Men det er du som først og fremst må ta tak i dette. Du må ha vilje til å jobba med deg sjølv for å koma vidare i utviklinga di.

Like dokumenter
ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

ORDENSREGLAR FOR HEMSEDAL BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Vedteken av kommunestyret i Samnanger i sak 54/13 den Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger

Reglar for orden og oppførsel. Gol skule

Ordensreglement for Høyland skule

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

ORDENSREGLEMENT. Ordensreglement for Tryggheim Strand

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE

ORDENSREGLEMENT FOR KAUPANGER SKULE

Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulane i Flora kommune (Revidert etter høyring i brukargruppene)

Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulane i Flora kommune

TOKKE SKULE - Orden - og samspelsreglar på Tokke skule

Foreldremøte 19. september 2018

Ordensreglementet er ei forskrift, jf Opplæringslova 2-9 og 3-8 og Forvaltningslova 2.

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

Forskrift om reglement for orden og åtferd ved skulane i Herøy kommune

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

LÆRING FOR LIVET Ordensreglane i Bergen kommune, Salhus skule:

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Elevundersøkinga 2016

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

Forskrift om ordensreglar for skulane i Voss herad. Vedteken

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Ordensreglement for. Nærbø ungdomsskule

Forskrift om ordensreglement for skulane i Austevoll

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

FORSKRIFT OM ORDEN OG ÅTFERD I GRUNNSKOLEN. Aukra kommune

Ordensreglement for Andebu ungdomsskole - Regler for orden og oppførsel - Vedtatt av Samarbeidsutvalget

FELLES ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I NORDDAL

Rogaland fylkeskommune

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR SKOLENE I SKAUN KOMMUNE

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Sirdal kommune Skuleeininga

Kunngjort 9. juni 2017 kl PDF-versjon 9. juni Lov om endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø)

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Plan for sosial kompetanse Vasshus skule og barnehage

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULANE I FØRDE OG SFO I FØRDE

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

ORDENSREGLAR FOR TONNING SKULE

Plan for sosial kompetanse Vasshus skule og barnehage

L nr. 61 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Barnerettane i SKULEN

Heilt einig. Litt einig

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

«Positiv atferd, støttende læringsmiljø og samhandling»

Innhald. Forskrift for ordens- og åtferdsreglement for grunnskulen i Etne kommune.

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Forskrift om ordensreglar for skulane i. Voss kommune

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Forskrift om ordensreglar for Granvin barne- og ungdomsskule Vedtekne i SU 13. september 2017

LOKAL FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I SEL OG SEL VAKSENOPPLÆRING. VEDTEKE..

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

ORDENS- REGLEMENT BØ SKULE

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR VED FYLKESKOMMUNALE VIDAREGÅANDE SKOLAR I MØRE OG ROMSDAL

I NNKALLING MED SAKSUTGREIING

Orden og Trivsel på Knappskog skule

Årdal kommune Farnes skule

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Skulereglement for Sogn Jord- og Hagebruksskule

NOTAT. Forslag til felles forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Kvam. Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Kvam herad

ORDENSREGLEMENT FOR FOLLDAL SKOLE:

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Forskrift om ordensreglement for kommunale grunnskular i Bergen Garnes skule

Forskrift om ordensreglement for skolene i Tysfjord kommune

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

Forskrift om reglement for orden og åtferd

ORDENSREGLEMENT FOR ORRE SKULE

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

Transkript:

Vats skule Visjonen vår: Me som arbeider på Vats skule vil at opplæringa vår skal ha som mål å gi elevane gode kunnskapar både sosialt og fagleg. Fagleg ved å leggja stor vekt på læring gjennom ulike innfallsvinklar, klare mål og kontrollar på om måla blir nådd. Sosialt gjennom samarbeid og leik, men og gjennom klare grenser og forståing for korleis ein skal forholda seg til kvarandre. Me vil setja høge krav til eleven, eleven si læring og læraren si rolle og søkja å tilpassa opplæringa best mogeleg til eleven sitt nivå. Elevane våre skal oppleva fagleg meistring og sosial framgong. Me vil arbeida for gode samarbeidsrelasjonar mellom skulen sine tilsette, dei føresette og elevane. Dette vil me gjera gjennom skuleutvikling og samarbeid. Me ser det og som viktig å stimulera til at elevane utviklar god helse, god fysikk og glede over å vera ute i naturen. Dette vil me gjera ved å bruka skulen sitt uteområde og nærmiljøet aktivt. Til eleven: Alle tilsette på skulen, og dine føresette, bryr seg om deg og vil ditt beste. Me veit at trivsel er grunnlag for all læring. Det er skulen si oppgåve å sikra at alle elevar skal føla seg trygge og trivast. Det er skulen si oppgåve å leggja til rette for at du får utvikla deg fagleg og sosialt. Men det er du som først og fremst må ta tak i dette. Du må ha vilje til å jobba med deg sjølv for å koma vidare i utviklinga di. Lærarar og føresette krev at du gjer ditt beste for å utvikla deg fagleg. Lærarar og dine føresette vil samarbeida om tilrettelegginga for deg. Lærarane vil gi deg faglege mål som du skal kunna strekka deg etter. Dei vil gjera kva dei kan for å tilpassa desse måla slik at du får oppleva meistring. Du skal aldri vera i tvil om kva læraren ynskjer du skal læra. Lærarar og føresette krev at du gjer ditt beste for å utvikla deg sosialt. Det er strengt forbode å plaga andre på skulen eller skulevegen. Gjer du det får dine føresette alltid beskjed, og me vil følgja det opp til det tek slutt. Ufin åtferd blir aldri akseptert her på skulen. Lærarane vil forklara deg kva skulen meiner med orda plaga andre, ufin åtferd og å gjera sitt beste slik at du aldri skal vera i tvil om kva krav me set til deg sosialt, og kva du må jobba med. Klassereglane har sosiale mål som du skal følgja. Kvar elev som treng det vil få eigne sosiale mål å arbeida mot. Du skal bry deg ikkje visa likesæle om du trur at nokon ikkje har det godt. Slik bryr du deg: Gi beskjed om du ser nokon som ikkje har det bra til lærar, føresette eller rektor Gi beskjed om du ikkje trivst med noko til lærar, føresette eller rektor Kom med framlegg til forbetringar til elevråd eller elevrådslærar. Snakk med heimen din om korleis du har det på skulen. Du vil få vera med og utforma reglane for klassen og må følgja reglane som gjeld på skulen. Reglane heng i klasserommet. Du skal gjera deg kjend med reglane og følgja desse. Rektor, Lærarar, Elevråd, klassemøte, samarbeidsutval.

Ordensreglement Vindafjordskulen 1. Lovheimel 1.1 Opplæringslova, 2-9: Kommunen skal gi forskrifter om ordensreglement for den enkelte grunnskolen. Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om åtferd, reglar om kva tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet og reglar om framgangsmåten når slike saker skal behandlast. Kommunestyret har delegert vedtaksretten i 2-9 til rådmannen, som har delegert vidare til rektor ved skulen. 1.2 Opplæringslova 9a-1: Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykologisk miljø som fremjar helse, trivsel og læring 2. Verkeområde Ordensreglementet gjeld i skuletida, på skulevegen og ved tilstellingar under leiing av skulen. Punkt 1-7 gjeld for alle skulane i Vindafjord. Den einskilde skulen kan i tillegg ha utfyllande reglar, tilpassa lokale tilhøve. Dette har punkt nr. 8. 3. Åtferd Alle skal visa omsyn og respekt for andre, slik at ein ikkje skadar, sårar eller er til plage for medelevar eller vaksne på skulen. 4. Undervisningssituasjonen Det skal vera ro og orden i samband med opplæringa. Elevar skal møta førebudde, vera punktlege, visa god arbeidsinnsats, ha med nødvendige læremiddel og følgja opp avtalt arbeid. 5. Eigedom Alle har rett til å ha tinga sine i fred. Skade på skulen sin eigedom kan måtta reparerast eller erstattast. 6. Konsekvensar ved brot på ordensreglementet 1. Irettesetjing 2. Samtale med elev og foreldre / føresette.melding heim, skriftleg eller munnleg. Eleven skal vera orientert når merknad blir sett. 3. Nedsett ordens/åtferdskarakter 5. Eleven får i ein periode avgrensa rettar på skulen. 6. Utvising frå skulen etter gjeldande reglar. Jmfr. Opplæringslova 2-10 7. Vurdering i orden og åtferd Vurdering i orden og åtferd er ein del av undervegsvurderinga. Det skal givast halvårsvurdering utan karakter i orden og åtferd i heile opplæringsløpet. I ungdomsskulen blir det i tillegg sett karakter i orden og åtferd, jmfr. Forskrift til Opplæringslova 3-5. Kriteria for dei ulike karakterane er sette slik her i kommunen: Orden Karakteren god : Ein elev som utan kommentar får denne karakteren, har få brot på ordensreglane, viser god arbeidsinnsats og kjem førebudd og presis til timane. Karakteren nokså god : Ein elev som får denne karakteren har fleire ulike brot på ordensreglane eller stadig gjentekne like brot eller dårleg arbeidsinnsats eller ofte for seint til timane eller for seint eller ikkje levert arbeid. Karakteren lite god : Karakteren blir gitt dersom det er ein elev som har gjentekne brot på ordensreglementet, leverer sjeldan, har ulovleg fråvær. Det er då snakk om merknader mest kvar veke. Åtferd Karakteren god : Karakteren blir gitt til elevar som viser ei normal grei åtferd mot medelevar og vaksne. Karakteren nokså god : Denne karakteren kan ein elev få dersom han har to eller fleire alvorlege episodar mot medelev eller lærar eller generell dårleg åtferd mot medelev (erting, kommentarar, tydeleg negativ kroppsspråk) eller generell dårleg åtferd mot vaksne på skulen (frekke kommentarar, negativt kroppsspråk, uro i timar, nekting). Karakteren lite god : Denne karakteren blir gitt dersom det er ein elev som generelt viser liten vilje til å visa normal åtferd, ikkje rettar seg etter påtale og som treng påminning om rett åtferd mest kvar veke.

