Allmenne Vilkår for avtalar om kraftpris mellom Leverandørnamn AS og små og mellomstore bedriftskundar m.m.
|
|
- Arvid Hansen
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 1 Allmenne Vilkår for avtalar om kraftpris mellom Leverandørnamn AS og små og mellomstore bedriftskundar m.m. Desse Allmenne Vilkår gjeld mellom Leverandørnamn AS og små og mellomstore bedriftskundar, offentlege kundar, organisasjonar og alle andre typar sluttbrukarkundar som ikkje er omfatta av forbrukardefinisjonen i forbrukarkjøpslova. 1 Allmenne reglar 1-1 Partane i avtalen Partane i avtalen er kunden som tek ut elektrisk kraft til bruk på ei eller fleire leveringsadresser, og Leverandørnamn AS som står økonomisk ansvarleg overfor den avrekningsansvarlege for kunden sitt uttak på den/dei same leveringsadressa(ene), og har avtale med kunden om kva pris/prisreferanse som skal gjelde ved avrekning av kunden sitt uttak. Kunden som inngår avtale om kraftpris må vere identisk med den som er registrert som nettkunde hos nettselskapet på vedkomande leveringsadresse(r) (målepunkt ID). 1-2 Innhald i avtalen, avtaleforholdet og Leverandørnamn AS si yting Denne avtalen gir Leverandørnamn AS rett til å avrekne kunden for kunden sitt uttak av elektrisk kraft i samsvar med Leverandørnamn AS sin til ei kvar tid gjeldande Standard variabel kraftpris, eller til annan/andre prisregulering(ar) partane har avtalt i Særskilt avtale. Med mindre anna er særskilt avtalt mellom partane, skal avtalen omfatte avrekning for alt elektrisk kraftforbruk som kunden har på si(ne) leveringsadresse(r) i avtaleperioden Leverandørnamn AS si avtalte yting Ei følgje av Leverandørnamn AS sin rett etter 1-2, 1. ledd, er at dette forpliktar Leverandørnamn AS til å stå økonomisk ansvarleg overfor den avrekningsansvarlege for det uttak av elektrisk kraft som skjer til kunden si(ne) leveringsadresse(r) i avtaleperioden. Dette er Leverandørnamn AS si yting i avtaleforholdet. Kunden sitt nettselskap er ansvarleg for at kunden kan ta ut elektrisk kraft etter behov frå nettet til sitt/sine elektriske anlegg. 1-3 Ansvarsfråskriving Avtale om kraftpris er ein avtale om ei finansiell teneste. Som følgje av dette fråskriv Leverandørnamn AS seg eit kvart ansvar for skadar og tap den elektriske krafta i seg sjølv eller mangel på elektrisk kraft, måtte påføre kunden eller kunden sine medkontrahentar. 1-4 Avtaledokument
2 2 Avtale om uttak av kraft til Standard variabel kraftpris skjer i samsvar med reglane i desse Allmenne Vilkår. Ved avtalar om uttak av kraft som skal avreknast etter andre prisar enn Standard variabel kraftpris, omfattar avtalen mellom partane følgjande dokument: 1. Særskilt avtale mellom partane. 2. Desse Allmenne Vilkår dersom den Særskilte avtalen ikkje fastset noko anna. Reglar i Særskilt avtale gjeld ved motstrid alltid framfor reglar i Allmenne Vilkår. 1-5 Definisjon av uttrykk og omgrep Oppstår det tvil om tydinga av omgrep og uttrykk som er brukte i desse Allmenne Vilkår, skal definisjonane i definisjonslista som er innteken til slutt i desse Allmenne Vilkår, leggjast til grunn. 1-6 Opplysningar ved inngåing av alle typar avtalar om kraftpris For at ein avtale om kraftpris skal kunne inngåast, må kunden gi opp følgjande: 1 Namn (firmanamn, namn på offentlig organ eller organisasjon eller liknande) 2 Organisasjonsnummer 3 Adresse(r) for det/dei målepunkt ID(ar) avtalen skal omfatte. 4 Om (1) har hatt avtale om kraftpris med Leverandørnamn AS for andre leveringsadresser enn oppgitt under (3) i dei siste tre åra. 5 Målepunkt ID. (Finst på faktura frå nettselskap(a)- siste 8 siffer skal nyttast) 6 Fakturaadresse dersom ho er ulik adressa oppgitt under (3). 7 Behov for årleg uttak av elektrisk kraft fordelt på kvartal ev månad. (Basert på historisk statistikk eller skjøn). Dersom det vert avtalt i Særskilt avtale at Leverandørnamn AS skal seie opp kunden sin(e) gjeldande avtale(ar) om kraftpris, må kunden i tillegg gi opp: 8 Namn og adresse på avtalepart og eventuelle referansar for den avtalen/dei avtalane som skal seiast opp. Avtale om kraftpris er ikkje rekna for gyldig inngått før Leverandørnamn AS har akseptert gjennom stadfesting av ordren at opplysningane er mottekne og er fullstendige nok for å inngå avtalen. 1-7 Oppseiing av kunden sin gjeldande avtale om kraftpris i samband med overgang til avtale om kraftpris med Leverandørnamn AS Ansvar for oppseiing av kunden sin gjeldande avtale Dersom ikkje anna er avtalt i Særskilt avtale, må kunden sjølv sørgje for oppseiing av sin(e) gjeldande avtale(ar) om kraftpris.
