HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Klima- og naturressursseksjonen Arkivsak 201302977-4 Arkivnr. 344 Saksh. Oseland, Stina Ellevseth, Birkenes, Lars Øyvind Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 14.05.2013 23.05.2013 ULSBERG KRAFTVERK SUS - ULVIK HERAD - FRÅSEGN SAMANDRAG Det vert søkt om løyve til å bygge Ulsberg kraftverk i Ulvik herad, med tilhøyrande koplingsanlegg og kraftliner. I tillegg må det byggast om lag 140 meter veg. Ein vil nytte fallet på eit relativt kort strekk langs hovudvegen mellom Ulvik og Granvin. Årleg produksjon er estimert til 3,8 GWh, kor om lag 2/3 av produksjonen skjer om sommaren. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 1200 KWh, og ein relativt høg utbyggingskostnad på 6,79 kr/kwh. Det er størst konfliktpotensial for tema friluftsliv og landskap og delvis biologisk mangfald. Utbyggingsområdet vert vurdert til å ha eit visst potensiale for automatisk freda kulturminne og ein må difor pårekna ei mindre arkeologisk registrering. FORSLAG TIL INNSTILLING: 1. Utbygginga er ikkje i vesentleg konflikt med viktige regionale interesser med dei avbøtande tiltak som er nemnd. Det er eit høgt kostnadsnivå, og utbyggar må sjølv stå for dei bedriftsøkonomiske vurderingane for ei realisering av prosjektet ved ein eventuell konsesjon. 2. Undersøkingsplikta etter 9 i Kulturminnelova må oppfyllast i god tid før eventuelt arbeid i marka startar opp. 3. Ein bør vurdere høgare minstevassføring med omsyn til elva som sentralt landskapselement og stad for friluftsliv og rekreasjon og fordi ein ikkje veit moglege konsekvensar av redusert vassføring for biologisk mangfald. Rune Haugsdal Fylkesrådmann Bård Sandal Regionaldirektør Vedlegg: Lenke til søknad og rapport om biologisk mangfald: http://www.nve.no/no/konsesjoner/konsesjonssaker/vannkraft/?soknad=5276&type=11
FYLKESRÅDMANNEN, 18.04.2013: 1. Innleiing Det ligg føre søknad om løyve til å bygge Ulsberg kraftverk i Espelandselvi i Ulvik herad, med tilhøyrande koplingsanlegg og kraftliner. Utbyggar er HardangerAlliansen i samarbeid med grunneigarane, Knut K. Aurdal og Sjur Uppheim som eig fallrettane i området. 2. Prosjekt 2.1. Områdeomtale Figur 1 Oversiktskart med inntak og kraftstasjon (kart utarbeid med base frå DN sin naturbase) Ulsberg kraftverk er planlagt lokalisert i midtre deler av Espelandselvi i Ulvik Herad, med kraftstasjon like før elva har samløp med Tysso. Espelandselvi er ei vassrik elv som renn ned til Ulvik sentrum. Den ligg i ein søraustvendt dal, og planlagd inntak, røyrtrase og kraftstasjon i samband med eit elvestrekk under skoggrensa. Det er eit typisk vestlandsk elvemiljø, med stor vassføring i nedbørsperiodar og under snøsmelting, men elles liten vassføring. Dei høgaste delane av vassdraget grensar inn mot Granvin- og Vossovassdraga. Høgdeforskjellen i tiltaksområdet er relativt liten, 44 meter, men nedbørsfeltet strekk seg opp mot 1200 moh. Vassdraget omfattar fleire vatn høgare oppe i nedbørsfeltet, og det aktuelle elvestrekket er stilleflytande øvst ved inntaket og med nokre fossar og stryk nedover til stasjonsområdet. 2.2. Prosjektskildring Ulsberg kraftverk vil nytte fallet i Espelandselvi mellom kote 311 og kote 267. Frå inntaket vil vassvegen gå i nedgravne røyr til kraftstasjon på austsida av elva. Ein anslår årleg middelproduksjon å ligge på 3,8 GWh, kor hovudproduksjonen vil vere på sommartid, 2,6 GWh. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 1200 kw. Utbyggingsprisen er relativt høg, 26 millionar, 6,79 kr/kwh. Middelvassføringa ved inntaket er 1643 l/s. Det er planlagt årleg minstevassføring 141 l/s, lik alminneleg lavvassføring. Inntaket vert lagd til kote 311 i ein innersving av elva. Demninga vil vere om lag 16 meter brei og 1 meter høg. Den opphavlege planen var eit inntak ved kote 308, like ved ein foss. Etter innspel i tidlegare fasar av prosjektet endra ein endra denne då det ville få negative visuelle påverknader på fossen som er i eit område nytta til friluftsliv og turisme. 2