Ordensreglement for Vats skule Konsekvens ved brot på Vats skule sine reglar Reglane for orden og åtferd er i tillegg ordensreglementet nedfelt i skriva Fellesreglar, klassereglar utereglar og i Handlingsplan mot krenkjande åtferd Desse reglane gjeld for handtering av regelbrot Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling skal aldri nyttast. Før det blir teke avgjerd om konsekvens skal eleven ha hatt høve til å uttala seg. Reglane ved krenkjande åtferd er nedfelt i punkt 9 i denne planen. Ved brot på fellesreglar, klassereglar og utereglar: Hovudregel: Den som oppdagar brotet snakkar med eleven og gir åtvaring. Den som oppdagar regelbrotet gjev og beskjed til kontaktlærar. Ved gjentekne brot blir situasjonen avklart og kontaktlærar tek kontakt med heimen. Rektor bli informert. Unntak 1: ved brot på regelen om snøballkasting skal rektor kontaktast. Ved gjentekne brot på denne regelen skal rektor snakka med eleven og ta kontakt med heimen. Unntak 2: ved grove brot på reglane vil det vera naturleg å ta direkte kontakt med heimen og varsla rektor straks brotet skjer. Elevar kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar eller for resten av dagen. Rektor vedtek bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Før det blir gjort vedtak, skal ein ha vurdert å nytta andre hjelpe- og eller refsingstiltak. Føresette skal varslast før det blir sett i verk bortvising for resten av dagen.

Fellesreglar i klassane for orden og åtferd Gå på wc i timane: Utgangspunkt: Me ønskjer ein praksis der elevane tilstreber å gå på wc i friminutta. Sukkerhaldige drikkevarer, kjeks og kaker til nistematen: Regel: ikkje tillate: me er ein snopefri skule. Me har utgangspunkt i næringsråda frå staten. Me oppfordrar føresette til å følgja reglane, og tek saka opp på 1. foreldremøte til hausten i alle klassar. Mat på turar: Utgangspunkt: snopefri skule. Regel: Det blir avtalt kva som er tillate å ta med. Mat for høgtider, festar og spesielle anledningar: Utgangspunkt: snopefri skule. Regel: Det blir avtalt når det er lov å ha med kaker og kjeks. Åtferd i gangane: Regel: ein skal gå ikkje hinka eller springa. All ferdsel i gangen utanfor lærar og administrasjon skal skje saman med lærar. Elevar som skal til gymsal åleine skal gå via uteområdet. Orden i garderobe og gang: Regel: heng alltid tøyet/utstyret ditt på plass. Sko skal stå på benken. Henting av mjølk og frukt Regel: berre ordenselevar skal henta dette. Ordenseleven skal vaska hendene først. Åtferd i biblioteket Regel: Kontaktlærar skal kursa elevane å setja bøker på rett plass. Elevar skal ha eit visst tilsyn når dei oppheld seg i biblioteket. Reinsemd og smitte Regel: elevane må vaskar hendene før mat, og kvar gong etter besøk på wc. Ved utbrot av epidemiar er det eigne reglar. Mikrobølgjeomn Regel: Berre elevar i 7. klasse får tilgang til mikrobølgjeomn i storefri. Omnen skal stå i klasserommet. Utereglar Regel: Gjennomgang med elevane kvar gong det kjem ny versjon av utrereglane til kontaktlærar. Nye reglar skal hengast opp etter gjennomgang. Inn til time etter friminutt Regel: Gå stille bort til eigen pult utan å snakka vera klar til å ta imot beskjed. Er det knuffing medan elevane går inn skal ein trena på dette til alle klarer det kvar gong. Skuleområdet Regel: me har eit klart definert skuleområde. Elevar kan berre gå utanfor skuleområdet i friminutt om dei er i lag med lærar/assistent. Gymtøy og konsekvens ved gløyming Regel: Elevane startar å byta til gymtøy før jul i 3. klasse. Elevar som gløymer tøy skal nytta tøy frå utlånskassen. Elevar som ikkje har gym skal sitja på scena inne eller sjå på om ein er ute. Dusjing Regel: etter jul i 3. klasse skal ein dusja etter gymtimar. Elevar som ikkje skal dusja må ha melding med seg frå dei føresette. Me skal sjå til det blir dusja, om me har mistanke om at det ikkje skjer.

