METODEBOK for SamBa - saman om barna - Tverrfagleg samarbeid om barn frå 0 13 år, med foreldre som viktig samarbeidspart Prosjekt God oppvekst, redigert 26.10.16 1
Innhald Formål s. 3 Målgruppe..s. 3 Organisering..s. 3 Kven kan bestille tid i SamBa.s. 4 Rutine for bestilling..s. 4 Utfylling av Bestillingsskjema...s. 5 Samtykke og dokumentasjon s. 5 Deltakarar i SamBa..s. 5 Gjennomføring av SamBa s. 6 Tolk.s. 7 Kontaktpersonar s. 7 Vedlegg: 1. Samtykkeskjema.s. 8 2. Bestilling..s. 9 3. Plan for tidleg innsats...s.10 4. SamBa Oppfølgingsmøte.s.12 5. Logg for SamBa s.13 6. Tiltak/metoder tilgjengeleg i kommunen..s.14 Prosjekt God oppvekst, redigert 26.10.16 2
TVERRFAGLEG SAMARBEID OM BARN frå 0 13 år SamBa er inspirert av Kristiansund kommune sitt utviklingsarbeid i perioden 2008 2013. Formål SamBa er ein del av kommunen sitt førebyggjande arbeid retta mot barn 0 13 år, som kan vere i risiko for å utvikle psykososiale vanskar, eller som allereie har utvikla slik problematikk. SamBa er ein tverrfagleg møtearena der brukarmedverknad står i fokus. SamBa-teama skal ha eit løysingsorientert fokus og ei målsetting om å rettleie foreldre/føresette og fagpersonar så tidleg som mogleg, medan utfordringane framleis er små. Foreldre/føresette er med på møta. Tiltak kan vere konkret hjelp som deltakarane i SamBa rår over, eller å tilvise til andre instansar. Målet er å løyse vanskane på lavast mogleg nivå, før ein eventuelt tilviser til andre instansar. Målgruppe Barn som til dømes viser teikn til mistrivsel, som strevar sosialt, med åtferd eller følelser, og/eller at familiesituasjonen er vanskeleg. Det kan til dømes vere sjukdom i familien, samarbeidsvanskar mellom foreldre og anna. Barn og familiar som ikkje allereie har fått hjelp har førsteprioritet. Barnehagen og skulen er særleg viktig for å identifisere og fange opp desse barna og familiane så tidleg som mogleg. Barn som allereie har hjelp/tiltak, kan også få rettleiing i SamBa dersom det er behov for tverrfagleg drøfting og meir samordning. I ventetida til PPT eller BUP kan også SamBa vere nyttig. Barn som allereie har ansvarsgruppe og/eller Individuell plan fell i hovudsak utanom målgruppa. Samansetting og organisering Kvart team skal ha fast koordinator og faste deltakarar frå barnevern, ppt og helsestasjon. Det blir sett opp møteplan for eit kalenderår i gangen. Det er sett av faste tider til SamBa, sjå årshjul. Det er eit hovudmål at når det er behov for ei slik drøfting, skal ein ikkje vente lenge. Det er difor viktig å melde behov når behovet dukkar opp til koordinator for SamBa. Koordinator vil då kalle inn til SamBamøte så snart råd. Prosjekt God oppvekst, redigert 26.10.16 3
Deltakarar i SamBa Foreldre/føresette Fast representant frå leiing i barnehage eller skule Kontaktlærar / pedagogisk leiar Fast representant frå helsestasjonen Fast representant frå PPT Fast representant frå barnevernstenesta Eventuelt andre ressurspersonar knytt til eleven som assistent, SFO-personale. Kven kan bestille tid i SamBa Både foreldre/føresette og fagpersonar i og utanfor kommunen kan ta initiativ til å bestille tid. (Eksempel fastlege, kommunepsykolog, NAV, BUP og vaksenpsykiatrien) Rutine for bestilling Bestilling må gå via barnehage, skule, PPT, barnevern eller helsestasjon/skulehelsetenesta. Den fagpersonen som blir kontakta av foreldre, eller som tar initiativ, skal 1. innhente samtykke frå foreldre/føresette (vedlegg nr 1), 2. bestille tid i Outlook via leiar i barnevern, PPT, helsestasjon, rektor/inspektør, barnehagestyrar, kommunepsykolog 3. fylle ut Bestillings-skjema (vedlegg nr. 2), 4. sende Bestilling via Acos fortløpande og seinast 1 veke før møtedato Arkivet har oppretta ei arkivsak i Acos med tittelen barnehagenamn eller skulenamn SamBa, gradert U.off grad 3-13 i Offentlegheitslova Dersom barnet ikkje går i barnehage skal bestilling gå via helsestasjonen da alle barn er registrert der. Helsestasjonen registrerer bestilling i sitt system og sender bestilling til koordinator for SamBa-teamet. Kommunale styrarar og rektorar er sakshandsamar for arkivsak i Acos. Dersom barnehage eller skule er bestiller skal styrar/rektor sikre at dei faste deltakarane i teamet får kopi av bestillinga ved - direkte bestilling i Acos, eller - levere bestilling til rådhuset/arkiv for scanning. Sistnevnte gjeld særlig dei private barnehagane. - Styrarar ved private barnehagar sender bestilling til arkiv Når representantane i eit SamBa-team mottar bestilling, skal alle sjekke om dei har ei aktiv Prosjekt God oppvekst, redigert 26.10.16 4
sak på barnet. Sakshandsamar for den eventuelt aktive sak kan uttale seg om det er aktuelt å delta i møtet. Konferer med koordinator dersom det blir stilt spørsmål ved om SamBa er riktig fora i forhold til dette barnet. I særskilte høve kan fagpersonar bestille tid i SamBa utan at foreldre skal delta. Det må då føreligge samtykke frå foreldre, og det må vere eit mål at foreldra deltek i neste SamBamøte. Det er ikkje høve til NN drøftingar. Utfylling av Bestillingsskjema (vedlegg nr 2) Innhald i skjema (situasjonsbeskriving og bestilling) skal bli gjennomgått med foreldre/føresette før den blir sendt til koordinator for SamBa. Dette kan skje enten i møte eller pr. telefon. Foreldre/føresette treng ikkje vere einige i innhaldet, men dette skal då kome fram i bestillinga. Foreldre kan også skrive bestillinga aleine, eller i samarbeid med fagpersonar. Det er viktig at det ikkje kjem fram informasjon i SamBa-møtet som foreldre/føresette ikkje veit om på førehand. Både foreldre og fagpersonar kan vere vegsøkarar ; den som søker råd. Samtykke og dokumentasjon Den som bestiller tid i SamBa har ansvar for å innhente samtykke frå foreldre/føresette (vedlegg nr 1). Foreldre/føresette skal vere kjend med kven som er deltakarar i SamBa. Det vil ikkje bli sett i verk tiltak utan foreldre/føresette sitt samtykke. Dei kan når som helst trekke tilbake samtykket. Samtykket tek slutt når saka er avslutta. SamBa er eit lågterskeltilbod og det er eit mål at det ikkje blir dokumentert opplysningar ut over det som er heilt naudsynt/lovpålagt. Det same prinsippet gjeld når det deles opplysningar i sjølve møtet. Helsestasjonen registrerer alle barn/familiar som har fått rettleiing i SamBa. Andre registrerer i journal dersom dei har aktiv sak på barnet. Det blir utarbeidd Plan for tidleg innsats i samband med kvart møte. Dette er foreldre/føresette sitt dokument. Helsestasjon og barnehage/skule får kopi, og det vert avklart med foreldre i møtet, kven av dei andre som er aktuell som kopimottakarar. Prosjekt God oppvekst, redigert 26.10.16 5
Gjennomføring av SamBa Møteleiar og referent: Koordinator for SamBa Deltakarane skal før møtet ha sett seg inn i innhald i bestilling. Gjennomføring av møtet: Delar av metodikk kollegarettleiing blir nytta for å strukturere møtet, pkt 1 3: 1. Presentasjon av deltakarane, informasjon om arbeidsform og tidsramme. - Gjennomgang av bestilling, avklare om bestillinga er i tråd med foreldra sine forventningar. Spørje om foreldre/andre vil utdjupe bestillinga. 