www.visitvoss.no GUIDE



Like dokumenter
GAID

Informasjon om småviltjakta på Voss, hausten 2011

Velkomen til Voss! Voss - ein god stad for alle. Torbjørg Austrud Kommunalsjef tekniske tenester

5 stk flotte bustadtomter til sals

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

POTENSIALET FOR REISELIV PÅ VOSS

Juvet Landskapshotell

Referat frå MINTA møte

GUIDE

Rapport resultat spørjeundersøking

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt. Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

GUIDE

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

Spørjeundersøking om sentrumsområde

AKTIV HEILE ÅRET Denne presentasjonen skal ikkje kopierast eller vidareformidlast.

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

Hytte på høgfjellet så nær at du får tid til å nyte naturen og dei nære ting så ofte du vil.

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

OSAVegen 39/41. muligh ie

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Tilbod frå Lom bygdamuseum 2014

Sykling på Geilo like populært den gang som nå

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

6. trinn. Veke 24 Navn:

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

STI GJENNOM LERKESKOG

STØLSUTLEIGE I GLOPPEN

Til deg som bur i fosterheim år

Turmål Vestre Slidre. 1 Kvithøvd (1001 moh)

Kulturskatten er ein konkurranse der det gjeld å finna fram til kulturminna me har merka av på kartet.

Brukarrettleiing E-post lesar

Sommartur til Sverige,

Luster hundeklubb sine trimpostar 2010

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

NM veteran innandørs Leikvang Friidrettshall Åsane bydel Bergen mars 2012

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Turmål Vestre Slidre kommune Kvithøvd 1001 moh 25 poeng

STOR FELLES ARBEIDS- MARKNAD OG VARIERT ARBEIDSLIV

N Æ R T U R. i Førde

Tomannsbustad på Hotelltoppen. i Førde med 4 soverom, 2 stover og 2 bad m.m.

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

6-åringar på skuleveg

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.


Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning.

Ønsker å bestille krus: (Maksimum ett per person) Ønsker å bestille diplom: Navn:

Kulturhistoriske registreringar

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

15-30 personar i enkle og doble rom Vi har pr. dato ikkje reservert rom for gruppa dykkar.

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Trafikkavviklingsplan: sykkel-vm i Fjell Kommune

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Sykkelturisme i framtida røynsler frå Sunnhordland v. Gro Røhne Andersen

VAKKER TRENING I NORDFJORD

Fleire lokale friluftsområde er tilrettelagt.

Månadsplan for Hare November

Bygdeutviklings programmet Korleis skape utvikling i eit verna område

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Brukarrettleiing. epolitiker

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Nytt HFK Intranett

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Dette er Skarvheimen. Naturopplevelser for livet.

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Turstiar i Kvinnherad

Statens vegvesen. Reguleringsplan for Fossatromma - Vøringsfossen - Fossli i Eidfjord kommune

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Velkommen til Fløyen!

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Transkript:

2014 www.visitvoss.no GUIDE

Midt i opplevinga Myrkdalen i sommardrakt byr på turstiar i alle utgåver og kort veg til fjordidyll. Eit vakkert kulturlandskap eller opplevingar av det adrenalinfylte slaget. Plukk deg eit eventyr. Nyt det. Hjå oss er du midt i opplevinga. Sommar i Myrkdalen Sommarprogram 2014 JULI Onsdag kl 10-12: Ponniridning for dei minste ved Myrkdalen Hotel. Kr 50,- for 5 minutt, kr 100,- for 20 minutt. Torsdag kl 10: Fisketur i Myrkdalen - trekk garn saman med ein lokal fiskar i fjellvatn. Ta med niste. Kr 150,- for born opptil 15 år, kr 300,- for vaksne. Fredag kl 10: Treskjerartunet - sjå korleis lokalt handverk vert laga, og prøv kunsten sjølv. Kr 400,- per time. Maks 4 personar. Laurdag kl 10: Stølstur i Myrkdalen med enkel servering inkludert. Kr 150,- for born opptil 15 år, kr 300,- for vaksne. AUGUST Torsdag kl 10: Fisketur i Myrkdalen - trekk garn saman med ein lokal fiskar i fjellvatn. Ta med niste. Kr 150,- for born, kr 300,- for vaksne. Morten Rakke Mountain ResoRt Voss / norway Fredag kl 10: Treskjerartunet - sjå korleis lokalt handverk vert laga, og prøv kunsten sjølv. Kr 400,- per time. Maks 4 personar. Laurdag kl 10: Stølstur i Myrkdalen med enkel servering inkludert. Kr 150,- for born opptil 15 år, kr 300,- for vaksne. Benjamin Hjort I Myrkdalen bur du godt. Du kan velja mellom nye Myrkdalen Hotel eller hytter og leilegheiter med høg standard og lokalt særpreg. Det er kort veg til Sognefjorden og Nærøyfjorden. Voss, med si rike kulturarv og mangfaldige aktivitetstilbod, ligg berre ein halvtime unna. myrkdalen.no KOMA HIT Frå Voss: Følg E16/ RV 13 mot Sogn. På Vinje tek du mot Vik i rundkøyringa. Myrkdalen Fjellandsby ligg på venstre side av riksveg 13 etter ca. 9 km. GPS koordinatar: Lat 60* 51`26,2 Long 6* 29`30,20. Kyrre Vangen BOOKING tel: +47 56 52 30 40 post@myrkdalenhotel.no www.myrkdalenhotel.no Sture Nepstad

VÅR BYGD, DITT LERRET På Voss vert du møtt av eit levande bygdesamfunn fylt av vossingar og venner av vossebygda. Her kan du velje i eit mangfald opplevingar og delta i aktivitetar som byr på tette møter med naturen; fjell og skogkledde dalar, elver og fossar. Heilårsdestinasjonen Voss er òg ein flott base for å utforska regionen, då vegen er kort til spanande attraksjonar og stader i fjordlandskapa i Sognefjorden og Hardanger, til breane og til Bergen. Med naturen og kulturen som leikegrind kan me by på stor variasjon i kva du kan sjå og gjere på Voss. Valet er ditt! Velkomen til bygda vår, lerretet for di vossaoppleving! INNHALD Korleis koma til Voss: BERGEN HAUGESUND Om Voss... 4-7 Aktivitetar... 8-26 Utandørs opplevingar... 8-13 Andre aktivitetar... 13-17 Fiske og jakt... 18 Vandring... 19-22 Sykling... 23 Voss for barnefamiliar... 24-25 Voss på kort tid utan bil... 26 Voss UP? Det skjer... 28-29 E 39 STAVANGER E 16 Sognefjorden 13 Myrkdalen VOSS 50 Hardangerfjorden E134 13 13 5 E 39 55 7 9 52 E 16 Jernbane/Railway E134 E 18 KRISTIANSAND OSLO Voss Vind Kart... 32-35 Voss som base... 30-47 Utforsk Voss... 30-31+36 Naturattraksjonar... 37 Kulturattraksjonar... 38-42 Utforsk Vossaregionen... 43-47 Made in Voss / shopping / servering... 48-53 Overnatting... 56-59 Praktisk informasjon... 60-63 Skistaden Voss... 64-65 Med tog til Voss Bergen - Voss 1 time 10 minutt Oslo - Voss 5 timar 25 minutt Med bil til Voss Strekning: Bergen Voss Rute: E16 Kilometer: 100 km Strekning: Oslo Voss Ruter: E16 / RV52 / Rv50 / Rv7 Kilometer: frå 380-429 km Strekning: Stavanger - Haugesund - Voss Ruter: E39 - Rv7 - E16/ E134-550 - Rv13 Km frå Haugesund: frå 190-215 km Stavanger - Haugesund: 50 km Utgjeve av Destinasjon Voss AS. Destinasjon Voss tek ikkje ansvar for eventuelle endringar eller feil i dei opplysningane som ligg føre. Grafisk produksjon: Logolink AS, web: www.logolink.no. Framsidefoto: Voss Klatrepark/ Erik Østlie. Foto s4, s6, s7, s8 og 64 Visit Voss/Erik Østlie. Opplag: 49.000 fordelt på norsk, engelsk og tysk 4 Om Voss Om Voss 5

VOSS, BYGD AV VOSSINGAR Tvindefossen Erik Hofseth VOSS FØR OG NO Landskapet her er forma gjennom millionar av år ved at hav, brear og elvar har tært på fjellet og grave ut store og små dalar. For ca. 9.000 år sidan forsvann det meste av isen frå landet vårt. Alle dei store moane i Voss er danna av breelvar, og er avsette i havet eller i store breinnsjøar. Under siste istid sto havet i Vossaområdet opptil 100 m høgare enn no. Helsing frå Ordførar Hans-Erik Ringkjøb For meir enn 3000 år sidan kom fangst- og veidefolk hit og fann desse grøderike dalane, fiskerike vatn og fjellvidder med eit rikt dyre og fugleliv. Denne naturrikdommen danna grunnlaget for ein rik jordbrukskultur som er levande den dag i dag. Spora etter dei ulike epokane kan ein finne rundt omkring i bygdene, til dømes Olavskrossen, som Olav den Heilage reiste i år 1023. eit levande regionsentrum med 14.000 innbyggjarar. Med sine 1815 km2 er Voss den største kommunen i Hordaland, sentralt plassert som eit knutepunkt mellom Hardanger og Sogn, mellom aust og vest. Både Bergensbana og stamvegen, E16, går gjennom Voss. Jorda og skogen har tradisjonelt vore det viktigaste næringsgrunnlaget på Voss. Handel, turisme og dessutan ulik tenesteyting er likevel dei næringane som gjev arbeid til største delen av dei som bur i kommunen. Voss har òg rike kulturtradisjonar innan kunst, kultur, handverk, musikk og mat, som stadig blir haldne i hevd. Hans-Erik Ringkjøb, ordførar Det er kjekt å kunna ønska deg velkomen til Voss. Me vil at du skal få med deg mest mogeleg av det bygda har å by på. Skal ein velja eitt ord for å skildra Voss, så er det variasjon. Her er det noko for gamal og ung, for den som vil vera aktiv og for dei som berre vil nyta. Er det naturen som lokkar finn du fjord og fjell og høve til jakt og fiske. Ekstremsportbygda kan tilby alt frå paragliding, fallskjermhopping, til rafting og elvepadling. Me har eit levande kulturliv med utøvande kunstnarar og festivalar, og med ein godt bevart kulturarv. Me håpar at du får med deg gode minner frå Voss, minner som gjer at du kjem tilbake til oss ein dag! Hjarteleg velkomen til Voss! Bygda fekk tidleg samband utover. Forsvaret la eksersisplassar her, vegar og jernbane opna for reiselivet, og vidaregåande skular av mange slag gjorde bygda til ein skulestad. Mot slutten av 1800-talet vart dei første små industribedriftene grunnlagde. I dag er Voss Frode Ulvund 6 Om Voss Om Voss 7

UTANDØRS OPPLEVINGAR Voss Vind Voss Vind, annonse s. 15, kart: K5 + 47 40 10 59 99, www.vossvind.no Fly som supermann i Noreg sin fyrste vindtunnel. Opplevinga startar med utdeling av utstyr og introduksjon til aktiviteten. Gjennomføring av flyging i tre minutt tilsvarar fire frittfall frå fly i 12 000 fots høgde! Alder: 5+ år Tider: Onsdag-sundag 12:00-20:00 Prisar: Grunnpakke: 750,-, Student: 490,- Klatrepark Voss Klatrepark, annonse s. 68, kart: Q12 +47 56 51 05 25, www.vossklatrepark.no Klatreparken inneheld 4 løyper; 2 store og to små løyper med totalt 43 element. Den høgste aktiviteten befinn seg meir enn 12 meter over bakkenivå! Familievennleg aktivitet som er variert, morosam og utfordrande for alle. Krav: Store løyper: 10 år og min 140 cm Små løyper: Min 100 cm Sesong: mai-september Pris: Store/alle løyper: kr 330,- Små løyper: kr 165.- Voss Bygd for sterke opplevingar Tru ikkje at Voss berre er til for ekspertane som utøver elvesport, luftsport og anna ekstremsport. Bygda har minst like mange opplevingar å by på for deg som berre ynskjer ein smak av desse elementa, og erfarne guidar står klare til å ta deg med i elva, opp i lufta og frå grein til grein i tretoppane. På Voss finn du sterke utandørs opplevingar for alle aldrar, nivå og ynskjer. Bli med og prøv du òg! Hangursbana gondolbane Voss Resort, annonse s. 66, kart: B3 +47 4700 4700, www.vossresort.no I gangavstand frå Voss sentrum kan du ta Hangursbanen opp til Hanguren, 660 m.o.h. På utsiktskafeen har du panoramautsikt over Vossevangen og fjella rundt. Eit godt utgangspunkt for fjellturar i eit fint turterreng. Turløyper. Tider: 31.05-31.08 kvar dag: 10-17 Prisar: Vaksne kr 100, Born kr 60, Senior kr 60, Familie (2v+2b) kr 260 Sesongkort: kr 1700 8 Utandørs opplevingar Utandørs opplevingar 9

Tandem elvepadling med guide Kayak Voss, kart: Q13 +47 901 59 859, www.kayakvoss.com Opplev elva frå vasskorpa, slik erfarne elvepadlarar gjer! Kayak Voss er det einaste selskapet i Noreg som tilbyr tandem elvepadling. Saman med ein guide, padlar du ned eit av dei mektige juva i elvene på Voss og lærer samstundes basis ferdigheiter for korleis å padle elvekajakk. Tilbyr òg guiding for vanleg kajakk (250 per time) og utleige av utstyr (250-450 per dag). Prisar: frå 1500,- per person Rafting Voss Rafting Senter, annonse s. 68, kart: K2 +47 56 51 05 25, www.vossrafting.no Den mest populære sommarkativiteten på Voss - spennande, morosam og passar for nybyrjarar så vel som erfarne! Inkl. kort minibusstur, instruksjon i tryggleik, symjetest og ca. 8 km spennande rafting, fyrst i lette elvestryk før litt tøffare forhold. Alder: 15 år Tider: mai-okt, dagleg Prisar: frå kr 950,- Merk: Du får låne alt nødvendig utstyr. Ta med badetøy og handkle. Kurs i elvepadling Voss Elvesport, kart: F4 +47 56 51 64 88 / +47 913 74 995 www.vaattogvilt.no Elvepadlekurs for nybyrjarar og vidarekomne. Passar både for deg som ynskjer å prøve elvepadling og lære det grunnleggjande, og for vennegjengen som vil finne på noko spanande i helga. Skreddarsyr kurs til deg med padleerfaring. Ypparleg teambuildingsaktivitet. Alder: 16+ år Prisar/info: Sjå nettside. VossaCruise VossaCruise, kart: Q11 +47 934 96 668, vossacruise@gmail.com Båtturar på vakre Oppheimsvatnet. VossaCruise tilbyr utleige av selskapsbåt til sightseeing, fisking, bading og tubing. Tider: Mai - Oktober man - laur: 08:00-23:00 sun: 13:00-23:00 Pris: frå kr 575,- Ta kontakt for nærmare informasjon Kurs i elvepadling Voss Elvepadling, kart: D4 +47 920 47 862, www.vosselvepadling.no Tilhøva for elvepadling på Voss er av ypparste verdsklasse, så bli med på ei trygg og spanande oppleving i Raundalselva, Vosso eller Strandaelva. Med erfarne og tålmodige instruktørar, godkjent av Norges Padleforbund, og topp moderne utstyr, er du garantert mykje moro på elva frå første padletak! Tider: mai-oktober Prisar: Introkurs: frå kr 600,- / Heil dag: kr 1300,- /2 dagar: kr 2300,- Tandem fallskjermhopp Skydive Voss, annonse s. 14, kart: P13 +47 56 51 10 00, www.skydivevoss.no Ei luftig og magisk oppleving av Voss frå lufta, saman med erfarne instruktørar! Tandem fallskjemhopp kvar dag i sesongen og nybyrjarkurs for deg som vil bli fallskjermhoppar kvar veke. Tider: 01.05-07.09 dagleg Prisar/info: Sjå nettside for info om tandem fallskjermhopping, kurs og prisar. 10 Utandørs opplevingar Utandørs opplevingar 11

Husdyrparken Norske Husdyr AS, annonse s. 66, kart P14 +47 466 34 268, www.husdyrparken.no Besøk gamle norske husdyrraser på nært hald. Du kan delta i foring og gardskonkurranse, eller berre slappe av med ein økologisk is i kaféen. Her er og eit mini-museum med gamle reidskap. Tider: 20.06-20.08, alle dager Prisar: Vaksen: kr 120 Born: kr 85 Honnør: kr 100 ANDRE AKTIVITETAR Aktivitet: Kontakt: Telefon: Nettadresse: Fosserappellering, rappellering, elvebrett, Voss Rafting Senter 56 51 05 25 www.vossrafting.no juving, guida fjell- og fisketurar, boblebad Havpadling Nordic Ventures 56 51 00 17 www.nordicventures.com Helikopter turar Fonnafly 88 00 13 13 www.fonnafly.no Minigolf Minigolfen Kafé 56 51 36 30 Golf Voss Golfbane 40 00 44 90 www.vossgolf.no Rundtur: Norway in a nutshell Voss Turistinformasjon 40 61 77 00 www.norgeietnotteskall.no Fotballgolf Eenstunet aktivitetsgard, annonse s. 54 kart: P13 +47 900 44 562, www.eenstunet.no Fotballgolf og andre aktivitetar for lag, venner og bedrifter i flott kulturlandskap, tevlingar utover sesongen. Kultur-/natursti i området. Grillplass og overbygd sitjeplass til gjester, badestamp. Merk: For grupper på førespurnad Rundturar for aktive menneske Norway Active 40 00 40 59 www.norwayactive.com (flåmsbana, sykkel, RIB, rafting, havkajakk, buss) Guida vandring, vikingvanding, klyvjatur Stalheim Oppleving 90 27 35 35 www.stalheimoppleving.no traktorsafari, FunBallz, Kickbikes Guida fjell og fisketurar Vossafjell 99 15 15 00 www.vossafjell.no SUP - Stand Up Paddle kurs og utleige Vossamoro 56 51 20 17 / 95 98 20 65 www.vossresort.no Tandem paragliding Voss hang- og 46 78 86 00 www.vosshpk.no paragliderklubb Tandem paragliding Nordic Ventures 56 51 00 17 www.nordicventures.com Treningssenter Nr1 Fitness Voss 90 83 41 96 www.nr1fitness.no/voss Rideturar Fjose Gard, kart Q13 +47 99 02 62 82 / www.fjosegard.no Rideturar i flott terreng! Rideturar frå 1 time og opp mot dagstur. Turane vert lagt opp etter nivået til ryttarane. Sesong: Heile året Info: Ta kontakt for meir informasjon Skreddarsydde aktivitetar Fleire av aktivitetsverksemdene på Voss kan skreddarsy aktivitetsopplevingar etter dine ynskje. Vossamoro +47 959 82 065, www.vossamoro.no Vossafjell +47 991 51 500 www.vossafjell.no Ekstremutvikling +47 907 198 34 www.ekstremutvikling.no Heritage Adventures +47 99 15 15 00 www.heritageadventures.no Kayak Voss +47 911 11 356 www.kayakvoss.com Nordic Ventures +47 56 51 00 17 www.nordicventures.com Voss Rafting Senter +47 56 51 05 25 www.vossrafting.no Vått &Vilt +47 913 74 995 www.vaattogvilt.no 12 Utandørs opplevingar Andre aktivitetar 13

Uansett vær hjå oss kan du fly Passar for små og store, ferske og drivne, familie og bedrifter. Kombiner til dømes møte med både flyging og rappellering hjå VossVind! Me har ope: Onsdag til sundag: 12.00 20.00 (Måndag og tysdag stengt) Ron Holan Frittfallpakke med vindtunnel og fallskjermhopp! Tandemhopp med HD-pakke, vindtunnel og Skydive Voss beanie til berre kr 5399! førpris kr 6238,- Skydive Voss Flyplassvegen 135 5705 Voss Tlf. (+ 47) 56 51 10 00 info@skydivevoss.no www.skydivevoss.no www.vossvind.no post@vossvind.no (+47) 40 10 59 99 Logolink

Panoramafilmar (180 graders format) Voss kulturhus, annonse s. 62, kart: C4 +47 56 51 94 90, www.vosskulturhus.no Opplev «Voss gjennom fire årstider» der du får sjå Vossabygda med alle sine aktivitetar, kulturliv og vakre natur, eller «Verdsarvområdet i Nærøyfjorden» med storslått landskap og dyreliv i område som står på UNESCO si verdsarvliste. Varigheit: 22 minutt Tider: Heile året Prisar: Vaksne kr 50, born kr 25. Treningssenter Mosjonsgutane trening- og aktivitetssenter, kart: G4 +47 56 51 33 40, www.mosjonsgutane.no Treningssenteret ligg lett tilgjengeleg i Voss sentrum og har squashbanar, solarium, kondisjonsutstyr, garderobar, biljard og kiosk og kan tilby spinning, step, pilates, yoga, fysioterapi, naprapati, pump, kettlebells og buttlift m.m. Adresse: Vossabygg 19 Info: Sjå nettside for opningstider, timeplanar og meir informasjon. Bading og velvære Fleischer s Hotel Innadørs basseng og velvære. Sjå eigen presentasjon. Voss Rafting Senter Utandørs boblebad og vedfyrt badstu. Pris boblebad: kr 1200 for inntil 8 personar, deretter + kr 150 p.p. Førehandstinging på tlf. 56 51 05 25. www.vossrafting.no Voss Rehabiliteringssenter ( Hagahaugen) Innandørs symjebasseng. Pris per time: V: 90,- B: 50,- Tider: sjå www.hagahaugen.no Mjølfjell Fjellstove og UH Utandørs symjebasseng, boblebad og badestamp. Sesong: jun-aug, 08-21 kvar dag Utebassenget Utandørs basseng i Voss sentrum. Sjå side 24. Badeplassar * Vangsvatnet/Prestegardsmoen (kart: E-G 6-8) * Vangsvatnet/Kvåle (kart: O13) * Evanger (kart: N13) * Bolstad/Flåtemuseet (kart: M13) * Vetlavatnet (kart: Q12) * Haugsvik/Oppheimsvatnet (kart: R11) Badeavdeling og velvære Fleischer s Hotel, annonse s. 67, kart: C4 +47 56 52 05 00, www.fleischers.no Velværeavdelinga har har symjebasseng, barnebasseng, boblebad, trimrom, utandørs tennisbane, solarium og badstove. Badeavdelingen: Tider: man-fre: kl. 07-19, laur: stengt sun: kl. 12-19 Pris: Vaksne: 110,- Born: 55,- Klippekort 10 klipp: 500,- Tennisbane: Tider: kl 07-21. Pris: kr 200,- (leige av bane). Utstyr kan leigast. Erik Østlie 16 Andre aktivitetar Andre aktivitetar 17

FISKE OG JAKT PÅ VOSS INNLANDSFISKE PÅ VOSS Voss har nærare 500 gode fiskevatn og elvar, og med lett utstyr kan ein dra i land aure og røye. Dei fleste grunneigarlaga som er organiserte i Voss Grunneigarsamskipnad har gått saman om ei felles fiskekortordning; Vossakortet. Dette kortet gjeld fiske etter innlandsfisk med krok i dei fleste elvar og vatn i Voss kommune. Vangsvatnet er inkludert (her gjeld det spesielle fiskereglar), medan resten av lakseførande elvar og vatn ikkje er med. Vossakortet kan kjøpast i turistinformasjonen på Voss, hjå bankane på Vangen, på campingplassane og nærbutikkane rundt om i kommunen. I 2013 vart også kortet tilgjengelig på inatur.no og via sms. LAKSEFISKE Det vart opna for forskingsfiske i Bolstadelva i 2013. For meir informasjon sjå www.bolstadelva.com. FISKETIPS I mange fjellvatn er mark eller oter eit bra alternativ. I Strandaelva ovanfor Lønavatnet er det ypparlege forhold for flogefiske. For fiskekort utanom Vossakortet, sjå www.grunneigarsamskipnad.no SMÅVILTJAKT I VOSS KOMMUNE Det meste av småviltjakta på Voss er organisert gjennom 13 grunneigarlag som sel jaktkort. Dette utgjer ca 1500 km2 av Voss kommune sitt totale areal på 1815 km2. Ca halvparten av arealet er høgfjell. Av jaktbare artar er fjellrype, lirype og hare dei viktigaste artane på Voss. Rypebestanden varierar frå område til område, og frå år til år. Harebestanden på Voss er relativt tett. Det er enkelte stadar brukbare bestandar av orrfugl og storfugl, men skogsfuglen er stort sett freda. Nokre få grunneigarlag sel spesielle skogsfuglkort. Jakt med hund er generelt ikkje tillate, men einskilde grunneigarlag sel jaktkort for harejakt med hund. Jaktstart varierar frå og med 10. september til og med 1. oktober. Det vert seld sesongkort, helgekort og dagskort. For oversikt over kvar ein kan kjøpa jaktkort, sjå www.grunneigarsamskipnad.no. I tillegg til rype og hare er det tillate å skyte følgjande artar innanfor gjeldande jakttid for dei enkelte artane: Måker, nøtteskrike, skjære, kråke, ramn, raudrev, røyskatt, villmink, mår og grevling. Det vert gått jaktoppsyn under småviltjakta. Hugs å ha jegeravgifta og jaktkortet med under jakta. I samsvar med ny våpenlov skal jegeren ha med våpenkort for registreringspliktige våpen under jakta. For meir informasjon om fiske og jakt, sjå www.grunneigarsamskipnad.no. VANDRING På Voss kan du vandre i eit levande landskap, kor folk bur og har drive tradisjonsrikt jordbruk i århundre. Du kan nyte fjordutsikta frå høge fjelltoppar, kjenne vasspruten frå ein foss som dundrar nedover fjellsida og, på godvêrsdagar, gle deg over synet av ein bre i horisontlina. Lett å koma seg på tur Voss er eit unikt utgangspunkt for vandreturar, og ei rekkje lengre og kortare turar med varierande vanskegrad, har startpunkt i sentrum. Voss Resort og Myrkdalen Fjellandsby har eit nett av familievenlege vandreruter, og høver godt som base for familiens vandreferie. Voss Utferdslag og DNT Voss Utferdslag (lokallaget til DNT) har eit stort løypenett og 6 hytter i Vossafjella. Stølsheimen er eit større turområde som inkluderer eit av fjellområda kring Voss. Innfallsportar er Voss sentrum og nordover langs RV13. Stølsheimen har eit stort nettverk av T-merka ruter og til saman 13 DNT hytter - eit flott område for lengre fleirdagsturar i fjellet. For meir informasjon om hyttene og ruter: http://voss.turistforeningen.no www.turistforeningen.no http://ut.no Fakta om vandring på Voss Vandresesongen: mai-oktober. Vær obs på at på vandrerutene i høgfjellet kan det ligge snø til langt ut i juni. Meir informasjon: Vandreinformasjon og kart for Voss finn du hjå Voss Turistinformasjon. Erik Østlie 18 Jakt og fiske 19 Hangur

Turforslag NAMN PÅ TUR STARTPUNKT GRADERING ESTIMERT TID KARTREFERANSE / SÆRPREG Bordalsgjelet Voss sentrum Grøn (lett) 1t 30 min t/r (Kart: I8) Spektakulært juv med jettegryter Bømoen Bømoen Grøne/Blå 1-10 km sløyfe (Kart: Q12-13) Bømoen er eit barnevenleg turterreng (lett/moderat) med mange alternative løyper. Høver for barnevogn. Engjaland (Kart: P11) Torvedalshytta Engjaland Blå 6-7t t/r Flott familievenleg tur inn i Stølsheimen til Torvedalshytta (DNT hytte). Erik Østlie VANDREHØGDEPUNKT Bordalsgjelet (Kart: I8. Sjå bilete s. 26) Bordalsgjelet er eit spektakulært juv i gangavstand frå sentrum, kor den tilrettelagt stien innover juvet gjev deg moglegheita til å sjå jettegrytene og gjelet på nært hald. Det er merka sti frå Voss sentrum til Bordalsgjelet. Gå forbi kyrkja og føl grusvegen langs Vangsvatnet innover i Prestegardsmoen. I enden av Prestegardsmoen kryssar du elva Vosso på ei smal hengebru. Vel over hengebrua føl du skiltinga mot Bordalsgjelet. Området er tilrettelagt for publikum med informasjonstavle, utsiktspunkt og benker. Når det ikkje er snø og is er det òg ein sti du kan følgje innover gjelet. Her får du god utsikt til dei fantastiske jettegrytene som is og elva har forma gjennom år tusen, men hugs, for di eiga sikkerheit: hald deg til dei merka stiane! TURFAKTA: Lengd: Stigning: Sesong: Vanskegrad: Startpunkt: Merknader: 1t 30min tur/retur Voss sentrum 50 m Mai - november Grøn (lett) Voss sentrum Fylg den tilrettelagte stigen innover juvet, prøv ikkje å klatre over gjerda! 20 Finnbunuten Myrkdalen Blå 4-5t t/r (Kart: P-Q10) Familievenleg topptur med flott Fjellandsby utsyn over Myrkdalen. I klarvær kan ein sjå heilt til Hardangerjøkulen, Jostedalsbreen og Folgefonna. Stalheimsnåli Stalheim Hotel Blå 2t t/r (Kart: R11) Lett, men luftig tur med fantastisk utsyn over Stalheim, Nærøydalen og Stalheimskleivi. Sjå òg s. 21. Hanguren Voss sentrum Blå 2-3 t t/r (Kart: P13) Flott utsyn over Vangsvatnet og Vossabygda. Lemme Lemme Blå 5 t (Kart: Q13) Denne DNT-merka dagsturen går frå Oppheim Lemme til Oppheim i fjellterreng over Skorseteggi 972 moh. (Kan gåast begge vegar) Lønahorgi Bavallen Raud 7 t t/r (Kart: P12-13) Turen til Lønahorgi er kronjuvelen eller Hangur (krevjande) blant dagsturane med utgangspunkt i Voss sentrum. Frå Lønahorgi (1410 moh) er det spektakulær utsikt, du kan sjå 4 isbrear; Fresvikbreen, Hardangerjøkulen, Vossaskavlen og Folgefonna. Gråsidetoppen Voss sentrum Raud 5t t/r (Kart: O-P14) Gråsidetoppen (1307 moh) er ein flott / Gjelle topptur som kan gåast frå Voss sentrum. Vel oppe på toppen har du fantastisk utsyn over Vossabygda. Bakkanosi Jordalen Raud 8t t/r (Kart: R10) Storfelt utsyn over Nærøyfjorden og umerka Verdsarvområde. Vandring Nåli (Kart: R11) Lett, men luftig tur med fantastisk utsyn over Stalheim, Nærøydalen og Stalheimskleivi. Turen føl delvis bil/traktorveg og delvis god sti, og har fleire rasteplassar med storslått utsikt undervegs. Turen tek ca. 2 timar t/r og vert rekna Nåli Gunnar Bergo som ein lett tur for alle aldersgrupper. Det fins gode informasjonsskilt som er vel verd å studere. Desse er oppsett både ved startpunktet på Stalheim og ved turens slutt ute i Nåli. Stigninga er på ca. 250 høgdemeter. Godt fottøy er å anbefala. Retur same veg. Frå parkeringsplassen ved Stalheim Hotel går turen opp til Brekkegarden. Rett før fyrste grind tek ein av til høgre, fortset ned bakken og over brua til Sivle. Vegen går så gjennom tunet på Sivle Gard (s. 39) og vidare opp Sivleshagen tek ein av og fortset på nedsida av den raude hytta og vidare inn i skogen. Stien frå Sivleshagen og fram til Nåli er blitt satt i god stand dei seinare åra, og er lett å finne. Husmannsplassen Nåli ligg halvvegs mellom Stalheim og Jordalen, og var busett og i drift til 1925/1930. I dag kan ein kun sjå restar etter eit av husa i Nåli. TURFAKTA: Lengd: Stigning: Sesong: Vanskegrad: Startpunkt: Turkart: 2,5 km ein veg 2t tur/retur 250 høgdemeter Juni - oktober Blå (moderat) Stalheim Hotel Nærøyfjorden 1:50 000 (Ugland IT) Vandring 21

SYKLING Med utgangspunkt i Voss sentrum kan du sykle frå fjell til fjord på Rallarvegen, lengre landevegsetappar til attraksjonar som Tvindefossen og Skjervsfossen eller korte og familievenlege turar. Vangsvatnet rundt Lengde: 23 km Gradering: grøn Estimert tid: 1-2 timar Kart: O-P 13-14 Lett kupert asfaltløype på mindre trafikkert veg. Enkel løype som passar dei over 10 år. Turen går gjennom mange gardstun, passerer små fossefall og Bordalsgjelet langs vegen. Voss sentrum Voss Lengde: 30 km Gradering: blå Estimert tid: 2-3 timar Kart: P-Q 12-13 golfbane Lett kupert asfaltløype på sykkelsti og mindre trafikkert veg før du kjem fram til Tvindefossen Tvindefossen, der du passerer 4 idylliske vatn på rekkje og rad. Voss sentrum Lengde: 20 km Gradering: grøn Estimert tid: 1-1,5 time Kart: P13 Bømoen Løypa går i lett kupert terreng dels på asfalt, dels grus og Voss sentrum til dels sti/skogsløype. Bordalen rundt Lengde: 20 km Gradering: raud Estimert tid: 1,5-2,5 timar Kart: P14-15 Innover Bordalen syklar du på ein lite trafikkert bygdeveg gjennom gardstun og jordbrukslandskap, då dalføret ikkje har gjennomgangstrafikk Voss sentrum Lengde: 27 km Gradering: raud Estimert tid: 2,5-3,5 timar Kart: P-Q 14-15 Bordalen Skutle Løypa passerer fine kulturlandskap og går gjennom skog og utmark. Du bør ha sykkel Bjørgum med litt grovare mønster i dekka. Voss sentrum Skjervsfossen Lengde: 27 km Gradering: blå/raud* Estimert tid: 2-3 timar Kart: P13+Q13-14 Lett sykling på gang- og sykkelstien til den spektakulære Skjervsfossen. * Raud gradering gjeld Skjervet. Rallarvegen Lengde: 82 km Gradering: raud Estimert tid: Dagstur Ta med deg sykkelen på toget til Finse, og sykle Noregs mest populære sykkeltur tilbake til Voss sentrum. Tog gjennom tunnel mellom Myrdal og Upsete. Upsete Mjølfjell Lengde: 43 km Gradering: blå Estimert tid: Dagstur Kart: P-T13 Voss sentrum Ta med deg sykkelen på lokaltoget til Upsete, gå av toget i eit flott fjellområde og sykle tilbake til Voss sentrum. Den Grøne sløyfa TERRENGLØYPE Del av nasjonal sykkelrute nr 4, som slyngar seg frå Evanger gjennom Teigdalen, over Nesheimsfjellet og gjennom Eksingedalen. Den Grøne Sløyfa: Sjå òg s. 36 Gondolen Lengde: 15 km Gradering: raud* Estimert tid: 1,5 time Kart: B3 Hangurstoppen Til dels vanskeleg terreng- nedover løype på stiar, turvegar Bavallen og på mindre trafikkert veg. * Gradering gjeld utforkøyring merking. Voss sentrum Meir informasjon: Voss turistinformasjon kan hjelpe deg med meir informasjon om sykkelturar, sti og terrengsykling og heisbasert sykling/ utforsykling (sjå kontaktinfo s. 60). Syklist velkomen -bedrift: Voss Vandrarheim. Utleige av syklar: Sjå side 63. C H/ Innovasjon Norge SYKKELRUTE Vangsvatnet rundt Lett kupert løype på mindre trafikkert veg. Turen går gjennom mange gardstun, passerer små fossefall og har fleire attraksjonar undervegs. Turen startar ved Vangskyrkja og går på nordsida av Vangsvatnet i retning Bergen (E16). Føl gang og sykkelveg på høgre side av vegen. Etter om lag 250 meter passerer du Fleischer s Hotel og sykkelvegen fortset på venstre side av vegen. Etter 1,1 km passerer du Voss Vandrarheim, kryss deretter brua som går over hovudvegen. Følg sykkelvegen som fyrst tek deg opp ein bakke, før den fortset gjennom gardstun parallelt med hovudvegen (E16). Etter 8 km når du Bulken og enden av vatnet, her kryssar du elva Vosso. Ta til venstre rett over brua, og følg hovudvegen på sørsida av Vangsvatnet mot Voss Sentrum. Når du byrja å nærme deg Voss sentrum har du to alternativ til avslutning på turen. Etter å passert Dagestadmuseet, vil du i botn av bakken kome til eit stort raudt hus på høgre hand. Her kan du anten ta til venstre, krysse Tintrabrua å sykle grusvegen gjennom Prestegardsmoen tilbake til sentrum. Alternativt kan du fortsetje langs Gjernesvegen, for så å ta til venstre over Langebrua og fylgje Uttrågata tilbake til Vangskyrkja. Attraksjonar langs ruta Bordalsgjelet Prestegardsmoen Rekvesmylna (eit par km før brua over Vosso på Bulken) Fleire kunst- og handverksutsal på sørsida av Vangsvatnet Sykkelfakta Enkel løype for dei over 10 år Estimert tid: 1-2 timar Lengd: ca. 23 km Terreng: Asfaltert sykkelsti og landeveg Sykkelutleige: Voss Vandrarheim 22 Sykling Sykling 23

VOSS FOR BARNEFAMILIAR Voss Klatrepark, +47 56 51 05 25 www.vossklatrepark.no (Annonse s. 68, kart: Q12) Familievenleg aktivitet med varierte og morosame utfordringar for alle! Klatreparken har 4 løyper; 2 store og 2 små med totalt 43 element. Høgste aktiviteten er 12 meter over bakkenivå! Sesong: mai-september. Aldersgrense: Store løyper: 10 år og min 140 cm. Små løyper: ingen aldersgrense, min 100 cm Pris: Store/alle løyper: kr 330,- Små løyper: kr: 165,- Voss Vind, + 47 40 10 59 99, www.vossvind.no. (Annonse s. 15, kart: K5) Fly som supermann i Noreg sin fyrste vindtunnel. Opplevinga startar med utdeling av utstyr og introduksjon til aktiviteten. Gjennomføring av flyging i tre minutt tilsvarar fire frittfall frå fly i 12 000 fots høgde! Alder: 5+ år. Tider: Onsdag-sundag 12:00-20:00 Prisar: Grunnpakke: 750,-, Student: 490,-. Familierafting, + 47 56 51 05 25, www.vossrafting.no (Annonse s. 68, kart: K2) På familierafting får ein prøve både store, stødige båtar og små 2-mannsraftar (Duckies) for dei som vil ha ei større utfordring. Mykje bading og moro for alle! Alder: 5+ år. Prisar: frå kr 440,- Voss Husdyrpark, +47 46 63 42 68, www.husdyrparken.no (Annonse s. 66, kart: P14) Besøk gamle norske husdyrraser på nært hald. Parken tilbyr blant anna aktivitetar som fôring av dyr, trøtraktorbane, klatrevegg for små og sandkassar. Her er og ein kafé og eit mini-museum med gamle reiskap. Tider: 20.06-20.08, alle dagar. Prisar: Vaksen: kr 120,-, Barn: kr 85,-, Honnør: kr 100,- Utandørs symjebasseng Kontakt Voss Camping +47 56 51 15 97. (Kart: E5) Ved Voss Camping i Prestegardsmoen finn eit utandørs symjebasseng med stupetårn, tre sklier og barnebasseng. Opningstider: 14.06-14.08. Myrkdalen Hestesenter, +47 41 56 68 06, www.myrkdalen-hestesenter.no. (Kart: Q11) Bli med på enkle ridetimar, stølstur m/enkel severing, ridekurs eller rideleir! Tider: Juni-Juli. Førehandstinging utanom sesong. Pris: 40 minutt på bane: kr 250,- 40 min ridetur: kr 200,- Riding Mjølfjell Fjellstove, +47 56 52 31 50, www.mjolfjell.no (Kart: S13) Tur- og timeriding på Rallarvegen. Hestar til utleige på time- eller dagsbasis om sommaren. Rideleirar i skuleferien. Tider: juni-september. Pris: kr 175,- pr time. Hanguren Erik Østlie Hangursbana med rebusløype (Annonse s. 66. kart: B3) Rebusløypa har utgangspunkt frå toppstasjonen på Hanguren. Informasjon om løypa får du i Hangursrestauranten. Hangursbana: Tider: 31.05-31.08: kvar dag 10-17. Prisar: V: 100,- B: 60,- Senior: 60,- Familie (2v+2b): 260,-. Rebusløype: Pris: kr 35,-. Premiering. Voss kino (Annonse s. 62, kart: C4) 56 51 94 00 (dag) / 56 51 94 80 (kveld ) www.vosskulturhus.no Voss kino har tre topp moderne heildigitale salar. Du kan sjå film kvar dag unntatt måndag. Kinoen finn du i Voss Kulturhus. Innlandsfiske på Voss Voss har nærare 500 gode fiskevatn og elvar og med lett utstyr kan ein dra i land aure og røye. Kjøper du fiskekortet Vossakortet gjeld dette for nesten alle fiskevatn og elvar. (Les meir på side18). Ut på tur Turorientering + 47 992 78 936, www.vossil.no/ovoss Tilrettelagte løyper for Turorientering. Kart m.m. til sals hjå Turistkontoret, Endeve Sport og Sport 1. Tur til Bordalsgjelet: 1,5 times tur langs merka sti og veg (passar for barnevogn). Ta med drikke og litt godt i sekken! (Kart: I8. Les meir på side 21). Turar på Bømoen: I turområde med merka vandreruter frå 2 til 10 km. Lett skogsterreng for heile familien. (Kart: Q13) Sykling Prestegardsmoen i sentrum av Voss er eit eldorado for sykling, både med og utan støttehjul. Bømoen er eit anna friområde med merka tur- og sykkelløyper. Ynskjer ein litt større utfordringar kan ein tur rundt Vangsvatnet vere aktuelt. Meir informasjon på turistkontoret. 24 Voss for barnefamiliar Voss for barnefamiliar 25

MobilBank Reis med rutebuss, båt eller Bybane når du skal oppleve Bergen og Hordaland! Foto: Svein Ulvund Sjå skyss.no for rutetider og meir informasjon. 177/+47 55 55 90 70 Med MobilBank har du med deg dei viktigaste banktenestene der du er. På ferie, på tur eller i sofaen. Les meir på www.vossabanken.no skyss.no VOSS PÅ KORT TID UTAN BIL Tips til sentrumsnære aktivitetar Kontantar heile døgret 1 TIME Trekk friskt luft på Prestegardslandet. (Kart: E5) Her får du utsikten utover Vangsvatnet mot Gråsida og bakover mot Hanguren og Lønahorgi. Kulturvandring: Bergsliløypa (Sjå s. 39) Voss Kulturhus (bibliotek) og panoramafilmane Voss gjennom 4 årstider og Verdsarvområdet i Nærøyfjorden. (Sjå s. 16+62) Finborud galleri og verkstad (Sjå s. 48) Vangskyrkja (Sjå s. 38) Minigolf (Kart: D4) Kafétur (Sjå s. 53) Shopping (Sjå s. 48-50) 2 TIMAR Bordalsgjelet (Sjå s. 21) Hangursbana (Sjå s. 9) 3 TIMAR PÅ VOSS: Voss Folkemuseum (Sjå s. 40) Leige sykkel/kano/stand UP Paddle (Sjå s. 63) Tandem Paragliding (Sjå s. 13) (Nordic ventures/voss HPK) Vindtunnel (Sjå s. 9 + 24) Fottur opp til Hangursrestauranten + gondolen ned (Sjå s. 9 + 20) For dei fleste aktivitetar så vil du trenge meir tid enn 3 timar. Sjå oversikt over aktivitetar og opplevingar på side 8-25 og 28-47. Våre minibankar finn du på Voss Jernbanestasjon, i kjøpesentra Amfi Voss (Haugamoen) og Voss Handelshus (Voss Handelspark), i bygget til Voss Handelslag (i sentrum), samt i banken sitt hovudkontor, Vangsgata 24. Voss Veksel- og Landmandsbank ASA Tel. 56 52 35 00 - Fax: 56 51 27 47 www.vekselbanken.no e-post: post@vekselbanken.no 26 Voss på kort tid utan bil

Det skjer i 2014: Mars: 15.-16.: FIS Freestyle World Cup (www.freestyleklubben.no) 25.-30.: NM Skiskyting (www.skiskytingvoss.no) April: 11.-13.: Vossa Jazz (www.vossajazz.no) Mai: 31.: Sykkelrittet Bergen Voss (www.bergenck.no) Juni: 13.-15.: Voss Cup (www.vosscup.no) 20.-22.: Jonsokdansen på Løno (www.jonsokdansen.com) 23.-30.: Ekstremsportveko (www.ekstremsportveko.com) Oktober: 23.-26.: Osafestivalen (www.osafestivalen.no) Desember: 27.: Jolajazz (www.vossajazz.no) For oppdatert liste og for registrering av arrangement, sjå: www.visitvoss.no/det-skjer Vossa Jazz Sigvor Mala www.vossajazz.no 11. 13.april 2014 VOSS UP? Det skjer på voss heile året I nærare 200 år har Voss teke i mot turistar som søkjer naturog kulturopplevingar. Ikkje så rart, for om ein kjem sommar, vinter, haust eller vår så er det alltid noko som skjer! Anten ein er interessert i musikk, mat, sport eller kultur, finn ein høvande arrangement for store og små. Ekstremsportveko, Voss Cup, Vossa Jazz og Osafestivalen - dei 4 største, årlege arrangementa på Voss. Ekstremsportveko, Eller «Veko», er verdas største sport- og musikkfestival av sitt slag. Kvart år kjem tusenvis av utøvarar og publikum for å oppleva ulike greiner innan ekstremsport, samt musikk innan sjangrane pop, rock, reaggea og funk. Ekstremsportveko Voss Cup er ei av Noregs største fotballturneringar for born mellom 6-12 år. Om lag 600 lag deltek på cupen, som vert arrangert ei helg i juni kvart år. I løpet av fire dagar kvar haust vert Osafestivalen arrangert. Dette er ein arena for interessante musikalske møte mellom utøvarar av tidlegmusikk frå klassisk side, og folkemusikarar, frå ulike tradisjonar og kulturar. Tommy Østby I over 40 år har Vossa Jazz vore ein del av kulturscena på Voss. Den musikalske profilen omfattar jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Viktige element i festivalen er og Badnajazz, Eldrejazz og Ekstremjazz. Vossa Jazz er kjend for å vera nyskapande og har i mange år presentert tingingsverk og andre prosjekt. 28 Voss UP? - Det skjer Voss UP? - Det skjer 29

VOSS SOM BASE Bygdesamfunn med eige særpreg, fjordar, bre og høge fjell, verdsarvlandskapet i Nærøyfjorden, Flåmsbana, Vøringsfossen og Bergen by ligg kun ein halvdagstur eller dagstur unna når du er på Voss. UTFORSK VOSS I grendene ute i dalføra kan du få eit møte med eigne bygdesamfunn som kanskje skil seg litt frå Vossebygda elles, der samhald og eigne tradisjonar pregar området. Myrkdalen (kartreferanse: Q10) har gått frå å vere ei lita landbruksbygd i Voss kommune til å vera eit reisemål i seg sjølv. Her er bualternativ for eitkvart ynskje, hotell, hytte, leilegheit eller camping. Myrkdalen er eit flott utgangspunkt for vandring om sommaren og hausten, medan aktivitetar på ski er hovudaktivitet vinterstid. Det er landskapet og tilgangen på naturleg snø som har sett bygda på kartet, saman med ei utbygging av skianlegg og overnatting. Naturen er leikegrinda for Myrkdalen, heile året. Vossestrand (kartreferanse: Q11) er den nordlege delen av kommunen med fleire små bygdesamfunn langs vegen: Vinje (kartreferanse: Q11) har overnatting på Vinje Turisthotel, bensinstasjon og nærbutikk, og dei som er på gjenomreis må ta eit vegval på Vinje. Her frå kan ein fylgje Rv 13 nordover til Myrkdalen og over Vikafjellet, eller du kan følgje E16 austover til Oppheim og Stalheim. Oppheim (kartreferanse: Q11) er idyllisk plassert ved Oppheimsvatnet. Her har du fleire mogelegheiter for overnatting, attraksjonar og aktivitetstilbod både på Oppheim og i Haugsvik (området ved andre enden av vatnet). Sjå òg VossaCruise s. 11. Stalheim (kartreferanse: R11) er innfallsporten til verdsarvlandskapet i Nærøydalen og Nærøyfjorden, eit område som er på Unesco si verdsarvliste (sjå òg s. 43). Her kan du overnatte på hotell eller hytte og vegen er kort til flott turterreng og kjende attraksjonar som Stalheimskleiva, Sivlefossen og Stalheimsfossen, som er faste innslag på fleire av rundturane ein kan bli med på (sjå s. 43). Bordalen (kartreferanse: P14-P15) er eit dalføre som har bilveg fram til Rong (ca. 15 km) og Rong Fjellstove som tilbyr overnatting. Herfrå går det stølsvegar vidare innover i fjellet, til Almenningen og mot Grungane og t- merka sti over til Ålvik i Hardanger. Litt nærare sentrum finn du kan Husdyrparken (sjå òg s. 12). Bordalen rundt er òg ein fin sykkeltur. (Sjå òg s. 22) Dalen austover frå Voss langs Bergensbana heiter Raundalen (kartreferanse: R13), og strekkjer seg ca. 40 km oppover, forbi Mjølfjell (kartreferanse: S13) til Upsete. Skiftande natur og rike høve til friluftsliv kjenneteiknar Raundalen. Her er djupe gjel, store skogsareal, snaufjell og Raundalselva, flott for fiske og bading og populær blant elvesportsutøvarar. På Mjølfjell er det fjellstove og ungdomsherberge med tilbod om aktivitetar og eit fint utgangspunkt om du likar å gå i fjellet, både sommar og vinter. Siste del av Rallarvegen endar på Mjølfjell. Ein fin sykkeltur er å ta lokaltoget til Upsete og sykle på Rallarvegen og bygdevegen tilbake til Voss sentrum. Stalheimskleivi 30 Utforsk vossaregionen Svein Ulvund 31

L M N O P Q R 9 S 1548 T U V Blåfjellet STØ L SH EI M E N 1375 1548 1180 Viksetnipa 10 1237 MODALEN Voss Fjellandsby Bjørndalskamben 12 28 Torvedalen 1172 Blåeggi 1324 Vinje 1433 Kvitanosi 24 26 5 Brekkhus Øvstedalen Volafjellet 21 KO NG EV EG Vestbygdi 18 Bulken 17 1131 Bavallen Slettafjellet 20 MYRDAL Reimegrend Horndalsnuten Utkikkspunkt Overnattingsplassar sjå side 56-58 Rasteplass Tømeplass for kloakk Bensinstasjon Indre Hordaland Miljøverk 31 OSLO Husdyrparken 1166 Grønahorgi ULVIK Rong GRANVIN 14 H A R DA N G ER J Ø K U L EN Logolink AS Torfinnsheimen Fenne len rda Bo 1207 Skipadalsnuten 1560 19 Voss skiog tursenter Tjørnahorgi Bruravik Kvanndal Hardangerbrua 16 32 Ålvik Kart 13 R A UN DA L E N Urland Lemme Bømoen ns fin Tor tnet va 15 Hodnaberg Hamlagrøvatnet 1339 Rjoaneggi Mjølfjell Skulestadmo et svatn Vang 1080 Br an ds et da le n 1411 VOSS Mykkeltveitveten BE RG SD AL EN 11 22 23 14 KON GEV EG BERGEN 14 Storanosi 1401 1437 35 35 Evanger 13 DALE 1412 Lønahorgi Dy rve da len Bolstadøyri BOLSTADFJORDEN FLÅM Kaldenuten Kaldafjellet 32 EG GEV KON 9 3 37 Tvinne Lø na va tne t 1133 Blåvasshorgi Haugsvik KONG E VEG - 36 NÆRØYDALEN Tvinnestølen Tei gda len 1043 Volahytta 27 Stalheim Oppheim Volavatnet 12 7 25 KO N VE GE G - EKSINGEDALEN OSLO 1318 Larsfonnfjellet VOSS E S T R A N D 11 AURLAND 1469 Gudvangen en al d k yr 34 M 1094 2 8 Gullbrå Jor dal en 1358 Finnbufjellet Ha rd a ng e r fjo rd e n Utne Brimnes EIDFJORD Kart 33

1 2 3 4 5 10 A FINNES- LOFTET 15 Vangstunnelen BERGEN Hangursvegen Holbergsplass SVARTE- NAKKEN Kvernavegen Sivlevegen Groavegen 30 Smidjev. Ullestadv. 1 4 B K Kyrkjefloten WC VOSS KULTURHUS WC Sivlevegen Ullestadvegen Mølstervegen Osavegen Nedre Mølster A Stallgt. Eggjabakken Vangsgata WC VOSS TINGHUS Kleivi B C D E F G H I J K Gullfjordungsvegen Evangervegen VOSS FOLKEMUSEUM MØLSTER- TUNET VOSS STASJON Lekvebakken Lekvebakken Ringheimsvegen TORGET Skulegt. Prestegardsalleen Rognsbakken Kleivi VOSS SJUKEHUS Sjukehusv. Strengjarhaugen Tjørnavegen Uttrågata Miltzowgt. OLAVS- KROSSEN Hestabakkv. VOSS UNGDOMS- SKULE Lundarvegen A Hestavangen 38 Teigabrekko TAXI ROGNE V.G. SKULE VANGEN SKULE Rognsbakken Gymnasvegen VOSS IDRETTS- HALL Ringheimsvegen Idrottsvegen Sverresbakken Lekvemogt. IDROTTS- PLASSEN Uttrågata VOSS GYMNAS Utsikten Elvegt. Rognshagen VOSSO Bjørkelivegen Tvildesvegen P Gjernesvegen Lunden TVILDEMOEN Magasinvegen RAUNDALSELVI Bordalsvegen Groadalen AMFI VOSS (Shoppingsenter) Blomvegen STRA Regimentsvegen Regimentsvegen 29 Voss Resort Bavallstunet Vangstunnelen 6 Ringheimsvegen Regimentsvegen SKULESTADMO Voss Vind Voss Rafting Senter Voss Folkemuseum LUNDAR- VATNET 6 7 A B K P Bank/Minibank Minibank Apotek Bibliotek Kino Politi Langtidsparkering Gass / lpg Bergsliløypa = Overnattingsplassar, sjå side 56-58 = Gangsti til Voss Folkemuseum = Turveg / tursti GRANDANE PRESTEGARDSMOEN Vossabakken Nyresvegen VANGSVATNET Gjernesvegen 16 8 34 Kart Kart 35 Gjernesvegen Bordalsgjelet Logolink AS

Evanger (kartreferanse: N13) ligg om lag 20 km frå sentrum i retning Bergen og er ein av Noregs få verkelege landsbyar, med eit gatebilete underlagt vern som bygningshistorisk miljø og kulturminne. På Evanger finn du nærbutikk, verkstad, kafé og ein brukt-/antikkforretning (sjå Patina Evanger nedanfor). Staden er i tillegg landskjend for god spekemat. Evanger er òg innfallsport til Den Grøne Sløyfa, som omfattar stadane Evanger, Eksingedalen, Modalen, Eidsland og Bergsdalen og er ein avstikkar frå hovudvegen mellom Voss og Bergen (sjå eigen presentasjon nedanfor). Korleis koma til Evanger: med bil, tog og buss. Patina Evanger, kart: N13 +47 909 39 193, www.evanger.net Patina Evanger er ein hyggeleg kafé, ein bruktbutikk og tilbyr overnatting i to leilegheiter. Her er maten heimelaga og kaffien den aller beste. La deg inspirere av brukte skattar, nye interiørvarer og heimelage, kreative påfunn i butikken eller nyt livet i husvære innreia med gjenbruksmøblar og ny design i harmonisk og nordisk stil. Tider: Tors: 11-16, Fre: 11-17 og laur: 11-16 Husvære: kvar dag heile året. Info/booking: +47 909 57 388 Adresse: Knute Nelsongt 17, 5707 Evanger Den Grøne Sløyfa, kart: s. 34, L-N 10-13 Områda: Evanger, Eksingedalen, Modalen, Eidsland, Bergsdalen +47 901 00 009, www.dengronesloyfa.no Ei ekte vestlandsperle og eit nettverk av små lokale grasrotverksemder som gjev høve til overnatting, handel og ulike aktivitetar. Perfekt å oppleve frå sykkelsetet, då deler av Nasjonal Sykkelveg nr. 4 går like gjennom. Eit eldorado for sportsfiske i elv, sjø eller vatn og ein naturleg innfallsport til dei vakre fjellområda på Vestlandet. Avstand frå Voss sentrum: 20-70 km Bolstad (kartreferanse: M13) er den einaste staden der Voss har tilgang til sjø i eigen kommune og ligg om lag 30 km frå sentrum i retning Bergen. Nede ved fjorden er det tilrettelagt eit friluftsområde med badeplass. Ved sida av friluftsområdet ligg grindbyggnausta på Tangen, og Flåtemuseet, som fortel historia om Vossahandelen mot Bergen. Korleis koma til Bolstad: med bil, tog og buss. NATURATTRAKSJONAR BORDALSGJELET Ei spesiell naturoppleving i gangavstand frå sentrum. Tilrettelagt sti innover gjelet, utsiktpunkt til jettegrytene i elva, informasjonstavler og benker. Sjå òg s. 21. HANGURSBANA Hangursbana tek deg til fjells og panorama utsikt over Vangsvatnet og Voss sentrum. Sjå òg s. 9. STALHEIMSKLEIVA STALHEIMSFOSSEN OG SIVLEFOSSEN Stalheimskleiva er ein av dei brattaste vegane i Nord-Europa, bygd i perioden 1842 1846. Vegen slyngjer seg i 13 hårnålssvingar frå toppen, der ein finn Stalheim Hotel og får ein flott utsikt mod Nærøydalen, eit område på UNESCO si verdsarvliste. På sidene av kleiva kan ein sjå Stalheimsfossen (126 meter) og Sivlefossen (142 meter). Stalheimskleiva er einvegskøyrd nedover. Tips: Frå Stalheim kan du gå tur til Nåli og frå botn av Stalheimskleiva er det tilrettelagt sti til utsiktspunkt mot Stalheimsfossen. Sjå òg s. 21. Slik kjem du til Stalheim: Kart: R11 Rundtur: Fleire av dei organiserte rundturane du kan ta frå Voss inkluderer Stalheimskleiva på ruta (sjå òg s. 43). Med bil, 30 min: Følg E16 nordover frå Voss sentrum. Ta av til venstre etter 33 km, følg skilt til Stalheim Hotel. Med buss, 35 min: Følg rutebuss frå Voss jernbanestasjon retning Gudvangen/ Flåm. Nokre bussavgangar har stopp ved hotellet, andre har stopp ved E16. Frå busstopp ved E16 er det 2 km å gå til Stalheim Hotel. TVINDEFOSSEN 152 meter høgt fossefall ved Tvinde Camping som òg har ein kiosk. Det er veg/sti til toppen av fossen, men merk at denne ikkje er spesielt tilrettelagt og ferdsel er på eige ansvar. Tips: Tvindefossen er fin å kombinere med tur til Afdal og Prestølen t/r. og tur frå Leidal til Hustveit t/r*. I tillegg er det ein fin sykkeltur: Voss sentrum Voss Golfbane Tvindefossen (Les meir på side 22). Slik kjem du til Tvindefossen: Med buss, 10 min: Følg rutebuss frå Voss jernbanestasjon retning Gudvangen/Sogndal. Gå av ved Tvinnefossen. Kart: P12. Med bil, 10 min: Følg E16 nordover frå Voss sentrum. SKJERVEFOSSEN Skjervefossen er 135 meter høgt fossefall som ligg langs Rv.13 i Granvin kommune, retning Hardanger. Tips: Skjervefossen er fin å kombinere med ein sykkeltur (Sjå òg s. 22) Kart: Q14. *Meir informasjon Voss turistinformasjon eller visitvoss.no Tvindefossen 36 Utforsk Voss Erik Hofseth Naturattraksjonar 37

KULTURATTRAKSJONAR FINNESLOFTET Finnesvegen, kart: A4 www.fortidsminneforeningen.no Finnesloftet ligg ved Finnesvegen ca. 15 min. gange frå sentrum. Gildesalen er eit nasjonalt kulturminne frå 1295 og er den eldste profane trebygningen i Noreg. Finnesloftet tek imot grupper (min. 10 personar) heile året etter avtale og kan leigast til kulturarrangement. Førehandstinging. For gruppevisning vil det forekomme ein ekstra gruppepris i tillegg til vanleg billettpris. Info: Voss Vandrarheim Tlf: 56 51 20 17. STALHEIM FOLKMUSEUM 56 52 01 22, kart R11 www.stalheim.com Stalheim Folkemuseum er truleg eit av Noregs mest omfattande museum i privat eige. Museet har ca. 30 lafta bygningar frå Vossestrand og Voss, sett saman av eit gamalt gardstun og utstillingar med ca. 5000 utstilte gjenstandar. Her kan besøkjande få god innsikt i korleis dei levde på den norske landsbygda for 150 til 200 år sidan. Pris: 60,- pp. Merk: Førehandstinging (10 pers). Vangskyrkja Visit Voss/Erik Østlie VANGSKYRKJA Vangsgata, kart: DE4 Voss kyrkjer, +47 56 52 38 80, www.voss.kyrkja.no Bygd i perioden 1271 77. Vangskyrkja er ei brukskyrkje med gudsteneste kvar sundag kl. 11. Om sommaren er kyrkja open for turist omvising. Brosjyre med nærare informasjon kan ein få i kyrkja. Sesong og ope: 01.06-30.08: man - fre: 10:00-16:00 laur: 10:00-13:00 sun: 14:00-16:00 Opningstidene varierer ved kyrkjelege arrangement. Utanom sesong: Omvising etter avtale. Prisar: Inngang kr. 15,-. Grupper v/min 20 pers: 200,-. BERGSLILØYPA Ei natur- og kulturløype på Vossevangen. Bergsliløypa har sju postar, på stadar eller ved monument som har tilknytning til dei tre Bergslikunstnarane. Løypa går frå sentrum og gjennom Prestegardsmoen langs Vangsvatnet. Ein post på vegen er idylliske Bergslitreet, der brørne Knud og Brunjulf Bergslien voks opp. Brosjyre får du hjå turistinformasjonen eller frå Voss Folkemuseum, tlf: 56 51 15 11. Kart: sjå eiga merking (blå stjerner). SIVLE GARD Stalheim, 5713 Vossestrand, Kart: R10 +47 957 832 74, randi@sivlegard.com, www.sivlegard.com Natur og kultur hand i hand! Mellom høgreiste fjell og djupe dalar i UNESCO sitt verdsarvområde, vert dykk tatt med inn i Per Sivle sitt rike. Her kan du få servert god heimelaga tradisjonsmat, krydra med dikt og song, i gamle hust med varme og sjel. Og vakna til ei utsikt du seint vil gløyma. Om du ynskjer, tek vertinna deg med på korte og lengre turar i området. Store og små grupper på førehandstinging. Servering/kulturformidling/omvising/ guiding m.m. Tider: mai-okt Kulturattraksjonar 39

VOSS FOLKEMUSEUM Tlf: 474 79 794, Adresse: Mølstervegen 143 kart : C2 post@vossfolkemuseum.no www.vossfolkemuseum.no Dei seksten husa på Mølstertunet står der dei ein gong var sette, og er eit eineståande døme på byggeskikken på Voss i eldre tider. Husa er bygde mellom 1500 og 1870, og var i bruk til 1927. Basisutstillinga i samlingsbygget fortel i hovudsak om dagleglivet på Voss fram til 1900. Frå museet har du flott utsikt over Vossevangen. Stor museumsbutikk. Opningstider: 18. mai 31. august: 10 17 kvar dag. 1. september 16. mai: 10 15 mån fre; 12 15 sundagar Prisar: Vaksne kr 70,-. Born gratis. Grupper på minst 15 personar: 50,- per person. Voss folkemuseum har òg to andre tun på Voss: Nesheimstunet har 16 bygningar, den eldste frå 1688, medan den eldste av dei fire bygningane på Oppheim gamle prestegard er frå 1665. Begge tuna er berre opne etter avtale. Anne M. Hirth Mølstervegen 143, 5705 Voss (+47) 474 79 794 post@vossfolkemuseum.no www.vossfolkemuseum.no MINNESMERKE OG STATUAR OLAVSKROSSEN Steinkross frå 1023, då vossingane vart kristna. Står i Skulegata, på ein haug mellom Voss postkontor og Voss ungdomsskule. SIVLE-MINNE Diktaren Per Sivle (1857-1904) vaks opp på Stalheim i Voss kommune. På toppen av den velkjende Stalheimskleiva står ein bautastein reist i 1909 til minne om Per Sivle. Framfor Voss Tinghus på Vossevangen står ei Sivlebyste, reist i 1957 i høve 100-års jubileet for Per Sivle. Biletkunstnaren Ottar Espeland har laga denne bysta. På mellomalder-kyrkjegarden på Oppheim vart det i 2007 avduka endå eit Sivle-minne, i høve 150-års jubileet. Dette er ei støypt minneplate på grava til mor til Per Sivle, Mor si grav, og tek utgangspunkt i det kjende Sivle-diktet Den fyrste song eg høyra fekk. MERKESMANNEN står i Voss kulturhus. Kunstverket framsteller ein av Sivle sine kjende diktfigurar, merkesmannen Tord Foleson, som bar Heilag-Olav si merkestong under slaget på Stiklestad. Tord Foleson fall under slaget, men rakk å køyra merkestonga så hardt ned i bakken at Heilag-Olav sitt merke vart standande, jamvel om beraren let livet. Det er denne hendinga Sivle-strofa som er hoggen inn i monumentet, refererer til. Laga av Lars Fletre, avduka i 1984. KNUTE ROKNE SKULPTUR Knute Rokne amerikansk fotball-legende og trenar ved Notre Dame universitetet - var fødd på Voss. Den 31. mars 2006 vart det avduka ein ny Rockne-skulptur på Voss, på plenen framfor Fleischers Hotel. Skulpturen er ei gåve frå den amerikanske kunstnaren Jerry McKenna, og er identisk med tilsvarande skulptur på Notre Dame Universitetet. MOSAFINNMONUMENTET Ridande vossabryllaup står i parken nedanfor jernbanestasjonen. Bronserelieff av eit ridande vossabrurefylgje til minne om meisterspelemannen Ola Mosafinn (1828-1912), og tradisjonen med ridande vossabryllaup. Utført av Nils Bergslien. VETERANBAUTAEN står ved Vangsvatnet framfor Park Hotel Vossevangen. Til minne om vossingane som var med i krigen mot Sverige 1807 1814. Opningstider: 18. mai-31. aug: 10-17 kvar dag, 1. sept.-16.mai: mån-fre 10-15, sun 12-15. Voss folkemuseum er ein del av KNUTE ROKNE minnestein står like nedanfor jernbanestasjonen. Knute Rokne (1888 1931) forandra amerikansk fotball med sin ekspertise innan taktikk og strategi, og vart eit stort ideal innan amerikansk sport. Knute Rokne Svein Ulvund 40 Kulturattraksjonar Kulturattraksjonar 41