Reisemål Ryfylke. guide 2007. - Der fjordeventyret tek til. Finnøy Hjelmeland Suldal. www.ryfylke.com



Like dokumenter
GUIDE Der fjordeventyret tek til FORSAND STRAND HJELMELAND SULDAL SAUDA.

Kolumbus... Billettar og busskort... Nyttig informasjon... Helgedagsendringar... Opningstider og kontaktinformasjon Kolumbus - sjå baksida

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Turnéplan: VENNINNER - tre er ein for mye, Ryfylke H15

STØLSUTLEIGE I GLOPPEN

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Spørjeundersøking om sentrumsområde

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

Til deg som bur i fosterheim år

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

5 stk flotte bustadtomter til sals

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Korleis reiser du som er elev eller pendlar mellom Suldal og Sauda? Kollektivtransport til Sand på skuledagar

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Hytte på høgfjellet så nær at du får tid til å nyte naturen og dei nære ting så ofte du vil.

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Juvet Landskapshotell

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

Turmål Vestre Slidre. 1 Kvithøvd (1001 moh)

Storestølen Fjellstue

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

15-30 personar i enkle og doble rom Vi har pr. dato ikkje reservert rom for gruppa dykkar.

I Sauda er du i takt med naturen. Her kan du gripe mulighetene naturen gir. og oppleve hele spekteret mellom fjord og fjell.

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Turnéplan: VENNINNER - tre er ein for mye, Ryfylke H15

Rogaland fylkeskommune P.b. 130, 4001 STAVANGER Arkitekt Eckhoffs gate 1, 4001 STAVANGER

Smølåsen er for dem som elsker å være ute i naturen. 11 hytter i Smølåsen på Fidjeland i Sirdal

Forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure, Rogaland

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

STI GJENNOM LERKESKOG

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Eksklusive leilegheiter ved Grytafjorden EIDSVIK STRANDA

Sommartur til Sverige,

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Vårens franske eventyr. Ryfylke Juni. traction avant #ds # 2cv # sm # hy # cx # mehari # dyane # ami # gs # bx # xm # xantia

Brukarrettleiing E-post lesar

Forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure, Rogaland.

Ferje fra Fiskepiren, Stavanger - Tau. Alle ser godt i auditoriet. Mandag kort dag ( ), torsdag delt dag ( og ).

Turstiar i Kvinnherad

GENERALFORSAMLING Stavanger juni. Invitasjon. og program

NSK s vårtur 2010 Nordvestlandet. 28. til 30.mai 2010

Forsand kommune. INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Januar 2011

Invitasjon til samling i Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap Rosendal august 2008

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Mankoliste stempelillustrasjoner Rogaland

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Turnéplan: Den stygge andungen 15/16

Referat frå MINTA møte

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Dublin juli 2018

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Stemnehandboka for NKSF

Dato og stad. Stord Petanqueklubb er arrangør av Norgesmesterskapet i Petanque 2018.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

GODT Å MYKJE Å KJEKT Å

Rapport resultat spørjeundersøking

Opningstider og kontaktinformasjon for Kolumbus, sjå baksida. Tau - Bjørheimsbygd - Årdal - (Fister) - Hjelmelandsvågen

Kulturskatten er ein konkurranse der det gjeld å finna fram til kulturminna me har merka av på kartet.

Sølvgarden Hotell og Feriesenter AS

Turmål Vestre Slidre kommune Kvithøvd 1001 moh 25 poeng

Velkommen til Høylandet kommune!

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Leiligheter til salgs på Lofthus. Prisantydning: BRAs: Rom: Eierform: Adresse:

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit /

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Ad hoc arbeidsgruppe i Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som

Fra tare til tind. m/ HEMO Travels Vårskitur 2012

STOR FELLES ARBEIDS- MARKNAD OG VARIERT ARBEIDSLIV

Forvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder Fakta om kommunen (pr )

EINHAUGEN Ein bit av Halsa kan bli din!

Invitasjon til Landsmøtet mai - 2. juni i Sandnes/Egesund

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

RIKET VESTAFOR KVARDAGEN

MEDLEMSINFO. august 2009

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Minnebok. Minnebok NYNORSK

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

6-åringar på skuleveg

Quality Hotel Klubben ligger sentralt på bryggekanten i Tønsberg.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Ønsker å bestille krus: (Maksimum ett per person) Ønsker å bestille diplom: Navn:

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Frøylandsbakken. Velkomen til Frøyland og Kvernaland! Siste byggetrinn 18 bustader på Kvernaland

Transkript:

Reisemål Ryfylke guide 2007 - Der fjordeventyret tek til Forsand Strand Finnøy Hjelmeland Suldal Sauda www.ryfylke.com

Reisemål Ryfylke ryfylke - oversiktskart Halhjem Odda Bergen Newcastle N O R G E Oslo FjordNorge Haugesund Tysnesøy Sandvikvåg Sandefjord RY F Y L K E Larvik Stavanger S V E R I G E Sandnes Newcastle Egersund Kristiansand Husnes Newcastle Stord Mosterhamn Hirtshals Sunde D A N M A R K Hanstholm Leirvik Valevåg Skånevik Hardangerfjorden Folgefonna H A R D A N G E R E134 S A U DA Odda/Bergen 13 Fjordvegen E134 13 Røldal Røldalsvegen Oslo over Haukeli Haugesund E39 Sjernarøyane Ombo Nesvik Eidssund Boknafjorden Randøy Hjelmeland Arsvågen FINNØY Mortevika 519 JudabergFister Hanasand Fogn Årdal RENNESØY Mosterøy S T R A N D 13 KVITSØY E39 Stavanger Lufthavn Sola Aksdal TYSVÆR Nordsjøvegen VINDAFJORD Nedstrand E39 Tau Åmøy Sør- Rennfast Hidle Idse Stavanger Sandnes 13 Ølen Vikedal 46 Etne Ropeid Sandsfjorden Jørpeland Saudasjøen Preikestolen Saudafjorden Sand Jøsenfjorden Lysefjorden F O R S A N D Oanes Forsand Lauvvik Frafjord Sauda 13 Ryfylkevegen/ Fjordvegen Hebnes Jelsa Erfjord 520 Hylen Suldalsosen S U L DA L H J E L M E L A N D Kjerag Suleskarvegen Lysebotn 45 13 R Y F Y L K E Blåsjø Lysevegen Nesflaten Ålgård Bryne Nærbø E39 J Æ R E N GJESDAL Byrkjedal Egersund/Kristiansand E L L E N J E P S O N C Sjå også utbrettskartet på siste side og under kvar kommune 2 www.ryfylke.com

