Forfall vert å melda til kundetorget på tlf 53 45 85 00, som syt for innkalling av varamedlemar. Varamedlemar møter kun etter særskild innkalling.



Like dokumenter
Fitjar kommune. Møteinnkalling. Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato:

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Oppmøte for omvisning på Fitjar bu- og behandlingssenter kl. 13:00. Utvalsmøtet vert sett på rådhuset etter omvisninga.

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Handlingsprogram og økonomiplan

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Forfall: Namn Funksjon Representerer Vigdis Røen Leirvik Nestleiar AP

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Forfall: Namn Funksjon Representerer Vigdis Røen Leirvik Nestleiar AP

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

10/60-14/N-211//AMS

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Månadsbrev for Rosa september 2014

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar Rådhus Dato: Tid: 13:00 15:05

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Barnehageplan for Vinje kommune

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Til deg som bur i fosterheim år

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune Foto: Mariann Steinsland

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Grete Marit Veka Maraas Vigdis Røen Leirvik. Leiar Nestleiar

Tilsyn med barnehagar. Kvinnherad kommune 2007/

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

BARNEHAGANE vbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq. KVINNHERAD KOMMUNE wertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: Tid: 14:30 15:50 10:00 14:30 Budsjettmøte i utvida formannskap

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

PLAN FOR TILSYN MED BARNEHAGANE

Kommunedelplan for oppvekst

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Innkalling er sendt til: Namn Funksjon Representerer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

Årsmelding for barnehagar per 15. desember 2014

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Du må tru det for å sjå det

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Forfall: Namn Funksjon Representerer Harald Rydland Medlem KRF

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Retningslinje for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Forfall: Namn Funksjon Representerer Harald Rydland Medlem KRF

Velkomen til Mork barnehage

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Fitjar kommune. Møteinnkalling. Utval: Råd for funksjonshemma Møtestad: 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: Tid: 14:00

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

Nissedal kommune Kommunal plan for tilsyn med barnehagane i Nissedal kommune etter Barnehagelova

Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: Tid: 13:00 15:15

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

Transkript:

Fitjar kommune Møteinnkalling Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Møterom 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: 11.06.2013 Tid: 13:00 Forfall vert å melda til kundetorget på tlf 53 45 85 00, som syt for innkalling av varamedlemar. Varamedlemar møter kun etter særskild innkalling. Innkalling er sendt til: Medlemar Funksjon Representerer Thoralf Åge Røen Leiar AP Frode Pletten Nestleiar H Bente Karin Isdahl Medlem H Dagfinn Brekke Medlem KRF Grete Marit Veka Maraas Medlem SP Varamedlemar Funksjon Representerer Britt Lise O. Volden Varamedlem AP Bjørg Karin Tislevoll Varamedlem H Solfrid Sandvik Bø Varamedlem KRF Geir Arne Solbakken Varamedlem SP Konrad Westvik Varamedlem FRP Thoralf Åge Røen Leiar Bente Fitjar utvalssekretær Side1

Saksnr Innhald Lukket PS 28/13 PS 29/13 PS 30/13 Godkjenning av protokoll Saker handsama etter delegering Referat- og meldingssaker PS 31/13 Barnehageplan 2013-2016 PS 32/13 IKT - handlingsplan for grunnskulen i Fitjar 2013-2016 PS 33/13 Klage på avslag om parkeringsløyve for rørslehemma. X PS 34/13 PS 35/13 PS 36/13 Forslag om nedlegging av Fitjar tannklinikk. Reviderte samarbeidsavtalar mellom Helse Fonna og tilhøyrande kommunar. Interkommunal legevakt mellom Bømlo, Fitjar og Stord. PS 37/13 Sommarfullmakt 2013 PS 38/13 Ymse Side2

Fitjar kommune Arkivkode: 033 Saksmappe: 2013/56 Sakshandsamar: Bente Fitjar Dato: 30.05.2013 Godkjenning av protokoll SAKSFRAMLEGG Utval sak Utval Møtedato 28/13 Utval for Oppvekst og omsorg 11.06.2013 Vedlegg: Protokoll frå møte 07.05.2013. Framlegg til vedtak: Utval for oppvekst og omsorg godkjenner protokoll frå møte 07.05.2013. Atle Tornes Rådmann Side3

Side4

Side5

Side6

Side7

Side8

Fitjar kommune Arkivkode: 033 Saksmappe: 2013/56 Sakshandsamar: Bente Fitjar Dato: 30.05.2013 SAKSFRAMLEGG Saker handsama etter delegering Utval sak Utval Møtedato 29/13 Utval for Oppvekst og omsorg 11.06.2013 Samandrag: DS 57/13 Går ut DS 58/13 Vedtak og svar på søknad om logopedtimar DS 59/13 Vedtak og svar på søknad om logopedtimar DS 60/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 61/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 62/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 63/13 Etterberekning vederlag for opphald i institusjon i 2012. DS 64/13 Vedtak om vederlag for langtidsopphald i institusjon. DS 65/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 66/13 Vedtak om vederlag for langtidsopphald i institusjon. DS 67/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 68/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 69/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåra 2013 2014 og 2014-2015 DS 70/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 71/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 72/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 73/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 74/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 75/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 76/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 77/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 78/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 79/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 80/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 81/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 82/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 83/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 84/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 85/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 86/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 87/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 88/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 89/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 90/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 91/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 92/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 93/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 94/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 Side9

DS 95/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 96/13 vedtak om vederlag for kommunale helse- og omsorgstenester DS 97/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 98/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-2014 DS 99/13 Vedtak og svar på søknad om spesialundervisning skuleåret 2013-14 DS 100/13 Vedk. søknad om parkeringsløyve for rørslehemma. DS 101/13 Vedtak og svar på søknad om logopedisk vurdering DS 102/13 Vedk. søknad om parkeringsløyve for rørslehemma. DS 103/13 Vedk. søknad om parkeringsløyve for rørslehemma. Framlegg til vedtak: Utval for oppvekst og omsorg tek delegeringssakene til vitande. Atle Tornes Rådmann Side10

Fitjar kommune Arkivkode: 033 Saksmappe: 2013/56 Sakshandsamar: Bente Fitjar Dato: 30.05.2013 SAKSFRAMLEGG Meldingssaker Utval sak Utval Møtedato 30/13 Utval for Oppvekst og omsorg 11.06.2013 Meldingssaker: Kompetanse i barnehagen plan for Fitjar kommune 2013-2014 Måleprotokoll frå Haugaland HMS Mars-April 2013 Kontrollskjema Securitas 17.03.2013 Fitjar Fjordhotell Tilsyn helse- og omsorgstenestene, brev av 23.04.13 orientering i møtet Framlegg til vedtak: Utval for oppvekst og omsorg tek meldingssakene til vitande. Atle Tornes Rådmann Side11

