Bygarden. 69 nye leilegheiter vis-à-vis Myrkdalen Hotel



Like dokumenter
Nyestølen. 24 nye fritidsbustader midt i skiparadiset i Myrkdalen

Nyestølen. 24 nye fritidsbustader midt i skiparadiset i Myrkdalen

helgatunteigen 25 nye fritidsboliger ved Myrkdalen Hotel og midt i skiparadiset

vårstølstunet 21 nye fritidsbustader midt i skiparadiset i Myrkdalen

34 nye fritidsleilegheiter i Myrkdalen

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Frøylandsbakken. Velkomen til Frøyland og Kvernaland! Siste byggetrinn 18 bustader på Kvernaland

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Tomannsbustad på Hotelltoppen. i Førde med 4 soverom, 2 stover og 2 bad m.m.

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

POTENSIALET FOR REISELIV PÅ VOSS

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Brukarrettleiing E-post lesar

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

VINTERFJELLSKULE I EVENTYRLEGE MYRKDALEN

Sommartur til Sverige,

Kulturhistoriske registreringar

Månadsbrev for Rosa september 2014

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

AKTIV HEILE ÅRET Denne presentasjonen skal ikkje kopierast eller vidareformidlast.

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit /

ver tikaldelte hytter i trygge omgivelser

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Hytte på høgfjellet så nær at du får tid til å nyte naturen og dei nære ting så ofte du vil.

mmm...med SMAK på timeplanen

ver tikaldelte hytter i trygge omgivelser

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

camping hytter butikk kafé

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt. Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

TJØRHOMFJELLET - FRITIDSBOLIGER, STOLHEIS, NYDELIG NATUR OG MYE GLEDE

Månadsbrev for ROSA mars 2015

DEN GODE HARDANGERKJENSLA

VAKKER TRENING I NORDFJORD

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

5 stk flotte bustadtomter til sals

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

RØLDAL. Leilighet 101, 102 og 103 BYGG 4

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Jon Fosse. For seint. Libretto

MINE EGNE CD ER : 1. Minner (2012) BARNESANGER (2010) 3. Vera i lag (2009)

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

HOLMAMYRANE PROSPEKT. Bustaddraumen i hjartet av Balestrand. Kontaktinfo NBH Sogn Eigedom as

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

«Ny Giv» med gjetarhund

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

NSK s vårtur 2010 Nordvestlandet. 28. til 30.mai 2010

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Eksklusive leilegheiter ved Grytafjorden EIDSVIK STRANDA

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Villreinkonferansen 2017

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

Informasjonshefte Tuv barnehage

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet

HOTELL & RESTAURANT KURS & KONFERANSE

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Juvet Landskapshotell

Nasjonalanleggene Hafjell & Kvitfjell - for alle disipliner

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Landskapspark, kva kan det tyde for Myrkdalen?

no ser eg atter slike fjell og dalar Blåfjellia hyttegrend ved Rondane

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

STOR FELLES ARBEIDS- MARKNAD OG VARIERT ARBEIDSLIV

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Sandeid skule SFO Årsplan

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Kva er økologisk matproduksjon?

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Beit Shalom Zion. Herzliya, Israel. Bu rimeleg og komfortabelt i nærleiken av stranda i Herzliya. Du kan også læra hebraisk

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Transkript:

Bygarden 69 nye leilegheiter vis-à-vis Myrkdalen Hotel

Med Bygarden ynskjer me å vidareføra den karakteristiske Myrkdalen-arkitekturen som hotellet etablerte. EINAR JARMUND, ARKITEKT

Sverre F. Hjørnevik Eig din del av opplevinga nyt livet i Bygarden Myrkdalen er ein av dei mest snøsikre stadane i landet. No har me nesten dobla løype- og heiskapasiteten med ein ny stolheis. Men her finn du meir enn snø: eit rikt tilbod av opplevingar lokkar stadig fleire til Myrkdalen. Både barnefamiliar og dei som vil testa grenser i flotte fjell. Både sommar og vinter. Bygarden blir vårt mest sentrale leilegheitsbygg, vis-à-vis Myrkdalen Hotel og tett på skianlegget. Bygget har sju etasjar, ein underetasje der det er planlagt velværeavdeling med behandlingsrom, badstover og treningsrom, skistallar og næringsareal. I fyrste etasje er det planlagt servering, butikk og skiutleige. I andre til sjette etasje vert det 69 flotte leilegheiter med gode og moderne planløysingar. Bygarden er teikna av Jarmund Vigsnæs Arkitekter, arkitekten bak Myrkdalen Hotel. Hotellet vart heidra med årets eigedomspris i 2013 og har fått mykje positiv omtale for spenstig og funksjonell arkitektur. Leilegheitene i Bygarden eignar seg godt for familiar, men også for skientusiastar som ynskjer å koma seg inn på marknaden. Her kan du gjera ei rimeleg investering og samtidig sikra deg gode utleigemoglegheiter. Kjøper du leilegheit i Bygarden er du midt i opplevinga. Bygget er kopla saman med Myrkdalen Hotel via kulvert, så du kan nyta godt av hotellfasilitetane, samstundes som du kan trekka deg attende og nyta livet i din andre heim. 1

