Bli kjent med Tryggheim barnehage.



Like dokumenter
Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Bli kjent med Orre Barnehage

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Informasjonshefte Tuv barnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

10/60-14/N-211//AMS

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Månadsbrev for Rosa september 2014

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Informasjon til foreldre

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Månadsbrev for ROSA mars 2015

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Plan for Liabygda SFO

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova)

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

Plan for overgangar. for barn og unge

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

Til deg som bur i fosterheim år

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Velkomen til Mork barnehage

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

Askeladden barnehages ABC

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

Årsmelding for Urhei barnehage

Barnehagebruksplan

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Plassebakken Barnehage

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Foreldre ved Ål ungdomsskule

Transkript:

Bli kjent med Tryggheim barnehage. Ein ABC til deg som lurer litt. A Adresse. Tryggheimvegen 20, 4365 Nærbø Aksje-selskap. Tryggheim barnehage er med i det store NLM-barnehagene AS -selskapet. Her er det totalt 42 barnehagar frå Mandal i sør til Finnsnes i nord. Dagleg leiar av AS-et er stasjonert i Stavanger frå hausten -11. Aldersbestemte grupper. Organiseringa av barnegruppene har vore ulik opp gjennom åra. Det siste året har me hatt to avdelingar 4-5åringar, 0,75 avd. 3 åringar og to avdelingar 1-2 åringar. Ut frå dette deler me dei i aldersbestemte grupper t.d. i temasamlingar. Ansvar. Barnehagen teiknar ulykkesforsikring for barn som har fått plass i barnehagen. Forsikringa gjeld heile døgnet. Personalet har ansvar for barna frå levering til henting Dersom andre enn de sjølve skal hente barnet, skal personalet ha beskjed anten direkte eller pr. telefon. Personalet kan ikkje ta med barna i bil utan skriftleg løyve frå foreldra. Avdelingar. Tryggheim barnehage er i utgangspunktet ein 4-avdelings barnehage med 2 avd. 0-3 år og 2 avd. 3-6 år. PERLENE: 1-2 her er det to grupper med tilsaman ca.18 barn pr.dag. STJERNENE: 3 år her er det ei gruppe med ca. 14 barn pr. dag SOMMARFUGLANE: 4-5 år her er det ei gruppe med ca. 24 barn pr. dag BLOMANE: 4-5 år her er det ei gruppe med ca. 24 barn pr. dag B Avtalegiro. De kan få skjema for avtalegiro ved å venda dykk til personalet. Ei grei ordning for å unngå at fakturaen forsvinn Barnemedverknad. Barn i barnehagen har rett til å gje uttrykk for sitt syn på barnehagedagen. Me prøver å ta utgangspunkt i korleis barna uttrykkjer seg; dei yngste mest kroppsleg og dei eldste mest verbalt. Me er opptekne av at barna skal takast på alvor når dei gir uttrykk for kjensler og ein skal vise respekt for intensjonar og opplevingsverder. For at barna skal kunne medverke må det vere god kommunikasjon mellom dei ulike aktørane og me prøver å organisere barnehagen slik at ein har tid og rom for medverknad. Betaling. De vert fakturete for barnehageplassen og fakturaen vert lagt ut i skapet til barnet. Har du levert skjema for avralegiro får du bare fakturakopi dersom du ber om det. Betalingsfrist er pr. 15. kvar mnd. Barnehagen følgjer dei kommunalt vedtekne satsane for foreldrebetaling, og har i tillegg eit månadleg tillegg for kost. Dette kosttillegget er uavhengig av inntektsgraderinga. Det er 11 betalingsterminar i året med betalingsfri i juli månad. Brannøving. Kvart år gjennomfører me brannøvingar i barnehagen. Personalet må kvart år repetera handtering av pulverapparat/skumapparat og brannslange. Brukarundersøkjing. Me gjennomfører brukarundersøkjing ca. ein gong kvart 2. år. Dette vert gjort blant foreldre med barn som er 4 år. Dette er same undersøkjinga som vert gjort i dei kommunale barnehagane, og på den måten har me gode referansar å måle oss etter.

