,,;, HELSE SUNNMØRE HF ^ft 0 HELSE ^JH^k Dato, 1 o MAI 2010 J.^r.ca^Q sboh. opi:,..ò^. b^^ unntatt oti t!m NF Helse Sunnmøre HF V/ Direktør Astrid J.Eidsvik og Styreleiar Marthe Styve Holte K......n...su+IU+!!an uj/ijjjhd/ 1I NI7 d ia31 i Dykkar ref: Vår ref.: Randi Erdal Volda, 18.05.2010 Strategi 2015 for Helse Sunnmøre HF - Høyring Viser til vedlagde kommentar til Strategi 2015. LMS Helse Sunnmøre har diskutert strategien sett frå vår ståstad. Vår konklusjon er at Strategi 2015 er eit godt reiskap for Helse Sunnmøre.Vi finner her ei rad utfordringar for LMS. Det er desse som har fokus i vår kommentar. Vennleg helsing Randi Erdal Jan Ole Bolsø Vedlegg: HELSE SUNNMØRE STRATEGI 2015 OG UTFORDRINGANE TIL LMS HELSE SUNNMØRE - ein kommentar Kopi: Fagdir. Odd Veddeng Seniorrådgivar Anny Sønderland Postadresse : Telefon administrasjon : 70 10 68 00 Telefaks administrasjon: 70 10 68 01 6026 ÅLESUND Telefon sentralbord: 70 10 50 00 E-post: postmottak anhelse-sunnmore.no Org.nr.: 983 974 759
HELSE SUNNMØRE STRATEGI 2015 OG UTFORDRINGANE TIL LMS HELSE SUNNMØRE - ein kommentar Høyringsutkastet til Helse Sunnmøre for Strategi 2015 har danna grunnlaget for dette notatet. LMS Helse Sunnmøre har parallelt med diskusjonar kring denne strategien diskutert Helse Midt-Norge sin strategi 2020 i lag med dei andre LMS i regionen. Vår konklusjon er at Strategi 2015 er eit godt reiskap for Helse Sunnmøre. Denne kommentaren vert difor i hovudsak ein refleksjon over kva rolle LMS etter vårt syn bør spele i arbeidet med å verkeleggjere strategien fram mot 2015. Opplæring av pasientar og pørørande: "Ansvaret for opplæring ligger til avdelingsledelsen. Lærings- og mestringssenterets ansatte skal veilede på grunnlag av sin kompetansefor å videreutvikle læringsoppdraget. " "Handlingsprogram for pasient- og pårørende opplæring" fra 2004 I den moderne helsetenesta er aktiv og bevisst medverknad frå pasientar og pårørande viktig. Dette gjeld både i Noreg og elles i den vestlige verda, og blir mellom anna uttrykt i pasientrettigheitslova, den nye samhandlingsreforma, folkehelsemeldinga "Resept for et sunnere Norge" og EU sin helsestrategi. Felles er eit tydelig fokus på pasienten som eit aktivt og handlende subjekt og ikkje ein passiv mottakar av tenester. For helsetenestene medfører aktiv og bevisst medverknad frå pasientar og pårørande utfordringar på minst tre område. 1) Pasientar og pårørande må ha nok kunnskap til å kunne være aktive, 2) Helsetenesta må være organisert på ein måte som gjer at innspel frå pasientar og pårørande kan føre til reell innverknad og endring i forhold eiga behandling, og 3) Tilsette i helsetenesta må evne å kommunisere på ein konstruktiv måte tilpassa pasientar og pårørande sine føresetnadar. Strategi 2015 har eit gjennomgåandefokus på "Pasient/ brukar skal ha ei meir aktiv rolle - pasienten som ressurs og medspelar. " Denne nye pasientrolla krev ein pasient som har kunnskap. Pasientopplæring som ein integrert del av behandlingsforløpet blir difor viktig. Dette må være eit samanhengande pasientforløp som inkluderar spesialisthelseteneste, kommunehelseteneste og pårørande. Vi finn det difor rett at strategi 2015 beskriv utviklinga slik: "Lærings- og meistringsarbeidet skal utviklast i dialog med kommunane og fleire tiltak skal skje i samarbeid med kommunane og ute i kommunane. " LMS Helse Sunnmøre har svært høg kompetanse når det gjeld opplæring av pasient og pårørande og i forhold til brukarmedverknad. Helse Sunnmøre har fatt tildelt 500 000 kroner årleg i 5 år frå samarbeidsutvalet til prosjektet KNOPP. KNOPP er lagt til LMS og målet er å
