Høring - innspill på utvalgte temaer til Nasjonal helse og omsorgsplan ( ) samt høring - forslag til ny folkehelselov.

Like dokumenter
HØYRINGSUTTALE TIL NY HELSE OG OMSORGSPLAN

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

HØRINGSUTTALE TIL NY FOLKEHELSELOV - SAMHANDLINGSREFORMA-

TELEMARK FYLKESKOMMUNE Administrasjonen

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Dykkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato /ATG 2010/ Jan Morten Dale

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Stordal kommune Servicekontoret

Årsmelding Fylkesrådet for funksjonshemma.

VÅGSØY KOMMUNE Sentraladministrasjonen

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

Tenesteavtale 10. Mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Sammenstilling av vedtak fra protokoller fra styrebehandling i helseforetakene

SAKSFRAMLEGG. Forslag til vedtak frå fylkesrådmannen. Høyringsuttale ny folkehelselov

Tenesta for PU og tannhelsetenesta. Tenner for livet

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

Utviklingsplan Helse Møre og Romsdal HF

Kommunedelplan for oppvekst

HØYRINGSUTTALE TIL NASJONAL HELSE OG OMSORGSPLAN

Oversikt over folkehelsa 9. og 10. januar Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Dette er en bekreftelse på at vi har mottatt ditt høringssvar på temaet Generelle høringssvar.

Samhandlingsreformen

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Pasientens helseteneste

Forvaltningsrevisjonsrapport - "Samhandlingsreforma i Vestnes kommune" Utval Møtedato Utvalssak Kommunestyret

BEHANDLING I KOMMUNALT RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE

Oppsummering etter fagdagar i bruk av pleie- og omsorgsmeldingar mellom helseføretak og kommunar i Møre og Romsdal

Samarbeid om lærings- og meistringstilbod

Folkehelsedagane

HELSE STRATEGI FOR HELSEREGIONEN - HØYRINGSFRÅSEGN

Tenesteavtale 10. Mellom Suldal kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Frivilligpolitisk plattform

Saksnr. Utvalg Møtedato 3/11 Formannskapet Melding om vedtak sendes til Helse- og Omsorgsdepartementet Postboks 8011, Dep.

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

Dette er en bekreftelse på at vi har mottatt ditt høringssvar på temaet Generelle høringssvar.

Saksnr Utval Møtedato

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Pasientens helseteneste Helse Førde Utviklingsarbeid for framtidas spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane

INTERNASJONAL STRATEGI

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

Strategi Helse Midt-Norge - Uttale frå Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Vågsøy og Eid/Selje

Dykkar ref. Vår ref. Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: 2012/ Sverre Sæter,

FORELØPIG SVAR - HØRING - FORSKRIFT OM OVERSIKT OVER HELSETILSTAND OG PÅVIRKNINGSFAKTORER - FOLKEHELSEFORSKRIFTEN

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Samhandlingsreforma i Sogn og Fjordane eit fellesprosjekt til hjelp for kommunar/kommunesamarbeid og helseforetak Vidar Roseth, leiar

Samarbeid om førebyggjing

Pasientens helseteneste. Utviklingsarbeid for å lage framtidas spesialisthelsetenester i Helse Førde

Finnøy framleis aleine?

Oppgåvedeling i Sogn og Fjordane

Skildring av kommunen sitt tilbod om døgnopphald for øyeblikkelig hjelp etter 3-5, 3.ledd (Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester 6-2 nr.

Vedteke i føretaksmøte Tilleggsdokument til styringsdokument Helse Stavanger HF. Innhald

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Tenesteavtale 10. Mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og forebyggjande arbeid

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

Vår ref. 2016/ Høyring - Prosjekt Stord Sjukehus i lys av Nasjonale føringar - Kvinnherad kommune

Høyringssvar frå Ørskog kommune til Helse- og omsorgsdepartementet (HOD).

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Eit nytt helsekart strategiske, organisatoriske og faglege valg

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Fræna kommune Rådmann

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Muligheter for samarbeidsforskning i vårt helseområde

Dialogmøte 7. april 2017

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

MØTEBOK. Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Møtedato Kl. 10:

Vår ref: Dykkar ref. Dato: 16/ / FE-026 ÅKR

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Styresak. Dato skriven: Sakshandsamar: Hans Stenby Saka gjeld: Samordning av sjukehusa i hovudstadsområdet - høyring

Same ordlyd som oppsummeringa i saksframlegget på s , med unntak av kulepunkt 4 på s. 20.

