Det skjer i Suldal. 23. mai til 6. oktober 2012. www.skattkammeretsuldal.no



Like dokumenter
Det skjer i Suldal. 1. juni til 1. oktober

Det skjer i Suldal. 20. juni til 3. oktober Du kan kjøpa billettar til arrangement på Kulturhuset på

Det skjer i Suldal. 22. juni - 5. oktober

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Det skjer i Suldal. 10. juni til 5. oktober

MEDLEMSINFO. august 2009

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Mandag 20/06. Søndag 26/06. Tirsdag 21/06. Lørdag 25/06. Onsdag 22/06. Fredag 24/06. Torsdag 23/06

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Det skjer i Suldal. 26. januar til 22. juni

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Månedsbrev april 2015

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Til deg som bur i fosterheim år

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Det skjer i Suldal. 26. januar 2012 til 16. juni

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

august 2013 NESETDAGANE.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Sandeid skule SFO Årsplan

Onsdag 10. august 18:30-20:30 Fleirbrukshallen ÅIL: Fotball (frå 16 år)

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Velkommen til songarstemne i Florø!

Månadsbrev for ROSA mars 2015

mmm...med SMAK på timeplanen

Korleis reiser du som er elev eller pendlar mellom Suldal og Sauda? Kollektivtransport til Sand på skuledagar

Månadsplan for Hare November

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Sommartur til Sverige,

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

6. trinn. Veke 24 Navn:

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Juvet Landskapshotell

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Egil Christophersen til minne.

Informasjon Mangerfestivalen

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Hei alle sjøstjerneforeldre

INFORMASJON om førestellinga:

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Det skjer i Suldal. 20. september 2011 til 15. januar

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Til deg som brukar: Her kjem Fritidskalendaren for juni 2007 i Lindås. Me vonar du har lyst å delta på dei aktivitetane me har sett opp.

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Velkomen som konfirmant!

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN


EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Det skjer i Suldal. 17. september til 16. desember

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Velkomen som konfirmant

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

Det skjer i Suldal. 18. januar til 5. juni

UNG I RADØY SOMMARCAMP FOR UNGDOM 2017

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Brukarundersøking Bibliotek. Resultat

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Transkript:

Det skjer i Suldal 23. mai til 6. oktober 2012 Du kan kjøpa billettar til arrangement på kulturhuset på www.suldal.kulturhus.no www.skattkammeretsuldal.no

Foto: Esther Moe, Suldalsposten Kultursommar Her kjem kulturkalenderen for sommaren. Det er den andre kulturkalenderen i år, og enda kjem det ein til hausten. Slik har dei kome i årevis, kulturkalendrane for Suldal. Med omfangsrikt og breitt program. Vi tykkjer det er gildt. I forhold til folketalet i kommunen er det stor deltaking på mye av det som går føre seg. Vi tykkjer det legg verdi til kommunen og gjer Suldal til ein gild stad å bu. Kva verdi kulturtilbodet i kommunane har er for tida gjenstand for debatt. Noen meiner ein overvurderer verdien kulturtilbodet har for bulyst og reiseliv. Andre vil gjerne bruke kulturen som instrument for å fremje politiske mål for andre sektorar, som t.d. samferdslesektoren. Eg trur det går an å halde seg med det synet at kultur både har eigenverdi og kan gi bidrag til å fremja andre gode formål. Når Ryfylkemuseet legg stor vekt på sommarprogrammet handlar det både om å tilby kunnskap og opplevingar til folk flest og om å tilby attraksjonar til reiselivet. Det er ei utruleg breidde i det som er omtala i denne kalenderen. Lokale og regionale lag, privatfolk, bedrifter, distriktsmusikarar, organisasjonar, kulturhus og museum tilbyr både tradisjonelle og nyskapande arrangement i bygdesentra, kommunesenteret, høgt til fjells og utafor allfarveg. Vi kan krysse av og skrive opp i kalenderen, anten han er på papir eller i det digitale univers, men vi kan ikkje få med oss alt. Og det er sjølvsagt uråd å komma med truverdige råd. Likevel, vi falt for ideen om å ta venterommet på Ropeidkaien i bruk for scenekunst. Det er våre eigne, unge kunstnarar, saman med noen andre, som gjer det, og som vil utforske omgrepet tid og det å vente. Kanskje det peikar framover, mot ei ikkje altfor fjern framtid der det snart ikkje er noe som helst å vente på på Ropeid? Når eg har sjansen kan eg sjølvsagt ikkje unnlate å minne om Ryfylkedagane der det attåt marknadsleven i Gata er Internasjonal kafe og bluegrasskveld på museet og dans og opning av sommarutstilling på Kulturhuset. Litt lenger ut i juni startar sommarsesongen på museet med faste opningstider på Sand, Kolbeinstveit, Jelsa, Røynevarden, Håland og Li. Nytt av året er separatutstilling med Erling Nesse på Kolbeinstveit. Men same kva ein vel å gå på, så er noe av det viktigaste med å gå at ein møter andre. I ei verd der den nye teknologien kan komma til å gjera oss framande for kvarandre, er det viktigare enn noen gong at vi har stader og møtast. Vel møtt! (Legg att mobilen heime.) Roy Høibo Direktør, Ryfylkemuseet 2

