MØTEBOK Organ Møtestad Fylkesutvalet Fylkeshuset - møterom Sygna Møtedato 09.04.2015 Kl. 19.10 22.00 Faste medlemer til stades: Åshild Kjelsnes, Ap Nils P. Støyva, Ap Jenny Følling, Sp Anders Ryssdal, Sp Karen Marie Hjelmeseter, Sp Noralv Distad, H Frank Willy Djuvik, FrP Marit Barsnes Krogsæter, V Trude Brosvik, KrF Til stades med møte- og talerett: Sekretariat for møtet: Tore Eriksen Knut Henning Grepstad Ingen merknader til innkalling og sakliste. Fylkesutvalet vedtok at sak nr. 44/15 vert handsama for lukka dører, jf. kommunelova 31, nr. 5 Møtebok frå 26. mars 2015 vart godkjend utan merknader. Trude Brosvik orienterte om møte om kommuneøkonomi i Oslo. Fylkesordføraren orienterte frå telefonmøte om mogleg etablering av eit regionalt bompengeselskap.
SAK 41/15 Høyring - NOU 2014: 16 Sjømatindustrien Frå hovudutvalet for plan og næring låg det føre slik tilråding til vedtak: 1. Sogn og Fjordane fylkeskommune er positive til tiltaka som er knytt til utdanning, kunnskapsproduksjon, FoU- og marknadsføringsaktivitetar. 2. Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner det er viktig med godt utdanna fagarbeidarar med kompetanse frå vidaregåande skule og fagskule, og at det finst sterke utdanningsmiljø på høgskule- og universitetsnivå for sjømatindustrien i fylket og regionen. 3. Sogn og Fjordane fylkeskommune går imot at sjømatinteressene skal prioriterast føre landbrukssektoren i forhandlingar relatert til marknadstilgang, som omhandlar toll og ikkjetariffere handelshindringar. 4. Sogn og Fjordane fylkeskommune vurderer det som viktig at marknadsaktiviteten til Norges Sjømatråd vert intensivert, med dagens finansieringsmodell, for at Noreg kan halde og auke marknadsdelar internasjonalt. 5. Sogn og Fjordane fylkeskommune ser at auka grad av bearbeiding av marint råstoff vil vere ein viktig faktor i arbeidet med å styrke og vidareutvikle kystnære samfunn og bidra til auka verdiskaping lokalt, regionalt og nasjonalt. Dette må leggast vekt på i arbeidet med vidareutvikling av sjømatnæringa på sjø og land. Tiltak retta mot fiskerinæringa: 6. Sogn og Fjordane fylkeskommune er positiv til tiltaka knytt til kontroll og tilsyn med fangst, førstehandsomsetting, mattryggleik/hygiene, arbeidsforhold og vilkår, miljø m.m. 7. Sogn og Fjordane fylkeskommune er positiv til fritt fartøys- og reiskapsval for fiskeflåten, når det gjeld line, garn, snurrevad. Føresetnaden for fritt reiskapsval er at kvotefordelinga mellom gruppene ligg fast. Det føreset at dei regionale bindingane som har hatt til formål å hindre overdraging av fiskefartøy mellom fylke/regionar vert oppheva ved innføring av dette tiltaket. 8. Sogn og Fjordane fylkeskommune er positive til å oppheve dei geografiske/regionale avgrensingane for sal. Sogn og Fjordane fylkeskommune er negativ til forslaget om å omsette kvotar utan kvotetak per fartøy 9. Deltakarlova 6 om aktivitetskravet må oppretthaldast for å få tildelt fiskekvotar.. 10. Sogn og Fjordane fylkeskommune viser til at intensjonane for leveringsplikt og bearbeidingsplikt ikkje fungerer i dag. Sjømatindustriutvalet sitt fleirtal går for å setje ned ein kommisjon som skal sjå på intensjonane og eventuelle tiltak for både leveringsplikt og bearbeidingsplikt og Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar dette. 11. Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner at det ikkje er trong for ei endring i førstehandsomsetting for villfisk, jf. Fiskesalslaglova per i dag. 12. Sogn og Fjordane fylkeskommune er positive til forvalting som gir større stabilitet og mindre aktivitetstopper. Tiltak retta mot havbruksnæringa: 13. Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner regelverket bør ha meir føreseielege og nøytrale kriterium for tildeling av nye konsesjonar, og det må leggast til rette for ein føreseieleg vekst. Side 2 av 6
14. Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner det bør vurderast større fleksibilitet og meir like vilkår for små og store aktørar når det gjeld å utnytte MTB og høve til å flytte nytting av løyve mellom lokalitetar. 15. Det må innførast ei arealavgift som tilgodeser kommunane og fylkeskommunane. Dette for å skaffe nødvendige midlar til arealplanlegging og ulempekompensasjon. Endringsframlegg: Høgre, Framstegspartiet og Venstre sette fram slikt framlegg til vedtak: Punkta 1, 2, 4, 6, 7, 9, 10, 12, 13 og 15 uendra. Endring i punkt 3: Sogn og Fjordane meiner at arbeidet med å styrke marknadstilgangen for sjømatnæringa må få auka fokus hos norske styresmakter. Endring i punkt 5: Tillegg etter punktum: «Norske styresmakter må difor arbeide aktivt for å oppnå tollfri marknadstilgang for foredla lakseprodukt til EU». Endring i punkt 8: Andre avsnitt vert stroke. Endring i punkt 11: Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner at det er trong for ei revidering og modernisering av Fiskesalslagslova. Endring i punkt 14: Justert framlegg: Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner at det bør vurderast større fleksibilitet og meir like vilkår for må og store aktørar når det gjeld å utnytte MTB og høve til å flytte nytting av løyver mellom lokalitetar. Sogn og Fjordane fylkeskommune stør tanken om rullerande MTButnytting, der eit gjennomsnitt av ståande biomasse gjennom året ligg til grunn for forvaltinga av løyvet/konsesjonen. Dette vil over tid gje små og mellomstore lakseoppdrettarar tilnærma same høve til å nytte sine løyver/konsesjonar som det dei store lakseoppdrettskonserna har i dag. Avrøysting: Noralv Distad, Frank Willy Djuvik og Marit Barsnes Krogsæter røysta for framlegget frå Høgre, Framstegspartiet og Venstre. Åshild Kjelsnes, Nils P. Støyva, Jenny Følling, Anders Ryssdal, Karen Marie Hjelmeseter og Trude Brosvik røysta for tilrådinga frå hovudutvalet for plan og næring. Dette gir følgjande VEDTAK: 1. Sogn og Fjordane fylkeskommune er positive til tiltaka som er knytt til utdanning, kunnskapsproduksjon, FoU- og marknadsføringsaktivitetar. 2. Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner det er viktig med godt utdanna fagarbeidarar med kompetanse frå vidaregåande skule og fagskule, og at det finst sterke utdanningsmiljø på høgskule- og universitetsnivå for sjømatindustrien i fylket og regionen. 3. Sogn og Fjordane fylkeskommune går imot at sjømatinteressene skal prioriterast føre landbrukssektoren i forhandlingar relatert til marknadstilgang, som omhandlar toll og ikkjetariffere handelshindringar. 4. Sogn og Fjordane fylkeskommune vurderer det som viktig at marknadsaktiviteten til Norges Sjømatråd vert intensivert, med dagens finansieringsmodell, for at Noreg kan halde og auke marknadsdelar internasjonalt. 5. Sogn og Fjordane fylkeskommune ser at auka grad av bearbeiding av marint råstoff vil vere ein viktig faktor i arbeidet med å styrke og vidareutvikle kystnære samfunn og bidra til Side 3 av 6