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Rapport med mål om læring og forbedring

S T R A T E G I D O K U M E N T

Folkehelse inn i kommunal planlegging. Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad. Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

FRÅSEGN TIL NASJONAL HELSE- OG OMSORGSPLAN , NY FOLKEHELSELOV OG NY KOMMUNAL HELSE- OG OMSORGSLOV.

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

HØyringssvar frå MØre og Romsdal fylke på Lokaldemokratikommisjonen si andre utgreiing - vedtak i fylkestinget

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Saksnr. utval Utval Møtedato 041/18 Kommunestyret

Transkript:

Helse- og omsorgsdepartementet Postboks 8011 Dep 0030 Oslo FYLKESORDFØRAREN Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 4639/2011/G10/&13 Robert Løvik 26.01.2011 - Høring - innspill på utvalgte temaer til Nasjonal helse og omsorgsplan (2011-2015) samt høring - forslag til ny folkehelselov. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal gjorde under sitt møte 24. januar 2011 vedtak (U-10/11) om fråsegn i følgjande saker: - Høring - innspill på utvalgte temaer til Nasjonal helse og omsorgsplan (2011-2015) - Høring - forslag til ny folkehelselov (sjå punkt 4 i fylkesutvalet sitt vedtaket) Høyringsfråsegn til utvalde tema til ny Nasjonal helse og omsorgsplan 2011-2015. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal viser til Fylkestingets vedtak i sak T-17/10 i apriltinget 2010 om Strategi 2020 for utvikling av tenestetilbodet i Helse Midt- Norge. Dette dokumentet omfattar det samla tenestetilbodet i Helse Midt med fokus på; Lokalsjukehusa, infrastruktur, kompetanse og rekruttering, store og veksande pasientgrupper, kvalitet og effektivisering, akuttberedskap, fødeavdelingar, akuttmottak og sjukehusstruktur i Møre og Romsdal. Fylkesutvalet kan i tillegg til ovanståande dokument knytte følgjande kommentarar til utkast til Ny Nasjonal helse - og omsorgsplan 2011-2015. Fremtides helsetjeneste; trygghet for alle. Fylkesutvalet støttar målesettinga om auka livskvalitet og redusert press på helsevesenet gjennom satsing på helsefremjande og førebyggande arbeid. Likeverdige helse- og omsorgstenester til innbyggarane med god kvalitet, kapasitet og akseptabel nærleik er avgjerande. 1. Fylkesutvalet støttar at Regjeringa vil nytte ein Nasjonal helse- og omsorgsplan for å sikre god politisk styring og Nasjonal plan som eit strategisk styringsdokument. Det er viktig å sikre eit godt fundament for dei overordna politiske vala knytt til heilskapen. Å utvikle ein strategisk plan vil vere ei stor utfordring og må ikkje Postadresse: Fylkeshuset, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundveien 9 Telefon: 71 25 87 05 Telefaks: 71 25 87 21 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no