Onsdag 23. mai kl. 18.30 Møteplass OslE, Suldalsosen Vandring på gamle Osen Los: Kolbein Bakka Arr.: Suldal Sogelag Tysdag 29. mai kl. 19.30 Kulturhuset Gunnar Stålsett Fred og Forsoning Foredrag Pris: Vaksne kr. 150,- Barn kr. 75,- Honnør over 67 år kr. 75,- Arr.: Kulturhuset i Suldal i samarbeid med Folkeakademiet Torsdag 31. mai kl. 19.30 Kulturhuset Klassisk tangokonsert Suldal Kammerorkester med elevar frå Kulturskulen. Distriktsmusikarane i Ryfylke: Xenia Berkova fiolin og Erlend Jordal fløyte I samarbeid med MIRO ensemble frå Haugesund, Marina Johansson piano, Tobias Tellmann - cello, Suldal Kammerorkester og med dansarar frå Kulturskulen. Det blir heftig tango av Astor Piazzolla med solist Boris Lenko. Velkommen! Pris: Vaksne kr. 200,- Honnør o. 67 år/barn kr. 100,- Arr.: Kulturhuset i Suldal MAI - juni 1. - 3. juni Ryfylkedagane Ryfylke sin eldste festival går av stabelen 1. til 3. juni for 29. gong. Målet for Ryfylkedagane er å setja Suldal på kartet ved å visa fram små og store skattar som Suldal har i form av kulturmangfald og opplevingar i form av m.a. song, dans og utstilling. Årets sommarutstilling opnar på kulturhuset og utstillaren denne gong er Kjellaug Hatlen Lunde. Laurdag 2. juni vil det bli ein folkefest og ein familiær marknadsdag med lokale og tilreisande utstillarar, underhaldning og dristige aktivitetar i Sand sentrum. Marknadsdagen kan tilby kjekke salsboder, ulike stand og anna underhaldning både på scena og i gatebiletet. Søndag 3. juni blir det organisert fjelltur til Hellandsnuten. Startar frå Joagarden parkeringsplass. Ta med niste, drikke, turklede og gode sko. Arr. Sand I.L. trimgruppa ved Steffen Ellingsen: 944 98 833. Fjelltrim for trente turgåarar/nutfantar til Vatndalsnuten, 1000 m.o.h i Vinjarnutheia. 6-8 timars tur. Start frå Kolbeinstveit. Ta med eigen mat, drikke, sko og klede etter vêret. Turen går over til Vålskår. Arr. Suldal I.L. turgruppa ved Tor Inge Bråtveit tel: 922 21 249. Følg oss på www.suldal-turistkontor.no og Facebook. 3

Ryfylkedagane Fredag 1. juni kl. 18.00 Nesasjøhuset, Sand Internasjonal kafé Sal av internasjonal mat Gratis inngang Fredag 1. juni kl. 20.00 Kulturhuset Festivalshow Dansarar frå STAS, kulturskulen og gjester utfaldar seg i eit forrykande, glitrande, svingande, sensuelt, vakkert, rytmisk og morosamt danseshow med høge beinspark og glimt i auga. Billettpris: Vaksne kr. 100,- Honnør o. 67 år/barn kr. 50,- Familie kr. 200,- Arr.: STAS/Suldal Kulturskule juni Fredag 1. juni Stor Internasjonal kafe Festivalshow med små og store, musikk og dans Butikkane har ope til kl. 18.00 Tivoli ved Rimi for born Open pub på Heidrun og restaurant på Ryfylke Fjordhotel Laurdag 2. juni Suldalsstemne med suldalskorpsa Butikkane opnar kl. 10.00. Opning av marknadsdagen med korps-konsert Underhaldning av Klovnen Knut; Møt gjøglaren, trollet og lirekassemannen Grilling på Ryfylke Fjordhotel kl. 12.00. Kreativ dans på scena ved STAS sine eigne dansarar Waterball i båthavna - gratis, frå kl. 11.00. Frå 5 år og oppover. Te-dans og dans med Geir Halleland som spelar på Heidrun Kro 16 meter Challengerløype. Tek du utfordringa? Gratis. Opning av Sommarutstillinga på kulturhuset av Kjellaug Hatlen Lunde Turar med Brødrene af Sand. Andaløpet av Suldal Røde Kors. Bli den heldige vinnar av 25.000,- om du kan bruka dei på to timar. Premiering av beste tid på Waterball og andre konkurransar. Butikkane stenger kl. 17.00. Sjantikonsert på Hydrokaien v/håkon Vatle Konsert med bluegrassbandet EarlyBird Stringband med servering på Ryfylkemuseet Tivoli ved Rimi for born Grilling, sal av bakt potet, Thaimat, smultringar, kaker, lefsebaking for barn, kinning av smør. Boder, stands og demonstrasjonar for store og små. 4 Waterball i båthavna.