Side12

Side13

Side14

Side15

Side16

Side17

Side18

Side19

Side20

Side21

Side22

Side23

Side24

Side25

Side26

Skjenk m/røyk Kunde: Fitjar Kommune Objekt: Fitjar Fjordhotell Kontrollør: 24972 Spørsmål Svar Kontrollteam Tj.nr. 1: 24972 Tj.nr. 2: 0 Starttidspunkt: 17.03.2013 00:50 Sluttidspunkt: 17.03.2013 01:05 Avvik avdekket: Nei Kommentar: Rolig kveld. Åpen/Anonym kontroll?: Kontroll 1: Ble det skjenket til for unge? Jfr alkohollovens 1-5 og forskriftens 2-3: 2: Ble det avkrevd legitimasjon ved tvil om alder? Jfr forskriftens 2-4: 3: Befinner det seg personer åpenbart påvirket av rusmidler i lokalene? Jfr forskriftens 4-1: 4: Ble personer åpenbart påvirket av rusmidler fjernet fra lokalene? Jfr forskriftens 4-1: 5: Ble personer åpenbart påvirket fjernet før videre servering? Jfr forskriftens 4-2: 6: Ble det skjenket til personer åpenbart påvirket av rusmidler? Jfr forskriftens 4-2: 7: Påses det at for unge personer ikke drikker alkohol som skjenkes andre? Jfr forskriftens 4-3: 8: Nytes medbrakt eller medtas alkoholholdig drikke ut av skjenkeområdet? Jfr forskriftens 4-4: 9: Ble volumbegrensningene for alkholgruppe 3 overholdt? Jfr forskriftens 4-5: 10: Ble skjenketiden overholdt? Jfr alkohollovens 4-4: 11: Er det rimelig utvalg av alkoholfrie drikke i sortimentet? Jfr forskriftens 4-6: 12: Er det et rimelig utvalg av halvflasker? Jfr forskriftens 4-7: 13: Er reklameforbudet Åpen Ikke aktuelt Ikke aktuelt Nei Ikke aktuelt Ikke aktuelt Ikke aktuelt Ikke aktuelt Nei Ja Ja Ja Ja Side27

overholdt? Jfr alkohollovens 9-2: Følger tilleggsrapport?: Ja Nei Røykekontroll Merking jfr. lov om vern mot tobakkskader 6: Røykes det inne i lokalet? Jfr Lov om vern mot tobakkskader 6: Har det blitt røyket i lokalet (Askebeger, røykfull luft mm.) Jfr Lov om vern mot tobakkskader 6: Klistermerker Nei Nei Skjenkestedet Bevillingshaver/Styrer/Stedfortreder ihht bevilling?: Ja Organisasjonsnummer: 976589122 Stemmer organisasjonsnummer med papirene fra kommunen?: Åpningstider/Skjenketider ihht bevilling?: Ansvarshavende: Er ansvarshavende over 20 år?: Ja Ja Valdas Sakalauskas Ja Ca. antall gjester: 27 Aldersgrense: 20 Inngangspenger: 100 Karakterestikk av gjester/skjenkestedet: Rapporten er opplest/gjennomgått med ansvarshavende. : Voksne, Hotel Ja Side28

Side29

Side30

Side31

Fitjar kommune Arkivkode: A10 Saksmappe: 2012/520 Sakshandsamar: John Karsten Raunholm Dato: 04.06.2013 SAKSFRAMLEGG Barnehageplan 2013-2016 Utval sak Utval Møtedato 31/13 Utval for Oppvekst og omsorg 11.06.2013 Vedlegg: Barnehageplan 2013-2016 Kommunestyret 19.06.2013 Saksopplysningar: Behovet for barnehageplassar i Fitjar kommune har auka dei siste åra. Hausten 2012 vart det opna ein ny avdeling i Bakken barnehage. Hausten 2013 vert det opna ein ny barnehage i Dåfjorden. Denne barnehagen vil gje plass til ein del av dei barna som i dag har barnehageplass i Stord kommune. Med utgangspunkt i den utviklinga me har sett dei siste åra, er det nødvendig å laga ein barnehageplan for å få fram prognosar og utfordringar me ser dei komande åra. Målet er å sikra at dei som har rett til barnehageplass får plass i barnehagane i kommunen. I dag har me 154 barn i barnehagane. Dette talet vil auka til om lag170 frå august 2013 Barnehageplanen var oppe i utval for oppvekst og omsorg 07.05.2013. Administrasjonen bad om innspel til planen slik den då låg føre. Følgjande vedtak vart fatta: 1. Utval for oppvekst og omsorg tek utkastet til barnehageplan til vitande. 2. Utval for oppvekst og omsorg kjem med følgjande innspel til det vidare arbeidet: For å dekka framtidig behov bør det satsast på å byggja ein barnehage i Rossneset med 2 avdelingar, med mogeleghet for framtidig utviding. I det vidare arbeidet me planen har me avdekka at SSB sine tal som vart presentert i saksutgreinga til sist møte var svært misvisande. Statistikken fangar ikkje opp barna som går i barnehagar i Stord kommune. Av den grunn vil nosituasjonen sjå annleis ut enn slik den blei framstilt på sist møte. Sjå tabellen under: Oversyn over barn i aktuell barnehagealder 2010-2011 2011-2012 2012-2013 2013-2014 Antal fødde 1 5 åringar 190 190 187 189 Antal i barnehage i Fitjar 142 147 154 165 Antal i barnehage i Stord 12 12 12 4 «Rest» (Kontantstøtte eller heime) 36 31 21 20 SSB % andel med barnehageplass 74,7 77,4 82,4 87,3 SSB + Stordplassar 81,1 83,7 88,8 89,4 Vurdering Prosentsatsen for andelen av barn som går i barnehagar i kommunen og i barnehagar i Stord i 2013 er på om lag 89 %. Barnetala me har hatt dei siste åra har ikkje dei store svingingane. Etterspørselen etter barnehageplassar har auka dei siste åra. Dette ser me ut frå at prosentandelen av barn i 1 5 års alderen som har barnehageplass har auka jamt dei siste åra. I 2014 vil denne liggja over landssnittet. Side32

Med ein slik dekningsgrad vil det truleg ikkje bli nokon vidare auke i etterspørselen etter barnehageplassar dersom det ikkje vert større fødselstal eller auka tilflytting. I dag har Fitjar soknerådsbarnehage ein avdeling i idrettsbygget som går 2. året (2013 2014) på dispensasjon. Denne må implementerast i eit permanent bygg så fort som mogeleg. Dei økonomiske marginane for barnehagane er små og ein ledig plass i dei minste barnehagane vil føra til at dei kan koma i eit økonomisk uføre. Av den grunn er det viktig at det er balanse mellom tilbod og etterspørsel. Kommunen kan heller ikkje ta på seg det økonomiske ansvaret for barn som ikkje har rett til barnehageplass. Behovet for nye barnehageplassar i kommunen har auka kraftig dei siste åra. Foreldre som er i etableringsfasen har behov for to inntekter. Av den grunn treng dei barnehageplass. Ut frå dei prognosane me ser no så vil det ikkje vera nødvendig med ei vidare utbygging av barnehagetilbodet dei komande åra. Ein må få på plass ei permanent løysing for den dispensasjonen ein har i Fitjar sokneråds barnehage. Andelen barn med barnehageplass vil barnehageåret 2013 14 liggja på om lag 89 %. Framlegg til vedtak: 1. Utval for oppvekst og omsorg rår kommunestyret til å ta barnehageplanen til vitande. 2. Utval for oppvekst og omsorg ber om at styret i Fitjar sokneråds barnehage arbeider vidare med permanete lokaler for den avdelinga som no er lokalisert til idrettsbygget. Atle Tornes Rådmann Side33

Barnehageplan Fitjar kommune 2013-2016 Framtidas barnehage: Denne planen tek for seg barnehagetilbodet Fitjar har i dag, både på kvantitet og kvalitet. Planen seier noko om behovet i framtida og skisserer nokre løysingar, samt økonomiske konsekvensar av dette. Fitjar kommune Side34