C Celsius. I Tryggheim barnehage ynskjer me at barna skal være mykje ute. Me vil at barna skal verta glade i naturen og vil gje dei moglegheiter for mange gode opplevingar. Barnehagen tek sjølvsagt omsyn til barnet når vèret gir ekstra utfordringar. Dei tilsette i barnehagen hjelper gjerne med rettleiing for riktige klede for barna, slik at barna får ei positiv oppleving av utetida. Barna søv ikkje i vogner i utesoveroma dersom det er kaldare enn -10ºC Coop, Mega. Barnehagen bestiller mat frå Coop, Mega. Dei er svært hjelpsame og kjem med maten på døra. Dette må me betale litt for, men det sparer personalet for utruleg mykje, så det er vel verdt den investeringa. Dei passar godt på oss òg. Det har hendt at det har vore feil med faxen og då har dei ringt og etterlyst bestillingslista vår. D Dagsrytme. Me prøver å ha ein fleksibel dagsrytme, men likevel nokre faste haldepunkt. Me har frukost mellom kl. 8.00 og 8.30 og føremiddagsmat ca. kl. 11.15. Driftsavtale. Barnehagen har drifsavtale med Hå kommune, er med i det kommunale opptaket og har forplikta seg på einskilde kommunale dokument. E Dugnad. De vil frå tid til anna få førespurdnad om å stille på dugnad. Me har hatt tradisjon for å ha ein større dugnad på føresommaren. Eigarstyre. Det øvste organet i barnehagen er eigarstyret. Her sit 3 representantar oppnemnt av eigar. Det er utarbeida eigne instruksar for eigarstyret. Styrar i barnehagen er med som saksbehandlar og referent. E-post. Styrar si e-postadresse: tryggheim.narbo@nlmbhg.no F Faks nr.: 51 43 85 20 Feber. Barna skal ikkje være i barnehagen dersom dei har feber. Får barna feber i løpet av dagen i barnehagen, vert de foreldre kontakta. Felles-samling. Ein gong kvar mnd. samlar me alle borna til ei felles-samling. Innhaldet i samlingane varierer og ansvaret går på omgang. KJEMPEKJEKT..men litt skummelt for dei minste i starten Ferie. Alle barna skal ha 4 veker ferie i løpet av året, 3 veker samanhangande om sommaren, i tidsrommet 20. juni til 20. august(ca.). Den 4. veka kan ein ta som enkelt-dagar. Barnehagen er open heile sommaren, men er det veker det er veldig få barn, vurderer ein samanslåing med ein annan barnehage. Alle feriar skal meldast i god tid for å kunne planlegge ei fornuftig drift. Foreldresamtalar. I løpet av barnehageåret vil de få tilbod om foreldresamtale. Som oftast skjer dette ein gong utpå hausten og ein gong på vårparten. Dei som ynskjer fleire samtalar får sjølvsagt moglegheit til det. Gjennom foreldresamtalane får personalet orientere om barnet si utvikling og ein legg grunnlag for ei felles målsetjing for det einskilde barnet

Foreldresamarbeid. Barnehagelova seier sikre barna gode utvikling og aktivitetsmoglegheiter i NÆR FORSTÅING MED BARNA SIN HEIM. Dette krev eit godt samarbeid mellom desse to miljøa. Målet vårt er å styrkje samarbeidet mellom barnehage og heim til beste for barnet. Ulike former for samarbeid i barnehagen vår: Foreldremøter Foreldresamtalar Foreldrekaffi/frokost Invitasjon til årsplanarbeid Dugnad M.m Foreldreråd, FAU. Etter barnehagelova 4 skal barnehagen ha eit foreldreråd som består av alle foreldre i barnehagen. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval FAU som i følge lova skal ta initiativ til dugnader i barnehagen og hjelpe til med å gjennomføra desse. Intensjonen med foreldreråd og òg samarbeidsutvaler at desse organa har høve til å ivareta foreldregruppa sin kontakt med barnehagen og sikra deira medverknad. Forventningsdokument. FAU har utarbeida eit forventningsdokument som tek føre seg deira forventningar til barnehagen. Likeeins har personalet utarbeida eit dokument som tek føre seg deira forventning til foreldra/føresette Fødselsdagsfeiring. På 0-3 års-avdelinga feirar ein fødselsdagen til barnet så nært opp til dagen som mogleg og me feirar kvart einskild barn Me i barnehagen har ansvar for det som skal serverast. På 3-6 års-avdelinga varierer det litt frå år til år korleis dette vert organisert. De vil få nærare informasjon om dette frå den einskilde avdelinga. Fyrstehjelp. Personalet deltek med jamne mellomrom på 1.hjelpskurs. Kvar haust har me ein oppfriskningsrunde slik at dei alltid er klare til å handla om det skulle oppstå krisesituasjonar.

