MØTEINNKALLING SAKLISTE. Tittel 1/09 09/65 PROTOKOLL: ENDRING AV BARNEHAGEVEDTEKTENE

Like dokumenter
MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/09 09/65 ENDRING AV BARNEHAGEVEDTEKTENE

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

Vedtekter kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. Gjeldande frå Vedteke i kommunestyret , sak: 070/17.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/187 RAMMEAVTALE MELLOM HELSE FØRDE OG BALESTRAND KOMMUNE

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FINNØY.

Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST Høyringsutkast frist

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Gunnvor Linde Gudvin Haraldsson Kari Bolstad Kjetil Nesse Anne Margrethe Kråvik

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDT - TELEMARK KOMMUNE

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Vedtekter for Velledalen Naturbarnehage SA i henhald til Barnehagelova 7 2. Innhaldsfortegning.

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

10/60-14/N-211//AMS

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

Vedtekter for kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

Barnehagebruksplan

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Britt Grimelid Menes Arnstein Menes Frode Bøthun Harald N. Offerdal

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

SURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/194 PROTOKOLL: REGULERINGSPLAN FOR HOLMAMYRANE NÆRINGSOMRÅDE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU 2/13 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

MØTEINNKALLING SAKLISTE 7/11 10/582 PROTOKOLL: SØKNAD OM FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT - DE HEIBERGSKE SAMLINGER - SOGN FOLKEMUSEUM

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 8/13 13/344 Søknad om løyve til utviding av skjenkeareal - Det gylne hus

TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Oversyn over økonomiplanperioden

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl: 12.30

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tfn eller møtesekretær tfn snarast råd.

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Årsplan Fjordtun Barnehage

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Sak 40/08 vart handsama fyrst i møtet.

Transkript:

MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: rådhuset Møtedato: 28.01.2009 Tid: 12.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/09 09/65 PROTOKOLL: ENDRING AV BARNEHAGEVEDTEKTENE 2/09 09/84 PROTOKOLL: PLEIE- OG OMSORGSTILBODET TIL BARN OG UNGE I BALESTRAND KOMMUNE YMSE Balestrand 22.01.09 Einar Målsnes ordførar

MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 1/09 Utval for oppvekst og omsorg 28.01.2009 Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: A11 &00 Arkivsaknr.: 09/65 PROTOKOLL: ENDRING AV BARNEHAGEVEDTEKTENE Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Vedtektene for barnehagane i Balestrand kommune Barnehagelova SAKSOPPLYSNINGAR Balestrand kommune reviderte barnehagevedtektene siste gongen den 31.01.2006. Ut frå tilhøve i barnehagen når det gjeld inntak av barn og for betaling ved oppstart og oppseiing av plass, er det behov for endringar i barnehagevedtektene. I 7 står det m.a i barnehagelova av 01.01.2006: Barnehageeieren skal fastsette barnehagens vedtekter. Vedtektene skal gi opplysninger som er av betydning for foreldrenes/de foresattes forhold til barnehagen, herunder: a) eierforhold b) formål, jf. 1 fjerde ledd, herunder eventuell reservasjon fra 1 annet ledd, jfr. tredje ledd c) opptakskriterier d) antall medlemmer i samarbeidsutvalget d) barnehagens åpningstid Slik er vedtektene for barnehagane i Balestrand: 1 EIGAR Balestrand kommune eig og driv desse barnehagane: Fjordtun, Nesse og Sagatun. 2 FØREMÅL Barnehagen er eit pedagogisk dagtilbod der ein i nær forståing og samråd med heimen skal sikre borna gode utviklingsvilkår, gode aktivitetar og hjelpe til med ei oppseding som byggjer på kristne grunnverdiar og hjelpe borna slik at dei kan verta sjølvstendige, skapande og tolerante menneske med føresetnader for å kunne ta vare på seg sjølv, ta ansvar og ha omsorg for andre. Nynorsk mål vert nytta så langt råd er. Også i songar og litteratur.

