Årsmelding 2015 Ullensvang frivilligsentral www.ullensvang-frivilligsentral.no Leiar: Gertrud Korff Tlf: 53 67 15 00 Mob: 91 12 04 02 «Deltakelse i frivillig arbeid gir enkeltmennesket identitet, mulighet til påvirkning, sosialt nettverk og økt kunnskap. Frivillig sektor betyr bedre livskvalitet for alle som er med og som berøres.
Om frivilligsentralen Ullensvang frivilligsentral vart etablert i 2013 og er ein kommunal eigd frivilligsentral. Aktivitetar vert sett i verk i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, frivillige enkeltpersonar og offentlege etatar. Leiar av frivilligsentralen er Gertrud Korff i 50% stillingstorleik. Frivilligsentralen har kontorlokal i Kinsarvik - Røysane 3. Gertrud Korff vart tilsett som leiar april 2015 etter Jorunn Sekse då ho avslutta sitt tilsettingsfohold i Ullensvang herad. Ny leiar av frivilligsentralen har vidareført eksisterande tiltak som frivilligsentralen hadde, samt brukt tid på å setje seg inn i drift og verta kjend med samarbeidspartar. Styret Ullensvang frivilligsentral hadde sitt fyrste årsmøte mars 2014, og styret til frivilligsentralen vart konstituert. Frivilligsentralen er leia av eit styre på fem medlemmar som er valt for to år. Tre medlemmar frå eigar og to medlemmar frå det frivillige. Alle styremelemmar her ein personleg vara. Dagleg leiar er sekretær for styret (j.f. vedtekter) Representantar frå eigar: Bodil Moss Kåre Ystanes Gard Hjørnevik Risan Representantar frå det frivillige: Liv Helleland (styreleiar) Ina Labruyere Personleg vararepresentantar: Kari Herstad Isak Reisæter Gunnhild Jaastad Personleg vararepresentant: Tore Bergum Gudrunn Halland Styret til Ullensvang frivilligsentral har hatt 3 styremøter i 2015, samt årsmøte i februar. Det vil ved val av nytt styre i 2016 verta sett på andre modellar for samanseting då ein har gjort seg ein del erfaringar og ein ser forbetringspotensiale i korleis styret er samansett. Ein vil oppretthalda styresamansetning etter vedtekter, men ikkje bruke politikarar frå eigarsida som tidlegare heller aktuelle samarbeidspartar slik at styret vert ei god arbeidsgruppe. Samarbeidspartar Ullensvang frivilligsentral har opparbeida seg mange gode samarbeidspartar både lokalt og regionalt. Lokalt samarbeidar ein med frivillige enkeltpersonar, -lag og organisasjonar og ulike etatar i heradet. Regionalt tek frivilligsentral del i eit Hardanger nettverk for frivilligsentralar, beståande av Kvam, Ulvik, Voss, Odda, Jondal og Ullensvang. Dette nettverket vert brukt til erfaringsutveksling og fagleg påfyll/inspirasjon. 1
Leiar deltok også i september på regionskonferanse for friviligsentraler i Balestrand. Dette er ein årleg konferanse i regi av kulturdepartementet KUD. Samarbeidspartar lokalt: Folkehelsekoordinator Frivillige enkeltpersonar Hardanger folkehøgskule Innvandrarsenteret og flyktningtenesta Kinsarvik bygdekvinnelag Kinsarvik pensjonistlag Ullensvang pensjonistlag Lions klubb Ullensvang Pleie og omsorgstenesta aust og vest Røde kors Tunvoll trimstove Ullensvang bibliotek Lokalitet Frivilligsentralen har frå oppstart hatt kontorlokal i Røysane 3. Det er ynskjeleg om meir tilgjengelege lokale sentralt, noko ein har hatt dialog med rådmann og kommunalsjef for helse og -omsorg om. Bilete: Gertrud Korff 2
Aktivitetar 2015 Strikk med integrerte masker Harndarbeidskafè - er eit samarbeid mellom frivilligsentralen, Kinsarvik bygdekvinnelga og innvandrartenesta i heradet. Vi ynskjer å skapa ein møteplass for kvinner som er inkluderande uansett bakgrunn, kultur, religion og tradisjonar. Tilbodet er sosialiserande i form av aktivitet og språktrening. Nytt frå hausten 2015 er samarbeidet med flyktningtenesta i heradet. Flyktningtenesta har lagt dette inn i sin plan og kvinnene skal vere fast på frivilligsentralen tysdagar som eit ledd i språktrening. Handarbeidskafèen møtast kvar tysdag frå kl 11.00 til kl. 13.00. Det har vore opp i 17 deltakarar på tiltaket. Matombringing Lions køyrer kvar måndag ut middag frå Bråvolltunet til heimebuande eldre. Lions lagar sjølv køyrelister og ved behov byt dei innbyrdes. Dette er eit tiltak som Lions samarbeidar med Bråvolltunet om og frivilligsentralen er inne som eit bindeledd når det er trong for det. Datakafè Er eit samarbeid mellom biblioteket, Kinsarvik pensjonistlag og frivilligsentralen. Målet er at eldre som ikkje er på nett, skal få opplæring i bruk av e-post, nettbank, sosiale medier, surfing mm. Det er gjennomført kurs på begge sider av fjorden. Begge kursa startar opp med eit innføringskus, før det vart individuell rettleiing etter dei ulike behova. Seniorsykling Er eit samarbeid mellom frivillige enkeltpersonar, Tunvoll trimstove og frivilligsentralen. Kvar måndag frå kl. 11.00 er det tilbod om sykling med instruktør på Tunvoll, evt trening i sal ved stort frammøte. Tilbodet ar hatt svær god oppsluttnad med 24 stk i gjennomsnitt kvar gong og økta avsluttast med sosial samling på Mix kiosken på Lofthus. Frivillige instruktørar som tar del i tiltaket set opp liste med fordeling av treningsøkter. Frivilligsentralen hjelper til med distribusjon av lister, plakater, annonsering mm ved tiltaket. Nye heimesider Frivilligsentralen har i 2015 utarbeidd nye heimesider, samt facebookside. Ein ser at facebook er ein veldig god måte å dele informasjon på og ha kontakt ut ad på. 3
Finansiering økonomi: Ullensvang herad må årleg søke om støtte frå KUD kulturdepartementet til drift av frivilligsentralen. Tilskot for 2015 var på kr. 155 000,- (Jf. Websak: Dokument nr. 15/112-2). Saman med søknad på tilskot vart det tilbakerapportert for tilskot for 2013. Juni 2015 vart det søkt tilskot for drift av frivilligsentralen for 2016, og tilbakerapprtert for tilskot 2014. Utanom lønsutfigter har frivilligsentralen eit eige budsjett på kr. 40 000,-. Opplysningar om budsjett vart ein ikkje kjend før siste halvdel av året slik at budsjett ikkje er blitt brukt opp. Reknskap 2015: Utgifter Inntekter Tilskot frå KUD 150 000 Løn leiar frivilligsentralen 50% stilling 232249,69 Pensjon fellesordning 45410,11 Arbeidsgjervaravgift 29458,37 Kontorutgifter 1156 Aviser, tidsskrifter, fagle. 305 Matvarer 1212 Bevertning i kommunal regi 3117 Anna forbruksmateriell 2334 Gåver, interne 985 Telefon, kun bruk 1645 Opplæring/kurs 1652 Reiseutgifter og billettar ferje 545 Avgifter, gebyr, lisensar 654 Innvetar og utstyr 11594 Avgiftsfritt sal 1690 Til saman 332317,17 151 690 4