slik at Temaparken, Bulandet i fortid og notid, kom på kartet. Gjennom bilete, ord og gjenstandar har vi fått fortalt historia vår,



Like dokumenter
Kva folk trudde før og no

Den gamle og den nye brudekrona, Foto: LM og Høvda Sylv og Tre

En samling minner fra fjell-garden Brattebø

Turid Aspehjell Side

Å leve av og med naturen.

Gamal diktar prøver seg som modernist?

Har du nokon å snakke med om dette?

På flukt som jaget vilt!

nr.2 Kyrkjeblad for Gloppen mars 2015 Årgang 45 Han har stått opp!

Fjelltunglimt Årgang 33 04/08 Ett er nødvendig... Ny start på Fjelltun Friskus frå fjordane Karmøy kaller Med hammer og kost

God Jul. Uskedalen Indremisjon og bedehuset frå Side Trygve om jula som var Side Røysterett for Alle 25 år Side 16-20

Vi ønsker å takke Fritt Ord for støtte til boka. God lesning, Emil Johan Wilmar. Oslo, Side 2

Bygdebrev nr 8. til alle husstandane i vinje skulekrins desember 2013

Eg sender ein rapport om dei STORE hendingane i året som er slutt. Forteljinga er i tolv bolkar, så du må vere tolmodig.

Innlandskrabber på kvalfangst årsaker og omfang

Gå ut og gjer disiplar

Historia der vi får møte Anna for første gong, og den skumle elggjengen som inntek Kongleriket

Middle East Girl s Football Festival I Jordan Dei 9 dagane som gjekk så alt for fort

Nyheitsbrev frå Havfront AS

Vil ha dei unge heim att

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Inger Lise. Beste helsing frå

Levevis i gammel tid

KVIFOR ER DET FEIL I DET NYE NORSKVERKET VÅRT? KOR MANGE FEIL KAN VI FINNE I LØPET AV SKULEÅRET?

Et informasjonsblad fra Norges Blindeforbund Nr 3/2005. Da jeg våknet opp etter middagskvilen var jeg blind Edla Henriksen, Sørøya

Ivar Aasen nynorskens far

Skanninga avslørte dessutan

Gluggen. Nr. 3/2008 Skule- og bygdeavis for Ulvik 35. årgang. Ny førsteklasse på Brakanes skule

Transkript:

MED TEMAPARKEN GJENNOM 20 ÅR Vær helsa jubilant! 20 års fartstid har gått so fort, mykje har vore gjort, både smått og stort. Som med det meste, starta også dette i det små, men mange bekkar vert som kjent ei stor å I 1993 fekk ein kommunale Bu-midlar til å starte slik at Temaparken, Bulandet i fortid og notid, kom på kartet. Oppe i gamleskulen held de hus og der kan vi finne alt de har samla inn, gode, gamle minne Gjennom bilete, ord og gjenstandar har vi fått fortalt historia vår, frå ei forgangen tid under heilt andre kår. Ute har de ordna utsiktspunkt, stiar, skilt, kart, benker og bord Slik at besøkjande og vi sjølve, både liten og stor kan vandre rundt i bygda vår og sjå Sette seg ned, ta ein kvil og nyte holmar og skjær og havet det blå. Og mange besøkjande har komme opp gjennom tida Ja, heilt frå andre sida av Nordsjøen har gjestar komme frå Shetland for å dele vår felles historie og knyte nye band Fiskarkvinnelaget fekk i si tid samla gamle bilete av natur, mann og møy Dette vart starten i Temaparken, ein skatt etter Sivert Halsøy

Utstillingsreolar vart bygde til både ting og tang Frå rekved i fjæra til pyntehandukar som på kjøkenet hang Folk har gøymt på eit og anna frå gammal tid som Temaparken har fått låne til utstillinga si Frå øyane Bue langt der ute, vårt gamle fiskevær Der fiskarbonden og fiskarkona sitt liv er nemnt i sær Reiskap til båten, not, garn og line Og det ho mor hadde heime til å syte for sine Han Ingolf laga modell av Gjørøynesbua som full av folk var stua under den gode sildetida, med liv og leven fekk jenter og karar pengar i neven Arbeidsgjengen forma ho Kristin i leire Vi kan sjå både ho som saltar med fleire Sidan bar det på kyrkjeferd til Vilnes på gamlemåten, I robåt, med kvinnfolk og ungar i skåten I tiner og trau hadde ferdafolket nista si På kyrkjebakken etter preika var det tid for å kjenne på helgefred og ete heimelaga kaker og la praten gå om små og store saker

I 1995 var det 50 år sidan krigen var til ende Då vart det laga fredsutstilling som sidan vart sende Til Shetland, øyane der vest i havet Dit mange drog for å kjempe i kavet Om krigen var det mangt vi yngre generasjonar ikkje visste Nokre kom heim i live, andre i kiste Her heng dei alle på veggen og fortel Om det dei fekk kjenne på kropp og sjel Temaparken har stadig vorte utvida med tema frå skiftande tider Den gong livet viste seg frå heilt andre sider Kan hugse ei mor som hadde klesvaskedag med sinkbalje og grøn sunlight såpe I dag ville dei unge berre stå å måpe Ho gnei og skura på vaskebrett, klesplagget var kokande heitt etter ein omgang i kokekjelen, det var ikkje lett Alle streva for sitt og sine Likevel hadde dei også tid til å sjå om hine Ein utedo sto der på kvar ein gard og turen dit vart ofte snar I storm og uver kunne ein kjenne den kalde trekken - der bak i hekken Karane dreiv sjøen med tolmod og kav