3 LOV M.M. Kommunen sine barnehagar skal drivast i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande lover, rammeplanar, føresegner og vedtekter. 4 FORVALTNING, ADMINISTRASJON Utval for oppvekst og omsorg har styrings- og tilsynsansvar for kommunen sine barnehagar. Kvar barnehage har eit foreldreråd og eit samarbeidsutval. Foreldrerådet er alle foreldre/føresette til borna i barnehagen. Til samarbeidsutvalet vel foreldre, tilsette og kommunen ( eigar )ein resentant kvar. 5 OPPTAK Rådmann, styrarane i barnehagane og helsesyster er opptaksnemnd. Formannskapet er øvste klagenemnd. 6 OPPTAKSREGLAR Barnehageplass er eit frivillig tilbod til alle born i kommunen mellom 1-5 år. Er det ikkje plass til alle som ønskjer der, skal nemnda prioritera søkjarane i slik rekkjefølgje: 1. Born med nedsatt funksjonsevne og /eller som har foreldre/føresette med slike hemmingar og / eller barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntjenester 2. Born frå familiar med særlege sosiale/helse- eller miljøtilhøve som gjer at barnet kan ha nytte av opphald i barnehage. 3. Born med einslege foreldre/forsytarar. 4. Born som bur isolert til og/eller har farlege bu- og leiketilhøve. 5. Born som søkjer om endring av barnehageplass. 6. Under elles like tilhøve, får eldre born plass føre yngre. Born som har plass held fram med denne, men må søkja om endring av plass. Dersom ikkje plass vert sagt opp har barnet plassen til 20.august i det året barnet tek til i skulen. Ved særlege høve kan barnehagane ta inn born utanom hovud og suppleringsopptak. Barnehagane kan ta inn dagborn. 7 OPPTAKSTIDER Barnehageåret tek til 20. august og varer til 19. august neste år. På Fjordtun tek barnehageåret til den 1. august og er slutt siste yrkedagen i juni. Hovudopptak er i mars/april og suppleringsopptak i oktober/november. Søknadsfristar vert gjorde kjende ved utlysing. Søknadskjema får du på rådhuset, i barnehagane og på Balestrand kommune si heimeside. 8 OM OPPSEIING Det er ein (1) månads oppseiingstid og oppseiinga skal vera skriftleg. Etter 1. februar er oppseiingstida 3 månader, med unnatak av oppseiing som fylgje av flytting 9 BETALING Kommunestyret gjer vedtak om foreldrebetalinga for kvart budsjettår fordelt med lik sum kvar månad i 11 månader. I hausthalvåret betalar ein for 5 månader og i vårhalvåret for 6 månader.

Barnehagane har ulike opningstider. Ved for sein henting i høve gjeldande opningstider, betalar dei føresette ein fast sum, fastsett av kommunen. For 2007 er denne sett til kr. 170,- pr. på begynt time. Søknad om fritak for betaling vert å senda Balestrand sosialkontor. Rådmann kan i særlege høve fråvika reglane for eigenbetaling. Ved misleghald av betaling kan tildelt plass dragast inn ved frist for betaling ved 2. purring Juli er betalingsfri månad. 10 BARNEHAGELOKALE For leike- og opphaldsareal er nedre norm 4,5 m2 pr. barn. 11 OPNINGSTIDER Sagatun og Nesse barnehage er opne heile året. Tilbodet på Fjordtun oppvekstsenter er stengd ein mnd. om sommaren. Sagatun barnehage har tilbod 2, 2 ½, 3, 4 og 5 dg plassar, Nesse og Fjordtun har 2, 3, 4 og 5 dagars plassar. Barnehagane har ulike opningstider. Dei vil bli gjort kjende på søknadsskjema til barnehagane og som del av vedtektene. 12 INTERNKONTROLL For internkontroll gjeld Balestrand kommune sine HMT (helse, miljø, tryggleik) føresegner. VURDERING I vedtektene til kommunen står det i 7 OPPTAKSTIDER Barnehageåret tek til 20. august og varer til 19. august neste år. På Fjordtun tek barnehageåret til den 1.august og er slutt siste yrkedagen i juni. Hovudopptak er i mars/april og suppleringsopptak i oktober/november. Søknadsfristar vert gjorde kjende ved utlysing. Søknadsskjema får du på rådhuset, i barnehagane og på Balestrand kommune si heimeside. Balestrand kommune har praksis med at opptak av barn til barnehagane finn stad gjennom heile året. Difor har ein i dei seinare år ikkje hatt særskilde søknader til suppleringsopptaka som har funne stad i oktober / november. Ein kan difor ikkje lenger sjå føremålet med å gjennomføre suppleringsopptak. I vedtektene til kommunen står det i 8 OM OPPSEIING Det er ein (1) månads oppseiingstid og oppseiinga skal vera skriftleg. Etter 1. februar er oppseiingstida 3 månader, med unnatak av oppseiing som fylgje av flytting Praksisen ein har med å ta inn barn gjennom heile året, medfører at styrar får forventingar frå brukarar om å tildele plass med svært kort frist. For å planlegge og for å justere bemanninga, ser ein at det er trong for å setja ein (1 månad) månad frist frå søknad om plass er handsama til ein kan ta den i bruk.

