VEDTEKTER FOR SANDE NORD STORVALD (ajourført 07.04.2008) 1 Sande Nord storvald Sande Nord storvald er ein samanslutning av rettshavarar innafor område som går fram av paragraf 3. Medlemmane har avgrensa ansvar. 2 Målsetjingar og arbeidsfelt Valdet skal samle rettshavarane i dei tidlegare små valda i området for å forvalte hjorteviltet som ein del av næringsgrunnlaget i landbruket. Valdet har som overordna mål å forvalte hjortestamma på ein slik måte at ein sikrar ein optimal og vedvarande produksjon og avkastning, sunne og friske dyr, god kjønns- og aldersfordeling og med passande stammestorleik i forhold til leveområde si bæreevne (beitetilgong) og skadepress (skog og innmark) for anna verksemd. Valdet skal arbeide med hjorteforvaltninga. Valdet skal sikre ei planbasert grunneigarstyrt forvaltning, samt gjera fordeling av fellingsløyvar mellom medlemmane. Valdet skal og vere aktive i arbeidet med å auke kompetansen til medlemmane innafor saksområdet, samt arbeide for ei etisk jaktutøving med viltlovens 19 som overordna mål. 3 Avgrensing Storvaldet omfattar jaktfelta Skudalen, Fossevik/Foss/Grøvlebakke, Skagen/Birkeflet/Lien, Sande/Alværa, Hatlebrekke/Noss/Undeland, Myrmel og Lunde/Lundekvam. Sjå vedlagt kart (vedlegg 1). 4 Medlemskap Innmelding skjer ved underteikning av innmeldingserklæringa (sjå vedlegg). Det skal gå fram av erklæringa kva rettar og plikter som er knytt til medlemsskapet. Dei tidlegare valda melder seg inn i storvaldet som jaktfelt. Det er kvart enkelt jaktfelt som er medlem i laget, den enkelte grunneigar er representert gjennom jaktfeltet. Ved slutten av kvar planperiode (som regel 3 år) har grunneigar høve til å trekkje sin eigedom ut av storvaldet. Utmelding må skje skriftleg til leiaren i storvaldet innan 31. desember siste året i planperioden, og vert gjeldande f.o.m. følgjande år. Rettshavar som trekkjer sin eigedom ut av valdet kan ikkje gjere krav på part i valdet sitt fond eller andre eigedelar. 5 Partar Medlemmane vert tildelt partar i storvaldet etter jaktfeltets teljande areal (sjå vedlegg). Storvaldet sitt teljande areal vert sett til 100%, og antal partar tilsvarar jaktfeltet sin prosentdel avrunda til heile tal. Jaktfelta skal også ha røystepart lik den prosentvise delen av teljande areal kommunen har godkjent for eigedommane i jaktfeltet. 6 Arbeidsår 1
Rekneskaps- og arbeidsåret følgjer kalenderåret. 7 Årsmøte Årsmøte skal haldast innan 15. April kvart år. Årsmøte skal kallast inn av styret. Innkalling skal vere skriftleg og skje minst 14 dagar før årsmøtet. Sakliste skal leggjast ved. Saker som medlemmane ønskjer å ta opp på årsmøte må leverast til styret innan utgongen av februar. Årsmøte kan ikkje fatte bindande vedtak i andre saker enn dei som er nemnd i innkallinga. Alle rettshavarar (grunneigarar) i valdet har møte- og talerett. Berre medlemmar (jaktfelta) har røysterett. Vedtak på Årsmøte vert fatta med vanleg fleirtal mellom dei frammøtte med røysterett. Endring i vedtektene krev 2/3 fleirtal blant dei frammøtte med røysterett. Unnateke er endring av vedtekter i 3. Endringar her er ikkje årsmøtesak, utmeldingar og søknad om innmelding skal handsamast av styret. Dersom minst ein medlem krev det, skal det nyttast gradert røysting. Då gjev kvar part rett til ei stemme. Årsmøtet vert leia av styret sin leiar. Årsmøtet skal: Vedta årsmelding, arbeidsplan for kommande år, rekneskap og budsjett. Vedta styret sitt framlegg til bestandsplan, avskytingsplan og reglar for jaktutøvinga. Handsame innkomne saker. Velje eit styre: o Leiar for 1 år o Nestleiar for 2 år o 5 styremedlemmar for 2 år (på det fyrste årsmøtet veljast 2 for 1 år) o 1 representant til hjorteutvalet for 2 år Velje valkomité blant grunneigarane i storvaldet Styret skal vere sett saman av ein representant frå kvart jaktfelt. Før Årsmøte skal jaktfeltansvarleg kalle inn grunneigarane i feltet til eit møte der det veljast to representantar (derav ein jaktfeltansvarleg). Desse skal representere jaktfeltet i avrøysting på Årsmøte og er kandidatar når Årsmøte skal velje leiar og nestleiar. 8 Ekstraordinært årsmøte Dersom styret eller minst 1/3 av partane krev det, skal det kallast inn til ekstraordinært Årsmøte. Innkalling til og sakshandsaming på eit ekstraordinært årsmøte følgje same reglar som ordinært årsmøte. 9 Styret Valdet vert leia av eit styre på 7 personar. Styret vel sjølv kasserar og sekretær. Styret kan gjere vedtak når alle i styret har fått innkalling og minst halvparten er til stades. Avstemmingar i styret skjer ved vanleg fleirtal. Ved lik avrøysting har leiar dobbeltrøyst. Om leiar er fråverande har møteleiar dobbeltrøyst ved lik avrøysting. 2