Innhold 1 Innleiing bakgrunn og forankring... 3 2 Barnehagesektorens tilknytning... 4 2.1 Utdanningsdirektoratet sitt ansvar... 4 2.2 Fylkesmannen sitt ansvar... 4 2.3 Kommunen sitt ansvar... 4 2.3.1 Sikra retten til barnehageplass og samordna opptak... 4 2.3.2 Føra tilsyn med barnehagane... 4 2.3.3 Kontantstøtterapportering... 5 2.3.4 Kompetanseutvikling... 5 2.3.5 Foreldrebetaling... 5 2.3.6 Språkstimulering minoritetspråklege barn.... 5 3 Kvalitet i barnehagetilbodet... 6 3.1 Føringar/St.mld 41 «Kvalitet i barnehagen»... 6 3.2 St.mld 24 «Framtidens barnehage»... 6 3.3 Kvalitet i barnehagen i Fitjar kommune... 6 3.3.1 Kompetanse hjå dei tilsette... 6 3.3.2 Dispensasjon frå utdanningskravet... 7 3.3.3 Bemanning og vaksentettleik... 7 3.4 Tiltak for å sikra det vidare arbeidet med kvalitet i Fitjar kommune... 7 4 Barnehagane i Fitjar kommune... 8 4.1 Fitjarstølane barnehage... 8 4.2 Fjellheim friluftsbarnehage barnehage... 10 4.3 Fitjar Sokneråds barnehage... 12 4.4 Årskog barnehage... 14 4.5 Dåfjorden barnehage... 15 5 Samarbeidspartnarar... 16 5.1 Skule... 16 5.2 Barnevern, PP-teneste og helsestasjon:... 16 5.3 Lokal spesialpedagogisk hjelp... 16 5.4 Kulturskulen... 16 6 Beskriving av dagens situasjon... 17 6.1 Barnehagedekning... 17 6.2 Fitjar kommune... 17 1 Side35

7 Framtidig behov... 19 7.1 Lokale behov hausten 2013... 19 7.2 Vegen vidare... 19 7.2.1 Scenario 1:... 20 7.2.2 Scenario 2:... 20 7.2.3 Scenario 3... 20 8 Økonomi... 20 8.1 Kostnader ved utbygging av barnehager i Fitjar kommune... 21 2 Side36

1 Innleiing bakgrunn og forankring Gjennom dei siste åra har det vore omfattande statlege føringar knytt opp til barnehagesektoren. Det har vore ei omfattande utbygging over heile landet. Frå januar 2009 vart det lovfesta rett til barnehageplass for alle som ynskjer det. I praksis inneber dette at dei søkjer før frist, og barnet fyller 1 år før 01.09 i inneverande år, skal det få et tilbod om plass om hausten. Innføring av maksimalpris for barnehageplass og høve til å søkja redusert betaling, har ført til at fleire familiar har anledning til å nytta barnehage. På landsbasis er det no om lag 90% av alle born mellom 1-5 år som går i barnehage. I Fitjar er dette talet noko lågare, men slik utviklinga ser ut til å vera, så kjem Fitjar etter. Kommunen er barnehagemyndighet og skal sikra eit heilskapleg barnehagetilbod for innbyggjarane. Dette skal vera av god kvalitet og tilpassa tilhøva i Fitjar. Kommunen har ansvar for at det til ei kvar tid er tilstrekkeleg antal barnehageplassar, slik at alle med lovfesta rett til plass skal få tilbod. I Fitjar er det ein kommunal og tre (snart fire) private barnehagar. Fitjar har til no greidd å tilby alle som ynskjer det ein plass i barnehage. Etterspurnaden har etter plass har vore i sterk auke dei seinare år og dette har blitt utfordrande, men ein har greidd å løysa det. At nokre barn frå Fitjar gjekk i barnehage i Stord fekk økonomiske konsekvensar for kommunen. Samtidig som ein har hatt fokus på å stetta behovet for tilstrekkeleg antal plassar, har barnehagane heile tida arbeidd med å sikra kvaliteten på tilbodet sitt. Rammeplan for barnehagar kom i 2007. Dette er barnehagen sin «læreplan» og seier kva det skal arbeidast med i barnehagane. Planen set store krav til kompetanse og kapasitet hjå barnehagepersonalet. Dei skal utarbeida planer for fagområda, synleggjera korleis dei arbeider, vurdera og dokumentera. Krava til denne delen av verksemda er høge og krev innsats og det vert ført tilsyn. I barnehagen skal barna også kjenna seg trygge, få omsorg, ha rett til å medverka. Barnehagen tek hand om framtida vår, dei yngste. «Menneskene er samfunnets viktigste ressurs. Derfor er satsing på barn, utdanning, forskning noe av det viktigste vi som samfunn kan gjøre. Både for å gjøre samfunnet rikere, men også for å gjøre menneskenes liv bedre». (frå Soria Moria-erklæringen) For å sikra at det også i framtida er tilstrekkelig barnehageplassar i kommunen, må ein forsøka å sjå framover, slik at ein kan sikra plass til alle som ynskjer det og at barnehagane held høg kvalitet. For at nye innbyggjarar skal kunna busetja seg i Fitjar, vil dette vera av høg viktighet. 3 Side37

2 Barnehagesektorens tilknytning 2.1 Utdanningsdirektoratet sitt ansvar Frå Januar 2012 overtok Utdanningsdirektoratet ansvaret for ei rekkje oppgåver på barnehageområdet. Målet med overføringa var å styrka kvaliteten i sektoren ytterlegare. Desse områda vart overført frå Kunnskapsdepartementet til Utdanningsdirektoratet: Dokumentasjon og analyse av tilstanden i barnehagene Kvalitets og kompetanseutvikling for barnehagesektoren Tilskudds og regelverksforvaltning Tilsynsoppgaver Rettleiing til sektoren Kvaliteten på barnehagetilbodet er viktig for barn og foreldre og spelar ei viktig rolle i utdanningsløpet. Meir omfattande informasjon fins på følgjande nettstad: http://www.udir.no/barnehage/ 2.2 Fylkesmannen sitt ansvar Fylkesmannen skal medverka til å realisera nasjonale mål for barnehagepolitikken. Fylkesmannen skal mellom annat: Utføra tilsyns- og kontrolloppgåver Gje generell informasjon og rettleiing Sikre rettar gjennom handsaming av klager og andre enkeltsaker Leggje til rette for og vera pådrivar i kvalitetsarbeidet Forvalta statlige tilskott Medvirka til tverrfaglig samarbeid 2.3 Kommunen sitt ansvar Kommunens har dei same oppgåvene som Fylkesmannen, men oppgåvene er knytt til den einskilde kommune. Kommunen har plikt til å sørge for at retten til barnehageplass blir ivareteke. For å sikra dette er det viktig med langsiktig planlegging som tek høgd for eventuell utbygging av barnehager i kommunen. Barnehageplanen er et redskap i så måte. Kommunen har ei sentral rolle i likebehandlinga i høve til kommunale og private barnehager. For å sikre god kvalitet i tråd med gjeldande lovverk er tilsyn og rettleiing sentrale oppgåver for barnehageadministrasjonen. Ei nærmare utdjuping av kommunen sine oppgåver: 2.3.1 Sikra retten til barnehageplass og samordna opptak Frå januar 2009 fekk alle barn som fyller 1 år før 01.09. lovfesta rett til barnehageplass frå hausten året etter. Det er kommunen si plikt å sørga for at desse borna får retten sin oppfylt. I Fitjar har ein, til no, greidd å sikra denne retten. Kommunen har utarbeidd eigne retningslinjer for opptak i barnehage. Desse er laga i samråd med barnehagane og heimla i lov om barnehage, samt vedtektene i kommunal og private barnehagar. Kommunen er også plikta til å samordna opptak i barnehage kvart år. I Fitjar har ein hovudopptak kvar vår, samt kontinuerlig opptak gjennom barnehageåret når det vert frigjort plassar. Her samarbeider ein tett med barnehagane, samt barnehagane seg i mellom. Eit godt samarbeid også i framtida er svært viktig for å sikra at opptaket vert rett. 2.3.2 Føra tilsyn med barnehagane Kommunen er plikta å føra tilsyn i barnehagane for å sikra at dei driv innafor gjeldande lovverk. Fitjar er med i eit regionalt samarbeid kring dette. I dette samarbeidet byter kommunane i FOS (forum for oppvekst i Sunnhordland) tenester ved at kommunane fører tilsyn for kvarandre, etter ynskje frå vertskommunen. Fitjar tek i mot og bidreg med eitt interkommunalt tilsyn årleg. Barnehagane i Fitjar får interkommunalt tilsyn kvart 4.år, samt jamn kontakt med skulekontoret. Samarbeidet i regionen sikrar meir objektivitet, særleg i dei kommunale barnehagane, då det er utfordrande å føra tilsyn i ei verksemd ein sjølv er eigar av. Kommunen skal i tillegg føra tilsyn sjølve både på leikeplassutstyr, brann og HMS. 4 Side38

