Delegeringsreglement for Skodje kommune

Like dokumenter
Delegeringsreglement

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONS- UTVALET

Delegasjon frå kommunestyret til rådmannen (K-sak 27/16) 9.1 Føremål Dette reglementet skal bidra til:

5 LOVLEGHEITSKONTROLL Formannskapet skal ikkje handsama saker som er sendt departementet / fylkesmannen etter reglane i Koml. 59.

Reglement for formannskapet. Vedteke i kommunestyret , sak K-13/109

FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16)

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

Rådmannskontoret N / / Delegeringsreglement for Meland kommune Gjeld delegering frå kommunestyret til rådmannen

Reglement for administrasjonsutvalet i Selje kommune

Fellesnemnd ny kommune i indre Sunnfjord

Delegasjonsreglement for rådmannen Vedtatt av Sandnes bystyre 22. oktober 2013 i medhold av kommunelovens 23 nr. 4.

HJELMELAND KOMMUNE INSTRUKS FOR RÅDMANNEN DELEGERINGSREGLEMENT

Delegasjonsreglement for Midtre Namdal samkommune

Delegasjonsreglement for rådmannen

Ut over de bestemmelser som følger av dette reglementet innen økonomi, gjelder det til enhver tid gjeldende økonomireglement.

REGLEMENT FOR DELEGERING

Delegeringsreglement rev , PS 49/17

Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2014/ ADM/RSJ Vedteke i Volda kommunestyre den , sak PS 108/14

Lovgrunnlag Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), 26 Fellesnemnd:

SUND KOMMUNE. Innhald. Dok.dato: Vår Ref: 16/ Arkiv:

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00

Reglement for administrasjonsutvalet. Vedteke av kommunestyret , sak K-13/110

Delegasjonsreglement for Selje kommune.

REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL

RØROS KOMMUNE DELEGERINGSREGLEMENT VEDLEGG 2

Nye kommunar i Møre og Romsdal

ADMINISTRATIVT DELEGERINGSREGLEMENT

DELEGERINGSSREGLEMENT FOR VESTNES KOMMUNE

Politisk. delegasjonsreglement. for VALLE KOMMUNE

Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn

Reglement for formannskapet

Vedtekter for nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen nasjonalpark i Sogn og Fjordane fylke

INNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimesida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

DELEGERINGSREGLEMENT

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

Delegeringsreglement for politiske organ, ordfører og rådmann

ADMINISTRATIVT DELEGASJONSREGELEMENT

MØTEINNKALLING. Utval: VALNEMND Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: Etter val av valnemnd i kommunestyret SAKLISTE

Folkevaldopplæring 4.oktober Slik oppfører vi oss Makt og mynde Møte og delegeringsreglementet

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for: Folkevalde og politiske organ

Endringar i delegasjonsreglementet for Hordaland fylkeskommune

SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST

Selskapsavtale for Setesdal Revisjonsdistrikt IKS Versjon

Delegasjonsreglement. - med Indre Fosen Utvikling KF - Indre Fosen Alternativ 1

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

MØTEREGLEMENT FOR SULA FORMANNSKAP DET FASTE UTVALET FOR PLANSAKER

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den

DELEGASJONS- DELEGERINGS- REGLEMENT. Vedtatt av kommunestyret K-sak XX/16

Formelle vedtak i kommunestyra 21. juni 2017 i hht. 25 i inndelingslova for etablering av nye Ålesund kommune

FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL) FOR

SAKSFRAMLEGG KRØDSHERAD KOMMUNE. Saksbehandler: Stig Rune Kroken Arkiv: Arkivsaksnr.: 18/1098 DELEGERINGSREGLEMENT

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

INTERNT DELEGASJONSREGLEMENT FRÅ MARS 2015

Grenseendringar etter inndelingslova. Volda, 25. august 2016

DELEGERINGSREGLEMENT. Kommunestyrets delegering til formannskap, utvalg, ordfører og rådmann

Møteprotokoll SAKLISTE

Tiltak på gnr. 113 bnr. 6 - bustadhus m/garasje. Klage på vedtak om garasjeplassering i d-sak 427/24.

REGLEMENT FOR DELEGERING AV MYNDIGHET I LUNNER KOMMUNE.

