Lustramarknaden. 30 år. 8. 14. juni 2015



Like dokumenter
Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Velkommen til songarstemne i Florø!

Månadsbrev for Rosa september 2014

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Til deg som bur i fosterheim år

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

Sandeid skule SFO Årsplan

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Månadsplan for Hare November

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Minnebok. Minnebok NYNORSK

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Sommartur til Sverige,

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Informasjonshefte Tuv barnehage

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Lyngmo-Glytten 23. årgang - September 2014 Medlemsblad GLYTTEN STATUS NYBYGG. - sjå side 3!! TID FOR HAUSTLEIRAR. - sjå baksida for informasjon!!

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

DIS- Sogn og Fjordane

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Informasjon Mangerfestivalen

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Månedsbrev april 2015

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Plassebakken Barnehage

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

mmm...med SMAK på timeplanen

No sprett knuppane og sevja stig

Jon Fosse. For seint. Libretto

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Stemnehandboka for NKSF

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

MEDLEMSINFO. august 2009

For at ungar/eldre skal bli godt kjende med oss har kun nokre elevar vore utplasserte til no nye kjem til etter nyår.

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Referat frå MINTA møte

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Transkript:

Lustramarknaden 30 år 8. 14. juni 2015 Henning Lad Geir Gjelten

Lustramarknaden 30 år I år er det jubileum for Lustramarknaden. For 30 år sidan vart den fyrste marknaden arrangert her i kommunesenteret Gaupne. Næringsliv, organisasjonar og kommune gjekk saman for å skipe noko felles for heile Luster. I år har dette arrangementet vorte til ei heil veke med arrangement og tilstellingar omkring i kommunen vår - ei verkeleg festveke. Lustramarknaden har endra seg litt og arrangørane har vore dyktige på å fornye seg alt etter interesser og trendar som kjem i tida, men sjølve marknadslaurdagen har alltid lege fast og har i dag utvikla seg til å vere den største og mest folkerike marknadsdagen i heile Sogn, og det er me utruleg stolte av. Kva har så Lustramarknaden hatt å seie Opplag Layout Trykk Redaksjonelt ansvar Redaksjonelt Annonser Framsidebilete: for kommunen vår desse 30 åra? Lustramarknaden har utan tvil vore ein svært viktig arena for å syne fram alt det spennande, nyskapande og flotte me har i Luster. Næringslivet i kommunen har ei utruleg breidde; alt i frå kreative einmannsbedrifter som leverer produkt av beste kvalitet til store høgteknologibedrifter med heile verda som marknad. Luster er óg ein stor organisasjonskommune registrert med over 170 ulike lag og organisasjonar med eit stor mangfald- alt innan kultur, kunst, idrett og friluftsliv. Mange av desse vel denne marknadsveka og marknadsdagen nettopp for å syne seg fram og presentera noko av det dei «held på med». Eg trur mange nettopp 14.000. Kjem ut i Luster, Sogndal, Leikanger, Årdal, Balestrand, Vik, Høyanger, Aurland og Lærdal IHP as Sogn og Fjordane Avistrykk Marknadsnemnda Erling Bjørnetun,Håvard Nesbø, Vilde Grønsberg Vilde Grønsberg Håvard Nesbø på Lustramarknaden har vorte kjende med nye organisasjonar og som i sitt aktivitetstilbod har vore med å skapa nye interesser hjå oss. Ekstra gledeleg er det å sjå alle dei tilreisande som kjem til Luster desse dagane, Gudbrandsdøler, Valdriser, Hallingar, Fjordingar og sjølvsagt Sogningar frå nabokommunane våre tek turen til Lustramarknaden. Svært mange er årvisse gjester, og det gledar oss mykje. Ikkje minst har Lustramarknaden etter desse 30 åra festa seg som det største fellesarrangementet i Luster kommune og styrka identiteten til oss lustringar og til kommunen me er så glad i. Eg vil på vegne av Luster kommune retta ein stor takk til alle Dykk som har bidrege med dugnad, kreativitet og stor arbeidsinnsats for å skapa denne flotte marknaden gjennom 30 år. Til lukke med jubileet og velkommen til ei flott Kulturveke i Luster kommune. Beste helsing Ivar Kvalen Ordførar 2 Lustramarknaden 2015 ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN

BLIR DET FLEIRE Lustramarknadar? Ved eit jubileum er det naturleg å sjå på erfaringane, for så å sjå inn i framtida. Eit arrangement på storleik med Lustramarknaden anno 2015 krev både god planlegging og koordinering. All planlegging er eit arbeid som MÅ gjerast uansett kva vi vil oppnå, og ein av erfaringane me i marknadskomiteen har gjort oss, er at planlegginga sjeldan startar for tidleg. Dette er først og fremst eit varsko til dei av dykk som enno ein gong oppdaga at årets arrangement kom for brått på til at dykkar lokale arrangement er kome med i programoversikta. No er det berre 6 mnd til neste program vert komponert! Det er flott å få vera med på å skapa så mykje aktivitet i kommunen. Det er òg tilfredsstillande å få oppleva noko av den allsidige kulturproduksjonen som føregår i bygdene våre som eit «krydder» i tilværet i meir enn ei veke på sommartid. I framtidsperspektivet er det òg viktig å sjå føre seg kor mykje av denne aktiviteten som vil vera levedyktig i nye 30 år. Forventningane til at alt blir servert «ferdig pakka» og gratis vert uansett ikkje mogleg å innfri. Her er det altså den eineståande dugnadsånda som Luster framleis er velsigna med som kjem til overflata saman med dyktige og kreative personar som me gjerne må få tittelæra som Luster sine Beste! I indre Sogn er det mange flinke arrangørar og artistar, lokalprodusentar og gründerar. I Lustramarknaden si arbeidsgruppe har nettopp dette vore eitt viktig tema i planarbeidet; å få fleire av dei lokale kreftene til å stå fram og vera med på å «spela oss gode». Denne totale produksjonen av opplevingar, underhaldning og trivsel er noko av det som styrkar vår identitet og sjølvkjensle. Frå komiteen si side er det òg viktig å få uttrykke TAKK til dei hovudsponsorane som har gjort arrangementet mogleg: Luster kommune, Luster Energiverk, LMI, Avery Dennison NTP og Luster Sparebank. Pyramiden senterforening, COOP Byggmix og COOP Prix Gaupne har i tillegg medverka med stor eigeninnsats i planlegginga. Med optimisme og visjonar for framtida ynskjer me velkomne til årets Lustramarknad 2015. Torfinn Watten Leiar i komiteen Svein Norberg komitemedlem Steinar Lad komitemedlem Bård Huseby komitemedlem Erling Bjørnetun komitemedlem PARKERING Lustramarknaden fekk fleire attendemeldingar om dei utfordringane som oppstår mht parkering i sentrum «marknads-laurdagen». Vaktene våre prøver etter beste evne å rettleia i retning av dei områda som er eigna og mest sannsynleg «ledige». Eit rimeleg godt tips er at dei som er på utkikk etter «sikre» plassar etter kl. 11 prøver i området frå idrettshallen og til ungdomsskulen. Alternativt er området i nærleiken av LMI /industrikaien betre eigna enn i skråninga langs FV 5 ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN Lustramarknaden 2015 3

4 Lustramarknaden 2015 ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN

7. juni Lustraløpet Søndag 7. juni vert LustraIøpet arrangert for 29. gong. Her samlast folk i alle aldrar, klare til å ta utfordringa på strak arm. Løpet har både ein aktiv klasse og ein trimklasse. Det opprinnelege Lustraløpet for den aktive klassen er på 10 km, med oppstart på Neshøgdi og målgang ved Luster oppvekstsenter. Her er det tidtaking, og frå tidlegare år har ein sett at dei raskaste brukar litt over halvtimen på mila innover fjorden. Løypa vert skildra som lettsprungen med slakk og fin unnabakke dei fyrste kilometrane, før det flatar ut og held seg slik heilt inn til Luster. Ved sida av heider og ære vankar det ein pengepremie på kr 1000,- til den raskaste kvinna/mannen inn til ungdomshuset på Nes, og kr 1000,- til den fyrste i mål ved oppvekstsenteret. Alle klassevinnarar får dessutan ei handmåla helle med lokalt motiv i tillegg til at det blir langtidspremiering for 5, 10, 15, 20 og 25 års deltaking For dei som tykkjer det å springe ei mil blir i overkant ambisiøst, kan trimklassen si løype vera eit godt alternativ. Løypa går frå Markstein til Luster og er rundt 3 km lang. I trimgruppa er det ikkje tidtaking, og her har ein alt frå deltakarar som sit i barnevogn, til dei som har runda 70. Dale skulemusikk står for underhaldningen og deltek i år for sjette gong i trimklassen. Dei har med seg instrument og spelar heile vegen frå start til mål. Ved målgang vankar det gratis betasuppe til alle som har delteke, i tillegg til vanleg kiosksal. Etter løpet er det satt opp buss som går tilbake til start på Neshøgdi. Dette er eit flott høve til å komme seg ut for heile familien i flotte naturomgivnader, og me oppmodar derfor alle til å ta turen til Luster denne dagen, anten som deltakar eller publikum. ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN Lustramarknaden 2015 5

