Sakshandsamar, innvalstelefon Astrid Holte, 5557 2319 Vår dato Dykkar dato Vår referanse 2012/6655 461.3 Dykkar referanse Hordafor AS Salthella 5397 Bekkjarvik Rapport frå uanmeldt inspeksjon 4. juni 2013 Rapportnummer: 2013.044. I.FMHO Kontaktpersonar ved inspeksjonen: Frå verksemda: Hallgeir Stenevik Frå Fylkesmannen i Hordaland: Astrid Holte Hallvard Hageberg Resultat frå inspeksjonen Denne rapporten omhandlar avvik og merknad frå inspeksjonen. Dersom vi ikkje får melding om faktiske feil i rapporten innan to veker etter at rapporten er motteken, er rapporten endeleg. Fylkesmannen i Hordaland fann 2 avvik og 1 merknad under inspeksjonen. Oljesmuss på lager har ført til uakseptabelt utemiljø med omsyn på lukt for naboar. Dette burde vore avdekka gjennom risikoanalyse sjølv om verksemda ikkje har vore ute for liknande hendingar tidlegare. Rutiner for reinhald rundt lagertankar var mangelfulle Avvika og merknaden er nærare omtala frå side 3 og utover i rapporten. Hordafor AS må sende ei skriftleg stadfesting innan 1. september 2013 på at avvika er retta. Oppfølginga etter inspeksjonen er nærare omtala på side 2. Varsel om pålegg om luktmåling og spreiingsutrekning Verksemda har planlagt å gjennomføre luktmåling i juli. Fylkesmannen varslar med dette at vi vurderer å pålegge slik luktmåling og oppdatert spreiingsutrekning innan 1. september 2013. Pålegget vert vurdert for å få eit oppdatert grunnlag for å vurdere omfang av luktutsleppet frå verksemda. Eventuelle merknadar til varselet kan sendast til Fylkesmannen innan 2 veker frå varselet er mottatt. Kjell Kvingedal e.f. miljøvernsjef Astrid Holte senioringeniør Rapporten er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Miljøvern- og klimaavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: fmhopostmottak@fylkesmannen.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Kopi til: Austevoll kommune, Eivind Stenevik, Laila Turøy Stenevik, Kai Eliassen, Sten Terje Østervold, Elin Kalvenes, Bjørn Haukedal, Ester Eliassen 1. Informasjon om verksemda Namn: Hordafor AS Anleggsnr: 1244.0006.01 Besøksadresse: Salthella, 5397 Bekkjarvik Postadresse: 5397 Bekkjarvik E-post: jorgen.seliussen@hordafor.no Telefon: 56 18 18 50 Kommune: Austevoll Organisasjonsnr.: 972 590 916 Bransjenr. (NACE-kode): 10.910 Produksjon av fôrvarer til husdyrhald Eigar (org.nr): 934 517 199 Løyve sist oppdatert: 27. mars 1990, med endring 3. juni 1997 Risikoklasse: 3 2. Bakgrunnen for inspeksjonen Fylkesmannen har mottatt ei rekkje klager på lukt frå verksemda i vår, i hovudsak på produksjonslukt. 22. mai og påfølgjande dagar fekk vi ei rekkje klager på kraftig råtelukt. Hordafor AS opplyste at årsaka var ein tank med oljesmuss som bobla og danna dårleg lukt. Dei orienterte og om ein del tiltak. 24. mai sendte Fylkesmannen brev til Hordafor AS der vi viste til vilkåret i utsleppsløyvet om at utslepp til luft skal vere redusert til eit nivå som gjev naboane eit akseptabelt utemiljø med omsyn på lukt. Vi opplyste at Fylkesmannen såg alvorleg på hendinga dei siste dagane, og vurderer det som eit brot på kravet i utsleppsløyvet. Fylkesmannen varsla i brevet at vi vurderer å pålegge stans i produksjonen inntil drifta er i tråd med vilkåra i løyvet. Hordafor AS har gitt tilbakemelding på varselet med brev dagsett 31. mai 2013 der dei opplyser om hendinga og tiltak for å rette opp forholda. Verksemda meiner produksjonen no er innafor krava i utsleppsløyvet. Fylkesmannen gjennomførte uanmeldt