FORSLAG TIL REGLEMENT FOR DELEGERING AV MYNDIGHET av

Delegasjonsreglement

DELEGASJONSREGLEMENT - POLITISK

MØTEREGLEMENT FOR FAGUTVALA

INNKALLING. Til orientering: Ungdomsrådet, senior- og funksjonsrådet, hovudverneombodet og dei HTV (hovudtillitsvalde) vert også invitert til å delta:

Vinje kommune Delegasjonsreglement

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.

Delegering fra kommunestyret til rådmannen

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

Samansetjing av «Fellesnemnd» for overgangsperioden fram mot

KRAV OM LOVLEGHEITSKONTROLL AV K-SAK

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for: Folkevalde og politiske organ. Vedteke KS sak 014/17

Møteprotokoll. Til stades var og rådmannen, teknisk sjef, planleggjar og politisk sekretær. Sistnemnde førde møteboka. SAKLISTE

REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I FOLKEVALDE ORGAN

DELEGERINGS- OG INNSTILLINGSREGLEMENT FOR VIK KOMMUNE

Saksframlegg. Sakshandsamar: Torbjørn Hasund Arkiv: 074 &00 Arkivsaksnr.: 09/2713-1

REGLEMENT FOR DELEGERING AV MYNDIGHET

REGLEMENT FOR VESTNES KOMMUNESTYRE

KOMMUNESTYRET SITT DELEGASJONSREGLEMENT VEDTEKE MARS

Forvaltningsrett. Delegering i kommunen Kommunens endring av vedtak i klageomgang. Ingebjørg Haug

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

DELEGASJONSREGLEMENT Vedtatt av Øyer kommunestyre den , K-sak 90/01.

Selskapsavtale for Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS Versjon

INNHOLDSFORTEGNELSE. Vedlegg: Reglement for investeringsprosjekter

Selskapsavtale for Sogn og Fjordane Revisjon IKS Gjeldande frå

Reglement for Kvam kontrollutval

1.7 Særdelegering etter skattebetalingsbestemmelsene:

Møteprotokoll. Til stades var og rådmannen, teknisk sjef, planleggjar, og politisk sekretær som førte møteboka. SAKLISTE

SKODJE KOMMUNE. Møtereglement for Skodje kommune. Vedteke i kommunestyret

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Transkript:

SKODJE KOMMUNE Delegeringsreglement for Skodje kommune Jfr. Kommunelova 39 nr. 1. Heimel for å delegere mynde: Kommunelova 8 (formannskapet) Kommunelova 10 (faste utval/komitear) Kommunelova 13 (hastesaker) Kommunelova 9 (ordføraren) Kommunelova 23 (rådmannen)

INNHALD A. GENERELLE REGLAR FOR BRUK AV DELEGERT FULLMAKT I SKODJE KOMMUNE B. GENERELLE REGLAR FOR SKODJE KOMMUNESTYRE C. DELEGERINGSREGLEMENT FOR SKODJE FORMANNSKAP D. DELEGERINGSREGLEMENT FOR DET FASTE PLANUTVALET E. DELEGERINGSREGLEMENT FOR KOMITEAR F. DELEGERINGSREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVALET G. DELEGERINGSREGLEMENT FOR FORHANDLINGSUTVALET H. DELEGERINGSREGLEMENT FOR ORDFØRAREN I. DELEGERINGSREGLEMENT FOR RÅDMANNEN 2

