Studenttinget 2015/2016 Sakspapir 7. møte, 16.03.16. Sak 00-15/16: Konstituering... 2 Sak 01-15/16: Godkjenning av innkalling og referat... 3 Sak 02-15/16: Godkjenning av sakliste og dagsorden... 4 Sak 03-15/16: Orienteringar... 5 Sak 34-15/16: Godkjenning av arbeidsprogram for Studenttinget 2016/2017... 6 Sak 35-15/16: Godkjenning av strategiplan 2014-2018... 8 Sak 36-15/16: Godkjenning av styringsdokument for lag og organisasjonar... 11 Sak 37-15/16: Ymse... 12 1
Sak 00-15/16: Konstituering Møtedato: 16.03.16 Sakshandsamar: Erlend Kvernmo Langset Studenttinget innstiller Erlend Kvernmo Langset som ordstyrar. Forslag til vedtak: Studenttinget godkjenner Erlend Kvernmo Langset som ordstyrar. 2
Sak 01-15/16: Godkjenning av innkalling og referat Møtedato: 16.03.16 Sakshandsamar: Erlend Kvernmo Langset Studenttinget innstiller, i denne rekkjefylgja: - Innkallinga - Referatet Forslag til vedtak: Studenttinget godkjenner innkalling og referat. 3
Sak 02-15/16: Godkjenning av sakliste og dagsorden Møtedato: 16.03.16 Sakshandsamar: Erlend Kvernmo Langset Forslag til sakliste og dagsorden Møtestart kl 17.00 Sak 00 Konstituering 17.25 17.27 Sak 01 Godkjenning av innkalling og referat 17.27 17.30 Sak 02 Godkjenning av sakliste og dagsorden 17.30 17.32 Sak 03 Orienteringar 17.32 17.40 Sak 34 Godkjenning av arbeidsprogram for Studenttinget 2016/2017 17.40 17.50 Sak 35 Godkjenning av strategiplan for Studenttinget 2014-2018 17.50 18.00 Sak 36 Godkjenning av styringsdokument for lag og organisasjonar 18.00 18.10 Sak 37 Ymse 18.10 18.20 Møteslutt ca 18:20 Forslag til vedtak: Studenttinget godkjenner sakliste og dagsorden 4
Sak 03-15/16: Orienteringar Møtedato: 24.02.16 Sakshandsamar: Erlend Kvernmo Langset - Arbeidsutvalet - Høgskulestyret - SfS - Andre Forslag til vedtak : Det er ikkje vedtak i orienteringssaker. 5
Sak 34-15/16: Godkjenning av arbeidsprogram for Studenttinget 2016/2017 Møtedato: 16.03.16 Sakshandsamar: Karoline Strand Arbeidsutvalet ynskjer å fremje følgjande forslag til arbeidsprogram for Studenttinget 2016/2017: STiV skal: Arbeidsprogram for Studenttinget 2016/2017 Utarbeida frå strategiplan og stillingsbeskrivelsar 1. Sørgje for at ein kvar student ved HVO har kjennskap til Studenttinget og våre arbeidsoppgåver. 2. Aktivt informere om STiV, vårt arbeid og våre aktivitetar gjennom studentar- og sosiale media. 3. Jobbe aktivt for studentar og administrasjon med å auke kunnskapen og engasjementet rundt dei tillitsvalde si betyding, og deira arbeidsoppgåver. 4. Gjennomføre informasjonsrunder i alle nye klasser, og stå på stand ved studiestart. 5. Arbeide for eit inkluderande og universelt studiemiljø. 6. Arbeide for auka deltaking ved vala på HVO, og for at dei skal bli gjennomført elektronisk. 7. Så langt det er mogleg, arkivere og dokumentere alt av arbeid som gjennomførast. 8. Arbeide for likestilling blant alle studentar, uansett avdeling eller behov. 9. Arbeide for fritak frå undervisning for å engasjere seg i studentdemokratiet. 10. Være oppdatert på den forskinga som HVO gjennomfører. 11. Sørge for auka interesse for entreprenørskap, og betre samarbeid med næringslivet i regionen. Samarbeid: 1. Fylgje opp StudiebygdA-forumet som ein del av vårt partnarskap. 2. Fortsette samarbeidet i UH-nett Vest. 6
