Nausta Elveeigarlag v/eiliv Erdal Bervellene 7 6817 Nausta Naustdal 01.12 2013 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane John Anton Gladsø Njøsavegen 2 6863 Leikanger Søknad om endring av fisketid og kvotar for Nausta 2014 Nausta elveeigarlag søker med dette om fisketid i 2014 for perioden 1.juni til 31.august, med kvotar basert på føre var prinsippet. Nausta har frå 2008 blitt forvalta etter ein modell med sesongkvote på mellom- og storlaks og personlege døgnkvote på smålaks. Denne modellen er no godt innarbeid hos grunneigarane, sportsfiskarane og den restriktive forvaltninga har gitt gode resultat. Vi ynskjer no å vidareutvikle kvotemodellen til føre var prinsippet. Modellen vil fungere slik: Mellom- og storlaks: Sesongkvote for heile elva på 30 laks over 3.0 kilo. Kvota blir fordelt slik: 10 Laks frå sjøen til Naustdalsfossen. 10 Laks frå Naustdalsfossen til Hovefossen. 10 laks over Hovefossen. Viser det seg at det er mindre antal laks over 3.0 kilo enn forventa, dei 10 første dagane av sesongen, vil styret i elveeigarlaget redusere kvota/trekke inn ikkje oppfiska kvote. Skada laks over 3.0 kilo, som vert avliva skal innleverast til Naustdal sjukeheim. Smålaks: Personleg døgnkvote på ein villaks med vekt på inntil 3.0 kilo. Unntatt personleg døgnkvote er fiskerettane under Naustdalsfossen og Hovefossen. For fiskerettane under Naustdalsfosen er det ei samlekvote på 10 villaks kvart fiskedøgn. I dette inngår Hogafossen med ei kvote på 2 villaks. For fiskeretten til Frank Rune Aas og Ole Magnus Klopstad under Hovefossen, er det ei samlekvote på 3 villaks for kvar rett, kvart fiskedøgn. Fiskereiskap: Det vert innført påbod om sirkelkrok ved markfiske, for å redusere antal laks over 3.0 kilo som må avlivast pga. krokskade. Ein vil oppfordre alle grunneigarane å gå til innkjøp av knutefri hov, til eige bruk og i utleigesamanheng. Dette vil gi reduserte skadar på skjella og slimet til laksen.
Fiskeoppsyn: Det vert fiskoppsyn med personar frå politietaten. Fangstrapportering: All laks over 3.0 kilo skal omgåande innrapporterst på SMS. Dette for at vi til ei kvar tid skal ha god oversikt over den vektkassen som står for 70 % av rogndeponeringa i Nausta. Rutinane for fangsrapportering vil bli forbetra. I den samanheng vil vi søke råd hos fiskeriforvaltar. Vi har som mål at vi skal ha ferdig ein fangsrapport, innan 14 dagar etter avslutta fiskesesong. Rapporten skal ha høg statistisk kvalitet og alle grunneigarane skal rapportere til Nausta elveeigarlag. Samlekvote for laks over 3.0 kilo, kombinert med låge personlege døgnkvotar for smålaks, har vist seg å vere den beste forvaltningsmodellen for å sikrar at ein når gytemålet for Nausta. Basert på erfaringar vist i vedlegg 1 feilslåtte kvotar, er vi trygge på at når vi innfører føre var prinsippet så har gjort alt det vi kan, for å nå gytemålet også i dei åra det er lite mellomog storlaks. Ein auke av fiskesesongen i Nausta med 30 dagar vil auke omsetninga i lakseturismen med ca. kr.1.000.000. I ei vanskeleg tid for, landbruket vil dette vere av stor økonomisk betydning for dei grunneigarar som har inntekt frå laksefiske. Rettigheitshavarane i Nausta er organisert via jordskifte og laget har eit velfungerande styre. Nausta elveeigarlag ser fram til eit positivt vedtak på søknaden. For spørsmål kontakt styreleiar i Nausta elveeigarlag Eiliv Erdal på telefon 90 52 19 97. Med vennleg helsing Eiliv Erdal Styreleiar Nausta elveeigarlag Vedlegg: 1. Effekt og erfaring med kvotar i perioden 2008 2013. 2. Gytemåloppnåing 2013. 3. NINA rapport.