Reisemål Ryfylke Innhald Velkommen til Ryfylke 6 Korleis kome til Ryfylke 7 Kva skjer i Ryfylke 8-9 Vandring 10 Sykling 11 Fiske og båtliv 12-13 Mat frå Ryfylke 14 Kurs og konferanse 15 Vinter i Ryfylke 16-17 Forsand, Lysefjorden, Preikestolen 18-27 Strand 8-39 Finnøy 40-45 Hjelmeland 46-55 Suldal 56-65 Sauda 66-73 Under kvar kommune finns følgjande opplysningar / annonsar: turistinformasjon, kart, attraksjonar, aktivitetar, turområde, vintertilbod, arrangement, gjestehamner og friluftsområde ved sjøen, tømestader for bubilar, miljøstasjonar, hotell/hytte/ camping, transport, butikkar / daglegvare, spisestadar. Regionale annonser, ruteinformasjon 74-78 Rundturar i Ryfylke 79-81 Oversiktskart 82-84 reisemål ryfylke as Denne guiden er utgitt for fri distribusjon av Reisemål Ryfylke i samarbeid med kommunar og reiselivslag. Dei lokale reiselivskontaktane har henta inn opplysningar og bilete frå kvar sin kommune. Guiden gjeld for 2007. Guiden er trykt desember 2006 i eit opplag på 140.000 eksemplar, på språka norsk, engelsk og tysk. Informasjon og annonser er henta inn september 2006. Reisemål Ryfylke tek ikkje ansvar for mogelege manglar og trykkfeil. Under utarbeidinga har våre konsulentar vore: Steinar Iversen Reklamebyrå / Kart v/ellen Jepson Engelsk omsetjar: Olav Grinde / Tysk omsetjar: Ulrich Linnemann Trykk: Norprint Rotasjon as / Tellus Forside foto: Erik Van der Peere Preikestolen ved Lysefjorden Små bilete: Hanne Sundbø, med mindre anna er angitt. www.ryfylke.com

Reisemål Ryfylke Utforsk ryfylke - heile året! Preikestolen og Lysefjorden sjå under Forsand Kjeragbolten sjå under Forsand Suldalsdampen - sjå under Suldal Vinter - sjå side 16-17 Hesby kyrkje sjå under Finnøy Få opplevingar og besøk festivalar! Sjå side 8-9 og under kvar kommune 4 www.ryfylke.com

Reisemål Ryfylke ei mengde aktivitetstilbod ventar deg Ver aktiv! - anten du vil gjera ting på eiga hand eller i ei gruppe. Laksesafari sjå under Suldal Flørlitrappa sjå under Forsand Sykkelturar sjå side 11 og Finnøy Sightseeing på Lysefjorden sjå under Forsand Rv 520 Ryfylkevegen over Saudafjellet - sjå under rundturar Bu heilt enkelt eller som ein lord For grupper og kurs- og konferansegjester finst mange tilbod! Sjå www.ryfylke.com www.ryfylke.com 5

Reisemål Ryfylke VELKOMmEN Frå sør møter du fjordane i Ryfylke. Kommunane Forsand, Strand, Finnøy, Hjelmeland, Suldal og Sauda inviterer til varierte opplevingar året rundt. Lat denne guiden gje deg lyst til å utforske Ryfylke i år! Her er samla eit vell av informasjon til deg som er gjest eller fastbuande, både for kvar kommune og tematisk. Bruk eigen bil eller sykkel på turforslaga, prøv sightseeingbåt eller andre organiserte turar, eller ta beina fatt på dei mange turstiane og vinterløypene. Sov og et godt. Guiden viser no tilboda for alle sesongar, så utforsk Ryfylke heile året! Vennleg helsing Hanne Sundbø Dagleg leiar, Reisemål Ryfylke NB! Retningsnummer til Norge: +47 Verdas største Jærstol, Hjelmeland Foto: Hanne Sundbø Fjordidyll, Strand Foto: Hanne Sundbø 6 www.ryfylke.com

