bruns gt. 22. Kvar sundag er det gammaldans, bygdedans, sving og leikarring frå kl. 19.30 23.30. Informasjon om andre folkemusikktilskipingar i hovudstaden (post/meldingsliste). Redusert pris på kurs i hallingspringar som laget skipar til. Vanlegvis er kurshelga om hausten. Folkelarm 29.-30. september, på Fabrikken i Oslo. Arrangør er Landslaget for spelemenn. Masse spennende artister, program finnes på www.folkelarm.no/ Haustfesten til Rundsnuen laurdag 14. oktober 2006. KVARTS heldt konsert og spelar til dans! Kvartetten har gitt ut 4 cd'er og har vunne Spellmannspris for den eine. Dei har som mål å skape sitt eige musikalske uttrykk. "Kvarts er tidlaust materiale, slitesterkt og vakkert. Musikken er gjennomsiktig i rein form, men blanda med andre materiale, får kvarts nye valørar. Med folkemusikk er det på same måten - det tidlause og glitrande reine kan fargeleggjast på tallause måtar. Dette gjer folkemusikken spennande og variert." Sjå meir på www.kvarts.no. Tidspunkt: Lørdag 14. oktober 2006, kl 18.30-24.00. Stad: Storsalen, Nordahl Bruns gt. 22, Oslo. Arr: Rundsnuen. Påmelding: Ronald Johansen tlf: 61251525 / 95965885 Pris: Kr 250,-/studentpris kr 150,- E-post: rona-jo@online.no Meir info.: www.folkedans.com/rundsnuen (OBS! Påmelding innen onsdag 11. oktober) Oslo Kappleiken Laurdag 21. oktober i Nordal Brunsgt. 22. Kappleiken startar kl. 11:00. Fest med premieutdeling i Sagene festivitetshus, Holtsgt. 3, kl 20:00. 20

Folkedanskveldar våren 2006 Gammaldans/turdans/songdans i Storsalen, minikurs i Blåsalen (kr 100,- for heile kvelden). kl. 1930-2245, i Nordahl Bruns gt 22,OSLO Dato Storsalen Halli, minikurs 1800-1930 Arrangør lag 27. aug Rusten & Stensgård Leikarringen Symra 03. sep Husk gammeldansorkester Reinlendervarianter Rundsnuen Danselag 10. sep Delta-karane Stildans Leikarringen Symra 17. sep Østerdølenes Spellmannslag Rørospols Oslo Songdanslag 24. sep Spelemannslaget De Frilynde Ungdomsringen i BLS 01. okt Flatlusa Spelemannslag Hallingspringar Valdreslaget I Oslo 08. okt Nysst Hordaringen i Oslo 15. okt Bærum Spellemannslag Sogn og Fjordaneringen 22. okt AskerLadden Stildans Leikarringen Symra 29. okt Steinsgårdskroken Sogn og Fjordaneringen 05. nov Fanteladdane Hordaringen i Oslo 12. nov Bærum Spellemannsag Songdans Oslo Songdanslag 19. nov Best før... Hallinglaget i Oslo 26. nov Husk gammeldansorkester Numedalslaget i Oslo 03. des Farande Fant Sogn og Fjordaneringen 10. des Nysst Springdans fra Hadeland Rundsnuen Danselag Inngang: Medl. Kr 60,- ikkje medl. Kr 100,- Sal av kaffi og vaflar! Alkoholfritt miljø! Alle er velkomne! Bygdelagssamskipnaden www.bls.no e-post: bls@online.no Sal av kaffi og vaflar! Alkoholfritt miljø! Alle er velkomne! Bygdelagssamskipnaden Nordahl Bruns gt 22, 0165 OSLO e-post: bls@ungdomslag.no, telefon: 913 22809 21

Styret i Hallinglaget 2006 2007 Leiar: Terje Grangård Tlf.: 2252 2267 heime Hoffsveien 45 B, 0377 Oslo 4820 4652 mobil E-post: grangard@c2i.net Nestleiar: Berit Grøtt Ellefsen Gåserudgata 2A, 3032 Drammen Kasserar: Gro Sissel Taraldrud Myrlia 51, 1453 Bjørnemyr Tlf: 4804 0062 mobil E-post: berit.ellefsen@dnbnor.no Tlf. 6691 3753 heime Tlf. 4803 4943 mobil E-post: gst@cultura.no Skrivar: Ola R. Imset Tlf: 6492 6336 heime Ignaveien 129, 1912 Enebakk 9013 3907 mobil E-post: ola@imset.net Medlemer: Else Mohn Strømsveien 25, 0658 Oslo Renate Nysted Tønnessen Vallefaret 16, 0663 Oslo Tlf: 9587 9270 mobil E-post: helsemor@hotmail.com Tlf. 9955 2650 - mobil, E-post: renatenysted@yahoo.com -------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Bladstyre for Hallingljom: Kathinka Mohn, Sigrid Egtvedt og Svein Aasen. Stoff til Hallingljom kan sendast til: E-postadresse: kathinka.mohn@parat.com eller til ein i Styret. Hyttestyre for Hallingbu: Leiar: Bård Kyrkjedelen, Tlf.: 6690 3998 heime Ånnerudskogen, 1383 Asker. E-post: bard.kyrkjedelen@c2i.net Medlemer: Else Mohn og Hilde Kirkebøen. Revisor: Alix Cordray Tlf.: 2225 2949 Hallinglaget på nettet: Nettadressa er:www.hallinglaget.net Ansvarleg for nettsidene: Terje Grangård Sjå også: www.bls.no, www.folkedans.com, www.folkemusikkscena.no og www.dans.laus.no! 22

22