Vedlegg til SAK 4 ÅRSMELDING FRÅ STYRET 2012 Styret har hatt 9 styremøte i 2012. Styret har arbeidd godt saman. Leiar og leiar for Ungdomsgruppa var på Årsmøtet til fylkeslaget i Eidfjord i mars. Leiar i Jaktgruppa er styremedlem i NJFF Hordaland, styreleiar er medlem i Kvinneutvalet i NJFF Hordaland og er vald som representant for Hordaland til NJFF Landsmøte 2012. Det er viktig at representantane frå styret engasjerer seg utover lokalnivå, då me ser at det er verdifulle kontaktar som vert knytt i samband med slike tillitsverv og arrangement. Antall medlemmer: 309 betalande medlemmer pr. 1. nov 2012 og av desse er 27 nye medlemmer i 2012 Dette er nokre av sakene som styret har arbeidd med i 2012: Aktivitetsplan Internett Vedtekter Steinhytta Fagråd Styret og dei enkelt gruppene laga Aktivitetsplan for 2012 som er publisert på www.stordjegerogfisk.no Tellaren på internettsida vår viser at det har vore om lag 450 besøkande på sida kvar månad i 2012. WEB ansvarleg har vore Joost Lommelaars som har gjort ein flott innsats med oppdatering av internettsida. Styret har dette året arbeidd med å revidere Vedtektene til foreining, og framlegg til revidert utgåve vil bli lagt fram for Årsmøtet Styret og Forvaltingsgruppa har byrja arbeidet med ei eventuell opprusting av Steinhytta. Stord Fjellsameige stiller seg positive til opprusting av hytta. SJFF har to medlemmer i fagrådet for Ådlandsvassdraget noko som er svært positivt. Økonomisk Styret har på bakgrunn av søknader gitt økonomisk støtte foreiningsturar i regi av støtte Fiskegruppa. Instruktørutdanning Familiedag Predatorjakt Jegerprøvekurs Monica Grimstad har bestått NJFF Grunnkurs i Jakthunddressurs og NJFF`s Dressurinstruktørutdanning, og i november starter vi hundedressurkurs med Monica som instruktør Årets Familiedag vart arrangert søndag 17. juni ved Ådlandsvatnet. På tross av store nedbørsmengde vart Familiedagen gjennomført og det var eit flott og kjekt arrangement for alle som møtte. Takk til alle som var med på dugnad både før og etter arrangementet Styret har drøfta om vi i 2013 skal starte opp innregistrering av jakt på predatorar og premiering i utgangen av 2013. I samarbeid med HSH startar me opp med Jegerprøvekurs for studentar ved høgskulen og kurset startar 24. november 2011 og vart fullført med eksamen i april 2012. 1
FISKEGRUPPA Joost Lommelaars Nest leiar: Alf Marin Wikdahl Medlem: Runar Eskeland Åsmund Aasheim Vidar Lillevik Are Økland Fiskegruppen har hatt en felles gruppemøte i 2012, og noen uoffisielle samtaler under fluebinderkveldene. Vi har hatt felles fluebinde kvelder 1x i uken utover hele vinteren. Det var planlagt et arrangement for hele familien i april ved Rydlandsagen. Dessverre kunne vi ikke stille med nok folk og dette måtte avlyses. Fellesturen på vårparten gikk til vakre Ekso, med 10 påmeldte medlemmer. Vi hadde en flott og hyggelig tur i fantastisk vårvær. Fiskegruppa arrangerte også en felles laksefisketur til Bjerkreim i august. De som ble med hadde det veldig kjekt, flott vær og noen fisk kom på land. Vi satser på ny tur til neste år men litt senere i håp om å treffe på litt mer vatn i elven. for Fiskegruppa, Joost Lommelaars, leiar. KVINNEGRUPPA Medlem: Kjersti Nævdal Ottesen Karina Stokke Mæhle I 2012 har det ikkje vore noko aktivitet i Kvinnegruppa. for Kvinnegruppa Kjersti Nævdal Ottesen, leiar 2
