LOVER FOR LEIKARRINGEN I BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO (Leikarringen blei skipa 14. november 1919. Lov og styringsføresegner sist endra 25.2.2014.) 1 Skipnad Leikarringen vart skipa som særlag i Bondeungdomslaget i Oslo 14. november 1919. Gjennom Bondeungdomslaget er Leikarringen medlem i landssamskipnadene Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, og er bunden til lover og føresegner til desse organisasjonane. 2 Føremål Leikarringen skal gjennom aktivt arbeid fremja vørdnaden for våre folkelege kulturtradisjonar, særleg folkedans, folkemusikk og bunadtradisjon, og la dette vera grunnlaget for ei miljøskapande samværsform. Ringen har sine eigne oppgåver som framsyningsring, og i arbeidet med opplæring av leikleiarar og rettleiarar. 3 Medlemer Medlemer i Bondeungdomslaget kan verta med i Leikarringen når dei har dei har dei kunnskapar som trengst og vil fremja føremålet til Leikarringen. Styret avgjer kven som kan verta med i Leikarringen. 4 Styret I styret for Leikarringen sit leiar og tre styremedlemer med to varamedlemer. Leiaren vert vald for eitt år. Dei andre i styret vert valde for to år, to og ein på annakvart årsmøte. Varamedlemene står på val kvar år. Styret vel seg imellom nestleiar, kassastyrar, skrivar og bunadstyrar. Styret er vedtaksført når tre styremedlemer er til stades. 5 Arbeidet i Leikarringen Styret skipar til alle øvingar og framsyningar. Til å ta seg av møte, turar, festar o.a. kan styret velje nemnder. Desse nemndene skal leggja planane sine fram for styret til godkjenning. Det må ikkje skipast til noko som kjem i vegen for hovudlaget utan at styret i Bondeungdomslaget har gjeve samtykke til det. Alle vedtak som kan føra med seg nemnande økonomisk ansvar, må godkjennast at styret i Bondeungdomslaget. 6 Årsmøtet Årsmøtet skal haldast innan utgangen av februar og saklista skal vera kunngjort minst 14 dagar føreåt. På årsmøtet skal styret leggja fram årsmelding, revidert rekneskap og planar for arbeidet i det komande året. Rekneskapen skal reviderast av Bondeungdomslaget sin valde revisor. Leikarringen skal senda årsmelding og utdrag av godkjend rekneskap til styret i Bondeungdomslaget innan utgangen av februar. Når minst tre styremedlemer eller minst 1/4 av lagsflokken krev det, skal styret kalla inn medlemene til omframt årsmøte. Side 1 av 6
7 Innsyn Styret i Bondeungdomslaget har rett til innsyn i arbeidet og økonomien i Leikarringen (jf. lova i Bondeungdomslaget, 5). 8 Brigde Berre årsmøtet i Leikarringen kan endra lova når 2/3 av dei frammøtte medlemene røystar for. Lova skal godkjennast av laget etter tilråding frå styret i Bondeungdomslaget. Framlegg til lovbrigde må vere kunngjort minst to veker før årsmøtet. Denne lova vart vedteke på Leikarringen sitt årsmøte 21. januar 1992, og er godkjend av laget etter tilråding frå styret i Bondeungdomslaget. Side 2 av 6
STYRINGSFØRESEGNER FOR LEIKARRINGEN I BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO 1 Ymse ombod i Leikarringen I tillegg til dei omboda som er nemnde i lova, har Leikarringen: 1. Bladstyrar for Olivant med seks medhjelparar 2. To styremedlemer i Barnelaget med ein varamedlem 3. Pressemeldar med varamedlem 4. Bunadnemnd på tre medlemer 5. Valnemnd på fem medlemer med tre varamedlemer 6. Eit råd på ni medlemer 2 Lagsfolk Dei som vil melda seg inn i Leikarringen, sender innmelding på fastsett skjema. Til vanleg er minstekravet at søkjarane har fullført leikskeida i Leikarringen eller har tilsvarande opplæring. 