3 Verknaden av protest frå kunden sin tidlegare avtalepart Dersom kunden sin tidlegare avtalepart i samband med oppseiing/leverandørskifte gjer gjeldande at kunden ikkje har rett til å seie opp den gjeldande avtalen om kraftpris og gjennomføre leverandørskifte, er dette Leverandørnamn AS uvedkomande Ansvar for tap m.m. som følgje av forseinka eller ikkje gjennomførbart leverandørskifte Dersom leverandørskifte vert forseinka, eller ikkje kan gjennomførast, pga. forhold nemnt i 1-7.2, er Leverandørnamn AS ansvarsfri for dei tapa kunden måtte ha i høve saka. Dersom Leverandørnamn AS lid tap pga. at eit leverandørskifte vert forseinka, eller ikkje kan gjennomførast pga. forhold nemnt i føregåande ledd, kan Leverandørnamn AS halde kunden ansvarleg for slike tap. Leverandørnamn AS pliktar, så langt det let seg gjere, å avgrense tapet sitt. Erstatning for Leverandørnamn AS sitt tap vert utrekna etter reglane i 4-2.2, andre ledd, for det tidsrommet Leverandørnamn AS blir påført tap. 1-8 Kredittvurdering, stilling av sikring m.m. ved avtaleinngåing Kredittvurdering Leverandørnamn AS inngår avtale med kunden under føresetnad om at kunden er i stand til å betale. Kunden aksepterer at Leverandørnamn AS kan innhente kredittvurdering av kunden Stilling av sikring m.m. Dersom kredittvurderinga etter Leverandørnamn AS si saklege vurdering gjer sannsynleg ein fare for at betalingsplikta vert mishalden, kan Leverandørnamn AS avvise tinginga, eventuelt seie opp avtalen, eller krevje at det vert stilt sikring, også for løpande forskotsbetaling. Sikring i form av sjølvskyldnarkausjon (bankgaranti og liknande) skal dekkje betaling for stipulert uttak i inntil 4 månader. Sikringa kan krevjast oppretthalden så lenge faren for mishald av betalingsplikta kan gjerast sannsynleg. Dersom eit sakleg grunngitt krav om å stille sikring eller forskotsbetaling ikkje vert akseptert av kunden, er dette eit vesentleg mishald som gir Leverandørnamn AS rett til å heve avtalen straks. 1-9 Teieplikt Partane, partane sine tilsette og andre hjelparar partane måtte ha engasjert, har plikt til å teie om alt som vedkjem den andre parten sine drifts- og forretningsforhold.
4 4 Dette er ikkje til hinder for at Leverandørnamn AS kan nytte eigen kunnskap om kunden i samband med kredittvurdering, eller at Leverandørnamn AS kan gi opplysningar om kunden til offentleg organ som har heimel i lov til å krevje opplysningar. 2 Avrekning for uttak av elektrisk kraft 2-1 Avrekning Avrekning ved bruk av nettselskapet sine måleverdiar. Leverandørnamn AS nyttar tilgjengelege måleverdiar frå nettselskapa ved all avrekning av kundar Avrekning ved stipulering av forbruk Dersom måleverdiar frå nettselskapa ikkje er gjort tilgjengeleg for Leverandørnamn AS til rett tid før avrekning skal skje, vil Leverandørnamn AS stipulere kunden sitt uttak og nytte stipuleringa ved avrekninga. Justering vil bli gjort når Leverandørnamn AS får tilgang til måleverdiar frå nettselskapet. 2-2 Feil ved avrekning Feil ved avrekning som kan tilskrivast Leverandørnamn AS Dersom Leverandørnamn AS feilaktig har nytta andre målarverdiar ved avrekning av ein kunde enn dei måleverdiane som nettselskapet i rett tid har gjort tilgjengeleg for Leverandørnamn AS, kan Leverandørnamn AS eller kunden krevje respektive tilleggsbetaling eller tilbakebetaling for den tida feilen kan ettervisast. Krav om tilleggsbetaling og tilbakebetaling vert forelda etter reglane i lov om foreldelse av fordringer av 18. mai 1979 nr.18. Leverandørnamn AS kan ikkje krevje tilleggsbetaling i dei tilfelle avrekningsfeilen må tilskrivast Leverandørnamn AS, og avrekningsfeilen er så lite synberr at kunden heller ikkje burde hatt mistanke om feil og såleis er i aktsam god tru Avvikskorrigering etter at det er blitt nytta stipulering ved avrekninga Avvik som skuldast at Leverandørnamn AS ikkje har fått oppgitt nødvendige målarverdiar frå nettselskapet i rett tid, og såleis har nytta stipulert forbruk ved avrekning, jf , skal også korrigerast ved tilbakebetaling eller tilleggsbetaling når måleverdiane ligg føre. Slik korrigering reknast ikkje som feil ved avrekning, og skal derfor gjerast utan omsyn til kunden si aktsame gode tru Avrekningsfeil som følgje av feil i oppgitte måleverdiar frå nettselskapet