A. Generelle reglar for bruk av delegert mynde i Skodje kommune 1. HOVUDREGEL a. Kommunestyret, som er det direkte folkevalde organet, er kommunen sitt fullmaktsorgan, og har i utgangspunktet all avgjerdsmynde i kommunen. For å få ei tenleg styring av kommunen, kan kommunestyret gje andre politiske organ, ordføraren eller rådmannen mynde til å opptre på sine vegne. Slik overføring av avgjerdsmynde vert kalla delegering. b. Alt delegert mynde skal utøvast i samsvar med lover, forskrifter og retningsliner gitt av kommunestyret og innanfor budsjettets rammer og føresetnader. c. Ei sak vert oppfatta som ikkje prinsipiell, og kan delegerast, når det ligg føre lover, retningsliner e.l. for korleis ho skal handsamast, og / eller ein har praksis frå handsaming av tilsvarande saker. d. Ordføraren er kommunen sin rettslege representant og skriv under på vegne av kommunen om ikkje anna er bestemt. 2. TILBAKEKALLING AV DELEGERT MYNDE. a. Kommunestyret kan når som helst utan nærare grunngjeving tilbakekalle delegert mynde, og krevje avgjerdsmyndet tilbakeført til seg sjølv når ikkje anna er bestemt i lov. b. I medhald av kommunelova 10 og 10a kan kommunestyret når som helst omorganisere eller legge ned faste utval og komitear. c. Kommunestyret kan når som helst trekkje attende fullmakter som er tildelte andre. d. Kommunestyret kan gjere vedtak i sak der vedtaksmynde elles er tildelt andre. e. Kommunestyret kan også av eige tiltak gjere om vedtak som er gjort av underinstans, jfr. 35 i forvaltningslova. 3. SAKER AV SÆRSKILT ART a. Den som får delegert mynde, kan be overordna organ om å ta avgjerd i saker av særskilt art. 4. KLAGE OG OMGJERINGSRETT a. I medhald av 28 i forvaltningslova kan ein part eller annan med rettsleg klageinteresse i saka, påklage enkeltvedtak (til det forvaltningsorgan (klageinstans) som er nærast overordna det forvaltningsorgan som har gjort vedtaket. b. Klageinstansen eller eit overordna organ kan av eige tiltak gjere om eit underordna organ sitt vedtak, i samsvar med forvaltningslova 35, 4.ledd. c. For enkeltvedtak gjort av formannskapet er kommunestyret klageinstans. For enkeltvedtak gjort av andre underliggande organ eller rådmannen etter delegert mynde er formanskapet klageinstans dersom anna ikkje er regulert i særlov. d. I medhald av forvl. 33, 2.ledd skal organet eller rådmannen (underinstansen) som har gjort vedtaket gjennomføre nødvendige granskingar som klaga gjev grunn til før klageinstansen handsamar klaga. 3

e. Dersom vilkåra for klagehandsaming ikkje er oppfylte, kan underinstansen avvise klaga. Klagenemnda skal handsame klaga sjølv om underinstansen har avvist den, jfr. forvl. 34, 1.ledd). f. For vedtak som er gjort etter mynde delegert frå eit statleg forvaltningsorgan, er vedkomande statlege organ klageinstans 5. LOVLEGHEITSKONTROLL a. I medhald av kommunelova 59 kan 3 eller fleire medlemer av kommunestyret saman bringe eit vedtak gjort av eit folkevald organ eller den kommunale administrasjonen inn for departementet for kontroll av om vedtaket er lovleg. b. Krav om lovlegheitskontroll skal settast fram for det organ som har fatta vedtaket. Dersom organet opprettheld vedtaket skal saka sendast til departementet. c. Organet som har fatta vedtaket, organet som er overordna dette eller departementet kan beslutte at vedtaket ikkje skal iverksettast før lovlegheitskontrollen er avgjort. d. Ved lovlegheitskontroll skal det takast stilling til om vedtaket er: - innhaldsmessig lovleg - gjort av nokon som har mynde til å gjere slikt vedtak - blitt til på lovleg måte. e. I medhald av forskrift om tidsfrist m.m. er frist for å kreve slik lovlegheitskontroll 3 veker frå det tidspunkt vedtaket blei fatta. f. Departementet kan på eige initiativ ta eit vedtak opp til legalitetskontroll. Departementet skal oppheve vedtaket dersom det er gjort slike feil at det er ugyldig. 6. RAPPORTERING AV VEDTAK GJORT ETTER DELEGERT MYNDE a. Rådmannen gir kommunestyret regelmessig skriftleg orientering om administrative vedtak og status for politiske fatta vedtak. 7. RETNINGSLINER FOR UTØVING AV FULLMAKT a. Alt delegert mynde må brukast i samsvar med lover, forskrifter og retningsliner gitt av overordna organ, og innanfor budsjettet sine rammer og føresetnader. b. Kommunestyret kan av omsyn til personvernet vedta at andre folkevalde organ eller visse type saker i andre organ, skal handsamast for stengde dører, jfr. Kommunelova 31 nr. 4 og 5. 8. RULLERING AV VEDTEKE DELEGERINGSREGLEMENT a. Kommunestyret skal gå gjennom og vurdere delegeringsreglementet innan utgangen av det 3. året i valperioden. 4