Reisemål Ryfylke KORLEIS KOME HIT Kortaste vegen med bil, buss eller sykkel: 1 Frå Bergen: Gjennom Hardanger til Røldal, ca 200 km, 1-2 ferjer. 2a Frå Haugesund: Langs E 134 til Nedstrand (ca 50 km + ferge til Stjernarøy) eller Rv 46 Ropeid, ca 85 km. 2b Frå Haugesund: E39 over Bokn, ferge til Rennesøy, ferge frå Hanasand til Judaberg på Finnøy, ca 55 km. 3 Frå Stavanger: Ferje til Tau, 30/40 min. eller køyr gjennom Rennfast-tunnelen (avgift), over Rennesøy til Hanasand til Judaberg på Finnøy, 30 km + ferge til Finnøy. 4 Frå Sandnes: Langs Rv 13, 24 km til Lauvvik, ferge 10 min. til Oanes. 5 Frå Egersund: 74 km frå Egersund til Lauvvik, ferge til Oanes. (192 km Kristiansand - Egersund). 6 Frå Kristiansand: På Rv 9 til Brokke, deretter Rv 45 til Suleskar og videre til Lysebotn (220 km), vinterstengd veg. Alternativt følg Rv 9 opp gjennom Setesdal til Røldal, ca 300 km. 7a Frå Oslo: Gjennom Telemark på E134 over Haukeli til Ryfylke via Røldal, ca 340 km. 7b Frå Oslo: Start frå Oslo som 7a, men ta av i Telemark på Rv 45 til Suleskar og vidare til Lysebotn, ca 300 km. Vinterstengd veg. Ferge frå Lysebotn (Evnt. Rv 45 vidare til Sandnes og Lauvvik). 8 Frå Larvik: På Rv 36 opp til Seljord i Telemark, og vidare som 7a (E134) via Haukeligrend, eller 7b på E134/Rv 45. Hurtigbåtar: Hurtigbåttilbod frå Stavanger til Tau, Fister, Judaberg, Hjelmeland (via Judaberg), Jelsa, Ropeid og Sauda. Elles eit mangfaldig hurtigbåttilbod internt i Ryfylke. Bussamband vidare. Sjå www.kolumbus.no Internasjonale flyplassar: Oslo, Bergen, Stavanger, Haugesund og Kristiansand. Internasjonale ferjeruter: Til Kristiansand, Egersund, Stavanger, Haugesund, Bergen, Larvik og Oslo. Tog: Jernbane til Stavanger og Bergen frå Oslo. Ekspressruter- Buss: Til Stavanger frå Oslo, Kristiansand, Bergen og Hamburg. Ferjer og lokalbussar: Innan Ryfylke sjå www.kolumbus.no www.ryfylke.com 7

Reisemål Ryfylke Kva skjer i Ryfylke FEBRUAR Skisesesongen i Sauda og Suldal er i full gong. Skibåt frå Stavanger - Sauda. 16. 18. Super G Sjå under Sauda. 24. Big Jump Sjå under Sauda. Mars Kvit vinter i heiområda og i Svandalen, Sauda. Ta båten til fjells! Sauda og Suldal har enno skiføre 9. 10. Stavanger 2008 (prøve) Sjå under Sauda. 23. 25. Sauda Snøfestival Sjå under Sauda. 31. 1.apr Zporty Snøfestival, Gullingen Sjå under Suldal. April Vert det vinterleg eller vårleg påskefeiring på deg? Ta båten til fjells! 31.mar 1. Zporty Snøfestival, Gullingen Sjå under Suldal. Offisiell opning av Rasmus Løland-markeringa på løland Sjå under Suldal. 7. Påskedans Sjå under Finnøy. 13. 14. Sauda Backcountry Challenge Sjå under Sauda. 28. Lam - Vårens gildaste eventyr Sjå under Finnøy. Mai Tidleg vår ved fjorden og på øyane, 17. mai i alle Ryfylke sine små bygder bør opplevast! Lokalt arrangerte fotturar med guide startar opp no, sjå www.ryfylke.com Mølleparken kvar søndag Sjå under Strand. Hovudmarkeringa av Rasmus Løland Sjå under Suldal. 5. Lam - Vårens gildaste eventyr Sjå under Finnøy. Juni Fruktbløming langs fjordane, sjå for deg hausten med modne eple, plomme og bær! Vinterstengde vegar (Røldalsfjellet, Lysevegen) skal vera opna no primo juni. Kontakt tel. 175 for nærare informasjon. Museumsanlegga til Ryfylkemuseet og Fortidslandsbyen Landa opnar for sesongen, sjå annonse bak og under Forsand. Fjordhopping tek til rundt Lysefjorden. Mølleparken kvar søndag Sjå under Strand. 7. 9. Strandadagane Sjå under Strand. Norsk Frukt- og Laksefest i Hjelmelandsvågen 14. - 16. Sept. NO 4130 Hjelmeland Tel. 51 75 95 00 Fax 51 75 07 83 Mob. 928 60 460 www.fruktoglaks.no Her møtes by og bygd til familiefest! Det vert servert mat og kulturelle aktivitetar i forskjellige formar. Opplev Rogaland si beste kunst- og handverksmesse! 8 www.ryfylke.com

Reisemål Ryfylke Kva skjer i Ryfylke 8. 10. Ryfylkedagane, Sand Sjå under Suldal. 21. 24. Kraftfestivalen Sjå under Sauda. 23. Jordbærfest på Fister Sjå under Hjelmeland. 23. 24. Vestlandsmesterskap i motorcross Sjå under Sauda. 28. 1. jul Ungkarsfestivalen i Suldal Sjå under Suldal. Juli Høgsommar med sol og regn i frisk blanding. Prøv jordbæra våre! 28.jun 1. Ungkarsfestivalen i Suldal Sjå under Suldal. Mølleparken kvar søndag Sjå under Strand. 14. Sommarmarknad i Marvik, 10-års jubileum Sjå under Suldal. 16. Storaurefestival, Suldalsosen Sjå under Suldal. 21. Fiskefestival Sjå under Finnøy. August Varmt badevatn i fjorden og kanskje og i fjellvatna? Sjå etter soppen i skogen. Mølleparken kvar søndag Sjå under Strand. 4. Erfjord-festival Sjå under Suldal. 10. 12. Tomatfestivalen Sjå under Finnøy. 12. Fognamarsj og Finnøymarsj Sjå under Finnøy. 18. Krabbefestival - Bergevika Sjå under Forsand. September Plommer, eple og pære må du smaka no! Kulturhaust i Ryfylke, kulturfestival (sept - nov.) Pilt Ola - marsjen Sjå under Forsand. Mølleparken kvar søndag Sjå under Strand. 1. Saudasjøen rundt Sjå under Sauda. 14. 16. Norsk Frukt- og Laksefest Hjelmelandsvågen Sjå under Hjelmeland. 29. Bjødnaløpet Sjå under Hjelmeland. Oktober Dei siste fellesturane til fots går no, sjå www.ryfylke.com Møgedalsmarknaden, Bergekrossen Sjå under Suldal. 19. 21. Forsanddagane Sjå under Forsand. Tomatfestivalen på Finnøy - Foto: Rita Lindås / Ryfylke Livsgnist www.ryfylke.com 9

