Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Hovudutvalet for samfunnsutvikling og teknisk drift Møtestad: Møterom Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 24.03.2015 Tidspunkt: 08:00-10:10 Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Tarjei Andreas Draugedal Medlem KRF Magne Wraa Medlem H Anne Birgit Sollid Leiar SP Tor Arne Mælen Medlem V Steinar Torsdalen Nestleiar SP Nina Krossli Medlem AP Einar Søreide Medlem AP Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Torunn Raftevold Rue Kommunalsjef Magne Skarprud Miljø- og utmarkskonsulent, sak 12/15 og 13/15 Peter Rieber-Mohn Landbruksrådgjevar, sak 14/15-19/15 Orienteringssaker: 1) Magne Skarprud orienterte om fellingsresultata på hjortevilt 2014 2) Det vart orientert om status på privatisering av kommunale vegar. På neste utvalsmøte blir det synfaring på utvalde kommunale vegar.
Saksliste Utvalssaksnr. PS 10/15 PS 11/15 RS 36/15 Innhald Godkjenning av protokoll Referatsaker K - Svar på søknad om produksjonstilskot søknadsomgangen 20.08.2014-17/3 - Findreng søndre RS 37/15 K - Svar på søknad om fritak frå kommunale gebyr- 20/91 - Fjågesund Vestre I RS 38/15 Tilskuddsordning for brannsikring av verneverdige tette trehusmiljøer RS 39/15 K - Svar på søknad om løyve till bygging av landbruksveg - 79/1 - Kallåk RS 40/15 K - Svar på søknad om fritak frå kommunale gebyr - 15/75 - Vrådal hyttegrend, tomt 47 RS 41/15 K - Svar på søknad om fritak frå kommunale gebyr - fritak - 28/32 og 33 - Bergstig og Haraldsstøyl RS 42/15 K Svar på søknad om fritak frå kommunale gebyr - 57/3 - Strånd RS 43/15 K - Svar på ssøknad om fritak frå kommunale gebyr - 56/1 og 2 - Seterhus v. Jønntjønn og hytte v. Sud Jønntjønn RS 44/15 RS 45/15 K - Ikke medhold i klage på søknad om konsesjon til bruk som fritidsbolig - 17/18 - Findreng 4 Overføring av tillatelse til behandlingsanlegg for kasserte kjøretøy fra Brødrene London AS til JB Bilservice AS RS 46/15 Varsel om grunnundersøkelse - Fv.38 Vrådal sentrum t - Straumsnes PS 12/15 Kulturmidlar 2015 PS 13/15 Søknad om tilskot frå friluftsfondet Arendalsvassdraget 2015, Kviteseid kommune PS 14/15 PS 15/15 PS 16/15 K - Prioritering av kommunale midlar til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) og spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL). Klage på vedtak - leige av tomt i Prestegardshamni gnr 33, bnr 1, fnr 47 K - Søknad om å dele frå ei hyttetomt - 34/3 Listauløyren PS 17/15 K - Søknad om å dele frå areal til avfalls- og slamdeponi - jordlovsbehandling - 22/1 og 22/14 - Litveitmogen PS 18/15 K - Deling av eigedom - jordlovsbehandling - 41/22 og 33/15 - Draugedalen og Hegna PS 19/15 K - Søknad om konsesjon på erverv av eigedom - 12/1 - Sinnes øvre PS 20/15 Framlegg til endring i politisk struktur for valperioden 2015-2019 Lukka
PS 10/15 Godkjenning av protokoll Protokollen vart samrøystes vedteke. PS 11/15 Referatsaker Referatsakene RS 36/15 til 46/15 teke til vitande.
