INNHALD: PRESENTASJON... s. 2. PERSONALET... s. 3. SAMARBEID MED ANDRE INSTANSAR.. s. 3. BARNEGRUPPA FORDELT PÅ VEKEDAGAR... s. 4. VÅR VISJON... s.



Like dokumenter
Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonshefte Tuv barnehage

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Bli kjent med Orre Barnehage

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Sandeid skule SFO Årsplan

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Månadsbrev for Rosa september 2014

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Definisjon og formål. Målsetjing

Bjørnehiet SFO - informasjon

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

10/60-14/N-211//AMS

Informasjon til foreldre

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Plassebakken Barnehage

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Plan for Liabygda SFO

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Velkommen til nytt barnehageår!

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Velkommen til Tussejuv barnehage!

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Røysekatten Barnehage PRAKTISK INFORMASJON Røysekatten barnehage

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

Plan for overgangar. for barn og unge

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

INFORMASJON SUNDE BARNEHAGE

Årsplan for

Du kan kontakte oss på denne måten: Askedalen barnehage Askedalen Leikanger.

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

ÅRSPLAN 2019/2020. Opp og fram i lag. Fiskarstrand SFO

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Velkomen til Mork barnehage

SEIM BARNEHAGE Velkomen til nytt barnehageår

Handlingsplan Lye SFO

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

INFOHEFTE ASKEDALEN BARNEHAGE AS

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Transkript:

INNHALD: PRESENTASJON... s. 2 PERSONALET..... s. 3 SAMARBEID MED ANDRE INSTANSAR.. s. 3 BARNEGRUPPA FORDELT PÅ VEKEDAGAR... s. 4 VÅR VISJON... s. 5 VÅRE VERDIAR.. s. 5 SATSINGSOMRÅDE FOR 2015/2016... s. 5 ÅRSPLAN 2015/2016... s. 6 PERIODEPLAN OG MÅNADSPLAN. s. 6 DAGSRYTME.. s. 7 GRUPPEDELING.. s. 7 BLI-KJEND-TID I BARNEHAGEN... s. 8 PRAKTISK INFORMASJON. s. 8 KORLEIS KOME I KONTAKT MED OSS?... s. 11 1

PRESENTASJON Nordbygdene barnehage er ein kommunal heildagsbarnehage med 36 plassar fordelt på born i alderen 1-6 år. Det er to avdelingar her; Veslenose (1-4 år) og Leikvollen (3-6 år). Ved oppstart hausten 2015 er det så godt som ingen ledige plassar i forhold til bemanning. Blir det fleire som søkjer plass etter nyttår, håpar me på utvida barnegruppe enkelte dagar. Det er totalt 32 barnehageborn og 10 vaksne som skal vere saman her og prege kvardagen vår i året som kjem. Av desse borna er 7 stk. under 3 år. Fyrst og sist på dagen er me ofte saman. Midt på dagen stenger me dørene og er kvar for oss for å få meir ro til leik, aktivitetar og opplevingar i aldersjamne grupper. 2012-kullet er i år fordelt på begge avdelingane men vil vere mykje saman i løpet av veka då det er gruppedeling, temajobbing, turar m.m. Kjernetida i Nordbygdene barnehagen er frå kl. 9.30 14.00. Me ynskjer at alle borna er tilstade denne tida slik at dei får vere med på felles opplegg på avdelingane. Leikvollen har garderobemøte kl. 9.30. Her er det viktig at alle borna deltek. Gje difor beskjed dersom de kjem seinare enn kl. 9.30 ein dag. Skulestartargruppa vår i år er 6 stk, - berre jenter. Desse skal ha sin eigen 5-årsklubb, og me er spente på kva klubben i år skal heite. Dette vert bestemt av borna på fyrste klubbsamling i starten av nytt barnehageår. Det er Svanaug som har hovudansvaret for gruppa og for at rutinar jmf. kommunal overgangsplan frå barnehage til skule blir gjennomført. Meir info på foreldremøtet onsdag 16.september. Nordbygdene barnehage har vore i drift sidan oktober 1989. Etter ei omfattande påbygging/ombygging, flytta me inn i nye lokalar i februar 2011. Me er godt fornøgde med det fysiske læringsmiljøet inne. Her er det lyse og trivelege rom, ei god og romsleg felles garderobe, stort kjøkken, gymsal og felles personalavdeling med skulen. Meininga er at romløysingane skal vere fleksible og at endringar vert gjort ut i frå kva tema/prosjekt me jobbar med. Leike- og læringsmiljøet ute er stadig oppe til drøfting. SU har satt ned ei utegruppe der både personalet og foreldre i barnehagen og skulen er representerte. Utegruppa har søkt om midlar til å bl.a. setje opp eit uteklasserom bak skulen, kjøpe huskestativ og dumpe for dei minste borna og lage fleire sitjeplassar/amfi ute. I tillegg er det behov for å få gjort vanleg vedlikehaldsarbeid som måle/olje leikeapparat og rydding på lavvoplassen. Utegruppa arrangerer difor dugnadsdagar på Kringlehaugen 22. og 29.august!! Me vil ynskje alle eit innhaldsrikt og godt barnehageår!! 2

