Hjartdal kommune Møtedato: 05.04.2016 Møtestad: Legekontoret Møtetid: Kl. 18.00 20.00 Saksnr til og frå: 009/16-016/16 Møteprotokoll for Utval for levekår og kultur Møtet blei styrt av: Gro-Anita Særsland, leiar Medlemmene blei innkalla elektronisk og møtet vart kunngjort på heimesida. Medlemmer (Før evt. opp kven som er borte) Varamedlemmer Samtlege møtte Ingen Andre Ass. Rådmann Margit Karlsen-Rinde Einingsleiar Mona Gundersen Mona presenterte legekontoret og gav omvisning. Ingen merknad til innkalling. Underskrifter Vi stadfester at møteboka er i samsvar med det som blei vedteke på møtet. Trine Kahrs Olav Listul
Saksliste: Sak nr. Saktittel 009/16 GODKJENNING AV MØTEBOK 010/16 DELEGASJONSSAK 011/16 REFERATSAKER 012/16 ALKOHOLPOLITISKE RETNINGSLINJER 2016-2020 013/16 SØKNAD OM STØTTE TIL UNGDOMSARRANGEMENT - LOCO-LAN 014/16 UTVIKLINGSPLAN 2016 - OPPVEKST 015/16 FASTSETTING AV PROSENTSATS FOR KOMPENSASJON, KOMMUNALE AVGIFTER 2016 016/16 OPPRETTING AV DIALEKTPRIS I HJARTDAL KOMMUNE
009/16: GODKJENNING AV MØTEBOK RÅDMANNEN TILRÅR Møteboka frå møtet 19.01.16 blir godkjent slik ho ligg føre. LOK-009/16 VEDTAK: Møteboka frå møtet 19.01.16 blir godkjent slik ho ligg føre. 010/16: DELEGASJONSSAK Delegasjonssakene blir teke til orientering slik dei ligg føre. LOK-010/16 VEDTAK: Delegasjonssakene blir teke til orientering slik dei ligg føre. 011/16: REFERATSAKER Referatsakene blir teke til orientering slik dei ligg føre. LOK-011/16 VEDTAK: Referatsakene blir teke til orientering slik dei ligg føre.
012/16: ALKOHOLPOLITISKE RETNINGSLINJER 2016-2020 Alkoholpolitiske retningsliner 2016 2020 vedtakast slik dei ligg føre. Saksordførar: 16.03.2016 Kommunestyret HANDSAMING: Bengt Halvard Odden fremma følgjande forslag: Saka utsetjast til etter handsaming i utval for levekår og kultur. Utsettingsforslaget blei samrøystes vedteken. KOM-026/16 VEDTAK: Saka utsetjast til etter handsaming i utval for levekår og kultur. 04.04.2016 Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne Råder støtter Rådmannens forslag med unntak av pkt. 2 (om opning for sal ved andre plassar enn daglegvarebutikkar) og pkt. 4 (å tillate sal av alkohol på valdagar). RENF-007/16 UTTALE: Råder støtter Rådmannens forslag med unntak av pkt. 2 (om opning for sal ved andre plassar enn daglegvarebutikkar) og pkt. 4 (å tillate sal av alkohol på valdagar). Saksordførar: Gro-Anita Særsland HANDSAMING: Trine Lise Kahrs fremma følgjande endringsforslag til kap. 2 (løyver): Sals og skjenkeløyve er gyldig i 4 år og utløpar 30.06 året etter siste kommuneval. Det må da søkast på nytt. Olav Listul fremma forslag om å stryke føljande ny tekst under salsløyve: og andre verksemder som har omsetnad av matvarer. Gatekjøkken, bensinstasjonar og kioskar skal likevel ikkje ha salsløyve.
