Nytt symjeanlegg på Voss. Forslag frå Symjegruppa i Voss Idrottslag

Like dokumenter
Rapport frå AG Kunnskap

STORD KOMMUNE. Rapport. Prosjekt " Modell for bustadbygging" Stord oktober "Der alle skulle tru at nokon kunne bu

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume

FORHOLDET MELLOM DRIFTSSTYRE OG LOKALT EIGARSKAP

KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE

Årsmelding Lom kommune. Gjestfri og nyskapande. Årsmelding Innhaldet i årsmelding 2013:

Sogn LMS Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal

Ide Camp Rapport nr: Dato: 21. mars 2011 Utarbeida av: Cecilie Ukvitne, Egil Selvåg og Yngve Tranøy

Nasjonalt utviklingsprogram. Landbruksbygg og kulturlandskap Sluttrapport

Møtebok for Kommunestyret i Radøy

Ny bruk av ledige landbruksbygg Ei handbok for deg med planar om gjenbruk av garden sine bygningsressursar

Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland

For å nå dette må tiltak, verkemedel og tenester organiserast slik at dei fremmer dette og motverkar segregering og stigmatisering.

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Oversikt over interkommunalt samarbeid

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar.

NOTAT. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ:

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle -

«Hjartetrimmen» Frå spesialisthelseteneste til kommune Helsetorgmodellen-rapport (2013/3)

Strategisk arbeid med omstilling HMR

Nye driftstiltak positive tiltak. Framlegg frå avdelingane

God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015

Nye kapitalkrav for bankane

SAKSFRAMLEGG. SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Naturutvalet /14 RLØ Kommunestyret

Ny tid for Hardanger?

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole. Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland

trategisk plan for pedagogisk bruk av IKT mars 2010 Høyringsdokument

Evaluering av Reform 97

Vegsamband over Ytre Steinsund. Oppgradert kostnadsoverslag

Transkript:

Nytt symjeanlegg på Voss Forslag frå Symjegruppa i Voss Idrottslag Voss 21 oktober 2008

Bakgrunn/Historikk I september 2006 vart det sett ned ei arbeidsgruppe i kommunal regi som skulle greia ut spørsmålet om eit nytt badeanlegg på Voss. Utvalet leverte si innstilling Juni 2007 og kom med to tilrådingar. 1.) Behovet for eit nytt bad på Voss er stort og 2) Arbeidsgruppa meinar at den beste lokaliseringa vil vera ved det eksisterande badeanlegg ved sentralidrettsanlegget. På bakgrunn av dette vart det i kommunestyret i november 2007 satt ned ei ny arbeidsgruppe som skulle gå vidare med dette arbeidet for å vurdera finansieringsmodellar, samt tomtealternativ. Då me no skjønnar det slik, frå leiaren i arbeidsgruppa si uttale i avisa, at gruppa sit og ventar på utspel frå utanforståande, tillet Symjegruppa i Voss Idrottslag seg å koma med eit forslag. På 60-tallet var symjegruppa sentrale pådrivarar for å få på plass eksisterande anlegg, anlegg som har vore heilt avgjerande for symjeopplæringa i bygda. Alt på 70 talet såg ein at innandørsbassenget frå 1963, ikkje var tilstrekkeleg til å møta alle behova eit slikt anlegg skal tilfredsstilla. Ikkje minst gjaldt dette på kapasitet. Sidan den gong har det vore ein rekke initiativ og utval som har prøvd å sjå om ein kunne få på plass eit nytt basseng, utan å lykkast. Blant anna ba Voss Idrottslag i 2004 kommunen om å ta omsyn til eit nytt symjeanlegg i tilknyting til planlegging av eit nytt kulturhus. Voss Idrottslag har lenge hatt den klare meining om at plassering av eit nytt symjeanlegg må liggja i sentrumskjernen og i tilknyting til eksisterande sentralidrettsanlegg, i tråd med tilrådinga til det førre utvalet og i samsvar med Norges Svømmeforbund(NSF) sine retningslinjer. Dette er utvilsamt det beste for symjeopplæringa i bygda, også sett i eit helsefremmande totalperspektiv for innbyggarane i bygda. Samtidig er dette det mest miljøvennlege alternativet i forhold til minska bilbruk. Sambruk med dei andre idrettsanlegga som ligg i området, har store føremoner, både ved dagleg bruk og ved større arrangement. Det som har vore spørsmålet, har vore korleis skal ein kunne finansiera eit slik anlegg på ein god måte.