PERSONALET Det er 10 stk. vaksne med varierte stillingsstorleikar som skal vera saman me borna frå hausten av. Me startar opp med omtrent den same personalgruppe som me avslutta med før ferien men det blir litt personalbytte på avdelingane. I tillegg skal Judit Sjemmedal ha 20 % stilling her for å dekke opp ubunden tid for ped.leiarane og anna møtetid. Einfrid Hagen styrar 100 % VESLENOSE: Elin Torsgard - ped.leiar 80 % (m, ty, to, f) Elin Elisabeth S.Hjelmsø - ped.leiar/bhg.lærar 60 % (ty, o, to) Åshild Stein assistent 100 % Liss Hefte assistent 60 % (m, o, f) LEIKVOLLEN: Svanaug Lie Brattegard ped.leiar 90 % (anne kvar m, ty, o, to, f) Elin Elisabeth S.Hjelmsø ped.leiar/bhg.lærar 40 % (m, f) May-Rose Aa. Brattegard assistent 60 % (m, ty, to) Karina Hetland assistent 80 % (ty, o, to, f) Marte Søbakk Kaslegard barne-/ung.arb. 40% (m, o) Judit Sjemmedal assistent 20 % (f) SAMARBEID MED ANDRE INSTANSAR For å sikre at alle skal få eit godt tilbod til beste for borna sin oppvekst og utvikling, har barnehagen tett samarbeide med andre instansar. I Ål kommune har det vorte oppretta tverrfagleg team for kvar enkelt barnehage/skule. I tverrfagleg team er det ein representant frå PPT, helsestasjon og psykisk helse, samt ped.leiar og styrar frå barnehagen. Hovudmålet her er å gje hjelp og støtte til dei som treng det så tidleg som råd. Styrar orienterar om møtetid på månadsplanen, og foreldre kan ta kontakt med styrar eller pedagogisk leiar dersom dei ynskjer å ta opp saker på tverrfagleg møte. Leiargruppa i barnehagen har også jamlege drøftingsmøte med primærkontakten på PPT. Dette er meint som eit uformelt møte der saker og undringar kan drøftast på eit tidleg stadium. Det er Helga Søland som er vår primærkontakt på PPT. Nordbygdene barnehage og Ål helsestasjon vil halde fram med samarbeidet omkring 4-årskontrollen. Foreldre som har 4-åringar skal få meir informasjon når 4-årskontrollen nærmar seg. Samarbeidet skal òg prøvast ut i dei andre 2-avdelings barnehagane i Ål kommune frå hausten av. VIKTIG: - Dersom me ynskjer å drøfte forhold kring einskildbarn på tverrfagleg møte, skal foreldre alltid informerast, gje samtykke og evt. inviterast med på møtet. - Teieplikta kan ikkje overstyre 22 i barnehageloven om opplysningsplikt personalet har vedrørande bekymringsmeldingar til barnevernet. 3