Reisemål Ryfylke vandring Ryfylke byr på eit mangfald av merka løyper for fotturar, nokre er enkle og andre litt tøffare. Det er viktig å vise respekt for naturen og kjenne eigne grenser for fysisk utfalding. Turklede, regnklede for det skiftande kystklimaet, solide støvler med god såle for fjell vert tilrådd. Mat og drikke frå ryggsekken er godt når målet er nådd. Ikkje alle turar til kjende turistmål passer for barn og folk med dårleg kondisjon. Følg skilt og tilrådingar og ta ikkje sjansar. For fotturistar finst det eigne bøker og kart. Ryfylkeheiane med Stavanger Turistforening sitt løypenett gjev flotte opplevingar i fjell og hei. Løypene er vist på utbrettskartet og kommunekarta. Om du vil vere mest for deg sjølv, spør etter fleire ruteforslag på turistkontora, Ryfylkemuseet eller hjå Stavanger Turistforening. Postboks 239, 4001 Stavanger. Tel. 51 84 02 00, Fax: 51 84 02 14. E-post: informasjon@stavanger-turistforening.no. Ny turguide for Preikestolsområdet kan kjøpast. For turar i Saudafjella, kontakt Sauda Turistkontor på tel. 52 78 42 00. Lokale kart over turløyper i kvar kommune finn du på turistkontoret. Turar med turleiar: Spør etter detaljert program. Nær tettstadane og Ryfylkevegen er det mange fine løyper for kortare turar (1 til ca 3 timar) som kan gje like store opplevingar som dei kjende plassane. Sjå under kvar kommune, spør turistkontora der og finn din eigen yndlingsstad. Hausttur i Ryfylkeheiane - Foto: Hanne Sundbø 10 www.ryfylke.com

Reisemål Ryfylke sykling Ryfylke byr på interessante vegar for deg som liker å kjenna dufter og høyra naturen sine lydar frå eit sykkelsete. Likevel: Rv 13 Ryfylkevegen er ikkje tilrådd for syklistar pga smale vegar, tunnelar og mykje trafikk på visse strekningar. Prøv heller avstikkarar frå Ryfylkevegen som ny rundtur på Randøy (Hjelmeland), ut til Jelsa (Suldal), rundtur på Ombo (Finnøy/Hjelmeland), fjelltur mellom Årdal og Songesand (Hjelmeland/ Forsand), mot Fiskå (nord i Strand) og rundt Kvalvåg (Strand/Forsand). For den spreke; prøv Rv 520 frå Sauda over Røldalsfjellet til Røldal! Frisk fjelluft og nysgjerrige geiter treff du der. Likevel er øyriket i vest, mest i Finnøy kommune, eldoradoet for syklistar. Eit frodig kulturlandskap og eit aktivt landbruk med mange beitande dyr møter deg. Eige sykkelkart finst for øya Finnøy og på Sjernarøyane. Kombinasjon med hurtigbåt og sykkel går fint mellom fastlandet og fleire øyer. For Rogaland som heilskap finst det eit eige planleggingskart for sykkelturar (tre språk), spør på turistkontora. På sykkel i Ryfylke - Foto: Hanne Sundbø www.ryfylke.com 11

Reisemål Ryfylke fiske og båtliv Utforsk Ryfylke frå båten Ryfylke kan freiste småbåtturisten med skjergardsidyll og eit unikt øyrike. Her kan du liggje ved flotte gjestehamner eller tilrettelaga natur- og uthamner. Mange bortgøymde perler finn du óg om du vil vere litt aleine. Ta deg ein dans på brygga i godt lag eller berre nyt båtlivet i ei stille vik. Fritidsfiske er populært i Ryfylke, og det finst eit rikt mangfald i fisketilbod. Gode lakseelver, stille fjellvatn og eit fjordrikt landskap lokkar. Mange plassar får du leigt deg ein båt og fiskeutstyr. Ta deg ein roleg dag på fjorden; tenk deg sola som varmar, fisk på kroken og klukkande bølgjelydar. Om vinteren: Ta båten til fjells! Det er godt tilrettelagt for småbåtar i Ryfylke. Gjestehamner og miljøstasjonar finn du i alle kommunane, og natur- og uthamnar er tilrettelagte fleire plassar. Legg båten til ei uthamn eller ved butikkbryggja og finn på noko på land. La deg freista av fine turstiar eller ein bygdaveg med liten trafikk. Ta med deg sykkel eller leig deg ein! Mange av attraksjonane ligg i gåavstand frå båthamna. Eller kanskje eit måltid med heimelaga mat på kaien t.d. på Oanes, Randøy, Fister, Hålandsosen og Sand lokkar? Bruk båten til ein av dei mange festivalane i sommar, et godt og kos deg i folkefesten, sjå oversikt framføre. Ta kontakt med turistkontora for meir informasjon, eller sjå karta eller info under kvar kommune. På www.ryfylke.com finn du i tillegg til meir informasjon, fleire ruteforslag for småbåtturar med overnatting på land. Småbåtidyll - Foto: Hanne Sundbø Ryfylke Friluftsråd Jåttåvågen 32 NO 4020 Stavanger Tel. 51 81 79 80 www.ryfylke-friluftsraad.no Driv vedlikehald av 84 friluftsområde i 10 eigarkommunar. 24 av områda er tilrettelagt med toalett, bryggeanlegg og miljøstasjonar. Naturoppsyn er ein del av Ryfylke Friluftsråds skjærgårdsteneste. 12 www.ryfylke.com

Reisemål Ryfylke fiske og båtliv Fiske i Ryfylke Fiskeravgift for fiske etter laks og sjøaure i elvar og innsjøar må betalast på postkontoret. Fritak for born og unge under 16 år. I tillegg må lokale fiskekort kjøpast, gjeld også for all anna fiske etter innlandsfisk. Gratis sportsfiske i sjøen. Det er ulovleg å fiske med levande agn. Forbod mot å fiske nærare akvakulturanlegg enn 100 m, ferdsel forbode nærare enn 20 m. Fiske etter anadrome laksefisk er tillete i følgjande vassdrag i det oppgitte tidsrom: Jørpelandselva 15. juli - 7. september, fre-søn Årdalselva 20. mai - 31. august, ons-søn Hjelmelandselva 15. juni - 31. august Vormo 15. juni - 31. august Førre 1. juni - 31. august Ulla 1. juni - 31. august, tors-søn Hålandselva 15. juni - 31. august Suldalslågen 5. juli - 30. september Storelva/Nordelva 1. juli - 20. september Vikedalselva 1. juni - 14. september, ons-søn Frafjordelva 15. juni - 31. august Espedalsåna 1. juni - 31. august For særskilde og allmenne reglar for fiske av laks og sjøaure i dei enkelte vassdraga, sjå www.fylkesmannen.no eller kontakt Fylkesmannen i Rogaland tlf: 51 56 87 00. Spør på turistinformasjonen om fiskevatn i regionen og fiskekort. Meir informasjon finn du på dei enkelte kommunesidene. Fiskelykke - Foto: Suldal Reiselivslag. Brunaurefiske i Suldalslågen er mogeleg i perioden 1. mai - 30. september. Kontakt Mo Laksegard for informasjon og fiskekort på tel. 52 79 76 90. Havnelosen V E S T L A N D E T S S T Ø R S T E B Å T B L A D! Husk: Stavanger Havnefestival juni 2007, Vågen Stavanger! w w w. h a v n e l o s e n. n o www.ryfylke.com 13

Reisemål Ryfylke Mat frå ryfylke Ryfylke er ein viktig del av Matfylket Rogaland. Ryfylke er med aktivt land- og havbruk eit spisskammer i utvikling! Laks i merdar, saftig skjellmat, godt kjøtt frå storfe, sau, gris og kylling. Ferske egg, vilt frå skog og hei, aure og laks frå elv og vatn, tidlege potetar og grønt. Fisterjordbær, eple, plomme og pære; dette er noko av det som gir Ryfylkekjøkkenet stor variasjon. Me ønskjer deg velkommen til å testa smaken av Ryfylke langs Ryfylkevegen. Ta turen til Lysefjordsenteret i sør og prøv Lysefjordssuppa og laksen. Eller smak rømmegraut og speketallerken på Preikestolhytta. På Ryfylkegarden Holta får du god norsk sundagsmiddag basert på lokale råvarar. Kanskje treng du å leske strupen? Mo Laksegard tek i mot grupper og serverer eige gardsbrygga øl til god tradisjonsrik mat. Vil du derimot ha solid fjellkost, vandre inn til Stranddalen Turisthytte i Suldalsheia. Her får du komler kvar tysdag og torsdag! Du kan og vitja ein av dei smakfulle festivalane i Ryfylke: Tomatfestival eller Norsk Frukt- og Laksefestival, sjå oversikt framme i guiden. Matfylket Rogaland arbeider aktivt for utvikling av gode produkt for deg som gjest. Velkommen til Ryfylke i Matfylket Rogaland! Lysefjordsenteret Oanes NO 4110 Forsand Tel. 51 70 31 23 Fax 51 70 37 50 info@lysefjordsenteret.no www.lysefjordsenteret.no Kafé/restaurant dagleg, catering. Preikestolhytta NO 4100 Jørpeland Tel. 971 65 551 Mob. 971 65 551 Fax 902 15 551 post@preikestolhytta.no www.preikestolhytta.no Kafé/restaurant, grupper, trad. mat. Ryfylkegarden Holta Holta NO 4120 Tau Tel. 51 74 65 54 Mob. 907 26 136 inerhus@hotmail.com www.ryfylkegarden.com Gardsrestaurant, opent sundag 12-18 heile året. Mo Laksegard NO 4230 Sand Tel. 52 79 76 90 Fax 52 79 73 03 post@molaks.no www.molaks.no Gardsbryggeri, tradisjonsmat, grupper. Stranddalen Turisthytte NO 4230 Sand Tel. 51 84 02 00 Mob. 0088 16 31 41 27 00 informasjon@stavanger-turistforening.no www.stavanger-turistforening.no Betjent juli-sept. Tradisjonsrik, heimelaga fjellkost. Komle tys og tors. Spa-hotell Velvære NO 4130 Hjelmeland Tel. 51 75 12 00 Fax 51 75 12 01 post@spahotellvelvaere.no www.spahotellvelvaere.no Lokale råvarer som fisk, skalldyr, vilt og bær, vert tillaga på nye og spennande måtar. 14 www.ryfylke.com

Reisemål Ryfylke Kurs og Konferanse Ryfylke har mykje spennande av kurs- og konferansetilbod, særleg om ein ønskjer noko skreddarsydd i små intime miljø. I alle delar av Ryfylke ligg tilboda, mange kan nåast med spesialinnreide konferansebåtar, eller like lett med buss eller bil. Det er kort veg til Ryfylke, frå Stavanger og Haugesund når du langt på 1 time! At konferanserommet held mål og at du sov godt er sjølvsagt, men kva med aktivitetar? I Ryfylke kan du prøva ei ekte villmarksoppleving som vert avslutta med kjøtt eller laks tillaga over open eld. Eller kva med eit forhistorisk måltid i autentiske omgjevnader? Du kan velgja mellom klostervandring eller erotiske fornminne. Vil du vita kva som gjorde Eirik Blodøks så kjent eller høyre historiar om engelske lakselordar? Eller vil gruppa heller samla sansane med varierte spa-opplevingar? Skikurs eller fisketur? Flåte på elva eller guida fottur? Sightseeing på fjorden eller dampbåt på Suldalsvatnet? Teambuilding eller lette aktivitetar, alt kan ordnast for små og store grupper. Valet er ditt! Maten står i fokus, alt frå champagnefrukost via 6 rettars gourmetmeny til tradisjonsmat frå bestemor sitt kjøkken. Bedriftene i Ryfylke gjer sitt for gode opplevingar heile året. Me kan hjelpa med å finne den rette plassen som gjer ditt arrangement eller din tur vellukka! Sjå og under www.ryfylke.com og kurs og konferanse, kun norsk versjon. FjordEvents AS NO 4130 Hjelmeland Atle Tel. 913 59 132 Håvard Mob. 450 36 100 www.fjordevents.no Havrafting - Ryfylkesafari - Fjordrafting 3 - Sightseeing - Aktive opplevlser - Teambuilding. Me har basar i Stavanger og Hjelmeland. Besøk vår nettside for meir oppdatert informasjon: www.fjordevents.no Utstein Kloster NO 4156 Mosterøy Tel. 51 72 47 05 Fax 51 72 47 08 utstein@online.no www.utstein-kloster.no Utstein Kloster kan tilby opplegg for små og mellomstore konferanser i unike historiske omgivelser. Kapasitet 12-50 personer. Fullt utstyrt med AV-utstyr og tilgang til internett. Eget kjøkken med alle rettigheter. 18 rom for overnatting - inntil 27 personer. 2 www.ryfylke.com 15

Reisemål Ryfylke vinter i ryfylke Ryfylke har og ein kvit vinter, i nord er snøtilhøva mest stabile. Sauda skisenter, Svandalen med alpinanlegg og snøkanon ønskjer deg velkommen med snø frå årsskiftet. Snøfestival er eit spennande vinterarrangement i mars! Sjå portalen www.ryfylke.com og menyval vinter og arrangement for oppdaterte opplysningar om Sauda Skisenter. Godt med oppkøyrde langrennsløyper finst fleire plassar i Sauda og i Gullingenområdet i Suldal. Her er og eit mindre alpinanlegg. Sjå plassane på kartet og spør på turistkontora om snøtilhøva andre plassar i Ryfylke. Nokre lysløyper finst og for dei som vil nyta kvelden på ski. Kanskje det og finst skeiseis på mindre vatn? I Ryfylkeheiene og Sauda er det nokre løyper som vert merka med kvistar for delar av vinteren. For nærare informasjon kontakt Stavanger Turistforening Tel. 51 84 02 00, informasjon@stavanger-turistforening. no eller Sauda Turistkontor Tel. 52 78 42 00, post@saudaferie.no Ta båten til fjells! Skibåt frå Stavanger kvar helg i sesongen. Ved fjorden ligg snøen sjeldan lenge, men den grøne vinteren har og sin sjarm. Våren kjem tidleg. Prøv ei helg med familie eller venner i ei varm hytte og kos deg med vedfyring og stille kveldar. Mange av turstiene kan nyttast med godt fottøy vinterstid, fiske i fjorden er og muleg. Fleire plassar tilbyd aktivitetar som badestamp, badstu etc. eller andre friluftsaktivitetar for grupper heile året. Sjå under www.ryfylke.com for arrangement og tilbod for grupper eller kontakt turistkontora. Sauda Turistinformasjon Tel. 52 78 42 00 Suldal Turistkontor Tel. 52 79 05 60 Hjelmeland Turistkontor Tel. 51 75 95 00 Strand Turistinformasjon Tel. 51 74 31 40 Forsand Turistinformasjon Tel. 51 70 36 60 Kveldskøyring, Sauda Skisenter Foto: Rolf Selvik 16 www.ryfylke.com

Reisemål Ryfylke vinter i ryfylke E134 Odda/Bergen 13 Røldal Oslo over Haukeli Haugesund Ølen Skånevik Etne E134 Slettedalen S A U DA Vinterstengd Åbødalen Nordstøldalen Breiborg Lyngmyr Saudasjøen Sauda Maldal SVANDALEN 13 520 Ryfylkevegen Sand Ropeid Suldalsosen Nesflaten Bråtveit S U L DA L Nedstrand 13 Ryfylkevegen GULLINGEN Boknafjorden FINNØY Mortevika Hanasand RENNESØY Sola E39 Sjernarøyane Ålgård Tau Stavanger 13 Sandnes Ombo Fister S T R A N D Jørpeland Nesvik 13 Hjelmeland Årdal Preikestolen Bjødnabu Lysefjorden Oanes Vinddalen Forsand Lauvvik F O R S A N D Frafjord GJESDAL Egersund/Kristiansand R Y F Y L K E Lyngsheia H J E L M E L A N D 45 Blåsjø Lysebotn Liarvatnet Vinterstengd Lysevegen Kjerag Vinterstengd Skrøylå E L L E N J E P S O N C Sauda Skisenter Svandalen NO 4208 Saudasjøen Tel. 52 78 56 56 Fax 52 78 56 51 post@saudaskisenter.no Sør-Vestlandets største skisenter. Flere heiser med lengste nedfart på 6 km. Eget barneområde, snowboardpark og oppkjørte turløyper. www.ryfylke.com 17