Styret skal: Arrangere Årsmøte, legge fram årsmelding og rekneskap samt komme med framlegg til arbeidsplan og budsjett. Arbeide for ei langsiktig og best mogleg forvaltning av hjorteviltet jfr. 2. Lage framlegg til bestandsplan for hjortevilt i valdet, med mellom anna: - Framlegg til årleg kvote. - Framlegg til kjøns og aldersstruktur i jaktuttaket. - Framlegg om lengda på planperioden - Framlegg om fordeling av jaktkvoten mellom medlemmane, med reglar for jaktutøving Utarbeide framlegg til avskytingsplan til årsmøte. Søkje kommunen om godkjenning av avskytingsplan på grunnlag av årsmøtevedtak. Gje god informasjon til medlemmane om faglege spørsmål. Gjennomføre tiltak som sikrar auka kompetanse i utmarksforvaltning blant medlemmane. Gjennomføre dei vedtaka som vert fatta av årsmøtet Det skal førast protokoll over styret sitt arbeid. 10 Valkomité Valkomiteen skal legge fram forslag til leiar på Årsmøte. 11 Økonomi Sande Nord storvald er ansvarlige for finansiering av eiga drift. 12 Oppløysing Oppløysing av valdet kan gjerast med 2/3 fleirtal på eit ordinært årsmøte dersom halvparten av røystepartane er tilstades. Dersom det møter færre partar, kan laget oppløysast på nytt årsmøte med vanleg fleirtal blant dei frammøtte. Før oppløysing må alle økonomiske tilhøve vere i ordna, og laget sine eigedelar skal fordelast på medlemmane etter partar. 13 Tvist Alle tvistar mellom laget og medlemmane eller mellom medlemmane innbyrdes om tolking og gjennomføring av vedtektene skal avgjerast med bindande verknad for alle partar av ei voldsgiftsnemnd på tre medlemmar. Av disse vel partane eit medlem kvar. Det siste medlemmen skal oppnemnast av sorenskrivaren i Sunnfjord. Vedtak i nemnda skal grunngjevast. Nemnda følgjer reglane i rettargangslova ( Jfr. Lov om rettargangsmåten for tvistemål av 13. aug 1915 nr 6, kap 32) Desse vedtektene gjeld frå og med 01.05.05, med revisjon gjeldande frå 07.04.2008 3
Vedlegg 1 Kart over storvaldet Vedlegg 2 Fordeling av partar i Sande Nord storvald Felt Namn Areal Partar 32 Skudalen 4990 17 33 Foss/Fossevik/Grøvlebakke 3956 14 34 Skagen/Birkeflet/Lien 3153 11 35 Sande/Alværen 4808 16 37 Hatlebrekke/Noss/Undeland 4006 14 38 Myrmel 3090 11 39 Lunde/Lundekvam 5196 18 Sum teljande areal 29199 100 4
ERKLÆRING FOR INNMELDING AV GRUNNEIGAR I JAKTFELT.. (Namn) melder seg med dette inn i.. (namn på jaktfeltet) 1. Så lenge medlemskapen varer har jaktfeltet som medlem i Sande Nord storvald fullmakt til å vedta forvaltningsplan (eller driftsplan) for hjort, fordele fellingsløyve og gjennomføre tiltak som er nemnd i vedtekter og retningslinjer for valdet. 2. Medlemmen er kjend med dei rettar og pliktar som er knytt til medlemskapen. 3. Medlemskapen er bindande, men kan seiast opp skriftleg innan 31. desember siste året i planperioden og utmeldinga vert då gjeldande frå og med påfølgjande år. Namn Adresse. Gnr/ bnr:..... Stad, dato.. Underskrift 5
ERKLÆRING FOR INNMELDING AV JAKTFELT I SANDE NORD STORVALD Tidlegare vald..nr melder seg med dette inn som jaktfelt i Sande Nord storvald. 1. Så lenge medlemskapen varer har Sande Nord storvald fullmakt til å vedta forvaltningsplan (eller driftsplan), fordele jaktkvotar og setje i verk tiltak i høve til vedtekter og retningslinjer vedtekne på Årsmøte. 2. Jaktfeltet er kjend med dei rettar og pliktar som er knytt til medlemsskapet 3. Medlemskapen er bindande, men kan seiast opp skriftleg innan 31.12 siste året i planperioden og vert gjeldande frå og med etterfølgjande år. Leiar i jaktfeltet: (namn og adresse). Dekar teljande areal:. Jaktfeltet inneheld følgjande eigedommar: 6
Vedlegg; rapporteringsskjema Sande Nord. 7