BARNEGRUPPA FORDELT PÅ VEKEDAGAR - pr. 01.09.15 MÅNDAG: TYSDAG: ONSDAG: TORSDAG: FREDAG: LEIKVOLLEN: TIRIL - 10 TIRIL - 10 TIRIL - 10 TIRIL - 10 TIRIL - 10 LINNEA - 10 LINNEA - 10 LINNEA - 10 LINNEA - 10 LINNEA - 10 OLIWIA - 10 OLIWIA - 10 OLIWIA - 10 OLIWIA - 10 OLIWIA - 10 JULIA -10 JULIA -10 JULIA -10 JULIA -10 JULIA -10 ANDRINE-10 ANDRINE-10 ANDRINE-10 ANDRINE-10 SIGNE - 10 SIGNE - 10 SIGNE - 10 SIGNE - 10 MATHILDE - 11 MATHILDE - 11 MATHILDE - 11 MATHILDE - 11 MATHILDE - 11 INGEBJØRG-11 INGEBJØRG-11 INGEBJØRG-11 INGEBJØRG-11 INGEBJØRG-11 LEVI - 11 LEVI - 11 LEVI -11 LEVI -11 LEVI -11 GAUTE -11 GAUTE -11 GAUTE -11 GAUTE -11 GAUTE -11 BERGER -11 BERGER -11 BERGER -11 BERGER -11 BERGER -11 TORJE - 11 TORJE - 11 TORJE - 11 TORJE - 11 TORJE - 11 BENDIK - 11 BENDIK - 11 BENDIK - 11 BENDIK - 11 BENDIK - 11 PATRYK -11 PATRYK -11 PATRYK -11 PATRYK -11 PATRYK -11 ALEXANDRA-11 ALEXANDRA-11 ALEXANDRA-11 ALEXANDRA-11 ALEXANDRA-11 CHRISTINE - 11 CHRISTINE - 11 CHRISTINE - 11 MATHIAS - 12 MATHIAS - 12 MATHIAS - 12 MATHIAS - 12 MATHIAS - 12 HENNING -12 HENNING -12 HENNING -12 HENNING -12 HENNING -12 OLIVER - 12 OLIVER - 12 OLIVER - 12 OLIVER - 12 SIGURD - 12 SIGURD - 12 SIGURD - 12 SIGURD - 12 SIGURD - 12 VESLENOSE: KARIANNE -12 KARIANNE -12 KARIANNE -12 KARIANNE -12 ALINA - 12 ALINA - 12 ALINA - 12 ALINA - 12 HÅKON - 12 HÅKON - 12 HÅKON - 12 HÅKON - 12 KRISTIAN ANDRE - 12 KRISTIAN ANDRE - 12 KRISTIAN ANDRE - 12 KRISTIAN ANDRE - 12 KRISTIAN ANDRE - 12 TORJUS - 12 TORJUS - 12 TORJUS - 12 TORJUS - 12 TORJUS - 12 ASTRID - 13 ASTRID - 13 ASTRID - 13 ASTRID - 13 TORGRIM - 13 TORGRIM - 13 TORGRIM - 13 SIGNE - 13 SIGNE - 13 SIGNE - 13 SIGNE - 13 SIGNE - 13 EMIL ALEKSANDER - 14 EMIL ALEKSANDER - 14 EMIL ALEKSANDER-14 EMIL ALEKSANDER - 14 EMIL ALEKSANDER - 14 SYNNØVE - 14 SYNNØVE - 14 SYNNØVE - 14 SYNNØVE - 14 INEZ - 14 INEZ - 14 INEZ - 14 INEZ - 14 INEZ - 14 MELVIN - 14 MELVIN - 14 MELVIN - 14 29 BORN 30 BORN 27 BORN 30 BORN 30 BORN 34 PLASSAR 36 PLASSAR 32 PLASSAR 36 PLASSAR 37 PLASSAR 4