Vedlegg 1 effekt og erfaring med kvotar i perioden 2008-2013 1. Fangstutvikling for perioden 2008 2013: Årstal Laks under 3 kilo Laks over 3 kilo Totalt Utsett % Totalt Utsett % 2008 682 52 8 169 132 78 2009 579 38 7 185 67 36 2010 876 285 33 174 94 54 2011 789 103 13 433 338 78 2012 1.218 303 25 686 503 73 2013 754 155 21 279 156 56 Snitt 816 156 19 321 215 67 Auke i smoltproduksjon som følgje av usett laks: Årstal Laks under 3 kg. Laks over 3 kg. Totalt smolt Smålaks 2008 770 11.700 12.470 624 2009 560 6.000 6.560 328 2010 4.200 8.200 12.400 620 2011 1.500 30.500 32.000 1.600 2012 4.500 45.000 49.500 2.475 2013 2.300 15.000 17.300 865 Totalt 13.830 116.400 130.230 6.512 Kommentarar til smoltproduksjon: Fangsstal for perioden 2008 til 2012 er innhenta frå Ola Ugedal i NINA. For 2013 frå John Anton Gladsø. Smoltproduksjon er basert på retningslinjer frå Ola Ugedal i NINA. Det er rekna 30 % holaks i vektklassen inntil 3.0 kilo og 65 % over 3.0 kilo. Rogn pr. kilo laks er 1.450 stk. Overleving frå rogn til årsyngel 10 % og til treårig smolt 20 %. 5 % sjøoverleving frå smolt til smålaks. Dette vil variere svært mykje. I 2011 og 2012 var det truleg meir gytelaks, enn det ein reknar med er elvas øvre produksjonsevne for smoltproduksjon. Dvs. at ein ikkje fekk full nytte av all utsett laks. Feilslåtte prognosar: NINA utarbeider kvotane for laks over 3.0 kilo. I 2009 sette dei kvota for høg og i 2012 for lågt. I 2013 var kvoteforslaget på 200 laks. Nausta elveeigarlag syntest at dette var for høgt og reduserte på eige initiativ kvota med 40 % til 120. Dette viste seg å vere rett. Erfaringar med sesongkvote for mellom- og storlaks: Når modellen var innført i 2008 var det stor skepsis blant grunneigarar og fiskarar. Resultata er no so gode at få om ingen vil gå tilbake til personlege døgnkvotar for laks over 3.0 kilo. Dette skuldast at ein har lært at uttaket av den viktigaste gytelaksen blir for stort, når mellom- og storlaksen skal forvaltast etter personlege døgnkvotar
Pga. dei strenge kvotane, har smoltproduksjonen auka, laksen er blitt betre fordelt over heile elva og det har blitt fleire attraktive fiskeplassar. Dette har styrka grunneigarsamarbeidet og auka tilstrøyminga av sportsfiskarar som har fokus på forvaltning. Redusert fiskesesong med 30 dagar gir eit verditap for lakseturismen på ca.1.000.000. Når NINA som har dei beste fagfolka, har bomma på kvotane i tre av seks år, så viser dette at det er tilnærma umogeleg å fastsetje rette kvotar før fiskestart. Det er på tide å gjere endringar i kvotemodellen.
Vedlegg 2 gytemåloppnåing Gytebestandsmål: Gytebestandsmål for Nausta er 2.171 kilo hofisk (1.628 2.713) Oppgang i Hovefossen: Vedlagt er epost frå Anders Lamberg av 4.november som viser oppgang i Hovefossen. Han har berekna at det har passert 3.095,7 kilo holaks gjennom teljaren. Det er avliva få laksar over 3.0 kilo som har passert Hovefossen. Flytteljing: 12.september gjennomførte Anders Neteland flytteljing av laks på området mellom Naustdalsfossen og Hovefossen. Han registrerte ca. 270 mellom- og storlaks. Netelander har god erfaring med dykking og flytteljing, så resultata kan reknast for å vere pålitelege. I perioden frå 12 og fram til trappa vart stengt i Hovefossen 24.september, vart det registret 28 laks gjennom teljar/registret på video. Er det behov for meir informasjon, for å stadfeste gytemåloppnåing i 2014, så vil vi framskaffe dette.