forsterke forsking og utvikling på dette feltet, i tett samarbeid med kliniske miljø, i heile regionen. Kunnskapar som er viktige her er helsesosiologi (kunnskap om pasientar og pårørande sin situasjon), helsekommunikasjon (kva kommunikasjon fører til) og helseleiing (korleis helsetenester må organiserast for å møte den aktive pasienten på ein god måte). Dette vil være nyttig både når kommunane skal bygge opp sin eigen kapasitet på området opplæring av pasientar og pårørande og når avdelingane skal utveksle kompetanse med kommunane. For at LMS Helse Sunnmøre skal kunne fylle dei oppgåvene vi oppelver at Strategi 2015 legger på LMS vil det være behov for å halde fram med arbeidet med å sikre og utvikle LMS Helse Sunnmøre. LMS er det einaste i Noreg som har utvikla tre verksemdsområde: 1) Støtte lokal opplæring av pasientar og pårørande, 2) støtte lærings- og meistringssentra i regionen og 3) forsking og utviklingsarbeid. Støtte til lærings- og meistringssentra i regionen er finansiert gjennom øyremerka tilskot frå Helse Midt-Noreg Ø. Arbeidet med forsking og utvikling har i hovudsak vore finansiert med ulike prosjektmidlar. Gjennom KNOPP og gjennom arbeid med infrastruktur for forsking i Helse Sunnmøre er LMS i ferd med å bygge eit meir solid fundament for denne aktiviteten. Eit fundament som ikkje berre er avhengig av prosjektmidlar. Hovudtyngda av FoUaktiviteten er likevel tenkt finansiert gjennom prosjekt. Den regionale funksjonen og FoU-aktiviteten forsterkar - og blir forsterka - gjennom arbeidet retta mot avdelingane i Helse Sunnmøre. For å kunne gjennomføre "Lærings- og meistringsarbeidet skal utviklast i dialog med kommunane og fleire tiltak skal skje i samarbeid med kommunane og ute i kommunane. " meinar vi at følgjande føresetnadar må være på plass for at Helse Sunnmøre skal lukkast: tilførsel av ressursar til LMS for å arbeide aktivt i forhold til kommunane ei sterkare styring av opplæring av pasientar og pårørande. Mellom anna gjennom å etterspørje aktivitet. i endå større grad nytte LMS som ein rådgivar. Mellom anna i høve til samhandling og utvikling av pasientforløp. utvikling og implementering av infrastruktur for opplæring Strategi 2015: LMS opplever Strategi 2015 som ein god strategi. Ved å være så tydelig på utvikling av område der LMS er tillagt viktige oppgåver ynskjer vi her å syne korleis dette reiser utfordringar for LMS. Dette vert å sjå på som refleksjonar om kva rolle LMS kan eller skal spele i høve strategi 2015. I strategien står det: "Opplæring av pasientar og pårørande er ei av hovudoppgåvene til sjukehusa. Også innan dette området er det forventa at spesialisthelsetenesta skal bidra til kompetanseutveksling og kompetanseoppbygging i ei forsterka kommunehelseteneste. Ei moderne spesialisthelseteneste må sjå på pasient og pårørande som aktive medprodusentar av eiga helse. Det er møtet mellom pasient og helsepersonell som er det viktige møtet. Summen av desse møta avgjer kvaliteten på dei tenestene vi yter. 2