B. Generelle reglar for Skodje kommunestyre a. Skodje kommunestyre har 21 valde representantar og er det øvste styringsorganet i Skodje kommune. b. Skodje kommunestyre skal handsame alle saker som etter lov ligg til kommunestyret. Alle prinsippielle og overordna saker skal i utgangspunktet handsamast av kommunestyret. c. Kommunestyret gjer vedtak på vegne av Skodje kommune såframt dette myndet ikkje ligg til andre organ gjennom lov eller delegert vedtak. d. Kommunestyret har gjennom reglement og vedtak i enkeltsaker delegert mynde til underliggande organ, til ordføraren og rådmannen. Dette myndet kan når som helst trekkast tilbake utan nærare grunngjeving. e. Kommunestyret vedtek møtereglement for underliggande organ. f. I medhald av lov om kommunale helse- og omsorgstenester skal det opprettast ei klagenemnd på 3 personar. 2 av desse skal veljast blant formannskapets medlemer. Rådmannen oppnemner det tredje medlemmet. g. Kommunestyret har sjølv leiinga av den kommunale planlegginga. Det inneber å vedta kommunal planstrategi, kommuneplan og reguleringsplan. 5

C. Delegeringsreglement for Skodje formannskap 1. SAMANSETJING OG VAL a. Formannskapet skal ha 7 medlemmer. 2. OPPGÅVER OG MYNDE a. Formannskapet handsamar framlegg til økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak i samsvar med 8 i kommunelova. b. Formannskapet drøftar og førebur saker som skal avgjerast i kommunestyret unnateke saker som kommunestyret har tildelt andre organ i medhald av kommunelova. c. Formannskapet har mynde til å gjere vedtak i saker som skulle ha vore gjort av kommunestyret eller andre folkevalde organ, når det er naudsynt at vedtak vert gjort så raskt at det ikkje er tid til å kalle inn dette, jfr. Kommunelova 13. Melding om slike vedtak skal leggast fram for kommunestyret eller det folkevalde organet som gjorde vedtaket i kommunestyret/organet sitt neste møte. d. Med vanleg fleirtal kan formannskapet vedta å be om at kommunestyret gjer vedtak i sak som formannskapet har delegert mynde til å avgjere. e. Formannskapet kan oppnemne arbeidsutval blant medlemmene til å bistå seg i arbeidet. f. Formannskapet vel 3 medlemer til forhandlingsutval og mellom dei leiar og nestleiar. Medlemene skal velgast blant formannskapet sine medlemmer etter reglane i kommunelova 10 nr.3. Rådmannen oppnemner sekretær for utvalet. g. I medhald av kommuelova 25 skal det vere eit partssamansett utval-administrasjonsutval - for handsaming av saker som gjeld tilhøvet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette. Utvalet skal ha 6 medlemmer. 3 av desse skal veljast blant formannskapets medlemer, rådmannen oppnemner ein og 2 blir valde blant dei tilsette for 2 år i gongen. Formannskapet vel leiar og nestleiar. Dei folkevalde medlemmene og rådmannen sin representant blir valde/oppnemnde for heile valperioden. Rådmannen oppnemner sekretær for utvalet. h. Formannskapet skal gjennomføre den kommunale planlegginga i medhald av pbl. 3-3, jfr. pbl. Kap.10, 11 og 12. i. Formannskapet har mynde til å gjere vedtak om dispensasjon i medhald av pbl kap. 19 og til å legge ned bygge- og deleforbod i medhald av pbl kap. 13. 3. DELEGERING I PERSONALSAKER a. Formannskapet får mynde til å inngå sentrale avtalar og protokollar med arbeidstakarorganisasjonane. b. Formannskapet innstiller til kommunestyret ved tilsetjing av rådmann. 4. DELEGERING I ØKONOMI- OG FINANSSAKER a. Formannskapet gjer vedtak i økonomi- og finanssaker i samsvar med mynde gitt i økonomi- og finansreglement. 5. DELEGERING ETTER SÆRLOV a. Lov om tilskiping av jordbruk (Jordlova) av 12. mai 1995, nr. 23. 6