Nils Olav Hovde fremma føljande forslag knytta til salsløyve for andre verksemder enn daglegvarebutikkar som har omsetnad av matvarer: Opnes for sal av alkoholhaldige drikkevarer, gruppe 1, produsert i Hjartdal kommune på gardsutsal. Olav Listul fremma føljande forslag knytta til sal av alkohol på valdagar: Ikkje sal på valdagar som foreslått i revidert dokument. Olav Langåsdalen fremma føljande endringsforslag knytta til skjenketider: Skjenking kun til kl. 01:00 og ikkje til kl. 2:00 som foreslått. Trine Lise Kahrs sitt forslag blei sett opp mot rådmannen si tilråding. Kahrs sitt forslag blei samrøystes vedteke. Olav Listuls forslag ble sett opp mot Rådmannens forslag. Listul sitt forslag falt med 4 mot 3 stemmer. Nils Olav Hovde sitt forslag falt med 4 mot 3 stemmer. Olav Listuls sitt forslag blei sett opp mot rådmannen si tilråding. Listul sitt forslag blei samrøystes vedteke. Olav Langåsdalens forslag ble sett opp mot Rådmannens forslag. Rådmannens forslag falt med 5 mot 2 stemmer. Rådmannens forslag ble votert over med de endringsforslaga som er vedtatt. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. LOK-012/16 UTTALE: Alkoholpolitiske retningslinjer 2016-2020 vedtakast slik dei ligg føre med følgjande endringar: Kap 2, 1 avsnitt: Gjennomstreka tekst skal gjelde. Gul tekst utgår. Kap 3, sak: Gjennomstreka tekst knytt til valdag skal gjelde. Kap 3, skjenking: Sluttida for skjenking endrast frå kl. 02.00 til kl. 01.00. Saksordførar: Gro-Anita Særsland 013/16: SØKNAD OM STØTTE TIL UNGDOMSARRANGEMENT - LOCO-LAN Søknad frå Bård Skeie om kr 10.000 i støtte til innkjøp av prosjektor og lerret i samband med Loco-LAN 2016 imøtekomast med kr 1.500 til innkjøp av lerret. Konto 1.4700.210.3850 nyttast.
LOK-013/16 VEDTAK: Søknad frå Bård Skeie om kr 10.000 i støtte til innkjøp av prosjektor og lerret i samband med Loco-LAN 2016 imøtekomast med kr 1.500 til innkjøp av lerret. Konto 1.4700.210.3850 nyttast. 014/16: UTVIKLINGSPLAN 2016 - OPPVEKST Utval for Levekår og kultur tek Utviklingsplan for oppvekst 2016 til etterretning slik den ligg føre. LOK-014/16 VEDTAK: Utviklingsplan for oppvekst 2016 til etterretning slik den ligg føre. 015/16: FASTSETTING AV PROSENTSATS FOR KOMPENSASJON, KOMMUNALE AVGIFTER 2016 Tilskotsramme for kompensasjon for kommunale avgifter setjast for 2016 til % av totale kommunale avgifter for dei omsøkte objekta. HANDSAMING: Rachel Innvær fremma føljande forslag: Tilskottsramme for kompensasjon for kommunale avgifter setjast for 2016 til 100 % av totale kommunale avgifter for dei omsøkte objekta. Rachel Innvær sitt forslag var samrøystes vedteke. LOK-015/16 VEDTAK:
Tilskottsramme for kompensasjon for kommunale avgifter setjast for 2016 til 100 % av totale kommunale avgifter for dei omsøkte objekta. 016/16: OPPRETTING AV DIALEKTPRIS I HJARTDAL KOMMUNE 1. Utval for Levekår og kultur vedtek å opprette ein dialektpris i Hjartdal kommune. 2. Rådmannen blir beden om å kome tilbake med forslag til statuttar/retningsliner. 04.04.2016 Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne Nynorsk og den lokale dialekten er viktig å bevare. Ein dialektpris kan bidra til auka bruk av lokal dialekt. Rådet støtter forslaget. RENF-008/16 TILRÅDING: 1. Utval for Levekår og kultur vedtek å opprette ein dialektpris i Hjartdal kommune. 2. Rådmannen blir beden om å kome tilbake med forslag til statuttar/retningsliner. LOK-016/16 VEDTAK: 1. Utval for Levekår og kultur vedtek å opprette ein dialektpris i Hjartdal kommune. 2. Rådmannen blir beden om å kome tilbake med forslag til statuttar/retningsliner.