FINNØY KOMMUNE FORMANNSKAPET M ø t e p r o t o k o l l Møtedato: 23.09.2015 Møtestad: Finnøy rådhus, formannskapssalen Møtetid: Kl. 08:45 12:00 Møtet vart styrt av: Gro Skartveit Medlemene var innkalla i skriv d.18.09.2015 Til stades: Gro Skartveit (V), Jon Olav Runestad (AP), Lars Rørtveit (SP), Arna Nærland (SP), Vibeke Meling (SV), Trygve Hetland (H), Henrik Halleland (KRF), Ingvild Sevheim Steen (KRF) Einar Egeland (H) Frå administrasjonen møtte: rådmann Helene M. Ohm, avd. ing. Linda Skartveit (sak 098/15) Protokollførar: Randi-Merete Lode Finnøy 22. september 2015 Gro Skartveit ordførar Randi-Merete Lode sekretær
Saksliste: Sak nr. Saktittel 091/15 Godkjenning av innkalling og sakliste 092/15 Godkjenning av møtebok 093/15 VEGNAMN PÅ REILSTAD OG PÅ ØYAR I FJORDEN 094/15 VEDTEKTSENDRING FOR STIFTELSEN TVEIT VIDAREGÅANDE SKULE 095/15 SAMARBEID OM VASSKOORDINATOR I VASSREGIONEN ROGALAND 2016-2018 096/15 FORPROSJEKT FIBERUTBYGGING - STATUS 097/15 TEMAAVGRENSA REVISJON AV KOMMUNEPLAN 2014-2026, NY FØRSTEGONGSBEHANDLING 098/15 UTBYGGING FAATUNET - ALTERNATIVE LØYSINGAR 099/15 ØKONOMIRAPPORT 2. TERTIAL 2015 Ikkje offentleg
091/15: GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Innkalling og sakliste vert godkjend slik den ligg føre. FSK-091/15 VEDTAK 23.09.2015: Samrøystes vedteke, med følgjande sak som vart sett på saklista sak 100/15 lønsjustering rådmannen. Innkalling og sakliste vart godkjend slik den låg føre, med ekstra sak på saklista: 100/15 lønsjustering rådmannen. 092/15: GODKJENNING AV MØTEBOK Møteboka vert godkjend slik ho ligg føre. FSK-092/15 VEDTAK 23.09.2015: Møteboka vart godkjend slik ho låg føre. 093/15: VEGNAMN PÅ REILSTAD OG PÅ ØYAR I FJORDEN Finnøy formannskap vedtek desse tre nye vegnamna/adresseparsellane, med plassering og vegløp slik det blei lagt på høyring etter formannskapsvedtak FSK-062/15 den 11. juni 2015: Tantestien Djupevikvegen Finnøyfjorden. Vedtaket er i samsvar med tilråding frå Kartverket og frå Stadnamnkonsulenten for Vestlandet, og er gjort med heimel i delegeringsreglement av 2. oktober 2013, punkt 4.13. FSK-093/15 VEDTAK 23.09.2015:
Finnøy formannskap vedtek desse tre nye vegnamna/adresseparsellane, med plassering og vegløp slik det blei lagt på høyring etter formannskapsvedtak FSK- 062/15 den 11. juni 2015: Tantestien Djupevikvegen Finnøyfjorden. Vedtaket er i samsvar med tilråding frå Kartverket og frå Stadnamnkonsulenten for Vestlandet, og er gjort med heimel i delegeringsreglement av 2. oktober 2013, punkt 4.13. 094/15: VEDTEKTSENDRING FOR STIFTELSEN TVEIT VIDAREGÅANDE SKULE Finnøy formannskap rår kommunestyret til å vedta: Finnøy kommune har ingen merknader til forslaget om vedtektsendringar for Tveit vidaregåande skule. Styrerepresentasjonen for kommunane Finnøy og Rennesøy bør gå på omgang. Når Finnøy har styrerepresentanten, bør Rennesøy ha personleg vara, og omvendt. FSK-094/15 VEDTAK 23.09.2015: Finnøy formannskap rår kommunestyret til å vedta: Finnøy kommune har ingen merknader til forslaget om vedtektsendringar for Tveit vidaregåande skule. Styrerepresentasjonen for kommunane Finnøy og Rennesøy bør gå på omgang. Når Finnøy har styrerepresentanten, bør Rennesøy ha personleg vara, og omvendt. 095/15: SAMARBEID OM VASSKOORDINATOR I VASSREGIONEN ROGALAND 2016-2018 Finnøy kommune ønskjer å delta i samarbeid om felles vasskoordinator for Ryfylke vassområdet, herunder med å finansiere inntil kr. 20 000,- i den fire års perioden prosjektet er planlagt. For Finnøy kommune er det viktig at det er tett samarbeid med vasskoordinatoren i Jæren vassområde. Finnøy kommune ønskjer å ha arbeidsgivaransvar og vere vertskommune for ein vasskoordinatorstilling innan eiget vassområdet.