Kyrre Wangen Kyrre Wangen Det er ei spesiell kjensle å koma her tidleg om morgonen. Ein kjem ned i skogen og blir møtt av utrulege mengder pudder og køyrer så mykje ein maktar. KJETIL ISAKSEN, RÅSKINN PÅ SKI

en Wa ng Ky rre ka Mi el S Sv err ef.h jør ne vik d un Bygarden Plassert tett på Myrkdalen Hotel og Myrkdalsstovo vil Myrkdalen Fjellandsby med Bygarden få sitt tredje destinasjonsbygg. Samspelet mellom desse tre bygga er starten på det som i framtida vil bli ein kompakt fjellandsby. Inspirasjon er henta frå Alpane, samstundes som ein har teke omsyn til norske solforhold og vinklar. Med Bygarden ynskjer me å vidareføra den karakteristiske Myrkdalen-arkitekturen hotellet etablerte, som er både alpin og vestlandsk. Material bruken er tilsvarande, med mørkt treverk komplementert med okergult panel og raude innslag. Balkongkonstruksjonen lagar ein beskytta arkade på bakkeplan. Bygget vil sjå slankt ut og bli oppfatta mindre enn det er, slik som hotellet. Bygarden sin underetasje og 1. etasje er fleksibelt planlagt for ulike fellesfunksjonar og næringsareal. På sikt kan det bli både badebasseng, butikkar og restaurantar her. Denne delen skil seg difor ut frå leilegheitsdelen i fasadeutforming. Dei fem etasjane med leilegheiter er effektivt planløyst med til saman 69 leilegheiter i ulik storleik. Garderobe og bad har flislagde golv og badet har flislagde veggar. Stove, kjøkken og soverom har parkett på golvet og veggane har beisa trepanel i lune fargar. Alle leilegheitene har eit lite, men effektivt kjøkken utstyrt med kvitevarer, balkong under tak og bod. 3

Myrkdalen Skiskule nja Be rt Hjo min Vinterparadiset Myrkdalen Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss Kommune, heilt opp mot grensa til Sogn og Fjordane. Fjellandsbyen ligg ein halvtimes køyring frå Voss via Vinje og vidare mot Vikafjellet. Bergen er to små timar unna med bil, og du treng verken kryssa fjell eller fjord for å koma fram. Avstanden er kort både til Sognefjorden og Hardangerfjorden. Myrkdalen byr på fantastisk skikøyring og har noko for ein kvar smak velpreparerte løyper, fine barne bakkar, store frikøyringsområde, toppturterreng og preparerte langrennsløyper. Skisenter Myrkdalen har dei siste åra vore på lista over dei mest snøsikre skisentra i Europa. Pudderalarmen går titt og ofte det er berre å nyta på ski eller brett. I januar 2014 opna me ein ny sekssetar stolheis, Storhaugekspressen, som har dobla kapasiteten i skianlegget. Myrkdalen Fjellheiser består av to sekssetar ekspressheisar, tre t-krokheisar, to tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband for dei minste. Totalt har me 20 løyper i ulik vanskegrad, barnebakkar og terrengparkar for både store og små. Skiutleige I Myrkdalen kan ein leiga alpinski, snowboard, telemark- og langrennski. Har du gløymt hjelm? Her får du låna gratis! Skiskule Skiskulen i Myrkdalen tilbyr alt av aktivitetar og opplæring på ski. Her kan du få instruksjon på alle nivå i alpint, langrenn, snowboard og telemark. 4 Daniel Rönnbäck I tillegg til tradisjonell skiundervisning kan ein bli med på barnerenn, jibbecamp, ulike skredkurs, coaching, langrennskurs og guida turar. Til topps i Myrkdalen Plassert midt blant dei vakre Vestlandsfjella, er Myrkdalen eit fint utgangspunkt om du likar å leggja feller under skia. Finnbunuten og Bjørndals kamben er flotte turar rett frå døra di. Om du set deg i bilen, opnar det seg eit mangfald av nydelege turar Skreieggi, Kaldanuten, Brekkedalen og Bakkanosi for å nemna nokre. Frikøyring Myrkdalen har blitt ein favoritt for frikøyrarar. Det er ikkje rart. Snø i store mengder, herleg terreng og effektive heisar er oppskrifta på gode pudderdagar. Langrenn I Årmotslia, rett over vegen frå skisenteret, kan du gå langrenn i preparerte løyper. Fem kilometer er lysløype perfekt for dei som ynskjer å ta ut den siste energien med ein tur etter at mørket har senka seg. Fjellski På Vikafjellet er det gode forhold for flotte fjellskiturar i dei vakre fjellområda Stølsheimen mot vest eller fjellstroka ned mot Stalheimssida mot aust. Her finn du både toppar og slake vidder området er godt eigna både for den vande fjellskiløpar og barnefamiliar som vil på pulktur og nyta snøen.