2 overskyggast av behovet for eit meir operativt og detaljert styringsdokument. Dei strategiske vala må gjerast først for seinare å underbyggast med lover og forskrifter. Fylkesutvalet vil peike på behovet for at nasjonal helse- og omsorgsplan avklarar kva helsetenester som skal vere på dei ulike nivå. Det må takast geografiske omsyn i område med spreidd busetnad og store avstandar. 2. Fylkesutvalet vil streke under at institusjonane under spesialisthelsetenesta er viktige for velferd og helse og dessutan er ein viktig samfunnsaktør for arbeidsplassar, busetnad, tryggleik, samfunnsberedskap og kompetanse. 3. a) Ressurstildelinga til spesialisthelsetenesta må i større grad ta høgde for lange reiseavstandar, små volum, lite befolkningsgrunnlag i krevjande geografi. Likeså ein historisk struktur som regjeringa seier skal haldast oppe i sine aktuelle dokument. Fylkesutvalet meiner at tildelinga til Møre og Romsdal permanent må ta høgde for dei spesielle kostnadene som er knytt til drift av spesialisthelsetenestene i fylket. b) Ressurstildelinga må gje Møre og Romsdal rom for å ta del i den opptrappinga som er vedteken innanfor rus, psykiatri og geriatri. 4. Forslag til ny folkehelselov 1. Møre og Romsdal fylkeskommune er positiv til forslaget om ny folkehelselov. Det er ein styrke i lova at den rettar seg mot alle forvaltningsnivå, samt rettar merksemd mot faktorar i samfunnet som påverkar folk si helse. 2. Det er viktig og riktig at folkehelselova forpliktar fleire fagområde/sektorar i folkehelsearbeidet på kommunalt og fylkeskommunalt nivå. Vi ser imidlertid ikkje at same krav på tvers av ulike fagområde/sektorar gjeld sentrale myndigheiter. Korleis den nye folkehelselova skal nyttast i forpliktande samhandling mellom alle departementa, og ikkje berre Helse- og omsorgsdepartementet, bør derfor utgreiast nærare. Lova har mellom anna som mål å utjamne sosiale helseforskjellar. Forsking syner at dersom ein skal meistre ei slik oppgåve er det avgjerande at alle aktørar, også på nasjonalt og statleg nivå, har ei forpliktande samhandling. 3. Det er positivt at lova vil generere eit arbeid med å byggje opp ei systematisk oversikt over helsetilstand og helsefaktorar på kommunalt, fylkeskommunalt og nasjonalt nivå. Det er ein føresetnad at det blir tilført økonomiske ressursar gjennom statsbudsjettet for at kommunar og fylkeskommunar kan byggje opp ein stabil kompetanse, samt ha ressursar til å bruke kunnskapen inn i samfunnsplanlegginga og det kontinuerlege folkehelsearbeidet. 4. Helseovervakinga bør samkøyrast på alle nivå, slik at data blir samanliknbare mellom fylke og kommunar. Her har det nasjonale nivået eit primæransvar for å ta ein koordinerande førarrolle. På fylkeskommunalt nivå merkar vi allereie eit trykk frå kommunane om å kome i gang med dette arbeidet. Vi forventar derfor at det snarleg blir etablert nasjonale standardar, slik at statistikk kan bli nytta på tvers av kommunegrenser og kan samanliknast over tid. 5. Med målsetjing om å leggje grunnlag for eit godt helsefremmande arbeid, bør helseovervakinga ha fokus på helsefremmande faktorar. Det finst i dag mykje statistikk på sjukdom og død, men lite statistikk på helsefremmande faktorar. På dette fagområdet må det gjerast ein målretta innsats og utviklast gode parameter som kan leggjast til grunn for folkehelsearbeidet. 6. Vi ser det som svært positivt at lova vil leggje helseundersøkingane til grunn for planarbeidet og inngå i kommunal og fylkeskommunal planstrategi.

3 7. Vi ser positivt på ei skjerpa ansvarleggjering av verksemder, og korleis dei har innverknad på helsa til innbyggjarane i lokalsamfunna. 8. Med utgangspunkt i samhandlingsreform og folkehelselov, meiner vi det er fare for at kommunar med lave befolkningstal og geografisk store avstandar, får for lite ressursar til å følgje opp folkehelsearbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner derfor at dei økonomiske konsekvensane for kommunar og fylkeskommunar må utgreiast vidare. 9. Vi er kritiske til at tilsyn med lova skal utførast på regionalt nivå av fylkesmannen. Denne instansen er i dag tett involvert i det regionale folkehelsearbeidet, slik det også er ein intensjon om i lova. Ein føresetnad for tilsyn er ein viss grad av distanse til tilsynsområdet. Eit tilsynsansvar kan medføre eit behov for å trekkje seg ut av det regionale folkehelsearbeidet, noko som ville vere svært uheldig. 10. Lova har fokus på samfunnsmedisinsk kompetanse, men nemner ikkje den generelle folkehelsekompetansen i kommunar og fylkeskommunar. Helseutfordringane for framtida krev ny kunnskap på alle nivå, der fleire faggrupper må få anerkjenning og handlingsrom. Gjennom folkehelsepartnarskapa er det no tilsett folkehelsekoordinatorar i over halvparten av kommunane i landet, samt oppretta tverrfaglege faggrupper i folkehelsearbeidet. Deira rolle er ikkje nemnt i lova. Dersom intensjonane i lova skal lukkast, er det naudsynt med ei styrking og anerkjenning av folkehelsekompetansen innan fleire fagområde og sektorar. 5. Heilskap og samanheng a)fylkesutvalet ser behovet for at spesialisthelsetenesta blir utvikla i meir spesialisert retning og at kommunane får ansvar for fleire pasientgrupper. Dette gir eit stort omstillingsbehov både hjå kommunane og i spesialisthelsetenesta. Det er viktig at tilbodet om desentralisert spesialisthelseteneste blir utvikla til eit godt samarbeid mellom kommunehelsetenesta og føretaket, til beste for pasientane. Her trengst det statlege stimuleringsmidlar. For å lukkast med dette er det vesentleg at alle sjukehusa vert styrka, både når det gjeld utstyr, fylkesdekkande tilbod, forsking og utdanning.. Fylkesutvalet meiner rekruttering vil vere ei av dei største utfordingane for å få til framtidas helsesystem og samhandlingsreforma. b) Det er viktig at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. Sjukehus kan gjere andre oppgåver enn i dag, blant anna sett i samanheng med samhandlingsreforma. I dette arbeidet må det leggast til grunn at dagens desentraliserte sjukehustilbod skal oppretthaldast. Dette vil blant anna sikre nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod. Lokalsjukehusa må innehalde akuttfunksjonar og fødetilbod. Fylkesutvalet ser behov for å avklare kva rolle lokalsjukehusa, lokalmedisinske sentra og kommunane skal ha. c) Det er trong for statlege stimuleringsmidlar for å få til godt samarbeid mellom kommunane og mellom kommunane og helseføretaket knytt til lokalmedisinske sentra. d) Ambulansetenesta er ein viktig del av spesialisthelsetenesta, og av stor betydning for at folk kjenner tryggleik og nærleik til tenesta. Denne tenesta må derfor vere tilstades i alle kommunar, og ha ein kvalitet som er naudsynt for livreddande førstehjelp og akuttmedisin.