b. Lov om skogbruk og skogvern (Skogbruksloven) av 21. mai 1965. c. Lov om samferdsel av 4. juni 1976 nr. 63 Formannskapet uttalar seg på kommunens vegner i alle saker som gjeld kollektivtrafikk (jfr. del III B 3 nr. 2) d. Lov om handelsvirksomhet av 6. juni 1980 nr. 21 e. Lov om serveringsvirksomhet av 13. juni 1997 nr. 55 f. Lov om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. av 2. juni 1989, nr. 27. Kommunestyret sitt mynde etter 1-12, 1. og 2. ledd blir blir delegert til formannskapet. g. Lov om dyrevern av 20. desember 1974, nr. 73. h. Lov om viltet (viltlova) av 29. mai 1981, nr. 38. 6. DELEGERING I KLAGESAKER a. Formannskapet er kommunen si klagenemnd (klageinstans), jfr. forvaltningslova 28, 2. ledd for enkeltvedtak gjort av underliggande organ eller rådmannen (underinstansen) etter delegert mynde. b. Underinstansen som fatta vedtaket i medhald av forvl. 33, skal gjennomføre nødvendige granskingar som klaga gjev grunn til før klageinstansen handsamar klaga. c. Dersom vilkåra for klagehandsaming ikkje er oppfylte, skal underinstansen avvise klaga, jfr. forvl. 34, 1. ledd. d. Unnateke bestemmelsane i pkt. a og b er når særlov viser til at departementet eller fylkesmannen er klageinstans. e. Ei klagenemnd på 3 personar skal handsame klager i medhald av lov om helsetenesten i kommunene 2-4. 7

D. DELEGERINGSREGLEMENT FOR DET FASTE PLANUTVALET 1. VAL OG SAMANSETJING a. Det faste planutvalet skal ha 7 medlemmer. b. Alle parti som er representert i kommunestyret skal vere representerte i det faste planutvalet. For øvrig gjeld reglane om val i kommunelova 8. 2. OPPGÅVER OG MYNDE a. Det faste planutvalet skal gjennomføre den kommunale planlegginga i medhald av pbl. 3-3, jfr. pbl. kap 10, 11 og 12. b. Det faste planutvalet har mynde til å gjere vedtak om dispensasjon i medhald av pbl. kap. 19 og til å legge ned nbygge- og deleforbod i medhald av pbl. kap. 13. E. Delegeringsreglement for komitear 1. VAL OG SAMANSETJING a. I medhald av Kl. 10 nr. 5 kan kommunestyret opprette komite (-ar) til førebuande handsaming av saker og til å utføre særskilte verv (sjå kommunestyresak 32/11). Slik komité kan tildelast mynde til å avgjere enkeltsaker som har direkte tilknyting til komiteen sitt oppdrag. 2. OPPGÅVER OG MYNDE a. Kommunestyret vil i det enkelte tilfelle tildele oppgåver og mynde til komiteen og skal minst omfatte kven som skal leie komiteen, oppdragets omfang, når oppdraget skal vere ferdig, administrativ ressurs og økonomisk ramme. b. Kommunestyret oppløyser komiteen når oppdraget er utført. c. Komiteen kan gjennomføre opne høyringar av konkrete saker, eller for å klargjere ulike saksforhold. Komiteen står fritt i høve til kven dei ønskjer å kalle inn til slike høyringar. d. Komiteen kan samarbeide med lag, organisasjonar og enkeltpersonar. 3. KOMITELEIAREN a. Skal sørge for at arbeidet i komiteen blir utført planmessig og rasjonelt og i samarbeid med rådmannen. Det inneber m.a. at det skal lagast ein framdriftsplan. 8