Dagen var lang på det åpne hav I kulde og slit sette gikta seg i kroppen men det var berre å henge i stroppen Dette var kvardagsslitet ein måtte ta for å berge seg og sine og utkomme ha Ved å kjenne vår fortid og alt slitet og strevet kan vi forstå vår notid og korleis vi kan leve At vi gjennom tida haustar lærdom av forferdrar sine oppgådde steg slik at utvikling kan skje til det beste for deg og meg Tusenårsskiftet vart markert på flottaste måte Der ho Eli tok bilde av folk, hus og båte No heng vi foreviga i Temaparken alle og ein kvar Så om hundre år kan dei seie: åh, var det sånn det var? Her heng bestemora mi og oldefaren din Sjå på den båten, var den ikkje fin! Dette året og fleire med fekk vi vitjing frå vesterled Turistane på Hebridian Princess fekk oppleve og sanse for gjengen i Temaparken sto klar med engelsk kompetanse Dei har nok vore godt nøgde med folket på øen For det kom mykje skryt frå hi sida av Nordsjøen

Bulandet og Værlandet skulle knytast saman med vegar og bruer Dette var stort for ein øybuer Vi vart etterkvart godt kjende med arbeidsgjengen for sambandet Dei var ofte innom kaffikroken på butikken i Bulandet Under Kristin si kyndige hand vart nokre av dei eviggjorde Der dei sit i Temaparken og drikk kaffi ved bordet På preikestolen kan vi dra kjensel på han som preikar Skal tru om ikkje det er ein veikar? Utstillinga frå dåp til gravferd kom i stand Då kapellet i 2005 hadde stått 100 år i Bueland Klede brukt til kyrkjelege handlingar vart henta ut frå loft og kjellar kom finstasen til jente og gut Antrekk brukt gjennom hundre år kunne vi sjå og festbord som var sirleg dekka på I 1885 forliste Gugner ved Sengskjæret To kvinner, Berte og Hansine såg båten i storveret Kongen sitt sølv dei fekk for dåden Då dei i storm berga mannskapet i frå fråden Over 100 år seinare, støpt i gull og bronse fekk Temaparken dei heimsende No står dei på håja og ser mot båen slik dei gjorde då ulykka hende Eit populært turmål for bygdefolk og turist

Og vil du vere nudist Kan du gå ned i Sarevågen og bade Kle av deg alt og sprade Jorunn i Alden, den gamle soge her ute Fekk de ut som bok, og jammen hamna ho på dronninga si pute Mykje har de fått gjort sidan starten Alt er på langt nær nemnt her i farten Mang ei kveldstund når drøset har gått Kan det nok tenkjast at låtten so smått Har runga mellom veggane mot taket opp når ei og anna gammal skrøne har fått humøret på topp Historier frå øyane og folk sine levde liv har de fått skrive ned for all ettertid Nesten 9.500 registrerte dugnadstimar kan de skilte med Tenk på alle dei timane som ikkje er noterte ned Ca 20.000 menneske har vore på besøk og fått sjå og høyre litt om oss her ute i ytste strøk

De har frå tid til anna utvida plassen med eige rom til det dette huset var ein gong, skuleklassen Stova og kjøkenet er rein nostalgi Ein heim der det viktige var å gi Strikk og broderi har og vore utstilt Av flittige hender som sjeldan fekk kvilt Å vandre i desse romma gjev ro for sjel og kropp Ei tid for ettertanke og til å stoppe litt opp Høyre ei god historie om bygda og folket Som spesielt han Torbjørn er god til å tolke Gjengen i Temaparken vil gjerne takke og bukke For bygdefolket som utan å mukke Har bidrege med dugnad og lånt ut sine finaste ting Utan dykkar hjelp hadde det ikkje vorte noko utstilling Elevane på skulen har også gjort masse De skal alle ha æra av å ha vore med å drege lasset Det er alltid kjekt å jobbe i lag Då vert resultatet av det beste slag Heldigvis har vegen vorte lettare å gå Ettersom ein kan litt støtte frå ulike institusjonar få

Nokre prisar har dryppa for vel utførte oppdrag Det skulle berre mangle etter alt arbeidslag For ein gjeng de er som i 20 år Har gitt oss gode opplevingar om heimstaden vår Heile gjengen skulle ha vore nemnde med namn Men då vart rimet vanskeleg å få i hamn Men ei må takast med, ho Liv, primus motor heilt i frå starten Initiativrik, full av idear og alltid på farten Lukke til vidare, de har laga museum med stil Framover har vi nok mykje å gle oss til Hipp hurra frå gratulanten! Eit lenge leve jubilanten!!