Endring av vedtektene bør og vurderast i lys av at det no er ein lovpålagt rett til barnehageplass frå august det året barnet fyller eitt år. Dei nye føresegnene i barnehagelova lyder slik: 12a. Rett til plass i barnehage Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august i samsvar med denne loven med forskrifter. Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er bosatt. Kommunen skal ha minimum ett opptak i året. Søknadsfrist til opptaket fastsettes av kommunen. Rådmannen kan ikkje sjå at dette isolert sett medfører trong for å endre vedtektene eller kommunen sin praksis. Men det er viktig å vere merksam på denne endringa. Kanskje bør ordlyden i 6 vurderast slik at den er tilpassa retten til barnehageplass. Det er ikkje medteke her. Rådmannen si tilråding: 6 OPPTAKSREGLAR i vedtekter for barnehagane i Balestrand vert endra slik: Barnehageplass er eit frivillig tilbod til alle born i kommunen mellom 1-5 år. Er det ikkje plass til alle som ønskjer der, skal nemnda prioritera søkjarane i slik rekkjefølgje: 1. Born med nedsatt funksjonsevne og /eller som har foreldre/føresette med slike hemmingar og / eller barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntjenester 2. Born frå familiar med særlege sosiale/helse- eller miljøtilhøve som gjer at barnet kan ha nytte av opphald i barnehage. 3. Born med einslege foreldre/forsytarar. 4. Born som bur isolert til og/eller har farlege bu- og leiketilhøve. 5. Born som søkjer om endring av barnehageplass. 6. Under elles like tilhøve, får eldre born plass føre yngre. Born som har plass held fram med denne, men må søkja om endring av plass. Dersom ikkje plass vert sagt opp har barnet plassen til 20.august i det året barnet tek til i skulen. Ved særlege høve kan barnehagane ta inn born utanom hovudopptaket. Barnehagane kan ta inn dagborn. 7 OPPTAKSTIDER i vedtekter for barnehagane i Balestrand vert endra slik: Barnehageåret tek til 20. august og varer til 19. august neste år. På Fjordtun tek barnehageåret til den 1.august og er slutt siste yrkedagen i juni. Hovudopptak er i mars/april. Søknadsfristar vert gjorde kjende ved utlysing. Søknadsskjema får du på rådhuset, i barnehagane og på Balestrand kommune si heimeside. 8 OM OPPSEIING i vedtekter for barnehagane i Balestrand vert endra slik: 8 OM OPPSTART OG OPPSEIING Når barnehagen tek inn barn utanom hovudopptaket, blir det pårekna ein månad (1 månad) frå ein får svar på søknad om plass og til barnet kan byrje i barnehagen.