Det er vurdert to alternativ for røyrtraseen, men berre hovudtraseen er omtalt i søknaden. I søknaden er det lagt ved kart over alternativ 2, og eit oversyn som syner at det andre alternativet vil vere litt rimelegare, 5,87 kr/kwh. I dette framlegget vert hovudalternativet presentert. Røyrgata er planlagd å verte om lag 565 meter lang. Den vil i hovudsaka vere gravd ned heile vegen, med unnatak der den kryssar elva og vidare 50-80 meter, kor den vert delvis lagt på betongfundament og delvis klamra fast i fjell. Ein kjem til å rydda ei ti meter brei stripe i traseen kor røra skal gravast ned, og ein må rekne med ein del sprenging. Det er planlagd å nytte denne røyrgatetraseen som midlertidig anleggsveg for tilkomst til inntaket. Området vil ein la gro igjen naturleg etter anleggsperioden. Kraftstasjonen vert plassert på vestsida av kote 267, mellom elva og riksveg 572. Ifølgje søknaden vil ikkje bygningen vere synleg frå vegen, og ein vil utforme denne etter lokal byggeskikk. Stasjonen vil vere om lag 7 meter lang, 10 meter brei og 6 meter høg. Ny veg Ifølgje søknaden er det naudsynt å bygga ein veg frå RV 572 ned til stasjonen. Denne vil verta 140 meter lang og 4 meter brei. I anleggsfasen vil i tillegg eit område på ca. 10-12 meter breidde verte påverka. I tillegg vil ein måtte anlegga ein førebels anleggsveg til røyrgatetraseen. Figur 2 Skisse av anlegget si plassering i høve til elvestrenga (frå søknaden) Anlegget er tenkt tilknytt det lokale nettselskapet, Hardanger Energi AS, og utbyggar har ifølgje søknaden korrespondanse med nettselskapet, men det er ikkje underteikna avtale om nettilknytning. 3. Verknad for natur og samfunn Til utarbeidinga av søknaden er det gjennomført undersøkingar av fagkonsulentar for tema biologisk mangfald. Utover dette er det ikkje gjort faglege vurderingar. 3.1. Kulturminne og kulturmiljø Ut frå Hordaland fylkeskommune sine arkiv er det ikkje opplysningar om automatisk freda kulturminne eller lausfunn av oldsaker i det aktuelle utbyggingsområdet. I samband med registrering av trasé for Sima Samnanger vart det gjort funn av to framstillingsanlegg for trekol (id. nr. 124270 og 124272) i Sme dalen om lag 300 meter aust for den no omsøkte endestasjonen for Ulsberg kraftverk. Det viser at området har vore nytta i samband med bruk av utmarksressursar i eldre tid og at det er potensial for funn av hittil ikkje kjende automatisk freda kulturminne. 3.2. Landskap og inngrepsfrie naturområde (INON) Naturtypane i landskapet er i hovudsak skog (dominert av barskog og furudominert blandingsskog), myr og vassdrag. I konsekvensutgreiinga for biologisk mangfald står det at tiltaksområdet samla sett er av lokal liten verdi då særleg skogbruksaktivitetar har redusert den samla verdien av skoglandskapet mykje. Inngrepa råkar ingen INON-område. Hovudvegen mellom Granvin og Ulvik går langs elva, men den er ikkje særleg synleg frå vegen grunna skog. 3.3. Biologisk mangfald Det finst ikkje registrerte funn av raudlisteartar i tiltak- eller influensområdet i og ved Espelandselvi. Det vart påvist eit lite areal av nasjonal prioritert naturtype ved elva ovanfor området der 3