2. Informasjon/spørsmål / utdjuping (UNNGÅ løysingsforslag, forslag til tiltak). - Foreldre skal alltid få tilbod om å starte. Sikre at barnehage/skule får kome til etter foreldre. - Sikre ei styrt spørsmålsrunde, deretter opne for spørsmål/innspel ved handsopprekking. I denne fasen vert den samla kunnskapen til felles kunnskap - Sjekk at alle har fått høve til å informere og/eller stille dei spørsmåla dei ønskjer - Oppsummer viktig informasjon sett i høve til bestilling - Koordinator markerer overgang til pkt. 3. 3. Forslag til handlingsalternativ/tiltak/rettleiing. - Sikre ei styrt runde, deretter opne for forslag - Koordinator oppsummerer og ber foreldre trekke fram det dei ser som viktige tiltak vidare. Bli einig om kva som skal inn i Plan for tidleg innsats. - Foreldre/føresette gir samtykke til kven som skal ha kopi av planen. 4. Avslutning / evaluering med foreldre til stades. - Vurdere om det er aktuelt med et nytt SamBa-møte. I hovudsak blir SamBa avslutta etter 1 møte, men det er opning for eit oppfølgingsmøte. - Spør om foreldre kan seie noko om korleis dei har opplevd gjennomføring av møtet, og om møtet har bidrege til at dei at dei opplever å ha fått hjelp/være på rett veg. - Om barnehage/skule er bestiller, still dei same spørsmåla. 5. Evaluering i SamBa-teamet, utan foreldre til stades. - Det er ikkje høve til å diskutere saka, men evaluere korleis møtet fungerte. Kva fungerte og kvifor? Kva kan bli betre og korleis? Koordinator sitt ansvar etter møtet. - Fylle ut Logg, vedlegg nr. 4. - Fylle ut Plan for tidleg innsats (vedlegg 3). Ved behov invitere foreldre til å lese/gjennomgå planen enten i møte, eller per telefon før planen før den blir sendt ut. - Sende plan til foreldre med kopi til barnehage/skule og helsestasjon, evt andre det er Prosjekt God oppvekst, redigert 26.10.16 6
avtalt med føresette å sende til. - Sende e-post til styrar/rektor og ped.leiar/lærar om at Plan er lagt i Acos. Ped.leiar og lærar har ikkje tilgang til Acos. Rektor og styrar har ansvar for å formidle plan vidare. Dersom det er avtalt nytt møte, registrer dette i neste avtalte SamBa møtedag i Outlook. Tolk Det blir tilrådd å bruke tolk når ein ikkje har eit godt nok felles språk å kommunisere på. Den barnehage/skule eller tilsette i TBU som bestiller tid i SamBa, dekker utgifter til tolk. Når det er behov for tolk i møtet, er det ein fordel om møtetida vert utvida med min. 15 minutt. Kontaktpersonar Det er utarbeidd ei brosjyre for SamBa. Her finn ein informasjon om kontaktpersonar. Brosjyre er å finne på kommunen si heimeside og i Risk manager (kommunen sitt kvalitetssystem), samt hos einingsleiar og fagleiarar i Tiltakseining for barn og unge (TBU). Prosjekt God oppvekst, redigert 26.10.16 7
SAMTYKKESKJEMA - SamBa Unntatt offentlighet etter utfylling. Jamfør Off.l. 13, Fvl 13, nr 1 Sula kommune har tilbod om tverrfagleg møte kalla SamBa (Saman om Barna). Faste deltakarar på alle SamBa møte er: Foreldre/føresette Ein representant frå barnehage/skulen si leiing Pedagogisk leiar / kontaktlærar Ein representant frå helsestasjon/skulehelsetenesta Ein representant frå PPT (pedagogisk psykologisk teneste) Ein representant frå barnevernstenesta Etter møtet blir det utarbeidd ei Plan for tidleg innsats som skildrar aktuelle tiltak og kven som har ansvar for tiltaka. Føresette skal ha originalen og det blir avtalt kven av dei andre deltakarane som får kopi i møtet. Eg/vi er orientert om SamBa og kva ein kan be teamet om hjelp til. Eg/vi gir løyve til at teamet samarbeider om dei behova som er meldt inn i bestillinga. Eg/vi ynskjer at tiltak blir drøfta og sett i gang, for å løyse utfordringane. Eg har fått og lest brosjyre om SamBa: Ja Nei Barnet sitt namn: Barnet sitt fødselsnummer: Adresse: Dato: Føresett: Dato: Føresett: Prosjekt God oppvekst, redigert 26.10.16 8