Forsand forsand kommune Turistinformasjonen for Forsand finn du i Lysefjordsenteret på Oanes. Senteret ligg tett ved Rv.13 i ytre del av Lysefjorden. Hjarteleg velkommen innom, me svarar gjerne på spørsmål. Forsand Turistinformasjon Lysefjordsenteret AS, Oanes NO 4110 Forsand Tel. 51 70 36 60 Fax 51 70 36 60 info@lysefjordsenteret.no Opningstider i turistsesongen dagleg kl. 11.00-18.00 Forsand Kommune NO 4110 Forsand Tel. 51 70 00 00 Fax 51 70 00 01 post@forsand.kommune.no www.forsand.kommune.no Gjestehavn Naturhavn Lysevegen, 27 hårnålssvingar opp frå Lysebotn - Foto: Torbjørn Heggheim 13 Tau Stavanger/ Sandnes Bjørheimsbygd 13 Frafjord Årdal Hjelmeland H J E L M E L A N D Viglesdalen Lysefjorden Røsdalen Lyngsvatnet S T R A N D Sandvatnet 13 Jørpeland Songedalen Lysebotn 4 Songesand 6 Preikestolen 1 Flørli 5 3 Øygardstøl 8 Fossmark F O R S A N D Langavatn 11 2 Lysefjordsenteret Øvre Oanes 10 Forsand Espedal Blåfjellenden Sandvatn Lauvvik 7 Landa Fortidslandsbyen G J E S D A L 518 9 Høgsfjord Ryfylkevegen/ Fjordvegen Trodla Tysdal FRAFJORDHEIA landskapsvernområde 18 www.ryfylke.com Hunnedalen Stakken Suleskarvegen Nilse B

Forsand attraksjonar Œ 6 Kjerag Med 1084 meter ragar Kjerag høgast av alle toppane i Lysefjorden. Fjellmassivet har lenge vore mest beundra frå fjorden, men dei seinare åra har det blitt stadig meir populært å ta turstien til platået. Dei fleste er nøgd med å nyte utsikten over Lysefjorden frå sjølve platået, men for nokre turgåarar er høgdepunktet å bli foreviga på Kjeragbolten, ei rund steinblokk kilt fast i ein fjellsprekk. Kjerag har også blitt eit populært mål for fjellklatrarar og basehopparar. Fotturen startar frå Øygardstøl ved Lysevegen ovafor Lysebotn. Den krevjande løypa går opp og ned fleire ryggar, og har ein høgdeforskjell på 570 m. T/r: 10 km, 5-6 t. Husk godt fottøy, varme klede og mat. Generell god fysikk nødvendig. Turstien er ein del av Stavanger Turist-forening sitt løypenett og nyleg Kjeragbolten Foto: Hanne Sundbø utbedra. Man kan kome til Øygardstøl anten med ferje til Lysebotn og bil vidare til Øygardstøl eller ved å kjøre via Sirdalen på vegen til Lysebotn (vinterstengt veg frå ca. oktober til mai/juni, kontakt Statens vegvesen, tlf. 175). Nytt informasjons- og servicebygg på Øygardsstøl med toalett. Opent i sommarsesongen. P-plass med avgift i sesongen. Kjerag er også imponerande sett frå fjorden, frå ferje eller sightseeingbåt. Kjeragbolten kan du og skimte 1000 m. over deg. Kjerag og Lysefjorden Foto: Hanne Sundbø www.ryfylke.com 19

Forsand AKTIVITETAR La deg fasinere! Lysefjorden - eit møte med mektige, majestetiske fjellformasjonar og frodig natur der opplevingane står i kø. Hopp av og på turistferje og hurtigbåt i Lysefjorden. 3 dagers billett kr. 200,- * Barn kr. 100,- * For meir informasjon om rutetider, turforslag, opplevingar og overnatting sjå fjordhoppingbrosjyren med turforslag på turistkontoret, www.visitlysefjorden.no eller www.lysefjordeninfo.no *Billetten gjeld i sommarsesongen. Vi tar førehald om evt. prisjustering. Annonsen og fjordhoppingbrosjyren er i regi av Lysefjorden Utvikling AS 20 www.ryfylke.com

Forsand Œ 3 Preikestolen Preikestolen, den mest kjente turistattraksjonen i Ryfylke, rager 604 m over Lysefjorden. Platået på ca 25x25 m blei truleg forma ved frostsprenging for 10.000 år sidan. Fotturen går frå Preikestol-hytta på tursti i småkupert terreng. T/r: 6 km, 3-4 t, høgdeforskjell 350 m. Godt fottøy og generell god fysikk er nødvendig. I sommarsesongen: dagleg bussamband mellom Tau ferjekai (ferje frå Stavanger) og Preikestolhytta. Overnatting, servering og kiosk ved Preikestolhytta i sommarsesongen. P-plass med avgift. Preikestolen kan også opplevast frå Lysefjorden, anten frå ferje eller sightseeingbåt. Preikestolen - Foto: Olav Breen Preikestolen - illu. : Ståle Ådland www.ryfylke.com 21