VÅR VISJON: ME VIL ME KAN, LEIK OG LÆRDOM HAND I HAND VÅRE VERDIAR SOM SKAL VEKTLEGGJAST GJENNOM HEILE ÅRET: Alle born i barnehagen vår skal oppleve:..å verte respekterte og verdsatt for den dei er..omsorg, tillit og venskap i eit aldersblanda fellesskap..positiv leik som gjev nyttig erfaring og allsidig læring for framtida..glede og meistring gjennom fysisk aktivitetar..nærleik og kjennskap til ei levande bygd med fokus på vår kulturarv, lokalhistorie og positive naturopplevingar..kontakt og samspel mellom ulike generasjonar..at eigne meiningar og synspunkt vil kunne påverke kvardagen i barnehagen SATSINGSOMRÅDE FOR 2015/2016: Handlingsplan for «Betre læring i Ål kommune» gjev oss føringar for satsingsområda våre. I tillegg har det kome nyttige innspel frå foreldre og tilsette gjennom brukarundersøkinga i vinter og evalueringsarbeidet i vår. Dette vil me ta med oss i planleggingsarbeidet for nytt barnehageår. Tidleg innsats Me vil halde fram med tiltak som er sett i verk gjennom prosjektet Felles Løft for tidleg innsats. Målsetjinga er at alle barnehagetilsette skal ha naudsynt kompetanse innan born si språklege og sosiale utvikling slik at born som har behov for hjelp skal bli fanga opp så tidleg som mogleg. Tiltak i året som kjem: TRAS, BU, boltreleik for skulestarterane, språkverkstad, organiserte leikegrupper etter verkstadmetoden, primærkontaktmøte m/ppt, samarbeid med helsestasjon ang. 4-årskontrollen m.m. Dei nye overgangsrutinane frå barnehage til skule vil halde fram som i fjor. Formidling og kulturarbeid Gjennom året skal borna oppleve allsidige og varierte aktivitetar innan dei praktisk estetiske faga. I år vil me setje fokus på ulike kunstprosjekt gjennom fire årstider og formidling av nynorske barnebøker gjennom prosjektet «Lesefrø». 5

Fysisk fostring og psykisk helse Me vil prioritere faste turdagar for alle barnegruppene gjennom heile året. Her skal det leggjast vekt på friluftsliv med variasjon, fellesskapskjensle og motoriske utfordringar. Tema for personalet si kompetansehevingsprogram i år er: borns psykiske helse. I frå hausten av skal me ta i bruk ny regional plan mot utestenging og mobbing og utarbeide rutinar på korleis handtere slike saker i vår barnehage. ÅRSPLAN 2015/2016 Alle barnehagar skal ha ein årsplan som inneheld informasjon om korleis barnehagen vil arbeide for å oppnå målsetjingane i rammeplan. Her vil me koma nærare inn på innhald og arbeidsmetodar i barnehagekvardagen, kva fagområde me vil leggje vekt på, spesielle aktivitetar og tradisjonar me skal ha i løpet av året, samt dokumentasjon og vurderingsarbeid. Årsplan er ein viktig arbeidsreiskap for personalet og eit godt utgangspunkt for foreldre til å få kunnskap om og kunne påverke innhaldet i barnehagen. Nordbygdene barnehage sin årsplan fylgjer barnehageåret. Årsplan skal godkjennast av samarbeidsutvalet for barnehagen, og skal vere ferdig til utlevering ca. 1.oktober. PERIODEPLAN er ei meir detaljert plan for dei ulike aldersgruppene. Her skal personalet synleggjere mål, tiltak og organisering av tema- og prosjektarbeid som skal gjennomførast i ein bestemt periode. MÅNADSPLAN I forkant av kvar månad vert det sendt ut ein månads-info med informasjon til føresette. Denne inneheld ei oversikt over kva som skal skje i vekene som kjem, spesielle dagar ein bør merke seg, saker som skal hugsast på og generell informasjon frå styrar. Heng den opp på kjøkkenet heime, ta ein titt på månadsplanen før de går til barnehagen TIPS 1: La det blir ein vane å ta ein titt på oppslagstavla + info-veggen i barnehagen når du er innom!! TIPS 2: Putt alle skriv og info-brev frå barnehagen i ein eigen perm. Kan vere kjekt å ha seinare på året! All informasjon som står i månadsplanen, samt skriv, beskjedar og info som vert delt ut eller slått opp i garderoben, reknar me med at alle foreldre har lese 6