3 Leiaren Leiaren skal sjå til at styre og årsmøtevedtak vert sette i verk. Dersom styret ikkje har fast møtedag, skal leiaren kalla inn til styremøte. Leiaren har dobbeltrøyst i styret dersom røystene står likt. 4 Kassastyraren Kassastyraren skal stå for alle inn og utbetalingar, og føra rekneskapen i samsvar med reglar som lagsstyret fastset i samråd med Bondeungdomslaget sin valde revisor. 5 Skrivaren Skrivaren skal føra inn i møteboka opprit frå alle møte og festar. Alle framsyningar skal førast inn i møteboka. Utskrift av møteboka bør takast inn i OLIVANT. Skrivaren fører kartoteket og ordnar med arkivsakene til Leikarringen. 6 Bunadstyraren Bunadstyraren skal ta vare på Leikarringen sine eignelutar og føra liste over dei, med merknad om kvar dei er å finna. Bunadstyraren skal samla avisutklipp og fotografi som vedkjem Leikarringen og føra lagerrekneskap over Leikarringen sine eignelutar. 7 Pressemeldar Leikarringen har ein pressemeldar med varamedlem. Dei vert valde for eitt år. I samarbeid med styret skal pressemeldaren senda opprit til pressa når det hender noko av interesse, skriva eller samla og senda vidare opplysningstilfang vedkomande leikarbeidet, gjerne med bilete. 8 Bunadnemnd Leikarringen har ei bunadnemnd på tre personar, valde på årsmøtet. Leiaren i nemnda skal veljast ved særskilt val. Nemnda skal arbeide for å fremja bunadkulturen og vera eit rådgjevande og opplysande organ for medlemene i Leikarringen. Kunnskap om bunadspørsmål kan m.a. spreiast gjennom personleg kontakt med medlemene og gjennom særskilde bunadkveldar, som det bør vera minst ein av i arbeidsåret. Side 3 av 6
Bunadnemnda skal medvite arbeida for å utvida sitt eige kunnskapsområde. Dette kan m.a. gjerast gjennom litteraturstudiar, ved å søkja samband med Bunad og Folkedraktrådet og andre bunadnemnder, museum og husflitutsala våre, og med einskildpersonar som kan gje opplysingar om bunader og bunadbruk. Nemnda skal aktivisera lagsfolka i spørsmål som gjeld bunader. Nemnda bør stimulera den einskilde til å granske sin eigen bunad, og arbeida for at det vert skipa studieringar om bunadspørsmål. Nemnda skal stå for innsamling av eit kartotek med opplysingar om norske bygdebunader og syta for at det vert mest mogeleg utbygd. Nemnda skal leggja fram melding om arbeidet sitt på årsmøtet. 9 Rettleiarar Styret peikar ut så mange rettleiarar og spelemenn som ein treng. Saman med rettleiarane set styret opp øvingsprogram for året. 10 Ettersynsfolk 1) 1) Paragrafen oppheva, sjå 6 i Leikarringen sine lover, og 19 i Bondeungdomslaget sine styringsføresegner. 11 Rådet Rådet er skipa for å vera til hjelp for styret i arbeidet med å fremja føremåla til Leikarringen. Det skal vera fem rådsmedlemer valde mellom lagsfolk som a) tidlegare har vore leiarar i Leikarringen, eller b) har vore rettleiarar i Leikarringen minst to år, eller c) har heidersmerket Leiaren i Leikarringen har rett til å møta i Rådet med tale og framleggsrett. Medlemer av Rådet vert valde på årsmøtet for to år om gongen, to det eine året og tre det andre året. Rådet vel seg mellom ordførar, varaordførar og skrivar. Det skal vera minst to møte kvart år. Rådet sender melding om arbeidet sitt til årsmøtet i Leikarringen. Rådet skal vera eit rådgjevande organ og kan ikkje gjera vedtak som er bindande for Leikarringen. Det handsamar saker styret ønskjer å få drøfta, men kan òg ta opp saker det sjølv finn grunn til å gjera noko med. Saker frå styret bør leggjast fram skriftleg. Alle tilrådingar til styret skal vera skriftleg. 12 Fond Hyttefondet og Bunadfondet er sette inn på eigen konto i bank eller anna kredittinstitusjon. Leiaren og kassastyraren i Leikarringen har rett til saman å disponere midlane i fondet etter vedtak på årsmøte. Side 4 av 6
