Delegeringsreglement

Like dokumenter
Delegeringsreglement for Skodje kommune

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

Reglement for formannskapet. Vedteke i kommunestyret , sak K-13/109

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN

REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONS- UTVALET

5 LOVLEGHEITSKONTROLL Formannskapet skal ikkje handsama saker som er sendt departementet / fylkesmannen etter reglane i Koml. 59.

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16)

Fellesnemnd ny kommune i indre Sunnfjord

Reglement for administrasjonsutvalet. Vedteke av kommunestyret , sak K-13/110

Lovgrunnlag Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), 26 Fellesnemnd:

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

Reglement for administrasjonsutvalet i Selje kommune

REGLEMENT FOR DELEGERING

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00

Delegasjonsreglement for Selje kommune.

REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL

Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn

DELEGERINGSSREGLEMENT FOR VESTNES KOMMUNE

ADMINISTRATIVT DELEGERINGSREGLEMENT

INNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimesida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for: Folkevalde og politiske organ

SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

Vedtekter for nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen nasjonalpark i Sogn og Fjordane fylke

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Folkevaldopplæring 4.oktober Slik oppfører vi oss Makt og mynde Møte og delegeringsreglementet

Grenseendringar etter inndelingslova. Volda, 25. august 2016

MØTEINNKALLING. Utval: VALNEMND Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: Etter val av valnemnd i kommunestyret SAKLISTE

Reglement for formannskapet

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL) FOR

SAKSFRAMLEGG KRØDSHERAD KOMMUNE. Saksbehandler: Stig Rune Kroken Arkiv: Arkivsaksnr.: 18/1098 DELEGERINGSREGLEMENT

Selskapsavtale for Setesdal Revisjonsdistrikt IKS Versjon

Fellesnemnda. Fræna og Eide, 8. november 2016

Formelle vedtak i kommunestyra 21. juni 2017 i hht. 25 i inndelingslova for etablering av nye Ålesund kommune

INNKALLING. Til orientering: Ungdomsrådet, senior- og funksjonsrådet, hovudverneombodet og dei HTV (hovudtillitsvalde) vert også invitert til å delta:

KRAV OM LOVLEGHEITSKONTROLL AV K-SAK

MØTEREGLEMENT FOR SULA FORMANNSKAP DET FASTE UTVALET FOR PLANSAKER

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for: Folkevalde og politiske organ. Vedteke KS sak 014/17

MØTEREGLEMENT FOR FAGUTVALA

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

Politisk. delegasjonsreglement. for VALLE KOMMUNE

Tiltak på gnr. 113 bnr. 6 - bustadhus m/garasje. Klage på vedtak om garasjeplassering i d-sak 427/24.

Forvaltningsrett. Delegering i kommunen Kommunens endring av vedtak i klageomgang. Ingebjørg Haug

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Rådmannskontoret N / / Delegeringsreglement for Meland kommune Gjeld delegering frå kommunestyret til rådmannen

SKODJE KOMMUNE. Møtereglement for Skodje kommune. Jfr. kommunelova 39 nr.1.

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.

Møteprotokoll SAKLISTE

SUND KOMMUNE. Innhald. Dok.dato: Vår Ref: 16/ Arkiv:

REGLEMENT FOR VESTNES KOMMUNESTYRE

Samansetjing av «Fellesnemnd» for overgangsperioden fram mot

SKODJE KOMMUNE. Møtereglement for Skodje kommune. Vedteke i kommunestyret

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I FOLKEVALDE ORGAN

REGLEMENT FOR VALSTYRET

Politisk reglement For Formannskapet. Vedteke av kommunestyret Sak 117/15

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Radøy kommune Saksframlegg

Fellesnemndas funksjon og oppgåver. Norddal og Stordal, 10. februar 2017

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den

VESTVÅGØY KOMMUNE REGLEMENT FOR UTØVELSE AV DELEGERT MYNDIGHET VIDEREDELEGERING AV MYNDIGHET FRA RÅDMANNEN

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

VEDTEKT av februar 2007

Møteprotokoll. Til stades var og rådmannen, teknisk sjef, planleggjar og politisk sekretær. Sistnemnde førde møteboka. SAKLISTE

Selskapsavtale for Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS Versjon

Saksbehandlar: Vigdis Rotlid Vestad. Ref.: 2017/2464/FMMRVIVE Til: Felles kommunestyremøte

Korleis treffe lovlege vedtak i politiske organ

Endringar i delegasjonsreglementet for Hordaland fylkeskommune

Saksnr. Utval Møtedato KOMMUNESTYRE. Klage på administrasjonssjefen sitt saksframlegg i k-sak 036/19

Reglement for Kvam kontrollutval

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Flora Bordgleder KF er eit kommunalt føretak som er oppretta med heimel i Kommunelova kap. 11.