kraftstasjonen er planlagd, mellom røyrtraseen og elva. I dette arealet vert det registrert ein raudlisteart, gubbeskjegg (lav) ved elvekanten. Ifølgje søknaden er det lite potensial for andre raudlisteartar i området. Det er ingen velutvikla bekkekløfter og/eller fossefall med fossesprøytsoner i det aktuelle strekket, noko som i utgangspunktet gir et middels til lavt potensial for viktige førekomstar. Det er hovudsakeleg vanlege naturtypar i influensområdet, fleire inngrep ved veg/fylling mot elv, hogstflatar og granplantingar. Naturtypen elveløp er nasjonalt raudlista i kategori nær truga, og kraftreguleringar er ein av dei viktigaste påverknadene. Uregulert, regionstypisk elveløp vert vurdert til middels verdi i verdisetting av regionstypisk landskap. Ein har ikkje gjort observasjonar av fauna i området, men ut i frå vassdraget sin karakter og naturforholda i området er det sannsynleg at elva er leveområde for fossekall, strandsnipe og linerle, alle tre vanlege på vestlandet. Alle tre vil ifølgje rapporten halde fram med å nytte elvestrekket med den planlagde minstevassføringa (141 l/s). Det vart også gjort observasjonar som tyder på hakkespett like aust for elva, og området i heilskap er kjend som leveområde for raudlista hakkespettar som gråspett og kvitryggspett. Det er sannsynleg at dei mest vanlege artane pattedyr i regionen finst her, som raudrev, mår, røyskatt, ekorn, hjort og fleire artar smågnagarar. Omfanget av utbygginga vert i den biologiske rapporten vurdert til lite til middels negativt, større for det akvatiske naturmiljøet enn for det terrestre. Samla verdi er liten, lokal verdi og den negative konsekvensen av tiltaket vert vurdert til liten (til middels) negativ konsekvens for natur og biologisk mangfald. 3.4. Fisk Det finst mest sannsynleg ein stasjonær bestand aure i Espelandselvi. Elva er ikkje spesielt egna for fiske på det aktuelle strekket. 3.5. Friluftsliv Ifølgje Ulvik herad (samtale per telefon med jordbrukssjef) er området inngangsport til eit mykje nytta turområde, spesielt på vinteren, og den råka fossen er ein kjend stad og ein del vitja. Fossen vert omtalt som spektakulær, men ikkje høg og ligg om lag 100 m nedstrøms inntaket. Frå tidlegare i søknadsprosessen har fylkesmannen kommentert at området med fossen i sentrum har stor verdi som landskapselement, kvileplass og turistattraksjon. Fossen ligg like ved vegen, men er skjerma av noko skog. Ved å gå nokre få meter inn i skogen kan ein oppleva fossen på nært hald. Ifølgje søknaden har ein etter kommentar frå Fylkesmannen tatt omsyn til fossen ved å flytta inntaket slik at utbygginga ikkje skal vere til sjenanse for friluftsliv og rekreasjon. 3.6. Samfunn og andre brukarinteresser Naturlandskapet i området er i kommunens arealplan satt av som LNF-område. Tiltaket vil gi leigeinntekter til grunneigarane og auka skatteinntekter for kommunen. I anleggsfasen vil det bli utført arbeid av lokale entreprenører og handverkarar, tilsvarande 3-4 årsverk. 4. Vurdering Fylkestinget vedtok desember 2009 retningsliner for planlegging og forvalting av små vasskraftverk i fylket. I det følgjande vert tema relevante for denne utbygginga vurdert mot relevante retningsliner. Kulturminne Det omsøkte utbyggingsområdet for Ulsberg kraftverk vart ikkje gått gjennom i samband med Sima Samnangerregistreringa. Traseen for Sima - Samnanger kom frå nordaust og gjekk mot sørvest eit godt stykke sør for det no omsøkte tiltaket. Utbyggingsområdet vert vurdert av Hordaland fylkeskommune til å ha eit visst potensiale for automatisk freda kulturminne og ein må difor pårekna ei mindre arkeologisk registrering med overflatesøk og eventuelt prøvestikk med sonderingsborr og spade. Dersom det vert gjeve konsesjon for tiltaket må det setjast vilkår om at 9 i Kulturminneloven må oppfyllast i god tid før arbeid i marka vert starta opp. Ved eventuell konflikt må planane justerast, eller sendast til Riksantikvaren som dispensasjonsmynde. 4