FORVALTNINGSGRUPPA Medlemmer Sjur Leivestad Ole Reinert Eskeland Jan Olav Markhus Forvaltings gruppa har i år hatt dugnad ved dugnad på begge hyttene. Samt rydding av sti inn til Steinhytta og Budalshytta. Det var trekning om hyttene første jakthelga, men grunna litt kort påmeldings frist var det dårlig respons og steinhytta sto tom første helga. Forvaltingsgruppa planer om å restaurere steinhytta våren 2012. Overnattings statistikk 2012: Budalshytta: 19 overnattingsdøgn Steinhytta: 12 overnattingsdøgn. for Forvaltningsgruppa Sjur Leivestad, Leiar UNGDOMSGRUPPA Medlemmer: Hans Jørgen Eskeland Martin Eskeland Kristian Kannelønning Ungdomsgruppa har i hovudsak jobba med å få ungdom tidleg inni miljøet og rekruttera ungdom inn i gruppa, og med dette få ungdom ut i naturen. Gruppa har i år hatt liten aktivitet og har ikkje hatt noko planlagde arrangement for ungdom slik som me har hatt dei siste åra. Grunn til dette er veldig lite påmeldingar dei siste åra. Styre i ungdomsgruppa planlegger tur til neste år der me vil prøva og hente inn unge jegerar, som nyleg har tatt jegerprøven. Me skal ta dei med på jakt, dvs ei langhelg i oktober. Ungdomsgruppa var med på Familiedagen, og hadde representantar med heile dagen og på førebuinga av dagen. for Ungdomsgruppa Hans Jørgen Eskeland, leiar 3
LEIRDUEGRUPPA Medlemer: Ole Kristoffer Laastad Jan Bøe Ole Reinert Eskeland Trygve Theisen Marius Hauge Helge Lagerstrøm Steinar Solheim Sjur Leivestad Aktivitetar i år - Jegertrapskyting - Stordmeisterskap - Ranking - Merkeskyting Jegertrapskyting Det har vert skytetrening kvar onsdag og laurdag. Det har vert bra deltaking, litt varierande frå gong til gong, men jamt over veldig bra. Me merkar oppgang på banen samanlikna med tidligare år, og dette må seiast og vera svært positivt for banen. Det har også vert god deltaking av firma som vil ha Team building og av Utdrikkingslag. Stordmeisterskapet Laurdag 25. august vart det arrangert Stordmeisterskap i leirdueskyting. Det var med 17 deltakarar i år og vinnar av Trapskytinga vart Helge Lagerstrøm, i duell vant Stian Bratseth og i press vart det Gunnar Voreland. Rankingskyting Me prøvde oss i år med og starta oppatt Rankingskyting. Det blei arrangert 5 Rankingskytingar der 3 vart gjort gjeldande, det var 9 deltakara som fekk med seg 3 av 5 skytingar. Den som vant Rankingskytinga 2012 vart Gunnar Voreland. Det var mykje positive tilbakemeldingar, så dette fortsetter me med til neste år. Merkeskyting Me prøvde oss og på å arrangere Merkeskyting etter gammalt, det vart arrangert merkeskyting på Nitedalstiur og NJFF sitt merke. Dette var og svært positivt og blir tatt med i neste sesong. for Leirduegruppa Ole Kristoffer Laastad, leiar 4
JAKTGRUPPA Leiar : Kristian Pedersen Medlemmer: Per Faste Moe jr. Egil Høisæther Hans Kristian Aadland Vårteljing hjort Jaktgruppa sto for vårteljing av hjort i Stord kommune. 5 medlemmer delte på teljinga som vart utført på fem datoar. Det vart observert totalt 245 hjort. Dette er 21 færre dyr enn i 2011. Det var ein teljedato mindre i år enn i fjor. Desse medlemmene deltok i teljinga: Ole Kristoffer Laastad, Sjur Leivestad, Espen Pedersen, Lars Inge Akselberg og Kristian Pedersen. Jegerprøven I år har det vore arrangert to jegerprøvekurs. Eit ordinært kurs og eit kurs i samarbeid med HSH. Det eine kurset vart avholdt på Nordbygdo ungdomsskule. Kurset vart gjennomført i vår med eksamen rundt påsketider. Det var 24 elevar som fullførte kurset og bestod eksamen. 