Opplæring av pasientar og pårørande kan ikkje sjåast som ei teneste fristilt frå behandling, men som ein integrert del av pasientforløpet. Eit forløp som ofte krev både samhandling mellom avdelingar, mellom spesialisthelseteneste og primærhelseteneste og ikkje minst medpasient og pårørande. " Strategien har eit gjennomgåandefokus på "Pasient/ brukar skal ha ei meir aktiv rolle - pasienten som ressurs og medspelar. " I strategien er det ei rekkje strategiar som har innverknad på LMS sitt arbeid. Eit punkt er likevel overordna: Strategi HSM: Vi skal vidareutvikle opplæring av pasientar og pårørande i samarbeid med brukarar og kommunane. Vi ser på dette som den store utfordringa for LMS. Ikkje bare vil LMS få 17 kommunar ein skal samarbeide med på ulik måte og saman med avdelingane. LMS må også jobbe tett mot de fleste samhandlingstiltak mellom Helse Sunnmøre og kommunane. LMS må finne sin plass i arbeidet med samhandling. Slik strategien definerer opplæring av pasientar og pårørande som ei hovudoppgåve har dette arbeidet fleire ulike hovudområde: Bidra til å utvikle ei endra pasientrolle Samhandling Skape opplæringstiltak Organisasjonsutvikling Forsking Kommunikasjon LMS er ein støttefunksjon for leiinga i Helse Sunnmøre, for avdelingane og fagmiljøa og skal i framtida, slik vi oppfattar strategien, også være det for kommunane. Det er avdelingane og kommunane som saman med brukarorganisasjonane skal drive med pasientopplæring. Bidra til å utvikle ei endra pasientrolle 'Ti moderne spesialisthelseteneste må sjå på pasient og pårørande som aktive medprodusentar av eiga helse. " Det betyr at både pasientar og tilsette i spesialisthelsetenestene og kommunane må utvikle sitt syn på pasient og pårørande si rolle. Opplæring av pasientar og pårørande, sjølvhjelp og førebygging er sentrale grep for å styrke pasient/brukar og pårørande. Dette må skje i nært samarbeid med kommunane og brukarorganisasjonane. Ein kan si at feltet opplæring av pasientar og pårørande har 3 syn på kunnskap som alle peikar mot ei meir aktiv pasientrolle: Kunnskap om eigen sjukdom/situasjon er ein demokratisk rett Kunnskap om eigen sjukdom/situasjon bidrar til auka kvalitet på helsetenestene 3
- Kunnskap gir moglegheit til eigne val og handlingar som betyr ein meir sjølvstendig pasient. Når HSM i strategien legg stor vekt på ei pasienten som ressurs og medspelar ("Vi skal tilrettelegge for eigenmestring der pasienten blir meir sentral i behandlinga") er det naturlig at LMS spelar ei sentral rolle i dette arbeidet. Utfordringa er korleis LMS skal bidra og jobbe målretta for å bidra til å utvikle ei endra pasientrolle? Samhandling Strategien til HSM slår tydelig fast: "Lærings- og meistringsarbeidet skal utviklast i dialog med kommunane og fleire tiltak skal skje i samarbeid med kommunane og ute i kommunane. " I HSM sitt Handlingsprogram for opplæring av pasientar og pårørande blir LMS sine oppgåver skissert slik: Utvikle lærings- og meistringssenteret til ein ressurs for helseføretaket Sørgje for kompetanseutvikling, spesielt helsepedagogikk. Sørgje for samhandling med brukarorganisasjonar og primærhelseteneste Gjennomføre forsking og evaluering mellom anna helseøkonomiske vurderingar. Samarbeid med kommunane er nemnd som eit område både i hovudpunkta og underpunkta i planen. Spørsmålet er om ikkje strategien går noko lenger no og tydligare krev eit samarbeid med kommunane. Utfordringa er korleis LMS skal gripe tak i dette. Under er lista opp nokre utfordringar knytt til ulike punkt i strategien. Samarbeid med kommunane: Kva rolle kan LMS ha overfor kommunane? Kva rolle skal LMS ha i forhold til å initiere prosjekter? Korleis finne LMS sin naturlige plass i HSM sitt arbeide med samhandling? Utvikle samarbeid med framtidig stilling som "samhandlingsansvarlig" Samarbeidsarenaer Kva plass skal opplæring av pasient og pårørande og sjølvhjelp ha i lokalmedisinske sentra? (Helsedirektoratet seier det tydelig: "Noe av det som skal kjennetegne et godt lokalmedisinsk senter er at: det legger stor vekt på egenmestring og tidlig intervenering gjennom sekundær-/tertiærforebyggende