G H Gymsal. Barnehagen får nytte seg av gymnastikksalen på Tryggheim vidaregåande skule. Me går i gymsalen med grupper på ca. 15-20 stk. Grua. Me har ei flott grue i barnehagen. Den har me lov å fyre opp i utan å gje melding til brannvesenet kvar gong. Etterkvart håper me at me kan verta flinke til å lage mat på den store panna vår. Heimeside. Barnehagen si heimeside finn de på: http://tryggheim.sky1.no Me prøver å legge ut litt nytt frå dei ulike avdelingane innimellom. Historie. Tryggheim barnehage har vore i drift sidan 1979. Han vart starta som ein korttidsbarnehage og var open 4 timar pr. dag med plass til 20 barn. Lokala var då i ein tidlegare lærarbustad i eit av internatbygga ved Tryggheim vidaregåande skule. Samfunnet har vore i stor endring sidan den gongen og dermed òg behovet for ei lenger opningstid i barnehagen. Dette var uaktuelt i dei gamle lokala som mangla ventilasjonsanlegg og var etterkvart utgått på dato. 1. september 2006 kunne me flytte inn i eit stort, flott, nytt barnehagebygg. HMS. Barnehagen har HMS system utarbeida av Barn-nett. Hygiene. For å forebygge/hindre spreiing av smittsame sjukdomar bruker me for det meste eingongsartikklar til t.d. stell av barna (våtserviettar, tørkepapir, stelleunderlag m.m) Elles har me òg montert desinfeksjonsdispenserar ulike stader på avdelingane. I J K Inkluderande arbeidsliv. Tryggheim barnehage er ei IA-bedrift. I denne ordninga ligg det mange fordeler som t.d. rettleiing og hjelp i ulike situasjonar. Me er forplikta til å ta imot personar som treng arbeidsterening. Internkontroll. For å sikre eit trygt og godt miljø for barn og vaksne er barnehagar pålagde å ha eit system for internkontroll. JA Me ynskjer å vera ein ja -barnehage. Dette betyr at me skal ha svært gode og gjennomtenkte grunnar for å seie nei til noko. Klede. Det er viktig at barna alltid har med seg klede til å være ute i, og at det alltid er tilgjengeleg kledeskift. Barna kan bløyta seg ut både inne og ute. Å leike med vatn er alltid populært og gir barna mange opplevingar og erfaringar. Kosthald Barnehagen legg til rette for eit sundt kosthald. Til brødmåltida serverer me ikkje kvitt brød, bare grovt og kneip. Me har heller ikkje søtt pålegg som sjokade, nugatti eller liknande. Det hender at me har syltetøy, men då helst til lappar eller vafflar.