Det er ein (1) månads oppseiingstid og oppseiinga skal vera skriftleg. Etter 1. februar er oppseiingstida 3 månader, med unnatak av oppseiing som fylgje av flytting Handsaming: Utval for oppvekst og omsorg : Det vart røysta over tilrådinga frå rådmannen. Tilråding 6 OPPTAKSREGLAR i vedtekter for barnehagane i Balestrand vert endra slik: Barnehageplass er eit frivillig tilbod til alle born i kommunen mellom 1-5 år. Er det ikkje plass til alle som ønskjer der, skal nemnda prioritera søkjarane i slik rekkjefølgje: 1. Born med nedsatt funksjonsevne og /eller som har foreldre/føresette med slike hemmingar og / eller barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntjenester 2. Born frå familiar med særlege sosiale/helse- eller miljøtilhøve som gjer at barnet kan ha nytte av opphald i barnehage. 3. Born med einslege foreldre/forsytarar. 4. Born som bur isolert til og/eller har farlege bu- og leiketilhøve. 5. Born som søkjer om endring av barnehageplass. 6. Under elles like tilhøve, får eldre born plass føre yngre. Born som har plass held fram med denne, men må søkja om endring av plass. Dersom ikkje plass vert sagt opp har barnet plassen til 20.august i det året barnet tek til i skulen. Ved særlege høve kan barnehagane ta inn born utanom hovudopptaket. Barnehagane kan ta inn dagborn. 7 OPPTAKSTIDER i vedtekter for barnehagane i Balestrand vert endra slik: Barnehageåret tek til 20. august og varer til 19. august neste år. På Fjordtun tek barnehageåret til den 1.august og er slutt siste yrkedagen i juni. Hovudopptak er i mars/april. Søknadsfristar vert gjorde kjende ved utlysing. Søknadsskjema får du på rådhuset, i barnehagane og på Balestrand kommune si heimeside. 8 OM OPPSEIING i vedtekter for barnehagane i Balestrand vert endra slik: 8 OM OPPSTART OG OPPSEIING Når barnehagen tek inn barn utanom hovudopptaket, blir det pårekna ein månad (1 månad) frå ein får svar på søknad om plass og til barnet kan byrje i barnehagen. Det er ein (1) månads oppseiingstid og oppseiinga skal vera skriftleg. Etter 1. februar er oppseiingstida 3 månader, med unnatak av oppseiing som fylgje av flytting MØTEBOK Samrøystes

Sak nr.: Utval Møtedato 2/09 Utval for oppvekst og omsorg 28.01.2009 Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaknr.: 09/84 Arkiv: H40 PROTOKOLL: PLEIE- OG OMSORGSTILBODET TIL BARN OG UNGE I BALESTRAND KOMMUNE Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Sosialtenestelova Kommunehelsetenestelova SAKSOPPLYSNINGAR I åra framover vil behovet for samordna tenester til funksjonshemma barn og unge i Balestrand kommune auke. Ein reknar med at det innan to-tre år kan dreie seg om inntil femseks barn og unge med psykisk eller fysisk utviklingshemming. Etter lovverket vil kommunen ha visse pliktar, og den mest sentrale føresegna er sosialtenestelova 4-2: De sosiale tjenester skal omfatte a) praktisk bistand og opplæring, herunder brukerstyrt personlig assistanse, til dem som har et særlig hjelpebehov på grunn av sykdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker, b) avlastningstiltak for personer og familier som har et særlig tyngende omsorgsarbeid, c) støttekontakt for personer og familier som har behov for dette på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problemer, d) plass i institusjon eller bolig med heldøgns omsorgstjenester til dem som har behov for det på grunn av funksjonshemming, alder eller av andre årsaker, e) lønn til personer som har et særlig tyngende omsorgsarbeid. Også etter helsetenestelova vil kommunen kunne ha pliktar når vedkomande har eit pleiebehov. I arbeidet med kommuneplanen for Balestrand kommune har dette vore ein del fokusert. I høve til nye oppgåver vil det vere behov for å avklare bemanning, kompetanseutviklingstiltak, vetak om tenester i høve til gjeldande reglar og rutinar, avstemming mot budsjett osv. Men det som vert opplevd som mest kritisk på dette stadiet, er å få lagt ein strategi framover i høve til eit høveleg bustadtilbod som ein ser at det vil verte behov for.

