FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak: 13/281-2 Løpenummer:13/5845 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 24.09.2013 Tid: 12:.00-14.00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene og varamedlemene i brev av 17.09.2013. Møtet vart kunngjort i ei avis og på heimesida. Desse medlemene møtte: Sindre Rolland Marte Åsmul Kyrre Gildestad Vegard Berget Bergfrid Norheim Vegar Berget møtte frå sak 021/13. Andre som var tilstade på møtet: Møtesekretær Erik Vangsnes Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Erik Vangsnes leia møtet tom sak 021/13. Vegar Berget leia møte frå sak 022/13. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 24.09.2013 Leiar Vegar Berget Erik Vangsnes Ansvarleg sekretær
Saksliste Sak nr. Sakstittel 019/13 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 04.06.2013 020/13 VAL AV FIRE UNGDOMSREPRESENTANTAR TIL UNGDOMSRÅDET 2013-2014 021/13 KONSTITUERING AV FUSA UNGDOMSRÅD 2013-2014 022/13 INVITASJON TIL HØRING NOU 2011 : 20 UNGDOM, MAKT OG MEDVIRKNING 023/13 SØKNAD OM TILSKOT TIL PRODUKSJON AV CD-PLATE 024/13 SKATEPARK I FUSA 025/13 026/13 HANDLINGSPROGRAM FOR FUSA UNGDOMSRÅD KOMMUNEPLANENS AREALDEL - REVIDERT FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM per 24.09.2013
019/13: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 04.06.2013 Møtebok etter møte 04.06.2013 vert godkjend. Møtebok frå møtet 4.06.2013 vart samrøystes godkjend. UNG-019/13 VEDTAK: Møtebok frå møtet 4.06.2013 vert godkjend. 020/13: VAL AV FRIE UNGDOMSREPRESENTANTAR TIL UNGDOMSRÅDET 2013-2014 Saka vert lagt fram utan framlegg til vedtak. Fusa ungdomsråd hadde to interesserte til dei to faste plassane i ungdomsrådet som er lyst ledige; Mathilde Søviknes, 18 år frå Strandvik og Vegar Berget, 19 år frå Vinnes. Det var ikkje kandidatar til varaplassane. Val av varafolk vart utsett til neste møte. Leiar og nestleiar fekk i tråd med vedtektene i oppgåve å finna kandidatar til varafolk. UNG-020/13 VEDTAK: Fusa ungdomsråd vel Vegar Berget og Mathilde Søviknes til faste representantar ungdomsråd arbeidsåret 2013/2014. Val av varafolk vert utsett til neste møte. Leiar og nestleiar får i tråd med vedtektene i oppgåve å finna kandidatar til varafolk.
021/13: KONSTITUERING AV FUSA UNGDOMSRÅD 2013-2014 Saka vert lagt fram utan framlegg til vedtak. Vegar Berget sa seg interessert i å stilla som kandidat til leiarvervet i ungdomsrådet. Det var ingen andre kandidatar og Vegar Berget vart samrøystes vald. Vegar Berget kom med forslag om Tonje Koldal Opsal som kandidat for nestleiarvervet. Det var ingen andre forslag. Tonje Koldal Opsal vart samrøystes vald. UNG-021/13 VEDTAK: Vegar Berget vart vald til leiar og Tonje Koldal Opsal til nestleiar i Fusa ungdomsråd for arbeidsåret 2013/2014. 022/13: INVITASJON TIL HØRING NOU 2011 : 20 UNGDOM, MAKT OG MEDVIRKNING Saka vert lagt fram utan framlegg til vedtak Fusa ungdomsråd samla seg om slik samrøystes uttale i saka: I Fusa har vi gode erfaringar med at ungdomsrådet har forslagsrett og avgjerdsmynde. Talerett i andre politiske organ har så langt ikkje vorte brukt. Skal ein berre vera eit medverknadsorgan utan eigne saker vert det ei meir passiv rolle som truleg ikkje blir like attraktiv og engasjerande. Får ungdomsrådet meir sjølvstendig makt er det lettare å få det til å bli eit vitalt og aktivt organ. I Fusa har ein praktisert at ungdomsrådet vert involvert i saker der barn og unge har særlege interesser. Vi har prøvd ut om ungdomsrådet skal ha alle saker som t.d. alle reguleringsplanar. Dette fungerer dårleg, sidan ungdom då må ta stilling til saker som vert opplevd til å vera av perifer og lita interesse. Når ein skal sila og velga ut kva saker som er relevante er det likevel alltid ei fare at ungdomsperspektivet vert utegløymt i viktige saker. I Fusa har ungdomsrådet innstillingsrett overfor formannskap og kommunestyre.