Forslaget Forslaget må sjåast på som eit utkast til løysing der mange instansar/brukargrupper vil måtte trekkast med før ei endeleg løysing ligg på bordet. Det ligg to sentral føresetnadar til grunn for løysinga som er avgjerande for Voss Idrottslag: 1) Anlegget må liggja sentrumsnært. Med sentrumsnært meinast i kort gåavstand frå Vangen. 2) Anlegget må tilfredstilla behova for symjeanlegg for innbyggarane i bygda, for skulane, samt til symjeidretten. Anlegget Slik det er lagt opp i forslaget(sjå vedlegg), er det teke utgangspunkt i areala som gymnastikksalen og innebassenget ved Voss Ungdomskule nyttar i dag, samt noko utviding der det er parkering (sida mot utebassenget) og utviding i vest. Eksisterande bygningsmasse her er i dårleg forfatning og må uansett renoverast/rehabiliterast innan nokre år. Frå kommunens side er rehabiliteringa av denne delen av skulen planlagt som byggetrinn IV, der to av byggetrinna er no ferdigstilt. Vidare utnyttar forslaget ein samdrift mot dagens utebasseng. Det er allereie i dag ei teknisk samdrift av desse to anlegga. Forslaget bygger vidare på dette, men i tillegg utviklar ein felles garderobar mellom desse to anlegga. Dermed får ein også rehabilitert/nye garderobar for utebassenget, noko kommunen elles måtte ta fatt på i løpet av nokre år. Forslaget er mellomting av mellom nøkternt symjeanlegg og eit badeland. Arealet som er nytta her er omlag 3000 m2 på to plan, der gymnastikk- og symjehallen er på plan 1, mens ein i underetasjen har garderobar, tekniske rom, wc, tilkomst til kulvert som går til utebassenget mm. Symjehallen flytta ut mot Vangsvatnet med flott utsikt til Vangsvatnet og Gråsida med eit basseng på 25 m., eit opplæringsbasseng og eit barnebasseng. Det er lagt inn stupetårn som gir høve til ein klatrevegg i bakkant, samt ei badesklie for å gje ein viss attraksjon utover sjølve badeaktiviteten. Utbyggar Opp møt 90 % av symjeanlegga i Noreg er kommunalt bygd og drevet. Utbygging av symjeanlegg er eit delt ansvar mellom Staten og kommunane, i nokre tilfeller er fylkeskommunen involvert. I fylgje læreplanen for skulane skal alle elvane læra å symja. Det pålegg kommunen eit spesielt ansvar for å legga forholda til rette dette skal vera mogeleg. I tillegg er symjebassenget ein av dei viktigaste møteplassane for meistringsutvikling og til førebyggande og helsebringande aktivitet. Generelt vert det i samfunnet brukt 100 gonger meir midlar til å betala for sjukdom enn å førebygga. Kommunalt