I den nylig utkome St.melding 24 «Framtidas barnehage» signaliserer regjeringa at dei vil: ta sikte på at ansvaret for å føre tilsyn med enkeltbarnehager etter barnehageloven overføres fra kommunen til Fylkesmannen. Dette vert begrunna med dei utfordringane det inneber at: kommunene både er tilsyns- og godkjenningsmyndighet, er eier av barnehager, og har ansvaret for finansieringen av alle barnehagene i kommunen. Når kommunen er eier av barnehager, som i tillegg kan være i konkurransesituasjon med ikke-kommunale barnehager, vil det både prinsipielt og i enkeltsaker kunne oppstå diskusjoner om habilitet knyttet til myndighetsoppgavene. Det ovennevnte, og særlig forholdet at kommunen også er eier av barnehager, har vært brukt som argument for at tilsynsansvaret bør legges til et annet forvaltningsnivå enn kommunen. (frå st.mld 24) Desse problemstillingane meiner kommunane i regionen å ha løyst ved samarbeidet på tvers av kommuner. Kommunen utarbeider årleg ein plan for tilsyn og ein må forsøka å innlemma alle aktørane i denne planen, samt sikra at det vert utført tilstrekkeleg antal tilsyn. Inntil vidare held dei interkommunale tilsyna fram. 2.3.3 Kontantstøtterapportering Kommunen er plikta til å rapportera til NAV antal barn i alderen 1-2 år som går i barnehage. Dette skal gjerast ein gong i månaden og vert gjort på bakgrunn av rapportering frå barnehagane. Barnehagekonsulent utarbeider rapporten manuelt. 2.3.4 Kompetanseutvikling Fitjar kommune har kvart år eit samarbeid med barnehagane der ein lagar ein kompetanseutviklingsplan som samsvarer med nasjonale føringar og lokale behov. Denne må leggjast ved søknad til fylkesmannen for å utløysa midlar til dette arbeidet. Fitjar får om lag 30 000 kr pr år til dette. Kommunen samarbeider aktivt med Forum for oppvekst i Sunnhordland ved å arrangera etterog vidareutdanningar som Fitjar kommune ikkje hadde greidd å gjennomføra på eiga hand. Barnehagane får midlar tildelt etter søknad dersom dei deltek på andre kurs en dei kursa som vert tilbode via regionen/fos. I år har kommunen to barnehagetilsette som deltek på vidareutdanning i spesialpedagogikk. Kommunen legg til rette og gjev tilskot til den private barnehagen. 2.3.5 Foreldrebetaling Stortinget fastset maksgrense for foreldrebetaling i barnehage. Denne grensa er no 2330 pr månad også i Fitjar. 2.3.5.1 Søskenmoderasjon Foreldra har rett til min 30% reduksjon i foreldrebetaling for born nr 2 og 50% for born nr 3. 2.3.5.2 Betalingsordning for familier med nedsett betalingsevne Kommunane er pålagt å ha ei ordning der familier med nedsett betalingsevne har høve til å søkja nedsett betaling for barnehageplass. I Fitjar er det høve til dette og ein finn søknadskjema på kommunen sin nettstad. 2.3.6 Språkstimulering minoritetspråklege barn. Kommunen får årleg eit tilskott til språkstimulering for minoritetspråklege barn. Tilskotet vert tildelt på grunnlag av antal minoritetspråklege barn som går i barnehagen. Til no har dette tilskottet vore på om lag 8-10000 kr. Tilskottet har vore nytta til innkjøp av materiell til alle barnehagane. Det ser ut som det er ein auke i antalet minoritetspråklege barn og ein difor førebu seg på å ta i mot desse barna. Skulekontoret har utarbeidd ei rettleiing i høve til arbeid med minoritetspråkelege barn i skule og barnehage. 5 Side39