Det å rekruttera til ungdomsrådet utanom skulane har synt seg å vera vanskeleg. Vi har prøvd oss med annonsering og plakatar, men med liten respons. I Fusa er det ingen kommunale fritidsklubbar og få typiske ungdomsorganisasjonar. Det å rekruttera frå "ungdomar flest" og uorganiserte er vanskeleg, kanskje særleg ute på bygdene. Ein bør ikkje lovfesta noko som kan bli vanskeleg å gjennomføra i praksis. Når det gjeld valperiode så hadde det vore ein fordel med ein lengre valperiode enn eitt år som vi har i dag. Med to år som funksjonstid måtte ein gjera val med kandidatar frå 9. klasse og første eller andre år på vidaregåande, t.d. annakvart år. Dette vil fungera. Spørsmålet om krav til heimstadkommune er ikkje lett å gje eit eintydig ja eller nei på. I Fusa har vi opna for at elevar ved Fusa vidaregåande skule som er buset i andre kommunar har vore valde inn i ungdomsrådet. Dette gjeld både hybelelevar og heimebuande. Problemet med dette er at ungdom frå andre kommunar har liten kjennskap til ungdomsmiljøet i Fusa og ofte heller ikkje noko stort engasjement i dette. På andre sida kan ein få nyttige innspel frå ungdom med andre erfaringar frå eigen heimstadkommune og hybelelevane har også viktige erfaringar ein bør lytta til. Fusa ungdomsråd vil likevel konkludera med at det er ein fordel at representantane i ungdomsrådet er fastbuande i same kommunen. Når det gjeld øvre og nedre aldersgrense så ser ein at det kan vera ein fordel at ein ikkje har for stort alderssprik. I Fusa har det vore få representantar eldre enn 20 år. Det bør vera opna for at ungdom i heile tida på vidaregåande kan engasjera seg i ungdomsrådet. Ungdomsrådet meiner difor at det hadde vore greit om ein kan velgast frå alle tre trinna på ungdomsskulen og til og med det året ein fyller 20 år. UNG-022/13 VEDTAK: I Fusa har vi gode erfaringar med at ungdomsrådet har forslagsrett og avgjerdsmynde. Talerett i andre politiske organ har så langt ikkje vorte brukt. Skal ein berre vera eit medverknadsorgan utan eigne saker vert det ei meir passiv rolle som truleg ikkje blir like attraktiv og engasjerande. Får ungdomsrådet meir sjølvstendig makt er det lettare å få det til å bli eit vitalt og aktivt organ. I Fusa har ein praktisert at ungdomsrådet vert involvert i saker der barn og unge har særlege interesser. Vi har prøvd ut om ungdomsrådet skal ha alle saker som t.d. alle reguleringsplanar. Dette fungerer dårleg, sidan ungdom då må ta stilling til saker som vert opplevd til å vera av perifer og lita interesse. Når ein skal sila og velga ut kva saker som er relevante er det likevel alltid ei fare at ungdomsperspektivet vert utegløymt i viktige saker. I Fusa har ungdomsrådet innstillingsrett overfor formannskap og kommunestyre. Det å rekruttera til ungdomsrådet utanom skulane har synt seg å vera vanskeleg. Vi har prøvd oss med annonsering og plakatar, men med liten respons. I Fusa er det ingen kommunale fritidsklubbar og få typiske ungdomsorganisasjonar. Det å rekruttera frå "ungdomar flest" og uorganiserte er vanskeleg, kanskje særleg ute på bygdene. Ein bør ikkje lovfesta noko som kan bli vanskeleg å gjennomføra i praksis. Når det gjeld valperiode så hadde det vore ein fordel med ein lengre valperiode enn eitt år som Fusa ungdomsråd har i dag. Med to år som funksjonstid måtte ein gjera val med kandidatar frå 9. klasse og første eller andre år på vidaregåande, t.d. annakvart år. Dette vil fungera.
