ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Råd for likestilling av funksjonshemma Møtestad: Ørstafjord, rådhuset Dato: 03.03.2014 Møtet starta 14:30 Møtet slutta 15:45 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Karen Høydal leiar AP Øyvind Sandvik medlem organisasjon Gerd-Marianne Velle medlem organisasjon Gunnar Gausdal medlem organisasjon Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Per Are Sørheim medlem H 3. politisk valde Anne Grete Juliebø medlem organisasjon Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Vegard Hansen Per Are Sørheim SV Ingen møtte for 3.politisk valde Gerd Valseth Anne Grete Juliebø Organisasjon Frå administrasjonen møtte: Namn Ulf Rognstad Toril Langlo Einingsleiar kommunalteknikk Politisk sekretær, førte protokoll frå møtet Øyvind Sandvik og Gerd-Marianne Velle vart valde til å signere protokollen saman med leiar Neste møte Råd for likestillings av funksjonshemma sitt neste møte den 28.04.14 går ut. Neste møte vert 05.05. 2014.
Orientering i møtet -Einingsleiar kommunalteknikk Rognstad orienterte om tildeling av midlar til universell utforming i 2014 for Ørsta kommune, jf referatsak 9/14. Søknaden kom til etter møte med leiar i råd for likestilling av funksjonshemma og sekretær, og rådet har tidlegare vore på synfaring av tiltaka. Rognstad gjekk igjennom tiltaka som er 100% finansierte gjennom tilskot og som gjeld for det meste nedramping frå eitt område til eit anna i sentrum. Tiltaka er planlagt gjennomført før ferien, og vert utført etter handboka frå Statens vegvesen. Handikaplaget vert inviterte til å synfare tiltaka når arbeidet er utført. Rogstad etterlyser elles plan for aktuelle tiltak frå råd for likestilling av funksjonshemma, då det er krav om plan for å søkje om stønad. -Skiltplanar i sentrum. Rognstad orienterte om tre planar som er i arbeid og som gjeld sentrum, og som til dels høyrer saman med m.a. nedrampingstiltaka. Det skal vere møte mellom kommunen og Statens vegvesen 04.03.14. -Rognstad orienterte vidare om prosjekt i medarbeidarskap: Uteareal/sansehage/stiar på Hammaren ved Vartdal helsetun. Rognstad har vore på synfaring og RFF har tidlegare vore på synfaring. Høydal har fått melding om at det er ønskje om å fjerne kratt for å betre utsikta. Eigedomsavdelinga må kontaktast viss tre skal tynnast elles på området. Tilskot kan søkjast både frå privat og offentleg. Råd for likestilling av funksjonshemma ved Gerd-Marianne Velle er rådet sin rådgjevande kontaktperson i prosjektet, og når ho ikkje er tilstades vert Karen Høydal å kontakte. Rådet oppmodar om at kratt og skog vert fjerna, og at det vert kartlagt kven som kan bidra økonomisk og planmessig for å få prosjektet realisert. SAKLISTE Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 9/14 Godkjenning av innkalling og sakliste PS 10/14 Godkjenning av protokoll frå møte 27.01.2014 PS 11/14 Referat og meldingar RS 9/14 Ørsta kommune - Tildeling av midler til universell utforming i 2014 2014/5 RS 10/14 "Ingen rom for diskriminering" - Yrkestrafikk RS 11/14 RS 12/14 RS 13/14 RS 14/14 RS 15/14 RS 16/14 LPP Søre Sunnmøre, oppmoding til RFF om å bidra til oppretting av brukar- og pårørandeutval Barne-, likest. og inkluderingsdepartementet, nyheit 09.09.13: Ny handlingsplan for universell utforming Norges Handikapforbund, Handikapnytt: Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven i revidert versjon Høringsbrev - Forslag til endringer i forskrift 2011-12-16-1349 om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester E-post til fylkesrådet for likestilling av funksjonshemma som innspel til fylkeskonferansen Invitasjon og program for konferanse for kommunale råd for likestilling av funksjonshemma, Ålesund 17.03.14 2014/166 RS 17/14 RS 18/14 Retningsline for merking og skilting av turruter i friområde Vedtak i Ørsta formannskap Regional delplan for kulturminne og regional og nasjonal verdi til høyring og offentleg ettersyn
PS 9/14 Godkjenning av innkalling og sakliste Saksprotokoll tilråding / vedtak i råd for likestilling av funksjonshemma - 03.03.2014 Innkallinga vart samrøystes godkjend. Saklista vart samrøytes godkjend med tillegg av RS 18/14. Handsaminga (5 røysteføre) Innkallinga vart samrøystes godkjend. Saklista vart samrøytes godkjend med tillegg av RS 18/14. PS 10/14 Godkjenning av protokoll frå førre møte Saksprotokoll tilråding / vedtak i råd for likestilling av funksjonshemma - 03.03.2014 Protokoll frå møte i råd for likestilling av funksjonshemma 28.01.14 vart samrøystes godkjend. Handsaminga (5 røysteføre) Protokoll frå møte i råd for likestilling av funksjonshemma 28.01.14 vart samrøystes godkjend. PS 11/14 Referat og meldingar Saksprotokoll tilråding / vedtak i råd for likestilling av funksjonshemma - 03.03.2014 Referatsakene vart refererte med merknad til: RS 11/14: LPP Søre Sunnmøre, oppmoding til råd for likestilling av funksjonshemma om å bidra til oppretting av brukar- og pårørandeutval. Felles samrøystes merknad i møtet til Viketunet og til Levekårsutvalet: For å få best mogleg kvalitet på tenestene og ivareta brukarmedverknad på systemnivå, ber rådet for likestilling av funksjonshemma om at Viketunet snarast opprettar brukar- og pårørandeutval. LPP bør snarast oppnemne minst to representantar med vara. RS 14/14: Høringsbrev: Forslag til endringer i forskrift 2011- om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester.
