MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL

Like dokumenter
MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL

UTGREIING OM VEGSAMBAND MELLOM AUSTLANDET OG VESTLANDET

NASJONAL TRANSPORTPLAN , Meld. St.26 Kva kan dette bety for Hallingdal?

MØTEBOK HALLINGTINGET

PARTNARSKAPSAVTALE MED BUSKERUD FYLKESKOMMUNE,

Forslag frå arbeidsgruppa skal leggast fram for Regionrådet 30.august i år

UTTALE NASJONAL TRANSPORTPLAN

Forfall meldast snarest til eller tlf

Høyring av forslag til klassifisering av øvrige riksvegar ved gjennomføring av forvaltningsreforma - uttale

REGIONALE IDRETTSANLEGG

Strategisk plan - eit vik0g verktøy for regionalt samarbeid? Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Regionrådet for Hallingdal


VAL AV RÅDSORDFØRAR OG VARAORDFØRAR

Forfall meldast snarast på tlf eller Varamedlemer møter berre etter nærare avtale.

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL

SAK ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT 2013

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

STRATEGISK FORVALTNINGSPLAN RV7 OG RV52

MØTEBOK HALLINGTINGET

14:50 15:10 Sak 10-15, Utviklingsprogrammet for byregionar. Fase 2 som ein del av revidering av Strategisk plan for Hallingdal, innleiing Ka

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL

HALLINGDAL 2020, REGIONAL POSISJONERING, HOVUDPROSJEKT

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL

Oppstartsmøte for Vegpakke Hallingdal var , vedlegg 1. Prosjektgruppa hadde møte , presentasjonar vedlegg 2 og 3.

SAK UTALE NASJONAL TRANSPORTPLAN

SAK UTTALE; HØYHASTIGHETSUTREDNINGEN

HØYRINGSUTTALE - STATENS VEGVESEN SITT FRAMLEGG TIL STATSBUDSJETTET 2012

TILSKOT/SPONSING AV REGIONALT IDRETS/KULTURARBEID

Etne kommune SAKSUTGREIING

Handlingsplan EKSTERN TENESTE Regionrådet

E 16 OG RINGERIKSBANEN

SAK ÅRSBUDSJETT 2019 OG ØKONOMIPLAN

SAK ÅRSBUDSJETT 2020 OG ØKONOMIPLAN

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

SAK ÅRSBUDSJETT 2017 OG ØKONOMIPLAN

FRAMTIDIG SAMARBEID INNAN NÆRINGSAPPARATET I HALLINGDAL

SØKNAD OM ØKONOMISK STØTTE TIL ELEKTRONISK BOM PÅ VASSFARVEGEN, UTTALE

TILLEGGSINNKALLING. Formannskapet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.16:00. Utval:

Omklassifisering av fylkesveg til riksveg

Møteprotokoll. Sakliste

Transportanalyse for Rv.7

SAK ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT 2014

SAK ÅRSBUDSJETT 2018 OG ØKONOMIPLAN

Vinterdrift utfordringar på fylkesvegnettet. v/samferdselssjef Anne Iren Fagerbakke

SAK 56-14, VEDLEGG 1 Eit prosjekt i utviklingsprogrammet for byregionar ByR Samspel og regional vekstkraft i Hallingdal»

Stifta i 1993 Medlemmer: Fylkeskommunane i Hordaland, Buskerud og Akershus Kommunane langs traséen: Bergen, Vaksdal, Voss, Ulvik, Aurland, Hol, Ål,

Stifta i 1993 Medlemmer: Fylkeskommunane i Hordaland, Buskerud og Akershus Kommunane langs traséen: Bergen, Vaksdal, Voss, Ulvik, Aurland, Hol, Ål,

REGIONAL AREAL- OG TRANSPORTPLAN

LINK Ringerike påvirknings og kommunikasjonsstrategi

INTERNASJONAL STRATEGI

Stifta i 1993 Medlemmer: Fylkeskommunane i Hordaland, Buskerud og Akershus Kommunane langs traséen: Bergen, Vaksdal, Voss, Ulvik, Aurland, Hol, Ål,

Bergensbanen Samfunnsanalyse TØI Arbeidsstrategi for FNB

UTTALE; «RINGERIKSBANEN OG E16 SKARET - HØNEFOSS»

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE

Møtebok frå AU-møte 28. mai 2014

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: 27/13 12/114 Kommunale bustader - oppfølging av rapport frå arbeidsgruppe.