1. 3. juni 2012 Laurdag 2. juni kl. 13.00 Kulturhuset Opning av Sommarutstillinga 2012 Utstillar i år er Kjellaug Hatlen Lunde frå Suldalsosen, no busett i Lofoten, i nærleiken av Stamsund. Ho presenterer ei fargerik biletutstilling der kontrasten mellom det tunge og det lette er sentral. Medan du ventar på denne utstillinga, kan du sjå meir av hennar arbeid på www.lyspunkt777.com - Utstillinga er open i kulturhuset si opningstid heile sommaren Arr.: Kulturhuset i Suldal i samarbeid med Suldal Kunstlag Laurdag 2. juni kl. 20.00 Nesasjøhuset, Sand Konsert med Earlybird Stringband Earlybird Stringband fann kvarandre i 2006 med ein felles lidenskap for bluegrass, fisking, jogging, gourmet-øl og jamming til langt på natt. Dei har målbunde hip-hop-hovuda på Hovefestivalen og tatt rockepublikumet i Tromsø på senga med sin unike blanding av bluegrass, folkemusikk, trestemt lasersong og instrumentalimprovisasjon. Dei er eit glimrande liveband som har gitt ut to album som begge blei nominert til spellemannsprisen og mottok strålande aviskritikkar: Det låter nært, autentisk og med smittebærende spilleglede (VG). Under Risør Bluegrassfestival i 2009 og 2010 vart dei kåra til publikumsfavorittar. Ikkje usannsynleg blir dei også publikumsfavorittar under Ryfylkedagane. Inngang for konsert: kr. 150,-/100,- (student/honnør). Kulp syter for sal av nydeleg Ryfylketapas og drikke. Førehandsbestilling av konsertbillettar og mat på tlf. 52792950. /Kulp juni Søndag 3. juni Gudsteneste i Sand kyrkje 50 års konfirmantar er spesielt invitert. Laurdag 2. og søndag 3. juni kl. 08.30-15.30 Nesasjøhuset Open turistinformasjon og museum med utstillingane Kvitebjørnen og Det gode liv. Løland kafé og museumsbutikk. 5

Laurdag 9. juni kl. 10.00-17.00 Mokleiv i Suldal Pilegrimsvandring og middag. Påmelding: pilegrimsvandring@mokleiv.no Helga 9. - 10. juni Suldalsvatnet, Nesflaten ved Øvre Suldal Samf.hus Storaurefestival 9. juni, kl. 16.00 registrering 10. juni, kl. 10.30 innveging av fangst. Pris: Vaksne: kr. 100,- Born u/16 år: kr. 50,- Premie for alle t.o.m. 12 år Sjå www.suldalsvatnet.no Arr.: Suldalsvatnet grunneigarlag SA Søndag 10. juni kl. 12.00 Øvre Suldal Samfunnshus, Nesflaten Grilldag Sal av grillmat, underhaldning for store og små. Desse artistane kjem: Unni Boksasp- Folkesongar som har vunne landskapsleiken, det gjer ein berre om ein er skikkeleg god Ottar Kåsa, Spelamenn i frå Arabygdi i Vinje. Kjem du? Arr.: Nesflaten Ungdomslag juni Onsdag 13. juni kl. 11.30 Kulturhuset Lunsjkonsert med Erlend Jordal fløyte og Torgeir Kinne Solsvik piano. Gratis inngang. Arr.: Distriktsmusikarane Helga 15.- 17. juni Sommartur i Øvre Suldal Påmelding. Sjå www.stavanger-turistforening.no Arr.: Stavanger Turistforening Helga 15.- 17. juni Dugnadshelg til Bleskestadmoen Påmelding. Sjå www.stavanger-turistforening.no Arr.: Stavanger Turistforening. Laurdag 16. juni kl.12.00 Start og mål på Eide, Sand Utlevering av startnummer frå kl. 09.00 Kraftrittet 50 km i Suldalsdalføret. Kupert på noko asfalt, noko grusveg, ein del dårleg kjerreveg, litt gjørmete sti, ei bratt utforkjøring i terrenget, samt eit løypeparti som kan minne om Stoltzekleiva opp. Dette var enkelt og greit den hardeste og morsomste løypa jeg har kjørt på terrengsykkel, kommentar frå Stanley Tislavold, erfaren sykkelryttar. Sjå www.kraftrittet.no Arr.: Suldal Sykkelklubb 6

Laurdag 16. juni kl. 11.00-17.00 Kolbeinstveit Sesongopning Sommarope alle dagar kl. 11-17 fram til 12. august. Gardstun med vertskap og dyr. Sal av lunsjtallerken og kaffimat. Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis Laurdag 16. juni kl. 13.00 Kolbeinstveit Hjarte for gjenbruk - utstillingsopning Gjenbruksmateriell og symaskin som verktøy er utgangspunkt for leik med form og farge i både bruksform og bildeuttrykk. Utgåtte lubbar, slitne åkle, broderi og gamle dukar får nytt liv i produkt som til dømes LatteLubbar, ipadtøflar og Bære- Nett. Elles vil ein finna LyspæreEnglar, kort og små posar med kvardagsmagi i årets sommarutstilling i løa på Kolbeinstveit. Opning ved kunstnar Erling Nesse. Øystein Haga spelar ocarin. Gratis inngang. Laurdag 16. juni kl. 12.00-17.00 Jelsa Omvising Skulemuseet og Jelsa kyrkje Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis. juni Søndag 17. juni kl. 11.00-17.00 Li-tunet Sesongstart på det unike tunet, høgt oppe i lia på sørsida av Hylsfjorden. Ope for omvising tysdag til søndag kl. 11.00-17.00 fram til 5. august. Servering av kaffi og vaflar. Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis. Onsdag 20. juni kl. 12.00-16.00 Husmannsplasset Røynevarden Omvising Røynevarden Inngang: Vaksne kr 50,- barn gratis Fredag 22. juni kl. 12.00-17.00 Erfjord Omvising på Håland Stovehuset, Målarbua og Homannsbuå Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis 7