RS 36/15 K - Svar på søknad om produksjonstilskot søknadsomgangen 20.08.2014-17/3 - Findreng søndre RS 37/15 K - Svar på søknad om fritak frå kommunale gebyr- 20/91 - Fjågesund Vestre I RS 38/15 Tilskuddsordning for brannsikring av verneverdige tette trehusmiljøer RS 39/15 K - Svar på søknad om løyve till bygging av landbruksveg - 79/1 - Kallåk RS 40/15 K - Svar på søknad om fritak frå kommunale gebyr - 15/75 - Vrådal hyttegrend, tomt 47 RS 41/15 K - Svar på søknad om fritak frå kommunale gebyr - fritak - 28/32 og 33 - Bergstig og Haraldsstøyl RS 42/15 K Svar på søknad om fritak frå kommunale gebyr - 57/3 - Strånd RS 43/15 K - Svar på ssøknad om fritak frå kommunale gebyr - 56/1 og 2 - Seterhus v. Jønntjønn og hytte v. Sud Jønntjønn RS 44/15 K - Ikke medhold i klage på søknad om konsesjon til bruk som fritidsbolig - 17/18 - Findreng 4 RS 45/15 Overføring av tillatelse til behandlingsanlegg for kasserte kjøretøy fra Brødrene London AS til JB Bilservice AS RS 46/15 Varsel om grunnundersøkelse - Fv.38 Vrådal sentrum t Straumsnes PS 12/15 Kulturmidlar 2015 1. Hovudutval for samfunnsutvikling og teknisk drift løyver kulturmidlar som framlagt i tabellen (vedlegg i saka). 2. Kviteseid Idrettsråd får fullmakt til å dele ut kr. 70.000,- til idrettslaga i kommunen. 3. Rådmannen får fullmakt til å tildele udisponerte midlar kr 10.000. PS 13/15 Søknad om tilskot frå friluftsfondet Arendalsvassdraget 2015, Kviteseid kommune
Kviteseid turlag v/ Jon Ingebretsen får avslag på sin søknad om ytterlegare støtte til fiskebrygger på Fossøy. Avslaget er grunna med at det vart løyvd tilskot til same tiltaket hausten 2014, og det ikkje er nye opplysningar i den siste søknaden. Vrådal vel v/ Tove Gulliksen Øy får kr 35.000 i tilskot frå fondet til badeplassen på Vaskarstondi. Det er eit krav at tiltaket blir gjennomført i samsvar med beskrivinga i søknaden og at tiltaket er ferdig og godkjent av kommunen innan desember 2016. Tilskotet blir utbetalt når tiltaket er gjennomført. Vrådal Slusemuseum v/ Gunnar Wraa får kr 40.000 i tilskot frå fondet til slusemuseet ved Veslestraum. Det er eit krav at tiltaket blir gjennomført i samsvar med beskrivinga i søknaden og at tiltaket er ferdig og godkjent av kommunen innan desember 2016. Tilskotet blir utbetalt når tiltaket er gjennomført. Søkar kan be om delutbetaling før tiltaket er ferdig. PS 14/15 K - Prioritering av kommunale midlar til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) og spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL). Hovudutvalet for samfunnsutvikling og teknisk drift vedtar følgjande tilskotssatsar for næringsog miljøtiltak i skogbruket: - 35% tilskot til ungskogpleie - 25% tilskot til planting Hovudutvalet for samfunnsutvikling og teknisk drift vedtar følgjande retningsliner for bruk av midlane til spesielle miljøtiltak i jordbruket: - Tiltak mot forureining har høg prioritet. - Til freda og verneverdige bygningar må det i størst mogleg grad søkast om tilskot frå andre kjelder i tillegg til SMIL-midlane. - Det blir bare vurdert å gi tilskot til å rydde gamal kulturmark der føretaket treng arealet til eigne husdyr. - Tilskotssatsen blir vurdert ut frå kostnaden med tiltaket og nytta for føretaket og allmenta. PS 15/15 Klage på vedtak - leige av tomt i Prestegardshamni gnr 33, bnr 1, fnr 47 Hovudutval for samfunnsutvikling og teknisk drift opprettheld vedtaket som vart gjort i møtet den 27.01.15 i sak 9/15.
PS 16/15 K - Søknad om å dele frå ei hyttetomt - 34/3 Listauløyren Framlegg frå Einar L. Søreide (Ap): Første og siste avsnitt som rådmannens tilråding. Ny setning etter første avsnitt: «Tomta ligg i 50-meters beltet langs vassdraget.» Røysting: Einar L. Søreide sitt framlegg samrøystes vedteke. Hovudutvalet for samfunnsutvikling og teknisk drift avslår søknaden frå Birger Andresen 02.02.2015 om å dele frå ei hyttetomt frå Listauløyren 34/3 i Kviteseid kommune. Grunngjevinga for vedtaket er at tomta ligg på høg bonitet skogsmark og at det er gitt løyve til å dele frå fleire enkelttomter frå driftseininga tidlegare. Tomta ligg i 50-meters beltet langs vassdraget. Vedtaket er gjort i samsvar med jordlova 12 og delegert mynde til kommunen. PS 17/15 K - Søknad om å dele frå areal til avfalls- og slamdeponi - jordlovsbehandling - 22/1 og 22/14 - Litveitmogen Hovudutvalet for samfunnsutvikling og teknisk drift samtykker i at 22/11, om lag 8 dekar av 22/14 og om lag 4,5 dekar av 22/1 i Kviteseid kommune blir delt frå driftseininga til Cappelen og selt til Renovest i samsvar med søknaden frå Silvi Montana 29.01.2015. Vedtaket er gjort i samsvar med jordlova 12 og delegert mynde til kommunen gitt i rundskriv M-6/2003 frå LMD.