investerte pengar i symjeanlegg vil gje gode framtidige helsemessige vinstar i form av reduserte utgifter til pleie og behandling. Ein privat utbyggar vil sannsynlegvis ikkje ha dei same motiva for bygga ut og driva eit symjeanlegg. Voss kommune bør såleis, både i forhold til sitt ansvar for symjeopplæring og investering i innbyggarane si helse, stå som utbyggar eit nytt symjeanlegg. Vonleg vil det også finnast private bidragsytarar til eit slik godt føremål. Økonomi Utbyggingskostnad Voss Kommune har ein stram økonomi og har påtatt seg store kostnader gjennom bygging av eit nytt kulturhus, samt utbygging av tinghuset. Eit nytt symjeanlegg vil kosta ein heil del pengar. Staten vil kunne bidra med deler av dette gjennom rentefrie lån og tippemidlar. I tillegg får kommunen momskompensasjon. Det gjenståande må kommunen ta opp lån på. Kor stort lån som er naudsynt, vert avhengig av totalkostnad og bidrag frå stat. Uansett vil kommunen få kostnader i tilknyting til nødvendig rehabilitering på den aktuelle bygningsmassen i løpet av få år. Spørsmålet er då om ikkje kommunen bør utnytta den situasjonen som er no, til å starta planlegginga av eit nytt anlegg som symjegruppa foreslår og skaffa seg ei finansiering som er gunstig. Slik staten legg til rette for. I tillegg vil det sannsynlegvis verta ei nedgang i bygg og anlegg dei næraste åra ut i frå den finanskrisa ein har hatt. Skulle det slå til, er dette gunstig ut ifrå totalpris på anlegget, samt at auka byggeaktivitet vil gje skattepengar tilbake til kommunen. At det kjem fleire gunstige stimuleringstiltak frå regjeringa, og at det i tillegg er stortingsval neste år, gjer at tida kanskje er inne for å smi eit nytt symjeanlegg. Driftskostnad Kommunen har allereie drifts- og vedlikehaldsutgifter på eksisterande anlegg. Dersom ein skal halda desse i nokolunde brukbar stand, vil utgiftene måtte auka på vedlikehaldssida. Ved å ta grep og bygga eit nytt anlegg som me foreslår, vil ein kunne sleppa å lappa på ein bygningsmasse som likevel snart må skiftast ut. For eit nytt anlegg vil ein for eksempel kunne utnytta moderne varmeutvinningsteknologi ved å henta varmen frå Vangsvatnet til det nye anlegget. Det foreslåtte anlegget vil kunne gje ein langt større utnyttingsgrad enn det ein har i dag. Fleire grupper vil kunne nytta anlegget samstundes. På den Vidaregåande skulen på skulehaugen kjem det etter kvart 800 elevar. Desse vil kunne vera brukarar av anlegget, slik at ein også kan få fylkeskommunen til å vera med å dekke noko av driftsutgiftene. I tillegg bør anlegget vera tilgjengeleg for offentleg bading i helgar og feriar utanom sumarsesongen. Dette vil kunne gje billettinntekter frå tilreisande og innbyggarane på Voss som bidrag til driftsinntektene til anlegget. Samdrifta med utebassenget vil også kunne væra med å redusera den totale driftskostnaden på dei to anlegga.

Forslag til framdrift og eit tilbod frå symjegruppa Kommunen bør i budsjetter for 2009 setta av midlar til prosjektering og ressursbruk for å få på plass finansiering for eit nytt symjeanlegg i tilknyting eksisterande anlegg. Lokaliseringsdebatten bør leggast død og fokus må rettast på å få prosjektert og finansiert eit nytt anlegg. Innan dei rammer som her er foreslege, stiller symjegruppa inntil kr. 100.000 til disposisjon for arbeidet i 2009, med føresetnad om at kommunen løyver resten av pengane som skal til for planleggingsarbeidet, minimum tilsvarande sum. Som ein del av dette arbeidet, skal det lagast ein plan for når oppstarten av nytt anlegg kan settast i gang ut ifrå kommunens andre byggeaktivitetar, aktuell finansieringsmodell for nytt anlegg, samt kommunen framtidige utgiftsprofil. Eit mål må vera at ein har eit nytt symjeanlegg til skulestart 2011, seinast 2012. Symjegruppa set sit lit til at kommunen sine politikarar ser det store behovet Voss har for eit nytt symjeanlegg og dei kvalitets- og helsemessige gevinstane dette vil gje for innbyggarane på Voss, og vil setta fokus på dette i tida framover. Ved å rehabilitera/erstatta eksisterande bygningsmasse, samt å gripa tida, bør dette la seg gjera. Frå Styret i symjegruppa i Voss Idrottslag Vedlegg skisser av anlegget utarbeida av arkitekt Bård Mossige

Vedlegg til nytt symjeanlegg på Voss Skisser utarbeida av arkitekt Bård Mossige

Ei tidleg perspektivskisse - sett frå vangsvatnet