Velkomen til hyggeleg handel på Pyramiden møteplassen i Luster! Frisøren Oddrun Høyheim Luster Fotklinikk Luster Rekneskapslag Du finn det meste på Pyramiden: god mat, godt drikke, damekle, herrekle, bornekle, frisørar, sko, gull, sølv, smykker, møblar, interiør, radio & TV, elektronikk, bøker, leiker, sportsutstyr, sportskle, blomster, medisin, måling, tapet, fliser og mykje, mykje meir... Sjå vår annonse med opningstider under Lustramarknaden i Sogn Avis 3. juni. Sogn Rekneskapskontor Nabo med Lustrabadet Gratis god parkering! 30 år 1985 2015 Pyramiden Senter Gaupne Telefon 57 68 67 05 www.pyramidensenter.no 6 Lustramarknaden 2015 ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN

8. juni Barnekonsert Allsong og viser med Geirr Visesongaren Geirr Lystrup er ein kjend og kjær trubadur blant born over heile landet. Geirr har god kontakt med ungane så med denne manne i stova blir det liv og røre og allsong oppunder taket. Historia om Maurits og den store Barnålkrigen vil vera kjend for dei fleste. Denne CDen/ boka er spela som teaterstykkje over heile landet. Ei hyggeleg landeplage blei også oppfølgaren Brakar og Joanna. Den handlar om veslejenta som tar med seg sjølvaste storbamsen Brakar heim frå blåveislia. Ingen spøk for mamma å få ein vaskekte bjønn heim på frukost! Med deg i kofferten har Geirr også den nyaste boka om Katten og Fuglene. Geirr kjem frå Vinje i Telemark, og har vore aktiv visesongar sidan han tok artium. Dei siste åra har Geirr vore husdiktar hjå utvekslingsorganisasjonen FORUT. Han har reist til Afrika og møtt vesle Yebo, på Sri Lanka møtte han Vasana og i Nepal barneheimsguten Omis. Alle blei det forteljingar og CD om. Desse tre ungane har vorte heltar i norske skular og barnehager, og gode ambassadørar for born i den tredje verda. Vi får nok møte dei alle saman på konserten Eldrekonsert Musikalsk samver Geirr Lystrup er ein allsidig trubadur med appell til både born og vaksne. På den uformelle kafekonserten i direkte dialog med publikum trivst han aller best. Her er det rom for både eigne og andres viser, ein trudelutt på gitaren og eit stev frå Vinje i Telemark der Geirr vaks opp. Geirr kallar konserten sin eit samver. Her det rom for både skjemt og alvor og ikkje minst allsong: Blåmann Blåmann, bukken min og kanskje Mari du bedåre. Og kor mange vers hugsar me på Kallen og katten hans Jokob Sande? Velkomen! ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN Lustramarknaden 2015 7

digitaletikett.no Tlf: 47 47 60 60 info@digitaletikett.no TA SUBARU SERVICE DER DE KAN SUBARU Du finn oss på Lustramarknaden Subaru merkeverksted Din Subaru er laget for å leve lenge under tøffe forhold. Din Subaru består av mye unik teknologi, og mange helt spesielle løsninger. Din Subaru er vår spesialitet, gjennom kurs, daglig trening og Subarus egne verktøy og originale deler. Din Subaru fortjener førsteklasses behandling av førsteklasses folk som mener Subaru er en helt førsteklasses bil. Ikke bytt ut originalen del for del, men gi deg selv den kvaliteten du og bilen fortjener. Velkommen! 8 Lustramarknaden 2015 ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN

10. juni Aktivitetsdag med historisk sus Saman med Hafslo Sogelag og Luster Husflidslag kan du bli med på aktivitetsdag Onsdag 10. juni, under Lustramarknaden 2015. Tradisjonar Den ærverdige Husmannsplassen Fluga, inne i Flugedalen på Hafslo. Har ein kjennskap til heilt tilbake til 1762. Ein plass som har mange løyndomar og ei spanande historie. Hafslo Sogelag har lagt ned mykje arbeid for å bevare plassen til opphaveleg autentisk stil. Fluga har blitt ein samlingsplass for historieinteresserte, både vaksne og born. Her får ein fortalt historia samt ein får innblikk i korleis ein har levd på garden opp gjennom tida. Saman med Husflidslaget får ein spikke, kansje ei seljefløyte om borken slepp, me steiker pinnebrød på bålpanna. Og mykje meir moro som har vore tradisjon for born gjennom dei siste trehundre åra. Mellom anna kjem Marit Elvekrok, med reperban, så det vert høve til å lage seg hoppeteog av gamle stoffstrimlar. Det vert også sal av kaffi og kaker, seier Kjellfrid Alme i Sogelaget. Ein aktivitetsdag fyllt med leik og moro. Det er som tida har stått stille når ein vandrar rundt på gardstunet på Fluga. Atmosfæren ein får når ein let tankane flyte tilbake i tid. Bygdafolket har bidreg med innsamling av gamalt reidskap og inventar. Med Sogelaget som primus motor, har det blitt gjort ein møysommeleg og viktig jobb med å bevare Husmannsplassen Fluga. Bli med på ein morosam og spanande dag - Me er stolte over plassen slik den framstår i dag. Me ynskjer fleire skal få ta del i lokalhistoria vår, så difor inviterar me til aktivitetsdagen. Alle er velkomne. Aktivitetsdagen byrjar klokka 16.00, avsluttar Kjellfrid Alme. ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN Lustramarknaden 2015 9

Autorisert bil- og karosseriverkstad Bil-service - me tek service og reparasjon på alle personbilmerke, nye og eldre bilar. Eu-kontroll - som offentleg godkjent kontrollorgan utfører med kontrollar. Karosseriverkstad - Ta kontakt med oss ved forsikringsskade, me reparerar for alle selskap. Me hjelper deg med skade-melding o.l. Reparsjon av bilskade, lakkering, ruteskift, rust-sveising, sjekk ut våre gunstige prisar. ESSO bensinstasjon med konkurranse dyktige prisar på drivstoff. Butikken har godt utval av olje, bilpleie- og anna bilrekvisita. ASPEN miljøbensin 2 og 4t. Godt utval av kioskvarer. Bil og hengarar til utleige. Bil og biltilhengar utleige, frå 400,- pr døgn. Varebil, pic-up, 9-seter, stor varehengar b.l.a. AGA gass forhandlar. Gaupnetunet Sommarrestaurant Ope 13.00-22.00 kvar dag heile sommaren. Heimelaga italiensk pizza og enkel a la carte meny. 35 øre bonus på drivstoff. forbrukarsamvirket medlemskort-bonus på alt Esso drivstoff. Hafslo Bilsenter as Stolpen - Tel: 57 68 35 55 E-post: hafslo-bilsenter@hafslo.no Utnytt sommaren maksimalt! Plenklyppar Viking MB 650V Kr.1.900,- i innbytte! Veil. kr 7.390,- minus innbyte Ryddesag FS 130. Veil. kr 4.990,- 2.390,- 5.490,- 17.690,- Velkommen til plask og moro! Sjå vår heimside: www.lustrabadet.no Lik oss på Facebook for oppdateringar: Lustrabadet Motorsag Stihl MS 180. Veil. kr 2.990,- Rotorklyppar Viking imow 632 Veil. kr 19.990,- 4.290,- JENS BARSNES % 908 69 388 10 Lustramarknaden 2015 ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN

10. juni På historiske vegar i Luster Trollsk, vakker og mektig. Ei kulturhistorisk livsnerve. Essensen i ord, når ein omtalar Dalsdalen i Luster. Det frodige og litt bortgøymde dalføret strekker seg ei lita mil nordover frå Luster mot Vigdal, har i uminnelege tider vore hovudferdselsåra for folk busett i Jostedalen. Heilt fram til 1960 talet. Forteljaren Under Lustramarknaden kan du bli med kjentmann Tomas Nygård på ei historisk vandring i Dalsdalen. Han er oppvaksen der og den som kjenner historia best. Me startar turen omlag midtvegs i Dalsdalen, ved Tadlagjerdet. Etter gamalt av, var dette knutepunktet i dalen. Her står blant anna det særmerkte steinselet. Det finst eit liknandes lenger framme i dalen også, men selet på Tadlagjerde har fått mest merksemd. Det er mykje historie knytt til Dalsdalen, det er mest so eg ikkje veit kor eg skal begynne, når eg skal fortelja, seier Tomas Nygård. Svartedauden Dalsdalen var kortast og enklaste veg når Jøstedølene skulle til fjorden og til kyrkje. Etter at biskop, Johan Nordal Brun reiste der då han skulle til Jostedalen på bispevisitas, har vegen blitt kalla Bispevegen. Det er vanskeleg å tidfeste kor lenge det har vore ferdsel og busetnad i dalen. Lenge før svartedauden er nok heilt sikkert. Brevsteinen er prov på dette, der la ein att beskjedar til kvarandre for å hindre smitten vidare, men som kjent så kom den krypande også til Jostedalen. Dei eldste husa i dalen i dag, er frå tidleg på 1800 talet. Og der har budd folk fram om Tadlagjerdet heilt til 1968. Han Anders Kilen, var den siste so flytta ut, fortel Tomas. Dramatikk For gardane nede med Lustrafjorden var Dalsdalen viktig. I det frodige dalføret var det,og er fortsatt gode slåttemarker og beite. Det var mykje aktivitet i Dalsdalen i tidlegare tider. Harde kår og ikkje reint so ufarleg. Det er eit skredutsett dalføre og der går fleire store skred vinterstid. Under storvinteren i 1868 gjekk det største eg har høyrt om. Av anna dramatikk så er der ei historie om eit drap, på 1800 talet, forklarar han. Ynskjer du og høyra resten og endå meir om den spanande historia til Dalsdalen, kan du bli med Tomas på ei historisk vandring i eit bedageleg pratetempo. Historiane er mange og minnet er godt. Turen fram til Kilagrindi er rekna og ta opp mot fire timar. Men ein må rekna med såpass skal ein få med seg dei interessante og spanande fortellingane til Tomas Nygård. ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN Lustramarknaden 2015 11

DU FINN OSS PÅ LUSTRAMARKNADEN! Me feirar 100 år i år og på vår stand ved rådhuset kan du bli med på: Stolpeklatring Energikonkurranse Premiering: 3 stk. gåvekort á kr 1000,- Trekning på Scena før kåringa av årets bedrift. Lurer du på korleis det er å klatre til topps i ei mast? Kom og besøk vår stand på Lustramarknaden på laurdag. Då får du høve til å prøva deg Gratis jubileumsbok 100 år i Luster Kontakt oss for installasjonsoppdrag Bustad Landbruk Hytter Næringsbygg Industri Telefon Data Brannvarsling Innbrotsalarm Overvåking Varmepumper 12 Lustramarknaden 2015 ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN

12. juni Næringsseminaret 2015 Lokal mat på alle fat Det er blitt ein tradisjon med næringsseminar under lustramarknaden. Eit seminar som er blitt godt motteke og blir stadig meir populært. Årets tema er Lokal mat på alle fat. Lokal og kortreist mat er i vinden som aldri før. Under seminaret set ein fokus på utfordringane med å driva med lokal mat. Mange er gjerne i ein oppstartsfase, og treng betre kjennskap til marknaden. Korleis skal ein stille sterkare, få fram fokuset endå meir. Seminaret er i første omgang tiltenkt næringa. Det kan vera hotell, butikkar, reiseliv og leverandørar som driv med mat. Korleis skal ein få endå større fokus på lokalmaten, nytte meir av den, og tilretteleggja slik at den når ut endå betre. Me vil diskutera moglegheitene. Seier Steinar Lad. Steinar Lad er koordinator for årets seminar, han lovar ei interessant runde med lokalmat i fokus. Geir Espe som er direktør i Coop vest kjem. Det gjer også eit par produsentar som har god kjennskap til alle ledd kring prosessen rundt lokalmat, samt representantar for reiselivet. Dei vil ha fokus på dei generelle utfordringane ein møter i dag, mellom anna råvaretilgang for produsentar. Bevistheitsgjering blant kundane står også på agendaen. Samt dette med å tilretteleggje for eit godt tilbod i alle ledd. Det er mange produsentar rundt omkring, korleis finne fram til kvarandre, og komme styrka ut, seier Lad. Målsettinga er å få endå større fokus på temaet lokalmat. Seminaret er ikkje berre for Lustringar, me ynskjer flest mogleg som har interesse for temaet og dei som ynskjer ein innføring i temaet. Me inviterer til og ta del i ein viktig og triveleg debatt kring lokalmaten vår, seier Steinar Lad. Bergstrøms Tivoli kl 14.00 19.00 ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN Lustramarknaden 2015 13