Forsand attraksjonar Œ 4 Lysebotn Innst i Lysefjorden ligg bygda Lysebotn. Det går buss fra Stavanger/Sandnes til Lysebotn. Utgongspunkt for turar på fjorden og i fjellet. Lysebotn Turistsenter m/turiststasjon ligg like ved kaia i Lysebotn. Spennande veg ned til Lysebotn med 27 hårnålssvingar. Sommaropen veg (Statens vegvesen, tel. 175). Œ 1 Lysefjorden Forsand kommune omkranser den berømte Lysefjorden. Den 40 km lange fjorden med dei fascinerande fjella blei forma i istida. Prøv ein fottur til Preikestolen eller Kjerag og opplev den fantastiske utsikten over fjorden. Lysefjorden kan opplevast anten i eigen båt, eller på ferje, hurtigbåt eller sightseeingbåt. Mange av desse populære turane legg til på små stader langs fjorden og ein får mellom anna sjå fjord og fjell, steinkobber og geiter. Flest avgangar i sommarsesongen. Forsand Kyrkje Tel. 51 70 01 71 Forsand kyrkje ligg i sentrum av Forsandbygda 1 km frå Forsand kai. Kyrkja blei bygd i 1854 etter teikning av kyrkjebyggjaren Tollag Gudmestad frå Nærbø. Omvising på bestilling: Forsand kommune, kyrkjekontoret. Kjerag og Lysefjorden - Foto: Terje Rakke 22 www.ryfylke.com

Forsand attraksjonar Œ 7 Landa - Fortidsminnelandsbyen www.fortidslandsbyen.no På Fossanmoen ligg tuftene etter Landabusettinga, eit eineståande funn i norsk historie og arkeologi. Det budde folk her samanhengande i 2000 år - frå omlag år 1500 f.kr. til år 600 e.kr. Rekonstruksjonsarbeidet tek sikte på å gjenskape noko av miljøa som var for 3000 år sidan. Det første huset frå bronsealderen stod ferdig i 1995. Du kan sjå gjenreisingsarbeidet, få omvising eller delta i aktivitetar. Opningstider og aktivitetstilbod vil de finna på Landa si nettside. Œ 12 Flørli Kraftstasjon I 1999 opna den nye kraftstasjonen på Flørli, langt inne i fjellet. Den gamle kraftstasjonen i karakteristisk jugendstil og trappene, ligg no opne for nye aktivitetar. Fleire vandreløyper vil ta deg rundt på området. Prøv deg på styrkeprøven og klatre 4444 trappetrinn til topps langs den gamle rørgata. Her kan du gå vidare til Kjerag eller Blåfjellenden (dagsmarsj). Du kan også vandra i den gamle krafthallbygningen som visar både kunstog historisk utstilling, eller nyte eit måltid i kafeen. Tilboda i krafthallen er berre tilgjengeleg i sesongen. For meir informasjon, kontakt Preikestolhytta tel. 51 74 52 51 Sjøhus i Bergevik Tel. 51 70 00 00 Sjøhuset i Bergevik er frå midt på 1800-talet. Bygget finn du i Bergevik 1 km. frå Forsand kai. Omvisning etter avtale, kontakt kulturkontoret. Temadager i juni-august. Ope tre veker i juli. Flørli - Foto: Dag Myklebust Landa www.ryfylke.com 23

Forsand aktivitetar / Turforslag Aktivitetar Ferskvassfiske Sal av fiskekort for laks- og sjøaure i Espedalsåna. Kontakt turistinformasjonen i Lysefjordsenteret. Sjøfiske Fritt fiske i fjorden. Badeliv Badestrand i Fossanhagen 1 km frå Forsand kai. Parkering/ toalett. Forsand Kulturhus innandørs basseng 3 km frå Forsand kai. Lysefjordsenteret: Sandstrand. Œ 7 Aktivitetar i Forsand Kulturhus Forsand Kulturhus ligg 3 km frå Forsand kai i retning Helle. Kulturhuset blei innvia i 1990 og rommar 25 m symjebasseng, terapibad, kino, idrettshall, bibliotek, møtelokale og kafé. Kontakt turistinformasjonen i Lysefjordsenteret om opningstider. Lokale i kulturhuset kan bestillast ved Forsand skule tlf. 51 70 02 01 eller Forsand kommune, tlf. 51 70 00 00. Turforslag Fjelltur på islandshest Kortare og lengre turar. Kontakt Fossanmoen tlf. 51 70 37 61 for bestilling av tur. Fotturar - fjellvandring - turforslag Preikestolen, 3-4 timar, frå Preikestolhytta. Kjerag, 5-6 timar, frå Øygardstølen. Uburen, 2 timar, frå Rossavikheia. Ny sti - Lysefjorden rundt. Merk: Lokale kart tilgjengeleg. Œ 8 Skogsti - Lerang Skogstien på Lerang startar ved parkeringsplass på Lerang, 6 km frå Rv.13 på Oanes. Fint skogsområde ved Høgsfjorden. Œ 9 Skogsti - Rossavik Skogstien på Lerang startar ved parkeringsplass på Lerang, 6 km frå Rv.13 på Oanes. Fint skogsområde ved Høgsfjorden. Uburen Fjelltoppen Uburen er eit kjennemerke i Høgsfjorden. Ypparleg utsyn over Høgsfjorden og ytre del av Lysefjorden. Skogsti - Lerang Foto: Hanne Sundbø Lysefjorden Båtservice A/S Tel 948 07 049 Mob 932 04 681 post@lysefjorden.com www.lysefjorden.com Skyssbåt Sightseeing Firmaturar Opplevingar 24 www.ryfylke.com