3 Kvalitet i barnehagetilbodet 3.1 Føringar/St.mld 41 «Kvalitet i barnehagen» St.mld 41 «Kvalitet i barnehagen» omtalar dette. Meldinga signaliserer at ein skal arbeide med å få best mogleg kvalitet på følgande område: Innhaldet i barnehagen jf Rammeplan, samarbeid barnehage heim, kompetanseutvikling til personalet, styrka barnehagen som læringsarena, samarbeida og skapa samanheng mellom barnehage og skule, tiltak for minoritetspråklege, tiltak for born med særskilte behov. Fitjar kommune har fleire tiltak som omhandlar desse områda og det er vist til dei, andre stader i denne planen. Likevel er det viktig at barnehagane i Fitjar arbeider kontinuerlig for å auka kvaliteten på barnehagetilbodet. Kjenneteikn på ein kvalitativt god barnehage er: Har tydlige og faglig kompetente leiarar Har personale med kompetanse Har foreldre som medaktørar i utvikling av barnehagen og med påverknad på innhaldet i barnehagen Er ein arena for leik, læring, utforsking og medverknad Har samanheng og progresjon i læringsinnhaldet i høve til overgangen til skulen Ser mangfald som ein ressurs Har bygningsmasse og et uteområde som ivaretek behovet for fleksibel bruk, har god standard og ser innbydande ut Er oppteken av identitet, vennskap og deltaking 3.2 St.mld 24 «Framtidens barnehage» Meldinga er ny og legg føringar for utviklinga av barnehageområdet framover. Det som særleg er verd å merka seg er at det på sikt skal koma ei bemanningsnorm og ikkje berre ei pedagognorm, som no. Det er og varsla ei form for regulering av gruppestorleiken. Denne skal vera på plass innan 2020. Meldinga signaliserer også at ein tek sikte på å overføra tilsynsansvaret til Fylkesmannen (sjå kap 2.3.2). Vidare signaliserer meldinga at barnehagemynde (kommunen) skal ha eit forsvarleg system for internkontroll og at dette skal bli lovfesta. Det inneber eit krav om skriftleggjering av korleis ein etterlever pliktene som barnehagemynde, rutinar med meir. 3.3 Kvalitet i barnehagen i Fitjar kommune I Fitjar har ein eit godt og variert barnehagetilbod. Barnehagane har ulike satsingsområde og ståstade og såleis får innbyggjarane stor valfridom i høve til barnehagetilbod. Den raske utbygginga, samt at dei aller minste borna har begynt i barnehage gjer til at det framleis lyt vera fokus på kvalitet i barnehagetilbodet. Både den kommunale og dei ikkje-kommunale barnehagane samarbeider godt med skulekontoret og ein har eit klima prega av vilje og evne til samarbeid og open dialog. Styrarane har møter med skulesjef og barnehagekonsulent om lag ein gong pr månad. Skulekontoret har heile tida tett dialog med barnehagemynde i regionen og såleis tilgang til kompetanse og erfaringsutveksling. Auken i antal minoritetspråklege barn stiller nye krav til oss og ein får auka behov for kompetanseheving på dette feltet. Slik er det også i heile Sunnhordlandsregionen. Difor har FOS skipa eit minoritetspråkleg nettverk for barnehagelærarar. Det er eit ynskje at nokre barnehagelærarar frå Fitjar deltek i desse nettverka. Barnehagane sender kvart år inn sine årsplanar til kommunen og dette gjev eit godt innsyn i barnehagen sitt arbeid med kvalitet. År om anna har skulekontoret gjeve tilbakemelding på planen i ein samtale. Dette bør setjast i system og såleis vera ein del av kommunen sitt tilsynsansvar. 3.3.1 Kompetanse hjå dei tilsette Dei seinare år har det blitt meir og meir utfordrande å skaffa kvalifiserte barnehagelærarar til ledige stillingar både i dei private og kommunale barnehagane på landsbasis og lokalt. Utdanning av nye barnehagelærarar har ikkje greidd å følgja takta til den store utbygginga av barnehagar som har vore sist 10 år. Regjeringa har sett i gang ein stor kampanje for å betra rekrutteringa til yrket. Glød-satsinga har som mål å auka kvaliteten på utdanninga, rekruttera, få tilbake dei som har kompetanse og har gått over i anna type arbeid, samt behalda nyutdanna i yrket. «Verdens fineste stilling ledig»-reklamefilmane har vore eit ledd i denne. Dette arbeidet vert vidareført via Fylkesmannen. 6 Side40

3.3.2 Dispensasjon frå utdanningskravet I Fitjar har fleire av barnehagane hatt utfordring med å skaffa kvalifiserte søkjarar til nye stillingar. Særleg ved vikariat er det utfordrande, då dei fleste er mest interesserte i faste stillingar. Barnehagane må då søkje kommunen om dispensasjon frå utdanningskravet. For at ein skal få slik dispensasjon, er det eit krav at barnehagen kan dokumentera at dei har lyst ut stillinga min. to gonger. Fitjar har pr i dag 3-4 dispensasjonar. For å sikra rekrutteringa i Fitjar er det viktig at me tek godt vare på dei nytilsette, gjev rettleiing og at me markedsfører Fitjar som ein god stad å bu. Som ledd i dette arbeidet kan ein samarbeida tettare med Fitjar VG og u-trinnet. Det er og sers viktig at me greier å rekruttera menn inn i yrket. Forsøk som er gjort i Lillehammer viser at det kan vera suksess å samarbeida om å ha ungdomskulegutar i barnehagen. Rimbareid skule og Fitjarstølane barnehage kan vurdera eit samarbeid der. Det er og viktig at dei som arbeider som assistentar har god fagleg forankring, så ein bør søkja å få fagarbeidarar som er barne og ungdomsarbeidarar. 3.3.3 Bemanning og vaksentettleik Lova seier at ein skal ha ein pedagog pr 18 store, eller 9 små born, men øvrig bemanning er ikkje regulert anna en at ein skal driva forsvarleg. St.meld 24 «Framtidas barnehage» legg opp til at det skal vera 1 vaksen pr 3 små og 1 vaksen pr 6 born. Dette målet skal vera innfridd innan 2020. I Fitjar vil ein søkja å auka vaksentettleiken gradvis i åra fram mot 2020 innafor tilgjengelege økonomiske rammer. Fitjar kommune har frå 01.01.2013 endra dei lokale retningslinjene for tilskot til ikkje-kommunale barnehagar. Dette inneber at born ikkje vert rekna som tre år før 01.08.2013. Tidlegare har praksis vore at borna vart rekna som store frå 01.01. Dette vil vera med å heva kvaliteten på tilbodet, då ein ikkje får inn ekstra born frå januar. Barnehagen vil då ha ein «tilvenningsfase» om hausten i staden for to. Presset på bemanninga i vårhalvåret vert difor mindre og vil vonaleg auka kvaliteten i barnehagen. Dei vaksne vil ha meir tid til kvart born og at det vert «ro» i barnehagen også i vårhalvåret. 3.4 Tiltak for å sikra det vidare arbeidet med kvalitet i Fitjar kommune Kompetanseutvikling av heile barnehagepersonalet Arbeida aktivt med å rekruttera personale med godkjent barnehagelærarutdanning samt fagarbeidarar i barne og ungdomsarbeid Søkja å få fleire menn inn i barnehagen Styrka kompetansen på kommunenivå slik at ein kan vera ein aktiv støttespelar Sikra at nyutdanna får god støtte og rettleiing, så dei blir i barnehagen Laga eit heilskapleg system for kvalitetsutvikling og internkontroll Tilbod om årleg samtale kring årsplan og kvalitetsutvikling i dei einskilde barnehagane Laga arenaer der styrarane får koma samen og drøfta erfaringar, reflektera og 7 Side41