Jonsoktider Det blir neverriving i Suldal rundt jonsok, når bjørka svar. Interesserte kan melda seg til Grete Holmboe, tel. 52 79 29 60 for nærmare avtale. Laurdag 23. juni kl. 12.00-17.00 Jelsa Omvising Skulemuseet og Jelsa kyrkje Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis. Søndag 24. juni, Fattnes, Vanvik Fattnesnuten Rundt for 28. gong. Flott tur rundt Nuten. 11 km. Trim og konkurranseklasse. Start trimmarar kl.12.00 13.00. Konkurranseklassen start kl. 14.00 Start/mål i Fattnes. Arr.: Hylsfjorden Idrettslag juni Helga 25.- 28. juni Friluftsleiren på Sandsa Påmelding. Sjå www.stavanger-turistforening.no Arr.: Stavanger Turistforening Tysdag 26. juni kl. 17.00 Oppmøteplass krambua i Hålandsosen Gamlevegen frå Natlandsvatnet til Håland Besøk på kraftverket i Hålandsdalen Los: Tor Olav Følgjesvold Arr.: Suldal Sogelag Onsdag 27. juni kl. 12.00-16.00 Husmannsplasset Røynevarden Omvising Røynevarden Inngang: Vaksne kr 50,- barn gratis Fredag 29. juni kl. 12.00-17.00 Erfjord Omvising på Håland Stovehuset, Målarbua og Homannsbuå Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis Laurdag 30. juni kl. 11.00-17.00 Kolbeinstveit Familiedag Aktivitetar for store og små. Sal av mat. Inngang: Vaksne kr 50,- barn gratis 8

Laurdag 30. juni kl. 12.00-17.00 Jelsa Omvising Skulemuseet og Jelsa kyrkje Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis. Veka 2. - 7. juli Familieleir på Sandsa - jubileum Påmelding. Sjå www.stavanger-turistforening.no Arr.: Stavanger Turistforening Onsdag 4. juli kl. 12.00-16.00 Husmannsplasset Røynevarden Omvising på Røynevarden Inngang: Vaksne kr 50,- barn gratis Torsdag 5. juli Pilegrimsdag i Suldal Frå morgon til kveld blir det høve for alle som vil til å delta på pilegrimsvandringar frå Mo til Suldalsosen, over Hylsskaret og i Mokleiv. Midt på dagen er det pilegrimsgudsteneste med nattverd i Suldal kyrkje, i Hylsskaret vert det mellom anna musikalske innslag og dagen blir avslutta med kveldsliturgi ved Suldalsvatnet i Mokleiv. Arr.: Nordre Ryfylke prosti. juni - juli Fredag 6. juli Pilegrimsvandring over Suldalsskaret til stemne i Røldal. Start frå Skitli ovanom Nesflaten kl. 9.30 Vandring langs den gamle pilegrimsvegen over Suldalsskaret i lag med pilegrimsvandrarar som er på veg frå Stavanger til Røldal. Ta med niste, gode sko og varme klede! Turleiar er Jon Grepstad. Arr.: Nordre Ryfylke prosti Fredag 6. juli kl. 12.00-17.00 Erfjord Omvising på Håland Stovehuset, Målarbua og Homannsbuå Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis Laurdag 7. juli kl. 12.00-17.00 Jelsa Omvising Skulemuseet og Jelsa kyrkje Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis. 9

Laurdag 7. søndag 8. juli Kolbeinstveit Poetiske Prøvelappar og Lause Trådar sykurs ved Erling Nesse Med fokus på gjenbruksmateriell og kreativ leik med symaskin som verktøy, jobbar me to dagar med utprøving og produksjon av små personleggjorte produkt. Du blir gjennom arbeidet med oppgåver og øvingar utfordra til å sleppa deg laus i forhold til det å sy, jobba kreativt med gjenbruksmateriell, form og farge i tekstil og papir. På kurset vil me også ha fokus på heilskap og presentasjon av produkt i form av etikettar, posar og innpakning. Kom på kurs med ei leiken haldning og eit ope sinn til uformelt arbeid med form, farge og symaskin! Dette blir to kjekke dagar! Tid: Laurdag 7. juli kl. 11.00-17.00 Søndag 8. juli kl. 11.00-15.00 Pris: Kursavgift kr. 600,- Materialpakke kr. 300,- juli Laurdag 7. juli Vatlandsvåg HALVØYDAG Lokale marknadsbodar, aktivitetar for born og vaksne. Arr.: Vatlandsvåg Handel Laurdag 7. juli Tunet, Vanvik Sommarfest på Tunet for alle under 18 år. Grilling og aktivitetar ute eller inne avhengig av været. Arr.: Fjordguten Ungdomslag Tysdag 10. juli kl. 18.00 Kolbeinstveit Mother, do not cry so much. I am deep in water. If you cry any more, I will drown. Forteljarframsyning ved Elin Gunnarsdotter Sandvik. Inngang: Kr. 80,- Onsdag 11. juli kl. 12.00-16.00 Husmannsplasset Røynevarden Omvising Røynevarden Inngang: Vaksne kr 50,- barn gratis Fredag 13. juli kl. 12.00-17.00 Erfjord Omvising på Håland Stovehuset, Målarbua og Homannsbuå Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis 10