5 5 Dersom Leverandørnamn AS har motteke feil måleverdiar for kunden frå nettselskapet, og nytta desse ved avrekning av kunden, kan Leverandørnamn AS ikkje krevje etterbetaling frå kunden, og kunden kan ikkje krevje tilbakebetaling frå Leverandørnamn AS. Oppgjer i høve for mykje eller for lite betalt for elektrisk kraft i dei tilfelle nettselskapet har meldt feil måleverdiar til Leverandørnamn AS, er i det heile eit forhold mellom nettselskapet og kunden som nettkunde hos nettselskapet. 3 Pris og betalingsvilkår 3-1 Kraftprisar og endring av kraftprisar Endring av Standard variabel kraftpris Standard variabel kraftpris kan som hovudregel endrast med 14 dagars varsel. Varsel om endring av Standard variabel kraftpris skjer anten ved direkte varsel til kundane, eller på annan eigna måte Andre kraftprisar Kraftpris(ar) og vilkår for eventuelle endringar av andre kraftprisar enn Standard variabel kraftpris følgjer av det partane avtalar i Særskilt avtale Nettleige Kraftprisen gjeld berre for avrekning av kunden sitt uttak av elektrisk kraft. Avrekning for nettleige kjem i tillegg til avrekninga for kraftuttaket Offentlege avgifter m.m. Kraftprisane er oppgitt eksklusive alle avgifter. Meirverdiavgift, forbruksavgift for elektrisk kraft og eventuelt nye avgifter, kjem i tillegg til kraftprisen med dei til ei kvar tid gjeldande satsar Plikt til å dokumentere avgiftsfritak og rett til refusjon ved feilaktig avgiftsfritak Kundar som etter aktuelle forskrifter er fritekne for avgifter, må i tvilstilfelle dokumentere overfor Leverandørnamn AS at dei har rett til avgiftsfritaket. Dersom Leverandørnamn AS skulle bli etterrekna for avgifter som kundar feilaktig er blitt fritekne for, har Leverandørnamn AS rett til å krevje det aktuelle beløpet refundert av vedkomande kunde(ar). 3-2 Betalingsvilkår Faktura forfell til betaling i samsvar med Leverandørnamn AS sine faktureringsrutinar og betalingsvilkår, og det partane avtalar i Særskilt avtale. 3-3 Rente ved forseinka betaling
6 6 Forseinkingsrente kjem i tillegg ved betaling etter oppgitt betalingsfrist gitt på faktura etter lovbestemt rentesats i forbrukarforhold i lov om renter ved forseinka betaling av 17. desember 1976 nr Inkasso Inkasso skjer i samsvar med lov om inkasso av 13. mai 1988 nr Sanksjonar ved brot på avtalen 4-1 Stansing Leverandørnamn AS kan stanse å ta økonomisk ansvar for kunden sitt uttak av elektrisk kraft dersom kunden ikkje betalar faktura innan betalingsfristen oppgitt på fakturaen. Kunden og vedkomande nettselskap vil bli varsla skriftleg om stansing og opphøyr av kraftleveranse, og om tidspunktet når stansen vert sett i verk. Stansing inneber ikkje at avtalen om kraftpris vert sagt opp eller heva. Leverandørnamn AS vil oppretthalde stansinga inntil all gjeld kunden har til Leverandørnamn AS, er gjort opp, eller det er inngått ein annan avtale om nedbetaling av gjelda. Etter dette vil avtale om kraftpris halde fram vidare. 4-2 Heving av tidsavgrensa kraftprisavtalar Kunden sin hevingsrett Dersom Leverandørnamn AS i vesentlege forhold bryt ein tidsavgrensa avtale om kraftpris, kan kunden heve avtalen Erstatningsansvar for kunden dersom hevingsgrunn ikkje ligg føre Leverandørnamn AS kan krevje erstatta tap Leverandørnamn AS lid dersom kunden hevar ein tidsavgrensa avtale om kraftpris før utløpstidspunktet, og det ikkje ligg føre slike brot på vesentlege forhold i avtalen frå Leverandørnamn AS si side som nemnt i Erstatningsbeløpet finn ein som differansen mellom områdeprisen i det prisområdet kunden sitt uttak skjer på den dagen Leverandørnamn AS får melding om hevinga, og den prisen som gjeld i kontrakten mellom kunden og Leverandørnamn AS. Denne differansen vert multiplisert med avtalt, eller skjønsmessig stipulert, kraftuttak frå den dagen hevinga vert gjennomført og ut den perioden som den tidsavgrensa avtalen gjaldt for Leverandørnamn AS sin hevingsrett Leverandørnamn AS kan heve ein tidsavgrensa avtale om kraftpris dersom kunden misheld betalingsplikta vesentleg. 4-3 Leverandørnamn AS sitt erstatningsansvar for feil ved avtaleinngåing.