4 Barnehagane i Fitjar kommune 4.1 Fitjarstølane barnehage Fitjarstølane barnehage er den einaste kommunale barnehagen i Fitjar. Det er ein toavdelings barnehage med Bikuben som den minste avdelinga med plass til 9,5 born (hvis alle er under 3 år) og Gaukareiret som den største med plass til 26 born (alle over 3 år). Tilsette : 4 førskulelærarar, 2,8 stillingar som barne-og ungdomsarbeidarar og 1 assistent. 7 heile stillingar og 1 i 80%. I tillegg har me reinhaldar i 30% stilling. Plassering Barnehagen ligg i nordre enden av byggjefeltet Fitjarstølane. Her ligg me like ved skogen og fjellsida. Derfor er det naturleg at me nyttar oss mykje skog og fjellområdet. Har fleire faste områder me går til i skogen og har ofte turar av varierande lengde i fjellet. 2 dagar kvar veke går det ei gruppe born ut i skogen så dette er eit område me nyttar oss mykje av. I og med at barnehagen ligg i Fitjarstølanee har me gåavstand til alt som føregår både på Rimbareid skule og i sentrum. Me går fast til biblioteket, til aktivitetar i kulturbygget, til kyrkja til aldersheimen osv. Innhald Alle barnehagar har ein Rammeplan som seier kva innhald barnehagen skal ha. Ut frå den lagar kvar barnehage sin årsplan som fortel at barnehagen inneheld omsorg, leik, læring, sosial kompetanse, og den skal vera kulturarena. I tillegg har me 7 fagområder: 1. Kommunikasjon,språk og tekst, 2. Kropp bevegelse og helse 3. Kunst, kultur og kreativitet 4. Natur, miljø og teknikk 5. Etikk religion og filosofi 6. Nærmiljø og samfunn 7. Antall, rom og form. I tillegg skal årsplanen sei noko om barns medverknad. For oss vil det seie at borns medverknad handlar om våre haldningar til borna og respektere dei som individ. Me skal sjå borna i kvardagen og lytte til deira ynskjer både i høve til mat, påkledning, leik og omsorg. For oss tyder det at alle born har rett og krav til å bli møtte av vaksne med engasjement i livet deira og vaksne som respekterer deira rett til å ha eigne meiningar(anerkjennande kommunikasjon). Satsingsområde Satsingsområdet vårt i Fitjarstølane barnehage er: Språk og kommunikasjon.dette er og eit av dei sju fagområda i barnehagane, og me vel å jobbe ekstra mykje med språket. Det gjer me ved å vera sterkt bevisste på oss sjølve som språkmodellar, hjelpe borna til å føre samtalar, hjelpe dei til å uttrykkje tankar, følelsar, og meiningar. Me legg mykje til rette for frileik og fantasi då det er ein viktig del av språkutviklinga. Me har eit stort utval i spel og puslespel som blir brukt i språktrening. Me vektlegg høgtlesing og alle born blir lest høgt for kvar dag. Låner fast bøker på biblioteket for å variere litteraturen. Heng opp alfabetet og namna til borna, nyttar eit metodisk opplegg som heiter språksprell. Det er eit opplegg som stimulerer borna si fonologiske bevisstheit og utviklar skriftspråklege ferdigheiter. Forsking syner at ferdighetane som trenast ved hjelp av språkleikane i Språksprell er ein føresetnad for seinare å knekke lesekoden. Dette opplegget har me i Fitjarstølane utvida enno meir og me deler borna inn i aldersgrupper og har ein progresjon i arbeidet. Ferdigheter me trenar på er : merksemd for lyd, rim og regler, stavelsesdeling, forlydsanalyse, ord- og setningsbevissthet og morfembevissthet. Dokumentasjon og evaluering I tillegg til årsplanen som er tidlegare omtala, lagar kvar avdeling vekeplanar og månadsplanar som blir delt ut til alle foreldre. Desse planane beskriv alle aktivitetar som skal føregå og planane blir laga i samsvar med årsplanen. Alle aktivitetar og samlingar blir i etterkant dokumenterte og evaluerte. Korleis gjekk det? Oppnådde me det som me hadde satt oss som mål? Måtte me endre på ting og kvifor? I etterkant av kvar månad får foreldra månadsbrev som meir detaljert fortel kva innhaldet har vore denne månaden. Som ein del av evalueringa har me og brukarundersøkingar der foreldra kjem med sitt syn på innhaldet i barnehagen 8 Side42

Tilsyn Kvart fjerde år skal alle barnehagane i Fitjar ha interkommunalt tilsyn. Då kjem det folk frå andre kommunar og har tilsyn i våre barnehagar. Tilsyna er organisert og utvikla i samarbeid med alle kommunane i regionen og har sikra at kvaliteten på tilsyna er svært god. Modellen til Sunnhordland har fått positiv merksemd over heile landet og er omtala i St.mld 16. 09.02.2010 hadde Fitjarstølane barnehage tilsyn. Det var ein svært grundig gjennomgang av heile barnehagen sitt innhald, samt politiattestar og teieplikt. Tilsynet avdekka ikkje noko tilhøve som gav grunnlag for avvik. Kommunen fører i tillegg tilsyn etter oppsett plan. Kompetanseheving I Fitjarstølane barnehage har me utdanna personale i alle stillingane som krev utdanning. Me har ingen stillingar på dispensasjon. Barnehagen har 5 planleggingsdagar i løpet av året. Desse brukar me til å planleggje/evaluere innhaldet, men og til å delta på forskjellige kurs for å heve kompetansen på områder me treng det. 9 Side43

4.2 Fjellheim friluftsbarnehage barnehage Barnehagen har vore i drift sidan 1.august 1995. Barnehagen har 52 plassar for barn i alderen 1-6 år. Det er to avdelingar på tunet Bjørnaholo (0-3 år) og Jøtulen (3-6år) Fjellheim er eit småbruk med om lag 10 mål innmark og 15 mål utmark, som ligg i variert og fin natur med nærliggjande tur-terreng og gardsdrift. Barnehagen har stort uteområde. Me nyttar oss særdeles mykje av nærmiljøet på turane og utfluktene våre. Me går på gardsbesøk, me har gamme og lavvu ståande i nærmiljøet som me daglig vitjar.. Me har og ro-båt i Storavatnet som me aktivt nyttar oss av. Alt i alt er det tolv tilsette i barnehagen. Fjellheim Friluftsbarnehage Lavvuen og scenen vår Satsingsområde FRILUFTSLIV, UTEAKTIVITETAR OG SUNT KOSTHALD Målsetting med friluftsliv: Barna skal oppleve glede og meistring når dei er ute. Barna skal læra å ha respekt for naturen og det som lever der Barna skal få innblikk i korleis me kan ta vare på naturen. VAKSENROLLA Barnehagen er ein viktig arena for å fremje sunne matvanar blant barn. Me har vil også dette året retta fokus på vaksenrolla.- Me vil ha fokus på dei vaksne sine verdiar, haldningar og handlingar i møte med barn- Korleis møter me barna og korleis bidreg me i barna sine liv for å gje dei gode barndoms minner? 10 Side44

Barns medverknad: Gjennom observasjonar av barna og gjennom samtalar med barna legg me til rette for aktivitetar basert på barna sine interesser. Barna er med i planlegginga av aktivitetar og gjeremål. Me har barnemøter og samtalar der barna får komma fram med sine ønskjer og meiningar. Me deler dagleg barna inn i smågrupper der ein vaksen har hovudansvar for si gruppe. På det viset sikrar me at alle barna vert sett og høyrt. God kommunikasjon blir vektlagt. Kvalitetssikring og dokumentasjon Me nyttar oss av regionale kurs og og har tidlegare arrangerer aktuelle kurs i barnehagen for personalet. Kurs i Steg for Steg (sosial kompetanse) arts kurs i samarbeid med HSH,m.m Me har fem planleggingsdagar i løpet av eit driftsår og vil nytta nokre av dei til fagleg innputt. Kvar månad vil det pedagogsike arbeidet på avdelingane verta skriftleg evaluert på avdelingsmøter/personalmøter /leiarmøter og på planlegging og vurderingsdagar. Det pedagogiske arbeidet vert dokumentert i årsplanen, månadsbrev og på nettsida til barnehagen. Me brukar skriftleg dokumentasjon og foto dokumentasjon. Annan kvart år vert det lagt opp til interkommunale tilsyn i barnehagen Barnehagen har eiga nettside : http:/www.fjellheimfriluftsbhg.barnehageside.no 11 Side45

