Restaurering av Bykle Kyrkje 2001/2002 Sluttrapport Viser til tiltaksrapport frå Anders Haslestad, Riksantikvaren, 10 mai 2001 (synfaring) Viser til delrapport frå Olav H. Rygnestad, 18 oktober 2001 Viser til målingsrapport, Gunnar Gundersen, Frolands Verk, 15 august 2001 Visert til rapport frå Daniel Addey-Jibb, 1 juli 2001 (engelsk) Viser til installasjonsrapport frå Olav K. Hovet. Nummerering i høgre marg viser til fotografi vedhefta orginalrapporten levert til Bykle Sokneråd (Bileta ikkje inkludert i denne elektroniske versjonen) ---------------------------------------------------------------------------------------------------------------- VÅPENHUSET Utvendig kledning vart merka og demontera (fronten). Dørsvilla hadde store råteskada. 1. Rekonstruerte svilla og lafta den på plass. 2. Montera utvendig kledning, foto viser bruk av nytt virke. 3. Det vart bruka handsmidde spiker, smed: Olav J. Rysstad, Rysstad. Overflatebehandling (viser til målingsrapport). Huri vart restaurera med 1 ny labank og ny terskel. Muren vart demontera og relagt på kult. Demontera tile og tvifara (3 stk.) på grunn av råteskade. Senka grunnen slik at det er frihøgde til tvifara/tile. Rekonstruera 3 tvifara og 5 tileplank. 4. Foto viser 5 nye tileplanker, dei gamle var av nyare dato. 5. Viser til overflatebehandlingsrapport (Gunnar Gundersen). Vegg CC Hjørnebordet var senka på grunn av råteskade i nedkant (sjå grunnriss, Jibb) 6. Her var det spor etter måling i svart og kvitt (kvader form). Vegg II Skrapa og måla. 7. TRAPPA Trappa vart demontera (betong) dei små hellene vart fjerna (sjå delrapport). Hella framfor huri er ombruk, hellene ligg i kult. 8-9 og 10. SKIPET Vegg III Demontera utvneding kledning 11. Råteskada svill som vart spunsa. Relagt mur i kult 12-13. Foto viser bruk av nytt virke. Skrapa og måla 14. Tvifarane var impregnerte med antiparasitt ved seiste restaurering, ikkje råteskade på desse. Ca. 40-50 cm. fri høgde (tørt) 15. 1
KORET Vegg III. Festa enkelte vegg bord og vassbord med handsmidde spiker. Skrapa og måla. 16. Grunnmuren er uforandra på grunn av fundament for innvendige tvifara. Vegg V. Retta opp muren med lufting. Skrapa og måla. Vegg Y. Demontera utvendig kledning. Råteskade på svilla og hjørne. 18. Fjerna råteskade og skora opp muren. På grunn av råteskade hadde veggen sige ein del ved hjørnet. Fjerna råteskade og skora opp med ei steinhelle. Våga ikkje å røre muren på vegg CCCC på grunn av fundament til tvifarane. Montera tilbake utvendig kledning skrapa og måla. Vegg CCCC. Skrapa og måla. 19. Vegg CCC. Demontera muren og utvendig kledning. Råte skada svill 20-21. Spunsa svilla og relagde muren 22. Montera tilbake utvendig kledning. Foto viser bruk av nytt virke. Skrapa og måla.23. Vegg VI. Demontera muren for kontroll av tvifarane og tile. Tvifarane låg i tørr myrjord med små råteskada. Retta opp fundamenta til tvifarane. Remura grunnmuren på kult. Skrapa og måla. 27-28. Vegg VIII Spikre lause kledning bord (smidd spiker). Skrapa og måla. 29. Vegg YC. Demontera utvendig kledning. 30. Råteskada svill 31-32. Demontera muren, for kontroll av tvifarane. Små råteskada. Retta opp fundamenta. Spunsa for råteskada på svilla. 30. Skifta råteskada gesims bord. Senka enkelte veggbord på grunn av råteskade i nedkant. Foto viser bruk av nytt virke. Skrapa og måla. 33. Detaljer. Foto viser eitt under bord, festa med trenagler. 34. Enkelte bord var snudde. Der var tydelege spor etter tjærebreing og bruk av trenaglar. 35-36. Restaurering vart utført i 2001. TÅRNET Restaureringa starta den 10/06/2002. 2