Delegeringsreglar. Bø kommune

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL MEDLEMER AV KOMMUNALE NEMNDER, STYRE, RAÅ D OG UTVAL I SULA KOMMUNE

REGLEMENT FOR FORMANNSKAPET

Selskapsavtale for Sogn og Fjordane Revisjon IKS Gjeldande frå

Folkevalde sine arbeidsvilkår

Luster kommune. Handsama: Rådmannen sitt framlegg

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Marianne Aadland Sandvik

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ELDRERÅDET Møtestad: Skodje rådhus Møtedato: Tid: 14:00

Saksframlegg. Sakshandsamar: Torbjørn Hasund Arkiv: 074 &00 Arkivsaksnr.: 09/2713-1

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 061/17 Bystyret PS

Merknad til innkallinga. Innkalling og referata bør alltid vera første sak på dagsorden. Dette vert omgjort til sak 1. Saksliste:

Partssammensatt utvalg Larvik - Lardal Saksliste nr: 9/16 Møtested: Møtedato: Tidspunkt: Forfallsgrunn må oppgis. Til behandling: Sak nr.

Vedtekter for Mardølafondet

Møteprotokoll. Til stades var og rådmannen, teknisk sjef, planleggjar, og politisk sekretær som førte møteboka. SAKLISTE

Innkalling av Førebuande fellesnemnd - ny kommune

Transkript:

SKODJE KOMMUNE Delegeringsreglement Vedtatt av kommunestyret 05.10.2016 Heimel for å delegere mynde: Kommunelova 8 (formannskapet) Kommunelova 10 (faste utval/komitear) Kommunelova 13 (hastesaker) Kommunelova 9 (ordføraren) Kommunelova 23 (rådmannen)

Innhald A Generelle reglar for bruk av delegert mynde i skodje kommune... 2 1. Hovudregel... 2 2. Tilbakekalling av delegert mynde... 2 3. Saker av særskilt art... 2 4. Klage og omgjeringsrett... 2 5. Lovlegheitskontroll... 3 6. Rapportering av vedtak gjort etter delegert mynde... 3 7. Retningslinjer for utøving av fullmakt... 3 8. Rullering av vedteke delegeringsreglement... 3 B Generelle reglar for skodje kommunestyre... 4 C Delegeringsreglement for skodje formannskap... 5 1. Val og samansetting... 5 2. Oppgåver og mynde... 5 3. Delegering i personalsaker... 5 4. Delegering i økonomi- og finanssaker... 5 5. Delegering etter særlov... 5 6. Delegering i klagesaker... 6 D Delegeringsreglement for det faste planutvalet... 6 1. Val og samansetting... 6 2. Oppgåver og mynde... 6 E Delegeringsreglement for komitear... 6 1. Val og samansetting... 6 2. Oppgåver og mynde... 6 3 Komitéleiaren... 7 F Delegeringsreglement for administrasjonsutvalet... 7 1. Oppgåver... 7 G Delegeringsreglement for forhandlingsutvalet... 7 1. Oppgåver og mynde... 7 H Delegeringsreglement for ordføraren... 7 I Delegeringsreglement for rådmannen... 8 1. Heimel... 8 2. Delegering i personalsaker... 8 3. Delegering i budsjettsaker... 8 4. Tilvisingsmynde... 9 5. Delegering i plansaker... 9 6. Delegering til rådmannen og vidare i organisasjonen i særlovssaker... 9 7 Delegering i andre saker... 9 1

