ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2016/1745 Løpenr.: 12288/2016 Utvalsaksnr. Utval Møtedato Levekårsutvalet Ørsta formannskap Ørsta kommunestyre Saka gjeld: BETALINGSSATSAR FOR SEKSJONANE KULTUR, SKULE, BARNEHAGE OG OMSORG OG REHABILITERING TILRÅDING TIL VEDTAK: Formannskapet rår kommunestyret til å godkjenne slike betalingssatsar for tenester i Ørsta kommune i : Satsar i seksjon kultur Kulturskulen: Kontingenten i kulturskulen fylgjer skuleåret i staden for kalenderåret. Kontingenten vert foreslått auka slik: Kulturskuleår Pris pr år Skuleår 2016/ 3 300 Skuleår /2018 3 400 Familiemoderasjon som tidlegare: 3 elevar eller fleire gir 25% rabatt. Prisliste for alle utleigesatsar ved Ørsta kulturhus ligg som vedlegg til saka. Satsar i seksjon skule Prisane vert foreslått auka med 2%. Satsar SFO Vår- Haust- Ordinær Matpengar Ordinær Matpengar Fullt tilbod (meir enn 19 t/v) 2 780 155 2 830 160 Redusert tilbod (10-18 t/v) 2 045 105 2 085 110 Korttidstilbod (inntil 9 t/v) 1 265 75 1 290 80 Enkelttimar 75 75
Satsar i seksjon barnehage Foreldre skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. Maksprisen for 2016 er 2 655 per månad, og totalt 29 205 kroner pr. år. Maksprisen vert fastsett av Stortinget i samband med framlegging av statsbudsjettet, og vert derfor ikkje kjent før dette vert lagt fram.(6.10.17) Satsen for matpengar vert foreslått auka med 2% til kr 360,- (frå kr 350,-) for 100% plass. Satsar for heimehjelp og andre tenester i seksjon omsorg og rehabilitering Vert foreslått auka med 2%. 1. Praktisk bistand i heimen Inntektsgrunnlag Pris pr. mnd. 0-2G Inntil kr 185 152 190* 2G-3G kr 185 153 til kr 277 728 970 3G-4G kr 277 729 til kr 370 304 1 260 4G-5G kr 370 305 til kr 462 880 1 675 Over 5G Kr 462 881 og over 2 255 Timesats enkelttimar 305 *Fastsett i sentral forskrift og kan bli endra. 1G=kr. 92 576,- frå 01.05.2016 2. Sal av mat Vare Pris Middag til heimebuande 90 Middag på institusjon/dagsenter 70 Halvporsjon middag på 55 institusjon/dagsenter Frukost/kvelds 50 Full pensjon i bufellesskap pr. døgn 145 3. Tryggleiksalarmar Tryggleiksalarmar Satsar Alarm knytt til 110- sentralen 380 Alarm knytt til sentralen på BakkOlaMarka 160 4. Maksimalsats for opphald i institusjon For vert øvre grense for eigenbetaling for opphald i sjukeheimsavdelinga i kommunen Kr. 78 000,-pr. mnd. (Dette vert kalla kurdøgnpris. Dette betyr at dersom ein bebuar har høgare inntekter som i følgje utrekningsreglane vil føre til at eigenbetalinga vert høgare enn kurdøgnprisen, så er kurdøgnprisen maksimum av kva bebuaren skal betale.) Det er ikkje lov å ta høgare pris enn kva det kostar kommunen å halde open ein institusjonsplass.
Saksvedlegg: Utleigesatsar Ørsta kulturhus Saksopplysningar: Satsar i seksjon kultur Kulturskulen: Kontingenten fylgjer skuleåret i staden for kalenderåret. Kontingenten vert foreslått auka slik: Kulturskuleår Pris pr år Skuleår 2016/ 3 300 Skuleår /2018 3 400 Familiemoderasjon som tidlegare: 3 elevar eller fleire gir 25% rabatt. Husleigesatsar på kulturhuset: Det vert foreslått å auke nokre postar for. Kinosal -Utleige utan billettsal (øving) kr 1 400 (auke frå 1 300) -Teater, konsertar, show, konferanser pr framsyning amatør/lokal kr 3 100 inkl huset sitt lyd/lys anlegg (auke frå 3 000) - Prosjektor inne i kinosalen kr 500 (ny post) Billettavgift Billettavgift lokal/amatør kr 20 (auke frå 15) Billettavgift proff kr 25( auke frå 20) Service tilbod: rigging av bord og stolar kr 500(ny post) Resten av satsane vert uendra, dei ligg som vedlegg til saka. Satsar i seksjon skule Satsane for SFO vart frå og med 2016 endra ved starten av nytt skuleår, dette for å gjere det meir føreseieleg for foreldra å søkje og ta i mot SFO-plass. Betalingssatsane for plass i kommunalt SFO-tilbod frå 01.08.2016, dvs for skuleåret 2016-17, vert auka med 2 %. Satsane vert då slik: Vår- Haust- Ordinær Matpengar Ordinær Matpengar Fullt tilbod (meir enn 19 t/v) 2 780 155 2 830 160 Redusert tilbod (10-18 t/v) 2 045 105 2 085 110 Korttidstilbod (inntil 9 t/v) 1 265 75 1 290 80 Enkelttimar 75 75
