REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL MEDLEMER AV KOMMUNALE NEMNDER, STYRE, RAÅ D OG UTVAL I SULA KOMMUNE 1 ARBEIDSGODTGJERSLE 1.1 ORDFØRAR Stillinga som ordførar er i utgangspunktet ei 100% stilling. Årleg godtgjersle skal tilsvare 95% av justert godtgjersle for ein stortingsrepresentant føregåande år, og gjelde f.o.m. 1.januar. Ordføraren står fritt til sjølv å velje ein stillingsreduksjon ned til 75% stilling. 1.2 VARAORDFØRAR Varaordførar får ei fast godtgjersle, i tillegg til vanleg møtegodtgjersle: pr. år i prosent av ordføraren si godtgjersle... 10% 1
1.3 FORMANNSKAPET Medlemer i formannskapet får ei fast årleg godtgjersle pr. år tilsvarande 1% av godtgjersla for ordføraren. Ordninga gjeld ikkje for ordføraren og varaordføraren. 1.4 HOVUDUTVALSLEIARAR Leiarane for hovudutvala og leiaren av kontrollutvalet får ei årleg godtgjersle i tillegg til vanleg møtegodtgjersle: pr. år i prosent av ordføraren si godtgjersle... 2% 1.5 LEIARAR FOR FASTE STYRE, RÅD OG UTVAL Leiarar i faste styre, råd og utval eller nemnder får ei fast godtgjersle, i tillegg til vanleg møtegodtgjersle: pr. år i prosent av ordføraren si godtgjersle... 0,5% I mellombelse nemnder vert godtgjersla rekna ut på grunnlag av satsen ovanfor for den tida oppdraget varer. Leiarar i nemnder med færre enn tre møte i året får ikkje leiargodtgjersle. 1.6 DESSE FÅR IKKJE GODTGJERSLE Lovbunden medlem av utval, styre, nemnd eller råd får ikkje godtgjersle. Tilsette i administrasjonen får ikkje godtgjersle utan når vedkomande møter som vald medlem. 2 MØTEGODTGJERSLE 2.1 Møtegodtgjersla er fastsett pr. møte i av ordføraren si godtgjersle avrunda til næraste heile tital. 2.2 Medlemer av formannskap/planutval,... per møte: 1 Medlemer av kommunestyret,... per møte: 1 Medlemer av hovudutvala og kontrolluvalet... per møte: 1 Medlemer av andre faste styre, råd, utval, nemnder og mellombelse nemnder, per møte: 1 Ungdomsrådsmedlemer som møter i kommunestyret skal ha utbetalt godtgjersle som ordinære medlemer. For møter i ungdomsrådet er godtgjersla kr. 391 per medlem per møte. 2.3 Etterfølgjande møter i personidentiske utval (planutval/formannskap/klagenemnd mv.) vert godtgjort som 2 møter, og påfølgjande møter vert ikkje godtgjort. 2.4 Ordføraren får ei fast årleg godtgjersle og skal ikkje ha møtegodtgjersle som medlem av formannskap, planutval, kommunestyre og evt. hovudutval. 3 SYNFARING, SAMRÅDING OG TINGINGAR For synfaring, samråding eller tingingar som vert gjort av eit samla utval, råd, styre eller nemnd, og som ikkje vert avvikla i samband med møte, får medlemene ei godtgjersle som fastsett i punkt II. Det same gjeld for synfaring, samråding eller tinging som einskildmedlemer gjer når det er vedteke i vedkomande styre, råd, utval eller nemnd, eller når det skjer etter oppdrag frå ordføraren i samråd med rådmannen. 2
Før einskildmedlemer får godtgjersle etter dette, skal oppdraget frå vedkomande styre, råd, utval eller nemnd attesterast av leiaren, eller av ordføraren og rådmannen når oppdraget er gitt av desse. 4 SKYSS- OG KOSTGODTGJERSLE, GODTGJERSLE FOR UTGIFTER TIL TELEFON O.L. 4.1 Kommunale tillitsfolk og sekretærar for kommunale nemnder, styre, råd og utval som kjem under punkt 4 i reglementet, får dekt sine utgifter til reiser innan og utanfor kommunegrensene etter reglane i SGS1001. For reiser innan kommunen gjeld dette likevel berre utgifter til reiser som til saman utgjer minst 5 km pr. møte e.l. Skyssgodtgjersla skal reknast frå utgangspunktet for reisa. Kostgodtgjersle vert berre ytt for reiser til mål utanfor kommunegrensene. Slik godtgjersle vert ytt etter reglane i SGS1001. 4.2 Tapt arbeidsforteneste/ekstra utgifter til vikar o.l. ved utføring av kommunale verv vert dekt. Tapet skal dokumenterast med melding frå arbeidsgjevar. Ikkje legitimert tapt arbeidsforteneste vert dekt med inntil kr 800,- pr. møte- eller reisedag. Omsorgspersonar kan få dekt utgifter til tilsyn med barn, funksjonshemma, eldre, sjuke o.l. med inntil kr 800,- pr. møte- eller reisedag. I særlege tilfelle kan summen aukast etter godkjenning av nemnda under pkt. 6. 4.3 Møtegodtgjersle er føresett å skulle dekkje utgifter som følgjer eit verv som medlem av styre, råd eller nemnd. 4.4 Telefongodtgjersle vert gitt til: - varaordførar, formannskapsmedlemer, leiarar i hovudutvala og kontrollutvalet med kr 3500,- pr. år. Ordføraren er omfatta av Sula kommune sitt reglement for telefoni- og datakommunikasjon kap. 3. 4.5 Rådmannen får fullmakt til å avgjere dei krava som vert sett fram i medhald av avsnitt V i reglementet. 4.6 Formannskapet får mynde til å avgjere tvist eller tvilstilfelle om fortolking av reglementet for godtgjersle for folkevalde. 5 UTBETALING AV GODTGJERSLE M.V. Møte og skyssgodtgjersle i samband med møte o.l skal utbetalast to gonger i året, i juni og desember månad. 3
Krav om å få utbetalt godtgjersle etter kap. IV punkt 1 3, skal sendast kommunen snarast råd er etter at oppdraget er avslutta. Innhald: 1. Arbeidsgodtgjersle 2. Møtegodtgjersle 3. Synfaring, samråding og tingingar 4. Skyss- og kostgodtgjersle, godtgjersle for utgifter til telefon o.l. 5. Utbetaling av godtgjersle m.v. Vedtatt: Vedtatt av Sula kommunestyre 11.03.78 med endringar vedtatt 26.02.81, 12.10.82, 11.12.84, 28.10.86, 10.05.90, 04.02.93, 14.11.96 (K-sak 0101/96), 18.12.03 (K-sak 125/03 og 01.10.15 (K-sak 082/15) 4
5