Smith Foto, Silvano Zeiter Myrkdalen eit kvitt eventyr om vinteren äck nb ön lr nie Da 5

t Hj or Be n ja mi n Kyrre Wangen Myrkdalen i sommardrakt eit aktivitetseldorado Myrkdalen i sommardrakt byr på turstiar i alle utgåver og kort veg til fjordidyll. Eit vakkert kultur landskap eller opplevingar av det adrenalinfylte slaget. Fiske Likar du å fiska er Myrkdalen eit ideelt utgangspunkt, med Myrkdalselva, Myrkdalsvatnet og Vikafjellet i nærleiken. Vandring Området rundt Myrkdalen byr på turstiar i alle utgåver rett utanfor døra di. Her er korte turar som eignar seg for heile familien, samt lengre toppturar med fantastisk utsikt. Dette er også ein perfekt innfallsport for fleirdagsturar i Stølsheimen og fjella rundt Sognefjorden. Rafting Voss Rafting tilbyr turar på Strandaelva eller Raundals elva begge elvene held topp internasjonal klasse med spanande stryk. Voss Rafting har også familierafting på Vosso her kan alle over 5 år vera med. Opplev fjorden Frå Myrkdalen er det kort veg til fjordidyll. Berre ein halvtimes køyretur unna ligg Nærøyfjorden, som er på UNESCO si verdsarvliste. Her er fjord opplevingane mange bli med på fjordcruise, gå den kongelege postvegen mellom Bleiklindi og Styvi, eller nyt fjorden frå havkajakk. Sykling Frå Myrkdalen kan du sykla, på landeveg og i terreng. Smale vegar, hårnålsvingar, fossefall, høgfjell og fjord på ein og same tur. 6 Klatrepark Voss Klatrepark byr på spanande og utfordrande aktivitetar der ein tek seg frå tre til tre ved hjelp av ulike klatre- og balanseelement. Klatreparken har ei løype for born og ei for vaksne. Voss Vind I den nye vindtunnelen på Voss kan ein oppfylla draumen om å fly og få eit minne for livet. Eit vèrsikkert og unikt aktivitetstilbod for alle over 5 år! Tandemturar Om du er ute etter opplevingar av det adrenalin fylte slaget kan du prøva tandem fallskjerm, paragliding og elvekajakk på Voss.

