REFERAT FRÅ MØTE I PROSJEKTGRUPPA FOR NY KOMMUNEREFORM



Like dokumenter
REFERAT FRÅ MØTE I PROSJEKTGRUPPA FOR NY KOMMUNEREFORM I SUNNHORDLAND FREDAG 12. DESEMBER 2014 KL

REFERAT FRÅ MØTE I PROSJEKTGRUPPA FOR KOMMUNEREFORM 20. FEBRUAR 2015 KL

Frå novelle til teikneserie

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Kommunereform i Sunnfjord

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs. Opplæringsloven 9a-3,2ledd

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG

Varsling av kritikkverdige forhold i Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr November 2009

FKRA SA - REVISJON AV VEDTEKTER MED INSTRUKSAR STYREVEDTAK INNSTILLING TIL ÅRSMØTET 2015

Frå tre små til ein stor.

Ung i utkant tankar om framtida blant ungdom frå utkantkommunar

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

-fl- DET KONGELIGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT. Kirkeg Lillehammer

RETTLEIING. til betre utgreiingar om likestilling

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET

Informasjon frå Sula kyrkjelyd. Kven er eg?

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

Evaluering av Senter for yrkesrettleiing

Skrive seg vegar inn i tekst rapport frå eit norskprosjekt

Samtalegruppe for par der den eine har kreft.

Julebordet blir på Vågen Fetevare laurdag 6. Desember kl 21. Vi tek med eigen mat, og betaler 2000 kr i leige. Alle må betale eiga drikke.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Ide Camp Rapport nr: Dato: 21. mars 2011 Utarbeida av: Cecilie Ukvitne, Egil Selvåg og Yngve Tranøy

Plan for det. psykososiale. skulemiljøet til. elevane

«Hjartetrimmen» Frå spesialisthelseteneste til kommune Helsetorgmodellen-rapport (2013/3)

Protokoll frå styremøtet i Helse Bergen

Transkript:

REFERAT FRÅ MØTE I PROSJEKTGRUPPA FOR NY KOMMUNEREFORM Tid: 7. november 2014 kl. 09.30-12.00 Stad: Samarbeidsrådet sitt møterom Tilstades: Renate Klepsvik Odd Harald Hovland Sigve Sørheim Siri Klokkerstuen Wenche Tislevoll Harald Rydland Synnøve Solbakken Arve Opsanger Liv Kari Eskeland Magnus Mjør Tore Atle Humlevik Odd Henry Dahle Reidun Rykkje Austevoll kommune Bømlo kommune Etne kommune Etne kommune Fitjar kommune Fitjar kommune Kvinnherad kommune Kvinnherad kommune Stord kommune Stord kommune Tysnes kommune Prosjektleiar Samarbeidsrådet Forfall: Inge Reidar Kallevåg, Bømlo kommune Kjetil Hestad, Tysnes kommune. Saker: Sak 07/14 Prosessane i kommunane metode for arbeidet i kommunane Sak 08/14 Gjennomgang av spørjeskjema til kommunane Sak 09/14 Forholdet til fagrørsla Sak 10/14 Informasjonsstrategi Sak 11/14 Framdriftsplan Sak 12/14 Møteplan 2015 Sak 13/14 Endring av møtedato frå 27. november til 12. desember Sak 14/14 Forhold til Fylkesmannen og KS Sak 15/14 Ymse Representasjon i kommunane Byregionprogrammet Sak 07/14 Prosessane i kommunane metode for arbeidet i kommunane Prosjektgruppa fekk i møte utdelt eit skriv der ulike metodar for involvering var lista opp. Det vart i møte ikkje konkludert med kva metodar ein ønskjer å ta i bruk. Dette vil ein kome tilbake til i møte 12 desember. Det kom likevel fram at folkemøte vil vera viktig å få til i alle kommunane. Dette vil ein laga ein felles mal for i møte 12. desember. Ein ser føre seg at kommunane arrangerer folkemøta i februar. Regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes A Postboks 444, 5403 Stord T 53 45 67 90 Orgnr. 971 492 910 E firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no W samarbeidsraadet-sunnhordland.no