Landskap Som for tema friluftsliv er det ein foss eit område nytta til rekreasjon som vert råka. Då elva er svært vassrik vil ein reduksjon i vassføringa lik det tiltaket legg føre gje endringar i landskapet og opplevinga av dette. Ein bør her vurdere om ei auka minstevassføring kan redusera omfanget av landskapsendringane. Biologisk mangfald R5 Biologisk mangfald 3. For elver som fungerer som hekkeområde for vintererle eller fossekall må det setjast krav om naudsyntminstevassføring. For vintererle er det også viktig å halde skogen langs elva intakt. For fossekall kan oppsetting av eigne reirkasser vere eit avbøtande tiltak der trygge reirplassar forsvinn. Det er påvist eit lite men viktig delområde i rapporten om biologisk mangfald, kor gubbeskjegg, eit raudlista lav veks. Det er naudsynt at ein tek omsyn til dette området i anleggsfasen. Området vert ikkje direkte råka av ei utbygging. Samstundes er det usikkert korleis området vil respondera på redusert vassføring. Minstevassføringa er satt til alminneleg lavvassføring og den biologiske rapporten meiner at dette er nok vassføring til at fossekall kan nytte området. Friluftsliv R7 Friluftsliv 1. Ein bør vise varsemd ved utforming av ny vasskraftutbygging, slik at tiltaka ikkje reduserar opplevingskvalitetane i friluftsområde med stor verdi. Gjennom konkret utforming skal ein søkje å gjere tiltaket til ein positiv ressurs for friluftslivet. Området rundt elva og spesielt ein foss som vert råka av utbygginga, er mykje nytta som inngang til fleire turområder. Dette området har i fylkesdelplan for små vasskraftverk i Hordaland blitt klassifisert til middels verdi for friluftsliv. Ein har i tidlegare fasar av prosjektet endra inntaket for å skjerma fossen. Inntaket er likevel ovanfor fossen og mengda vatten i denne vil dimed verta vesentleg redusert ved produksjon. Området er særskild nytta til friluftsliv vinterstid, og då vil både elva og fossen vere lite synleg. Samfunn og andre brukarinteresser R1 Overordna rammer Hordaland er positiv til bygging av små vasskraftverk der omsyn til miljø og andre arealinteresser er ivareteke. Verdiskaping for samfunnet skal også vurderast. Utbygginga er relativt kostbar, 6,79 kr/kwh og spørsmålet er om den ikkje står i forhold til dei ulempene det medfører. Dei bedriftsøkonomiske aspekta må utbyggar sjølv ta stilling til. Den vil likevel gje inntekter lokalt både til grunneigarar og til kommunen i form av uka skatter. 5. Oppsummering og tilråding Tiltaket vil nytte eit fall i elva Espelandselvi i Ulvik kommune og vil gje ein årsproduksjon på om lag 3,8 GWh til ein pris på 6,79 kr/kwh, som er ei dyr utbygging. Det er to potensielle konfliktområde, eit for eit naturområde, og for friluftsliv/landskap. Eit nasjonalt verdifullt naturområde (klasse C) kor raudliste arten gubbeskjegg (lav) veks kan verte påverka, men dette vil ikkje verte direkte råka av utbygginga. Det er naudsynt å vise varsemd med dette området i utbyggingsfasa. Ein veit ikkje om området vil verte påverka av redusert vassføring på sikt. For friluftsliv er det potensial for konflikt då området er inngangsport til eit mykje nytte turområde på vinterstid. Det er også ein flott foss om lag 100 meter nedstrøms inntaket som vil verte råka, som er ein del vitja. Her bør ein vurdere om auka vassføring er aktuelt. 5