auka verdiskaping lokalt, regionalt og nasjonalt. Dette må leggast vekt på i arbeidet med vidareutvikling av sjømatnæringa på sjø og land. Tiltak retta mot fiskerinæringa: 6. Sogn og Fjordane fylkeskommune er positiv til tiltaka knytt til kontroll og tilsyn med fangst, førstehandsomsetting, mattryggleik/hygiene, arbeidsforhold og vilkår, miljø m.m. 7. Sogn og Fjordane fylkeskommune er positiv til fritt fartøys- og reiskapsval for fiskeflåten, når det gjeld line, garn, snurrevad. Føresetnaden for fritt reiskapsval er at kvotefordelinga mellom gruppene ligg fast. Det føreset at dei regionale bindingane som har hatt til formål å hindre overdraging av fiskefartøy mellom fylke/regionar vert oppheva ved innføring av dette tiltaket. 8. Sogn og Fjordane fylkeskommune er positive til å oppheve dei geografiske/regionale avgrensingane for sal. Sogn og Fjordane fylkeskommune er negativ til forslaget om å omsette kvotar utan kvotetak per fartøy 9. Deltakarlova 6 om aktivitetskravet må oppretthaldast for å få tildelt fiskekvotar.. 10. Sogn og Fjordane fylkeskommune viser til at intensjonane for leveringsplikt og bearbeidingsplikt ikkje fungerer i dag. Sjømatindustriutvalet sitt fleirtal går for å setje ned ein kommisjon som skal sjå på intensjonane og eventuelle tiltak for både leveringsplikt og bearbeidingsplikt og Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar dette. 11. Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner at det ikkje er trong for ei endring i førstehandsomsetting for villfisk, jf. Fiskesalslaglova per i dag. 12. Sogn og Fjordane fylkeskommune er positive til forvalting som gir større stabilitet og mindre aktivitetstopper. Tiltak retta mot havbruksnæringa: 13. Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner regelverket bør ha meir føreseielege og nøytrale kriterium for tildeling av nye konsesjonar, og det må leggast til rette for ein føreseieleg vekst. 14. Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner det bør vurderast større fleksibilitet og meir like vilkår for små og store aktørar når det gjeld å utnytte MTB og høve til å flytte nytting av løyve mellom lokalitetar. 15. Det må innførast ei arealavgift som tilgodeser kommunane og fylkeskommunane. Dette for å skaffe nødvendige midlar til arealplanlegging og ulempekompensasjon. SAK 42/15 Uttale til Rullering av kommuneplanen sin arealdel 2014-2026. Førde kommune Frå fylkesrådmannen låg det føre slik tilråding til vedtak: 1. Fylkesutvalet gjev si støtte til Førde kommune sitt arbeid med arealdelen til kommuneplanen, som tek tak i viktige utfordringar for å utvikle Førde som ein viktig bu- og arbeidsmarknadsregion i fylket. 2. Fylkesutvalet reserverer seg mot dei formuleringane som er nytta i administrasjonen si uttale, datert 22.01.15, når det gjeld.. Side 4 av 6
Fylkesutvalet vil på desse områda ikkje overprøve vurderingane kommunen har gjort. 3. Ut over desse merknadane sluttar fylkesutvalet opp om dei faglege råda som ligg i den administrative uttalen frå fylkeskommunen. Endringsframlegg: Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Venstre sette fram slikt framlegg til nytt punkt 2: Fylkesutvalet reserverer seg mot dei formuleringane som er nytta i administrasjonen si uttale, datert 22.01.15, når det gjeld handelspark på Brulandsvellene. Fylkesutvalet støttar formannskapet i Førde sitt høyringsframlegg til etablering av handelspark på Brulandsvellene, og dei vilkår handelsparken skal etablerast på. Fylkesutvalet vil ikkje overprøve dei vurderingane kommunen har gjort, og det vedtaket som blir gjort i Førde bystyre. Dersom etablering av handelsparken skulle vere i strid med gjeldande fylkesdelplan og rikspolitiske retningsliner for kjøpesenter (kjøpesenterforskrifta), ber fylkesutvalet om at det om nødvendig blir tatt initiativ til å endre fylkesdelplanen slik at denne blir i samsvar med handelsparken. Anders Ryssdal, Karen Marie Hjelmeseter og Trude Brosvik sette fram slikt framlegg til vedtak som punkt 3: Fylkesutvalet sluttar opp om dei faglege råda som ligg i den administrative uttalen frå fylkeskommunen. Avrøysting: Punkt 1 tilrådinga frå fylkesrådmannen vart samrøystes vedteke. Åshild Kjelsnes, Nils P. Støyva, Jenny Følling, Noralv Distad, Frank Willy Djuvik og Marit Barsnes Krogsæter røysta for Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Venstre sitt framlegg til punkt 2. Karen Marie Hjelmeseter, Anders Ryssdal og Trude Brosvik røysta for punkt 3 i tilrådinga frå fylkesrådmannen. Punkt 2 og 3 i tilrådinga frå fylkesrådmannen kom ikkje opp til avrøysting. Dette gir følgjande VEDTAK: 1. Fylkesutvalet gjev si støtte til Førde kommune sitt arbeid med arealdelen til kommuneplanen, som tek tak i viktige utfordringar for å utvikle Førde som ein viktig bu- og arbeidsmarknadsregion i fylket. 2. Fylkesutvalet reserverer seg mot dei formuleringane som er nytta i administrasjonen si uttale, datert 22.01.15, når det gjeld handelspark på Brulandsvellene. Fylkesutvalet støttar formannskapet i Førde sitt høyringsframlegg til etablering av handelspark på Brulandsvellene, og dei vilkår handelsparken skal etablerast på. Fylkesutvalet vil ikkje overprøve dei vurderingane kommunen har gjort, og det vedtaket som blir gjort i Førde bystyre. Dersom etablering av handelsparken skulle vere i strid med gjeldande fylkesdelplan og rikspolitiske retningsliner for kjøpesenter (kjøpesenterforskrifta), ber fylkesutvalet om at det om nødvendig blir tatt initiativ til å endre fylkesdelplanen slik at denne blir i samsvar med handelsparken. SAK 43/15 Nasjonal transportplan 2018-2027, rassikring Dette gir følgjande VEDTAK: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak: Fylkestinget i Sogn og Fjordane meiner at arbeidet med å rassikre det offentlege vegnettet må forserast. Side 5 av 6
Vinteren 2015 har hovudvegsambandet E39 nord-sør på Vestlandet ved Romarheimsdalen vore stengt over lengre tid grunna ras. Fleire bilar vart tekne og mange personar var i livsfare. I vinter har vi og opplevd at brøytemannskap har vore tekne av ras ved rydding av Rv. 13 på Vikafjellet. Gjentekne gonger dei siste åra har hovudvegsambanda E39, E16 og E6 vore stengde i lengre tid pga. ras eller fare for ras. Stengde hovudvegsamband over lange periodar gjev store utfordringar for transportnæringa, for kollektivtrafikken og for folk flest. Redsla og uroa over å vere nøydd til å ferdast langs rasutsette vegstrekningar kan ikkje målast økonomisk. Redsla og uroa finn ein att i redusert livskvalitet for alle som må bu og leva med skredfaren. Dei vegfarande skal kunne ha tillit til at det offentlege vegnettet er trygt å ferdast på. Rassikring er eit nasjonalt ansvar og vi må kunne lite på at staten forserer løyvingane til rassikring både på riks- og fylkesvegnettet. Den nasjonale rassikringsgruppa har formulert eit tolmodig og nøkternt mål for at det offentlege vegnettet skal vere sikra mot ras innan 2030. Ein vil ikkje nå dette målet med dagens løyvingstakt. Fylkestinget i Sogn og Fjordane ber om at målsettinga til den Nasjonale rassikringsgruppa vert innarbeidd i Nasjonal Transportplan 2018-2027. SAK 44/15 Skriv og meldingar fylkesutvalet 9. april 2015 Følgjande skriv og orienteringar vart handsama: 1a-c: Eigarskapssak Ikkje offentleg - Ofl 23.4 VEDTAK: Fylkesutvalet ber om eit møte med styret i Fjord1 måndag 13. april 2015. Side 6 av 6