Satsar i seksjon barnehage Foreldre skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. Makspris for 2016 er 2 655 per månad, og totalt 29 205 kroner pr. år. Maksprisen gjeld for alle barnehagar, uavhengig av om dei er offentlege eller private. Prisen vert fastsett av Stortinget i samband med framlegging av statsbudsjettet, makspris for vert difor ikkje kjent før statsbudsjettet for er lagt fram. Barnehagane kan krevje betaling for kost (matpengar) i tillegg til maksprisen. Satsen for matpengar vert foreslått auka med 2% til kr 360,- (frå kr 350,-) for 100% plass. I 2015 vart ei ny moderasjonsordning for foreldrebetaling innført, der familiar med låg samla inntekt skal få reduksjon i prisen, og barn i alder 3, 4 og 5 år i låginntektsfamiliar skal få tilbod om 20 timar gratis opphald per veke. Dette gir endringar i barnehagane sine inntekter, og må såleis bli tatt høgde for i budsjettet. Satsar i seksjon omsorg og rehabilitering Praktisk bistand Eigenbetaling for praktisk hjelp er regulert med skjermingsreglar for husstandar med inntekt mindre enn 2 gongar grunnbeløpet i folketrygda. Satsane for blir foreslått auka med 2%. Satsane gjeld abonnementsordning og er å forstå som skjermingsregel for utgiftstak for den enkelte brukar av praktisk bistand. Inntil pristaket for den enkelte inntektsgruppa blir nådd, betalar brukarane for enkelttimar. Prisane nedanfor gjeld for. Nedre grense for tildeling av praktisk bistand er 1 time pr. månad Nedre grense for betaling per månad er 190* kroner Enkelttimar kostar 305 kroner (Med unntak av brukarar med lågare inntekt enn 2G) men brukarar skal i utgangspunktet abonnere på tenesta, sjå tabell nedanfor. Brukarar vil verte fakturerte i forhold til timepris og abonnementspris på den måten som gjev brukar lågast utgift. Pr. 1.5.2016 tilsvarar 1G (grunnbeløpet i folketrygda) 92 576 kroner. Satsane for praktisk bistand i heimen vert då slik: Inntektsgrunnlag Pris pr. mnd. 0-2G Inntil kr 185 152 190* 2G-3G kr 185 153 til kr 277 728 970 3G-4G kr 277 729 til kr 370 304 1 260 4G-5G kr 370 305 til kr 462 880 1 675 Over 5G Kr 462 881 og over 2 255 Timesats enkelttimar 305 *Fastsett i sentral forskrift og kan bli endra. 1G=kr. 92 576,- frå 01.05.2016 Bruk av heimehjelp / praktisk bistand saman med heimesjukepleie, er avgjerande for når brukarane vil søkje teneste på eit høgare nivå, t.d. sjukeheim. Prisnivået må ta omsyn til målsetjinga om å leggje til rette for at flest mogleg skal kunne bu heime så lenge som råd.
Eigenbetaling for sal av mat Vare Pris Middag til heimebuande 90 Middag på institusjon/dagsenter 70 Halvporsjon middag på 55 institusjon/dagsenter Frukost/kvelds 50 Full pensjon i bufellesskap pr. døgn 145 (Prisar for anna sal av mat ved institusjonar/aktivitetssenter og liknande vert sett på den enkelte stad.) Betalingssatsar for tryggleiksalarmar For vert betalingssatsen for tryggleiksalarmar som følgjer: Tryggleiksalarmar Satsar Alarm knytt til 110- sentralen 380 Alarm knytt til sentralen på BakkOlaMarka 160 Tryggleiksalarmane på BakkOlaMarka har ei særordning då desse går inn som ein del av konseptet ved tildeling av bustad og tenester i eit integrert senter med tilpassa tenester der tilkalling kan vere del av dette. BakkOlaMarka har derfor eigne satsar. Husleigesatsar for husvære nytta av helse og sosialtenesta. Eigedomsavdelinga gjer ei vurdering av husleiga for bustader til helse- og sosiale formål saman med husleigesatsane for andre utleigehusvære. (dette gjeld mellom anna dei som bur i bukollektiv.) Maksimale betalingssatsar for opphald i institusjon. Etter statleg forskrift skal kommunen også fastsette kva maksimal betalingssats skal vere for opphald i kommunale institusjonar; dvs. bruk av sjukeheimsplass. I praksis vil denne summen til vanleg ikkje bety noko fordi få eller ingen bebuarar i institusjon har inntekter som tilseier så stor betaling for opphald. Men ved kjøp av plass eller ved ordning som gjeld refusjonar mellom kommunar, vil slik betalingssats kunne nyttast. Maksimale betalingssatsar skal ta utgangspunkt i budsjetterte brutto driftsutgifter utanom kapitalkostnader og brukarbetalingar. For vert øvre grense for eigenbetaling for opphald i sjukeheimsavdelinga i kommunen Kr. 78 000,-pr. mnd. (Dette vert kalla kurdøgnpris. Dette betyr at dersom ein bebuar har høgare inntekter som i følgje utrekningsreglane vil føre til at eigenbetalinga vert høgare enn kurdøgnprisen, så er kurdøgnprisen maksimum av kva bebuaren skal betale.) Vurdering og konklusjon: Rådmannen si vurdering er at betalingssatsar for tenester i seksjonane; kultur, skule, barnehage, omsorg og rehabilitering vert auka i samsvar med saksopplysningane. Ørsta, 19.09.2016 Wenche Solheim Cecilie Urke Larsen Rådmann Økonomikonsulent