7 7 Dersom Leverandørnamn AS som følgje av svikt i eigne rutinar ikkje har registrert ein kunde Leverandørnamn AS har gyldig avtale om kraftpris med, og feilen heilt eller delvis ikkje skuldast forhold på kunden eller nettselskapet si side, er Leverandørnamn AS ansvarleg for eventuelle meirkostnader som kunden har ved at kunden er blitt avrekna etter ein høgare kraftpris av annan avtalepart eller av nettselskapet i samsvar med konsesjonsvilkåra om leveringsplikt. 5 Frikjøp, oppseiing og opphøyr av avtale om kraftpris med fast pris og/eller lengde 5-1 Hovudregel for avtalar om kraftpris med fast pris og/eller lengde. Avtale om kraftpris med fast pris og/eller lengde skal gjelde for det tidsrom som er avtalt i Særskilte Vilkår. 5-2 Frikjøp frå avtalte plikter og utrekning av frikjøpsbeløp Kunden har høve til frikjøp frå sine avtaleplikter ved å erstatta det tapet Leverandørnamn AS lid ved at avtalen vert stansa før avtaletida er ute. Erstatningsbeløpet (frikjøpsbeløpet) finn ein som differansen mellom områdeprisen i det prisområdet kunden sitt uttak skjer på den dagen frikjøp vert kravd av kunden, og den prisen som gjeld i kontrakten mellom kunden og Leverandørnamn AS. Denne differansen vert multiplisert med avtalt, eller skjønsmessig stipulert, kraftuttak frå den dagen frikjøpet gjeld frå og ut den perioden som den tidsavgrensa avtalen gjaldt for. 5-3 Særskilt om vidareføring og frikjøp frå avtalar for kundar som flyttar i avtaleperioden Kundar som har avtalar om kraftpris med fast pris og/eller lengde, og som flyttar før avtaleperioden er ute, får fullført avtalen ved uttak av kraft på si nye adresse. Kundar som ikkje ønskjer å fullføre avtalen ut avtaleperioden ved flytting, får høve til frikjøp etter reglane i 5-2. Kundar med avtalar om kraftpris med fast pris og/eller lengde, som flyttar, pliktar å varsle Leverandørnamn AS om si nye leveringsadresse med dei same opplysningane som dei som går fram av 1-6 i desse Allmenne Vilkår. Leverandørnamn AS vil deretter sende melding om oppstart av kraftleveranse til vedkomande nettselskap, jf. 2-1 i Forskrift om måling, avrekning og samordna opptreden m.m. av nr Oppseiing av avtalar om kraftpris utan særskilt avtalt opphøyrsdato. Avtalar om kraftpris utan særskilt avtalt opphøyrsdato kan seiast opp av kvar av partane med 3 vekers skriftleg varsel rekna frå førstkomande måndag etter oppseiinga. 5-5 Særskilt om opphøyr av avtale om kraftpris med fast pris og/eller lengde
8 8 Dersom Leverandørnamn AS etter utløpet av ein avtale om fast pris og/eller lengde ikkje har motteke leverandørskiftemelding frå nettselskapet, og heller ikkje har motteke tinging frå kunden om ein ny avtale om fast pris og/eller lengde, vil kunden bli avrekna av Leverandørnamn AS i samsvar med Standard variabel kraftpris, eller eit anna standardprodukt som kan seiast opp etter regelen i 5-4 i desse Allmenne Vilkår. 6 Endringar i desse Allmenne Vilkår for avtale om kraftpris. 6-1 Endring i Allmenne Vilkår for avtale om kraftpris for kundar som har avtalar om kraftpris utan særskilt avtalt opphøyrsdato For kundar som har avtalar om kraftpris utan særskilt avtalt opphøyrsdato, kan Leverandørnamn AS gjere endringar i desse Allmenne Vilkår for avtale om kraftpris. Endringar skal kunngjerast med 14 dagars varsel som direkte melding til kunden eller på annan eigna måte, og er deretter gyldige. 6-2 Endring i Allmenne Vilkår for avtale om kraftpris for kundar som har avtalar om kraftpris med fast pris og/eller lengde. For avtalar om kraftpris med fast pris og/eller lengde blir endringar som nemnt i 6-1 ikkje gjort gjeldande i avtaleperioden. Endringane vil først bli gjort gjeldande for slike avtalar dersom kunden etter utløpet av avtalen fornyar eller vidarefører avtalen med ny aksept. 7 Tvistar Tvistar om kontraktsforholdet, som ikkje blir løyst ved forhandlingar, skal bringast inn for XXX tingrett, med mindre partane i det enkelte tilfelle blir samde om bruk av skilsdom. Sorenskrivaren i XXX tingrett skal i tilfelle semje om skilsdom oppnemne formann for skilsdomsretten. Elles avtalar partane i samråd med den oppnemnde formannen samansetting og sakshandsaming i samsvar med reglane i lov om voldgift.