A Generelle reglar for bruk av delegert mynde i Skodje kommune 1. Hovudregel a. Kommunestyret, som er det direkte folkevalde organet, er kommunen sitt fullmaktsorgan, og har i utgangspunktet all avgjerdsmynde i kommunen. b. For å få ei tenleg styring av kommunen, kan kommunestyret gje andre politiske organ, ordføraren eller rådmannen mynde til å opptre på sine vegne. Slik overføring av avgjerdsmynde vert kalla delegering. c. Alt delegert mynde skal utøvast i samsvar med lover, forskrifter og retningsliner gitt av kommunestyret og innanfor budsjettets rammer og føresetnader. d. Ei sak vert oppfatta som ikkje prinsipiell, og kan delegerast, når det ligg føre lover, retningsliner e.l. for korleis ho skal handsamast, og / eller ein har praksis frå handsaming av tilsvarande saker. e. Ordføraren er kommunen sin rettslege representant og skriv under på vegne av kommunen om ikkje anna er bestemt. 2. Tilbakekalling av delegert mynde a. Kommunestyret kan når som helst utan nærare grunngjeving tilbakekalle delegert mynde, og krevje avgjerdsmyndet tilbakeført til seg sjølv når ikkje anna er bestemt i lov. b. I medhald av kommunelova 10 og 10a kan kommunestyret når som helst omorganisere eller legge ned faste utval og komitear. c. Kommunestyret kan når som helst trekkje attende fullmakter som er tildelte andre. d. Kommunestyret kan gjere vedtak i sak der vedtaksmynde elles er tildelt andre. e. Kommunestyret kan også av eige tiltak gjere om vedtak som er gjort av underinstans, jfr. 35 i forvaltningslova. 3. Saker av særskilt art Den som får delegert mynde, kan be overordna organ om å ta avgjerd i saker av særskilt art. 4. Klage og omgjeringsrett a. I medhald av 28 i forvaltningslova kan ein part eller annan med rettsleg klageinteresse i saka, påklage enkeltvedtak (til det forvaltningsorgan (klageinstans) som er nærast overordna det forvaltningsorgan som har gjort vedtaket. b. Klageinstansen eller eit overordna organ kan av eige tiltak gjere om eit underordna organ sitt vedtak, i samsvar med forvaltningslova 35, 4.ledd. c. For enkeltvedtak gjort av formannskapet er kommunestyret klageinstans. d. For enkeltvedtak gjort av andre underliggande organ eller rådmannen etter delegert mynde er formannskapet klageinstans dersom anna ikkje er regulert i særlov. 2

5. Lovlegheitskontroll a. I medhald av kommunelova 59 kan 3 eller fleire medlemer av kommunestyret saman bringe eit vedtak gjort av eit folkevald organ eller den kommunale administrasjonen inn for departementet for kontroll av om vedtaket er lovleg. b. Krav om lovlegheitskontroll skal settast fram for det organ som har fatta vedtaket. Dersom organet opprettheld vedtaket skal saka sendast til departementet. c. Organet som har fatta vedtaket, organet som er overordna dette eller departementet kan beslutte at vedtaket ikkje skal iverksettast før lovlegheitskontrollen er avgjort. d. Ved lovlegheitskontroll skal det takast stilling til om vedtaket er: - lovleg innhaldsmessig - gjort av nokon som har mynde til å gjere slikt vedtak - blitt til på lovleg måte. e. I medhald av forskrift om tidsfrist m.m. er frist for å kreve slik lovlegheitskontroll 3 veker frå det tidspunkt vedtaket vart fatta. f. Departementet kan på eige initiativ ta eit vedtak opp til lovlegheitskontroll. Departementet skal oppheve vedtaket dersom det er gjort slike feil at det er ugyldig. 6. Rapportering av vedtak gjort etter delegert mynde Rådmannen gir kommunestyret regelmessig skriftleg orientering om administrative vedtak og status for politiske fatta vedtak. 7. Retningslinjer for utøving av fullmakt a. Alt delegert mynde må brukast i samsvar med lover, forskrifter og retningsliner gitt av overordna organ, og innanfor budsjettet sine rammer og føresetnader. b. Kommunestyret kan av omsyn til personvernet vedta at andre folkevalde organ eller visse type saker i andre organ, skal handsamast for stengde dører, jfr. Kommunelova 31 nr. 4 og 5. c. I alle vedtak skal det visast til kor det er heimla juridisk og i delegeringsreglementet. 8. Rullering av vedteke delegeringsreglement Kommunestyret skal gå gjennom og vurdere delegeringsreglementet minimum ein gong i løpet av valperioden og elles etter behov. 3