DAGSRYTME For at dagane skal vere trygge og forutsigbare for born og vaksne, er det viktig med rutinar. Me har ei dagsrytme der me vektlegg trivelege måltid til faste tider, soving/kviling for dei som ynskjer det og tid til leik inne og ute og aktivitet/tema- eller prosjektarbeid i alderslike grupper. Innhaldet av dagen vil me synleggjere med symbol på tavla i garderoben. Me ynskjer at alle borna skal vera i barnehagen frå kl. 9.30 til 14.00. Dette er barnehagen si kjernetid. Kjem de seinare ein dag så er det fint om me får beskjed. På Leikvollen er det garderobemøte kl. 9.30, og denne bør alle borna vere med på. Dei yngste borna på Veslenose vil frå starten av ha ei meir individuell dagsrytme som høver til deira eigen mat- og soverytme heime. 7.00 - barnehagen opnar 7.30 9.00 frukost på Leikvollen for alle - leik på avdelingane med «opne dører» 9.30 - borna går til si avdeling - garderobemøte på Leikvollen 9.30 11.15 - gruppedeling, aktivitetar ute/inne, temaarbeid, klubb, tur o.l. - rydding, vask av hender og samling før mat 11.30 12.15 dugurd på begge avdelingane 12.30 13.00 påkledning, sovetid, lese-/pratestund i små-grupper - leik og aktivitet ute 14.30 15.00 - fruktmåltid (evt. ta med ekstra mat/yoghurt for dei som ynskjer) 15.00 17.00 leik ute/inne forts. 17.00 - barnehagen stenger = personalet går frå jobb GRUPPEDELING Alderen på borna er ulik og interesse- og aktivitetsbehovet er varierande. Me meiner det er viktig for borna å verte trygg og kjenne tilhøyring i ei mindre gruppe med jamgamle born. Me ynskjer også at born gjennom fleire år skal oppleve progresjon av innhaldet i barnehagedagen, og meiner difor at ikkje alle skal gjere alt til ei kvar tid. Det skal vere litt «forskjell» på store og små. Me har difor valt å dele borna i faste BASEGRUPPER delar av dagen/veka gjennom heile året. Dei vaksne har hovudansvar for kvar sine grupper. Pga. deltidsstillingar vil nok ansvarsfordelinga dei ulike dagane variere noko. BASEGRUPPE: GRØN - 10 RAUD -11 LILLA 12 BLÅ 13 GUL - 14 PERSONALANSVAR SVANAUG MARTE / JUDIT MAY-ROSE KARINA ELIN E ÅSHILD ELIN T. LISS Andre gonger kan me dele borna opp i aldersblanda grupper. T.d. på turdagar, ved ulike aktivitetar som m.a. teikning, maling, song, språkverkstad. Følg med på månadsplanen. Her vil me bl.a. orientere dykk om organisering av gruppedeling m.m. 7

BLI-KJEND-TID I BARNEHAGEN Nytt barnehageår startar onsdag 19.august. Frå denne datoen er me i gang med bli-kjend-tid for dei nye borna. (nokre få born har starta i veke 33 etter avtale med styrar) Når nye born/foreldre kjem til barnehagen fyrste dagen, vert dei møtt av ein vaksne som skal vera deira primærkontakt i tida framover. Denne kontaktpersonen har ansvar for å vise dykk rundt i barnehagen, følgje barnet opp i kvardagen og verte godt kjend med vanar og rutinar som barnet har heime. Målet er at borna skal finne seg til rette og verte trygg på den nye kvardagen så fort som råd. Kor lang tid kvart barn treng for å bli trygg er individuelt. Det er viktig at foreldre har sett av tid til å vera saman med barnet i starten og at barnehagedagane ikkje vert for lange. Alle nye born får eit tidspunkt for fyrste oppmøtet. Vidare vert det gjort individuelle avtaler med kvar enkelt familie. I løpet av dei fyrste vekene vil pedagogisk leiar ha foreldresamtale i høve nye born. Born som skal skifte avdeling kan også trenge ein ny bli-kjend-tid. Sjølv om mykje er det same og mykje er likt som i fjor, så er det alltid ein følelse av at «noko er nytt» ved oppstarten på hausten. Borna treng bl.a. tid for å finne sin nye plass i gruppa etter at skulestartarane er borte. PRAKTISK INFORMASJON Opningstid. Nordbygdene barnehage er open frå kl. 7.00-17.00. Personalet skal kunne låse døra og gå i frå jobb kl. 17.00. For seint henting gjentatte gonger fører til ekstra kostnad for føresette. (jmf. 13 i vedtektene for dei kommunale bhg i Ål) Kjøp av ekstra dag. Dersom det er ledig kapasitet på enkeltdagar, er det høve til å kjøpe ekstra dag. Pris: 250,-kr. Det er difor viktig at foreldre gjev beskjed til barnehagen dersom de veit at barnet skal ha fri, er sjuk el. av andre grunnar ikkje kjem i barnehagen. Då har andre høve til å nytte den ledige plassen. Byttedag. Er det ledig plass, kan foreldre bytte ein barnehagedag mot ein annan dag utan ekstra kostnad. Gjer avtale med pedagogisk leiar i god tid på førehand. Endring eller oppseiing av plass. Varige endringar el. oppseiing av plassen må gjerast elektronisk, og skjema til utfylling finn de på www.aal.kommune.no Oppseiingsfristen er normalt 1 månad. Det er ikkje høve til å seie opp plassen innanfor barnehageåret etter 1.april. Skulestartarane kan slutte 1.august dersom plassen vart sagt opp innan 1.mai. Feriar og fridagar. Barnehagen er stengt i romjula, påskeveka og i veke 29 og 30. Alle born skal ha 4 veker ferie i løpet av barnehageåret. (1 veke = 5 samanhengande dagar) Dersom desse ferievekene ikkje vert tatt ut vert det pårekna ekstra betaling. Jul og påske er å rekne som ei ferieveke. Styrar sett opp ferieplan for borna i mai månad. 8