L M Leir. Kvart år i juni reiser alle 5-åringane på overnattingstur til Holmavatn. Mat. Barnehagen har 2 faste måltid, Morgonmat (fram til 08.30), og føremiddagsmat (1100 til 1200). Utover dette et me frukt/knekkebrød/skive i 14.00 tida. Ca. ein dag i veka har me varm mat Medisin. Dersom barna skal ha medisin i barnehagetida, må de foreldre fylle ut eit skjema som gir personalet tillating til å gjere dette. N O Merking av klede. Hugs å merka kleda til barnet. Skjema for bestilling av merkelappar får de på avdelinga. NLM. Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv Tryggheim barnehage Oppseding. De som foreldre/føresette har hovudansvaret for oppsedinga av barnet dykkar. Oppsedinga i barnehagen skal skje i nær forståing og samarbeid med heimen. I foreldresamtalar, på foreldremøter og gjennom dagleg kontakt vil personalet grunngje verdistandpunkt som er knytte til oppsedinga. Opptak Det er samordna opptak i kommunen, og ein søkjer elektronisk ved å gå inn på heimesida til Hå kommune. Søknadsfrist er 1.februar. P Oppseiing. Barnehageplassen må seiast opp seinast 1 mnd. føre barnet skal slutta, gjeldande frå 1. eller 15. i kvar månad. Plassen kan ikkje seiast opp med veknad etter 1. mai utan at ein må betale for det. PBL-A. Barnehagen er medlem av Private Barnehagers Landsforbund, Arbeidsgiverdeksjonen. Dei tilsette har tariff og pensjonsavtale. Personale. Barnehagen fylgjer den lovfesta bemanningsnorma, og har til saman 18,7 årsverk. Nokre år har me i tillegg til dette ekstraressursar til barn med spesielle behov. Planar. Alle foreldre får månadsplan/brev for si avdeling/gruppe kvar månad. Her får de info om temaarbeid i den komande perioden, målsetjingar og metodar. Utover dette har me òg ein årsplan som er eit rettleiande dokument og legg føringar for innhaldet i barnehagen. Årsplanen gjeld eit kalenderår. Planleggingsdagar. Barnehagen har 5 planleggingsdagar i løpet av året. Barnehagen er stengd desse dagane. Datoar for planleggingsdagane finn de i årsplanen. Portane. Både de foreldre og personalet er ansvarlege for at portane på uteområdet alltid er lukka. Portane skal lukkast sjølv om det ikkje er barn ute. Me opplever til tider at barna klatrar på porten og gjerdet i forbindelse med hentesituasjonen, og ynskjer at de er med og set grenser for barna dykkar i høve til dette. Bare VAKSNE har lov å opne/lukke porten. Portfolio. Alle barn har ei læringsbok som dokumenterer - eigne arbeid - det barnet meistrar. - ulike aktivitetar/opplevingar. Dette har vore eit av Hå kommune sine satsingsområder.

R Rammeplan. Denne planen er utarbeida av Kunnskapsdepartementet og gjev rettningsliner for innhaldet, verdigrunnlaget og oppgåvene til barnehagen Reinhald. Barnehagen har eigen reinhaldar, tilsett I 60% stilling. Personalet har òg sine oppgåver for å halde det ryddig og reint inne på avdelingane. S Regn. Me er ute i all slags vær, så difor er det viktig å syte for at barnet har gode klede. Skuleklubb. Siste halvår føre barna skal begynna på skulen har me skuleklubb for dei i barnehagen. Dei vert då delte i mindre faste grupper på ca. 5-6 stk.. Me ynskjer ikkje at det siste året i barnehagen skal bli eit år med venting på skulestart så det er difor me held igjen dette til vårsemesteret. Elles er me opptekne av at barna får ein god overgang til skulen. Me har eit godt samarbeid med dei ulike barneskulane kor barna har faste besøksdagar utover vårsemesteret før skulestart. Desse samlingane er leia av ein lærar og har ulikt innhald frå gong til gong. Sosial kompetanse. Dette er eit av satsingsområda når det gjeld det pedagogiske arbeidet I barnehagen Sos-ped.-team. Alle barnehagane i Hå kommune har eit sos-ped. Team. Dette er samansett av representantar frå barnevernet, helsesyster, PPT-kontor og barnehage. Målet med dette samarbeidet er tidleg registrering og hjelp til dei barna som evt. måtte streva litt. Soving. Barna som søv om dagen, søv i skutane i eigne vogner. Samarbeidspartnarar. Barnehagen har samarbeid med fleire andre fag-institusjonar som t.d. PPT-kontor, Helsestasjon, Barnevernteneste, m.fl. Me får hjelp frå desse dersom me har barn som treng litt ekstra oppfyljing. I løpet av året vil de møte fleire andre i personalet enn dei som er fast tilsette. Det kan vere elevar frå Tryggheim vidaregåande skule som har elevar her frå fleire av dei ulike linjene ved skulen. Tryggheim ungdomsskule og Nærbø ungdomsskule nyttar òg barnehagen til utplassering av elevar i «arbeidsveke» og Time Vidaregåande skule har òg hatt elevar her. Sidan barnehagen er ei IA-bedrift har me òg personar i arbeidspraksis her. Samarbeidsutval, SU. Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ og er samansett av eigarrepr., foreldrerepr., tilsette sine repr. komm. repres. og styrar for barnehagen. T U Søsken Barnehagen gir 30% søskenmoderasjon for søsken 1 og 50% for søsken 2. Telefon. Kontor: 51 43 45 80 Avdeling 0-3 år: 51 43 85 22 Avdeling 3-6 år: 51 43 85 21 Arbeidsrom 51 43 85 23 Turar. Dei ulike avdelingane har turdagar som vert fastsette for kvar mnd. Ein prøver å variere litt på dagane slik at dei som har redusert plass òg får vera med på tur innimellom.. Utvida praktisering av kristen føremålsparagraf. NLM sine barnehagar har ein utvida kristen føremålsparagraf. Det inneber at me ser barna i lys av eit kristent menneskesyn, som skapt av Gud og med uendeleg verdi. Barnehagen skal bidra til barna sin personlighetsutvikling på alle områder, inkludert den åndelege dimensjonen. Han