tjenester. Dette inkluderer rehabilitering samt lærings- og mestrings jenester ") Kompetanse Korleis kan LMS legg til rette for kompetanse- og kunnskapsutveksling med kommunane? Kva rolle skal LMS ha i den systematiske utviklinga av kompetanse saman med kommunane? Kva betyr "at spesialisthelsetenesta skal utviklast i ei enda tydlegare spesialisert retning" for LMS Helse Sunnmøre? Auka vekt på forsking? Pasientgrupper/Opplæringstiltak Korleis skal vi sikre at brukarane får informasjon og opplæring som set den enkelte i stand til å medverke? 4
Pasientskolar må utviklast for fleire diagnosegrupper. Korleis kan LMS jobbe systematisk i forhold til dei store sjukdomsgruppene? I kva grad skal LMS jobbe målretta for at fagmiljø og kommunar utviklar tilbod til prioriterte pasientgrupper? Kva rolle skal LMS ha i det førebyggande arbeidet? Korleis sikre at pårørande sine behov vert stetta? Organisasjonsutvikling Jørgen Urnes er fastlege i Trondheim. Han sier: "Tradisjonelt er ikke legen en pedagog. Legen har historisk sett ikke vært interessert i pasienten sin læring. Derfor har heller ikke helse jenestene vært opptatt av dette. Det gjør at pasientopplæring er spesielt utfordrende og fremmed. Lovfestingen av pasienten sin rett til opplæring har ført til et paradigmeskifte. Det innebærer en omdefinering av pasientrollen og helse jenesten si rolle." Vi står midt oppe i dette paradigmeskiftet og strategi 2015 tar dette på alvor. Saman med utfordringane frå samhandlingsreforma, endra sjukdomsbilde, auka spesialisering og funksjonsfordeling betyr dette endra prioriteringar og ein utvikling av organisasjonen HSM. LMS Helse Sunnmøre har kunnskapar og erfaringar som er nyttige i ei slik organisasjons og kulturendring. Korleis kan HSM best ta desse i bruk? Styring "Vi skal ha meir vektlegging av pasient og pårørande opplæring gjennom sterkare styring av feltet, forståing på alle leiarnivå i organisasjonen og eit kunnskapsløft for dei tilsette. Opplæringskoordinatorane må virke på alle avdelingar. " Det vert ei utfordring for LMS å finne ut korleis ein kan bidra til sterkare styring av feltet? Her ligge det tydelige oppgåver som må drøftas med leiinga i HSM. Pasientforløpet "Læring og meistring skal inngå som sentral del av pasientforløpsarbeidet". Pasientforløpsarbeidet må også ha med samhandlingsdimensjonen. Det er ein utfordring for LMS å bidra til at læring og mestring kommer med i pasientforløpsarbeidet. Kommunikasjon Kommunikasjon er limet i ein organisasjon og viktigaste reiskap når ein skal skape endring og utvikling. LMS sin kunnskap og bodskapar er sentrale i HSM sin strategi. Etter kvart vert det produsert mykje kunnskap gjennom FoU-prosjekta som må formidlas på ulik måte. Målgruppene er: - Tilsette i HSM - Leiinga i HSM - Tilsette i kommunane på Sunnmøre - Pasientar og pårørande - Befolkninga på Sunnmøre I tillegg har LMS ei regional funksjon som også må nytte kommunikasjons strategisk. 5
Forsking Strategi HSM: Forsking og utvikling skal prioriterast, og vi skal aktivt bruke forskingsresultat. LMS har hatt ein sterk satsing på FoU. LMS har vorte tildelt ei rolle i utviklinga av FoU i HSM, men denne er enno ikkje klarlagt i detalj. Den forskinga som LMS driv er ein viktig faktor for å oppnå HSM sine mål kring ei endra pasientrolle fordi den har pasientens kunnskap i eit organisatorisk perspekt som eit sentralt fokus. Utviklinga av KNOPP vil være viktig for Helse Sunnmøre. Det er difor ei sentral utfordring for LMS å klargjøre og konkretisere LMS sin rolle i oppbygginga av forskingsaktivitet i HSM. 6