Planleggingsdagar. Barnehagen har 5 planleggingsdager pr. barnehageår. Då er barnehagen stengt. Desse kan ikkje takast att som «bytte dagar». For barnehageåret 2015/2016 er det planleggingsdag: Måndag 9. november (regional kursdag) Onsdag 2.mars Fredag 6.mai Måndag 15.august Tysdag 16.august Barn og sjukdom. Sjå heftet «Kan eg gå i barnehagen i dag?» (blir delt ut til nye foreldre) Allmenntilstanden til barnet er avgjerande, og det er viktig at barnet kan vere ute og delta på dei aktivitetane som i utgangspunktet er planlag. Medisineringsskjema. Foreldre/føresette må fylle ut skjema for medisinering dersom barnet skal ha medisin i løpet av dagen. Dette gjeld alt frå hostesaft til augedropar. Ta kontakt med tidlegvakta på avdelinga. Det finst eigne skjema for barn med kronisk sjukdom som t.d. allergi og astma og som krev opplæring av heile personalgruppa. Soving i vogn. Me ynskjer at born som skal sove i barnehagen blir vane med å sove i vogn ute dersom det ikkje er for kaldt. Dette fordi det gjer det enklare i forhold til rombruk og me blir meir fleksible når det bl.a. gjeld turdagar. Mat og drikke. Det er tre faste måltid i barnehagen kvar dag. 1) Frukost for dei som ynskjer det frå ca. kl. 7.30 til kl. 9.00. Her kan borna få havregryn, knekkebrød/skorpe eller ete eigen nistemat. 2) Dugurd for alle ca. kl. 11.30. Ta med nistemat. Ein gong pr. veke lagar me felles dugurdmat til alle. (sjå månadsplan) 3) Fruktmåltid og ekstra mat/yoghurt for dei som ynskjer det kl. 14.30. (ekstra mat og evt. yoghurt må borna ha med sjølve) Alle får servert mjølk og frukt i barnehagen. Foreldre betalar ekstra for mjølk, frukt og felles dugurd ein gong pr. veke. Dette kjem i tillegg til sats for foreldrebetaling kvar månad: Kr. 135 5-dagarsplass. Kr. 108 4-dagarsplass. Kr. 81 3-dagarsplass. Kr. 54 2-dagarsplass. Drikkeflaske. Personalet ynskjer at alle born har med seg drikkeflaske til barnehagen kvar dag. Denne fyller me opp med vatn slik at borna kan nytte si eiga drikkeflaske når dei er tørste gjennom dagen. Det sparar personalet for mykje oppvask. Viktig: foreldre må ta med drikkeflaska heim kvar dag for reingjering. 9