SAK ÅRSBUDSJETT 2018 OG ØKONOMIPLAN

Orientering om: - Arbeid for nye arbeidsplassar - Viken - Samferdsel - Sykkel - Fagskule

Revidert Vest 39 - Samla finansierings- og utbyggingsplan for E 39 Kyststamvegen

Høring - Jernbaneverkets handlingsprogram og forslag til budsjett for 2010.

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Høyring - Transportetatane sitt grunnlagsdokument for NTP

Veg og bane - Utfordringer og muligheter Trondheim-Steinkjer

NASJONAL TRANSPORTPLAN , UTTALE

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Arne Nordbø MEDL AP

Regional transportplan Sogn og Fjordane

/Ulrikke Ytteborg

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL

Protokoll frå AU-møte 17. juni 2015

Samnanger kommune Møteprotokoll

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Erik Skimmeland MEDL KRF

UTTALE, FORSLAG TIL REGIONAL PLAN FOR AREAL OG TRANSPORT I BUSKERUD

13/17 Transport-og kommunikasjonskomiteens innstilling til ny NTP

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kviknes Hotel, Balestrand Møtedato: Tid: A.

Hardangerbrua Innlegg på konferanse om ferjefri E39 på Nordfjordeid ved styreleiar Einar Lutro

Handlingsprogram Utviklingsplan Gol tettstad Kommunedelplan Gol tettstad Vedteke av Kommunestyre i K-sak 46/06

REFERAT FRA MØTE I RÅDET FOR RINGERIKSREGIONEN

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL

GENERELT OM PLANFORSLAGET TIL NTP Pkt 1 som innstillinga.

Til å skriva under møteboka saman med fylkesordføraren vart Beate Husa og Terje Kollbotn valde.

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL. Møtedato: 25. april 2008, kl. 09:00 15:00 Stad: Hol, Hol kommunehus

Hardangerrådet sine forventningar til NTP

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 25 MAI KL PÅ HYDRO HUSNES

Behandling i Kommunestyret den NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ ORDFØRAR: Kvinnherad kommunestyre meiner det framlagde planframlegget

GUL MIDTSTRIPE TIL HOVDEN INNAN 2023 RV9 SETESDAL VEGEN HEIM - VEGEN FRAM

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN

REKRUTERINGSARBEIDET I HALLINGDAL Felles utgangspunkt, kva er problemstillingane

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL

SAMFERDSELSAVDELINGA Transportplanseksjonen - SAMF AVD

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Samla utbygging veg og bane Steinkjer - Trondheim. Samferdselsdepartementet 17. desember 2009

E39 Bogstunnelen Gaular grense

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

Orientering frå Forum Nye Bergensbanen

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

Transkript:

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL Møtedato: Fredag 29.11.2013 Stad: Hemsedal, kommunestyresalen REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL Desse møtte frå Regionrådet: Oddvar Grøthe, Hemsedal kommune Tony Kjøl, Hol kommune Ivar Brevik, Ål kommune Hallvor Lilleslett, Gol kommune Tor Magnussen, Nes kommune Tor Egil Buøen, Flå kommune Knut Arne Gurigard møtte som dagleg leiar Frå Buskerud fylkeskommune møtte fylkeskontakt Anne Sandum og regionkontakt Tore Gilhuus. Rådmannsutvalet deltok i sak 41, 44, 45 og 47 SAK 40/13 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL 26-27.9 og 14.10.2013 Møteprotokoll for møte 26-27.9 og 14.10.2013 vart vedteke. SAK 41/13 FELLES FORLIKSRÅD FOR HALLINGDAL, VURDERING Framlegg frå Oddvar Grøthe 1. Regionrådet for Hallingdal ynskjer å etablere eit felles forliksråd for Hallingdal. 2. Regionrådet for Hallingdal vil gå i dialog med Nordre Buskerud politidistrikt med tanke på å etablere eit felles forliksråd for Hallingdal. Der m.a. felles sekretariatsfunksjon må avklarast. 3. Etter at nødvendige vurderingar og avklaringar er gjort skal saka sendast kommunane for vidare handsaming. Regionrådet for Hallingdal støttar arbeidet med å etablere eit Lokalt rettssenter for Hallingdal, og vil i det vidare arbeidet ta ein koordinerande rolle. Framlegg frå Tor Magnusssen XX kommune støtter forslaget om etablering av et rettsted for Hallingdal knyttet til Tingretten i Nesbyen i henhold til sorenskriver Veddes forslag. Avstemming Framlegg frå Oddvar Grøthe fekk 5 røyster Framlegg frå Tor Magnussen fekk 1 røyst 1. Regionrådet for Hallingdal ynskjer å etablere eit felles forliksråd for Hallingdal. 2. Regionrådet for Hallingdal vil gå i dialog med Nordre Buskerud politidistrikt med tanke på å etablere eit felles forliksråd for Hallingdal. Der m.a. felles sekretariatsfunksjon må avklarast. 3. Etter at nødvendige vurderingar og avklaringar er gjort skal saka sendast kommunane for vidare handsaming. Regionrådet for Hallingdal støttar arbeidet med å etablere eit Lokalt rettssenter for Hallingdal, og vil i det vidare arbeidet ta ein koordinerande rolle. 1

Protokolltilførsel frå Tor Magnussen Vi oppfatter den manglende fremdrift i denne saken som ren trenering. Vi mener at det tidligere har vært enighet, med bakgrunn i Veddes initiativ at det skulle fattes vedtak med 2/3 flertall i alle kommunene i desember om opprettelse av et "Rettssted" ved tingretten i Nesbyen! Dagens situasjon ser ut til at det innstilles på å skyve denne saken ut i det uvisse, med en ubegrunnet henvisning til politiets omorganisering. Det er tidligere påpekt fra Vedde at en utsettelse av de nødvendige kommunale vedtak med stor sannsynlighet medfører at alt flyttes til Hønefoss. SAK 42/13 FORSLAG UTTALE; JERNBANEVERKET SITT FORSLAG TIL HANDLINGSPROGRAM FOR 2014 2023 Uttale 1. Regionrådet for Hallingdal støttar Forum Nye Bergensbanen si uttale dat. 6.11.2013 (vedlagt) 2. I forhold til Ringeriksbanen er det med ei viss undring det blir registrert at det i forslag til handlingsprogram, kan sjå ut som at det ikkje blir teke omsyn til Stortinget si handsaming av NTP 2014-2023. I framlegg til handlingsprogram står det: En dobbeltsporet jernbane mellom Sandvika i Akershus og Hønefoss i Buskerud vil utvide pendlerområdet rundt Oslo, og reisetiden mellom Oslo og Bergen vil kunne reduseres med en time. Det er avsatt 1,5 mrd. kr i siste del av planperioen til oppstart av Ringeriksbanen. Det pågår en dialog med Samferdselsdepartementet om hvordan den videre planprosess for Ringeriksbanen skal legges opp, og dette vil klargjøre bevilgningsbehovet med tanke på å fastslå hva som er realistisk tidspunkt for byggestart. I samband med handsaminga av NTP 2014-2023, stod Stortinget samla om å krevja ei effektiv planframdrift for Ringeriksbanen. Det raudgrøne fleirtalet var tydelege på at Ringeriksbanen skal planleggast, slik at anleggsarbeidet kan starte så tideleg som mogeleg i siste seksårsperiode. Dei andre partia var endå meir konkrete, med tidspunkt for byggjestart i 2018 2019. Regionrådet for Hallingdal forventar at Ringeriksbanen er prioritert og at det no fortløpande blir sett av nødvendige planmidlar for å følgje opp Stortinget sine ambisjonar og vedtak. 3. Ut frå både trafikktryggleik og eit miljø- og samfunnsøkonomisk perspektiv må det snarast leggast til rette for auka godstransport på Bergensbanen, mellom Oslo Bergen. Dette er tiltak som har ligge inne i tidlegare planar og handlingsprogram. Regionrådet for Hallingdal kan ikkje akseptere at t.d. kryssingsspor på Bergensbanen fyrst kjem ei gong etter 2018. Regionrådet for Hallingdal stiller store spørsmål ved nasjonale målsettingar om overføring av meir gods frå veg til bane, og om det gjeld for Bergensbanen. Også med tanke på enorm nedbryting og slitasje av hovudvegar aust vest, som ikkje er dimensjonert for dagens belasting, må dette vera eit stort tankekors. 4. Geilo og Gol stasjonar er planlagt utvikla som knutepunktstasjonar, noko som og har ligge inne i tidlegare planar. Ei realisering fyrst i siste del av planperioden kan ikkje aksepterast. 2