9 9 Definisjonar til Allmenne vilkår for avtale om kraftpris. Avrekningsansvarleg Avtale om kraftpris Elspotpris Finansiell avtale Kraftleverandør Leverandørskifte Leveringsadresse Målepunkt ID Eining utpeika av Olje- og energidepartementet som har ansvar for at det blir avrekna for all innmating og alt uttak av elektrisk kraft som finn stad i netta i Norge. Dette er regulert i 4-3 i energilova og i kapitla 4 og 5 i forskrift av nr 301 Om måling, avrekning og samordna opptreden ved kraftomsetning og fakturering av nettenester. Finansiell avtale der ein aktør (kraftleverandør) påtek seg å avrekne ein kunde for kunden sitt uttak av elektrisk kraft i samsvar med avtale, samtidig som aktøren overfor avrekningsansvarleg tek på seg det økonomiske ansvaret for vedkomande kunde sitt uttak av elektrisk kraft frå nettselskapet sitt nett. Pris for elektrisk kraft som blir notert kvar time av den nordiske kraftbørsen Nord Pool ASA. Elspotprisen, eller berre spotprisen, er referansepris for all annan prissetting av kraft. Det blir notert ein systempris som er snittet for heile børsområdet. Ved flaskehalsar i det fysiske kraftoverføringssystemet (sentralnettet) mellom regionar blir det notert ein elspotpris for kvart område (områdepris). Sjå avtale om kraftpris. Nemning for aktørar som sel elektrisk kraft til sluttbrukarar. Nemninga kraftleverandør er innarbeidd. Det må likevel presiserast her at nemninga ikkje refererer til ein aktør som står for fysisk leveranse av ei bestemt kraftmengde til ein sluttbrukar, men til ein aktør som forpliktar seg til å avrekne kunden for den uttekne kraftmengda til avtalt pris. Ytinga til kraftleverandøren er følgjeleg ein finansiell avtale. Formell, forskriftsfesta prosedyre for registrering av den leverandør som skal ha økonomisk ansvar overfor avrekningsansvarlege for kraftuttaket i eit kvart målepunkt ID. Denne registreringa (leverandørskiftet) vert gjort av nettselskapet som eig nettet der kunden sitt målepunkt ID er. Melding om leverandørskifte skal alltid sendast av den aktøren som har inngått ny avtale om kraftpris (kraftleveringsavtale) med ein kunde. Reglane om leverandørskifte er inntekne i kap. 2 i forskrift av nr 301 Om måling, avrekning m.m. Sjå Målepunkt ID Etter 1-3 i Forskrift om måling, avrekning og samordna opptreden m.m. av nr 301, er målepunkt ID definert som ein eintydig identifikasjon av eit målepunkt basert på EANstandarden Global Service Relation Number (GSRN).
10 10 Nettleige Nettselskap Nord Pool ASA Områdepris/prisområde Sluttbrukar Spotpris Stansing Alle prisar og annan økonomisk godtgjersle (tariffar) som nettselskapet fastset for tilknyting til og bruk av elektriske nettanlegg. Jf. 1-3 om tariffer i Forskrift av nr 302 Om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsrammer m.m. Selskap som eig overføringsnett eller har ansvar for nettenester i samsvar med nettleigekontrakt med kunden og har områdekonsesjon og omsetningskonsesjon etter energilova. Den nordiske kraftbørsen som er eigd av sentralnettsselskapa i dei nordiske landa. Aktørane som tilbyr avtalar om kraftpris til sluttbrukarar, handlar kraft og prissikrar avtalepliktene sine overfor kundane hos Nord Pool ASA. Sjå Elspotpris. Som sluttbrukar er rekna den kunden som tek ut elektrisk energi til eige bruk, og som ikkje omset krafta vidare. Sjå Elspotpris Kraftprisansvarlege si utøving av tilbakehaldsrett overfor kunden. Det inneber at kraftleverandøren overfor kunden og nettselskapet erklærer at ein frå eit oppgitt tidspunkt ikkje står økonomisk ansvarleg overfor den avrekningsansvarlege og nettselskapet for kunden sitt uttak av kraft.
11 11 Notat Om å ta den nye kontrakten i bruk 1. Ved inngåelse av nye avtaler med næringskunder etc. viser man i fastprisavtalen, markedsprisavtalen, osv. til disse nye Alminnelige vilkårene.. i stedet for til KS Standard avtale for levering av elektrisk kraft. KS Standard avtale for levering av elektrisk kraft bruker/viser man heretter til bare når man inngår avtaler med forbrukere (privatpersoner.) Det er ikke skrevet i Alminnelige vilkår at kunden skal få disse, men alminnelig avtalerett tilsier at kunden må ha hatt tilgang til bestemmelsene for at han skal bli bundet av dem. Leverandøren må derfor, om leverandøren har hjemmesider, legge ut Alminnelige vilkår i et klikkfelt i tilknytning til tilbud på, eller omtale av, kraftavtaler til næringskunder. Kunden bør også få tilsendt Alminnelige vilkår som epost eller vanlig post i f m ordrebekreftelse, se 3 i.f. Det er ikke nødvendig å trykke Alminnelige vilkår som et hefte, men man kan jo gjøre det dersom man ønsker det Innføring av Alminnelige vilkår i løpende avtaler med næringskunder etc. Her bestemmes fremgangsmåten ut fra hvilken regulering man har hatt fram til nå. Dersom man har brukt KS eller Enfos gamle kraftleveringsavtale til forbrukerkunder også for de næringsdrivende, må man annonsere avtaleendring slik man har gjort før. Dvs. man annonserer i de aviser man vanligvis gjør slikt; at Leverandørnavn har gått over til nye Alminnelige vilkår for avtaler om kraftpris, og at disse blir gjort gjeldende mellom Leverandørnavn og alle næringskunder, offentlige kunder og andre kunder som ikke er privatkunder 14 dager etter dato for innrykk av annonsen. Man kan her vise 6 i KS standard avtale om levering av elektrisk kraft eller 3-14 i Enfos gamle standardavtale for levering av elektrisk kraft alt etter hva man har brukt. Et lite poeng som jeg vil nevne, men som jeg ikke mener det er nødvendig å utdype ytterligere i annonsen, er at for næringskunder m.v. som har avtaler som løper på tid (typisk fastprisavtaler) er det tvilsomt om man kan gå inn og ensidig endre avtalevilkårene midt inne i en avtaleperiode. Har man slike avtaler bør man la disse løpe ut tiden som de gjelder, og heller gå over til Alminnelige vilkår når disse avtaler utløper og skal fornyes Ovennevnte fremgangsmåte med annonsering vil også være gangbar dersom Leverandørnavn ikke har hatt spesielle generelle vilkår i sine avtaler med næringskunder etc. I slike tilfeller har avtalene gjerne blitt supplert med bestemmelser fra forbrukerkundekontrakten dersom det har manglet reguleringer ved en tvist. 2.3 Har man løpende avtaler med hjemmesnekrede generelle vilkår vil det være avgjørende hva som står i disse for om og når man har mulighet til å gå over til de nye Alminnelige vilkår. Ta kontakt med meg så kan vi se konkret på problemet. Oslo, Inge A. Fredriksen advokat
12 12
Allmenne Vilkår for avtalar om kraftpris mellom Sognekraft AS og små og mellomstore bedriftskundar m.m.
Allmenne Vilkår for avtalar om kraftpris mellom Sognekraft AS og små og mellomstore bedriftskundar m.m. 1 Desse Allmenne Vilkår gjeld mellom Sognekraft AS og små og mellomstore bedriftskundar, offentlege
DetaljerEBLs anbefalte nettleievilkår for næringskunder mv
EBLs anbefalte nettleievilkår for næringskunder mv Disse nettleievilkårene gjelder i avtaleforholdet mellom nettselskapet og nettkunder som ikke er å anse som forbrukere, jf definisjonen av forbruker i
DetaljerFøretak: (heretter kalla mottakaren) Telefonnummer: Postnummer: Poststad: Organisasjonsnummer: E-postadresse:
Avtale om tilgang til opplysningar frå Reservasjonsregisteret Avtale om FTP-overføring av opplysningar for oppdatering av: (Kryss av for ynskt avtaletype) eige register, pris per år kr 24 600,- eigne og/eller
DetaljerTARIFFAR FRÅ 01.01.2015
TARIFFAR FRÅ 01.01.2015 Alle tariffar er i utgangspunktet sett opp utan mva og forbruksavgift. H-tariff for hushald og gardsbruk. H 4 Kilowattime tariff. Nettleige: Fastbeløp for anlegg med hovedsikringar
DetaljerKunden og BIR. Rettleiar til forskrift om handtering av avfall frå hushald
Kunden og BIR Rettleiar til forskrift om handtering av avfall frå hushald 1 Innhald Om BIR... 3 Formålet med rettleiaren... 4 Korleis rettleiaren er bygd opp... 4 Kapittel 1: Innleiande informasjon...
