Retningslinjer for lån til barnehagar frå Husbanken



Like dokumenter
Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole. Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland

SKYSSREGLEMENT FOR VIDAREGÅANDE SKOLE I MØRE OG ROMSDAL

HB 7.B.14 - juli 2011 Side: 1. Veileder til Husbankens grunnlån

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

Lov for SA Naustdal Båtlag

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Økonomihåndboka. Møre og Romsdal fylkeskommune. del 2 av 2. Siste hovedoppdatering: Økonomiseksjonen

Møtebok for Kommunestyret i Radøy

Kunden og BIR. Rettleiar til forskrift om handtering av avfall frå hushald

Søknad om startlån, tilskot til etablering og tilpassing

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

STORD KOMMUNE. Rapport. Prosjekt " Modell for bustadbygging" Stord oktober "Der alle skulle tru at nokon kunne bu

Forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Tromsø med utfyllende bestemmelser for ph.d. i molekylær- og strukturbiologi

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

REGLEMENT I ORDEN OG ÅTFERD FOR ELEVAR VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I MØRE OG ROMSDAL FYLKE

Retningslinjer. For lokalt gitt eksamen ved vidaregåande skular i Hordaland

FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Statlege verksemder som vurderer å etablere ein internrevisjonsfunksjon

Eksempelsamling med kommentarar. Styringsdokumenta instruks for økonomiog verksemdsstyring og tildelingsbrev frå departement til verksemd

Oversikt over interkommunalt samarbeid

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule

Ny bruk av ledige landbruksbygg Ei handbok for deg med planar om gjenbruk av garden sine bygningsressursar

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

Allmenne Vilkår for avtalar om kraftpris mellom Sognekraft AS og små og mellomstore bedriftskundar m.m.

Sluttrapport frå den kommunale oppreisingsordninga i Sogn og Fjordane

Liv Jorunn Stokke UFØREPENSJONIST AR. FAFO-rapport

Allmenne Vilkår for avtalar om kraftpris mellom Leverandørnamn AS og små og mellomstore bedriftskundar m.m.

Sogn LMS Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle -

Handbok for godkjenning av beite som spreieareal

Transkript:

HB 7.B.4 (N) Mars 2014 Retningslinjer for lån til barnehagar frå Husbanken 1 Formål Barnehagelån skal medverke til å dekkje behovet for gode barnehagar. Barnehagelånet skal fremje kvalitet i det fysiske inne- og utemiljøet med særleg fokus på universell utforming, tryggleik og funksjonalitet. 2 Kven kan få barnehagelån Lån kan gjevast til: a) kommunar b) einskildpersonar c) selskap, stiftingar o.l. som skal eige og drive barnehagen. Det kan ikkje gjevast lån til statleg åtte barnehagar, etatar og forvaltningsbedrifter. Husbanken går ut frå at lånsøkar har økonomisk evne til å handtere lånet, og at dette kan dokumenterast. Søknaden kan verte avslegen dersom banken meiner lånsøkar ikkje vil klare framtidige betalingsplikter. 3 Prioritering Søknader om barnehagelån skal handsamast i den rekkefølgja dei kjem inn i til Husbanken. Søknader frå kommunar om lån til barnehagar skal visast vidare til Kommunalbanken og skal ikkje prioriterast. 4 Kva det kan gjevast lån til Tilsegn/vedtak om lån krev at det er tilgjengelege budsjettmidlar. Lån kan gjevast til: a) oppføring av barnehagar b) tilbygg til barnehagar c) kjøp og utbetring av bygning eller del av bygning som vert teke i bruk som barnehage d) utbetring av barnehagar som er eldre enn 15 år. Lån kan også gjevast uavhengig av barnehagens alder, dersom låneformålet enten er å betre eit dårleg inneklima eller å gi betre tilrettelegging for funksjonshemma.