V skal gje kjennskap til Bibelen og kristen tru og legge grunnlag for eige valg. Barna skal merka i holdning og handling at dei er verdsette. Livet er meir enn det synlege. Me ynskjer å formidle til barna at trua på Gud gir oss andre verdiar enn materielle. Han ynskjer at me skal ta vare på kvarandre og alt han har skapt. Barna skal få ein himmel over sitt liv. Utetid. I Tryggheim barnehage får barna god tid til leik ute. Dette gjer me for at barna skal få eit best mogleg opphald i barnehagen, og delen av utetid vil tilpassast til veret og barna sin trivsel. Utetida vil òg vera tilpassa barnet sin alder. Vedtekter. Vedtektene vert delte ut til alle nye i barnehagen. Dersom det skjer endringar i vedtektene som har betydning for dykk, vert alle gjort merksame på det. Vikarar. Me opplever til tider at personalet må vere heime grunna eigen sjukdom eller sjukdom hjå eigne barn. I slike høver har me nokre faste ringevikarar. Viktige utviklingssteg Eit av satsingsområda i kommunen er språk og matematikk. Dokumentet Viktige utviklingssteg er utarbeidd av div. pedagogar i kommunen og skal vera rettleiande i høve til for forventa meistring. Vurdering. Tilsette, barn og foreldre tek del i barnehagen sitt vurderingsarbeid. X Z Ø Å Vandelsattest. Alle tilsette må legge fram godkjent vandelsattest frå politiet før tilsetjing. X-tra klede Barna må ha skifteklede i barnehagen. Kva, kor mykje m.m kan du få tips om hjå personalet. ZZZzzzummm Insekt som veps, bier, humler og klegg finst òg i barnehagen. Viktig at personalet vert gjort merksame på allergiar hjå barna i høve til stikk eller liknande. Økonomi. Barnehagen sine inntekter kjem frå foreldrebetaling og tilskot utbetalt frå kommunen. Omlegging i utrekning av tilskot har ført til svært liten forutsigbarhet og mykje frustrasjon for personalet i barnehagen.barnehagebygget er finansiert gjennom lån i Husbanken. På utgiftssida er løn den største posten saman med kapitalkostnader. Budsjett og rekneskap blir lagt fram for eigarstyret. Årsplan. Barnehagen arbeider etter ein årsplan. Denne legg ramene for barnehagen si drift, innhald, og mål. Årsplanen gjeld for barnehageåret..er det meir de lurer på så er det bare å ta kontakt.