Laurdag 13. juni kl 12.00 Bli med på BALLONG- SLEPP SPANANDE PREMIAR FOR STORE OG SMÅ Heile dagen i Rådhusparken: -små overraskingar www.luster-sparebank.no Hvis hagen kunne velge Honda selvfølgelig Honda HRX 537 HY Hvis hagen kunne velge FORHANDLERLOGO Me stiller ut traktorar frå Honda IZY HRG 536 VL IMPORTØR: BEREMA AS Les mer på: www.berema.no Honda HRX 537 FAGKUNNSKAP HY SERVICE DELELAGER INNBYTTE FINANSIERING Fax: 57 68 34 65 FORHANDLERLOGO IMPORTØR: BEREMA AS Honda selvfølgelig Honda IZY HRG 536 VL Lyngmo 2, 6869 Hafslo Tlf 57 68 43 40 E-post: post@htraktor.no www.htraktor.no Les mer på: www.berema.no FAGKUNNSKAP SERVICE DELELAGER INNBYTTE FINANSIERING 14 Lustramarknaden 2015 ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN

13. juni Geir Gjelten Geir Gjelten er sjølvoppnemnd «Norges morsamaste og ærlegast lommetjuv»! På Lustramarknaden kan du både få oppleva «moro for dei minste», «svindel med smil» og ein konferansier som kan kombinere fleire rollar med ein underhaldande tone Mottoet til Geir er: Ein dag utan latter er ein bortkast dag! Bergstrøms Tivoli kl 11.00 19.00 FOLKEAKADEMIET Me skal vere tilstades med stand på Lustramarknaden. I år er vårt fokus å verve fleire medlemmar til Folkeakademiet Luster. Det viktigste er å framheve moglegheiten ved å vere personleg og kollektiv medlem. Det er viktig å få fram satsing på «Sjå verda med augo», «krafttak for song - Luster som syngande kommune» og «Framtida tilhøyrer dei unge». Sjå folkeakademiet.no Folkeakdemiet Luster formidlar helsefremjande, kulturelle aktivitetar i dei ulike bygdene i heile kommunen. I 2013 medverka 13 kollektive medlemslag og eit samla publikumstal på meir enn 5770 til heile 73 opplevingar. ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN Lustramarknaden 2015 15

Du treff oss på Lustramarknaden! Hans Roald, Håkon og Audun kjem. Me har med oss demobilar frå VW, Audi og Skoda. Berge & Co AS Sogndal 57 67 57 00 - www.berge.no 16 Lustramarknaden 2015 ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN

13. juni Luster Trekkspelklubb, i den rekkjefølgja me står oppstilt ved framføring. Johan Heltne - Osvald Eide - Marit Sjåstad - Stein Næss - Sverre Høgemo - Jon Lunde - Jan Sjåstad kontrabass. Luster Trekkspelklubb Folkemusikk står høgt i programmet til Lustramarknaden. Konserten har lange tradsisjonar og artistane har opp i gjennom åra vore både mange i talet, og representerte eit rikt utval av dei aktive utøvarane me har hatt og framleis har i indre Sogn. I år er det Luster Trekkspelklubb som får opna programmet på laurdagen med ein times konsert frå scena i Rådhusparken i Gaupne. Sogndal Storband Musikk har i fleire år vore ein viktig del av Lustramarknaden, noko som óg blir gjeldande under årets marknad. Ved utescena i Gaupne 13. juni kl. 15.00 får publikum moglegheit til å sjå og høyre Sogndal Storband opptre, eit lokalt band som vart etablert allereie i 1979, og som denne sesongen kan skilte med heile 21 medlem frå Sogndal og Leikanger. Fordelt på desse 21 medlemma finn me seks saksofonar, fire trompetar, fem tromboner, piano, gitar, bass og trommer (x2), og vokalistar. I løpet av vinteren har lyden av salsamusikk prega øvingslokala til storbandet, noko ein vil få oppleve på utekonserten på Lustramarknaden. Den klassiske storbandmusikken blir sjølvsagt og med, representert ved blant anna Count Basie og Sammy Nestico. Når ein kombinerar dette med smakfulle vokallåtar frå Henning Lad og Jonas Nyløy Navarsete,kan ein nærast garantere at her blir det musikk for einkvar smak. ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN Lustramarknaden 2015 17