Laurdag 14. juli kl. 12.00-17.00 Jelsa Omvising Skulemuseet og Jelsa kyrkje Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis. Laurdag 14. juli Marvik SOMMARMARKNAD Lokale marknadsbodar, aktivitetar for born og vaksne. Arr.: Marvik Båtforening Onsdag 18. juli kl. 12.00-16.00 Husmannsplasset Røynevarden Omvising Røynevarden Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis Onsdag 18. juli kl. 17.30 Oppmøteplass Vikane Tur til Tjørdalen, husmannsplass ved Suldalsvatnet. Los: Eli Roaldkvam Grunna båtskyss, påmelding til Annfrid tlf 916 67 688 Arr.: Suldal Sogelag juli Torsdag 19. juli kl.19.00 Kolbeinstveit Sigrid Moldestad & band Songaren, felespelaren og historieforteljaren Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord, ga ut si tredje plate som soloartist 8. mars 2012: Himlen har sove bort mørkret. Albumet har smak av visetradisjon, britisk 70-tals folk, psykedelia og pop. Ho står for dei fleste låtane sjølv, og byggjer alltid med folkemusikken som grobotn og base. Sigrid har eit kraftfullt bogedrag og ei særeigen stemme. Bandet: Anders Hall - feler, bratsj, hardingfele, kor Jørgen Sandvik - gitar, banjo, gucheng, kor Anders Bitustøyl - bass, kor Hans-Olav Molde - trommer, kor Inngang: Kr. 250,-/150,- (student/honnør) Fredag 20. juli kl. 12.00-17.00 Erfjord Omvising på Håland Stovehuset, Målarbua og Homannsbuå Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis 11

20. juli SULDALSLÅGEN LAKSEFISKET STARTAR Laurdag 21. juli kl. 12.00-17.00 Jelsa Omvising Skulemuseet og Jelsa kyrkje Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis. juli Laurdag 21. juli kl.10.00-16.00 Jelsa SOMMARMARKNADEN PÅ JELSA FEIRAR 10-ÅRSJUBILEUM Lokale marknadsbodar, aktivitetar for born og vaksne. Volleyball og fotballturnering på Jelsa skule kl. 17.00-18.00. Påmelding på Facebook eller i butikken. Dans på Jelsa Bygdahus kl. 21.00. Pris kr. 350,-. Arr.: Joker Jelsa Laurdag 21. juli Vanvik kai Fiskefestival Påmelding frå kl. 10.00 11.00. Innveging kl. 15.00 Junior/senior klasse frå land eller sjø. Flotte premiar! Aktiviteter på kaien. Arr.: Hylsfjorden Idrettslag Onsdag 25. juli kl. 12.00-16.00 Husmannsplasset Røynevarden Omvising Røynevarden Inngang: Vaksne kr 50,- barn gratis Fredag 27. juli kl. 12.00-17.00 Erfjord Omvising på Håland Stovehuset, Målarbua og Homannsbuå Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis Laurdag 28. juli kl. 12.00-17.00 Jelsa Omvising Skulemuseet og Jelsa kyrkje Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis. 12

Onsdag 1. august kl. 12.00-16.00 Husmannsplasset Røynevarden Omvising Røynevarden Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis Fredag 3. august kl. 12.00-17.00 Erfjord Omvising på Håland Stovehuset, Målarbua og Homannsbuå Inngang: Vaksne kr. 50, -barn gratis Laurdag 4. august kl. 12.00-17.00 Jelsa Omvising Skulemuseet og Jelsa kyrkje Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis. august Laurdag 4. august kl. 11.00-17.00 Kolbeinstveit Familiedag Aktivitetar for store og små. Sal av mat. Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis. Laurdag 4. august Hålandsosen ERFJORD-FESTIVAL Arrangement for heile familien! Arr.: Joker Erfjord Onsdag 8. august kl. 12.00-16.00 Husmannsplasset Røynevarden Omvising Røynevarden Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis. Fredag 10. august kl. 12.00-17.00 Erfjord Omvising på Håland Stovehuset, Målarbua og Homannsbuå Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis. 13

Laurdag 11. august Tunet, Vanvik Sommarfest på Tunet for dei over 18 år. Goggen fra Stavanger vil stå for musikk. Grillbord og servering Arr.: Fjordguten Ungdomslag Laurdag 11. august kl. 12.00-17.00 Jelsa Omvising Skulemuseet og Jelsa kyrkje Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis. Laurdag 11.august kl. 10.00-17.00 Mokleiv i Suldal Pilegrimsvandring Prost i Nordre Ryfylke prosti, Arne Øystese blir med. Påmelding: pilegrimsvandring@mokleiv.no Søndag 12. august kl. 13.00 Oppmøteplass kaien i Marvik Tur til Ottøy ved Marvik Los: Leif Andreas Øvrebø Arr.: Suldal Sogelag august Onsdag 15. august kl. 12.00-16.00 Husmannsplasset Røynevarden Omvising Røynevarden Inngang: Vaksne kr. 50,- barn gratis Foto: Kjell Helle-Olsen Laurdag 18. august kl. 13.00-17.00 og kl.19.00-22.00 Bleskestadmoen jubileumsarrangement for store og små Kombiner tur og kultur og bli med på folkefest på Bleskestadmoen i høve Stavanger Turistforening sitt 125-årsjublieum. Musikk, song, eventyr og mat på bål. Kulturmønstring om kvelden for vaksne med helsingar, mat, musikk og annan underhaldning. Dei som vil kan vera med på fellestur via Kvanndalen til Bleskestadmoen med start fredag ettermiddag. Følg med på www.stavanger-turistforening.no og www.ryfylkemuseet.no Arr.: Stavanger Turistforening, Ryfylkemuseet 14

Helga 17.- 19. august Stølsrunde i Suldal med jubileumsarrangement på Bleskestadmoen. Påmelding. Sjå www.stavanger-turistforening.no Arr.: Stavanger Turistforening 17., 18. og 19. august ferjekaien på Ropeid VENTEROMMET - ei scenekunstframsyning Heilt i sjøkanten på ferjekaien ligg det. Venterommet. Bygget er integrert i naturen. Fram i tid skal ferja leggjast ned. Venterommet blir ståande att. Tomt og åleine. Same kor lenge ein ventar vil ferja aldri komme. Ei gruppe kunstnarar, mange med røter frå staden, vil saman forvandle venterommet og kaien til eit scenerom med ei framsyning som utforskar omgrepet tid og det å vente. Bli med i eit spanande venteunivers og opplev musikk, dans, teater og installasjon. Tekst: Inger Bråtveit, musikk: Erik Nerheim og Åshild Vetrhus, dans: Gerd Elin Birkeland, skodespelarar: Elin Gunnarsdotter Sandvik, Marte Sæteren og Annelise Grindheim, installasjon: Serina Erfjord, regissør: Ragnhild Thoring. Pris: Kr 160,- Laurdag 25. august kl. 20.00 1000-årsplassen ved Kulturhuset Konsert i amfiet med Ni Liv Denne laurdagskvelden satsar me blir fin og varm. Då fins det vel ikkje ein betre plass enn ute i kulturhusamfiet og nyta solnedgongen over Sellandsnuten med god musikk. NI LIV er eit band du sikkert har høyrt på radio mange gonger. Bandet som kjem frå Telemark har laga sin eigen sjanger, Telemarkana, som er ein blanding av norsk og amerikansk folkeleg musikktradisjon. Kjende låtar som «Må bare må», «Gamlevegen heim», «Ikkje spør», «Hard som jønn», og ikke minst «Merkeband» kan du få oppleva denne kvelden ute i amfiet. Vaksne kr. 200,- Barn kr. 100,- Pensjonister over 67 år kr. 100,- Arr.: Kulturhuset i Suldal AUGUST - september 27.- 31. august Stølsvandring og toppturar rundt Stranddalen Påmelding. Sjå www.stavanger-turistforening.no Arr.: Stavanger Turistforening. Torsdag 6. september kl. 18.00-20.00 Kulturhuset Spøtakafe Uformell samling med spøtet og anna handarbeid. Arr.: Suldal Husflidslag 15

Torsdag 6. september kl.19.00 Løland kafe, Nesasjøhuset Nye minne frå farne tider med Lasse Pedersen Gode minne frå eit kulturelt liv på Karmøy. Arr.. Folkeakademiet og Suldal Rotaryklubb Laurdag 8. september kl. 11.00-14.00 Torjå på Sand Ung Husflid Husflidsaktivitetar for barn i alle aldrar. Markering av den nasjonale Husflidsdagen og Suldal Husflidslag sitt 20-års jubileum. Arr.: Suldal Husflidslag Laurdag 8. september kl. 13.00 Kulturhuset Opning av Utstilling Arr.: Suldal kunstlag og Ryfylke kunstlag 7.- 9. september Holmavatnet rundt i ekte høgfjellsterreng Påmelding. Sjå www.stavanger-turistforening.no Arr.: Stavanger Turistforening. september Torsdag 20. september Kulturhuset Festkveld Kulturhuset i Suldal jubilerer og feirar 10-årsdagen sin med gjester og artistar. Annonsering kjem seinare. Laurdag 22. september kl. 20.00 Kulturhuset Klypa Laangt over streken!!! Klypa har sidan starten i 2005 utvikla seg til å bli eit godt etablert humorshow i Norge. Med showet Laaangt over streken!!! har Thomas Ryste no tatt steget opp i dei profesjonelle sine rekker. Hausten 2011 var Kjell Kjellen Bigseth fast innslag under TV2 sine valgsendingar. Showet er av god gammaldags rett fra levra humor. Med andre ord kjem latteren til å sitja laust og ingen av dei som er glade i revy, humor og sang bør gå glipp av denne kvelden! www.klypa.no Billettprisar: Vaksne kr. 390,- Honnør o/67 år kr. 195,- Arr.: Kulturhuset 16

Fredag 28. september kl. 17.00 i Kulturhuset Vidar Lønn Arnesen DaCapo Vidar Lønn-Arnesen kjenner vi frå ei rekke radio- og TV- programmer, m.a. frå Norsktoppen, Ti i Skuddet og Da Capo. Det er medisinsk bevist at det er sunt å synge, seier Vidar Lønn-Arnesen. Det er nettopp det publikum får høve til i løpet av eit Da Capo Show. Saman med fast pianist Philip Kruse, reiser Vidar land og strand rundt for å underhalda med allsang og humor. Vidar og Philip tar oss med lett og ledig gjennom kjende og kjære viser som: Den glade vandrer, Nidelven og Capri. Ein del av songane er og sett saman som potpurri av refreng som fenger. Pris: Vaksne kr. 200,- Pensjonistar over 67 år kr. 100,- Torsdag 27. september kl. 18.30 Nesasjøhuset Internasjonal Kafé Sal av internasjonal mat Gratis inngang 30. september Suldalslågen LAKSEFISKET AVSLUTTAST september - okotber 6. oktober BERGEKROSSEN, SAND Møgedalsmarknad Haustmarknad Arr.: Møgedal Mek. Verkstad AS 17

10 år Kulturhuset i Suldal jubilerer Denne hausten er storstova i Suldal ti år. Det har vore ti år med mykje løye og sprell. Her har me sett mange artistar, hatt mange flotte musikkopplevingar og site i andakt over tekst og diktlesing. Etter mange års planlegging og att og fram hjå ymse politikarar og andre styrande blei det vedteke at kulturhuset skulle vera på Sand. Bygg ikkje på sand står det i skrifta, men Løhaugen var nå rette plassen. Dette var på historisk grunn. Her hadde det vore bygd før. Det visste ein av funn av pilespissar og flintstein. Men det kunne liggja meir under torva og før byggherren fekk stikka spaden i jorda så måtte det sleppast til ein gjeng med arkeologar. Dei grov og spadde og vende på jord og torv og kunne etter kvart avdekka m.a. stolpehol frå hustufter frå jernalderen. Sommaren 2002 kunne me byrja på flyttesjauen og 20. september kunne Kulturhuset i Suldal slå opp dørene sine og ønskja godtfolk; suldølen især, men óg naboane våre i Sauda, Hjelmeland og Vindafjord velkomne. Huset fekk status som eit regionalt kulturhus og naboane har vore flittige gjester i desse åra. Nå er altså ongjen blitt ti år og det er tid for fest og gaman. Torsdag 20. september er dagen og me skal feira og innbyr til festkveld og lystig lag med gamle og nye gjester i sal og på scene. Kjellen Bigseth frå Klypa kan opplevast i fri dressur eit par dagar seinare og i slutten av månaden blir det DaCapo, allsang og mimring med den nå etterkvart så legendariske Vidar Lønn-Arnesen. Sjølvsagt blir det gode kinotilbod til store og små i jubileumsveka og har du ikkje prøvd deg i bowlingen før så kan du få sjansen nå. 18

Velkommen til Tlf. 52 79 22 90 - faks 52 79 22 85 Kulturhuset i Suldal! www.suldal.kulturhus.no Tlf. 52 79 22 90 / 52 79 22 91 Kulturhuset har aktivitetar sju dagar i veka! Her finn du utstillingar, konsertar, kino, bowling, biljard, dart, bibliotek, møter, konferansar, kulturskule og sist men ikkje minst Kulp kafe. Du kan også nytte vårt trådlause nett gratis eller lese avisar i vår sofakrok. sommaropningstider Måndag kl. 11.00-15.00 Tysdag kl. 11.00-15.00 Onsdag kl. 11.00-15.00 Torsdag kl. 11.00-15.00 Fredag kl. 11.00-15.00 Laurdag kl. 11.00-15.00 Folkebiblioteket har ope i Kulturhuset si opningstid. Her kan du utanom bøker låne dvd filmar, lydbøker, tidsskrift og aviser. Biblioteket har også pc ar du kan bruke. Kino Digitalkino med gode bilete og skikkeleg lyd! Framsyningar kvar veke. Sjå elles annonsering i lokalavisa og på www.suldal.kulturhus.no eller www.filmweb.no Bowling, biljard, dart Kvar onsdag kl. 11.00-15.00 Bowling kan tingast utanom ordinær opningstid. NB! Min. 2 banar i 1 t. Kulp kafé Måndag - fredag kl. 11.00-17.00. Laurdag kl. 11.00-15.00 Tlf. 951 53 232 Neste utgåve av Det skjer i Suldal kjem i september. Frist for innlevering: 11. august. 19

Velkomen til sommar i bygda vår! Du er velkommen til ei reise i kommunen vår. Nedanfor finn du nokre forslag til aktivitetar du kan delta i, og stadar du kan besøkje. Me er stolte av bygda vår, og viser den fram med glede. Velkommen til skattkammeret Suldal. Attraksjonar Laksestudio på Sand Sjå laks og aure på veg opp elva for å gyte! Blåsjø Vegen inn til Blåsjø er open frå ca.1. juli. Kraft arkitektur på Nesflaten best bevarte døme på funksjonalistisk stil i Norge. Kolbeinstveit- gardstun med vertskap og dyr Strandstaden Jelsa skulemuseum og kyrkja. Røynevarden husmannsplasset ved Suldalsvatnet Håland - storgarden i Erfjord Nasjonal Turistveg Ryfylke - ein av 18 turistvegar i Norge! Aktivitetar ute i det fri! Ta deg ein tur - Kombiner handel i strandstaden Sand med ein rundtur i Stegåsen. Fjordlandskapet kan du oppleva på familievenlege turar ved Erøy i Erfjord, Barkåsen på Jelsa eller rundt Grytevatnet på Ropeidhalvøya. Suldalsdalføret kan du oppleva på stemningsfull tur ved Ritlandsvatnet eller topptur med flott utsikt frå Stråpanuten. Kraft-arkitektur og tradisjonell kultur kan du få med deg på ein rundtur på Nesflaten. Gløym heller ikkje fjellfloraen på ein tur til Stranddalen. Fiske i Suldalslågen- brunaure og laksefiske Fiske i vatn i Suldal fiskekort for vatn kjøper du på www.inatur.no Laksesafari og Elveekspedisjon i Suldalslågen - Mo Laksegard på tlf. 52 79 76 90 Guida tur til skinkeloftet, Mostøl - Energihotellet tlf. 51 20 05 55 Sightseeing i Suldal og områda rundt - Osa-Bu Taxi/Turvogn arrangerer sightseeingturar, ring på tlf. 52 79 92 60 for meir informasjon. I sommarmånadane finn du Suldal Turistkontor i Nesasjøhuset (Ryfylkemuseet) på Sand. Frå 15.06 til 19.08 har me ope kvar dag frå kl. 10.00 til 18.00. Elles i året har me ope frå måndag til fredag frå kl. 08.30 til kl. 15.30. Kontakt oss gjerne på tlf. 52 79 05 60, på post@suldal-turistkontor.no www.suldal-turistkontor.no Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto Alle tiders aluminium Ville det ikkje vera ein draum å kunne halde på ungdomens kraft og venleik for alltid? Slik er aluminium. Metallet kan resirkulerast om og om igjen, utan å tape kvalitet. Det er ein ressurs som kan fornyast og gjenbrukast på tallause måtar også av komande generasjonar. Hydro er aluminium. Vi er stolte av å produsere metallet for framtida. www.hydro.com 20 Ville det ikkje væra ein draum å kunne halde på ungdomens kraft og venleik for alltid? Slik er aluminium. Metallet kan resirkulerast om og om igjen, utan å tape kvalitet. Det er ein ressurs som kan fornyast og gjenbrukast på tallause måtar også av komande generasjonar. Hydro er aluminium. Vi er stolte av å produsere metallet for framtida. www.hydro.com