Det frittståande stillaset var bygd av Ivar Pedersen, Tveit. 40. Klokketårnet vart skrapa og måla. Foto viser bruk av nytt virke. 41-42. Hurin til glugga vart rett opp med smidde hengsla og kroka. TAKET. Store råteskada på takplankene. Der var ikkje skada på spikerslaga. Til takplanker var bruka kreosot impregnera 2 plank slik som på våpenhuset, skipet og koret (gjort i 1988-89). Møne kammene vart dekka med sink og overgong tak/vegg (som før). Bruka same avrenningsmønster som før. 43. VEGG UNDER SPIRET Skifta pannebord på grunn av råteskade. Foto viser bruk av nytt virke. 43-44. Bruka smidd spiker, skrapa og måla. SPIRET Råteskade på spikerslag rundt tårnet, (8 kanta) desse vart skifta. 45. Råteskade på sponen (gran). Demontera all spon. 45. Tjærepapp på troa. Ikkje råteskada tro. 46. Ikkje råteskade på topp spiret eller kula. Foto viser spirets undertekking med takpapp og lim. 47. Ny spon (gran). Sjå Vedlegg 1. Sponen vart forma til med øks og impregnerte med milebrent tjære på alle sidene. 47-48. Tjæra vart levera av Fortidsminneforeningen. Tjæra vart oppvarma i vassbad før bruk. Spiret vart tjæra med 4 strøk. 47-48-49. Ombruk av øverste spon rasta. 50. Skisse av hanen (sjå Vedlegg 2). Vart hindra av mykje regn. Restaureringa tok difor lang tid med fare for vatn og fukt i kyrkja. Mesteparten av trevirket som vart skifta er teke vare på som dokumentasjon. Klokke akslingen vart smurt. Porten vart forandra på grunn av nytt gravemaskin (for låg) Skifta sidestolpane. Bruka malma virke. Ombruk av kreosot impregnera tak plank og grindane. Bruka dei gamle fundamenta. Målinga er utsett til våren. ---------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Desse var med på restaureringa: Hallvard S. Nomeland Waheed Roomi Olav H. Rygnestad Valle Pakistan Valle 3
Fekk god hjelp av Bykle Kommune ved Trygve Gjerden (leiar i utesektor). Takk for oppdraget og godt samarbeide med Helene Horverak, kyrkjeverge i Bykle Sokneråd. Systog Rygnestad 4747 Valle 9/10/2002 Olav H. Rygnestad Telefon nummer: 379 36 828 Mobil nummer: 95 83 67 66 4
Restaurering av Bykle Kyrkje 2001/2002 Sluttrapport - Vedlegg 1 NY SPON Grantrea vart utvalgt på rot hos Anders Dalseg, Bygland, den 17/6 2002 (sevjetida). Trea hadde vakse svært seint. Sponen vart saga radialt. 51. Sponen vart turka i rom temperatur i +25 C. Bruka fuktigheitsmålar i turketida. Yta Marg 1. dag 23% 15% 2. dag 23% 11% 3. dag 17% 8% 4. dag 11% 8% 5. dag 11% 10% 6. dag vart det montera elektrisk avfuktar 9. dag med +25 C innetemperatur 0% 0% 52. Systog Rygnestad 4747 Valle 9 oktober 2002 (sign.) Olav H. Rygnestad 5
Restaurering av Bykle Kyrkje 2001/2002 Sluttrapport - Vedlegg 2 6
Page 1 of 7 Restaurering av Bykle Kyrkje Bilete refererte til i sluttrapporten 1. Våpenhuset: Dørsvilla hadde store råteskada. 2. Våpenhuset: Rekonstruerte svilla og lafta den på plass. 3. Våpenhuset: Montera utvendig kledning, foto viser bruk av nytt virke. 4. Våpenhuset: Rekonstruera 3 tvifara og 5 tileplank. 5. Våpenhuset: Foto viser 5 nye tileplanker, dei gamle var av nyare dato. 6. Våpenhuset: Hjørnebordet var senka på grunn av råteskade i nedkant.