Med barnehage forstår vi tilbod som er godkjent etter barnehagelova. Likestilt med barnehagar etter denne forskrifta er lokale til skolefritidsordning. Det kan gjevast lån dersom lokala vert nytta til barnehageformål minst 20 timar i veka. Kommunen må ha tilrådd prosjektet/lånsøkar. Dette medfører at kommunen skal uttale seg om behovsvurdering, driftsgrunnlag og driftsbudsjett i samanheng med barnehageplanane. Dersom det er utarbeidd kommunal barnehageplan, skal denne leggjast ved tilrådinga. Driftstilskot til barnehagen må vere vedteke i kommunens budsjett og økonomiplan. Det kan ikkje løyvast barnehagelån, dersom lånsøkar ikkje kan sannsynleggjere at han kjem til å setje i verk arbeidet innan 3 månader. Barnehagelån kan ikkje gjevast til ferdigstilte prosjekt eller refinansiering. 4.1 Generelt I kommunar der lovfesta rett til barnehageplass er oppfylt, skal Husbanken som hovudregel ikkje finansiere nye barnehagar. Unntak kan gjerast i situasjonar der barnehagen inngår i kommunens plandokument, der kommunen har gjennomført ei grundig behovsvurdering og det ligg føre skriftleg tilråding frå kommunen. 4.2 Arealmåling - arealbehov Areala skal målast etter Norsk Standard 3940. Bruksareal skal nyttast i denne samanheng. I følgje Lov om barnehagar, forskrift 12.1.a, skal barnas leike- og opphaldsareal fastsetjast når ein barnehage vert godkjend. I departementet sitt rundskriv om godkjenning av barnehagar vert det kommentert nærmare kva som normalt vert rekna inn i barna sitt leike- og opphaldsareal. Det er fastsett ei rettleiande norm på 4 m 2 netto leike- og opphaldsareal pr. barn ved heildagsopphald for barn over tre år og om lag 1/3 meir pr barn under tre år. Det er ikkje sagt noko om arealbehov til funksjonar utover leike- og opphaldsareal. Utearealet bør vere om lag 6 gonger leike- og opphaldsarealet inne. 4.2.1 Areal som skal finansierast Dersom barnehagen har nøktern utforming og standard, skal ein finansiere faktisk bruksareal (BRA). Faktisk areal er barnas leike- og opphaldsareal pluss nødvendig areal til drift av barnehagen. Areal på loft som skal nyttast til tekniske installasjonar, kan reknast med i faktisk areal. Det same gjeld uisolert bod, også når denne er frittståande. 4.3 Kostnader Husbanken gjennomfører ei konkret vurdering av kostnadene for kvart einskild prosjekt. Her vert det teke omsyn til spesielle forhold som har innvirknad på kostnadene, til dømes tomtepris, grunnforhold, tilpassing til eksisterande bygg, energisparande tiltak og miljøtiltak. Som hovudregel skal det innhentast anbod i konkurranse for å få marknaden si vurdering av kostnadene. Prosjekt med uakseptabel pris i forhold til kvalitet, lokalisering eller andre forhold som påverker prisen kan avslåast.

4.4 Universell utforming Ein god barnehage skal vere tilrettelagt for både barn, føresette og tilsette og utforminga skal reflektere dei ulike brukarperspektiva. Planlegging, lokalisering og bygging av barnehagar skal vere basert på prinsippet om universell utforming. For å få barnehagelån, må krava i TEK10 om universell utforming av publikumsbygg vere oppfylt. 5 Låneutmåling Ved vurdering av lån skal ein leggje prosjektkostnadene til grunn. Laust inventar og utstyr inngår i lånegrunnlaget og kostnadene for dette må spesifiserast særskilt. Ved kjøp av eksisterande bygning blir lånet utrekna ut frå kjøpesum med omkostningar. Lånet blir målt ut med inntil 100 prosent av godkjente kostnader inklusive meirverdiavgift. Når barnehagen/debitor søkjer om utbetaling skal det følgje ei sluttavrekning frå byggjelånsbanken, som viser kva som er innbetalt av refundert moms. Beløpet som vert utbetalt, blir lånebeløpet i tilsegnet med fråtrekk av refundert moms. Den del av momsrefusjonen som ikkje er refundert og kjem til utbetaling etter at lånet er utbetalt, skal gå til nedbetaling av husbanklånet. 6 Risikovurdering Husbanken vil vurdere risikoen i prosjektet. Vurderinga vert mellom anna basert på driftsbudsjett og pantetryggleik i prosjektet. Søknad om lån kan bli avslått, dersom ein vurderer at risikoen er høgare enn det som kan aksepterast. 7 Tryggleik for lånet Lån til kommunar vert gjeve utan pantetryggleik. Lån til andre skal som hovudregel vere sikra ved 1. prioritets pant i den bygde eigedomen. I tillegg kan Husbanken krevje at det vert stilt garanti eller annan tilleggstryggleik for barnehagelånet. 7.1 Pant i eigedom Som hovudregel skal Husbanken ha 1. prioritets pant i den bygde eigedomen. Er tomta festa, godtar Husbanken prioritet etter 3 års forfalle festeavgift. Så lenge Husbanken har pantelån som kviler på eigedomen, skal festekontrakten si varigheit minst svare til resten av lånets løpetid + 5 år, eller det skal gå fram av festekontrakten at denne ikkje kan løpe ut så lenge det kviler husbanklån på eigedomen. Festekontrakten må godkjennast av Husbanken, og skal vere i samsvar med Lov om tomtefeste. 7.2 Garanti For lån til private barnehagar kan det krevjast simpel garanti av kommune, fylkeskommune, bank eller annan finansieringsinstitusjon for den del av lånet, som ein vurderer at det ikkje ligg føre reell pantetryggleik for. Husbanken vurderer i kvart tilfelle behovet for garanti og kor stor denne skal vere, avhengig av barnehagens omsetningsverdi og risiko i driftskonseptet. I saker der prosjektkostnadene er høge, driftsgrunnlaget svakt og pantetryggleiken dårleg skal det krevjast tilleggstryggleik/garanti for heile eller delar av beløpet.