Mat med ut Regel: elevar skal ikkje ha med mjølk eller yoghurt med ut i friminuttet. Mjølkekartongar Regel: kartongar skal skyljast, brettast og stappast før dei vert kasta. Bussreis frå skulen Regel: Elevane skal stå oppstilt på tilvist plass og venta til bussen har parkert. Ved teikn frå sjåfør skal ein gå roleg til bussen. Ryggsekken skal ikkje vera på ryggen eller i setet på sida av, sele skal vera på. Sit i setet til bussen har stoppa. Sjåførar skal kjenna til reglane våre. Åtferd på bussane Regel: Vats skule sine reglar for god og høfleg framferd gjeld og på bussen. Ein skal etterkomma beskjedar frå sjåfør. Sko inne: Regel: det er ikkje tillate å gå med utesko i skofri sone. Elektroniske hjelpemiddel Regel: Det er ikkje tillate å ha mobiltelefon/mp3-spelar og elektroniske spel på i skuletida. Snøballkasting Regel: Det er ikkje lov å laga eller kasta snøball på skulen sitt område Om å nytta skulen sin telefon Regel: Elevar får nytta skulen sin telefon om dei har behov for å gi viktige opplysningar til heimen. Avklaring om å få følgja medelevar heim etter skuletid kjem ikkje inn under dette. Slike avklaringar skal gjerast før elevane kjem på skulen. Orden på fellesrom Regel: Elevar som nyttar felles grupperom skal rydda etter seg før dei går. Lærar skal alltid sjekka at rommet er i orden etter at elevar har vore der, og evt. sørga for at dei ryddar. Ein skal alltid: plukka opp frå golvet, setja på plass stolane, kosta bort viskelær frå pultplata. rommet skal sjå ryddig og ordentleg ut når ein går. Klassereglar Vats skule Klassereglane blir utforma i dialog mellom kontaktlærar og elevane. Utgangspunkt for samtalen er fellesreglane, men reglane skal utformast etter behovet klassen har. Klassereglane skal henga på veggen i klasserommet. Døme: Me skal rekkja opp handa når me skal seia noko. Alle skal får vera med på leiken i

Utereglar Vats skule Utreglane blir endra etter behov pass på å ha rett versjon hengane oppe. Syklane Berre for 1.-2.klasse. Dei skal berre brukast på asfalten. Skuleområdet 1.-4.kl skal vera på småskulesida, 5.-7.kl skal vera på framsida. Grusbana er open for alle. Kunstgrasbana skal berre nyttast i gymtimane. 7.klassingar som er saman med fadderbarnet, kan gå på småskulesida, og går til sitt område når leiken er over. Ingen elevar skal opphalda seg eller bruka nedsida av skulen (mot Randi sitt hus). Busskuret Busskuret skal ikkje nyttast i friminutta. Ballbingen Kvar dag: Fram til kl. 1100: 1. 4. klasse Få 1100 og ut dagen: 5. 7. klasse Snurrepinnar Berre for 1. -4. klasse Snøballkasting Det er totalforbod mot all form for snøballkasting på Vats skule. ALLE REGELBRUDD FØRER TIL: SAMTALE MELLOM «OPPDAGAR» OG ELEV/ELEVAR VED GJENTATTE BRUDD: SAMTALE MELLOM KONTAKTLÆRAR OG ELEV, OG SAMTALE MED FORELDRE. VED ALVORLEGE BRUDD/GJENTATTE ALVORLEGE BRUDD: SAMTALE MED REKTOR REKTOR SNAKKAR MED FORELDRE LÆRAR/REKTOR KAN KALLA ELEV OG FORELDRE INN TIL MØTE.