13 Olivant Bladstyrar og seks medhjelparar vert valde for eitt år om gongen. Bladet skal sendast ut fritt til alle lagsfolk i Leikarringen. Andre enn lagsfolk i Leikarringen kan òg tinga bladet. Tingingspris og lysingsprisar skal vera godkjende av styret i Leikarringen. 14 Barnelaget I styret for Barnelaget skal Leikarringen etter lova for Barnelaget ha to styremedlemer med ein varamedlem. Styremedlemene skal veljast på årsmøtet for to år. Slik at ein vert vald kvart år. Varamedlem vert vald for eitt år. 15 Ungdomsringen 1) Leikarringen har ein Ungdomsring dersom det er ungdommar nok mellom 14 og 18 år. Ungdomsringen arbeider i samsvar med Leikarringen sine føremål. 2) Ungdomsringen skal vera for dei som tidlegare har vore med i Barnelaget. Styret i Leikarringen kan i samråd med rettleiarar og Rådet i Ungdomsringen gjere unnatak. 3) Styret i Leikarringen peikar ut dei som til kvar tid skal ha ansvaret for Ungdomsringen. 4) Ungdomsringen vel eit råd med leiar, skrivar, rådsmedlem og varamedlem. Dei vert valde om hausten for eitt år om gongen av medlemene seg imellom. Skrivaren føret møtebok for øvingane, referat frå framsyningar og andre tilskipingar. Rådet tek seg av dei interne sakene i Ungdomsringen, i samråd med rettleiar. Rådet legg fram saker dei vil ha opp i Leikarringen for styret eller eit årsmedlemsmøte. Ein frå Rådet har møterett på styremøta i Leikarringen. 5) Ungdomsringen har øving ein gong kvar veke. 16 Valnemnda Årsmøtet skal velja valnemnd til neste årsmøte. Valnemnda skal vera på fem medlemer med tre varamedlemer. Tilrådinga frå valnemnda bør kunngjerast i god tid før årsmøtet. 17 Heidersmerke Leikarringen har eit heidersmerke som vert delt ut etter samrøystes vedtak i styremøte der heile styret må vera med. Rettesnor for utdeling av heidersmerke: 1. Leiar i tre år og gjort godt arbeid. 2. Rettleiar og framsyningsdansar i fem år og gjort godt arbeid. 3. Aktiv framsyningsdansar i minst ti år og i tillegg teke del i andre aktivitetar som fremjar føremålet til Leikarringen, t.d. styrearbeid i ringen eller hovudlaget, nemndarbeid, musikk, o.l. 4. Styret kan i særskilde høve dela ut merke til medlemer som fell utanom dei tre fyrste punkta i desse føresegnene. 18 Heiderlagsfolk Heiderlagsfolk vert utnemnde av styret. Heile styret må vera samde i utnemninga. Heiderlagsfolket må føreåt vera livsvarige lagsfolk i Bondeungdomslaget i Oslo. Side 5 av 6
19 Årsmøtesaker Faste postar på saklista for årsmøte er: 1. Årsmelding 2. Rekneskap med melding frå revisor 3. Budsjett og planar for det komande året 4. Val på: a) Leiar for eitt år b) Styremedlemer for to år c) Varamedlemer til styret for eitt år d) Bladstyrar for Olivant med seks medhjelparar e) Styremedlem for Barnelaget for to år f) Varamedlem til styret i Barnelaget for eitt år g) Pressemeldar for eitt år h) Varamedlem for pressemeldaren for eitt år i) Bunadnemnd for eitt år j) Råd for Leikarringen for to år k) Valnemnd for eitt år l) Varamedlemer for valnemnda for eitt år 5. Ymse 20 Vedtak 1. Viktige vedtak. Årsmøtet fastset årspengane i Leikarringen. Dei som melder seg inn etter 1. september, betalar halv kontingent. 2. Heiderlagsfolk, styret med varamedlemer, rettleiarane, husorkesteret og tilskipingsnemnda går gratis inn på tilskipingane til Leikarringen. 21 Brigde i styringsføresegner Desse styringsføresegnene kan brigdast med vanleg fleirtal på eit møte eller årsmøte i Leikarringen. Røystinga skal vera skriftleg dersom fem medlemer krev det. Side 6 av 6