Ryfylkemuseet Regionmuseum for Ryfylke, senter for bygningsvern, folkemusikkarkiv for Rogaland NESASJØHUSET: 1. juni 16. juni: ope alle dagar 08.30-15.30 17. juni 14. august: ope alle dagar kl. 10.00-18.00 15. august 31. august: ope alle dagar kl. 08.30 15.30 1. juni 31. august held også Suldal Turistkontor til på Nesasjøhuset. Resten av året: ope måndag fredag kl. 09-15 UTSTILLINGAR: Kvitebjørnen Det gode liv eventyrleg utstilling for barn om livsstilsinnvandring til Suldal og Sauda Museumsbutikk med lokal litteratur og gåveartiklar. Løland kafé med vaflar og is, aviser og internett. I perioden 16. juni 15. august er følgjande museumsavdelingar opne i Suldal: KOLBEINSTVEIT, gardstun med vertskap og dyr: Ope dagleg kl. 11-17 JELSA, skulemuseet og kyrkja: Kvar laurdag kl. 12-17 RØYNEVARDEN, husmannsplass: Kvar onsdag kl. 12-16 HÅLAND, storgarden i Erfjord: Kvar fredag kl. 12-17 I perioden 17. juni 5. august er det ope på unike LI-TUNET: tysdag til søndag kl. 11-17. Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand Tlf. 52 79 29 50, faks 52 79 29 51 E-post: post@ryfylkemuseet.no www.ryfylkemuseet.no 21

VELKOMMEN TIL HANDEL PÅ SAND e-post: bg@bgsuldal.no www.bgsuldal.no Tlf. 98 25 98 00 - Faks. 52 79 99 49 sand - tlf. 52 79 07 90 Opningstider: 09-21 laurdag til kl. 18.00 Næringspark Sandvegen 134, 4230 SAND Tlf. 900 65 410 www.underbakke.as Tlf. 05555 Krambua Tlf. 52 79 06 50 www.krambuasand.no Du finn oss på Garaneset, Sandsvn. 134 - SAND Me byggjer hus, hytter, NæriNgsbygg M.M. Garaneset - 4230 SAND tlf. 52 79 06 30 firmapost@kv-bygg.no www.kv-bygg.no Bensin/diesel, bildeler, rekvisita og kiosk. OPNINGSTIDER: Mån-Fre 07.30-20.00 Laur-sønd 09.00-20.00 Tjelmane Dekkservice AS Garaneset, 4230 Sand - tlf. 52 79 74 77 VI LEVERER ALT I BYGGEVARER! Største byggevarehus i Ryfylke monter.no Montér Suldal 7.30-16(18) (9-14) Tlf. 476 55 200 22

Bergekrossen, 4230 Sand - tlf. 52 79 25 30 OPN.TIDER: Mån-tysd-onsd-fred 7.30-16.00 Torsdag 7.30-18.00 Laurdag 10.00-14.00 09.00-14.00 Step Styrke Dans Pilates Spinning Zumba Tlf. 474 17 566 post@stas-suldal.no www.stas-suldal.no Velkommen innom den nye butikken! Sandvegen 134, 4230 Sand Tlf. 52 79 06 90, post@sandmobelsenter.no Tlf. 02002 - www.sr-bank.no El.installasjon i hytte/hus Salg, montering og reparasjon av varmepumper Salg av småelektriske artikler Salg og reparasjon av hvitevarer Suldal InStallaSjon as Tlf. 52 79 73 19 - mob. 915 42 690 Faks 52 79 75 61 E-post: suldal.installasjon@hed.no Suldal Vekst AS Treng du rettleiing ved nyetablering eller vidareutvikling av eiga bedrift? Eller har du rett og slett ein god ide? Bruk oss! Suldal Vekst AS, Sandsv.134, 4230 Sand. Tel: 52 79 06 00, post@suldalvekst.no Gåsevikja, 4230 Sand Tlf: 52 79 29 70 E-post: post@klungtveit.com ÅpninGSTidEr butikken: Mand - fred: 08.30-16.00. Lørd: 10.00-13.00 bok@bok-it.no it@bok-it.no Tlf. 52 79 06 65 Tlf. 414 66 131 23

Tlf. 52 79 22 90 Tlf. 52 79 29 50 Tlf. 52 79 06 13 Tlf. 52 79 05 60 Layout: Suldalsposten Foto: Ryfylkemuseet