SAK 43/13 FORSLAG UTTALE; STATENS VEGVESEN SITT HANDLINGSPROGRAM FOR 2014 2017 Uttale Generelt Statens vegvesen sitt forslag til handlingsprogram 2014-2017 (2023) er i det alt vesentlege tufta på St.meld.nr. 26 (2012-2013) Nasjonal transportplan. Prioriteringane i handlingsprogrammet for perioden 2014-2017 er i store trekk gitt i Nasjonal transportplan. Men det er med ei viss undring det blir registrert at det i forslag til handlingsprogram, ikkje blir teke omsyn til Stortinget si handsaming av NTP 2014-2023, på enkelte punkt. Uttale i forhold til konkrete punkt 1. Regionrådet for Hallingdal vil peike på at Rv7/Rv52 (rute 5b) er hovudårer som bind landsdelar saman. Desse hovedferdselsårene fyller viktig samfunnsmessige funksjonar, i tillegg til avgjerande betydning lokalt og regionalt. Derfor må det stillast særskilte krav til framkomst på desse vegane. Dette kom og klart til uttrykk i samband med Stortinget si handsaming NTP 2014-2023. Hovudferdselsårenen må prioriterast og det må i langt større grad gjennomførast ei gjennomgåande oppgradering, ikkje ei klattvis utbetring som i dag. Både i forhold til at rute 5b er den mest trafikkerte ruta aust vest og i forhold til dramatiske standardsprang på ruta, er dette heilt nødvendig. 2. Regionrådet for Hallingdal reknar med at målsettingane om stopp av forfallet på riksvegnettet blir følgd opp med naudsynte midlar til drift og vedlikehald. Fordi: Vedlikehaldet har gjennom fleire år vorte sterkt nedprioritert som følgje av for låge rammer. Dette har ført til ein vegstandard som både er ein risiko i forhold til trafikktryggleik og slitasje som fører til meirkostnader utover ordinært vedlikehald. Rv7 er i ein svært dårleg forfatning og krev heilt spesiell merksemd. Rv7 og Rv52er ikkje er dimensjonert for den trafikkbelastninga som er, dette gjeld også oppbygging av vegen. Ut frå dei vurderingar som er gjort av Rv7/Rv52, med bakgrunn i Statens vegvesen sine eigne kriteria for klassifisering av vegnettet, er heile 61% klassifisert som N-strekningar. N-strekningar: Strekningar som ikkje tilfredsstillar ein akseptabel minstestandard. På mykje av desse vegane trengs meir enn asfaltering og ordinert vedlikehald, på mange plassar må det til oppbygging av ein ny veg. 3. Regionrådet for Hallingdal er sterkt bekymra i forhold midlar som er sett av på rute 5b til tiltak for å ta att forfall, totalt 62 mill. kroner for perioden 2014-2017. Samla behov for fjerning av forfall og tilhøyrande oppgradering for rute 5b er rekna til i underkant av 1 mrd. kroner (Statens vegvesen rapport nr. 75, februar 2012). Med ei slik utbetringstakt vil det ta 66 år å fjerne forfallet med tilhøyrande oppgradering. 4. Regionrådet for Hallingdal ber om at det blir sett i gang arbeidd med tanke på prosjektfinansiering strekninga Ørgenvika Gol (Vegpakke Hallingdal) Fordi: Det er svært positivt at Ramsrudhellingane er ferdig utbygd og Sokna Ørgenvika blir opna juni 2014. Men det vil vera halvavgjort arbeid, dersom det ikkje blir lagt til rette for ei utvikling av resten av Rv7. Som det desidert mest trafikkerte aust-vest sambandet vil det i fyrste omgang vera rett å prioritere Ørgenvika Gol, og då som eit prosjekt (Vegpakke Hallingdal). For å oppnå ein meir heilskapleg og høgare standard, bør lengre strekningar vurderast i samanheng, og utbetringane bør planleggas og utførast under eitt. Forvaltningsplan Rv7/Rv52 (november 2008) som er utarbeida av Statens vegvesen har på ein svært grundig måte analysert Rv7/Rv52 i forhold til vegstandard og konsekvensar ved ei forventa trafikkauke. I planen blir det m.a. sagt at ut frå ein forventa mykje større trafikkvekst enn det som er lagt til grunn i transportetatanes planforslag, vil Rv7/Rv52 kunne oppleva ein negativ trafikktryggleiksutvikling og trafikkavvikling. 3