Stort utval av lokal mat og grillmat - Alltid mange gode tilbod Velkommen til ein god handel! Kom innom oss på Lustramarknaden og sjå vårt store utval i Hagemøblar og grillar Coop byggkonto en enkel måte å betale på Bli medlem se coop.no 18 Lustramarknaden 2015 ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN

13. juni Luster sine Beste Me tek opp att tradisjonen med å presentere Luster sine Beste frå Ungdommen si Kulturmønstring. «Fortunsdølen» Sindre Steig saman med Henning Lad var mellom dei som gjekk vidare til Fylkesmønstringa i Førde. Henning Lad har vore Sogn og Fjordane sin «representant» på Landsmønstringa fleire gonger, medan Sindre Steig gjekk vidare til Landsmønstringa i år som medlem i ei gruppe som kalla seg «Firdacrew», og med eit innslag som repr. frå Gulen kommune. Begge skal me få sjå og høyra på til Lustramarknaden 2015. ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN Lustramarknaden 2015 19

2015 FREDAG 12. JUNI LAURDAG 13. JUNI 22.00-01.30 FESTIVALBUSS BEGGE KVELDANE Festival-camp på Sandvik Camping! MEIR INFO: parken.gaupne.no ELLER Fredag: 450/500,- Laurdag: 400/450,- Festivalpass : 700/850,- VÅRE STØTTESPELARAR: Sandvik Sko SOGN 20 Lustramarknaden 2015 ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN

14. juni Årets korpskonsert Gaupne skule- og ungdomskorps spelar opp både til innmarsj og konsert under Lustramarknaden 2015, slik dei også gjorde det i 2010 og 2011. Etter planen får me også oppleva drillkorpset. ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN Lustramarknaden 2015 21

FAO KONTROLL PAO sommaren! MF 5610 MF 3630 Jubileumspris fra: 480.000,- eks. mva KAMPANJE RENTE MAI 1,99 % Jubileumspris: 280.000,-* eks. mva KUHN GMD 600 GII 2,40 M SKIVESLÅMASKIN Kun 1 stk. Veil. pris kr. 64 770,- KUHN BKE 210 BEITEPUSSAR Kun 1 stk. Veil. pris kr. 39 900,- PELTOR ØyREKLOKKER M/BLUETOOTH STØyNIVÅ RADIO Messepris: 58.000,- eks. mva 2.999,- 4.999,- inkl. mva Art. nr.: 20955 TORO AUTO 55 Jubileumspris: inkl. mva Representant fra OttadalenMølle blir med oss heile dagen. Vi lagerførar kraftfôr til alle dyreslag! 9.490,- inkl. mva Messepris: 39.900,- eks. mva JONSERED FR 2213 MA Lettkøyrd, kompakt Frontrider med automatisk transmisjon og 94 cm mulcherklyppeaggregat. Kun 2 stk. Art. nr.: 20956 TORO AUTO 55 E Med Elstart: Eik-pris: 5.999,- 29.990,- inkl. mva LUsTraDaGar 2015! ROBOTGRASKLyPPAR GARDENA R50Li Arbeidar sjølvstendig og ladar automatisk. Klypp graset utan å løfta ein fing! Eiksenteret Sogndal Skjeldestad Tlf: 57 67 18 57 22 Lustramarknaden 2015 ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN

14. juni Allsong i Parken Etter at Luster kommune blei ein «syngande kommune» i det nasjonale prosjektet Krafttak for song, og FA Luster vart ein av fleire aktørar som ville vera med å auka song- og musikkaktivitetane i kommunen, har ideen om å gjera noko «spesielt» utvikla seg til dette prosjektet med «Allsong i Parken». Ulike allsongprogram har vore sendt på riksdekkande TV, der fleire kjende kulturpersonlegdommar har opptredd samstundes som publikum er med på å synge. FA Luster si rolle er på eige initiativ, og i samarbeid med andre kollektive medlemsorganisasjonar, å få til song- og musikkaktivitetar. Siste arrangement var Kulturkvelden i Hafslo Samfunnshus, der Hafslo Songlag var aktive saman med andre kor og aktørar. Der kunne FA Luster nytte prosjektmidlar til arrangement innafor tema «Song i Lokalsamfunnet» og dermed oppfylle dei overordna føresetnadene som kjem frå «Krafttak for song» som er prosjektorganisasjonen på landsbasis. Jostedal Songkor har òg hatt arrangement både i «Syng Ut»- veka i mars og nyleg ved «Vårsong» i Jostedal Samfunnshus. Koret «Sprø songglede» har óg vore med på å få til allsongprogram ved omsorgssentra. Heilt konkret er planen i år å få til minimum tre ulike arrangement innafor kvart av temaa : Song for born og unge, Song for eldre, Song og inkludering, Song og helse og Song i lokalsamfunnet. Allsong i Parken er i år satt saman av lokale artistar: To Purke og Ein Gris, samt eit av dei lokale kora: Jostedal songkor. Dei skal stå for eigne innslag samstundes som dei skal leia allsongen i Parken i Gaupne, søndag ettermiddag den 14. Juni frå kl 15-17. Det blir lagt inn ein pause med servering. Samarbeidet om arrangementet er og basert på fleire frivillige aktørar. Målet på sikt er å få til eit allsongkonsept både for born, unge, vaksne og eldre. Vel møtt! ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN Lustramarknaden 2015 23

Kulturveka i Luster 7.-14- juni Dato Dag kl. Aktivitet Stad Medarrangør 07.06 Søndag 11.00 Lustraløpet Neshøgda - Luster Luster i.l. 08.06. Måndag 11.00 Geir Lystrup konsert Hafslo b. & u. skule Folkeakademiet Luster. Måndag 14.00 Kunstutstillinga opnar Pyramiden, Gaupne Luster kunstlag Måndag 16.00 Geirr Lystrup-konsert Hafslo omsorgsenter Folkeakademiet Luster 09.06. Tysdag 11.00 Geirr Lystrup-konsert Gaupne skule Folkeakademiet Luster Tysdag 16.00 Geirr Lystrup-konsert Gaupne omsorgsenter Folkeakademiet Luster Tysdag 17.30 Geirr Lystrup-konsert Luster omsorgsenter Folkeakademiet Luster 10.06. Onsdag 16.00 Aktivitetsdag, Hafslo Husmannspl. Fluga Luster Husflidslag Onsdag 18.00 På historiske vegar Dalsdalen, Luster Luster sogelag 11.06. Torsdag 14.00 Bergstrøms Tivoli Gaupne Torsdag 15.00 Open dag i Lustrabadet Skliekonkuranse kl.18 Gaupne Lustrabadet 12.06. Fredag 14.00 Bergstrøms Tivoli Gaupne Fredag 14.00 Lokalmat på alle fat! Gaupnetunet Luster Næringsforening Fredag 21.00 LUSTRABALDER Parken, Gaupne A/L Parken 13.06. Laurdag «Den Store Marknadsdagen», Gaupne sentrum Laurdag 10.30 Konferansier: Geir Gjelten, «Norges ærlegaste lommetjuv» Laurdag 10.45 Folkemusikk-konsert: Luster Trekkspelklubb Rådhusparken Folkeakademiet Luster Laurdag 11.00 Bergstrøms Tivoli Gaupne Laurdag 11.45 Korpskonsert Rådhusparken Folkeakademiet Luster Laurdag 12.30 Lydprøvar Laurdag 13.00 Luster sine Beste: Sindre Steig og Henning Lad Rådhusparken Folkeakademiet Luster Laurdag 14.00 Prisutdeling - åretsbedrift + ulike stipend Rådhusparken Laurdag 15.00 Sogndal Storband Rådhusparken Folkeakademiet Luster Laurdag 21.00 LUSTRABALDER Parken, Gaupne A/L Parken 14.06. Søndag 12.00 Bergstrøms Tivoli Gaupne Søndag 14.00 Bunadsutstilling Dalsdalen, Luster Bjørg Hovland Søndag 15.00 Allsong i Parken Parken, Gaupne Folkeakademiet Luster 24 Lustramarknaden 2015 ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN