Informasjon om søknadsprosessen på spelemidlar
Innhald Kven kan søkje om spelemidlar?... 2 Kor mykje spelemidlar kan vi søkje om?... 2 Kva krav er det til søknaden?... 3 Kor kan vi søkje om spelemidlar, og kva er fristen?... 4 Vi har fått spelemiddelsøknaden godkjend tidlegare, men ikkje fått tildelt midlar fornying av søknad... 5 Når får vi svar på søknaden?... 5 Kan vi søkje om spelemiddel på eit anlegg som er ferdigbygd eller rehabilitert?... 5 Kan laget vårt søkje om momskompensasjon?... 6 Kven kan vi kontakte i Jølster kommune?... 6 Treng de meir utfyllande informasjon?... 6 Årshjul spelemiddel 1
Kva kan ein søkje spelemidlar til? Spelemidlar skal medverke til at ein større del av innbyggjarane våre får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Det kan søkjast tilskot frå spelemidlane til: nybygg og rehabilitering av anlegg til organisert idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv (ordinære anlegg) ombygging av eksisterande anlegg for å sikre tilgang for funksjonshemma nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for uorganisert fysisk aktivitet knytt til bu- og opphaldsområde). Anlegget kan ha veggar, men ikkje tak Turkart NB! Reine reiskapsleikeplassar (sandkassar, husker, sklier, vipper, klatrehus etc.) fell utanfor ordninga. Kven kan søkje om spelemidlar? Som hovudregel er det berre eigar av anlegget som kan søkje tilskot frå spelemidlar. Alle ikkjekommersielle aktørar kan søkje om tilskot til anlegg for idrett og friluftsliv: Kommunar/fylkeskommunar Idrettslag/organisasjonsledd i Norges Idrettsforbund Samansluttingar organisert under Norges Jeger- og fiskarforbund, Den Norske Turistforeining, Norges Bilsportforbund eller Det Frivillige Skyttarvesenet Aksjeselskap/allmennaksjeselskap Stiftingar Andre organisasjonar som t.d burettslag og velforeiningar. Kor mykje spelemidlar kan vi søkje om? Til bygging og rehabilitering av ordinære anlegg kan de få tilskot på inntil 1/3 av godkjend kostnad. Nedre grense for godkjend kostnad er på kr 150 000 (kr 75 000 for kart). For mange anleggstypar er det sett eigne maksimale tilskotssummar. Oversikt over desse finn de i Føresegner frå Kulturdepartementet som blir gitt ut kvart år. For nærmiljøanlegg kan de få tilskot på inntil 50 % av godkjend kostnad. Maksimalt tilskot per anleggseining er kr 300 000, minimum er kr 25.000. Nedre beløpsgrense for godkjend kostnad er kr 50 000, øvre grense er kr 600 000. Eit nærmiljøanlegg kan delast inn i fleire område, ein anleggsstad kan få maksimalt 1 200 000 kr i tilskot. 2
Kva krav er det til søknaden? Ein søknad om spelemidlar må stette dei formelle krava som kulturdepartementet (KUD) til ei kvar tid set. Følgjande generelle krav skal søknaden oppfylle: Anlegget må vere innarbeidd i Jølster kommune sin Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Om de har planar om anlegg som ikkje er nemnt der er det viktig å gje innspel til kommunen om det, slik at tiltaket kan bli tatt med i rullering eller revisjon av denne kommunedelplana. Kommunen sender ut informasjonsbrev i juni kvart år der vi ber om innspel på nye anlegg. Større anlegg som m.a. symjehall, kunstgrasbane (100x64) må og vere prioritert i fylkeskommunen sin Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Planar om slike anlegg melder de og til kommunen. Anlegget må ha fått eit anleggsnummer i idrettsanleggsregisteret. Dette kan du få ved å kontakte kommunen. Anlegget må ha fått idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av kommunen eller Kulturdepartementet før det blir søkt. Førehandsgodkjenninga skal sikre at anlegg har behovsrette og gode idrettsfunksjonelle løysingar, universell utforming og at estetiske og miljømessige tilhøve vert ivaretekne. Denne godkjenninga er gyldig i 2 år og kan fornyast viss byggjearbeidet ikkje har starta innan utløpsdatoen. Dersom de startar byggjearbeidet før de har fått idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning, er det i seg sjølv grunn til avslag på spelemiddelsøknaden. Ved endring av planar må de søkje om ny godkjenning før byggjearbeidet blir starta. Hugs at idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning ikkje erstattar kommunen si byggjesakshandsaming etter plan- og bygningslova. Dokumentasjon på eigarskap eller tinglyst leigeavtale på grunn må leggast ved søknaden. Planar både for finansiering og drift av anlegget må ligge føre dersom andre enn kommunen står som søkjar. Kommunal garanti når andre enn kommunen står som søkjar, må kommunen eventuell fylkeskommune, garantere for at spelemidlane blir tilbakebetalt av tilskotsmottakar ved eventuelt misleghald. Dette gjeld når du får eit samla tilskot til anlegget på over kr 3 000 000 til nybygg og/eller rehabilitering av store anleggstyper som alle typar hallar, motorsportanlegg, rideanlegg, m.m. Når ein får tildelt spelemidlar til eit anlegg, forpliktar ein seg til å halde anlegget ope for allmenn idrettsleg og/eller eigenorganisert fysisk aktivitet i 30, 20 eller 10 år frå ferdigstilling, avhengig av type anlegg. Om dette kravet ikkje blir etterkome så kan staten krevje å få tidlegare utbetalte spelemidlar tilbakebetalt. Det er eit grunnleggjande prinsipp at tilskot i form av spelemidlar ikkje skal danne grunnlag for fortenestebasert eigarformar. 3
Kulturdepartementet gjev kvart år ut føresegner om tilskot til anlegg for idrett og friluftsliv. Her finn ein all informasjon om type anlegg, satsar på tilskotet, spesielle krav og unntak og krav til dei ulike delane av søknaden. Både kommunen og kulturavdelinga på fylkeskommunen gjev råd og rettleiing til søkjarar. Mange av særforbunda har eigne anleggskonsulentar som og kan gje god hjelp, og det er publisert ei rekkje rettleiingshefte om ulike typar anlegg. Kor kan vi søkje om spelemidlar, og kva er fristen? Søknader må registrerast på www.idrettsanlegg.no før 1. oktober for å komme med i prioritering og eventuell tildeling komande år. Referansenummer på søknaden blir sendt til dykk på e-post. Søknadane kjem først til kommunen og blir handsama av sakshandsamar for spelemidlar. Deretter sender kommunen søknadene vidare til fylkeskommunen innan 15.januar med status «i orden» eller «ikkje i orden». Dersom det er store manglar som ikkje let seg ordne innan fristen, tilrår kommunen søkjaren om å arbeide vidare med planane og heller søkje ved neste søknadsrunde. Kostar det noko å søke? Nei. Registrering av søknad på www.idrettsanlegg.no og handsaming av kommune/fylkeskommune er gratis. Kostnaden vil vere knytt til sjølve anlegget, tinglysing av avtalar o.l. Kva vedlegg skal følgje søknaden? 1. Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av planane. Denne inneheld: o Godkjenningsbrev frå godkjenningsinstans (kommunen eller departementet) datert før 15.januar. o Behovsoppgåve for anlegg som gjer greie for den kartlegginga av behov som er gjort. o Situasjonsplan i målestokk 1:1000 eller 1:500 o Planar og teikningar for anlegget (underskrive av godkjenningsinstans). 2. Detaljert kostnadsoverslag Mal på kostnadsoverslag finn de på www.idrettsanlegg.no under «søknad og rekneskapsskjema». Bruk denne malen. 3. Finansieringsplan Dette er ei utgreiing for og dokumentasjon på finansiering av dei samla kostnadane med anlegget. Den inneheld dokumentasjon på: o Styrevedtak på at tiltaket skal gjennomførast og kor mykje midlar som blir avsett til det. o Eigenkapital (kontoutskrift frå bank, eller post som viser at summen er bunde til prosjektet). o Private tilskot, gåver (pengetilskot, materialar, rabattar) skal vere stadfesta med underskrivne gåvebrev. Mal finn de på www.idrettsanlegg.no o Dugnad - verdien av dugnad skal vere den same som om de brukte betalt hjelp til å gjere jobben. Når de veit kva de ønskjer å gjere på dugnad så får de ein eller fleire entreprenørar, handverkarar eller fagfolk til å gje eit skriftleg tilbod på dette arbeidet. Det spelar inga rolle om de brukar 20 eller 120 timar på å gjere arbeidet sjølv, verdien av 4
dugnaden er lik kostanden med å få arbeidet gjort med innleigd arbeidskraft. De skal ikkje ta med moms på dugnad. o Lån stadfesta med kopi av lånetilsegn o Eventuell kommunal eller fylkeskommunal garanti må vere stadfesta med kopi av vedtaket. 4. Plan for forvaltning, drift og vedlikehald av anlegget. Mal for denne finn de på www.idrettsanlegg.no under «søknad og rekneskapsskjema». 