3. Ha faste møter med leiinga ved HVO og SfS. 4. Betre samarbeidet med studentrepresentantane i Høgskulestyret og SfS-styret. 5. Arbeide aktivt opp mot studentrepresentantane i SfS-styret i arbeidet med SfS sin strategiplan. Velferd: 6. Jobbe for eit betre velferdstilbod for studentar på HVO. 7. Sende studentar på kurs og konferansar som er relevante for STiV sitt arbeid. 8. Halde kurs og konferansar som er av relevans for studentar ved HVO. 9. Dele ut studentprisen ved studiestart. 10. Sørgje for eit godt samarbeid med Faddervekestyret. 11. Jobbe for å styrke samarbeidet mellom STiV og lag- og organisasjonar. 12. Arbeide for at Buddydagen oppretthaldast og vidareførast. 13. Arbeide for å årleg arrangere ein psykisk fagdag med tema som er relevant for studentane ved HVO. Internasjonalisering: 14. Dele ut pris for internasjonalisering i februar kvart år. 15. Jobbe aktivt med leiinga ved HVO for å forbetre kvalitetssikringssystemet. 16. Fortsette samarbeidet med Pangaia for å betre integreringa mellom norske og internasjonale studentar. 17. Arbeide for at norskkurs for Erasmusstudentar oppretthaldast og forbetrast. 18. Arrangere Buddyweek saman med Pangaia i januar kvart år. 19. Arbeide for at studentorganisasjonane ved HVO skal leggje til rette for internasjonal aktivitet. Forslag til vedtak: Studenttinget godkjenner Arbeidsprogram for Studenttinget 2016/2017. 7
Sak 35-15/16: Godkjenning av strategiplan 2014-2018 Møtedato: 16.03.16 Sakshandsamar: Lisa S. Kalvø Studenttinget vedtok strategiplan for 2014-2018 på studenttingsmøte 24.mars 2014. Arbeidsutvalet ynskjer at studenttinget ser på denne med friske auge, og kjem med innspel dersom de ser områder der den må reviderast. Nedanfor finn de den gjeldande strategiplanen: Innleiing Strategiplan for Studenttinget i Volda 2014-2018 Den strategiske planen til Studenttinget i Volda inneheld mål og strategiar knytte til hovudoppgåvene til STiV: studentane sine faglege rettar studentane sine sosiale og velferdsmessige rettar studentane sine økonomiske rettar studentane sine demokratiske rettar Den strategiske planen skal vere ein reiskap for å styrkje posisjonen til STiV. Strategiplanen skal reviderast kvart fjerde år, men vere open for revidering kvart år. Hovudmål 1. STiV skal kontinuerlig vere pådrivarar for å betre og kvalitetssikre studiekvaliteten ved HVO, og sikre studentane sine interesser. 2. STiV skal arbeide for større engasjement blant studentane. 3. STiV skal arbeide for å betre studentkvardagen i Volda, og fungere som ein paraply for lag og organisasjonar ved HVO. 8
4. STiV skal sette lokale, regionale og nasjonale studentsaker på dagsorden. Delmål (arbeidsplan for STiV-styret) 1. STiV skal kontinuerlig vere pådrivarar for å betre og kvalitetssikre studiekvaliteten ved HVO, og arbeide med å sikre studentane sine interesser. Dette vil seie: 1.1. STiV skal vere eit bindeledd mellom studentane og der avgjersler vert tekne. 1.2. Studentrepresentantane i høgskulestyret, i Studentsamskipnaden og andre nemnder og utval ved HVO har møterett på tingmøte. Studentrepresentantane skal i tillegg rapportere til STiV-styret ved behov. 1.3. STiV skal i samarbeid med HVO arbeide med å fremje kommunikasjon og samarbeid mellom og innad i avdelingane på HVO, og arbeide for ei standardisering av formelle krav ved dei ulike avdelingar. 1.4. STiV skal vere ein pådrivar i arbeidet med kvalifikasjonsrammeverket, og skal leggje premissar for utvikling av Høgskulen i Volda som studieplass, då særleg med fokus på eit læringsmiljø som er universelt tilpassa. 