DetaljerFKRA SA - REVISJON AV VEDTEKTER MED INSTRUKSAR STYREVEDTAK 18.12.2014 INNSTILLING TIL ÅRSMØTET 2015
FKRA SA - REVISJON AV VEDTEKTER MED INSTRUKSAR STYREVEDTAK 18.12.2014 INNSTILLING TIL ÅRSMØTET 2015 PHV/HSrev020215 Vedlagt følgjer styret si innstilling til årsmøtet 2015 basert på vedtektskomiteen sitt
DetaljerØkonomihåndboka. Møre og Romsdal fylkeskommune. del 2 av 2. Siste hovedoppdatering: 18.01.2008. Økonomiseksjonen
Økonomihåndboka del 2 av 2 Siste hovedoppdatering: 18.01.2008 Møre og Romsdal fylkeskommune Økonomiseksjonen Møre og Romsdal fylkeskommune Økonomihandboka del 2 FORORD Økonomihandboka er eit hjelpemiddel
DetaljerLov for SA Naustdal Båtlag
Lov for SA Naustdal Båtlag Vedteke på årsmøte 26. mars 2015 1 Laget sitt namn Laget sitt namn er SA Naustdal Båtlag, forkorta SA N.B.L 2 Forretningskontor SA Naustdal Båtlag skal ha forretningskontor i
DetaljerOversikt over interkommunalt samarbeid
Oversikt over interkommunalt samarbeid Hjartdal kommune Forvaltningsrevisjonsrapport nr: 727 004 2007 Innhald Samandrag...iii 1 Innleiing...1 1.1 Bakgrunn...1 1.2 Problemstillingar...1 1.3 Avgrensing...1
DetaljerHandbok for samarbeid mellom barnevern og skole. Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland
Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland 2 Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole Innholdsfortegnelse Innleiing... 3 KAPITTEL
DetaljerForskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Tromsø med utfyllende bestemmelser for ph.d. i molekylær- og strukturbiologi
Forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Tromsø med utfyllende bestemmelser for ph.d. i molekylær- og strukturbiologi Vedtatt av: Styret ved Universitetet i Tromsø 15. desember
DetaljerSIEMENS Generelle leveringsbetingelser
SIEMENS Generelle leveringsbetingelser 1. Generelt Disse generelle leveringsbetingelsene gjelder for all levering av varer og tjenester (heretter Leveransen), herunder kvalitet, tekniske spesifikasjoner,
DetaljerOrganisering og registrering av lag stiftet ved jordskifte
Rapport Organisering og registrering av lag stiftet ved jordskifte Rapport fra arbeidsgruppe nedsatt av Landbruks- og matdepartementet 2. august 1999 Rapport Organisering og registrering av lag stiftet
DetaljerAvtale om leie av abonnementsystemet Zubarus. er inngått mellom Crowd Services AS, org.nr 982 895 219 (heretter kalt Leverandøren) og
Avtale om leie av abonnementsystemet Zubarus er inngått mellom Crowd Services AS, org.nr 982 895 219 (heretter kalt Leverandøren) og (heretter kalt Kunden) Sted og dato: Crowd Services AS Kundens underskrift
DetaljerBruksvilkår for Enivest Sikker Lagring
Bruksvilkår for Enivest Sikker Lagring 1. Innleiing Velkommen til Enivest Sikker Lagring, som leverast til deg av Enivest AS. Føljande vilkår regulerer din bruk av Enivest Sikker Lagring ( tenesta ). Ved
DetaljerLiv Jorunn Stokke UFØREPENSJONIST AR. FAFO-rapport 153 -- -- - -
Liv Jorunn Stokke UFØREPENSJONIST AR loffentleg SEKTOR FAFO-rapport 153 -- -- - - FAFO 1993 ISBN 82-7422-107-9 Omslagsfoto: Lars Bahl 2. maj - Samfoto Trykk: C Falch Hurtigtrykk. Oslo Innhald 1 Innleiing............................