5. Tinglyst skøyte eller dokumentasjon på rett til bruk av grunn i minimum 20 år for nærmiljøanlegg og 30 år for ordinære anlegg. De må føre ein eigen anleggsrekneskap for det aktuelle idrettsanlegget. Tilskotsmottakarar utanom kommunen og fylkeskommunen bør nytte ein eigen bank- eller postgirokonto for alle utbetalingar/innbetalingar som gjeld anleggsinvesteringa. Vi har fått spelemiddelsøknaden godkjend tidlegare, men ikkje fått tildelt midlar fornying av søknad At ein søknad blir godkjend betyr ikkje at ein får tildelt midlar det året ein søkjer. Når du har ein godkjend spelemiddelsøknad, men ikkje fått tildeling, må du fornye spelemiddelsøknaden din det påfølgande året. I Sogn og Fjordane er det kvart år fleire søknader som fyller krava enn det er pengar til. Nokre anlegg må difor vente i eitt eller fleire år før dei får spelemidlar. I denne perioden må de hugse å fornye spelemiddelsøknaden kvart år for å behalde ein godkjend søknad. Ved fornying av søknad er det nok å vise til godkjende vedlegg som er sende inn tidlegare. Hugs at eit eventuelt oppdatert kostnadsoverslag likevel skal sendast inn som vedlegg til fornya søknad. De må gje status for framdrift av anlegget og gjere greie for eventuelle avvik/endringar frå tidlegare søknad. Du fornyar søknaden din på www.idrettsanlegg.no, kor du legg inn referansenummer frå tidlegare søknad. Kan vi starte byggjearbeidet før vi veit om vi får spelemidlar? Dersom de har fått idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av anlegget kan de starte å byggje sjølv om de ikkje har fått svar på spelemiddelsøknaden. De må då kunne forskottere bygginga, og ta høgde for at det kan ta fleire år før tilskotet frå spelemidlane kjem. Dersom de startar å byggje før de har fått førehandsgodkjenning så mister de retten til spelemidlar til anlegget. Når får vi svar på søknaden? Sogn og Fjordane fylkeskommune sender svar til søkjarane i juni påfølgjande år. Kor finn eg kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet? På kommunen sine heimesider under Planar kommunedelplanar Idrett og friluftsliv finn de ei lenke til gjeldande kommunedelplan. Kan vi søkje om spelemiddel på eit anlegg som er ferdigbygd eller rehabilitert? 5
Ein kan sende inn ein søknad om spelemidlar seinast siste kalenderåret etter ferdigstilling av anlegget. Men hugs at idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning må vere på plass før byggjearbeidet blei starta. Viss ikkje den låg føre på det tidspunktet, kan ein ikkje sende inn ein søknad om spelemidlar. Kan laget vårt søkje om momskompensasjon? De kan søkje om kompensasjon for meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg. Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvaltar denne ordninga og som kan hjelpe deg om de har spørsmål rundt dette. Ordninga gjeld idrettsanlegg der byggjearbeidet er sett i gang etter 1.januar 2010 og omfattar alle som oppfyller vilkåra for å få spelemidlar. Ein godkjend spelemiddelsøknad er eit vilkår for å søkje om kompensasjon for meirverdiavgift. Ordninga vert årleg kunngjort av Kulturdepartementet og søknadsfristen er 1. mars. NB! Ordninga er rammestyrt, noko som inneber at godkjente søkjarar får ei prosentvis lik avkorting dersom dei godkjente søknadsbeløpa er større enn ramma. Difor er usikkert kor mye ein vil få i kompensasjon, og det gjer at frivillige lag og organisasjonar ikkje kan legge inn momskompensasjon som ein del av finansieringsplana i ein spelemiddelsøknad. Her må ein legge inn alternativ finansiering, og så søkje momskompensasjon må søkje om i etterkant. For meir informasjon om ordninga, sjekk www.lottstift.no/momskompensasjon Kven kan vi kontakte i Jølster kommune? Vi oppmodar dykk til å ta kontakt med kommunen tidleg i prosessen når de har planar om nybygg eller rehabilitering. Spelemiddelsøknader og kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet Laila Bergheim Ommedal tlf. 57 72 61 29 lbo@jolster.kommune.no eller Anne Grete Nøttingnes tlf. 57 72 61 14 agn@jolster.kommune.no Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning: Laila Bergheim Ommedal tlf. 57 72 61 29 lbo@jolster.kommune.no eller Anne Grete Nøttingnes tlf. 57 72 61 14 agn@jolster.kommune.no Plan og bygningslova, byggjeløyve Tor Arild Segtnan tas@jolster.kommune.no Tlf. 57 72 61 17 Treng de meir utfyllande informasjon? Kulturdepartementet gjev kvart år ut føresegner om tilskot til anlegg for idrett og friluftsliv. Her finn ein all informasjon om type anlegg, satsar på tilskotet, spesielle krav og unntak og krav til dei ulike delane av søknaden. Føresegnene kan lastast ned frå kommunen si heimeside: https://www.jolster.kommune.no/tenester/kultur-og-fritid/spelemidlar/ Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2015 Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2014 2017 6
Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014 2017 Bestemmelser for kompensasjon av merverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg (.pdf) Ein kan finne eit oversyn over fleire aktuelle publikasjonar på nettstaden www.idrettsanlegg.no 7
8