4.3 Fitjar Sokneråds barnehage Privat barnehage. Eigar: Stiftinga Fitjar soknerådsbarnehage Generelle opplysningar Lokalisering: Barnehagen ligg i bustadfeltet Bakken. Adressa er: Varhaugsvegen 8, men hovudvegen til barnehagen går via Fitjar idrettspark. Antal avdelingar/barn: Barnehagen har 2 avdelingar, Marihøna for barn i alderen 0-3 år, og Blåklokka for aldersgruppa 3-6 år. I tilegg driv barnehagen ei småbarnsgruppe i Klubbhuset til idrettslaget vis a vis barnehagen, Sommarfuglen, for barn i alderen 0-3 år. Vi har tilbod om graderte plassar: 60% (3 dagar) og 100 % plass. Barnehageåret 2012/13 går 58 barn i barnehagen vår. Antall tilsette: 14 tilsette fordelt på 12,4 årsverk. Av desse er 4 førskulelærarar, 1 lærar, 3 barne og ungdomsarbeidarar og 6 assistentar. Uteområde: Barnehagen har stor uteleikeplass med leikeapparat (klatrestativ/reiler/vippe og svingstong), grillhytte og uteleikeskur. Uteleikeplassen er ein del naturtomt, grasplen og litt asfaltert område. Bruk av nærmiljøet: Barnehagen ligg fint til i bustadfeltet Bakken. Fitjar idrettspark er næraste nabo, og me nyttar idrettsanlegget til Joggespretten og andre fysiske utfaldingar. Me brukar skogen i Rossneset mykje og vil setja opp lavvoen vår der på ein eigna plass. Opparbeiding av nytt bustadfelt i Rossneset gjer oss vegar og nye måtar å bruke dette området på. Satsingsområde Formål: Barnehagen har utvida kristen formålsparagraf, som lyder slik: Fitjar soknerådsbarnehage vil vera med å gi barna kunnskap, erfaring og oppleving av kristen tru og tradisjon. Barnehagen er ein del av Fitjar kyrkjelyd sitt trusopplæringsarbeid. I ein barnehage med utvida kristen formålsparagraf, vil fagområdet Etikk, religion og filosofi ha større plass enn i dei fleste andre barnehagar. Det vil seia at me legg vekt på dei kristne høgtidene, og let enkle bibelske forteljingar og kristne barnesongar vera 12 Side46

ein del av opplegget og kvardagen. Me har jamleg besøk av dei tilsette i Fitjar kyrkje, og samarbeidar bl.a. om påske og pinsevandring og hausttakkefest i kyrkja. Prosjekt: Vennskapsbarnehage Barnehageåret 2008/2009 starta me opp Vennskapsbarnehage-prosjektet og inngjekk avtale med Stefanusbarnehagane i Kairo, Egypt, i samarbeid med Stefanusalliansen. Prosjektet blei vidareutvikla barnehageåret 2009/10 då me fekk prosjektmidlar og 3 av personalet reiste på studietur til Egypt. Me har Stefanus-samling kvar månad, og kvart år i desember, arrangerer me vennskapsfest med utlodning for dette prosjektet. Språk Språksprell er eit metodisk opplegg for språkstimulering. Opplegget legg vekt på ordrytme, rim og regler, rimord osb. og er med og fremjar barns språklege utvikling. Sosial kompetanse Me bruker opplegget Truls og Trine. Dette opplegget består av 25 forteljingar som handlar om venskap, glede, leik, konfliktar osb. Førskulegruppe Me fylgjer Plan for førskulegruppa, Bakken barnehage. Denne planen legg vekt på skuleførebuande tema og aktivitetar, og er laga etter samarbeidsmøte med skulen. Foreldregruppe,ICDP. Barnehagen tilbyr i samarbeid med helsestasjonen samtalegruppe for foreldre. Me bruker heftet 8 tema for godt samspel. Helsesøster og styrar er gruppeleiarar. Barns medverknad Barns rett til medverknad er nedfelt i Rammeplanen. Kor omfattande medverknaden er, og korleis retten til medverknad blir praktisert, er avhengig av barnet sin alder og funksjonsnivå. Barn må både få oppleva tilknytting og fellesskap og kjenne at dei kan bestemma sjølve og uttrykkja eigne intensjonar. Dette inneber at dei vaksne må ha ei lyttande haldning og ta barna og deira synspunkt på alvor. Barns medverknad heng saman med samspelet barn/vaksen. På personalmøta dette barnehageåret let me oss inspirera av boka Tilstedeværende voksne-medvirkende barn. Kvalitetsikring,dokumentasjon Kompetansehevingsplan 2012/13 Årsplan for Bakken barnehage 2012/13 Månadsplanar for kvar avdeling Evaluering Tilsyn kvart 4. år, sist i februar 2011. Barnehagen har eiga nettside http://bakken.barnehage.no Kontaktinfo: tlf. 53 22 26 00, e- post: bakken.barnehage@haugnett.no 13 Side47

4.4 Årskog barnehage Tlf nr 53497241 e-post: arskogba@gmail.com Åskog barnehage er foreldreeigd og blei stifta hausten 1986 av foreldre som ikkje fekk plass i det kommunale tilbodet. Barnehagen er medlem av PBL-A (Private barnehagers landsforbund-arbeidsgiverseksjon). Årskog barnehage leiger lokal av Fitjar kommune. Barnehagen held til i Årskog, nord for Årskog industriområde. Lokalet ligg i nær tilknytning til Årskog museum. Årskog barnehage er ein einavdelings barnehage med 18 plassar for barn i alderen 0-6 år. Me har pr. i dag 5 tilsette som utgjer til saman ca. 3,4 årsverk + reinhaldar. Me har to pedagogar, to fagarbeidarar og ein assistent. Det som fyrst og fremst særpreger Årskog barnehage er at me er ein liten barnehage kor både barn og vaksne får lett oversikt. Det viktigaste for oss, som vaksne i Årskog barnehage, er å møta kvart barn med god tid til leik, samtalar, det å bli høyrt og bli tatt på alvor! I forhold til leik og sosialutvikling har me eit system som sikrar at barn som har vanskar blir fanga opp og det blir sett i verk tiltak. Satsingsområdet vårt er kunst. Me legg vekt på at barna skal få uttrykka seg gjennom variert material og metodar innanfor dei estetiske faga. Denne satsinga resulterer i ei kunstutstilling kvar vår, kor barna stiller ut 14 Side48

kunstverka sine i Fitjar sentrum. Me har og ein sterk forteljartradisjon, me fortel munnlege historiar om folk og fe. Me formidlar og bearbeider gjennom forteljingane. Me jobbar aktivt med språkstimulering, kor barn frå 4 år og oppover får delta i språkstimuleringsopplegget; Språksprell. Museet blir ein viktig del av kultur og tradisjonsformidlinga i barnehagen. Barna blir kjend med gardens historie og med Lars og Olai Årskog som budde på garden. Barnehagen har eit flott og variert uteområde, med motoriske utfordringar for alle alderstrinn. Me vektlegg og å bruka naturområdet rundt barnehagen, kor me har tilgogn på skog, fjell og strand. Barnehagen ligg og i nærleiken av gardsdrift med kyr og sauer. Me kvalitetssikrar arbeidet vårt gjennom å ha ein kompetanseutviklingsplan for personalet, me har ein årsplan som byggjer på Rammeplan for barnehagar, me skriv månadsaviser som dokumenterar arbeidet vårt, me skriv evalueringar for kvart halvår og for enkelt aktivitetar/arrangement og Fitjar kommune har tilsyn i barnehagen kvart fjerde år. 4.5 Dåfjorden barnehage Denne barnehagen vert starta opp hausten 2013 i midlertidige lokaler (bedehuset i Dåfjorden). På sikt skal barnehagen inn i ei ombygd løe i naturskjønne og landlege omgjevnader. Dei tilbyr 13 born plass frå hausten 2013. Fleire av borna som gjekk i Stord har no teke i mot plass i Dåfjorden. Dei har fått på plass bemanning og har tett dialog med skulekontor og kommunen kring prosessen vidare 15 Side49