B Generelle reglar for Skodje kommunestyre a. Skodje kommunestyre har 21 valde representantar og er det øvste styringsorganet i Skodje kommune. b. Skodje kommunestyre skal handsame alle saker som etter lov ligg til kommunestyret. Alle prinsippielle og overordna saker skal i utgangspunktet handsamast av kommunestyret. c. Kommunestyret gjer vedtak på vegne av Skodje kommune såframt dette myndet ikkje ligg til andre organ gjennom lov eller delegert vedtak. d. Kommunestyret har gjennom reglement og vedtak i enkeltsaker delegert mynde til underliggande organ, til ordføraren og rådmannen. Dette myndet kan når som helst trekkast tilbake utan nærare grunngjeving. e. Kommunestyret vedtek møtereglement for seg sjølv og underliggande politiske organ. f. Kommunestyret sjølv har leiinga av den kommunale planlegginga. Kommunestyret skal sørge for at plan- og bygningslovgjevinga blir følgt i kommunen. Kommunestyret skal vedta kommunal planstrategi, kommuneplan og reguleringsplan. 4

C Delegeringsreglement for Skodje formannskap 1. Val og samansetting a. Formannskapet skal ha 7 medlemmer. 2. Oppgåver og mynde a. Formannskapet handsamar framlegg til økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak i samsvar med 8 i kommunelova. b. Formannskapet drøftar og førebur saker som skal avgjerast i kommunestyret unnateke saker som kommunestyret har tildelt andre organ i medhald av kommunelova. c. Formannskapet har mynde til å gjere vedtak i saker som skulle ha vore gjort av kommunestyret eller andre folkevalde organ, når det er naudsynt at vedtak vert gjort så raskt at det ikkje er tid til å kalle inn dette, jf. kommunelova 13. Melding om slike vedtak skal leggast fram for kommunestyret eller det folkevalde organet som skulle gjort vedtaket i kommunestyret/organet sitt neste møte. d. Med vanleg fleirtal kan formannskapet vedta å be om at kommunestyret gjer vedtak i sak som formannskapet har delegert mynde til å avgjere. e. Formannskapet kan oppnemne arbeidsutval blant medlemmane til å bistå seg i arbeidet. f. Formannskapet vel 3 medlemmar til forhandlingsutval og mellom dei leiar og nestleiar. Medlemmane skal velgast blant formannskapet sine medlemmar etter reglane i kommunelova 10 nr.3. Rådmannen utpeikar sekretær for utvalet. g. I medhald av kommunelova 25 skal det vere eit partssamansett utval, eit administrasjonsutval, for handsaming av saker som gjeld tilhøvet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette. Utvalet skal ha 6 medlemmer. 3 av desse skal veljast blant formannskapets medlemmar, rådmannen oppnemner ein og 2 blir valde blant dei tilsette for 2 år i gongen. Formannskapet vel leiar og nestleiar. Dei folkevalde medlemmane og rådmannen sin representant blir valde/oppnemnde for heile valperioden. Rådmannen oppnemner sekretær for utvalet. h. Formannskapet skal bli halde løpande orientert om høyringar som det kan bli gitt uttalar om. 3. Delegering i personalsaker a. Formannskapet får mynde til å inngå sentrale avtalar og protokollar med arbeidstakarorganisasjonane. b. Formannskapet innstiller til kommunestyret ved tilsetjing av rådmann. 4. Delegering i økonomi- og finanssaker a. Formannskapet gjer vedtak i økonomi- og finanssaker i samsvar med mynde gitt i økonomiog finansreglement. 5. Delegering etter særlov I lenkja KF Delegering finn ein oversikta over all delegering i kommunen frå kommunestyret og heilt ut i einingane. Her kjem det fram kva for paragragfar/ handlingar innanfor lova som er delegert til kven. 5