Utbetring og ombygging av vegen mellom Ørgenvika og Gol vil passe godt til forslag om nye kontraktsformer, ut frå dei kriteria som vart skissert i St.meld. nr.16, NTP 2010-2016. 5. Regionrådet syner til prioritering av konseptvalutgreiing (KVU) på Rv 7 Hardangervidda i NTP. Dette er positivt og ei naturleg oppfølging av Regional plan for Hardangervidda. Det blir forventa at KVU-prosessen kjem raskt i gang (tidleg 2014). Fordi: Regional plan for Hardangervidda for 2011-2025, vart vedteken av dei tre fylkeskommunane Telemark, Hordaland og Buskerud hausten 2011, og MD meddelte i brev datert 16. juli 2012 at dei tek planen til orientering. I forhold til Rv7 står det m.a: «Rv 7 er etablert som en samfunnsmessig viktig vinteråpen veg over Hardangervidda. Arbeidet med planlegging av miljøtunneler og høyfjellsprofiler på strategiske steder på traséen skal videreføres, samtidig som Hardangerviddatunnelen som et nytt alternativ utredes. Begge løsninger vil sikre villreintrekk til alle årstider og forbedre sikkerhet og framkommelighet for trafikkantene. Valg av løsning og realisering bør skje snarest mulig.» «En viktig oppfølgingsoppgave av det regionale planarbeidet er å være pådriver for videreføring av arbeidet med utbedring av Rv 7 med sikte på trafikkmessig sikrere vintervei og bedre kryssingsmuligheter for villreinen. Tunneler (inklusiv nytt alternativ med lang tunnel) og høyfjellsprofil på traseen er viktige tiltak.» Uttale Buskerud og Hordaland fylkeskommune NTP 2014 2023: Buskerud «Rv7 Hardangervidda. Arbeidet med konseptvalgutredning (KVU) må startes opp snarest.» Hordaland Fylkestinget krev fortgang i planlegging og utbetring av: Rv 7 Eidfjord-Haugastøl (KVU) Ut frå det som er sagt tidlegare frå regjering/storting og at dei tre fylkeskommunane har kvittert ut med ein samstemt fylkesdelplan vil det bli svært rart dersom ikkje no blir sett i gang ein KVU-prosess, som er ferdigstilt til neste revidering av NTP for 2018-2027. Det må leggast vekt på det sentrale styresmakter har bedt om, den regionale planen som no er vedteken, og innhaldet i denne. Ikkje minst gjeld dette dei tydelege signala frå fylkeskommunane i høve til den betydningen Rv7 Hardangervidda har, og at val av løysing og realisering må skje snarast råd. 6. Med bakgrunn i Stortinget si handsaming av NTP skal utbygginga av E16 Bjørum Hønefoss prioriterast i NTP-perioden. Strekninga Bjørum Skaret må få byggestart tidelegast mogeleg i perioden 2014 2017. Firefelts veg på heile strekninga Sandvika Hønefoss må stå ferdig i løpet av planperioden 2014 2023. 7. For Hallingdal er Gardermoen den viktigaste flyplassen, og det er derfor avgjerande å korte ned reisetida så mykje som mogeleg. Dette gjeld både i forhold til bruk av bil og tog. Rv35 Olum Eggemoen må få byggestart i 2014 som planlagt i NTP 2010-2019. 8. Døgnkvileplass for tungtrafikken på Gol er ikkje planlagt realisert før i 2017. Ut frå at meir enn 50% av tungtrafikken aust-vest, med mellom 5-600 vogntog pr. døgn, passerar Gol, må døgnkvileplass realiserast tidleg i fyrste del av planperioden. SAK 44/13 HALLINGDAL 2020, VISUELL IDENTITET I saka deltok Nina Aamodt og Peter Vigdal frå Kreator Kommunikasjon as, og Ulrikke Ytteborg frå Regionrådet. I samband med Hallingdal 2020 har det vore arbeid med eit felles visuelt uttrykk for Hallingdal, arbeidet har skjedd i samarbeid med Visit Hallingdal og Innovasjon Norge. 4

