Månedsbrev Bikuben desember 2016 NOVEMBER MÅNED: Det har vore ein innholdsrik og begivhetsrik november. Tirsdag 8. november fekk me besøk av politimannen Magnus Syvelsdal Pedersen. Han hadde med seg politibamsen Eddi, som fekk helsa på alle barna. Han spurte barna kva oppgåver politiet har, og svar som kom frå barna var; De skal fange tyvene, Passe på i trafikken, Sette tyvene i fengsel. Politimannen delte ut ein refleks til kvart enkelt barn, slik at dei er godt synlege ute i mørket no. Etter samling kledde me på oss og gjekk ut til ein ventande politibil. Alle barna som ville, fekk prøve å sitte inni bilen, både framme og bak. Magnus tok på blålysa, og til slutt kom sirena på og. Det var stor stas for barna. 10. november var det klart for barnehagens 32. bursdag. Det var duka for felles feiring inne på Bikuben med sang, musikk og gåveoverrekkelse. Alle avdelingane opna ein pakke kvar, før festen og meir overraskelsar venta på kvar enkelt avdeling. Barna var i ekstase, alle fekk opne kvar sin pakke, og gleda var stor når dei fekk leike med dei nye leikene. Ute har barna venta tålmodig på at den nye rutsjebana skulle kome på plass. Gravemaskiner, andre maskiner har vore trekkplaster for mange barn, og gleda var stor når området endeleg opna og var klar til å takast i bruk. Grønne tankar glade barn: Me observerer og høyrer at barna pratar mykje om grønne og røde tankar. Det kjem fram i leiken, kommunikajon med kvarandre, i samtalar rundt bordet og i konfliktar barna i mellom. Det er fasinerande og samtale med barna om grønne og røde tankar. Barna har mykje å kome med, dei er refekterande og skjønar kor tid det er grønne og røde tankar hjå dei. Kommentarar som kan kome er ; No har du ein rød tanke. Eit barn sat på avdelingen og sa: Ååååhhhh no har eg en rød tanke.
KVA SKAL ME GJERE I DESEMBER? Desember er ein måned med mykje aktivitet, spenning og glede. Me vil legge til rette for ein roleg desember med førjulsaktivitetar, sang, lesing, samtalar og julebakst. Torsdag 1. desember startar me med adventstund på avdelingen, der me tenner lys, syng sangar, og barna får trekke lapp frå kalendaren. Det er alltid like spennande kva som står på lappen og ikkje minst kven sin tur det er. Kvart barn skal male julepose som det får med heim til jul, og kanskje vert det nokon overraskelsar oppi der. Sangar me vil synge er: Tenn lys, Musevisa, På låven sitter Nissen, Et barn er født i Betlehem, Julekveldsvisa, Store og små gleder seg til jul, Svart senker natten seg, Jeg er så glad hver julekveld. GRUPPER 2. november var VENNEGRUPPEN på sin andre tur til Vilvite. Også denne gangen uttrykte barna at det var ei stor oppleving og reise med buss og bybane. Når me er ute på tur, observerer barna og samlar inntrykk, og gleda var stor då me gjekk gjennom Nygårdsparken og barna såg på dei store trea som stod der, og tenk der og var det Eiketrær. «Akkurat slike trær som vi har i Arna; sa ein av gutane.» Også denne gongen utforska og leikte me i utstillingen før me deltok på undervisningsopplegget; «Hjelp Vilmer.» Nokon av barna ville gjere det dei hadde gjort sist, og andre utforska nye ting. Fleire av barna var med på den spennande reisa til månen. Anbefaler dykk til å ta ein tur med på barna på Vilvite. På Vilvite fikk me ros fordi me bevegde oss så rolig rundt. Barna var lydhøre og viste stort engasjement på undervisningsopplegget, «Hjelp Vilmer.» Me lærte om tannhjul og barna jobba samen 2 og 2 og lagde ei leike til Vilmer. Me fekk sjå på ein sykkel og fant ut at den hadde mange, mange tannhjul. Tilbake i barnehagen har me laga snurrebassar i ulike fasongar og eksperimentert kva for ein snurrebass som snurrer lengst. Me har vore på Ådnamarka skule og sett 4. trinnet framføre «Hakkebakkeskogen». Barna sat konsentrert og fulgte med. Songar og leik frå Hakkebakkeskogen pregar dagen i barnehagen. Me har baka Lussekatter og er godt igang med forberedelsane til Luciadagen. Fram til Luciadagen 13.desember skal me gjere klar kappene, lage stjernehattar til gutane og glitterbånd til jentene. Husk å øv på sangene heime.
I REGNDRÅPEGRUPPA er det fryd og glede blandt barna. Leiken er i utvikling, og me ser nye relasjonar oppstår mellom barna. Den gruppa som er ute, er ofte på tur i barnehagens nærområdet. Ofte går turen bort til skuleplassen, etter barnas ønsker. Her er det spennande røyr som dei kan krype inn i, eller klatre oppå. Dissene, klatrestativ og balansebom er også kjekt å prøve ut. Det vert gruppefri i desember. Gruppene startar opp at onsdag 11. januar! LEVERING OG HENTING I BARNEHAGEN Når de kjem eller hentar barnet i barnehagen må de alltid ha kontakt med ein av oss i personalet slik at me kan utveklsa informasjon som er viktig for barnet. Praktisk informasjon - det er vinter, ta med gode varme klede - ta med heim klede og sko for tørking/vasking ved behov - ta med dress - ta med drikkeflaske heim kvar fredag for vask - fyll opp med reserveklede dagleg - ta med innesko - sjekk regnklede/dress, sett på ny strikk ved behov Me vil ønske alle saman ei riktig god jul og eit godt nytt år! Kontakt på Bikuben: 53 08 38 83 eller mobil: 99 28 33 79 Følg elles med på barnehagens nettside: https://bergen.kommune.no/omkommune/avdelinger/barnehager/arnatveit-barnehage/2637. For personalet på Bikuben Ingrid Alvsaker Nordbø.
MÅNEDSPLAN BIKUBEN DESEMBER 2016 ORDENSB MANDAG TIRSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG UKE 48 28. 29. 30. 1. Førjulsaktivitet 2. Sangstund på Knøttene Førjulsaktivitet UKE 49 5. Førjulsaktivtet 6. Førjulsaktivitet 7. Førjulsaktivitet 8. Førjulsaktivitet 9. Forestilling med Ulla Krulla UKE 50 12. Førjulsaktivitet 13. Luciafeiring m/frukost 14. Førjulsaktivitet 15. Førjulsaktivitet 16. Nissefest UKE 51 19. 20. 21. 22. Hipp hurra for Gabriel Thor 5 år! 23. GOD JUL! UKE 52 26. 27. 28. 29. 30. GODT NYTT ÅR!