Omsorgsbustaden Nedre Sande, med fire separate bueiningar og ein del for kontor og personalrom m.v. er no ledig. Det har vore peikt på at eit alternativ kan vere å disponere denne bustaden til føremålet. Andre eksisterande lokale som er ledige eller som eventuelt kan omdisponerast til eit slikt føremål har ikkje vore identifisert så langt. Det som då er alternativet til å nytte Nedre Sande synest såleis å vere bygging av ny omsorgsbustad. Det er fastsett ei tilskotsordning for omsorgsbustader for personar med behov for heildøgns helse- og sosialtenester. Denne inneber at det kan gjevast eit tilskot frå Husbanken tilsvarande 20 % av godkjende anleggskostnader, avgrensa oppover til kr 417.600. VURDERING Dei fyrste søknadene ligg føre, og behovet for nye tilbod har ein alt frå 2009 for ein-to personar. Det synest såleis viktig at politiske organ raskt tek stilling til kva som skal vere kommunen sin strategi i høve til bustadspørsmålet i denne samanhengen. Å velje bustaden Nedre Sande ville gi ei rask avklaring og ein kunne kome i gang raskt med tilbodet. Denne bustaden er innretta slik at den har fire separate husvære med berre utvendig tilkomst. Dette kan innebere ulemper i høve til eit rasjonelt driftsopplegg. Å bygge nye husvære inneber økonomiske utfordringar. Gjeldande tilskotsordning er ikkje veldig god. Tilskotet frå Husbanken er avgrensa til 20 % og maksimalt kr 417.600 pr eining i 2009. Dersom eit bygg med fire husvære koster kr 4 mill, vil kommunen sin del såleis verte kr 3,2 mill. Ein vesentleg del av årlege låneutgifter vil kommunen kunne få dekka ved husleigeinntekter frå bebuarane. Tidsfaktoren vil verte vesentleg annleis ved nytt bygg, det må gjerast arbeid med avklaring av tomt, planleggjing av bustaden, innhenting av tilbod og gjennomføring av bygginga. På den andre vil ein ved ei slik løysning kunne tilpasse meir til ulike behov og omsyn, både lokalisering og innretning av bustaden. Ved ei slik løysing vil ein og få frigjort Nedre Sande til andre føremål. Dette bygget ligg på ei tomt som har ei attraktiv/god lokalisering. Andre aktuelle måtar å disponere denne eigedomen på, er å selje den eller nytte den til andre kommunale føremål, som t.d. bustader for flyktningar dersom det er aktuelt. Rådmannen er i tvil om tilrådinga i saka, men ser desse to alternativa: Alt 1: Utval for oppvekst og omsorg går inn for at bustaden Nedre Sande vert nytte som omsorgsbustader/avlastningstilbod i høve til funksjonshemma barn og unge. Alt 2: Utval for oppvekst og omsorg går inn for at det vert bygd ein bustad med fire husvære som omsorgsbustader med heildøgns pleie og omsorgstilbod til funksjonshemma barn og unge. Det vert sett ned ei plannemnd for avklaring av tomt og val av løysing innan 01.06.09, med desse politiske representantane:

Rådmannen peiker ut medlemar frå administrasjonen. Rådmannen si tilråding: Handsaming: Utval for oppvekst og omsorg : Utvalet kom samla fram til slikt vedtak: Tilråding: Det vert sett ned ei arbeidsgruppe for vurdering av framtidig pleie- og omsorgstilbod til funksjonshemma barn og unge. Desse politiske representantane vert oppnemnt: Leif Grinde Kari Tordis Aarskog Utvalet tilrår at det vert oppnemnt ein medlem frå utval for plan og utvikling. Rådmannen peiker ut medlemar frå administrasjonen. Frist for arbeidet vert sett til 01.04.09. Samrøystes