Sekk og drikkeflaske på turdagar. På turdagar er det viktig at borna på Leikvollen har ein liten sekk som er god å bera. Me øver oss på å bere eigen sekk med mat/drikke og litt ekstra tøy. Me ynskjer også at borna har eigen drikkeflaske med tørstedrikk på turdagar. Drikke til maten ordnar personalet. (mjølk, kakao evt. varm saft) Posthylle i garderoben. Hylla øvst på garderobeplassen til borna er å rekne som ei posthylle. Her skal det ikkje vere noko anna enn post til føresette. Viktig: sjekk posthylla kvar dag Henting av andre. Gjev beskjed til personalet dersom borna skal hentast av andre enn foreldra. Kjekt å veta, og det er ikkje alle i personalgruppa som kjenner til tanter, onklar og gode naboar Bursdagsfeiring. Me feirar bursdag til alle borna i løpet av barnehageåret. (på eiga avdeling) Dagen vert feira med flagg, bursdagssamling og noko godt til dugurd. Bursdagsbarnet får sjølv velje kva mat som skal lagast. Me har tre alternativ med lite sukker: (endringar av type mat kan drøftast på foreldremøtet til hausten) - bollar - fruktsalat - pinne-mat (bitar av ost, pølse, grønsaker) m/salte kjeks. Private bursdagsfestar. Dei fleste borna vil sjølvsagt arrangere private bursdagsfestar. Me ynskjer ikkje at invitasjonar til private bursdagsfestar vert delt ut til borna her i barnehagen. Me vil også oppfordre foreldre til å tenke heile årskull (enten gutar eller jenter) når de inviterer til bursdagsfest heime. Dette er viktig for at alle skal verte inkludert i si gruppe. Ekstra klede/private kremar o.l. Det er fint om barnet har med seg ekstra tøyskift i barnehagen. Det er fort å verte våt når me leikar og har det kjekt. Hugs: Ta med våte klede heim til vask. Alle born bør ha inne sko el. tøflar i barnehagen. (Bl.a. kjekt når me skal ha brannøving.) Solkrem og kuldekrem til barna må de sjølve ordne med. Det kan gjerne stå i hylla til barnet, men hugs å merk tubane med namn. Bleier og eigen rumpesalve må borna ha med sjølve. Namning av klede. Det er viktig å namne klede, sko og dressar m.m. Det er fort å blande saman klede, ta feil med seg heim eller at klede blir liggande att i barnehagen. Alle får utdelt bestillingsskjema på greie namnlappar ved oppstart dersom de ynskjer å bestille slike. Elles kan ein merketusj nyttast. Klede som etter lengre tid vert liggande att i garderoben, vert vaska og sendt til Fretex. Private leiker. Me ynskjer ikkje at borna tek med seg private leiker til barnehagen. Det er fort at desse kan verte øydelagt og det kan også skape situasjonar borna i mellom som ikkje er ynskjeleg. Fordi me veit at mange born ofte ynskjer å ha med private leiker, arrangerar me eigne ha-med-dagar i blant. (sjå månads-info) Unngå leiker som masker, pistol, våpen o.l. som kan verke skremmande for andre. Kosedyr o.l. for dei yngste borna kan sjølvsagt vere med til barnehagen kvar dag. 10

Foreldremøter hausten 2015: Onsdag 16.september - fyrste foreldremøte/foreldrerådsmøte dette bhg.året Tysdag 20.oktober møte for alle foreldre til skulestartarane i Ål kommune SMS-meldingar. Særs viktige meldingar og påminningar til føresette vert sendt på SMS. Desse felles-meldingane kan det ikkje svarast på. Me ynskjer alle eit fint barnehageår, og ber om at de tek kontakt med oss om det er noko de lurer på eller noko de ynskjer å drøfte med oss!! KORLEIS KOMA I KONTAKT MED OSS? Adresse: Nordbygdene barnehage, Leveld, 3570 ÅL Tlf: 32 08 54 70 Mobiltlf.: 99 52 77 57 (styrar) 41 77 03 93 (Leikvollen) 41 77 00 44 (Veslenose) Email: nordbygdene.barnehage@aal.kommune.no Styrar: Einfrid Hagen mob. 91769840 Ped.leiar: Svanaug Lie Brattegard mob. 91706209 Ped.leiar: Elin Torsgard - mob. 97142586 Ped.leiar: Elin Elisabeth S.Hjelmsø mob. 97034578 Info om Nordbygdene barnehage på: o Heimesida til Ål kommune: www.aal.kommune.no o It`s learning - www.itslearning.com 11