4 6. Helsepersonell a) Møre og Romsdal ser behovet for styrking av sjukepleieutdanning i fylket. Dette er avgjerande for god kvalitet på tenestene og må gjevast rammevilkår for framtidig drift og utvikling. b) Utdanningskapasiteten på vidaregåande opplæring, høgskule og universitet må sikrast slik at ein kan møte dei auka behova for kvalifisert helsepersonell innan både førebygging, kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. c) Sentralsjukehuset og lokalsjukehusa innehar viktige opplærings- og hospiteringsfunksjonar for helsepersonell. Dagens sjukehustilbod er såleis svært viktig for framtidig rekruttering for kommunane. 7. Kvalitet og faglegheit a) FOU arbeid er viktig og må skje innafor både helsetenesta sitt verkefelt, og inkludert i det sektorovergripande folkehelsearbeidet. b) Forsking med relevans for kommunehelsetenesta og folkehelsearbeid må aukast betydeleg. c) Ein må nytte økonomisk stimulering til bruk av teknologi som fører til meir samarbeid og til mindre unødig transport av pasientar. 8. Pasientrolle a) For pasientar som slit med kroniske lidingar er meistringsstrategiar vesentlege.. Brukarorganisasjonar spelar ei viktig rolle i dette arbeidet i dag, og dette bør utviklast vidare. b) Samarbeid med frivillige organisasjonar, pasient- og brukarorganisasjonar og frivilligsentralar bør kunne vidareutviklast som eit supplement til tenestetilbodet i kommunane. c) Det må leggast til rette for å bruke ideelle organisasjonar som kan tilby naudsynt kvalitet på tenestene, som leverandørar av helsetenester på ein betre måte enn i dag. M.a. må ein ha ei lengd på avtalane på 8-10 år, noko som kan sikre både investeringar og kompetansebygging. Jfr. t.d. Muritunet for Møre og Romsdal sin del. 9. Samhandlingsreforma a) Fylkesutvalet støttar at det vert lagt vekt på den kommunale organisasjonsfridomen. b) Det er og trong for ei klårare avgrensing av den statlege styringsretten. c) Det er behov for ei grundig kostnadsrekning av den kommunale medfinansieringa av spesialisthelsetenestene. M&R har mange små kommunar med avgrensa økonomisk handlefridom. Den kommunale medfinansieringsmodellen må få statleg grunnfinansiering som avgrensar einskildkommunane sin finansielle risiko. d) Dei økonomiske konsekvensane for kommunane må bli betre kartlagt, og auka kostnadar må fullfinansierast. e) Fastlegeordninga må reviderast i samband med innføring av samhandlingsreforma. 10. Framtidas kommunehelseteneste a) Fylkesutvalet støttar at det er naudsynt med auka økonomiske ressursar for å sikre eit tilstrekkeleg og forsvarleg helse- og omsorgstilbod. b) Den offentlege tannhelsetenesta er avhengig av eit nært og godt samarbeid med kommunale tenesteområde.

5 Det er viktig å optimalisere samarbeidet og bevisstgjere kommuneleiinga i den enkelte kommune når det gjeld samarbeid med den offentlege tannhelsetenesta. Tannhelsa bør samordnast med andre helsetenester når det gjeld eigenbetaling og tak for utgifter. Med helsing Olav Bratland fylkesordførar