Det vart sett fram forslag om at ordførarane møter på folkemøta i alle kommunane. Det vart i møte bestemt at prosjektleiar Odd Henry Dahle tek kontakt med fylkesmannen i Hordaland og ber om hjelp til å samanlikna data/utarbeida økonomiske analyser etter at undersøkinga i kommunane er ferdig. Sak 08/14 Gjennomgang av spørjeskjema til kommunane Det var ingen merknadar til spørjeskjemaet som er sendt ut til kommunane. Sak 09/14 Forholdet til fagrørsla Det vart i møte drøfta om fagrørsla har krav på representasjon i prosjektgruppa eller om dei berre skal inn i dei lokale gruppene. Prosjektleiar tek kontakt med KS og får avklara dette. Stord informerte om at kommunen innkallar fagrørsla til utvida formannskap der saker som omhandlar kommunereforma skal drøftast. Sak 10/14 Informasjonsstrategi Prosjektleiar vil lage ei pressemelding med informasjon om prosessen og korleis ein tenker prosessen vidare. Pressemeldinga vil verta sendt ut til prosjektgruppa for godkjenning før den vert sendt til media. Det vart bestemt at ein skal utarbeida ei nettside der all informasjon frå prosessen vert synleg. Samarbeidsrådet arbeider for tida med nye nettsider, der kommunereform er ein del. Denne skal vera ferdig til i slutten av november. Reidun Rykkje går i dialog med leverandøren av nettsidene til Samarbeidsrådet for å sjå om ein kan få kommunereform sida enno meir tydeleg, slik at ein ikkje treng å utarbeida ein heilt ny portal. Det vil bli laga ei facebook side for prosjektet. Denne skal vera klar samstundes som nettsida er på plass. Synnøve Solbakken utarbeider eit forslag til informasjonsstrategi som ordførarane tek stilling til i møte 14 november. Sak 11/14 Framdriftsplan Det vart i møte bedt om at prosjektleiar sjekkar ut korleis ein må legge opp prosessen for å gå "det lange løpet" og "det korte løpet". Når dette er sjekka ut må det setjast inn i framdriftsplanen, slik at ein veit kva og korleis prosessane må gå for å rekke dei to ulike løpa. Sak 12/14 Møteplan 2015 Det var ingen merknadar til møteplan for 2015. Sak 13/14 Endring av møtedato frå 27. november til 12. desember Møtedato vart endra til 12 desember kl. 09.00 på Samarbeidsrådet sitt møterom.

Sak 14/14 Forhold til Fylkesmannen og KS Fylkesmannen og KS vil verta orientert om prosessen i Sunnhordland ved at dei får oversendt informasjonen som til ei kvar tid føreligg. I tillegg vil dei få innkalling og referat frå møta til orientering. Sak 15/14 Ymse Representasjon i kommunane Kvinnherad orienterte om at Peder Sjo Slettebø går inn som fast representant i prosjektgruppa for Arve Opsanger. Arve Opsanger vert vararepr. for begge repr. frå Kvinnherad. Stord og Austevoll har ikkje valt representant i tillegg til ordførar. Dette kjem dei tilbake til. Etne har valt Roar Gundegjerde som vararepresentant for Sigve Sørheim og Siri Klokkerstuen. Vararepresentantane får kopi av all informasjon som vert sendt ut. Byregionprogrammet Wenche Tislevoll orienterte kort frå samlinga i Trondheim 3 og 4 november. Kommunereform og byregionprogrammet må sjåast opp i mot kvarandre. Analysearbeidet som vert utført i byregionprogrammet vil vera nyttig i arbeidet med kommunereform. Det vart sett fram forslag om å invitere Distriktssenteret til eit møte i prosjektgruppa. Neste møte i prosjektgruppa vert 12. desember kl. 09.00 på Samarbeidsrådet sitt møterom. Sunnhordland, 10. november 2014 Odd Henry Dahle (s) prosjektleiar