FSK-095/15 VEDTAK 23.09.2015: Gro Skartveit (V) fremja følgjande tillegg til rådmannen sitt forslag: «inntil kr. 20 000,- pr. år». Tryge Hetland (H) fremja følgjande forslag: «Finnøy kommune ynskjer ikkje å verta ein del av felles vasskoordinator». Jon Olav Runestad (AP) fremja følgjande forslag: «Som innstillinga frå administrasjonen, men utan siste setning». Ved votering fekk forslaget frå Trygve Hetland (H) 2 røyster (H) og falt. Ved votering fekk forslaget frå Jon Olav Runestad (AP) 3 røyster (AP og H) og falt. Ved votering fekk forslaget frå Gro Skartveit (V) 6 røyster (V, SP, SV og KRF) og vart vedteke. Finnøy kommune ønskjer å delta i samarbeid om felles vasskoordinator for Ryfylke vassområdet, herunder med å finansiere inntil kr. 20 000,- pr. år i den fire års perioden prosjektet er planlagt. For Finnøy kommune er det viktig at det er tett samarbeid med vasskoordinatoren i Jæren vassområde. Finnøy kommune ønskjer å ha arbeidsgivaransvar og vere vertskommune for ein vasskoordinatorstilling innan eiget vassområdet. 096/15: FORPROSJEKT FIBERUTBYGGING - STATUS Formannskapet tek saka om forprosjekt fiberutbygging til orientering. FSK-096/15 VEDTAK 23.09.2015: Formannskapet tek saka om forprosjekt fiberutbygging til orientering. 097/15: TEMAAVGRENSA REVISJON AV KOMMUNEPLAN 2014-2026, NY FØRSTEGONGSBEHANDLING Forslag til Kommuneplan arealdel 2014-2026 datert 27.05.2015 med følgjande endringar vert sendt på ny avgrensa høyring: 1. Bustadformål: 1.1. Forslag frå Sverre Jensen, jnr 54;
BU51-6, eksisterande bustadar, tilrås utvida til å omfatte delar av 4/8, og arealet vert slik endra frå grønnstruktur til bustad. Dette er delvis i tråd med forslag. Samstundes tilrås del av 4/37 og 4/38 endra tilsvarande. Det vert tilrådd føresegn om at det skal leggast til rette for gåande til LEIK2 langs eller gjennom omdisponert areal. 1.2. Forslag frå Erlend Eggebø, Oddvin Eggebø, Dagny Reilstad, og Svend Reilstad, jnr 59, delvis i tråd med forslag: a) BU51-3, eksisterande bustadar, tilrås utvida til å omfatte større del av 4/2, 4/30 og 4/140 i samsvar med dagens bruk. b) BU51-4, nye bustadar, tilrås utvida til å omfatte større del av 4/38, område C, og areala vert slik endra frå grønnstruktur til bustad. c) BU51-5, eksisterande bustadar, tilrås utvida til å omfatte større del av 4/38, område B og C, og areala vert slik endra frå grønnstruktur til bustad. Det vert sett vilkår om gangforbindelse i eksisterande vegtrase gjennom området. d) BU51-10, nye bustadar, tilrås utvida til å omfatte større del av 4/38, område A, C og D, og areala vert slik endra frå grønnstruktur til bustad. 2. Bustadformål og grønnstruktur: 2.1. Forslag frå Brynjar Steinsøy og Sigrun Gaard Steinsøy, jnr 64; BU51-7, eksisterande bustadar, tilrås utvida til å omfatte større del av 4/157. Dette er delvis i tråd med forslag. Samstundes tilrås del av 4/158 endra tilsvarande. Areala vert slik endra frå grønnstruktur til bustad. Det skal avsettast 2 meter langs nedre eigedomsgrense til gangforbindelse. Samstundes vert ein tilsvarande del av BU51-6 på 4/6, med 2 meters bredde, endra frå bustad til grønnstruktur. 