REGULERINGSPLAN FOR "Lykkens Prøve", Vikebukt I VESTNES KOMMUNE Plandokument datert 18.05.2009
INNHALD: Planomtale Arealoppgave Planprosessen ROS-analyse Ved legg soversikt Side 2 av 8
PLANOMTALE Planavgrensing: Reguleringsforslaget er avgrensa til eigedomen gnr. 35 bnr. 2 på Vikebukt. Arealet strekkjer seg på begge sider av lokalvegen ut i Leikarneset. Status for området: Det ligg ikkje føre gjeldande detaljplan for arealbruken etter plan- og bygningslova for det aktuelle området. I gjeldande kommuneplan sin arealdel ligg planområdet innanfor område avsett som LNFområde. Av tilgjengelege naturbasar (Dirnat, Gislink og Askeladden) går det fram at det ikkje ligg føre registrerte interesser vedr. natur- og miljø, friluftsliv eller kulturminne som planområdet kjem i konflikt med. Der er kartfesta eit viltområde som omfattar heile Gjermundneset og som strekkjer seg sør om planområdet. Det er registrert som vinterbeiteområde for rådyr. Planområdet dekkjer eit tidlegare småbruk, oppdyrka. og det meste av arealet er i varierande grad Området aust for lokalvegen har svakt fall ned mot vest, medan arealet ned mot sjøen har noko større fall. Der er ingen større vegetasjon på område utanom noko kantvegetasjon i bytelinene. Utforming av planen: Reguleringsplanen er utforma i samsvar med plan- og bygningslova kap. VII, Miljøverndepartementet sin planvegleiar Plan og kart etter plan- og bygningsloven, og blir i tillegg til dokument på papir levert i digital form (word-dokument og kart i SOSI-format). Tilkomsten til planområdet skal skje frå eksisterande lokalveg og med sidearmar inn i tomteområda. Området er regulert til bustader/småhusbebyggelse, oppført som frittliggande eller samanbygde bustader, eller som fleirmannsbustader innanfor dei høgder og den utnyttingsgraden som går fram av reguleringsføresegnene. Forutan eit fri-/leikeområde mellom tomtene 2 og 3, er området ved sjøen avsett til friområde, med plass for felles naust for mindre båtar. Side 3 av 8
AREALOPPGAVE REGULERT OMRADE: Byggeområde 9,7 daa Vegareal 1,6 daa Friområde 1,9 daa Spesialområde 1,1 daa Regulert areal totalt : 14,3 daa Side 4 av 8
PLANPROSESSEN Vestnes kommune varsla igangsetting av reguleringsarbeid for eit større område i denne delen av Vikebukt i 2008. Føremålet med planarbeidet var å legge til rette for bustadbygging. Gnr. 35 bnr. 2 var ein del av dette planområdet. Vestnes kommune gjorde seinare vedtak om ikkje å prioritere dette reguleringsarbeidet. Eigaren av gnr. 35 bnr. 2 ønskjer likevel å utarbeide ein reguleringsplan sin eigedom med tanke på å sette i gang opparbeiding og tilrettelegging for bustadbygging. Det blir difor med dette fremjar eit privat reguleringsforslag for eigedomen. Ein legg til grunn at kommunen sitt tidlegare varsel om planarbeid er dekkande for dette avgrensa prosjektet. Av dei innspela Vestnes kommune fekk, nemner to eigedomen gnr. 35 bnr. 2. Det var Møre og Romsdal fylke, Per Kristian Legernes og Kåre Legernes. Begge innspela meiner at gnr. 35 bnr. 2 bør oppretthaldast som landbruksareal, og Møre og Romsdal varslar motsegn til reguleringsarbeidet på dette grunnlaget. Tiltakshavaren ønskjer likevel å fremje reguleringsforslaget for eigedomen med den grunngjeving at eigedomen har svært begrensa jordressursar og at den frå før er inneklemt mellom fleire bustadeigedomar som tidlegare er frådelt nabobruka, jfr. kart. Områdekart Denne situasjonen vil vere til like stor ulempe/konflikt mellom jordbruksdrift og bustadinteresser om eigedomen skulle bli seld som tilleggsareal til eit anna bruk. Ein meiner at eit så avgrensa areal som dette representere ein svært liten del av den reelle jordressursen som er i området, at med dei ulempene denne har skulle det vere Side 5 av 8