1.5. STiV skal vere ein ressurs for dei engasjerte. STiV skal i samarbeid med HVO ha organisert og samla inn lister over tillitsvalde og representantar i fagutval så raskt som mogleg etter studiestart. 1.6. Tillitsvalde og tingmedlemer skal få nødvendig opplæring i studentpolitisk arbeid. Det skal gjennomførast eit kurs for kvar av desse seinast i oktober, i samarbeid med studiesjef/hvo-administrasjonen. På kurset skal nødvendig informasjon delast ut, tillitsvaldhandboka o.l. 2. STiV skal arbeide for større engasjement blant studentane ved HVO ved å: 9
2.1. arrangere informasjonskampanjar for å informere studentane om STiV ved kvar semesterstart og ved behov. 2.2. synleggjere vårt arbeid for studentane. Det er viktig at STiV viser fram resultata av det arbeidet dei gjer. 2.3. samarbeide med HVO for å invitere føredragshaldarar til kurs, debatt, konferansar og seminar retta mot studentane. 3. STiV skal arbeide for å betre studentkvardagen i Volda, og fungere som ein paraply for lag og organisasjonar ved HVO. Dette vil seie: 3.1. STiV skal jobbe for å betre velferdstilboda i samarbeid med HVO og SfS 3.2. STiV skal arbeide for at lag og organisasjonar ved HVO vert organiserte på ein måte som gjev betre informasjonsflyt og meir samarbeide mellom gruppene. 3.3. Målet er at ei samkøyring av lag og organisasjonar skal gje studentane ved HVO eit betre og meir synleg tilbod. 3.4. STiV skal samarbeide med Rokken og Samfunnet for å skape ein betre studentkvardag i Volda. 4. STiV skal sette lokale, regionale og nasjonale studentsaker på dagsorden. Dette vil seie: 4.1. STiV skal samarbeide med Norsk Studentorganisasjon. 4.2. STiV skal prioritere å sende studentar på kurs og konferansar. Studentane skal rapportere tilbake til STiV. 4.3. STiV skal arbeide for å betre kontakten med studentdemokrati ved andre høgskular og universitet. Forslag til vedtak: Studenttinget godkjenner strategiplanen med eventuelle endringar som studenttinget foreslår og stemmer over under møtet. 10
Sak 36-15/16: Godkjenning av styringsdokument for lag og organisasjonar Møtedato: 13.03.16 Sakshandsamar: David Fiskaa Arbeidsutvalet innstiller følgjande tekst som styringsdokument for lag og organisasjonar: Styringsdokument for lag og organisasjonar Krav 1. 80 % semesterregistrerte studentar ved HVO som medlemmar 2. Styret må også bestå av eit fleirtal av studentar Det kjem an på storleiken på laget eller organisasjonen, men ein person må ha det økonomiske ansvaret. 3. Arbeide for eit inkluderande velferdstilbod for alle studentar i Volda, linjeforeninger tillete. 4. Ha ein demokratisk oppbygging organisasjonen må forhalde seg til vedtekter 5. Sende informasjon om leiar og nestleiar til STiV, slik at STiV til ei kvar tid har ein oppdatert liste over lag og organisasjonar. 6. Ha kontroll på eigen medlemsliste og økonomi. Rettigheiter 1. Kan søkje om økonomisk støtte frå STiV 2. Kan delta på kurs arrangert av STiV 3. Kan kopiere opp ein del PR-materiell gratis dersom ein går via STiV. 4. Kan stå gratis på stand, ved førespurnad til STiV 5. Kan bruke STiV som støtte og samarbeidspartnar 6. Velferdsansvarleg i arbeidsutvalet til STiV jobbar for at alle lag og organisasjonar har et så godt arbeidsgrunnlag som mogleg. Forslag til vedtak: Studenttinget godkjenner «Styringsdokument for lag og organisasjonar» 11
Sak 37-15/16: Ymse Møtedato: 16.03.16 Sakshandsamar: David Fiskaa 12
13 Studenttinget i Volda
14 Studenttinget i Volda