2.2. Forslag frå Ranveig Reilstad, jnr 66; BU51-7, eksisterande bustadar, tilrås utvida til å omfatte del av 4/6. Samstundes tilrås ein del av BU51-6 på 4/6 endra frå bustad til grønnstruktur; gangforbindelse med 4 meter bredde mellom ny og eksisterande bustadtomt. Dette er delvis i tråd med forslag. Det vert og sett vilkår om at det skal leggast til rette for gangforbindelse gjennom BU51-6 mot vest. 3. Grønnstruktur: 3.1. Forslag frå rådmannen: Grønnstruktur mellom OF2 og BU51-10 vert justert mot nord, G1. 3.2. Forslag frå rådmannen: Det skal sikrast allmenn ferdsel og bruk innanfor G2, G3 og G4. Tiltak som privatiserer desse områda vil bli vurdert fjerna eller tilbakeført. 4. LNFR 4.1. Forslag frå Svend Reilstad, jnr 70; BU51-11 tilrås endra frå bustad til LNFR. Dette er i tråd med forslag. Følgande endringar vert ikkje tilrådde: 5. Bustadformål: 5.1. Forslag frå Øyvind Eggebø og Øystein Eggebø, jnr 44 og 63; Nytt område for bustadar på delar av 5/1. Ikkje tilrådd. 5.2. Forslag frå familien Wolden, jnr 58; Forslag om utvida BU51-1 for større del av 4/48 og delar av 4/84, samt høve for auka utnytting på eigedommane. Ikkje tilrådd. 5.3. Forslag frå Erlend Eggebø, Oddvin Eggebø, Dagny Reilstad, og Svend Reilstad, jnr 59; a) BU51-4, nye bustadar, område A, B og D, tilrås ikkje. b) BU51-5, eksisterande bustader, område A og D, tilrås ikkje.
c) BU51-10, nye bustadar, område B og E, tilrås ikkje. d) OF2 endra til bustadformål. Ikkje tilrådd. 5.4. Forslag frå Sveinung Handeland, jnr 62; Nytt område for bustadar på delar av 5/2. Ikkje tilrådd. 5.5. Forslag frå Haver Advokatfirma ANS, jnr 73; Bustad- og naustområde for delar av 4/96. Ikkje tilrådd. 6. Småbåtanlegg i sjø og vassdrag Småbåtanlegg i sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone 6.1. Forslag frå Erlend Eggebø, Oddvin Eggebø, Dagny Reilstad, og Svend Reilstad, jnr 59; Småbåtanlegg i sjø og småbåtanlegg med tilhøyrande strandsone vert foreslått innarbeida som i forslag til detaljregulering. Ikkje tilrådd. 7. LNFR 7.1. Forslag frå Knut Nærland og Tor Bjarne Flesjå, jnr 57; Grønnstruktur på 3/7,6 og 3/17 vert foreslått endra til LNFR. Ikkje tilrådd. Oppnemning av politiske representantar Det vert oppnemnt følgjande politiske representantar som deltek i avklaringar om motsegnene som ligg føre; o o o Ordførar Leiar av Formannskapet Leiar av Forvaltningsstyret FOR-175/15: (Saka var trekt frå saklista, jfr. sak 164/15 Godkjenning av innkalling og sakliste.) FSK-097/15 VEDTAK 23.09.2015: Gro Skartveit (V) fremja forslag om å utsetja saka. Saka vert utsett. 099/15: ØKONOMIRAPPORT 2. TERTIAL 2015 Formannskapet rår kommunestyret til følgjande: Kommunestyret tek økonomirapporten for 2. tertial 2015 til etterretning.
FSK-099/15 VEDTAK 23.09.2015: Formannskapet rår kommunestyret til følgjande: Kommunestyret tek økonomirapporten for 2. tertial 2015 til etterretning. ************ TILLEGGSSAK ************ 100/15: LØNSPLASSERING RÅDMANN Saka vert lagt fram utan innstilling. FSK-100/15 VEDTAK 23.09.2015: Saka var unntatt offentlegheita, av omsyn til økonomi, løn eller personal, jf. 23. Formannskapet vedtek å auke løna til rådmannen med 2,5 % med verknad frå 01.05.2015. Ny årsløn vert kr. 878 500,- Formannskapet vedtek å auke løna til rådmannen med 2,5 % med verknad frå 01.05.2015. Ny årsløn vert kr. 878 500,-