6. Delegering i klagesaker a. Formannskapet er kommunen si klagenemnd (klageinstans), jf. forvaltningslova 28, 2. ledd for enkeltvedtak gjort av underliggande organ eller rådmannen (underinstansen) etter delegert mynde. b. Underinstansen som fatta vedtaket i medhald av fvl. 33, skal gjennomføre nødvendige granskingar som klaga gjev grunn til før klageinstansen handsamar klaga. c. Dersom vilkåra for klagehandsaming ikkje er oppfylte, skal underinstansen avvise klaga, jf. fvl. 34, 1. ledd. d. Unnateke bestemmelsane i pkt. a. og b. er når særlov viser til at departementet eller fylkesmannen er klageinstans. D Delegeringsreglement for det faste planutvalet 1. Val og samansetting a. Det faste planutvalet skal ha 7 medlemmar. b. Alle parti som er representert i kommunestyret skal vere representerte i det faste planutvalet. For øvrig gjeld reglane om val i kommunelova 8. 2. Oppgåver og mynde a. Det faste planutvalet handsamar og innstiller til kommunestyret i saker knytt til gjennomføring av den kommunale planlegginga i medhald av pbl. 3-3, kap 11 og 12 b. Det faste planutvalet har mynde til å gjere vedtak om dispensasjon i medhald av pbl. kap. 19 og til å legge ned bygge- og deleforbod i medhald av pbl. kap. 13. Oppgåver knytt til pbl. kap 11, 12, 13 og 19 finner ein nærare omtala i denne lenkja KF Delegering. E Delegeringsreglement for komitear 1. Val og samansetting a. I medhald av koml. 10 nr. 5 kan kommunestyret opprette komité(-ar) til førebuande handsaming av saker og til å utføre særskilte verv. Slik komité kan tildelast mynde til å avgjere enkeltsaker som har direkte tilknyting til komitéen sitt oppdrag. 2. Oppgåver og mynde a. Kommunestyret vil i det enkelte tilfelle tildele oppgåver og mynde til komiteen og skal minst omfatte kven som skal leie komiteen, oppdragets omfang, når oppdraget skal vere ferdig, administrativ ressurs og økonomisk ramme. b. Kommunestyret oppløyser komiteen når oppdraget er utført. 6

c. Komiteen kan gjennomføre opne høyringar av konkrete saker, eller for å klargjere ulike saksforhold. Komiteen står fritt i høve til kven dei ønskjer å kalle inn til slike høyringar. d. Komiteen kan samarbeide med lag, organisasjonar og enkeltpersonar. 3 Komitéleiaren a. Skal sørge for at arbeidet i komiteen blir utført planmessig og rasjonelt og i samarbeid med rådmannen. Det inneber m.a. at det skal lagast ein framdriftsplan. F Delegeringsreglement for administrasjonsutvalet 1. Oppgåver Administrasjonsutvalet skal vere rådgjevande organ for kommunestyret i følgjande type saker: a) Endring av overordna organisasjonsstruktur b) Personalpolitiske planar og retningsline c) Andre saker som kommunestyret måtte legge fram for utvalet G Delegeringsreglement for forhandlingsutvalet 1. Oppgåver og mynde a) Førebu og gjennomføre forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonane så langt dette myndet ikkje er delegert til rådmannen b) Inngå arbeidsavtale/arbeidsvilkår for rådmannen c) Gjennomføre lønsforhandlingar med rådmannen H Delegeringsreglement for ordføraren a) I medhald av kommunelova 9 kan kommunestyret gje ordføraren mynde til å fatte vedtak i enkeltsaker eller typer av saker som ikkje er prinsipielle, ikkje er i strid med vedtak, enkeltvedtak eller reglement fatta av kommunestyret, eller etter delegert mynde til andre politiske organ eller rådmannen. Ordføraren orienterer kommunestyret om vedtak i slike saker. b) Gje høyringsuttalar og uttale seg til andre myndigheiter om konkrete spørsmål eller saker som ikkje er tillagt politiske organ. Formannskapet skal bli orientert om uttalar gitt av ordføraren c) Er kommunen sin representant i styre, representantskap, styringsgruppe eller tilsvarande i kommunale foretak, interkommunale eller andre samarbeidsorgan der kommunestyret ikkje 7