inspeksjon 4. juni som grunnlag for å ta stilling til om drifta no er i tråd med vilkåra i utsleppsløyvet. Fylgjande hovudtema vart kontrollert: utslepp til luft, inkludert lukt oppfølging av brot på løyvet i mai handtering av klager 3. Oppfølging etter kontrollen De må snarast rette opp avvika som er omtalte i denne rapporten. For at Fylkesmannen skal kunne avslutte saka, må de innan 1. september 2013 sende ei skriftleg melding med dokumentasjon som syner korleis avvik er retta, gjerne med foto som viser det som er gjort. 2
Varsel om tvangsmulkt Dersom vi ikkje får tilbakemelding med dokumentasjon på at avvik er retta innan 1. september 2013, vil Fylkesmannen fatte vedtak om tvangsmulkt, jf. forurensingslova 73. I dette vedtaket vil vi sette en ny, kort frist for tilbakemelding saman med tilhøyrande tvangsmulkt på kr. 50 000,-. De kan kommentere dette varselet. Eventuelle kommentarar må sendast til Fylkesmannen innan to veker etter at de har fått denne rapporten, jf. forvaltningslova 16. 4. Kontrollgebyr Hordafor AS skal betale gebyr for kontrollen, jf. forureiningsforskrifta 39-6. Verksemda er i løyvet plassert i risikoklasse 3. Dette betyr at de skal betale 11 700 kroner for den gjennomførte inspeksjonen. Faktura blir ettersendt frå Miljødirektoratet. 5. Offentleggjering Denne rapporten vil vere tilgjengeleg via Fylkesmannen i Hordaland sin postjournal på www.fylkesmannen.no/hordaland, jf. offentleglova. 6. Dokumentunderlag utsleppsløyve av 27.mars 1990, med endring 03.juni 1997 forureiningslova internkontrollforskrifta Informasjon om regelverket finn de på www.klif.no og www.regelhjelp.no. Definisjonar Avvik: brot på krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgjevinga (for eksempel brot på krav i forureiningslova, produktkontrollova og forskrifter heimla i desse lovene eller krav og vilkår fastsett i løyve eller dispensasjonar). Merknad: eit forhold som miljøvernmyndigheitene meiner det er nødvendig å påpeike for å ivareta helse og miljø og som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik. 7. Avvik Vi fann følgjande avvik under inspeksjonen. Avvik 1: Oljesmuss på lager har ført til uakseptabel lukt for naboar. Dette burde vore avdekka gjennom risikoanalyse sjølv om verksemda ikkje har vore ute for liknande hendingar tidlegare. 3
Avvik frå: Utsleppsløyve av 27. mars 1990, med endring 3. juni 1997 med vilkår om at utslepp til luft skal vere redusert til eit nivå som gjev naboane eit akseptabelt utemiljø med omsyn på lukt, og frå internkontrollforskrifta 5 andre ledd pkt. 6. Kommentarar: 22. mai starta eit større parti oljesmuss på lager å koke. Oljesmuss er eit mellomprodukt frå produksjonen ved Hordafor AS. Dette førte til store luktproblem for naboar. Det aktuelle partiet vart skipa ut frå anlegget natt mellom 28. og 29. mai, tidspunktet vart tilpassa gunstige vindtilhøve. Verksemda opplyser at det etter dette har vore ordinær produksjon med råstoff av god kvalitet. Det vart opplyst at det tidlegare ikkje har vore problem med oljesmuss, og at fokus på kvalitet på dette mellomproduktet derfor ikkje har vore godt nok. Rutinane for dette er no endra. Det er og sett i verk andre tiltak for å hindre koking og redusere luktutslepp frå lagertankar. Tiltaka er omtalt i brev dagsett 31. mai 2013, og vart gjennomgått under tilsynet: Dagleg måling av TVN (totalt flyktig nitrogen)på tankar med oljesmuss, og rutiner for tilsetting av antiboil Automatisk måling og varsling av gassinnhald i