Garantiar skal lagast som eigne dokument retta til Husbanken. Kommunale / fylkeskommunale garantiar skal vere underteikna av ordførar/fylkesordførar og godkjend av Fylkesmannen. Garantidokumentet skal seinast ligge føre når det vert søkt om utbetaling av lånet. Husbanken kan, dersom tryggleiken er god, godta pant i annan eigedom, som alternativ til garanti. Husbanken kan vurdere eigenkapital og/eller toppfinansiering i annan bank som alternativ til garanti. 8 Rente- og avdragsvilkår Rente- og avdragsvilkåra vert fastsett i samsvar med forskrift av 25. mai 2011 nr 550 om rente- og avdragsvilkår for lån i Husbanken. Lån til barnehagar skal normalt gjevast utan avdragsfri periode. 9 Søknad og saksgang 9.1 Søknad om lån Søknad om lån skal sendast inn før byggearbeidet startar. Byggestart før prosjektet er godkjent og før lån ligg føre, skjer på byggherren sin eigen risiko. Husbanken finansierer ikkje prosjekt, som er ferdige på det tidspunktet det er aktuelt å gi lånetilsegn. Søknad om lån skal sendast til kommunen på søknadsskjema HB 7.S.12 i to eksemplar. Kommunen behandlar søknaden og sender den vidare til Husbanken. Det går fram av skjemaet kva vedlegg som skal følgje ein søknad om godkjenning og lån. Husbanken gir eventuelt tilsegn om lån, som igjen dannar grunnlag for byggelån i bank eller finansieringsinstitusjon. Saman med tilsegnsbrevet følgjer pantedokument, låneavtale og eventuelt garantidokument. 9.2 Søknad om utbetaling Når byggearbeidet er fullført og bruksløyve ligg føre, sender ein søknad om utbetaling på søknadsskjema HB 7.S.06 direkte til Husbanken. Kommunal godkjenning av barnehagen (p.t. skjema F-4198) må ligge føre før utbetaling. Lånet vert utbetalt når Husbanken har motteke låneavtalen i underskriven stand, tinglyst pantedokument med rett prioritet, revisorgodkjent byggerekneskap, eventuelt garantidokument og andre vedlegg som følgjer av tilsegnet. Der barnehagen og entreprenør er ått/kontrollert av same personar eller selskap, skal revisorgodkjent byggeregnskap også frå entreprenøren sendast inn. 9.2.2 Kommunalt åtte prosjekt Ved nybygging eller utbetring av kommunalt åtte prosjekt, kan Husbanken utbetale inntil 90 prosent av lånet, når kommunen kan dokumentere at sjølve byggearbeida er sett i gang (fundamentet støypt). Kommunen vil motta ein låneavtale, som skal underskrivast og returnerast til Husbanken.

Lånet blir utbetalt når Husbanken har fått underskriven låneavtale i retur og eventuell stadfesting på fylkesmannens godkjenning av låneopptaket. 10 Klagerett Det er klagerett på Husbankens vedtak om tildeling, utmåling, avvising og avslag på lån eller tilskot. Klagen må vere skriftleg og sendast til det kontoret som har gjort vedtaket. Klagen må grunngjevast og skal nemne kva vedtaket det vert klaga over og kva endring ein ønskjer. Klagefristen er tre veker frå underretning om vedtaket er kome fram. Dersom klagen ikkje får medhald, vert den sendt til ei uavhengig klagenemnd som er oppnemnt for husbanksaker. 11 Andre føringar Ved heimeloverføring og ved opphør eller endring i barnehagen si verksemd, forfell lånet til betaling med mindre Husbanken har godkjent overføring av lånet, jf. HB 4.B.1 Overføring av husbanklån til ny eigar.