Råd for likestilling av funksjonshemma peikar på at verdigheita må takast i vare og går imot bruk av dobbeltrom på institusjonar ved langtidsopphald, og særskilt for dei som mot sin vilje vert plassert på dobbeltrom. RS 16/14: Fylkeskonferanse for kommunale råd: Karen Høydal deltek i konferansen og rådet ber om at sekretæren tek del i konferansen. RS 17/14: Retningsliner for merking og skilting av turruter i friområde. Rådet har tidlegare gitt innspel i denne saka, og har følgjande samrøystes uttale: I kommentarane som blir gitt kan vi lese: "Universell utforming er eit sentralt og gjennomgåande tema som både er innarbeidd i norsk lovverk t.d. i føremålsparagrafen til plan- og bygningslova og meir konkret i byggteknisk forskrift, og også i kommunen sitt planverk. Dette skal såleis følgjast opp uavhengig av kva som blir sagt i denne kommunale retningslina". Kva er så grunnen til at dette ikkje skjer? Kva er grunnen til at det stadig blir laga nye menneskeskapte tersklar i kommunen? Erfaringar som rådet har, viser at det er langt igjen og at planarbeida må vere informative og tildels detaljerte for at tiltaka skal kome med. Det er framleis stor mangel på kompetanse på området universell utforming. Heftet som rådet viser til vil følgje saka. RS 18/14 Regional delplan for kulturminner av regional og nasjonal verdi. Rådet hadde slik samrøystes kommentar til Ørsta formannskap med kopi til fylkesrådet for likestilling av funksjonshemma, som blir oppmoda om å ta saka vidare. Kulturminne finn vi overalt i dei mennesskapte omgivnadane. I levekårshistorisk verdi er også organisasjonshistorie aktuelt. I år feirar vi at grunnlova i 200 år, og i Handikapnytt nr 1/2014, kan vi lese om at Lilli-Ann Stensdal er den første rullestolbrukeren som har tatt heis opp til Rikssalen i Eidsvollsbygningen etter at bygningen er blitt restaurert. (Men svært avgrensa for elektriske rullestolar). Det er mange eksempel på at stadar der kulturminne blir vist er lite tilrettelagde. Råd for likestilling av funksjonshemma i Ørsta kommune sine kommentarar til delplanen: I Handlingsplanen framover bør mål og strategi vere langt tydelegare for at historiske stadar og bygningar skal bli brukt av folk flest. Det er også viktig å fram funksjonshemma sine levekår og historie. I referansegruppe, prosjektgruppe, styringsgruppe må personar som har kompetanse på universell utforming bli inkludert. Ny Handlingsplan for universell utforming 2014-2018, som er retta mot eksisterande bygningar, må leggast til grunn som ein del av planarbeidet. Referatsakene vart elles refererte utan andre merknader. Handsaminga (5 røysteføre) Høydal orienterte i tillegg til referatsakene om: -Protokoll frå fylkesrådet for likestilling sitt møte den 29.01.14 -E-post frå eigedomsavdelinga i kommunen ved Øystein Mårstøl datert 12.02.14, vedkomande bustader for unge funksjonshemma, svar på førespurnad frå leiar. -E-postkorrespondanse mellom Ingunn Gjengdal, Jan Osborg, Karen Høydal om brukarrepresentant til Hamna dagsenter.