DetaljerHandlingsplan mot mobbing på Strand vgs. Opplæringsloven 9a-3,2ledd
Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs Opplæringsloven 9a-3,2ledd Godkjent av leiinga sep. 2010 Revidert juni 2014 Føreord av rektor: Mobbing skjer dessverre på kvar einaste skule. Konsekvensane av å
DetaljerBruk av tvang i psykisk helsevern
Internrevisjonen Bruk av tvang i psykisk helsevern Helse Vest RHF, september 2014 INNHALD Målgruppene for denne rapporten er styret og revisjonsutvalet på regionalt nivå, styra i helseføretaka, formelt
DetaljerForeldreansvar. samværsrett
Foreldreansvar og samværsrett Råd og hjelp Familievernkontorer Fylkesmannen NAV lokalt Sosialtjenesten Prest PP-tjenesten, BUP Barnevernet Advokat Fri rettshjelp Familievernet gir et gratis lavterskeltilbud
DetaljerNorge BRUKERAVTALE FOR MAMUTS PRODUKTER OG TJENESTER
MAMUT BRUKERAVTALE Norge BRUKERAVTALE FOR MAMUTS PRODUKTER OG TJENESTER Ved å installere Mamut produkter og/eller ved å benytte deg av Mamuttjenester, bekrefter du at du har lest, forstått og aksepterer
DetaljerNoen hovedpunkter i gjerde- og beitelovgivningen I. Innledning
Noen hovedpunkter i gjerde- og beitelovgivningen I. Innledning I Norge bygger gjerde- og beitelovgivningen på en mer enn 1000-årig lovhistorie. Håvamål sier at «Gard set fred mellom grannar» Magnus Lagabøters
DetaljerAlminnelige forretningsvilkår for handel med finansielle instrumenter mv. gjennom RS Platou Project Sales AS
Alminnelige forretningsvilkår for handel med finansielle instrumenter mv. gjennom RS Platou Project Sales AS Disse Forretningsvilkårene er sist oppdatert 24. mars 2015 RS Platou Project Sales AS NO 998
DetaljerStandard salgsbetingelser for forbrukerkjøp av varer over Internett
Standard salgsbetingelser for forbrukerkjøp av varer over Internett Versjon 1.0 Innholdsfortegnelse: Innledning 1. Avtalen 2. Partene 3. Priser 4. Avtaleinngåelsen 5. Ordrebekreftelse 6. Betaling 7. Levering
DetaljerA V T A L E. mellom Statnett som sentralnettoperatør og, som netteier i sentralnettet
A V T A L E mellom Statnett som sentralnettoperatør og, som netteier i sentralnettet 1 Avtalens formål og bakgrunn Sentralnettet utgjør ett nett med flere selvstendige konsesjonærer følgelig gjelder denne
DetaljerInformasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583
Informasjonsforvaltning i offentleg sektor Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Forord Det har lenge vore klart at offentleg sektor må nytte informasjonen sin på ein betre måte for å bli meir effektiv, gi betre
DetaljerArbeidsrettslige spørsmål som oppstår ved kommunesammenslåinger - Et juridisk verktøy for de kommuner. som omfattes av en sammenslåing
Arbeidsrettslige spørsmål som oppstår ved kommunesammenslåinger - Et juridisk verktøy for de kommuner som omfattes av en sammenslåing KS Advokatene og KS Forhandling 2015 Innholdsfortegnelse 1. Innledning...
DetaljerSKYSSREGLEMENT FOR VIDAREGÅANDE SKOLE I MØRE OG ROMSDAL
SKYSSREGLEMENT FOR VIDAREGÅANDE SKOLE I MØRE OG ROMSDAL Skoleskyssen er den daglege transporten mellom bustad og opplæringsstad. Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for skoleskyssen. Fylkeskommunen
DetaljerASA 4313 for perioden 2013-2014 med NFFs kommentarer
ASA 4313 for perioden 2013-2014 med NFFs kommentarer Rammeavtale mellom KS og Norsk Fysioterapeutforbund (NFF) om drift av selvstendig næringsdrivendes fysioterapivirksomhet som del av den kommunale helsetjenesten
DetaljerHUSLEIERETT. Husleierett 1
HUSLEIERETT Husleierett 1 2 Husleierett Utgiver: Foto: Grafisk design: Opplag: Trykk: Jussformidlingen ved Universitetet i Bergen - oktober 2012 Forside Trond Angeltveit Kommunikasjonsavdelingen, UiB 2000
DetaljerRetningslinjer for lån til barnehagar frå Husbanken
HB 7.B.4 (N) Mars 2014 Retningslinjer for lån til barnehagar frå Husbanken 1 Formål Barnehagelån skal medverke til å dekkje behovet for gode barnehagar. Barnehagelånet skal fremje kvalitet i det fysiske
Detaljer