Page 2 of 7 7. Våpenhuset: Vegg II Skrapa og måla. 8. Trappa: Hella framfor huri er ombruk, hellene ligg i kult. 9. Trappa: Hella framfor huri er ombruk, hellene ligg i kult. 10. Trappa: Hella framfor huri er ombruk, hellene ligg i kult. 11. Skipet: Vegg III. Demontera utvneding kledning. 12. Skipet: Vegg III. Råteskada svill som vart spunsa. Relagt mur i kult.
Page 3 of 7 13. Skipet: Vegg III. Råteskada svill som vart spunsa. Relagt mur i kult. 14. Skipet: Vegg III. Foto viser bruk av nytt virke. Skrapa og måla. 15. Skipet: Vegg III. Tvifarane var impregnerte med antiparasitt ved seiste restaurering. 16. Skipet: Vegg III. Festa enkelte vegg bord og vassbord med handsmidde spiker. Skrapa og måla. 18. Skipet: Vegg Y. Demontera utvendig kledning. Råteskade på svilla og hjørne. 19. Skipet: Skrapa og måla Vegg CCCC.
Page 4 of 7 20. Skipet: Vegg CCC. Demontera muren og utvendig kledning. Råte skada svill. 21. Skipet: Vegg CCC. Demontera muren og utvendig kledning. Råte skada svill. 22. Skipet: Vegg CCC. Spunsa svilla og relagde muren. 23. Skipet: Vegg CCC. Montera tilbake utvendig kledning. Foto viser bruk av nytt virke. Skrapa og måla. 27 og 28. Koret: Vegg VI. Demontera muren for kontroll av tvifarane og tile. Tvifarane låg i tørr myrjord med små råteskada. Retta opp fundamenta til tvifarane. Remura grunnmuren på kult. Skrapa og måla.
Page 5 of 7 29. Koret: Vegg VIII. Spikre lause kledning bord (smidd spiker). Skrapa og måla. 30. Koret: Vegg YC. Demontera utvendig kledning. Spunsa for råteskada på svilla. 31. Koret: Vegg YC. Råteskada svill. 32. Koret: Vegg YC. Råteskada svill. 33. Koret: Vegg YC. Foto viser bruk av nytt virke. Skrapa og måla. 34. Koret: Vegg YC. Foto viser eitt underbord, festa med trenagler.
Page 6 of 7 35 og 36. Koret: Vegg YC. Enkelte bord var snudde. Der var tydelege spor etter tjærebreing og bruk av trenaglar. 40. Tårnet: Det frittståande stillaset var bygd av Ivar Pedersen, Tveit. 41. Tårnet: Klokketårnet vart skrapa og måla. Foto viser bruk av nytt virke. 42. Tårnet: Klokketårnet vart skrapa og måla. Foto viser bruk av nytt virke. 43. Taket: Store råteskada på takplankene. Der var ikkje skada på spikerslaga. Møne kammene vart dekka med sink og overgong tak/vegg (som før). Bruka same avrenningsmønster som før.
Page 7 of 7 48. Spiret: Sponen vart forma til med øks og impregnerte med milebrent tjære på alle sidene. 49. Spiret: Tjæra vart levera av Fortidsminneforeningen. Tjæra vart oppvarma i vassbad før bruk. Spiret vart tjæra med 4 strøk. 50. Spiret: Ombruk av øverste spon rasta. Skisse av hanen (sjå Vedlegg 2). 51. Ny spon: Grantrea vart utvalgt på rot i sevjetida. Trea hadde vakse svært seint. Sponen vart saga radialt. 52. Ny spon: Sponen vart turka i rom temperatur i +25 C. Bruka fuktigheitsmålar i turketida. Tilbake Toppen av Sida Framover