har gjeve dette myndet til andre. Ordføraren kan vidaredelegere mynde til andre i formannskapet. d) Føre drøftingar med andre offentlege myndigheiter og andre i samband med planlegging og bygging av infrastruktur. e) Sørge for å sette i verk tiltak i Strategisk næringsplan og opprette/utvikle god kontakt og samarbeid med alle aktuelle partar. f) Gjere økonomiske disposisjonar innafor ansvarsområdet politisk styring. g) Ordføraren kan anmelde og begjære påtale på vegne av Skodje kommune. I Delegeringsreglement for rådmannen 1. Heimel a. Med heimel i kommunelovas 23, punkt 4, gjev kommunestyret rådmannen mynde til å gjere vedtak i enkeltsaker eller typer av saker som ikkje er av prinsipiell betydning, dersom ikkje anna er bestemt andre stader i reglementet. 2. Delegering i personalsaker a. Med heimel i kommunelovas 24 gjev kommunestyret rådmannen mynde til å opprette og legge ned stillingar. b. Atterhaldet for slik delegering er at endringane ikkje er i konflikt med mål og prioriteringar i kommuneplan, økonomiplan, årsbudsjett eller andre politiske vedtak, eller endringane ikkje er av prinsipiell betydning. c. Med heimel i kommunelova 23 og 24 gjev kommunestyret rådmannen mynde til å tilsetje i alle stillingar. d. Tilsetjingsmyndet skal utøvast i samsvar med reglane i Hovudavtalen. e. Rådmannen får mynde til å gjennomføre forhandlingar med tilsette i samsvar med reglane i Hovudtariffavtalen. f. Kommunestyret gjev rådmannen mynde til å avgjere alle personalsaker der ikkje anna er bestemt i tariffavtale, hovudavtale, arbeidsmiljølov eller i dette reglement. 3. Delegering i budsjettsaker Med heimel i kommunelova og føresegner frå Kommunaldepartementet gjev kommunestyret rådmannen mynde til: - å disponere beløp innanfor same ansvarsområde. - å gjennomføre pliktige strykningar for å gjere opp driftsrekneskapen utan underskot. - å ta opp lån og godkjenne lånevilkår for lån som kommunestyret har vedteke etter kommunelova 50, samt etter gjeldande rekneskapsforskrifter og økonomi- og finansreglement om avdragstid og andre vilkår. - å konvertere eldre lån dersom avdragstida er uendra. - å delegere vidare det budsjettmyndet han har fått. 8

4. Tilvisingsmynde Rådmannen har tilvisingsmyndet. 5. Delegering i plansaker a. Rådmannen har mynde til å inngå avtale med private om utarbeiding av områdeplanar, samt bestemme samtidig handsaming av reguleringsplan og byggesak. b. Private tiltakshaverar kan stå for utarbeiding av reguleringsplan i ein prosess styrt av kommunen. I dei høva skal det gjerast avtale mellom rådmannen og den private tiltakshavaren om korleis planarbeidet skal utførast. c. Rådmannen får fullmakt til å forlenge planvedtaket etter søknad. Dersom saka er av prinsipiell karakter, skal spørsmålet leggast fram for formannskapet til vedtak. Vedtak om forlenging av planen skal kunngjerast i samsvar med plan- og bygningslova med høve til klage. d. Rådmannen har fullmakt til å vedta mindre endringer innafor hovudtrekka i reguleringsplanen, jf. Plan- og bygningslova 12-14. 6. Delegering til rådmannen og vidare i organisasjonen i særlovssaker Kommunestyret gjev rådmannen mynde til å forvalte kommunen sine interesser etter særlover slik det kjem fram her, og til å gjere vedtak i saker som ikkje er av prinsipiell betydning, så langt lova gjev høve til det. Rådmannen kan delegere mynde han sjølv har fått delegert vidare til administrasjonen med mindre særskilde reglar er til hinder for det. KF Delegering 7 Delegering i andre saker a. Kommunestyret gjev rådmannen mynde til å selje næringsareal og inngå kontraktar om salgsvilkår. b. Kommunestyret gjev rådmannen mynde til å inngå kontraktar og avtalar av operativ karakter (ikkje prinsipiell karakter) med inntil 5 års varighet. c. Rådmannen kan anmelde og begjære påtale på vegne av Skodje kommune. 9