PROTOKOLL Formannskapet Møtedato: 11.11.2014 Møtetid: Kl. 13:15 16:30 Møtestad: Ingebrigt Davik-huset, Saksnr.: 062/14-066/14 Brattvåg Medlemmer: H - Bjørn Sandnes FRP - Svein Harsjøen AP - Trond Seth H - Rolf Longva H - Ewa Hildre KRF - Åge Vikestrand -- - Bente Åkre Rogne SP - Vebjørn Krogsæter UAVH - Astrid Ahrens Av 9 medlemmer møtte: 9. Totalt frammøtte: 9. Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Sp.mål/interpell.: Diverse: Ordførar Bjørn Sandnes Rådmann Turid Hanken, stabsleiar Per Langnes. I tillegg møtte økonomisjef Levi Lervik og Kåre Beite Sak 65/14 (også utsendt pr. epost mandag) og sak 66/14 vart delt ut i møtet. Kåre Beite orienterte før behandling av sak 63/14 om prosjektet knytt til omsorgssenter og anbodsprosessen. Møtet vart lukka med heimel i kommunelova 31 nr. 2 under denne orienteringa. Rådmann og økonomisjef orienterte om status i forhold til arbeidet med budsjettet. Det var ikkje innkome skriftlege spørsmål til møtet. Svein Harsjøen viste til at forslag til oppheving av konsesjonslov og boplikt er sendt på høyring, og spurte om det ville bli lagt fram sak på det. Det vart opplyst at sak ville bli lagt fram i løpet av høyringsfristen. Innkallinga har vore kunngjort, og medlemmene har fått innkalling til møtet via e-post for nedlasting til lesebrett.
Det vart samrøystes vedteke å føre opp sakene 65/14 og 66/14 som tilleggssaker. Det vart samrøystes vedteke å behandle sak 63/14 til slutt i møtet. Før behandlinga av sak 63/14 vart møtet lukka i samband med orienteringa som vart gitt. Rådmannen opplyste om at det ville bli gitt ei orientering om status knytt til trafikktryggingstiltak i neste møte.
Sakliste Sak nr. Saktittel 062/14 Godkjenning av møtebok 28.10.14 063/14 Omsorgssenter på Eidet - utforming og kostnadsramme 064/14 Web-tv frå kommunestyremøta i Haram 065/14 ekommune Sunnmøre - Vurdering av IKT-samarbeidet 066/14 Endring av forskrift om hushaldsavfall og slam for Ålesundregionen
062/14: Godkjenning av møtebok 28.10.14 Møtebok frå møtet 28.10.14 vert godkjent. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. FS-062/14 Vedtak: Møtebok frå møtet 28.10.14 vert godkjent. 063/14: Omsorgssenter på Eidet - utforming og kostnadsramme Formannskapet rår kommunestyret til å gjere følgjande vedtak: 1. Kommunestyret godkjenner kostnadsramme for nytt omsorgssenter på Eidet på 215 mill kr inkl. mva. 2. Dersom det ikkje vert oppnådd tilsagn frå Energifondet, skal energiløysinga leggast fram for formannskapet til ny vurdering og godkjenning. FS-063/14 Tilråding: 1. Kommunestyret godkjenner kostnadsramme for nytt omsorgssenter på Eidet på 215 mill kr inkl. mva. 2. Dersom det ikkje vert oppnådd tilsagn frå Energifondet, skal energiløysinga leggast fram for formannskapet til ny vurdering og godkjenning. 064/14: Web-tv frå kommunestyremøta i Haram Formannskapet vil rå kommunestyret til å gjere slikt vedtak: Haram kommunestyre tek sikte på å ta i bruk web-tv med direktesending frå kommunestyremøta. Løyving til tiltaket på inntil kr 100.000,- vert å vurdere under budsjettbehandlinga for 2015. Rådmannen får fullmakt til å inngå avtale med leverandør innanfor den kostnadsramme som kommunestyret ev. måtte vedta. FS-064/14 Tilråding:
Haram kommunestyre tek sikte på å ta i bruk web-tv med direktesending frå kommunestyremøta. Løyving til tiltaket på inntil kr 100.000,- vert å vurdere under budsjettbehandlinga for 2015. Rådmannen får fullmakt til å inngå avtale med leverandør innanfor den kostnadsramme som kommunestyret ev. måtte vedta. 065/14: ekommune Sunnmøre - Vurdering av IKTsamarbeidet Formannskapet rår kommunestyret til å gjere slikt vedtak: Kommunestyret tek orientering om status og vurdering av IKT-samarbeidet til vitande. FS-065/14 Tilråding: Kommunestyret tek orientering om status og vurdering av IKT-samarbeidet til vitande. 066/14: Endring av forskrift om hushaldsavfall og slam for Ålesundregionen Formannskapet rår kommunestyret til å gjere slikt vedtak: Kommunestyret i Haram vedtek endring av forskrift om hushaldsavfall og slam for Ålesundregionen gjeldande frå 01.01.2015 i tråd med framlegget til representantskapet i Årim si tilråding. I høve vedlegg 1 til 5 er det ingen unntak i renovasjonsplikta i Haram kommune. FS-066/14 Tilråding: Kommunestyret i Haram vedtek endring av forskrift om hushaldsavfall og slam for Ålesundregionen gjeldande frå 01.01.2015 i tråd med framlegget til representantskapet i Årim si tilråding. I høve vedlegg 1 til 5 er det ingen unntak i renovasjonsplikta i Haram kommune.