Merknad til referatsak: RS 9/14: Tildeling av midlar til universell utforming i Ørsta kommune Einingsleiar Rognstad orienterte innleiingsvis i møtet. RS 18/14 Regional delplan for kulturminne og regional nasjonal verdi. Høydal orienterte frå Handikapnytt 01/2014 om artikkelen Historisk heistur-lill-ann Stensdal er den første rullestolbruker i historien som har tatt heisen opp til Rikssalen i Eidsvollbygningen RS 11/14: LPP Søre Sunnmøre, oppmoding til RFF om å bidra til oppretting av brukar- og pårørandeutval Felles samrøystes merknad i møtet til: Viketunet og til Levekårsutvalet: For å få best mogleg kvalitet på tenestene og ivareta brukarmedverknad på systemnivå, ber rådet for likestilling av funksjonshemma om at Viketunet snarast opprettar brukar- og pårørandeutval. LPP bør snarast oppnemne minst to representantar med vara. RS 14/14: Høyringsbrev Forslag til endringar i forskrift 2011- om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester. Råd for likestilling av funksjonshemma peikar på at verdigheita må takast i vare og går imot bruk av dobbeltrom på institusjonar ved langtidsopphald, og særskilt for dei som mot sin vilje vert plassert på dobbeltrom. RS 16/14: Fylkeskonferanse for kommunale råd: Karen Høydal deltek i konferansen og rådet ber om at sekretæren tek del i konferansen. RS 17/14: Retningsliner for merking og skilting av turruter i friområde. Rådet har tidlegare gitt innspel i denne saka, og har følgjande samrøystes uttale: I kommentarane som blir gitt kan vi lese: "Universell utforming er eit sentralt og gjennomgåande tema som både er innarbeidd i norsk lovverk t.d. i føremålsparagrafen til plan- og bygningslova og meir konkret i byggteknisk forskrift, og også i kommunen sitt planverk. Dette skal såleis følgjast opp uavhengig av kva som blir sagt i denne kommunale retningslina". Kva er så grunnen til at dette ikkje skjer? Kva er grunnen til at det stadig blir laga nye menneskeskapte tersklar i kommunen? Erfaringar som rådet har, viser at det er langt igjen og at planarbeida må vere informative og tildels detaljerte for at tiltaka skal kome med. Det er framleis stor mangel på kompetanse på området universell utforming. Heftet som rådet viser til vil følgje saka. RS 18/14 Regional delplan for kulturminner av regional og nasjonal verdi. Rådet hadde slik samrøystes kommentar til Ørsta formannskap med kopi til fylkesrådet for likestilling av funksjonshemma, som blir oppmoda om å ta saka vidare. Kulturminne finn vi overalt i dei mennesskapte omgivnadane. I levekårshistorisk verdi er også organisasjonshistorie aktuelt. I år feirar vi at grunnlova i 200 år, og i Handikapnytt nr 1/2014, kan vi lese om at Lilli-Ann
Stensdal er den første rullestolbrukeren som har tatt heis opp til Rikssalen i Eidsvollsbygningen etter at bygningen er blitt restaurert. (Men svært avgrensa for elektriske rullestolar). Det er mange eksempel på at stadar der kulturminne blir vist er lite tilrettelagde. Råd for likestilling av funksjonshemma i Ørsta kommune sine kommentarar til delplanen: I Handlingsplanen framover bør mål og strategi vere langt tydelegare for at historiske stadar og bygningar skal bli brukt av folk flest. Det er også viktig å få fram funksjonshemma sine levekår og historie. I referansegruppe, prosjektgruppe, styringsgruppe må personar som har kompetanse på universell utforming bli inkludert. Ny Handlingsplan for universell utforming 2014-2018, som er retta mot eksisterande bygningar, må leggast til grunn som ein del av planarbeidet. Referatsakene vart elles refererte utan andre merknader. RS 9/14 Ørsta kommune - Tildeling av midler til universell utforming i 2014 RS 10/14 "Ingen rom for diskriminering" - Yrkestrafikk RS 11/14 LPP Søre Sunnmøre, oppmoding til RFF om å bidra til oppretting av brukar-og pårørandeutval RS 12/14 Barne-, likest. og inkl.departementet, nyheit 09.09.13: Ny handlingsplan for universell utforming RS 13/14 Norges Handikapforbund, Handikapnytt: Diskriminerings-og tilgjengelighetsloven i revidert versjon RS 14/14 Høringsbrev - Forslag til endringer i forskrift 2011-12-16-1349 om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester RS 15/14 E-post til fylkesrådet for likestilling av funksjonshemma som innspel til fylkeskonferansen RS 16/14 Invitasjon og program for konferanse for kommunale råd for llikestilling av funksjonshemma, Ålesund 17.03.14 RS 17/14 Vedtak - Retningsline for merking og skilting av turruter i friluftsområde RS 18/14 Regional delplan for kulturminne og regional og nasjonal verdi til høyring og offentleg ettersyn