5 Samarbeidspartnarar 5.1 Skule Barnehagane samarbeider med skulen om overgangen frå barnehage til skulen. Kommunen har ein eigen plan for dette arbeidet. I Fitjar vitjar borna skulen fleire gonger før dei tek til på skulen, foreldra får tilbod om å delta på foreldremøter der både barnehage og skule informerer om kva som skal skje. Barnehagepersonale og komande førsteklasselærarar har felles forummøte der ein drøftar og søkjer å få meir kunnskap om kvar andre sitt arbeid. Våren før borna skal byrja på skulen har skulen og barnehagen eit fellesmøte, der skulen får informasjon om dei einskilde borna. 5.2 Barnevern, PP-teneste og helsestasjon: Barnehagane i Fitjar har eit tett samarbeid med hjelpe-/støtteinstansane i regionen. PPT (pedagogisk psykologisk teneste) er i samarbeid med Stord kommune. Ein har interkommunalt samarbeid med barnevern i Stord, Bømlo og Fitjar. Barnehagane har fast møte med begge tenestene ca to-tre gongar pr halvår (to før jul og to etter). Ved behov deltek helsestasjon på desse møtene. PPT utredar og lager tilrådingar på born som treng spesialpedagogisk hjelp som er heimla i Opplæringslova 5-7 5.3 Lokal spesialpedagogisk hjelp Dersom eit barn har rett på/bruk for spesialpedagogisk hjelp, har kommunen tilsett ein spesialpedagog. Ho tilbyr tenester til alle barnehagane i kommunen og ambulerer mellom desse. I periodar har ho ikkje har fylt opp stillinga med barn som har vedtak etter 5-7. I desse periodane arbeider ho førebyggande med barna og med rettleiing av assistentar. Dette er i tråd med Stortingsmelding 16 «og ingen stod igjen. - tidleg innsats.» som vektar tidleg språkstimulering, tilgang til barnehage for alle. På sikt vil to av barnehagane ha betra kompetansen sin på området, då dei har tilsette som tek vidareutdanning i spesialpedagogikk. 5.4 Kulturskulen Kulturskulen har over fleire år hatt samarbeid med barnehagane. Dei har gjeve tilbod til alle "førskuleborn" (dei som startar på skulen neste år) i barnehagane i kommunen. Desse vert delt i to grupper og kjem til musikkleik anna kvar veke. I år er det ca. 40 barn som deltek. I musikkleiken arbeider ein med musiske element som song, dans og spel på instrument og ein har valt å kalla undervisninga «Musikkleik», der ein altså har fokus på musikk og leik. Ein gang kvar semester dreg lærarane frå kulturskulen ut til den einskilde barnehage og held konsert for alle i heile barnehagen, dette kallar me for "Konsertbesøk". På desse konsertbesøka har ein som regel eit tema. Dette har vore tema som folkemusikk, dans, jul, sommarfugl og ein har nytta barnebøker som utgangspunkt. Ein gang i året gjev kulturskulen "kurskveld" for dei vaksne i barnehagane, her arbeidar dei med korleis ein kan nytta musikk i kvardagen i barnehagen. (Kompetanseheving) Kostnadane for dette ligg i kulturskulen sitt budsjett, det er kulturskulen som står for heile drifta. Det er sett av 10% stilling (delt på 2 lærarar) til dette arbeidet (dette utgjerd omlag 60.000. pr år - ink. sosiale utgifter) Musikkleik er viktig for alle barn - og det er tydleg at dette bidreg positivt i både språkutvikling, motriikk og den sosiale utviklinga til barnet. 16 Side50

6 Beskriving av dagens situasjon 6.1 Barnehagedekning I Noreg har det vore ei rivande utvikling når ein ser på bruk av barnehageplass. Frå ei dekningsgrad på 1,9 % i 1963 på alle born under 6 år til dagens situasjon der om lag 90 % av alle born under 6 år nyttar barnehageplass. Dekningsgraden på eittåringane som no har fått rett til barnehageplass har vore i særlig stor auke frå 2008 og fram til i dag. Dette kan sjåast i samanheng med den nasjonale satsinga på full barnehagedekning, lovfesta rett til barnehageplass og makspris på foreldrebetaling som er lågare en før. Det er blitt fleire barn som går i barnehage og det er stadig fleire av dei yngste barna. I tillegg er barnehagane blitt større. Dette gjeld både ved at barnehagar bygd etter 2003 er de største og ved at barnehager fra før 2004 er blitt større (utvida) enn dei var tidligare. Fra utgang av 2005 og fram til utgang av 2010 har nær 54 000 fleire barn fått plass i barnehage. I samme periode vart det etablert om lag 67 000 nye heltids barnehageplasser. Noko av kapasitetsauken i perioden har soleis gått med til å auka opphaldstida til born som allereie har plass i barnehage. 6.2 Fitjar kommune I Fitjar kommune ser same tendens som på landsbasis. Bruken av barnehage har vore i auke over tid. Også i Fitjar har dei yngste barna nytta barnehage i aukande grad. Eit barn under tre år utløyser to barnehageplassar. Dette har også konsekvens for framtidig behov. Fleire foreldre i Fitjar nyttar no fulltidsplassar. Frå hausten 2011 har kontantstønad for toåringar falle bort. Dette kan vera med å auka behovet for barnehageplassar frå neste haust. I Fitjar gjekk 77,3 % av alle born 1-5 år i barnehagen i 2012 i følgje Kostra-tal. Desse tala er misvisande då dei er basert på tala som barnehagane rapporterer inn i årsmelding pr 15.12 kvart år. Tala fangar såleis ikkje opp borna som går i barnehage i Stord. Den reelle dekningsgraden vert på 83,7 % når borna som går i barnehage i Stord kommune er teken med. Fram til i dag har kommunen greidd å gi alle barn som har rett til barnehageplass eit tilbod, men hausten 2012 fekk kommunen ei utfordring. Denne vart løyst med at Bakken barnehage oppretta 10 ekstra plassar, som er midlertidige for 2012-2013. Nokre barn som er busett i Fitjar, har gått i barnehage på Stord. Desse er hovudsakleg frå ytterkantane av kommunen og gjerne der foreldra pendlar til Stord. Dersom desse hadde søkt plass i Fitjar, hadde kommunen fått utfordring med å skaffa nok plassar. Det er eit ynskje at ein unngår å ha born frå Fitjar i barnehagar i Stord og kommunen må prøva å unngå dette ved å kunna tilby tilstrekkeleg plasser. I Fitjar er borna fordelt slik året 2012-2013: Antal barn i barnehage fordelt på årskull og barnehage 2011 i bhg 2010 2009 2008 2007* Totalt antal barn pr barnehage Bakken bhg 9 10 13 7 19 58 Fitjarstølane bhg 3 6 16 5 10 40 Fjellheim 3 8 7 15 10 43 Årskog 1 5 4 3 13 Totalt i kommunen 16 29 36 31 42 154 * Dette er born som går over i skulen til hausten 2013 og dermed frigir plassar hausten 2013 17 Side51