akseptabelt å omdisponere arealet til bustadbygging, og dermed heller lette "trykket" på andre potensielle utbyggingsareal. Der er gjort arkeologiske undersøkingar pa eigedomen av fylkesarkeologen., utan at der vart registrert noko. Det er elles gjort ei ROS-vurdering på grunnlag av Møre og Romsdal fylke sitt analyseskjema. Konklusjonen er at det ikkje ligg føre særlege forhold som skulle vanskeleggjere gjennomføringa av reguleringsforslaget. Oppsummering: Er ber med dette om at planforslaget blir fremja til behandling etter plan- og bygningslova 30, og lagt ut til offentleg ettersyn før den 01.07.2009 i tråd med denne. Side 6 av 8
ROS-ANALYSE: Sjekkliste for vurdering av risiko og sårbarheit i samfunnsplanlegginga Emne Er det knytt uakse ptabel risiko til følgjande forhold? Nei Ja Natureiste [ishold t rm^i^ uad Verksemds risiko a b Er området ut^ctt for snø - eller steinskred eller storre _tjellskred ' Er det fare for flodbol er som følgje av fjellskred i vam.'sjo? c Er det fare for ut gliding av området ( ustabile grunnforhold)? d Er området utsett for flaum,'flaumskred? e Er det -registrert radon i grunnen? [_f Vil skoebr_ann lyngbrann i området vere ein fare for bustader'hus? Fr området sårbart for ekstremvcr, stormllo? h Anna ( spesifiser)? a Regulerte vassmagasin i nærleiken, med spesiell fare for usikker is? h Naturlege terrengformasjonar som utgjer spesiell fare (stup etc.)? c Vil drenering kunne føre til ovcrsymjing i lågareliggande område? d Anna ( s esifiser)? a Omfattar området spesielt turlege anlegg? h Vil utilsikta ukontrollerte hendingar som kan inntreffe i nærliggande verksemder ( industriføretak etc.), utgjere ein risiko for området? Brann - ulykkes - a Har området utilstrekkelig slokkjevassforsvning ( mengde og trykk)? beredskap b blar området gode tilkomstruter for utrkkin gskjoretoy? x Infrastruktur a Er det kjende ulykkespunkt på transportnettet i området? b Vil utilsiktaukontrollerte hendingar som kan inntreffe på nærliggande transportårer inkl. sjø- og luftfart utgjere ein risiko for området. Er det spesiell risiko knytt til bruk av transportnett i området: c - til skolebarnehage? - til nærmiljøanlegg ( idrett etc.)? t- = - d Er det transport av farleg gods til gjennom området? a_ Er området påverka av magnetfelt frå høgspentliner'? KrafU <usvnim^ - b Er det spesiell klatrefare i hogspentmaster'? århare objekt c Vil tiltaket endre (styrke svekke) forsyningstryggleiken i området? Medfører kortfall av følgiande tenester spesielle ulemper for området: -elektrisitet? a -teletenester'? -vassforsyning? -renovas'on^s ill atn? b Er det vassfors yning. drikkevatn i området Lc Er det pesielle brannobjekt i området? d Er det omsorgs- og, o vekstinstitus orar i området? a Gruver : opne,jakter. steintippar etc.? Er om r ådet p å ver k a ---'-- h Militære anlegg: fjellanlegg forurcma frå --t-- - ---, p i g trådsperringar ^ etc.'? -- -- tidligare bruk c Industriverksemd som t.d. avfallsdeponering? Ulov le d verksemd a b Anna (spesifiser)? Er tiltaket i seg sjølv et sabotasje - terrormål? ----- - ---- - Finst det potensielle sabotasje - terronnål i nærleiken? x -- Sjekklista er gjennomgått den ( 8105-2009 av siga: _ Jostein Bo Under punktet "Sårbare objekt", er det kryssa av for "ja". Det betyr likevel ikkje at det planlagte området vil få andre ulemper enn det øvrig bebyggelse vil oppleve. Side 7 av 8
VEDLEGG: Kopi av annonse for oppstart av planarbeidet Vestnes kommune, planutvalet sak 63/2008. 02.09.2008 Plankart, datert 18.05.2009 Reguleringsføresegner, datert 18.05.2009 Side 8 av 8