PS 18/15 K - Deling av eigedom - jordlovsbehandling - 41/22 og 33/15 - Draugedalen og Hegna Tarjei Draugedal (KrF) reiste spørsmålet om han var ugild i saka då han er søkjar. Utvalet gjorde samrøystes vedtak om at han er ugild i denne saka. Samrøystes vedteke Tarjei Draugedalen forlet møterommet og deltok ikkje i diskusjonen eller røystinga. Ny innstilling frå rådmannen i møtet grunngjeve med nye opplysningar i saka, og at det er merka gult på reg.planen jordlova gjeld ikkje: Hovudutvalet for samfunnsutvikling og teknisk drift gir samtykke til å dele Draugedalen 41/22 og Hegna 33/15 i samsvar med søknaden 28.02.2015 frå Ruth og Tarjei Draugedal, som omfattar: - Å dele frå eit bustadhus med om lag to dekar tomt frå 41/22. - Å dele frå ei tenleg tom til vasstårnet på 41/22. Føremålet med delinga er å selje landbrukseigedomen til Halvor Heggtveit. Det er eit vilkår for samtykket at det blir gjennomført. Vedtaket er gjort i samsvar med jordlova 12 og delegert mynde til kommunen. Røysting: Hovudutvalet for samfunnsutvikling og teknisk drift gir samtykke til å dele Draugedalen 41/22 og Hegna 33/15 i samsvar med søknaden 28.02.2015 frå Ruth og Tarjei Draugedal, som omfattar: - Å dele frå eit bustadhus med om lag to dekar tomt frå 41/22. - Å dele frå ei tenleg tom til vasstårnet på 41/22. Føremålet med delinga er å selje landbrukseigedomen til Halvor Heggtveit. Det er eit vilkår for samtykket at det blir gjennomført. Vedtaket er gjort i samsvar med jordlova 12 og delegert mynde til kommunen. PS 19/15 K - Søknad om konsesjon på erverv av eigedom - 12/1 - Sinnes øvre
Hovudutvalet for samfunnsutvikling og teknisk drift gir konsesjon til Torbjørn Sinnes på erverv av Sinnes øvre 12/1 i Kviteseid i samsvar med søknaden 26.01.2015 med mellombels fritak frå buplikta så lenge Tarjei Sinnes bur på eigedomen. Vedtaket er gjort i samsvar med konsesjonslova 5 og 9 og delegert mynde til kommunen gitt i rundskriv M-6/2003. PS 20/15 Framlegg til endring i politisk struktur for valperioden 2015-2019 Framlegg frå Tor Arne Mælen (V): Endre 2.avsnitt: «For hovedutval Samfunnsutvikling og teknisk drift, og hovudutval for oppvekst og omsorg, vert talet på medlemmar uendra.» Røysting: Framlegg frå Tor Arne Mælen fekk 3 røyster. Formannskapet sitt vedtak fekk 4 røyster. I samband med gjennomgang av politisk organisering av råd og utval i Kviteseid kommune vert det gjort følgjande endring for kommunestyreperioden 2015-2019: For hovedutval Samfunnsutvikling og teknisk drift, og hovudutval for oppvekst og omsorg, vert talet på medlemmar redusert frå 7 til 5. Forpaktningsnemnda vert slege saman med takstnemnda. Nytt namn på utvalet er takstnemnda. Rådmannen vert delegert ansvaret for å peike ut medlemmar til Tilsynsnemnda for NVE sine anlegg. Heimevernsnemnda er lovregulert. Det skal peikast ut to personar ikkje 1 + 1 vara. Rådmannen vert delegert ansvaret for å innstille personar til Militær skjønnsnemnd. Forpaktningsutval. Er lovregulert, men det er ikkje naudsynt med varamedlemmar. I dag er det 3 medlemmar + 3 varamedlemmar. Rådmannen får i oppgåve å setje ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeide retningslinene for styret i bygdetunet sitt arbeid mm. Kommunestyret får retningslinene til orientering i september 2015. Endring i reglement for godtgjersle for folkevalde i Kviteseid kommune. (Jfr. Pkt 2.1 og 2.2) Møtegodtgjersla i SOO, SSU og kontrollutvalet vert redusert til 500,- pr. møte. Dette er tilsvarande godtgjersla til kommunestyret