19 elevar fullførte kurset og bestod eksamen på HSH. Instruktørar var Kristian Pedersen, Egil Høisæther og Hans Kristian Aadland. Lærar Jørgen Nerland deltok i undervisninga på kurset på HSH. Jakt i gruvene Jaktgruppa organiserer jakta på gruveeigedomen og leder i jaktgruppa er jaktleder i Litlabø/Rutle jaktfelt. Det var stor interesse for å delta i jakta i 2012. Jakta er frå i år utvida med oppstart 1. september og avslutning 23. desember. Det vart derfor bestemt at første veka vart reservert til opplæringsjakt for førstegangsjegerar på storvilt. Vidare er det ei økt med drivjakt med hund og tre økter med lagsjakt i løpet av sesongen. Reidar Bjelland deltok som hundeførar under drivjakt med hund den 20. oktober. Det er trekt ut 11 medlemmer som fekk jakta ein periode kvar. Drivjakt/lagsjakt er open for alle påmeldte. Jaktgruppa har fått kjøpt inn jaktradioar til gruppa. Desse har vore til stor nytte under jakta. Det er også kjøpt inn eit viltkamera som skal plasserast ut etter at jakta er avslutta for sesongen. Tildelt kvote i 2012: 2 bukk 1 kolle (1 kolle i Rutle) 1 kalv Fellingsrapport pr. 4.11: 1.september 1 kolle felt av Egil Risnes, Rutle, slaktevekt 51 kg. 17. september 1 spissbukk felt av Sjur Leivestad, Fureåsen, slaktevekt 39 kg. 3. oktober 1 kalv felt av Stian Bratseth, Fureåsen, slaktevekt 22 kg. Jaktgruppa har utarbeida følgjande reglar for jakta: Husk at det er andre jegerar i området, ver oppmerksam på skotretning og skotvinkel. Dersom det vert løyst skot skal jaktleder/vara kontaktast. Ved skadeskyting kontakt også ettersøkslaget. Jegerar som har fått tildelt jakt kan ha med seg ein jaktkamerat med våpen på jakta. Kameraten må også vera medlem av SJFF Kvar jeger kan felle inntil 2 dyr dersom ein av dei er kalv. Skyt kalven først. Husk at du representerar SJFF når du jaktar her, så følg reglar og god jaktmoral. Kun jaktfeltansvarleg/jaktleiar kan gjera avtalar mellom jaktfelt i Stord hjortevald. 5
Det blir fort snakk, dersom noko ikkje er som det skal, og foreninga kan miste jakta dersom ein ikkje følger reglane. Pass på og hold grensene til motstøtande eigedomar og jaktområder. Brudd på reglar og uvøren jakt, vil føre til ekskludering frå SJFF Før jakta startar vert det kontroll av betalte avgifter, samt kontroll av vitnemål for bestått skyteprøve. Personlig utstyr under drivjakt: signalfarga vest, signalfarget lue. (Dei som disponerer jaktradio tek den med. Samband på kanal jakt 3.) Desse hadde jakt i 2012: Opplæringsjakt: 1.september- 9. september 8 dagar Ole Christian Kvamme, Espen Pedersen, Anders Kvarme, Lars Åge Myhre Periode 1: 10. september-19. september 10 dagar Sjur Leivestad Periode 2: 20. september-29. september 10 dagar Hans Kristian Aadland Periode 3: 30. september- 9.oktober 10 dagar Stein Øyvind Andersen Periode 4: 10. oktober- 19.oktober 10 dagar Lars Inge Akselberg Drivjakt med hund: 20. oktober- 21. oktober 2 dagar Oppmøte ved Industrihuset kl.07.00 Pause: 22. oktober-28. oktober 7. dagar Periode 5: 29. oktober-7. november 10 dagar Stian Bratseth Periode 6: 8. november-17. november 10 dagar Stian Rykkje Periode 7: 18. november- 27.november 10 dagar Harald Engen Periode 8: 28. november- 7. desember 10 dagar Jørgen Endseth Nerland Lagsjakt evt. jakt på sporsnø: 8. desember- 9. desember 2 dagar Oppmøte ved Industrihuset kl.09.00 Periode 9: 10. desember- 14. desember 5 dagar Kristian Pedersen Lagsjakt evt. jakt på sporsnø: 15 desember- 16. desember 2 dagar Oppmøte ved Industrihuset kl.09.00 Periode 10: 17. desember- 21. desember 5 dagar Lars Åge Myhre Lagsjakt evt. jakt på sporsnø: 22. desember-23. desember 2 dagar Oppmøte ved Industrihuset kl.09.00 for Jaktgruppa Kristian Pedersen, leiar 6