Benjamin Hjort Myrkdalen eit grønt paradis om sommaren äck nb ön lr nie Da 7

Daniel Rönnbäck Mikael Sund Myrkdalen Hotel velkomen inn Myrkdalen Hotel, som opna i 2012, er eit moderne fjellhotell med tre restaurantar, to barar, gode konferansefasilitetar og leikerom for dei minste. Bygarden ligg ved sida av hotellet og bygga er kopla saman med ein kulvert slik at du kan bevega deg tørrskodd mellom dei. Kulverten gir direkte tilkomst til heis i begge bygg og sikrar rask ferdsel mellom bygga. Kjøper du leilegheit i Bygarden har du sikra deg ein del midt i opplevinga. Her kan du nyta godt av hotellfasilitetane, samstundes som du kan trekka deg attende og nyta livet i din andre heim. Restaurantar På Myrkdalen Hotel får du matopplevingar på heile tre restaurantar. Maten smakar som landskapet, vilt og reint med innslag av friske overraskingar. Nuten Dette er hovudrestauranten på hotellet. Menyen vert komponert ut ifrå tilgangen på ferske og kortreiste råvarer slik at du kan nyta dei ulike smakane av Myrkdalen kvar dag. Nuten Fondue I Fondue-avdelinga skreddarsyr me ei sosial og spanande matoppleving for deg og dine vener! 8 Tunet Dette er restauranten for heile familien. Her serverer me god, heimelaga pizza og pasta til både lunsj og middag. For borna På hotellet lagar me mat som borna likar og etter ein god middag føreslår me ein tur til leikerommet Nobbe eller til Sendo, spelerommet der borna kan ha det moro med Wii, Xbox og Playstation. Pudder Afterski Når du spenner av deg ski utstyret etter ein innhaldsrik dag i bakken inviterer me på fest og moro i Pudder Afterski. Salto Lobby Bar Baren i fyrste etasje er ein hyggeleg samlingsstad der du kan synka ned i dei mjuke stolane og henta nye krefter til morgondagen. Konferanseavdelinga På Myrkdalen Hotel legg me til rette for ei optimal kursoppleving. Konferanseavdelinga er moderne og ligg strategisk plassert tett på resepsjonen. Alt er sjølvsagt flunkande nytt og møteromma er fullt utstyrt med alt du treng. I pausen kan ein nyta naturen og henta inspirasjon til neste arbeidsøkt.

Nils Petter Dale 9

Silvano Zeiter 10

11

Bygarden har 69 leilegheiter og ligg vis-à-vis Myrkdalen Hotel Bygarden ligg rett aust for hotellet, på andre sida av den 20 meter breie gå- og skigata som går gjennom fjellandsbyen. Bygarden har sju etasjar, ein underetasje der det er planlagt velværeavdeling med behandlingsrom, badstover og treningsrom, samt skistall og næringsareal. I fyrste etasje (gågate-plan) er det planlagt servering, butikk og skiutleige. I andre til sjette etasje vert det 69 leilegheiter. MYRKDALSSTO MYRKDALSS OV VA A MYRKDALEN HOTELL EKSISTERENDE VEI C+452,5 BYGARDEN C+448,7 12

Simen Berg 13

ETASJEPLAN 2. 5. ETASJE Mot vest og hotellet ETASJEPLAN 6. ETASJE Mot aust og riksveg RV13 14

15

LEILEGHEITSTYPE A Areal: 40,6 m2 BRA Soverom: 1 stk med vindu + 1 stk innvendig med innvendig vindu 16 Bad: 1 stk Bod: 1 stk (2,5 m2) Altan: 1 stk (4,6 m2)

LEILEGHEITSTYPE C Areal: 47,3 m2 BRA Soverom: 2 stk med vindu + 1 stk innvendig med innvendig vindu Bad: 1 stk Bod: 1 stk (2,5 m2) Altan: 2 stk (4,6 m2 + 3,5 m2) 17

LEILEGHEITSTYPE E Areal: 60,1 m2 BRA Soverom: 2 stk med vindu 18 Bad: 1 stk Bod: 1 stk (2,0 m2) Altan: 1 stk (3,6 m2)

LEILEGHEITSTYPE F Areal: 39,7 m2 BRA Soverom: 2 stk med vindu Bad: 1 stk Bod: 1 stk (2,2 m2) Altan: 1 stk (4,0m2) i 2. og 4. etg 19

LEILEGHEITSTYPE G Areal: 37,8 m2 BRA Soverom: 1 stk med vindu 20 Bad: 1 stk Bod: 1 stk (2,5 m2) Altan: 1 stk (3,6 m2)

Framleige gjennom Myrkdalen Hotel ei god investering Om du vil leiga ut leilegheita di i periodar kan Myrkdalen Hotel hjelpa deg. Via hotellet er du sikra eit profesjonelt sals- og marknadsapparat, handtering av inn- og utsjekk og reingjering. Som eigar treng du ikkje tenka på kontraktar, betaling og andre utfordringar. Du mottek avrekning frå oss ein gong i månaden. Det skal vera enkelt og trygt å leiga ut via oss. Inngår du avtale der du leiger ut eininga di meir enn halvparten av tida, vil me kopla opp hotell-tv og installera TV med nødvendige lisensar. Med k ulvert som tek deg og andre hotellgjester tørrskodd mellom Myrkdalen Hotel og Bygarden, og hotell-tv vert leilegheita ein integrert del av Myrkdalen Hotel. Avrekning for utleige vil skje etter ein modell der eigar mottek 65% av brutto leigeinntekter, og Myrkdalen Hotel 35%. Hotellet sine inntekter vil dekka kostnadar for sengetøy, reingjering, booking, handtering av inn- og utsjekk, marknadsføring mm. 21