råstofftankar Fortløpande vurdering av forbetring av luktreinsesystemet Endra prosedyre for varsling, vurdering og retting av luktsituasjonar ved koking i råstoff Utbetring av luftavtrekk for å sikre undertrykk i alle lagertankar Hyppig måling av ph Fortløpande vurdering av reduksjon i produksjonen under ugunstig vind på godversdagar i sommar Det vart opplyst at siste luktmåling vart gjennomført i 11. desember 2012. Målinga viste at meir lukt vert ført inn i reinseanlegget samanlikna med tidlegare, at reinsegraden er auka til 89 % og at samla utslepp er gått ned. Det er planlagt ny luktmåling i juli. Avvik 2: Rutiner for reinhald rundt lagertankar var mangelfulle. Avvik frå: Internkontrollforskrifta 5-7 om rutiner for å avdekke, rette opp og førebyggje regelbrot. Kommentarar: Ved tilsynet vart det observert søl rundt og under nokre lagertankar innafor ringmuren. Søl som ikkje vert fjerna raskt kan føre til luktulemper. 8. Merknader Vi har gitt følgjande merknad under inspeksjonen: Merknad 1: Handtering av klager på lukt og informasjon til naboar kan forbetrast. 4
Kommentarar: Hordafor AS har etablert system der naboar kan varsle om lukt på SMS. Dei får og klager på e-post. Verksemda følgjer opp klager fortløpande ved at dei reiser ut og luktar, kartlegg luktkjelder på verksemda, sett i verk tiltak for å rette eventuelle avvik, og gjev tilbakemelding til dei som klager. Klager vert registrert i eige skjema. Klageregistreret var ikkje oppdatert ved tilsynet, men oppdatert skjema er ettersendt. Det er tilrådd at klageloggen i større grad legg til rette for samanstilling av klager med vèrdata, driftslogg og kva tiltak som er gjort. Informasjon til naboar om lukt og gjennomførte tiltak for luktreduksjon vert gjort ved klager, men det er ikkje etablert system som nettportal eller liknande for informasjon til alle naboar. Vi tilrår at verksemda legg betre til rette for informasjon til naboar. I Miljødirektoratet sin rettleiar TA 3019/2013 om regulering av luktutslepp står det mellom anna: «God informasjon fra bedriften ved luktutslipp i nabolaget, der det også gis en begrunnelse for den konkrete lukthendelsen og eventuelle tiltak som iverksettes, er med på å bygge tillitt til naboer ved at de ser at bedriften vet kva den gjør og at den tar ansvar.» Vidare står det «For at bedriften skal lære av de aktivitetene som bidrar til gjenkjennbare plagsomme luktutslipp i omgivelsene, bør klagene registreres i driftsloggen med tid og lokalisering for luktutslippet. Klagene bør vurderes mot værdata og om driftsplanen er fulgt.» 9. Andre forhold Vurdering av lukt ved tilsynet Da gjeldande løyve vart gjeve var det lagt til grunn at verksemda ville føre til luktulemper i nærleiken. Luktulempene skal likevel ikkje vere større enn at naboane har eit akseptabelt utemiljø med omsyn på lukt. Ved tilsynet gjennomførte Fylkesmannens representantar synfaring av området langs vegen ned mot Steinavika omlag kl. 1030 og 1345. Vi var ute av bilen fleire plassar mellom sjøen og vegkrysset. Målet var å vurdere om lukta i dette området var innafor krava i løyvet. Det var sol, 14 grader C og frisk bris frå N-NV ved synfaringane. Det vart registrert produksjonslukt i området, men vi vurderte lukta ved synfaringa til å vere innafor krava i løyvet. Fylkesmannen varsla i brev i mai at vi vurderte å pålegge stans i produksjonen inntil drifta var i tråd med vilkåra i løyvet. Tilsynet gav ikkje grunnlag for gjennomføring av stans i produksjonen no. 5