Kreator Kommunikasjon har vore engasjert i arbeidet med å utviklinga av ein visuell identitet for Hallingdal. Målsettinga er at: Profilen skal styrkja vår identitet og gjera tilknytinga og profilering av Hallingdal tydelegare. Hallingprofilen skal vera ein paraplyprofil som skal samordne merkevarebygginga av Hallingdal som region, og styrkje regionen som bu- og arbeidsmarknad. Me får til ein vekselverknad mellom Hallingen sin identitet og kvalitet på produkt og tenester, frå og i Hallingdal. Dette vil i sin tur gjera merket truverdig og styrkja regionen sitt omdøme og vera med å styrke Hallingdal som merkevare. Merkevareprofilen skal forsterke interessa for tenester og produkt med tilknyting til namnet Hallingdal. Kreator presenterte den nye profilen for Hallingdal (vedlagt), som vart godt motteken. Etter mindre justeringar skal det utarbeidast ei profilhandbok og det skal lagast ein plan for implementering. SAK 45/13 LANDSDELSSCENE FOR DANS PÅ ÅL KULTURHUS I HALLINGDAL Leiar for Ål kulturhus, Thor Olav Fjellhøi presenterte med eigen video, planane for Ål kulturhus og etableringa av Landsdelsscene for Dans. Regionrådet for Hallingdal støttar opp om etableringa av Landsdelsscene for Dans med base i Hallingdal - Ål kulturhus, og vil jobbe for å skape gode regionale prosessar knytt til jobben med å skaffe finansiering frå fylke og stat til investering og drift. Rolla som landsdelsscene har som mål å gje kulturlivet i Hallingdal eit auka lyft generelt, og dansemiljøet spesielt. SAK 46/13 FRAMTIDIG SYKKELSATSING I HALLINGDAL, PRESENTASJON AV FORSTUDIE, HALLINGDAL REISELIV Prosjektleiar Lars Wraae Jensen i Visit Hallingdal presenterte forstudie av framtidig terrengsykling i Hallingdal, presentasjon vedlagt. SAK 47/13 PROSJEKT HALLINGDAL LOKALMEDISINSKE TJENESTER, ØKONOMISK GARANTI FOR LØN 1. Regionrådet for Hallingdal løyver inntil kr. 100.000 til Hallingdal Lokalmedisinske tenester for 2013. 2. Regionrådet for Hallingdal løyver inntil kr. 200.000 som garanti for prosjektfinansiering av Hallingdal Lokalmedisinske tenester for 2014. 3. Midlane blir løyvd frå disposisjonsfondet. SAK 48/13 ORIENTERING OM HALLINGDAL FOTBALLKLUBB Hallingdal Fotballklubb (HFK) ved styremedlemmene Tove Eggen Lien, Bård Haraldset og Gudrun Hesla, orienterte om aktivitetane i klubben, presentasjon vedlagt. Det er eit ynskje å kunne vidareføre sponsoravtale som har vore (går ut 31.12.2013) med regionen via Hallingdal Kraftnett og Hemsedal Energi. Dagleg leiar tek dette opp med Hallingdal Kraftnett og Hemsedal Energi. 5