Storhaugen 950 Kråni 955 19 20 18 H 19 M 7 860 17 6 A 16 sen pres eks augs B h Stor Til Voss / Vinje Løypekart Leilegheitene i Bygarden eignar seg godt for familiar, men også unge skientusiastar som ynskjer å koma seg inn på marknaden. Her får du ei rimeleg leilegheit som passar godt for utleige. Og best av alt: du kjem deg garantert fyrst i bakken. Anlegget vert stadig utvida og i januar 2014 opna ein ny 6-setars ekspressheis. Skisenteret byr no på 20 løyper av ulik vanskegrad og har store planar for utviding i åra som kjem. Skiheisane tek deg opp til 1060 meter over havet. I det nye barneområdet kan dei minste læra seg kunsten å stå på ski, og for våghalsar i alle aldrar er det rike moglegheiter til å prøva seg på utfordrande aktivitetar i parken og i endelaus puddersnø. 22 I S Vossestrand Hotell HEISAR OG TREKK/LIFTS: A. B. C. D. E. F. G. H. Myrkdalsekspressen Landsbytrekket Helgatuntrekket Kari Traa-trekket Kråni-trekket Badnabandet Badnatrekket Storhaugekspressen Type: 6-setar stolheis/chair lift Tallerkentrekk/Disc lift T-krok/T-bar lift T-krok/T-bar lift T-krok/T-bar lift Skiband/Magic carpet Tallerkentrekk/Disc lift 6-setar stolheis/chair lift Lengd: Pers/t: 1500 m 1000 m 1500 m 1350 m 1050 m 50 m 300 m 1650 m 2600 750 800 800 1000 600 800 2600 ANDRE ANLEGG: I. J. K. L. M. Terrengpark/Terrain park Årmotslia lysløype og skiskyttararena/cross country skiing slope, flood-light Hoppbakke/Ski jumping hill Freestyle arenaområde/freestyle skiing arena Skredsøkarbane/Avalanche tranceivers training area Svært lett/very easy Lett/Easy Middels/Medium Krevande/Difficult Turløype, Transportløype/ Cross country, Transfer

Logolink Finnbunuten 1358 Kaldavassnuten 1135 1060 9 8 10 D E 1 R 720 Vetlebotn Kafé 2 3 Turlø ype t C L il Ve tlebo t n 12 K 1 5 Helgatun Fjellpensjonat I T U 15 4 G 13 11 O N P Årmotslia Skiarena 14 F 450 SERVICE: N. Myrkdalsstovo billettkontor, butikk og kafé main ticket office, shop and café O. Myrkdalen Hotel restaurantar, bar, afterski og kurs/konferanse restaurants, bar and après ski P. Skipatrulje, skiskule og skiutleige Ski patrol, ski school and ski hire R. Vetlebotn kafé/café S. Vossestrand Hotell T. Helgatun Fjellpensjonat U. Ekstra billettkontor v/helgatuntrekket Ticket office at Helgatun LØYPER/SLOPES: 1. Myrkdalsløypo 2. Bygardsløypo 3. Strandaløypo 4. Landsbybakken 5. Helgatunløypo 6. Botnaløypo 7. Kråniløypo 8. Fessarholeløypo 9. Finnbuløypo 10. Kari Traa-løypo 11. Badnabakken 12. Myrkdalscrossen 13. Huldreskogen 14. Skogscrossen 15. Storesvingen 16. Leinevegen 17. Ondrahaugen 18. Overland 19. Hyrtamyra 20. Skaret Lengd: Høgd: 2000 m 1500 m 1600 m 300 m 1500 m 800 m 1100 m 1200 m 1400 m 1350 m 300 m 1600 m 400 m 500 m 600 m 1800 m 1200 m 1800 m 2800 m 800 m 400 m 400 m 400 m 60 m 275 m 210 m 240 m 240 m 340 m 340 m 45 m 290 m 45 m 45 m 45 m 400 m 355 m 440 m 440 m 150 m Kategori: 23

Sverre F. Hjørnevik 24

25

CREUNA / TRYKK: RK GRAFISK Kontakt meklar for meir informasjon Tone Ravnanger Eiendomsmegler Prosjekt MNEF Mobil +47 952 65 824 e-post: tone.ravnanger@emvest.no www.emvest.no Myrkdalen Fjellandsby AS PB 14, 5701 Voss Tlf 56 53 10 30 www.myrkdalen.no