F. Delegeringsreglement for administrasjonsutvalet 1. OPPGÅVER Administrasjonsutvalet skal vere rådgjevande organ for kommunestyret i følgjande type saker: a. Ved tilsetjing og oppseiing av rådmannen. b. Framlegg til arbeidsavtale for rådmannen. c. Endring av overordna organisasjonsstruktur. d. Personalpolitiske planar og retningsliner. e. Andre saker som kommunestyret måtte legge fram for utvalet G. Delegeringsreglement for Forhandlingsutvalet Oppgåver og mynde: a. Førebu og gjennomføre forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonane så langt dette myndet ikkje er delegert til rådmannen. b. Inngå arbeidsavtale/arbeidsvilkår for rådmannen. c. Gjennomføre lønsforhandlingar med rådmannen. H. Delegeringsreglement for ordføraren a. I medhald av kommunelova 9 kan kommunestyret gje ordføraren mynde til å fatte vedtak i enkeltsaker eller typer av saker som ikkje er prinsipielle, ikkje er i strid med vedtak, enkeltvedtak eller reglement fatta av kommunestyret, eller etter delegert mynde til andre politiske organ eller rådmannen. Ordføraren orienterer kommunestyret om vedtak i slike saker. b. Gje høyringsuttalar og uttale seg til andre myndigheiter om konkrete spørsmål eller saker som ikkje er tillagt politiske organ. c. Er kommunen sin representant i styre, representantskap, styringsgruppe eller tilsvarande i kommunale foretak, interkommunale eller andre samarbeidsorgan der kommunestyret ikkje har gjeve dette myndet til andre. Ordføraren kan vidaredelegere mynde til andre i formannskapet. d. Føre drøftingar med andre offentlege myndigheiter og andre vedr. planlegging og bygging av infrastruktur. e. Sørge for å iverksette tiltak i Strategisk næringsplan og opprette/utvikle god kontakt og samarbeid med alle aktuelle partar. f. Gjere økonomiske disposisjonar innafor ansvarsområdet politisk styring. g. Auke ein utgiftspost innanfor drifts- eller investeringsbudsjettet dersom det skjer ved bruk av tidlegare avsette midlar til vedkomande formål. h. Ordføraren kan anmelde og begjære påtale på vegne av Skodje kommune. 9

I. Delegeringsreglement for rådmannen 1. HEIMEL a. Med heimel i kommunelovas paragraf 23, punkt 4, gjev kommunestyret rådmannen mynde til å gjere vedtak i enkeltsaker eller typer av saker som ikkje er av prinsipiell betydning, dersom ikkje anna er bestemt andre stader i reglementet. 2. DELEGERING I PERSONALSAKER. a. Med heimel i kommunelovas 24 gjev kommunestyret rådmannen mynde til å opprette og nedlegge stillingar. b. Atterhaldet for slik delegering er at endringane ikkje er i konflikt med mål og prioriteringar i kommuneplan, økonomiplan, årsbudsjett eller andre politiske vedtak eller endringane ikkje er av prinsipiell betydning. c. Med heimel i kommunelova 23 og 24 gjev kommunestyret rådmannen mynde til å tilsetje i alle stillingar. d. Tilsetjingsmyndet skal utøvast i samsvar med reglane i Hovudavtalen. e. Rådmannen får mynde til å gjennomføre forhandlingar med tilsette i samsvar med reglane i Hovudtariffavtalen. f. Kommunestyret gjev rådmannen mynde til å avgjere alle personalsaker der ikkje anna er bestemt i tariffavtale, hovudavtale, arbeidsmiljølov eller i dette reglement. 3. DELEGERING I BUDSJETTSAKER a. Med heimel i kommunelova og føresegner frå Kommunaldepartementet gjev kommunestyret rådmannen mynde til: - å disponere beløp innanfor same ansvarsområde. - å auke ein utgiftspost innanfor drifts- eller investeringsbudsjettet dersom det skjer ved bruk av tidlegare avsette midlar til vedkomande formål. - å gjennomføre pliktige strykningar for å gjere opp driftsrekneskapen utan underskot. - å ta opp lån og godkjenne lånevilkår for lån som kommunestyret har vedteke etter kommunelovas 50, samt etter dei til ein kvar tid gjeldande rekneskaps- forskrifter og økonomi- og finansreglement om avdragstid og andre vilkår. - å konvertere eldre lån dersom avdragstida er uendra - å delegere vidare det budsjettmyndet han har fått 4. TILVISINGSMYNDE a. Rådmannen har tilvisingsmyndet. 10