Spørsmålet om krav til heimstadkommune er ikkje lett å gje eit eintydig ja eller nei på. I Fusa har vi opna for at elevar ved Fusa vidaregåande skule som er buset i andre kommunar har vore valde inn i ungdomsrådet. Dette gjeld både hybelelevar og heimebuande. Problemet med dette er at ungdom frå andre kommunar har liten kjennskap til ungdomsmiljøet i Fusa og ofte heller ikkje noko stort engasjement i dette. På andre sida kan ein få nyttige innspel frå ungdom med andre erfaringar frå eigen heimstadkommune og hybelelevane har også viktige erfaringar ein bør lytta til. Fusa ungdomsråd vil likevel konkludera med at det er ein fordel at representantane i ungdomsrådet er fastbuande i same kommunen. Når det gjeld øvre og nedre aldersgrense så ser ein at det kan vera ein fordel at ein ikkje har for stort alderssprik. I Fusa har det vore få representantar eldre enn 20 år. Det bør vera opna for at ungdom i heile tida på vidaregåande kan engasjera seg i ungdomsrådet. Ungdomsrådet meiner difor at det hadde vore greitt om ein kan velgast frå alle tre trinna på ungdomsskulen og til og med det året ein fyller 20 år. 023/13: SØKNAD OM TILSKOT TIL PRODUKSJON AV CD-PLATE ALTERNATIV 1 Fusa ungdomsråd gjev Håvard Grøndal Skåtun eit tilskot på kr 10.000,- til produksjon og utgjeving av CD-plata "Living out loud". Tilskotet går frå kt 1.1020.1001.4702 ALTERNATIV 2 Fusa ungdomsråd kan diverre ikkje imøtekoma søknaden frå Håvard Grøndal Skåtun om tilskot til plateutgjeving. Ungdomsrådet har små budsjettmidlar til rådvelde og dette formålet fell utom det ungdomsrådet ønskjer å prioritera å gje tilskot til. Fusa ungdomsråd gjekk samrøystes inn for alternativ 2 av framlegga til vedtak. UNG-023/13 VEDTAK: Fusa ungdomsråd kan diverre ikkje imøtekoma søknaden frå Håvard Grøndal Skåtun om tilskot til plateutgjeving. Ungdomsrådet har små budsjettmidlar til rådvelde og dette formålet fell utom det ungdomsrådet ønskjer å prioritera å gje tilskot til.
024/13: SKATEPARK I FUSA Saka vert lagt fram utan framlegg til vedtak. Ungdomsrådet ønskjer meir informasjon om behovet for denne typen anlegg og gjekk samrøytes inn for å utsetja saka til neste møte. UNG-024/13 VEDTAK: Saka vert utsett til neste møte for å undersøka nærare interesse og behov for ein skatepark i Fusa. 025/13: HANDLINGSPROGRAM FOR FUSA UNGDOMSRÅD Saka vert lagt fram for drøfting utan framlegg til vedtak. Fusa ungdomsråd gjekk samrøystes inn for å invitera ungdom i Fusa til å koma med forslag og innspel til handlingsprogrammet for Fusa ungdomsråd som tematisk vert bygd opp på same vis som handlingsprogrammet til ungdommens fylkesting. Administrasjonen vart beden om å laga eit spørjeskjema som kan nyttast i klasseråd og elevråd på ungdomsskulen, den vidaregåande skulen og via ungdomsrådet si facebook-side. Saka vert teken opp att i neste møte. UNG-025/13 VEDTAK: Fusa ungdomsråd inviterer ungdom i Fusa til å koma med forslag og innspel til handlingsprogrammet for Fusa ungdomsråd som tematisk vert bygd opp på same vis som handlingsprogrammet til ungdommens fylkesting. Administrasjonen vert beden om å laga eit spørjeskjema som kan nyttast i klasseråd og elevråd på ungdomsskulen, den vidaregåande skulen og via ungdomsrådet si facebook-side. Saka vert teken opp att i neste møte.
026/13: KOMMUNEPLANENS AREALDEL - REVIDERT FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM Saka vart lagt fram utan framlegg til vedtak. Planprogram med høyringsuttalar vart lagt fram i møte. Ungdomsrådet tok saka samrøystes til orientering. UNG-026/13 VEDTAK: Ungdomsrådet tek saka til orientering.