SAK 49/13 EVENTUELT Vertskommune/husleige Tor Magnussen tok opp spørsmålet om nærare avklaringar i forhold til vertskommunen sitt ansvar i forhold til husleige, med utgangspunkt prisauke Hallingdal Barnevern. Regionrådet drøfta desse problemstillingane i sak 05/13, der drøftingane vart samanfatta slik: 1. Det blir sett på som ein fordel å vera vertskommune for interkommunalt samarbeid 2. Vertskommunen skal som prinsipp ikkje fakturere dei andre kommunane for vanlege husleigekostnadar. 3. Ved samarbeidstiltak som set spesielle krav til bygningsmasse må fordeling av kostnadar vurderast i det einskilde tilfelle. 4. Det må skiljast mellom eksisterande og nye tiltak. Eksisterande samarbeidstiltak har eigne samarbeidsavtalar som eventuelt må reforhandlast, noko som krev likelydande vedtak i samarbeidskommunane. Om det skal arbeidast for å reforhandle eksisterande avtalar vart det ikkje teke endeleg stilling til. 5. Fordeling av husleigekostnadar må ikkje bli ein brems for interkommunalt samarbeid 6. Det skal arbeidast for at nytt prinsipp for fordeling av husleigekostandar skal gjelde frå 1.1.2014. 7. Regionrådet/rådmannsutvalet skal drøfte saka nærare på neste regionrådsmøte. Saka blir teke opp på neste regionrådsmøte for nærare avklaringar i forhold til pkt. 4 og 6. LNK - Landssamanslutninga av nynorskkommunar Hallvor Lilleslett tok opp spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde vera medlem av LNK (http://lnk.no/). I dag er Ål, Hemsedal og Gol medlemmar. Medlemsskapet fører ikkje til eigen medlemsavgift for regionrådet. Dagleg lagar sak til neste regionrådsmøte. Regionale idrettsanlegg Til neste møte i Regionrådet skal dagleg leiar har førebudd sak i forhold til vidare arbeid for å vurdere mogeleg regionale/interkommunale idrettsanlegg. Hallingdal Kraftnett Tony Kjøl tok opp spørsmålet om eigarskapsstrategi i Hallingdal Kraftnett og vurdering om den skal vera politisk eller økonomisk motivert. Tony er ansvarleg for å få laga felles sak for handsaming i den enkelte kommune Ål 9.12.2013 Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Vedlegg: Sak 44/13 Hallingdal 2020, visuell identitet, presentasjon, Sak 46/13 Framtidig sykkelsatsing i Hallingdal, presentasjon av forstudie, Hallingdal Reiseliv, presentasjon Sak 48/13 Orientering om Hallingdal Fotballklubb, presentasjon 6