Unntatt offentlighet etter utfylling. Jamfør Off.l. 13, Fvl 13, nr 1 SamBa - BESTILLING av tverrfagleg rettleiing Dato for møte Namn på barnet Bestillar Fødselsdato Barnet si adresse Namn på barnehage/skule Namn på mor Adresse(om anna enn barnet) Telefon Kontaktperson Namn på far Adresse(om anna enn barnet) Telefon Bestilling/målsetting (Kva ynskjer eg/vi at SamBa skal bidra med) Beskriv barnet og omgjevnadane sine ressursar Kva er utfordringa? Kven opplever dette? Er eller har barnet vore i kontakt med PPT, barnevern, BUP? Tidlegare prøvde/gjennomførte tiltak resultat Legg bestilling i Acos innan 1 veke før møtedato Prosjekt God oppvekst, redigert 26.10.16 9
SamBa plan for tidleg innsats Møtedato: Barnehage/skule: Barnet sitt navn: 1.Føresett: 2.Føresett: Fnr: Adresse: Telefon: Adresse: Telefon: Tilstades: Rolle: Bestilling kva ønsker har eg/vi at SamBa skal bidra med Situasjon beskriv kort situasjonen Ønska løysing beskriv kort kva vi vil oppnå MÅL: Prosjekt God oppvekst, redigert 26.10.16 10
Målsetting, løysing 1. Midlar - kva skal til for å endre situasjonen Aktørar interne/eksterne - kven skal utføre, kva er det bruk for frå andre 2. 3. 4. 5. Vurdere behov for oppfølgingsmøte, evt dato: Original plan sendt til foreldre/føresette pr.post DATO: Kopi til: Prosjekt God oppvekst, redigert 26.10.16 11
SamBa - OPPFØLGINGSMØTE Unntatt offentlighet etter utfylling. Jamfør Off.l. 13, Fvl 13, nr 1 Dato for oppfølging Barnet sitt namn Fødselsnummer Adresse: Tilstades Evaluering og evt endring av mål avtalt i -Plan for tidleg innsats Mål Evaluering Vidare plan 1. 2. 3. 4. 5. Original plan sendt til foreldre/føresette dato: Kopi til helsestasjon og aktuell barnehage/skule (vedtatt i samråd med foreldre/føresette): Prosjekt God oppvekst, redigert 26.10.16 12
Unntatt offentlighet etter utfylling. Jamfør Off.l. 13, Fvl 13, nr 1 Logg for SamBa Namn (barnehage/skule) Skal ligge I Acos Barnet sitt namn Bestilling frå Dato bestilling Plan for tidleg innsats dato Møtedato Møtedato Dato avslutta Prosjekt God oppvekst, redigert 26.10.16 13
Tiltak/metoder tilgjengeleg i kommunen for risikoutsette barn og deira familiar (ut over lovpålagte tenestetilbod) ICDP Foreldrerettleiing i gruppe. Oppstart mars og oktober, årleg. Målgruppe: foreldre med barn første leveår, og eldre barn ut frå behov Koordinator: helsestasjonen. BAPP Gjøre og snakkegruppe / mestringsgruppe, 8 samlingar for barn, 2 for foreldre. Barnegruppe: oppstart mars årleg Ungdomsgruppe: oppstart oktober årleg Målgruppe: Barn frå 8 12 år og ungdom 13-16 år, som har eller har hatt foreldre med psykiske problemer og rusproblemer. FFI foreldreførebyggande familieintervensjon COS rettleiing (circle of security) Manualbasert primærførebyggande program retta mot familiar som har problem knytt til Psykisk helse/rus/kriminalitet 6-8 samtalar, både individuelle og samtalar med heile familien Tilknytning og tryggleik systematisk foreldrerettleiing Psykologisk førstehjelp Hjelpehanda Nyttast som verktøy i hovudsak hjå familierettleiar I barneverntenesta I TBU Kan nyttast av skulehelsetenesta, PPT, og av enkelte tilsette i skulane Kan nyttast av skulehelsetenesta, PPT, og av enkelte tilsette i skulane I tillegg fins det lovpålagte, ordinære tenester som barnevernsteneste, helsestasjon, PPT gjennomfører kvar dag ut frå barnet sitt behov. Lukke til i arbeidet med SamBa, der vi er alle saman om barna! Prosjekt God oppvekst, redigert 26.10.16 14