5. DELEGERING I PLANSAKER a. Rådmannen har mynde til å inngå avtale med private om utarbeiding av områdeplanar, samt bestemme samtidig handsaming av reguleringsplan og byggesak. b. Private tiltakshaverar kan stå for utarbeiding av reguleringsplan i ein prosess styrt av kommunen. I dei høva skal det gjerast avtale mellom rådmannen og den private tiltakshavaren om korleis planarbeidet skal utførast. c. Rådmannen får fullmakt til å forlenge planvedtaket etter søknad. Dersom saka er av prinsipiell karakter, skal spørsmålet leggast fram for formannskapet til vedtak. Vedtak om forlenging av planen skal kunngjerast i samsvar med plan- og bygningslova med høve til klage. d. Rådmannen har fullmakt til å vedta mindre endringer innafor hovudtrekka i reguleringsplanen, jfr. Planog bygningslova 12-14. 6. DELEGERING I SÆRLOVSSAKER. Almindelig borgerlig Straffelov ( Straffelova ) av 22. mai 1902, nr. 10. Lov om tilskiping av jordbruk (Jordlova) av 12. mai 1995, nr. 23. Lov om skogbruk og skogvern (Skogbrukslova) av 27. mai 2005 nr. 31. Lov om konsesjon og om forkjøpsrett for det offentlige ved erverv av fast eiendom (Konsesjonslova) av 28. november 2003 nr. 98. Lov om odels- og åsetesretten av 28. juni 1974 nr. 58. Lov om friluftslivet av 28. juni 1957, nr. 16. Plan- og bygningslova av 27. juni 2008, nr. 71 Lov om sosiale tjenester i NAV, av 18. desember 2009 Barnehagelova av 17. juni 2005 nr. 64. Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa av 17. juni 1998, nr.61. Veglova av 21. juni 1963, nr. 23 Vegtrafikklov av 18. juni 1965, nr. 4 med føresegner. Lov om vern mot forurensninger og avfall (Forurensningsloven) av 13. mars 1981, nr. 6 med tilhøyrande føresegner. Brann- og eksplosjonsvernloven av 14. juni 2002 nr. 20. Lov om barnevernstjenester av 17. juli 1992 nr. 100. Lov om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (Alkohollova) av 2. juni 1989, nr. 27. Lov om rettshøve mellom grannar av 16. juni 1961, nr. 15. Lov om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (Delingslova) av 23. juni 1978, nr. 70. 11

Lov om eigedomsregistrering (Matrikkellova) av 17.juni 2005, nr. 101 Lov om eierseksjoner av 23. mai 1997, nr. 31 Lov om havner og farvann av 17. april 2009, nr. 19 Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag av 10. juni 1977, nr. 82. Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester av 24. juni 2011, nr. 30 Lov om folkehelsearbeid av 24. juni 2011, nr. 29 Lov om vern mot smittsom sykdom av 5. august 1994, nr. 55. Lov om folkebibliotek av 20. desember 1985, nr. 108. Lov om kringkasting av 4. desember 1992, nr. 127. Lov om stadnamn av 18. mai 1990, nr. 11. Lov om film og videogram av 15. mai 1987, nr. 21. Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter av 31. mai 1974, nr. 17. Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd av 8. november 1991, nr. 76. Lov om handelsvirksomhet av 4. juni 1976 nr. 63. Kommunestyret sitt mynde til å gjere vedtak om oppsøkjande handelsverksemd utanom fast salsstad er delegert rådmannen (jfr. 3-2). Lov om vern mot tobakkskader av 9. mars 1973, nr. 14. Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern av 2. juli 1999 nr. 62. Lov om kommunal beredskapsplikt av 25. juni 2010, nr. 45 Kommunestyret gjev rådmannen mynde til å forvalte kommunen sine interesser etter ovannemnde særlover, og til å gjere vedtak i saker som ikkje er av prinsipiell betydning, så langt lova gjev høve til det. 7. DELEGERING I ANDRE SAKER a. Kommunestyret gjev rådmannen mynde til å selje næringsareal og inngå kontraktar om salgsvilkår. b. Kommunestyret gjev rådmannen mynde til å inngå kontraktar og avtalar av operativ karakter (ikkje prinsipiell karakter) med inntil 5 års varighet. c. Rådmannen kan anmelde og begjære påtale på vegne av Skodje kommune. 8. VIDARE DELEGERING a. Rådmannen kan delegere mynde han sjølv har fått delegert vidare til administrasjonen med mindre særskilde reglar er til hinder for det. 12